Samtale før møtet.
Eg brukar å sitje vakt ved inngangen og der bak sit Knut Hübenbecker ved mikse-bordet. Rett før møtet byrja gjekk eg bort til han og fortalde om at eg hadde teke del i debatt på «facebook» om alternativ medisin og «healing» og vitna om at Jesus lækte broder «NN» frå cystisk fibrose og sidan frå hjerteinfarkt. Då fortalde han at NN har fått kreft i strupen og fått innlagt stendt for å få ned maten. Lækjarane seier han har igjen maksimum tre år å leve. Men her i Maranata har vi bedt for han igjen.
Innleiing ved Håkon Martinsen.
Dommarane.6,11 Då kom Herrens engel og sette seg under den eika som står i Ofra, den som høyrde til Joasj av Abieser-slekta. Gideon, son til Joasj, stod og treskte kveite i vinpressa for å berga kornet frå midjanittane. 12 Då synte Herrens engel seg for han og sa til han: « Herren er med deg, du djerve krigar.» 13 Gideon svara: «Høyr på meg, herre! Om Herren er med oss, kvifor har då alt dette hendt med oss? Kvar er dei undera han gjorde, og som fedrane våre fortalde oss om? Dei sa at det var Herren som førte dei ut frå Egypt. Men no har Herren vendt seg frå oss og gjeve oss i hendene på midjanittane.»
14 Herren vende seg til Gideon og sa: «Gå og bruk den styrken du eig, til å berga Israel ut av hendene på midjanittane! Det er eg som sender deg!»
Lovsong og vitnemål.
Dette var eit fellesmøte med evangeliesenteret, så der vart fleire som deltok i koret på plattfoma og innimellom sangane vitna dei om kva Jesus hadde gjort for dei.
Tale ved Rolf Petterson.
Han sa nokre ord om Gideon og sa at den situasjon vi er i liknar på hans tid.
Så vitna han om korleis Gud hadde lækt han frå kreft i mageregionen. Lækjarane hadde operert han og gitt opp, når han låg på dødsleiet stod der ein lækjar og ei sjukesøster på kvar side av senga hans og lækjaren sa tre ord på latin. han spurde kva det tydde og fekk som svar: «Du har kreft». Men akkurat då fekk han ei åndeleg oppleving med Jesus og han kjende det var noko som skjedde der nede, det var Jesus som lækte han. Han prøvde seg vel litt fram og vart meir og meir sikker på at han var frisk, så han stod opp og dysja og dagen etter var han oppe og gjekk. Lækjarane gjorde sine undersøkingar, studerte røntgen bilete og etter tre dagar sa dei til han at han kunne berre dra og leve vidare. Når dei skulle ta stinga var såret grott, undret viste seg visst i det også.
Tungetale ved ein mann, tyding ved ei kvinne.
Eg er Herren din Gud, eg er Herren din Gud som er med deg, eg er Herren din Gud som forløyser deg, eg er Herren din Gud som vil gjere alle ting. Ta imot meg, ta imot Jesus Kristus som (er vår første)? og tok all vår skuld og skam på seg. Ta også imot den gava eg har gitt i ditt hjerte, det er den Heilage Ande, den Heilage Ande, som gjer alle ting nytt, som talar til deg, som viser deg Sanninga. Og når du søker meg av heile ditt hjerte, då vil eg som er talsmannen, for det er talsmannen som lærer og (informerer/inviterer?) om alle ting.
Eg er den første og eg er den siste. Og det som er mellom det første og det siste er tomheit. Men du skal ikkje frykte for nokon ting, for det som er tomheit, det vil eg fylle. Derfor vil eg at du skal søke meg av heile ditt hjerte. Når du søker meg, så søk mitt Ord, der eg får fyller det som du føler er tomt inni deg. Fordi det som er menneskeleg kan ingen ting gjere, men det som er ånd, det som er ifrå meg, det er det som gir (vekst?), det er det som gir (kjærleik?), det er det som gir alt som du veit(?). Derfor skal du berre søke meg og gi meg all ære og pris. Fordi eg har alle hemmeligheitene, fordi eg vil gi deg dei, for når du søker meg, så vil eg gi deg mitt herlege (eple?), og eg vil gi deg det (fare?)fulle, som gjer at du kjenner meg. For når du kjem til å kjenne meg, då kjenner du også det som er i mitt Ord. Ikkje berre meg, men også alle dei andre som var i mitt Ord på dei alle stadane, fordi dei er like viktige som mitt Ord.
