Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

8.8.2021. Filadelfia Ulsteinvik. Vitnemøte. Jesus elskar oss med ein evig kjærleik.

Jesus elskar oss med ein evig kjærleik.

Bibelvers brukte i vitnemål.

Ef.2, 11 De var ein gong heidningar av fødsel og vart kalla uomskorne av dei som kallar seg omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand. 12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, framande for paktene og lovnaden, ja, utan håp og utan Gud i verda. 13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær på grunn av Kristi blod.
    14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned den muren som skilde, fiendskapen. Med sin eigen kropp 15 sette han lova ut av kraft med hennar bod og forskrifter. Slik skulle han skapa dei to til eitt nytt menneske i seg – og skapa fred. 16 I éin kropp skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og slik gjorde ende på fiendskapen. 17 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. 18 Ved han har både de og vi tilgang til Far i éin Ande. 19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar. Nei, de er medborgarar saman med dei heilage og høyrer Guds familie til. 20 De er oppbygde på grunnvollen til apostlane og profetane, og hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. 21 I han blir heile bygningen halden saman, så han veks til eit heilagt tempel i Herren, 22 og i han blir de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.

2.Kor.5, 14 For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døydd. 15 Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei.
    16 Så kjenner vi ikkje lenger nokon berre på menneskevis. Og har vi før kjent Kristus på menneskevis, så kjenner vi han ikkje lenger slik. 17 Nei, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, noko nytt har vorte til! 18 Men alt dette er av Gud, han som ved Kristus forsona oss med seg og gav oss forsoningstenesta. 19 Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han tiltrudde oss ordet om forsoninga. 20 Så er vi no sendebod for Kristus, og det er Gud sjølv som formanar gjennom oss: Vi bed på Kristi vegner, lat dykk forsona med Gud! 21 Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal bli rettferdige for Gud i han.

Salme.1,1Sæl er den som ikkje følgjer råd frå lovlause,
          ikkje går på syndarveg og ikkje sit i spottarlag,
          
     2 men har si glede i Herrens lov
          og grundar på hans lov dag og natt.
          
     3 Han er lik eit tre planta ved rennande vatn.
          Det gjev frukt i rett tid, og lauvet visnar ikkje.
          Alt han gjer, skal lukkast.

Salme.23,1 Ein salme av David.
        
           Herren er min hyrding,
          eg manglar ikkje noko.
          
     2 Han lèt meg liggja i grøne enger,
          han fører meg til vatn der eg finn kvile.

1.Pet.1, 3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde!  4 Han har fødd oss til ein arv som aldri forgår, aldri blir skitna til og aldri visnar. Denne arven er gøymd i himmelen for dykk,  5 de som i Guds kraft blir haldne oppe ved tru så de når fram til frelsa. Ho ligg alt ferdig til å bli openberra i den siste tid.

Mitt vitnemål.

I det siste har eg delteke i debatt på nokre engelske nettstadar, om vitskap, filosofi, trua på Gud og kristendomen mm. Dei diskuterer mykje kva bevisstheta er for noko eller kva den kjem frå. Eg viser gjerne til det gamle testamentet der Gud fortel jødane korleis dei kan vite at hen er den sanne og levande Gud, hahn talar og han frelser. Avgudane som er laga av stokk og stein gjer ingen ting, dei ser ikkje, høyrer ikkje og talar ikkje, der er ikkje ånd i dei. Gud ville gi dei eit kjøthjerte i staden for eit steinhjarte og gi dei sin Ande i hjartet.

Desse lærde viser gjerne til ide-historia. Der finn vi kyrkjefaderen Thommas Aquinas med filosofien om universalia, universelle idear, før tingen, i tingen og etter tingen. Seinare kjem vi til eit veikryss i filosofihistoria ved Imanuel Kant, han talte om tingen i seg sjølv og tingen slik som han opplever den. Men dei skil ikkje mellom ein ting laga av stokk og stein og eit menneske.

