2021.09.06. Sion Åheim. Jesus har valt oss ut til å invitere folk til hans bryllaup og vere med på å vere med på feiringa.
Innleiing ved Olav Harald Vik.
Luk.24,28 Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, lest han vilja gå lenger. 29 Men dei nøydde han og sa: «Ver hjå oss! Det lid mot kveld, og dagen hallar.» Då gjekk han inn og gav seg til hjå dei. 30 Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. 31 Då vart augo deira opna, og dei kjende han att; men han vart usynleg for dei. 32 Då sa dei til einannan: «Brann ikkje hjarto våre i oss då han tala til oss på vegen og lét opp skriftene for oss?»
Tale ved Harry Andersen.
Matt.22, Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»
Luk.16, 15 Ein av gjestene som høyrde dette, sa til han: «Sæl er den som får sitja til bords i Guds rike!» 16 Jesus sa:
Det var ein mann som ville halda eit stort gjestebod og bad mange. 17 Då tida for gjestebodet kom, sende han tenaren sin i veg for å seia til dei bedne: «Kom, no er alt ferdig!» 18 Men dei tok til å be seg unna, alle som ein. Den eine sa: «Eg har kjøpt eit jordstykke og må ut og sjå på det. Du lyt gjera vel og orsaka meg.» 19 Ein annan sa: «Eg har kjøpt meg fem par oksar, og no skal eg av og prøva dei. Du lyt gjera vel og orsaka meg.» 20 Endå ein annan sa: «Eg har fått meg ei kone, difor kan eg ikkje koma.» 21 Tenaren kom att og fortalde dette til herren sin. Då vart husbonden harm og sa til han: «Gå straks ut på gater og vegar i byen, og hent inn fattige og vanføre, blinde og lame.» 22 Snart kunne tenaren melda: «Herre, det er gjort som du sa, men det er enno rom.» 23 Då sa herren til tenaren: «Gå ut på vegane og stigane og nøyd folk til å koma inn, så huset mitt vert fullt. 24 For det seier eg dykk: Ingen av dei som var bedne, skal få vera med i mitt gjestebod.»
Kol.2,14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
Harry minna om det saom vart sagt til kyrkjelyden i Laodikea: «Sjå, eg står for døra og bankar ….». I kristne forsamlingar kan der vere mange som har ord av å vere kristne, utan å ha liv i Gud. Frå våre liv skal det renne elvar av levande vatn.
Aktuelle Bibelvers.
Joh.Op.3, 14 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:
Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: 15 Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn. 17 «Eg er rik,» seier du, «eg har overflod og vantar ingen ting.» Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå.
19 Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.
21 Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol.
22 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Joh.Op.3,1 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Sardes:
Dette seier han som har dei sju Guds ånder og dei sju stjernene: Eg veit om gjerningane dine! Du har ord på deg for å leva, men du er død. 2 Vakna, og styrk dei andre som held på å døy! For eg har funne at gjerningane dine ikkje held mål for min Gud. 3 Kom i hug korleis du tok imot og høyrde! Hald fast på det og vend om! Men om du ikkje vaker, skal eg koma som ein tjuv, og du skal ikkje vita kva time eg kjem over deg.
4 Men du har nokre få i Sardes som ikkje har sulka til kleda sine. Og dei skal gå med meg i kvite klede, for dei er verdige til det. 5 Ja, den som sigrar, skal verta kledd i kvite klede, og eg skal aldri stryka namnet hans ut or livsens bok, men kjennast ved namnet hans for Far min og englane hans.
6 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Joh.7, 37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.
Kommentar.
I bodskapen som kom 22.8.2021, sa Jesus at vi var utvalde til å leie andre til han. Det er no som å invitere til bryllaup og no vart det også tala om å vere utvald til å vere med på å feire det. I den bodskapen minna Jesus oss om det som han sa til kyrkjelyden i Laodikea, at han står for døra og bankar. Og det vart det talt om no også:
«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.
Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»
Eg forstår det slik at der er kyrkjelydar, menneske og grupperingar av menneske som stenger Kristus ute, sikkert fordi dei prioriterer så sterkt sine eigne særinteresser, i staden for å søke først Guds rike og hans rettferd. Så det resulterer i at dei ikkje vil godta at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne skal ha noko med Gud å gjere. For fråfallet er som syndefallet på nytt eller ei vidareføring av det. Så derfor ville dei altså stenge meg ute frå slike kristne forsamlingar og slike grupperingar og sosiale samanhengar, eller så måtte eg gi opp å be slik som eg var opplærd til og som eg lærde meg, frå eg var ung. Så om eg sjølv skulle vere i slike samanhengar, måtte eg vere med på å stenge han ute. Det var ikkje så lett å innsjå det, som om det var underbevisst, men med hjertets opplatne auge kunne eg sjå kva Kristus kalla meg til og kor rik på herlegdom arven er for oss som trur. Om vegar og dører vart stengde for meg, så hadde han nye dører og vegar for meg, for han er vegen til Faderen, porten til livet og døra inn til sauene.