Aktivitet, tankar og bøn i dagane før møtet.
Vitnemål om lækjedom ved bønn i debatten om «healing».
Her er eitt av innslaga mine i debatten om «healing»:
Han som vart lækte frå cystisk fibrose og seinare frå hjerteinfarkt, ved bønn, talte i Maranata og då kom der tungetale som han tyda og Herren sa til meg at han ville berøre meg og at eg skulle snakke med han, sitat:
«Ja, seier Herren, eg talar til deg i dag, fordi eg vil berøre deg. Eg bryr meg om deg. For eg elskar deg med ein evig kjærleik, seier Herren. Derfor vil eg at du skal lytte til mitt Ord. Ta det til deg og grunde på det. Og så skal du komme fram for meg og be til meg, tale med meg, opne ditt hjerte for meg. Aus ut av alt det du har i ditt indre. Så skal eg fylle deg igjen og igjen, seier Herren.
Der menneske seier i sitt hjerte, det er ikkje mogleg. Så talar eg til deg og seier, jau, alt er mogleg for den som trur. Alt er mogleg for den som kjem fram for meg. Derfor skal du sjå at eg vil gjere store ting i ditt liv. Dersom du forventar at eg skal gjere noko for deg, så skal du få erfare at eg gjer det eg har sagt. Og at er rører ved deg, eg berører deg. Og eg fyller deg med mi kraft, seier Herren. For eg ynskjer at du skal følgje meg og vere ivrig i tenesta, for mi sak.»
På evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, slik det var før syndefallet, Gud er ånd og vi får oppleve at han berøer oss og talar til oss og gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande og slik får han oss i tale.
Han har talt til meg jevnt og trutt gjennom slike bodskap sidan eg var ung, han kalla meg og leia meg og det var faktisk slik han fekk meg til å studere realfag, så når eg studerte, snakka eg med han om det som han har skapt.
Så har eg altså den røynsomsforståinga, både når eg er i praktisk arbeid og når eg studerer, at det er ikkje berre eg som gjer mitt verk, men det er han som gjer sitt verk med oss og slik skaper han historie.
Gud gjer sitt verk med oss i samsvar med 1.Mos.2.
Vi er Guds verk, skapte i Kristus Jesus, til gode gjerningar som Gud har lagt ferdige, for at vi skulle vandre i dei. Han er den same og gjer sitt verk med oss i samsvar med 1.Mos.2. Han rører ved meg og gjer sitt verk med meg og gir meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2, så då rører han ved henne også, han rører ved oss og vekker oss opp til liv i samfunn med seg. Så eg skal stige fram for han med mi bøn om han han vil gjere det og for å la han gjere det.
Vere himmelvend og ha praktiske gjeremål. Korleis fungerer det saman? Kva med studiane?
I haust hjelpte eg eldste bror min med å rive løda, siloen og fjøsen. Vi brukte omlag ei og ei halv veke på det. så gjorde eg klar fire krabeteiner, men det var mørkt når eg sette dei, så eg såg ikkje botnen, det vart for djupt og flotøren var berre ein garnring, så to av dei forsvann i djupet. Dei to andre drog eg dagen etter, på laurdag, men der var berre to krabbar i den eine. No sette eg på fender som flotør i tillegg og sette dei ut att, den eine kom visst på for djupt vatn og nådde ikkje botnen, så på mandag fann eg igjen berre den eine og den var tom.