Matematikken er basert på enkle læresetningar, aksiom, som eksistensen av 0 og 1. Og vi kan stadig gå tilbake til aksioma og byrje å rekne på nytt. I naturvitskapleg forsking prøver vi gjerne om ein matematisk formel høver med det vi granskar, dersom den ikkje passar, går vi berre tilbake til matematikken og henatar ein ny formel og prøver den istaden. Utan å problematisere over det. I den filosofiske rekka Kant – Hegel – Marx vert det problematisert over det. Men med trua på Kristus kan vi til samanlikning gå tilbake til utgangspunktet av berre nåde og drikke av kjelda med det levande vatnet og verte fornya ved den Heilage Ande. Det får vi oppleve i våre hjarte, men vi klarar ikkje å tenke med hjertet slik som vi tenker med hjerna. Med den kan vi tenke effektivt og raskt, det klarer vi ikkje med hjertet, men den trua vi har fått i hjertet overgår vår forstand.

Medan eg har delteke i denne debatten har eg søkt Herren med hjertet og brukt mykje tid på det. Samtidig har eg hatt ein seglbåt liggande ved kaia, men eg har ikkje brukt den og ikkje sett etter den. Så der har kjeme inn regnvatn og det har rusta hol i bunnpanna. Eg tenkte eg skulle klare å gå til Ulsteinvik med den likevel, med at eg etterfylte motorolje etter kvart som det lak ut. Mekanikaren som som eg var i kontakt med på telefonen, sa eg måtte ikkje gå med den så lenge at eg fekk alarm, eg måtte bruke peilestaven. Men det var i grunnen nettopp det eg gjorde inntil det vart så pass rabalder at eg turde ikkje anna enn å stoppe og få slep. Det er no klart at eg kunne ikkje tale til motoren slik som eg talar med ei menneske, eg måtte bruke peilestaven og lytte til alarmen og ta konsekvensen av det. Men eg tok for store sjansar.

Vi er menneske av kjøt og blod. Paulus talte om lysta som opponerte mot Anden, men Gud talar tross alt ikkje til steinhjarte, men til kjøthjarte. Abrahams ætt er laga av kjøt og blod, men trur med hjertet liksom han gjorde, så vi trur på Kristus med hjertet og tek imot den Heilage Ande i hjertet, ved trua på han, av berre nåde. Så vi vert fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd.

Tyding av tungetale.

Ein mann kom fram og sa han hadde tungetale og tyding, det var ein kort bodskap: « …….. (ver alltid fortrolig?) med Ordet. Eg elskar dykk alle med evig kjærleik, eg skal aldri svikta dykk, seier Herren».

Kommentar. Den som ber, han får. Bidra med det Gud har gitt i mitt hjerte.

 

Kaputt motor.

Eg kjøpte ny motor for fem år sidan, ein Volvo Penta 55hk. Mekanikaren som monterte den og som eg var i kontakt med, Magne Våge (MV), skifta bunnpanna, men når eg gav meg på heimveg, vart det rabalder igjen, så eg måtte berre snu. Eg innrømte at no ser eg ikkje korleis eg skal klare å betale reperasjonen. MV anbefalte meg å ta ut alderspensjon og det søkte eg om når eg kom heim att, men har enno ikkje fått svar.

Etter møtet prata eg med ein pensjonert predikant, Arnstein Andersen, og fortalde han dette. Eg fortalde han også at eg har eit kall, at eg skal gå med evangeliet. Så eg for til Oslo igjen og studerte pedagogikk og meir realfag, men det er krevjande å studere realfag og korleis kan eg få tid til å vitne for dei andre og dei få tid til å høyre på meg? Ein må vente på det laglege høvet, slik er det vel når ein er på jobb også. Det må vi gjere når vi møter folk i kvardagen elles også. I det siste har eg vitna mykje på internett, men det er stattar ikkje å gå ut og måte andre menneske og prate med dei og vitne for dei. Men det var dyrt å bu i Oslo utan inntekt i ei vanleg leilighet, hyblar var for unge elevar og studentar. Eg tenkte lenge på å reise dit med seilbåten og bu i den, i Asker. Det er einaste moglegheita eg ser til å bu der over tid, men no ser det ut til at eg må selge den.