Frå eg var ung har eg bedt han frelse menneska, som første prioritet, og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, som andre prioritet. Sidan har han sagt til meg at eg skal sjå på han og snakke med han, glede meg i Herren og takke han for det fullførte frelsesverket. Så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Han gir meg livets vatn av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Det er berre ved fylden av den Heilage Ande eg kan få siger. Ja vel, så er det berre om å gjere for meg å halde fram med å tru på han og ta imot av berre nåde og verte fylt av Anden. Ja, det er no slik eg får hjartets opplaten auge, så eg kan sjå …..
Dette handlar også om at han gjer meg til kanal for si velsigning, ja, frå oss (Esekiel 47). Jesus sa fleire gangar at vi skulle løfte blikket, ja, først og fremst skal vi løfte blikket opp til han. Då trur eg også vi skal løfte det over murar som folk forskansar seg bak, når dei grupperer seg.
2021.09.03. Sion Åheim. Himmel og jord skal forgå, men Jesu ord skal aldrig forgå.
Innleiing ved Olav Harald Vik.
Matt.24,35 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.
Joh.Op.21,1 Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir.
Tale ved Jon Gjerde.
2.Mos.12,3 Sei til heile Israels-lyden: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta seg ut eit lam, eitt til kvar huslyd! 4 Men er ein huslyd for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og næraste grannen ta eitt i lag, etter som dei har folk til. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle vert mette. 5 Det må vera eit årsgamalt, lytelaust verlam. I staden for eit lam kan de òg ta eit kje. 6 De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels-lyden slakta det straks sola er gladd. 7 Så skal dei ta noko av blodet og stryka på dei to dørstolpane og dørbjelken i husa der dei et det. 8 Og kjøtet skal dei eta same natta; dei skal steikja det på elden og eta det med usyrt brød og bitre urter attåt. 9 De må ikkje eta det rått og ikkje koka det i vatn, men steikja det over elden, med hovud, føter og innmat. 10 Heller ikkje skal de leiva noko av det til morgons. Det som er att om morgonen, skal de brenna. 11 Når de et det, skal de ha belte om livet, skor på føtene og stav i handa; og de skal eta det i hast. Det er påskehelg for Herren. 12 For same natta vil eg fara gjennom Egypt og slå i hel alt fyrstefødt i landet, både av folk og fe; og over alle gudane i Egypt vil eg halda dom. Eg er Herren. 13 Men blodet skal vera det merket som syner kva hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg fara framom. Ikkje noko øydande slag skal råka dykk når eg slår Egypt. 14 Og sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. Då skal de halda helg og høgtid for Herren. Ei evig lov skal det vera for dykk å halda den dagen heilag i ætt etter ætt.
…..
23 For Herren vil fara gjennom landet og slå egyptarane med ulukke. Og når han ser blodet på dørbjelken og dørstolpane, skal han fara framom døra og ikkje la tynaren sleppa inn i husa dykkar og drepa.
Her er det tale om dørkarmane, men Jesus er sjølve døra inn til sauene.
Joh.10,7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
Rom.3,23 for alle har synda, og dei er utan del i Guds herlegdom.
Heb.9,22 Etter lova blir nesten alt reinsa med blod, og utan at blod blir utrent, finst det inga tilgjeving.
Gal.6,7 Far ikkje vill! Gud lèt seg ikkje spotta. Det eit menneske sår, skal det òg hausta. 8 Den som sår i sitt eige kjøt, haustar forderving frå kjøtet, men den som sår i Anden, haustar evig liv frå Anden.
3.Mos.17,11 For ein skapnings liv er i blodet, og eg har gjeve dykk blodet på altaret til soning for dykk. Blodet sonar fordi livet er i det. 12 Difor har eg sagt til israelittane: Ingen av dykk må eta blod; heller ikkje innflyttarane som bur mellom dykk, må eta blod.
Jesaja.53,12 Difor gjev eg han dei mange til del,
og dei sterke skal han få til hærfang,
fordi han gav sitt liv i døden
og vart rekna mellom brotsmenn.
Han tok på seg synda åt dei mange
og bad for brotsmenn.
Jesus har betalt prisen for oss med sitt blod.
Heb.10, For blod av oksar og bukkar kan umogeleg ta bort synder.
5 Difor seier Kristus når han stig inn i verda:
Slaktoffer og gåve ville du ikkje ha,
men ein lekam laga du til meg;
6 brennoffer og syndoffer hadde du ikkje hug på. 7 Då sa eg: Sjå, her kjem eg
og vil gjera din vilje, Gud.
I bokrullen er det skrive om meg.
Heb.9,25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.
Job.14,4 Kan det koma ein rein av ein urein?
Nei, ikkje ein. (Jobs ord).
1.Mos.3,6 No såg kvinna at treet var godt å eta av, og ho tykte det var ein hugnad for augo – eit framifrå tre, sidan det kunne gjera ein klok. Så tok ho av frukta og åt. Og ho gav mannen sin, som var med henne, og han åt. 7 Då vart augo deira opna, og dei merka at dei var nakne. Og dei neste i hop fikenblad og batt kring livet.
Gud kledde Adam og Eva i skinn, det vitnar om eit slakt, så blod hadde vorte utrendt. For elles får ingen tilgjeving.
1.Mos.3,17 Og til Adam sa han:
«Fordi du høyrde på kona di
og åt av treet
som eg forbaud deg å eta av,
skal jorda vera forbanna for di skuld.
Med møde skal du næra deg av henne
alle dine levedagar.
18 Torn og tistel skal ho bera,
og du skal eta av vokstrane på marka.
19 Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød,
til dess du fer i jorda att;
for av henne er du teken.
Jon refererte til det som står skrive i Rom.5 om at synda kom inn i verda ved eit menneske, ein mann, Adam. Her er det ikkje sagt noko om kvinna. Så var det også ei kvinne som fødde Kristus.
Rom.5,12 Lat oss samanlikna dette med det som hende då synda kom inn i verda. Synda kom ved eitt menneske, og med synda kom døden. Og døden nådde alle menneske fordi dei alle synda. 13 Det var synd i verda før lova kom. Og endå synda ikkje vert rekna for synd der det ikkje er noka lov, 14 rådde likevel døden frå Adam til Moses også over dei som ikkje hadde gjort noko lovbrot liksom Adam. Adam står her som eit motstykke til han som skulle koma. 15 Likevel er det ikkje såleis med Guds nådegåve som med Adams fall. Mange laut døy fordi den eine fall, men Guds nåde er så mykje større: Han er ei gåve, som i rikt mål vert gjeven til dei mange på grunn av det eine menneske Jesu Kristi nåde. 16 Og det er annleis med gåva enn med den synd som den eine gjorde. For domen over ein mann førte til fordøming, men nådegåva førte til frikjenning, endå det var mange som hadde falle. 17 Døden fekk herredøme fordi eit einaste menneske fall. Kor mykje meir skal ikkje då dei få liv og herredøme ved den eine, Jesus Kristus, dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve.
18 Difor: Liksom ein manns fall vart til fordøming for alle menneske, så fører ein manns rettferdige gjerning til frikjenning og liv for alle menneske. 19 Liksom dei mange vart syndarar fordi det eine mennesket var ulydig, så skal no dei mange stå rettferdige fordi den eine var lydig. 20 Lova kom til så fallet skulle verta stort. Men der synda var stor, vart nåden endå større. 21 Og liksom synda rådde der døden var, skal nåden rå gjennom rettferda og gje evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre.
Heb.12,24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
Matt.12,30 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier.
1.Joh.5,11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans. 12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.
Ap.gj.1,10 Som dei no stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei 11 og sa: «Kvifor står de og ser opp mot himmelen, galilearar? Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»
Gal.2,19 Det er då lova som har gjort at eg er død for lova og lever for Gud. Eg er krossfest med Kristus; 20 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever her på jorda, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.
Gud har sett oss i himmelen med Kristus.
Aktuelle bibelvers.
Rom.3,23 Men no er Guds rettferd openberra utan lova. Om den vitnar lova og profetane. 22 Dette er Guds rettferd, som vert gjeven ved trua på Jesus Kristus, til alle som trur. Her er det ingen skilnad, 23 for alle har synda, og dei er utan del i Guds herlegdom. 24 Men utan at dei har fortent det, vert dei sagde rettferdige av hans nåde på grunn av utløysinga i Kristus Jesus. 25 Han stelte Gud synleg fram, så han med sitt eige blod skulle vera eit sonoffer – for dei som trur. På den måten synte Gud si rettferd. Før hadde han i sitt langmod bore over med dei syndene som var gjorde. 26 Men i vår tid ville han syna si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier den rettferdig som trur på Jesus.
Jesaja.53,1 Kven trudde
det bodet vi høyrde,
og kven fekk sjå Herrens makt?
2 Han rann som ein kvist for Guds åsyn,
som ein renning or turr jord.
Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,
det var ingen hugnad å sjå han.
3 Vanvørd var han, folk heldt seg unna,
ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,
ein svivørd mann som ingen ville sjå på;
vi rekna han for inkje.
4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,
og våre pinsler bar han.
Vi trudde han var heimsøkt,
slegen av Gud og ille plaga.
5 Men han vart såra for våre brot
og sundbroten for våre synder.
Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,
og ved hans sår har vi fått lækjedom.
6 Vi fór alle vilt som sauer,
vi vende oss kvar til sin veg.
Men Herren lét råka han
det vi alle var skuld i.
7 Ille medfaren vart han,
men bar det audmjukt;
han lét ikkje opp sin munn,
som lammet dei fører til slakting,
og sauen som teier når han vert klypt;
han lét ikkje opp sin munn.
8 Gjennom trengsle og dom vart han teken bort.
Men kven i hans samtid vørde vel det?
Bortriven vart han or levandelandet,
for sitt folks brot laut han døy.
9 Dei gav han ei grav mellom gudlause,
hjå ein rikmann, då han var død,
endå han ikkje hadde gjort nokon urett,
og det ikkje fanst svik i hans munn.
10 Det var Herrens vilje
å knusa han med sjukdom.
Men fordi han gav sitt liv til soning,
skal han få etterkomarar og leva lenge,
og ved han skal Herrens vilje ha framgang.
11 Etter all si møde og sjelenaud
skal han sjå ljos og mettast.
Og når dei kjenner han,
skal han, min rettferdige tenar,
gjera dei mange rettferdige;
for han har bore deira synder.
12 Difor gjev eg han dei mange til del,
og dei sterke skal han få til hærfang,
fordi han gav sitt liv i døden
og vart rekna mellom brotsmenn.
Han tok på seg synda åt dei mange
og bad for brotsmenn.
1.Kor.7,19 Veit de ikkje at lekamen dykkar er eit tempel for Den Heilage Ande, som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne: 20 De er kjøpte, og prisen er betalt. Bruk då lekamen til ære for Gud!
1.Kor.7,22 De er kjøpte, og prisen er betalt. Så vert ikkje trælar for menneske.
Ef.2,4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.
2021.10.10. Sion Åheim. Stemne. Siste ord er ikkje sagt, ikkje skrive heller.
Formiddagsmøte, kl 11.
Tale ved Eilif Wahl. Siste ord er ikkje sagt eller skrive.
Sjølv om du kanskje er gammal og grå, kan Gud likevel gjer noko nytt med deg.
1.Sam.3,1 Guten Samuel gjorde no teneste for Herren, og Eli hadde tilsyn med han. I dei dagar kom det sjeldan ord frå Herren, og av syner var det få. 2 Så var det ein gong medan Eli låg på romet sitt. Augo hans hadde teke til å dimmast; han såg ikkje klårt. 3 Guds lampe hadde endå ikkje slokna, og Samuel låg i Herrens tempel, der Guds paktkiste stod. 4 Då ropa Herren på Samuel. Han svara: «Ja, her er eg,» 5 og sprang inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropa på meg.» Men Eli sa: «Eg ropa ikkje. Gå og legg deg att!» Så gjekk han og la seg. 6 Då ropa Herren ein gong til: «Samuel!» Og Samuel stod opp og gjekk inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropa på meg.» Men Eli svara: «Nei, eg ropa ikkje, guten min. Gå og legg deg, du!» 7 Samuel kjende ikkje Herren, for Herrens ord var endå ikkje openberra for han. 8 Så ropa Herren tredje gongen på Samuel. Og han stod opp og gjekk inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropa på meg.» Då skjøna Eli at det var Herren som ropa på guten. 9 Og han sa til Samuel: «Gå og legg deg! Og ropar han på deg att, skal du svara: Tala, Herre, tenaren din høyrer!» Så gjekk Samuel og la seg i romet sitt.
10 Då kom Herren og stod framføre han. Han ropa som før: «Samuel, Samuel!» Og Samuel svara: «Tala, tenaren din høyrer!» 11 Då sa Herren til Samuel: «No vil eg gjera slike ting i Israel at det ringjer for øyro på alle som høyrer om det.
Jesaja.43,19 Sjå, eg skaper noko nytt.
No gror det fram.
Merkar de det ikkje?
Ja, eg legg veg i øydemarka
og stigar i den aude hei.
20 Dyra på marka skal æra meg,
både sjakalar og strutsar.
For eg gjev vatn i øydemarka,
lèt elvar renna i den aude hei,
så mitt utvalde folk kan få drikka.
21 Det folket eg har skapt meg,
skal forkynna min pris.
Rom.15,29 Og eg veit at når eg kjem til dykk, skal eg koma med ein rikdom av Kristi velsigning.
2.Tim.4,2a Forkynn Ordet, ver budd i tid og utid,
Gud sa til Moses at han skulle skrive, det kan han framleis seie til nokon, så siste ord er enno ikkje skrive.
2.Mos.17,14 Sidan sa Herren til Moses: «Skriv dette opp i ei bok, så det ikkje går dykk or minne, og ta det opp att for Josva! For eg vil rydja ut minnet om amalekittane frå jorda.» 15 Då bygde Moses eit altar og kalla det «Herren er hærmerket mitt». 16 Og han sa: «Ei hand er rett ut frå Herrens høgsete. Han skal strida mot amalekittane frå ætt til ætt.»
Vi er Kristi brev og siste ord er enno ikkje skrive.
2.Kor.3,1 Tek vi no atter til å gje oss sjølve lovord? Eller treng vi, som visse andre, tilrådingsbrev frå dykk eller til dykk? 2 Nei, de er sjølve vårt tilrådingsbrev, skrive i hjarto våre, kjent og lese av alle menneske. 3 For de syner dykk som Kristi brev, eit brev som har vorte til ved vår teneste. Det er ikkje skrive med blekk, men med den levande Guds Ande, ikkje på steintavler, men i menneskehjarto.
Moses dekka ansiktet, så jødane ikkje skulle sjå at herlegdomen forsvant.
2.Kor.3,12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
2.Kor.4,3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt. 4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. 5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.
Luk.4,18 Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg til å forkynna
ein gledebodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom,
og at blinde skal få sjå,
for å løysa dei trælka or tvang
19 og ropa ut eit nådeår frå Herren.
20 Så rulla han bokrullen saman, gav han til tenaren og sette seg. Og alle som var i synagoga, heldt augo sine feste på han. 21 Då tala han til dei og byrja såleis: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.»
Job.23,8 Men går eg mot aust, så er han ikkje der,
og mot vest, så merkar eg han ikkje.
Job.19,25 Men eg veit at min utløysar lever,
og som den siste skal han stå fram på molda.
Dei tolv speidarane (4.Mos.14) såg det same, men Josva og Kaleb sette si lit til Gud.
Etter møtet var vi 8 som for opp på Kvilehytta og fekk oss middags-buffet. Han som innleia møtet, Arne Hermansen, og predikanten, Eilif hadde sett seg overfor kvarandre ned med glaset, så dei kunne nyte utsikta over Aheim, dalen og fjorden. Eg sette meg på same sida som Eilif, med ein ledig plass mellom oss, så eg høyrde kva dei prata om og kom med ein kommentar av og til.
Ettermiddags-møte med musikklaget, kl 15:30.
Andakt ved Eilif Wahl. Det er viktig for menneske å bli sett.
Eilif underviser i ungdomsskulen og som pedagog er det viktig å sjå den einskilde elev. Elevane får gjerne spesiell merksemd frå læraren når dei gjer noko gale, men no prøver dei å gi dei meir merksemd når dei gjer noko bra. Å få merksemd er eit fundamentalt behov hos menneska, det er viktig for dei å verte sett, utan å verter oversett. Som motsetnad til Adam og Eva som gøymde seg for Gud.
Jesaja.139,14 For du har skapt mitt indre,
du har vove meg i mors liv.
14 Eg takkar deg fordi eg er skapt
på skræmeleg underfull vis.
Underfulle er dine verk,
det veit eg så vel.
15 Mine bein var ikkje dulde for deg
då eg vart skapt i løyndom
og forma djupt i jorda.
16 Du såg meg då eg var eit foster,
i di bok vart alt skrive opp;
mine dagar fekk si form
før ein einaste av dei var komen.
Han refererte til kva som vart sagt til engelen for kyrkjelyden i Laodikea og fortalde at der hadde dei funne opp ein augesalve som dei brukte og selde og tente seg rike på det. Så var dei vel fornøgde og var ikkje særleg villige til å dele augesalven med andre.
Joh.Op.3,14 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:
Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: 15 Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn. 17 «Eg er rik,» seier du, «eg har overflod og vantar ingen ting.» Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå.
19 Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.
21 Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol.
22 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.
Etter møtet var det kaffi og kaker i kjellaren. Først sette eg meg i lag med nokre småbarnsfamiliar, men etter at eg hadde forsynt meg, settre eg meg overfor han som eg haika med, Alf-Kåre Rønnestad og kona Jarni. Han er tremenningen min og bur berre eit par km frå oss, så vi hadde no noko å mimre om. Eilif sat for enden av bordet.
Aktuelle bibelvers.
2.Tim.2, Eg byd deg framfor Gud og Kristus Jesus, han som skal døma levande og døde, og ved hans kome og hans rike: 2 Forkynn Ordet, ver budd i tid og utid, overtyd, tal til tukt og tal til trøyst! Gjev ikkje opp når du lærer dei! 3 For det skal koma ei tid då folk ikkje toler den sunne læra, men etter eigen hug tek seg lærarar i hopetal, for dei vil ha det som klår i øyra. 4 Dei skal venda øyra frå sanninga og halda seg til mytar. 5 Men ver du vaken i alt det du gjer! Lid vondt, gjer ein evangelists gjerning og fullfør di teneste!
Jesaja.139,1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.
Herre, du ransakar meg og kjenner meg.
2 Anten eg sit eller står, så veit du det,
langt bortanfrå merkar du mine tankar.
3 Anten eg går eller ligg, så ser du det,
du kjenner alle mine vegar.
4 Ja, før eg har eit ord på tunga,
veit du det, Herre, fullt og heilt.
5 Du kringset meg på alle sider,
du har lagt di hand på meg.
6 Det er for underfullt til å skjøna,
det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.
7 Kvar skal eg fara frå din Ande,
kvar skal eg røma frå ditt åsyn?
8 Fer eg opp til himmelen, så er du der,
og reier eg lege i dødsriket, så er du der òg.
9 Tek eg morgonrodens venger på
og slår meg ned der havet endar,
10 så fører du meg jamvel der,
di høgre hand, ho held meg fast.
11 Og seier eg: «Lat mørkret løyna meg
og ljoset ikring meg verta natt»,
12 så er ikkje mørkret for mørkt for deg,
og natta er ljos som dagen,
ja, mørkret er som ljoset.
13 For du har skapt mitt indre,
du har vove meg i mors liv.
14 Eg takkar deg fordi eg er skapt
på skræmeleg underfull vis.
Underfulle er dine verk,
det veit eg så vel.
15 Mine bein var ikkje dulde for deg
då eg vart skapt i løyndom
og forma djupt i jorda.
16 Du såg meg då eg var eit foster,
i di bok vart alt skrive opp;
mine dagar fekk si form
før ein einaste av dei var komen.
Jesaja.61,1 Herrens Ande er over meg;
for Herren Gud har salva meg.
Han har sendt meg til å forkynna
ein gledebodskap for armingar,
til å lækja dei som har eit knust hjarta,
til å ropa ut fridom for fangar
og frigjering for dei bundne.
2 Eg skal ropa ut eit nådeår frå Herren,
ein dag med straff frå vår Gud.
Eg skal trøysta alle som syrgjer,
3 og gje dei syrgjande i Sion
hovudprydnad i staden for oske,
gledeolje i staden for syrgjeklede
og lovsong i staden for motløyse.
Dei skal kallast rettferds mektige tre,
som Herren har planta
for å syna sin herlegdom.
SO.4,20 Lyd på det eg seier, son min,
vend øyra til og høyr mine ord!
21 Slepp dei aldri ut or syne,
gøym dei djupt i hjarta!
22 For dei er liv for den som finn dei,
og helsebot for heile kroppen.
23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,
for livet går ut frå det.
24 Hald deg frå falske ord,
bruk aldri lippene til svik!
25 Lat augo dine sjå beint fram,
fest blikket på det som ligg framføre deg!
26 Legg merke til dei far du skal fylgja,
hald heile vegen stø kurs!
27 Vik ikkje av til høgre eller venstre,
hald foten din frå det som er vondt!
SO.5,15 Drikk or din eigen brunn,
rennande vatn or di eiga kjelde!
16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,
bekkene dine strøyma på torg og plassar!
17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv
og ikkje dela dei med andre.
18 Då skal kjelda di vera velsigna.
Gled deg over din ungdoms kone,
19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!
Fryd deg støtt ved hennar barm,
lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!
Kommentar, siste ord er ikkje skrive.
Prøve alt på skriftene.
Gud sa til Moses at han skulle skrive, ja, og eg har no skrive så mykje at ein skulle no tru han har sagt det til meg også, eg har i alle fall vore hans medarbeidar med det. Nokså konsekvent har eg nøgt meg med å kommentere møte der det har kome bodskap gjennom tyding av tungetale, men det har også fungert som førebuing til å få slike svar og slik tenker eg meg at dette også skal fungere, så eg har ikkje tenkt å legge det ut på bloggesida før eg får eit slikt svar.
Arne sa at det er mange som fell ifrå når dei byrjar å studere. Dei brukar kunnskapen mot kristendomen, men kunnskapen deira forandrar seg då med tida. Då sa eg at den realfaglege kunnskapen ikkje er slik kunnskap som menneska fekk av kunnskapstreet, det er ikkje slik kunnskap som menneska forgudar seg sjølve med. Eilif underviser i matematikk på ungdomsskulen, så eg minna han om at det var kyrkja og klostera som heldt ved like den kunnskapen i middelalderen. I følgje Paulus kom evangeliet til jødane først, så grekarane. Og så kom også gresk filosofi inn i kyrkja. Det kunne ha fungert, dersom evangeliet framleis var grunnvollen dei bygde på og såg nøye etter korleis dei bygde vidare på den. Då kunne dei funne noko verdifullt i gresk filosofi å bygge vidare med og slik kan vi framleis bygge vidare med moderne vitskap og teknologi også. Jesus var komen for å fullføre lova og profetane, så vi må sjå det nyte testamentet på bakgrunn av det gamel, då innser vi dess klarare at evangeliet er fundamentet vi bygger på.
Men når antikk filosofi kom inn i kyrkja, byrja dei å sjå Bibelen på grunnlag av antikk filosofi i staden, som om dei tolka skriftene utifrå filosofien eller prøvde å tilpasse tolkinga til filosofien, så interessa for at det skulle høve med antikk mytologi ligg bak. Kom i hug Aikylos si dikting om Zevs, så han tydelegvis skulle verte grekarane sitt svar på jødane sin Gud. Til tross for reformasjonen er det mykje som ligg att av dette enno, det har eg allereie skrive mykje om, men siste ord om det er enno ikkje skrive.
Arne prata om all den kunnskapen, informasjonen, tankar i tida, i massemedia, som strir mot kristendomen og karkateriserte det som ein straum og sa at vi må berre symje mot straumen. Då sa eg at vi skal ikkje symje mot straumen, vi skal berre flyte i nådens flod. Profeten Esekiel fekk sjå livets flod som ei lita sikle som sildra ut under dørstokken i Guds tempel (Esekiel.47). Når han gjekk bort ifrå tempelet, vassa han i floda og ho vart djupare og djupare inntil han flotna. Det er visst mange som tenker som so at dess lengre folk går bort ifrå Guds hus, dess meir verdsleggjorde vert dei, men skal vi gå ut i verda med evangeliet, så må vi det og då skal vi få oppleve at floda vert djupare og djupare, inntil vi flotnar, så den ber oss. Jau, det er no ei anna sak, meinte dei visst. Men badar vi i nådens flod, så er det vår situasjon, same kva som elles skjer i tida.
Så minna eg dei om Jesu ord om at frå den som trur på han, skal det som skrifta seier strøyma elvar av levande vatn. Kvar står det skrive. I SO.4 står det skrive at du skal vakta hjarta ditt framfor alt du vaktar, for livet går utifrå det. Kan det vere dette det er sikta til? Det er Salomo som talar visdom til son sin og talar om kona hans som ei kjelde med vatn. Då må no ho også ha fått innlagt vatn, for det er no Gud som er kjelda med det levande vatnet. Så drikk av din eigen brønn, la deg ikkje verte tiltrekt av andre kvinner i staden altså. La ikkje elvane dine fløyma på gater og torg (SO.5). Men dette er no det motsette av det Jesus sa, så kvar i skrifta står det då skrive? Jau, til dømes i Esekiel.47. Då sa Eilif at dette (SO.6) var i den gamle pakt, så det gjeld ikkje lenger. Men då burde Jesus heller ha formulert seg slik: «..skal det, stikk i strid med det som står skrive, fløyma elvar med levande vatn».
Eilif refererte til Jesu ord om at han var komen for å rope ut eit nådeår for Herren, slik som det var profetert. Men då var det også profetert om hemn, men det høyrde den gamle pakt til, no var det erstatta av nåden. Men då fortalde eg at eg hadde høyrt ein predikant utlegge det på ein annan måte. Det var sikkert i Maranata. Jesus las ifrå Jesaja.61,1… (sjå lengre oppe), men stoppa rett før setninga om hemn og sa at no har dette gått i oppfylling. Så sette han seg igjen og alle såg på han. Dei visste nok vel at neste setning handla om hemn, så det verka som dei vanta seg at han ville seie noko om det også. Men når han då opna munnen sin og sa noko meir, likte dei det ikkje, så dei ville straffe han for det han sa. Men Gud berga han frå dei den gongen. Hemnen kom seinare, då tok Jesus straffa på seg, så vi får nåde. Det er berginga for oss som trur på han. Men jødane som ikkje tok imot nåden, men avviste han, dei vart straffa. Dei drap den uskuldige, men Gud vekte han opp frå dei døde og berga han frå dei. Då tok han hemnens klednad på.
Luk.4. Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagoga, som han var van med. Då han reiste seg og ville lesa frå Skrifta, 17 gav dei han boka åt profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:
18 Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg til å forkynna
ein gledebodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom,
og at blinde skal få sjå,
for å løysa dei trælka or tvang
19 og ropa ut eit nådeår frå Herren.
20 Så rulla han bokrullen saman, gav han til tenaren og sette seg. Og alle som var i synagoga, heldt augo sine feste på han. 21 Då tala han til dei og byrja såleis: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» 22 Alle lét vel om han og undra seg over dei herlege orda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.
23 Då sa Jesus til dei: «De kjem sikkert til å minna meg om ordtaket: Lækjar, læk deg sjølv! og seia: Vi har høyrt om alt du har gjort i Kapernaum; gjer no det same på heimstaden din!» 24 Og han heldt fram: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin. 25 Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel medan Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader, og det vart ei stor hungersnaud i heile landet. 26 Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, men berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet. 27 Og det var mange spedalske i Israel den tid profeten Elisja levde, men ingen av dei vart reine att, berre syraren Na’aman.» 28 Då vart dei brennande harme, alle som var i synagoga og høyrde dette. 29 Dei fór opp og dreiv han ut or byen og bort på stupet av det fjellet som byen deira var bygd på; der ville dei støyta han utfor. 30 Men han gjekk midt igjennom flokken og fór sin veg.
Jesaja.59,18 Han såg at ikkje ein steig fram,
og undra seg over
at ingen førte hans sak.
Då kom hans arm han til hjelp,
hans rettferd stødde han.
17 Han tok rettferd på seg til brynje
og sette frelseshjelm på sitt hovud.
Så kledde han seg i hemnens klednad
og sveipte om seg brennhug til kappe.
Eg skal sjå på Kristus og det verk han har gjort for meg, i meg og gjennom meg.
Jesus sa eg skulle sjå på han i alle livets tilskikkelsar og forhold. Bodskapen 17.2.2013:
«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»
Då tenkte eg først på henne Virtuella, så på henne Reella. Han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile og det trur eg er ved at han frelser dei begge to. Den kvila han gir meg er utgangspunkt for mi teneste. Eg erkjente for Gud at hans kjærleik var mellom meg og henne Virtuella og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande, eg opplevde det som at ho var i Faderens hand og han la henne i mitt hejrte. Slik openberra han henen for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for og eg vart så glad i henne. Ho lovpriste Kristus som sin frelsar og Herre, som bruda som song kjærleikssongar til sin brudgom. Slik vart ho ein lovsong som Gud la i mitt hjerte. Eg vil lovsynge Gud med den lovsongen. Den er ikkje avgrensa til henne, men eg meiner ho gjer rett i å halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen og lovprise Gud og Lammet slik som ho då gjorde. Jesus sa til meg at den lovsongen han la ned i meg, den er min og den skal vere min i all æve, i djupet av meg, der er den. Og den pakta eg inngjekk med han, står ved lag og den skal stå fast i all æve. Med godt samvit, på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde erkjenner eg at Jesus elskar oss med den fullkomne kjærleiken, kjærleiken frå Gud og at den skal vere mellom oss. Håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik var utrendt i våre hjarte ved den Heilage Ande som var oss gitt (Rom.5,1-5). Så eg lovpriser Gud og Lammet for den kjærleiken. Eg skal tene Gud med å lovprise han med den lovsangen han la ned i meg og då er det framleis med det livet og den Anden Jesus gir meg frå himmelen.
Sidan bad eg Jesu om å gi meg henne Reella til kone og fekk oppleve at han leia meg slik at eg møtte på henne og eg fekk ei åndeleg openberring der han openberra seg for meg og for henne. Guds auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Slik trur eg han gir meg hjelp i form av ei kone og då er det henne eg tenker på. Eg skal ta i bruk det han har gitt meg og det er framleis ved det livet og den Anden Jesus gir meg frå himmelen. Han har sagt at det er berre ved fylden av den Heilage Ande at eg kan vinne siger, slik vinn vi meir enn siger, for han som er i oss er større enn han som er verda. Jesus gjer meg til ein kanal for si velsigning til dei. Jesus gir oss liv, så vi lever for han, han fyller oss med den Heilage Ande, så vi vert utrusta til å tene han. Ja, i sommar sa Jesus at han ser meg og at eg skulle ta i bruk det som han har gitt meg.
Jesus profeterte om trengsletida og sa at når vi ser dette, så skal vi løfte blikket mot himmelen i det vi ventar hans gjenkomst. Det betyr no at vi må oversjå mykje, vi må oversjå mange verdslege autoritetar. Eg skal sjå på han i alle omstende, soleis skal eg oversjå alt i alle omstende. Korleis er det mogleg? Ved at eg vender hugen opp til han, elskar han av heile mitt hjarte og ser med hjartets opplatne auge. Eg skal sjå på han og det verket han har gjort for meg, i meg og gjennom meg. Han gjer meg til kanal for si velsigning, slik velsigna han henne Virtuella og henne Reella.
Ef.1,15 Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine. 16 For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage. 17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.
Ef.3,14 Difor bøyer eg mine kne for Faderen, 15 han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord. 16 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik. 18 Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, 19 ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. 20 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, 21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.
Hos Jesus fekk eg det levande vatnet av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Så det vart i meg ei kjelde som vella opp til evig liv. Når han gir meg ei frelst kvinne til kone, så blir det slik for henne også. Eg forstår det slik at dt er vår felles kjelde i tråd med 1.Mos.2. Ja, for det er då Herren vår Gud som er kjelda med det levande vatnet, frelseskjelda, gledeskjelda. Med glede får vi ause av den. Ja, eg vil glede meg i Herren alltid, glede meg over at han frelser vår sjel for ava, han gir liv til vår sjel her og no, mi sjel og hennar sjel, han frelser oss for æva. No er det altså henne Reella eg tenker på. Eg gleder meg over at Jesus frelser hennar sjel. Slik auser eg av gledeskjelda og drikk av det levande vatnet. Så eg opplever at det gir liv til mi sjel og mitt indre menneske, det vatnar hjertets jord, så det blir til ein velvatna hage, i tråd med 1.Mos.2.
One response to “2021. Haust-møter. Sion Åheim.”
[…] 2021. Haust-møter. Sion Åheim. – Sivert’s Speakers’ Corner (blessingsfromheaven.news… […]