Så eg fekk noko å tenke på, korleis kunne det gå så dårleg? Vel, eg er himmelvend, eg vender hugen og blikket opp til Jesus og ventar at han skal gi meg noko. Men no skulle eg utføre eit praktisk oppdrag og så gav meg meg ikkje tid til å tenke gjennom det eller undersøke forholda, så det vart «gambling» og det gjekk ikkje bra, dette vart dyrt.
På tysdag hjelpte eg broderen å lesse på tilhenggaren, slikt som skulle køyrast vekk og dumpast og på onsdag ordna eg med fortøyningane, preseningen og noko anna tauverk på seglbåten, fyrst når det leid ut på kvelden byrja eg å lese til eksamen. Las på torsdag også. Fredag pakka eg og skulle reise til Oslo og gjekk ned på vegen kl 17 for å ta bussen, men då viste det seg at det var klokkeslettet, når ferja gjekk frå Åram, så bussen hadde køyrt forbi for 12 min sidan. Eg fekk ex-svogeren min til å køyre meg til Åram, så eg fekk ta ferja kl 19.15. På Larsnes vart det over ein time å vente på ein liten restaurant på kaia og der brukte eg over 200kr. Eg sjekka på fram.no at der var bussforbindelse heilt til Oslo og eg hadde allereie kjøpt billet på nettbuss.no frå Ulsteinvik til Oslo. Når eg kom til Garneskrysset, var der buss til Volda, men eg såg ikkje noko av nettbussen. Først ettar at bussane var køyrde, byrja eg å få bange aningar. På nettbuss.no fann eg ut at nettbussen var komen nesten til Furene, mellom Ørsta og Volda. Eg visste at den skulle til Ørsta først, så eg ringde etter drosje og ho klarde å ta han igjen i Volda. Men det kosta meg nesten kr 1000 ekstra. Dette vart dyrt.
På Sentralbanestasjonen i Oslo kjøpte eg meg frokost og så for eg opp til Blindern og sette meg for å lese på Vilhelm Bjerknes hus, men eg var så trøtt at det var ikkje lett, les om hormonsystemet, men helod på å sovne over boka gong på gong. Skal ha eksamen i dyre- og plante-fysiologi måndag formiddag, men det ligg ikkje akkurat an til at eg skal klare å forbetre karakteren.
Vel, eg reiser no ikkje til Oslo berre for å studere og ta eksamen, men fordi eg har bedt Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone heilt sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Likevel har det enno ikkje vorte noko av, så verre tapsprosjekt skal ein leite lenge etter. Det har seg slik at der er sterke motstridande interesser også på den måten at dei fer med lureri, dei brukar kvinna til å lokke med, for å lokke pengar ut av folk og for å få makt over dei og gjere dei til trælar. Ja, det var vel nettopp difor Jesus kalla meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting. Sidan har han sagt til meg at han har kalla meg og utvalt meg nettopp for ei tid som dette.
Mi bøn og takk til Gud før møtet.
I dagane før møtet tenkte eg på det Jesus sa til meg om at eg skulle takke og lovprise han for frelsa, glede meg i han alltid, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg har bedt han om å frelse henne reella og eg er viss på at han har svart meg på det og då skal eg glede meg over det.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Problemet med å finne meg og vinne meg ei kone ved helging er løyst, for frelsesverket er fullført.
Kommentar til bodskapen.
Forkynne ved å delta i debatt, men der er ein fundamental motsetnad og debatt som ligg under. Og vår fundamentale metode er å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll.
Den debatten eg har teke del i, om alternativ medisin, td. «healing» heng saman med ein meir fundamental motsetnad og debatt om vitskapleg metode. Det heng igjen saman med ein fundamental motsetnad mellom Gud og verda. Den fundamentale motsetnaden og det fundamentale spørsmålet er om menneska vil ta imot Kristus som sin frelsar og Herre, velsigne han og verte velsigna, ta imot den Heilage Ande av berre nåde.