Då oppmuntra han meg til å satse på å behalde den. Gud har omsorg for meg og vil nok ordne det.

Sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte.

Bodskapen 29.3.2015:

Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.

Den som ber, han får.

Maranata 28.8.2011, tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:

Her i denne stund flyter salveoljen. I den stund der mi salving er, for å bryte banda, for å løfte av åket, for å sette deg i fridom, for å gi deg noko nytt. Opne deg for salvinga .. og du skal få kjenne, det blir som  .. det blir så underfullt når eg rører ved deg med min Ande.

Eg skal bryte, når tida er inne, alle stridsvåpen, eg skal bryte det, all satanisk makt når tida er inne. Ja, eg har allereie brote den på korset. Der kan du hente min seier, der kan du hente min triumf, der kan du fryde deg over det som har vunne over denne verdens fyrste. Eg har vunne over han i kraft av offeret, eg har vunne over han i kraft av blodet, eg har vunne over han i kraft av den tome grava. Sit ikkje der men løft dine armer opp mot himmelen og pris meg og strål av glede, for eg har satt deg over og eg skal lede deg til noko nytt. Og derfra tek eg deg opp i herlegdom.

Maranata 17.6.2012, tyding av tungetale:

Sjå til at nådegåvene ikkje døyr ut. Sjå til at ikkje embeta forsvinn. Men ver med å be om at Andens frukter, Andens nådegåver og dei åndelege embet og tenester, at dei må komme fram igjen, i ei kvar forsamling. For utan mine frukter, utan den Heilage Ande sine gåver, utan den Heilage Ande sine embet, så vil menigheter stoppe opp, stagnere og forsvinne. Det er ikkje ved menneskeleg styrke mi menighet skal gå fram, men det er ved den Heilage Ande si kraft, det er ved mitt ord, seier Herren. Menneskelege anstrengelsar kan ikkje utrette kva min Ande kan gjere. Derfor legg dei menneskelege anstrengelsane til side og vert fylt av min Heilage Ande. Og du skal vere med og du skal kunne be og du skal få kjenne at det byrjar å  skje noko i den åndelege verda.

La ikkje trua verte broten ned av alt det du ser, av alt det du leser. Så bevar ditt hjerte framfor alt det som bevarast kan. La trua sin løyndom vere til stades i eit reint samvit og du skal få kjenne du skal leve under inspirasjon og salving. La trua sin løyndom i eit reint samvit, som er reinsa i blodet og som vandrar i lyset. Då skal du få oppleve at det skal fungere, det som eg har lova. Nemleg at den som ber, han skal få, den som leitar, han skal finne. Ver derfor meg undergjeven i alle delar  og la ikkje den vonde overrumple deg med sine kunstgrep, men vert fylt av min Ande og eg skal vise deg den beste vegen du skal gå. Halleluja

Maranata 26.5.2013, tyding av tungetale:

Ja, seier Herren, mitt auge fær over heile jorda, for at eg kan støtt den som heilhjerta held seg til meg. Sjå, eg søker etter menn og kvinner i denne tid, som vil vie sitt liv for meg og som hungrar og lengtar etter den kraft som eg kan gi. Sjå, eg skal i sanning høyre deira bøner og eg skal svare ifrå min heilage himmel. Dei skal få oppleve, at den kraft som var verksam i fordoms tid, den skal virke i denne siste tida. Dei skal få sjå forunderlege ting, seier Herren. Ver stille for meg, for sjå, eg kjem, eg kjem ganske snart. Men før eg kjem, så skal eg vise mi kraft og dei skal få sjå, at eg lever, den gamle av dage.