Jesus ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, då må eg fyrst og fremst ta imot den velsigninga og opne meg som kanal for den, så den får strøyme ut til andre. Om det skal verte til velsigning for dei, så må dei også opne seg for den og det får vere opp til dei sjølve. Men Kristus har då også sagt til meg at eg skal forkynne for dei, trua kjem av forkynninga og forkynninga kjem av Kristi ord. Og Guds Ord skal lukkeleg utføre det som han sender det til. Slik skal Guds sak gå fram og slik skal vi få vekst og slik skal eg få framgang for mi sak. Og å delta i denne debatten har vorte eit høve for meg til å forkynne.
Så seier han til meg at eg skal søke han, ja, men er det ikkje nettopp det eg gjer då, både i løynkammerbøna, med bibellesinga og med å gå på møte? Er det nokon motsetnad mellom å forkynne for dei der ute og å søke han på denne måten? Vil han bruke meg som kanal for si velsigning, kan det vel bety at han talar til meg for soleis å tale til menneska rundt meg og stille dei overfor det fundamentale spørsmålet om dei vil ta imot Kristus og bli frelst og ta imot den Heilage Ande av berre nåde.
Men kva er det som er problemet her? Eg har no aldri meint å avvise Kristus og den nåden Gud gir oss i han, eg har no aldri meint å avvise Guds Ande. Til tider har eg nok lukka meg til og ikkje vore så mottakkeleg som tidlegare, sjølv om eg ikkje har merka det og vore klar over det sjølv, men då har Jesus minna meg om å opne meg og ta imot og det gjer han altså no igjen.
Men det fundamentale problemet er kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære, med den har dei avvist Kristus og den nåden Gud gir oss i han og avvist den Heilage Ande, så kvinna krev at mannen også skal gjere det for at han i det heile tatt skal få snakke med henne eller ha noko med henne å gjere, for at han i det heile teke skal få fri til henne og få noko som helst slag seksuelt samliv med henne. Har dei kome så langt med det, at til tross for at dei ikkje vil høyre på meg, utttalar seg på mine vegne overfor både prestar og politikarar og andre verdslege maktpersonar og overfor Gud også, med sine krav om å få rett, ved å avvise Kristus og den Heilage Ande? Og slik foraktar og avviser dei andre norske menn også?
Men Jesu frelsesverk er fullført og fullkome og det fungerer uavhengig av dei. Kristus er vår øvsteprest hos Faderen og han talar mi sak og vår sak for Faderen. Og Faderen er alfa og omega, før han var der ingen og etter han kjem der ingen. Ingen var der før han og kunne seie at det som skulle komme skulle verte slik som dei ville. Ingen kjem etter han og kan avgjere at endeleg skulle det verte slik som dei ville.
Jesus har lagt lengselen ned i meg og vil fylle den ved fylden av den Heilage Ande.
Jesus har tidlegare sagt til meg at han har lagt lengselen ned i meg og han vil fylle den. Han vil fylle den med den Heilage Ande. Eg forstår at slik svarar han på mi bøn om ei frelst kvinne til kone, Gud føder henne på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Så det er altså ved at eg vert fylt av den Heilage Ande og fungerer som kanal for Guds velsigning til henne.
Jesus sa at vi skulle tru på han og elske han og elske kvarandre, så ville han openberre seg for oss, han og Faderen ville komme og ta bustad hos oss. Dette fekk eg oppleve spesielt sterkt både i min kjærleik til henne Virtuella og henne Reella. For ved korsets fot fekk eg oppleve den ekte kjærleiken og fekk oppleve at den var mellom oss, så når eg vart glad i ei vakker kvinne og snakka med Jesus om henne og fekk oppleve at det var ikkje berre eg som elska henne, men Gud elska henne gjennom meg, slik fekk eg oppleve at Faderen elska henne som sitt barn og Jesus elska henne som si brud. Håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik vart utrendt i våre hjarto ved den Heilage Ande som er oss gitt.
Eg skal heilhjerta halde meg til Herren, så vil han komme meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg meg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Det betyr at eg skal ta parti med han. Så når eg opplever at han elskar henne og frelser henne, skal eg vere samd med han i det og ta parti med han i det og glede meg over det. Eg skal ære han, takke han og lovprise han som vår frelsar og Herre og glede meg i han alltid.
Kva vert sagt?
Eg har sett spørsmålsteikn bak noko og sett det i parantes, fordi det var vanskeleg å høyre, oppfatte og forstå kva som vart sagt. Til døme i setninga: «… så vil eg gi deg mitt herlege (eple?), og eg vil gi deg det (fare?)fulle …..». I første omgang ville eg gjerne forstå dette slik: så vil eg gi deg min herlegdom, og eg vil gi deg det verdifulle. Men eg tek det heller slik som det høyrest ut, sjølv om det er litt ubegripeleg med det same. Den forbodne frukta på kunnskapstreet har ofte vorte kalla eit eple, men ein kan no like gjerne kalle fruktene på dei andre trea for eple. Og eg vel å ta av dei istaden og spesielt av frukta på livsens tre, den er då mest verdifull. Likevel kan det verte oppfatta som kontroversielt, fordi ormen klarde å gi Eva inntrykket av at kunnskapstreet var det einaste treet som var aktuelt og verdifullt å ete av. Adam vart dømde til døden fordi han åt av frukta på kunnskapstreet. Og dei vart utestengde frå Edens hage så dei ikkje skulle få ete av livsens tre. Derfor kan det verke kontroversielt og farefullt å ete av livets tre og derfor er det mange som strir mot den evangeliske forkynninga. For dei har visst enno ikkje fortått eller godteke at Jesus døde i staden for oss, så vi ved trua på han får komme inn til Guds kvile.
Jesus gjer Faderen kjend for oss og det evige livet er å kjenne Faderen og Sonen.
Joh.17,Då Jesus hadde sagt dette, lyfte han auga mot himmelen og sa:
«Far, timen er komen. Lat herlegdom lysa om Son din, så Sonen kan la herlegdom lysa om deg. 2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. 4 Eg lét herlegdom lysa om deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. 5 Så lat no herlegdom lysa om meg, Far, den herlegdom eg hadde hos deg før verda vart til.
Kjenne Faderen og Sonen og dei som var i Guds Ord.
Bodskapen sluttar slik:
«For når du kjem til å kjenne meg, då kjenner du også det som er i mitt Ord. Ikkje berre meg, men også alle dei andre som var i mitt Ord på dei alle stadane, fordi dei er like viktige som mitt Ord.»
Dette også høyrest litt rart ut, korleis kunne dei verte like viktige som Guds Ord? Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i vårte hjerter, får vi komme inn til Guds kvile, vi får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Vi vert fødde på nytt av vatn og Ande og det må no vere det som gjer at menneske vert like viktige som Guds Ord.
Kristus er Guds Ord og den som er i han, er ein ny skapning. Det er det som betyr noko (Joh.15,1 …). Biblen fortel om menneske som var i hans Ord, både i det gamle og det nye testamentet.
Når dei tok imot Guds Ord i tru, så det smelta saman med dei og dei fekk oppleve at Gud gjorde sitt verk med dei ved sitt Ord og sin Ande, så må det då vere Guds Ord som gjorde at dei vart like viktige som Guds Ord.
Det får meg til å tenke på dualismen mellom det fysisk sansbare og mekanikken lover, elementærpartiklane og lovene i kvantemekanikken. Dualismen mellom kropp og sinn, ånd og materie. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, vert dette rett fatt med oss, for vi får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande.
2 responses to “2018.11.18. Maranata. Søk Herren av heile ditt hjerte og gi han all ære og pris.”
[…] https://tsivert.com/2018/11/21/18-11-2018-maranata-sok-herren-av-heile-ditt-hjerte-og-gi-han-all-aer… […]
[…] 2018.11.18. Maranata. Søk Herren av heile ditt hjerte og gi han all ære og pris. […]