Det folk eg skal bruke i endetida, det er eit folk som eg har lutra, som eg har reinsa, seier Herren, det skal vere med og forkynne mine gjerningar. Det er eit folk som er helga meg, seier Herren. Og sjå, eg Herren, eg har byrja eit verk i det folk i dag og sjå, eg skal svare på deira bøner. De skal få oppleve at det de har bedt om i mange år, det skal eg svare på, seier Herren. For sjå, eg er ein bønnhøyrande Gud, sjølv om du synest det dryger og det tek tid, men sjå, seier Herren, eg kjem når tida er inne. Så ver stille, seier Herren og bi på meg, for den som bier på meg, han skal ikkje verte skuffa, men han skal få oppleve at eg svarar på dei heilage sine bøner. Amen.

Maranata, 16.9.2013, tyding av tungetale ved John Miland:

Eg har sagt i mitt ord at, ta vare på den fagre skatt som er dykk overgitt ved den Heilage Ande. Du skal vite det, at den vonde, han prøver stadig å røve det frå deg, det du har fått av meg. Derfor har eg sagt i mitt ord, hald deg nær til meg og eg skal halde meg nær til deg, seier Herren. For sjå, den vonde, han skyt brennande piler, men sjå, eg har gitt deg trua sitt skjold, som du kan sløkke alle den vonde sine brennande piler med. Du har ingen ting å frykte mitt barn, når du vandrar med meg og held deg nær til meg, så skal eg bevare deg på alle dine vegar, seier Herren. For sjå, seier Herren, ingen skal kunne rive deg ut av mi hand, så framt du vil halde deg nær til meg, så framt du vil følgje meg. Så skal du vite det, at eg følgjer med deg. Eg har jo sagt i mitt ord, sjå, eg er med deg alle dagar, inn til verda sin ende. Du har ingen ting å frykte, mitt barn, men ver frimodig og gå fram på den veg som eg leier deg. Og lytt til Andens røyst i denne tid og la deg leie, la deg bruke av meg, seier Herren og du skal verte til ei stor velsigning.

Mange av mine born, dei har mista den salving og den kraft som dei ein gong fekk av meg. Og sjå, no fortset dei i eiga kraft og dei finn på det eine og det andre. Og sjå, seier Herren, eg Herren, eg skal openberre mi kraft mellom mine heilage. Det folk som eg har reinsa, det skal forkynne mine gjerningar, seier Herren. Derfor ver observant i denne tida og lytt og sjå kva eg gjer i mellom dei heilage. Sjå ikkje på menneska omkring deg, sjå ikkje på om dei er mange eller få, seier Herren, når eg er mellom dykk, seier Herren, kan de forvente store ting, for eg er underets Gud.

Også i denne by har eg mange som er bundne, og som er bundne av Djevelens band og lenker. Sjå, eg vil løyse dei, eg vil setje dei fri. Sjå, det er mange som lid og eg skal vekke mange i denne tida. Så vere førebudde, mine born, for sjå, plutseleg, så kjem det som eg har tala om, at straumar skal komme og søke meg, for eg Herren, eg skal vere mellom dei og eg skal frelse, eg skal løyse dei og setje dei fri, seier Herren. Derfor skal de, mine born vere klar til å ta imot dei og gi dei mitt ord og fostre dei og lære dei alt eg har befalt dykk. Amen.

Pinsemøte i Maranata. 8.6.2014. Tyding av tungetale:

Ja, seier Herren, dersom du er villig, så skal du få ete av landets gode ting. Då skal du få oppleve at eg skal leie deg inn i det land som flyt av mjølk og honning. Du skal få kjenne velsigninga på alle måtar, seier Herren. Men dersom du er villig til å gå den veg som eg stakar ut for deg, som eg leier deg på, ikkje sjå på problema, ikkje sjå på vanskane, men gå den veg som eg har staka ut for deg, seier Herren, då skal velsigninga strøyme over deg og du skal få vere til velsigning.

Også deg, lokkar eg ut, seier Herren, ut i fritt rom. Ja, eg lokkar deg ut i dansen med dei glade. For eg har då sagt i mitt ord at gleda i meg, det er dykkar styrke. Og du mitt barn, som kjenner deg sørgmodig, du kjenner missmodet knuge over deg, mang ein gang. Men eg har då sagt i mitt ord, eg har ikkje gitt deg mismodets ånd, men eg har gitt deg krafta, visdomen og kjærleikens ånd. Og eg vil at du skal vende ditt blikk til meg, seier Herren, sjå på meg, som er trua sin opphavsmann. Fryd deg og gled deg i mi frelse, fryd deg over at eg har skrive ditt namn i livsens bok, seier Herren. Og når du byrjar å glede deg og fryde deg over dette, så skal du få kjenne salvinga skal komme over ditt liv. For sjå, seier Herren, når du fylgjer meg og går i mine fotspor, så skal du få oppleve mi salving. Amen.

Maranatha 12.10.2014. Tyding av tungetale:

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.

Maranata 18.1.2015. Tyding av tungetale ved Arne Mella:

Ja, seier Herren, eg har sagt at eg vil gå fram foran deg, sprenge bommar av jern og dører av kopar, rydje ein veg som du kan gå og oppleve min herlegdom, sier Herren. Derfor talar eg til deg i dag, derfor kallar eg på deg. Eg ynskjer at du skal oppleve meir av min godleik, meir av min kjærleik, i ditt liv. Og eg ber at du vil sleppe meg til, på dei områda som du synest har vore vanskeleg, som du kanskje har lukka til, i frykt for eller i sårheit for eller i redsle for kva som kunne skje. Men eg, Herren, ynskjer å komme til deg og røre ved deg med min Ande og med min kjærleik. Og eg ynskjer å føre deg ut av den staden der du er no og inn på eit ope område, der du kan tene meg i fridom, seier Herren.

Og når du kjem, når du tek eit steg ut av båten og kjem til meg, seier Herren, så vil eg også leie deg, så vil eg hjelpe deg og så vil føre deg på mine vegar. Du skal ikkje frykte for ting omkring deg, du skal ikkje frykte for det som ser mørkt og vanskeleg ut, fordi eg Herren kjem og er ditt lys og eg vil stråle omkring deg og eg vil fylle deg med mi glede og med mi kraft, slik at du kan gå inni og oppleve det som eg har for deg. Frykt ikkje, seier Herren, for eg er med deg. Eg slepp deg ikkje og eg forlet deg ikkje. Og ingen ting kan skilje deg frå min kjærleik, seier Herren.

Maranata 23.1.2016. Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:

Våk i bønna med takkseiing. Og når du våker på den måten i bønna, så skal eg, Herren, svare deg, med store og ufattelege ting, kanskje ikkje i den retninga du tenkte, men eg skal svare i den retninga og med det mål som eg veit er best for deg. Og du skal få oppleve noko du aldrig før har opplevt. For framleis høyrer eg bønner, framleis svarar eg bønner, framleis så ynskjer eg å fyll mitt barn og fylle mi menigheit med herlegdomens sky, så du skal få oppleve, at du aldrig før har opplevd maken.

Du er fri, du er forløyst, gjennom blodet har eg løfta deg opp, gjennom Jesu blod er du befridd frå all di synd. Du kan frimodig prise meg, du kan frimodig love mitt heilage namn. Og når du prisar mitt namn, så kjem gleda inn i ditt liv, når du prisar mitt namn, så går fridomen opp for deg. Når du prisar mitt namn, vil alt det vonde fly. Når du prisar mitt namn, då vil rettferds-sola gå opp som aldrig før i ditt hjerte.

Slå ikkje blikket ned, løft det opp imot himmelen. La ikkje dine hender synke, men løft dei opp imot himmelen. Stå ikkje stille på den stad der du befinn deg, men sett din veg i mi hand og eg skal dra deg, leie deg, føre deg og eg skal føre deg til levande vatn, eg skal føre deg til kjelder, eg skal føre deg til frukter og nådegåver og du skal få oppleve å verte berika av mi velsigning i overmål på overmål. Fordi eg Herren har satt dører opne for deg. Halleluja.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: