Bildet er frå 6.3.2022.
Innleiing.
På formiddagsmøtet talte Vidar Dalsbø over profetien om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, så menneske skulle få syner, draumar, visjonar og openberringar og tale profetisk. Så kom der ein profetisk bodskap om at vi går inn i ei tid med ei omvelting som denne verda aldri har sett maken til, 9. april vert småtteri i forhold til det, det kan komme plutseleg. Likevel skal vi ikkje sjå oss engstelege omkring, men sjå opp til Herren, ta vår tilflukt til han og til hans kyrkje, lokalt og globalt.
På ettermiddagsmøtet minna Oddleif Wahl oss om Jesu profeti i Matt.24 om at i den siste tid vert det mykje krig, men då skal evangeliet forkynnast for alle folk.
Formiddagsmøte kl 11.
Innleiing ved Oddleif Wahl.
Oddleif las ifrå Ef.4, vers 11-13, eg tek med så pass at det skulle verte heilgardering.
Ef.4,1 Så legg eg dykk på hjarta, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått. 2 Ver audmjuke, ta dykk ikkje til rettes, men ver tolsame, så de ber over med kvarandre i kjærleik. 3 Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman: 4 Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla, 5 ein Herre, ei tru, ein dåp, 6 ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle.
7 Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt. 8 Difor står det:
Han steig opp i det høge
og førte bort fangar;
han gav menneska gåver.
9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? 10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.
14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.
Tale ved Vidar Dalsbø.
Ordt.29,18 Utan openberring fer folket vilt,
lukkeleg er den som held lova.
Ef.1,17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.
Som vi syng i ein sang: «Troens øye ser det ….».
Vidar la vekt på ordet «skal» i profetien i Joel 3 og Apgje.2.
Apgj.2,16 Men dette er det som er sagt gjennom profeten Joel:
17 I dei siste dagar skal det henda, seier Gud,
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord,
dei unge mennene skal sjå syner,
og dei gamle mellom dykk skal ha draumar.
18 Jamvel over trælane og trælkvinnene mine
vil eg renna ut min Ande i dei dagar,
og dei skal tala profetisk.
19 Eg lèt teikn syna seg oppe på himmelen
og teikn nede på jorda:
blod og eld og røykskyer.
20 Sola skal mørkjast
og månen verta som blod,
før Herrens dag kjem, den store og strålande.
21 Og kvar den som kallar på Herrens namn,
skal verta frelst.
Når den Heilage Ande kjem over oss og gir oss draumar og visjonar, så er det ein åndelg røyndom, vi må skilje mellom det og «vanlege» draumar og fantasering.
Heb.6, 12 Då må de ikkje vera likesæle, men fylgja etter dei som ved tru og tolmod får del i lovnadene.
Ur i Kaldea var ein storby på den tida, det kulturelle senter, men dei dyrka avgudar der. Men Abraham flytte ut derifrå og så kalla Gud han og gav han ein lovnad. Abraham trudde Gud og gjekk ut på lovnaden, men det gjekk mange år utan at han såg noko vesentleg framgang. Men så talte Gud til han igjen.
1.Mos.15,1 Ei tid etter at dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn, og det lydde så: «Ver ikkje redd, Abram! Eg er ditt skjold; løna di skal verta overlag stor.» 2 Men Abram svara: «Herre, min Gud, kva vil du gje meg? Barnlaus fer eg min veg, og Elieser frå Damaskus skal arva huset mitt. 3 Meg har du ikkje gjeve born,» sa Abram, «og ein træl i huset mitt kjem til å arva meg.» 4 Då kom Herrens ord til Abram, og det lydde så: «Nei, han skal ikkje arva deg, men din eigen son skal verta arvingen din.» 5 Så tok Herren han med seg ut og sa til han: «Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan! Så tallaus skal ætta di verta.» 6 Abram trudde Herren, og difor rekna Herren han for rettferdig.
7 Så sa han til han: «Eg er Herren, som førte deg ut frå Ur i Kaldea og ville gje deg dette landet til eige.»
Elieser tyder «Gud hjelper».
Det kan verke som openberringa og visjonen forvitrar med tida. Slik også når Moses leia loket mot det lova landet, der verka for dei som om det var hol i bøtta, den heldt ikkje vatn. Abraham budde i telt og det var nok stort, han såg på det som var der inn og sa til Gud: «Sjå, ….». Han og Sara var framleis barnlause. Men Gud oversåg det og svarde ikkje på det, slik kan det verke som Gud er tøff og ubarmhjerteig, men eigentleg visste han det og Abraham trengde ikkje fortelje han det. Til samanlikning kan vi endåtil male oss inn i eit hjørne. Men Gud fekk med seg Abraham ut og rett blikket opp mot himmelen og sjå på stjernene og bad han telje dei. Så tallaus ville han gjere ætta hans. I avslutninga av møtet refererte Oddleif til dette og spurde: «Kvifor sitje inne når alt håp er ute».
Gud brukar både stjernene, sola og månen og regnbogen til å minne oss som sine lovnadar.
Salme.8,1 Til korleiaren. Etter Gittit.
Ein Davids-salme.
2 Herre, vår Gud, kor herleg ditt namn
er over all jorda,
du som har breitt ut din prydnad på himmelen!
3 Av munnen på småborn og spedborn
har du reist deg eit vern mot dine fiendar,
så du kan stagga kvar motstandar
som trår etter hemn.
4 Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene som du har sett der,
5 kva er då eit menneske, sidan du kjem det i hug,
eit menneskebarn, sidan du tek deg av det?
6 Du gjorde han lite ringare enn Gud,
med ære og herlegdom krona du han.
7 Du sette han til herre over dine henders verk,
alt la du under hans føter:
8 sauer og oksar, alle i hop,
ja, jamvel dei ville dyr på marka,
9 fuglen i lufta og fisken i sjøen,
alt som ferdast på havsens stigar.
10 Herre, vår Gud, kor herleg ditt namn
er over all jorda!
Josef fortalde om sin draum og fekk lide for det. Slik kan det ofte vere, vi opplever lyset og vert glade, så vert vi forfølgde, så det verkar mørkt for oss, kvar vart det av lyset og gleda? Leonard Cohen var ein jødisk sangar som sang: «There is a crack in everything, That’s where the light comes in.» Guds kraft vert fullenda i vanmakt. Gud bur i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.
2.Kor.12,9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.
Jes.57,14 Det lydde eit ord:
Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
Ta bort kvar støytestein
frå vegen åt mitt folk!
15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
Gal.6,6 Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig. 7 Så skjønar de at det er dei som trur, som er Abrahams born. 8 Skrifta såg føreåt at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og føreåt forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast.
Skrifta var forutsjåande og det lærer den oss også å vere.
Profetisk bodskap ved Mindor Myklebust.
Dette kom så brott på at eg rakk ikkje å spele inn første setningane. Igjen kom eg uheldig vis borti kanten på skjermen og stoppa innspelinga, så eg fekk ikkje med slutten heller.
Innspelt: « …. inni dei kommande timar, dagar, veker og år. Eg har gitt deg for at du skal vere med i den forsamling som kan gi beskyttelse, fred for ditt ekteskap, din heim og ditt personlege liv i dei komande dagar. For no går vi inn i ei tid der mitt 9. april 1940 er bagateller. Det kan skje innan minutt, timar eller dagar, ei omveltning som denne verda og denne kloda aldrig har sett maken til. Lat ditt hjem, du som er far, sammen med din hustru og dine barn …..»
Slutten av bodskapen var noko om om at vi skulle ta tilflukt i den lokale og globale kyrkjelyden, for å få det vernet som det er tale om her altså.
Servering.
Etter dette møtet vart det servert karbonandesmørbrød og saft, kaker og kaffi i kjellaren. Ettermiddagsmøtet byrja kla 16, etter det kom dei opp med kaker og kaffi.
Ettermiddags-møte kl 16.
Tale ved Oddleif Wahl. Gjenoppretting og utviding.
Vi veit at Jesus døde for oss for å gjenopprette vårt forhold til Gud. Men han har også ei stor hensikt med det, som kan kallast utviding. Med ein ny identitet som utgangpunkt.
Rom.14,7 For ingen av oss lever for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv. 8 Lever vi, så lever vi for Herren, og døyr vi, så døyr vi for Herren. Anten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til. 9 Difor var det Kristus døydde og vart levande att: Han skulle vera herre både over levande og døde. Difor var det Kristus døydde og vart levande att: Han skulle vera herre både over levande og døde.
Gal.2,19 Det er då lova som har gjort at eg er død for lova og lever for Gud. Eg er krossfest med Kristus; 20 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever her på jorda, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.
Gal.6,15 For det som tel, er korkje å vera omskoren eller uomskoren, men å vera ein ny skapning.
Ef.1,18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage,
Vi tenker vi har ein arv i himmelen, men Gud tenker han har ein arv på jorda. I skapingssoga er det sagt at Guds Ande sveiv over vatna. Noah slepte ut ei due, men den fann ikkje nokon stad den kunne sette seg ned og kvile, så den kom attende. Det minner om Guds Ande som sveiv over vatna. Men vår lekam er eit tempel for den Heilage Ande.
Matt.24, Så gjekk Jesus bort frå templet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane. 2 Men han sa: «Sjå alt dette! Sanneleg, det seier eg dykk: Her skal det ikkje liggja att stein på stein; alt skal rivast ned.»
3 Sidan, då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og verdsens ende?»
4 Jesus tok til ords og sa:
Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! 5 For mange skal koma i mitt namn og seia: «Eg er Messias.» Og dei skal føra mange på villspor. 6 De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skræma! For dette lyt henda; men enno er ikkje enden komen. 7 Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv mange stader. 8 Men alt dette er berre dei fyrste føderiene.
9 Då skal dei forråda dykk, driva dykk ut i trengsle og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld. 10 Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre. 11 Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vilt. 12 Og av di lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste. 13 Men den som held ut til enden, han skal verta frelst. 14 Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma.
Dommarane.7,4 Men Herren sa til Gideon: «Du har enno for mykje folk. Lat dei gå ned til kjelda, så skal eg skilja ut nokre for deg der. Dei eg seier skal vera med deg, dei skal du ta med deg; og dei eg seier ikkje skal vera med deg, dei skal du ikkje ta med deg.»
Luk.4,18 Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagoga, som han var van med. Då han reiste seg og ville lesa frå Skrifta, 17 gav dei han boka åt profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:
18 Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg til å forkynna
ein gledebodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom,
og at blinde skal få sjå,
for å løysa dei trælka or tvang
19 og ropa ut eit nådeår frå Herren.
2.Tim.1, 6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg!
Aktuelle bibelvers.
Heb.6,9 Men når det gjeld dykk, kjære vener, er vi visse om at det står betre til, og at de er på frelsevegen, endå vi talar som vi gjer. 10 For Gud er ikkje urettferdig så han gløymer det de har gjort, og den kjærleiken de har synt namnet hans med å tena dei kristne, no som før. 11 Vi ynskjer berre at kvar ein av dykk må vera like ivrig etter å eiga full visse i vona heilt til det siste. 12 Då må de ikkje vera likesæle, men fylgja etter dei som ved tru og tolmod får del i lovnadene.
13 Då Gud gav Abraham lovnaden, svor han ved seg sjølv; for han hadde ingen større å sverja ved. 14 Han sa: «Sanneleg, eg vil velsigna deg rikt og gjera ætta di stor.» 15 Og så fekk Abraham lovnaden oppfylt fordi han venta med tolmod. 16 Menneske sver då ved ein som er større, og eiden er ei stadfesting som gjer ende på all motsegn. 17 Fordi Gud ville gjera det heilt klårt for dei som skulle arva lovnaden, kor urikkande hans avgjerd var, gjekk han god for han med eid. 18 Med to ting som ikkje kan endrast, lovnad og eid – og Gud kan ikkje lyga – skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt berging. 19 Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innom forhenget i heilagdomen, 20 dit Jesus gjekk inn og opna vegen for oss, han som til evig tid har vorte øvsteprest på Melkisedeks vis.
1.Mos.11,31 Tarah tok med seg Abram, son sin, og Lot Haransson, soneson sin, og Sarai, sonekona si, kona til Abram, og førte dei ut frå Ur i Kaldea og ville fara til Kanaan. Men då dei kom til Karan, slo dei seg ned der. 32 Levetida hans Tarah vart 205 år. Så døydde Tarah i Karan.
1.Mos.12,1 Herren sa til Abram: «Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt, til det landet som eg vil syna deg! 2 Eg vil gjera deg til eit stort folk; eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Og du skal verta til velsigning!
3 Eg vil velsigna dei som velsignar deg,
og forbanna den som forbannar deg.
I deg skal alle ætter på jorda velsignast.»
4 Så tok Abram ut, som Herren hadde sagt, og Lot var med han. Abram var 75 år gamal då han flytte frå Karan. 5 Han tok med seg Sarai, kona si, og Lot, brorson sin, og alt godset dei hadde samla, og det tenestfolket dei hadde fått seg i Karan. Dei tok ut og ville fara til Kanaan.
Då dei kom til Kanaan, 6 fór Abram fram gjennom landet heilt til helgstaden Sikem, til More-eika. Kanaanearane budde den gongen i landet. 7 Då synte Herren seg for Abram og sa: «Di ætt vil eg gje dette landet.» Og der bygde Abram eit altar for Herren, som hadde synt seg for han. 8 Derifrå flytte han opp i fjellet austanfor Betel og sette opp teltet sitt, så han hadde Betel i vest og Ai i aust. Der bygde han eit altar for Herren og kalla på Herrens namn. 9 Sidan drog Abram vidare frå stad til stad, til Negev.
2.Kor.5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.
Matt.24, 37 Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. 38 Liksom dei i tida før storflaumen åt og drakk, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, 39 og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle, så skal det òg vera når Menneskesonen kjem. 40 Då skal to menn vera ute på marka; den eine vert henta, den andre vert att. 41 To kvinner skal mala saman på kverna; den eine vert henta, den andre vert att.
42 Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem. 43 Men det skal de vita: Dersom husbonden visste kva tid på natta tjuven kom, så vakte han og lét han ikkje bryta seg inn i huset. 44 Ver difor budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.
45 Kven er den trugne og kloke tenaren, som husbonden har sett over tenestfolket sitt, så han kan gje dei mat i rett tid? 46 Det er den tenaren som husbonden finn i arbeid med dette når han sjølv kjem attende. Sæl er han! 47 Sanneleg, det seier eg dykk: Husbonden skal setja han over alt det han eig. 48 Men er tenaren ein ring kar, tenkjer han: Herren min kjem ikkje på lenge enno. 49 Og så tek han til å slå dei andre tenarane og eta og drikka i lag med stordrikkarar. 50 Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av, 51 og hogga han ned. Han skal få same lagnad som hyklarane, der dei græt og skjer tenner.
2.Tim.1,1 Paulus, som etter Guds vilje er Kristi Jesu apostel til å forkynna lovnaden om liv i Kristus Jesus, 2 helsar Timoteus, sin kjære son. Nåde, miskunn og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!
3 Med takk til Gud som eg tener med reint samvit, liksom fedrane mine, nemner eg deg støtt i mine bøner, natt og dag. 4 Eg minnest tårene dine, og eg lengtar etter å få sjå deg att; det ville gjera meg hjarteglad. 5 Eg kan ikkje gløyma den ærlege trua di. Denne trua budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og eg er viss på at ho bur i deg òg.
6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom. 8 Du skal ikkje skjemmast ved vitnemålet om vår Herre, og heller ikkje ved meg, som er fange for hans skuld. Men lid vondt for evangeliet, du òg, med den kraft som Gud gjev. 9 Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde. Det er den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå æva av, 10 og som no har vorte openberra då vår frelsar, Kristus Jesus, kom til jord. Han har gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet. 11 Det er eg sett til herold, apostel og lærar for. 12 Difor er det eg lid, men eg skjemmest ikkje, for eg veit kven eg trur på. Eg er viss på at han har makt til å ta vare på det som er meg overgjeve, til dagen kjem.
13 Ha dei sunne ord som du har høyrt av meg, til føredøme, og stå fast i den tru og kjærleik som vi har i Kristus Jesus. 14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.
Kommentar.
Vi skal ta tilflukt hos Herren og derfor tek vi tilflukt til hans kyrkje, både lokalt og globalt. Når eg var i Oslo, melde eg meg inn i Maranata, men det fem år sidan eg flytte heim att til Sunnmøre. Sidan har eg tenkt på det som ein formalitet, men i pausa sa eg til Oddleif at eg ville melde meg inn i Sion Åheim, då tenker eg på det som noko meir enn ein formalitet, for Jesu kyrkje er då ein åndeleg røyndom.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, då har eg tenkt slik at frelsa er første prioritet, både for meg og henne, at ho vert kona mi er andre prioritet. Og Jesus har svart meg at eg skal lovprise han for frelsa og glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg fekk oppleve at Gud openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og henne Virtuella og sidan for meg og henne Reella. Det vil eg takke og lovprise Gud og Lammet for. Det er ei lovsang Gud har gitt meg i hjertet, ved sin Ande, det er ei nådegåve som eg skal kveike og som eg skal bidra med i Jesu kyrkje, for han har bestemt at der skal livet, vekkeinga, fornyinga og overfloda vere. Så vil han rake glørne saman, så det vert til eit stort pinsebål.
I ettermiddagsmøtet tenkte eg meg at eg la mi velsigning på henne Virtuella og eg meiner det var samanfallande med at Herren la si velsigning på henne, den Anden som eg hadde fått av han, la eg på henne, så eg meiner det hang saman med at han la sin Ande på henne. Hans fred senka seg over henne og det betydde fred for meg og. Til avslutning av møtet kom Oddleif kom med ein kommentar som for meg høyrdest ut som han kommenterte dette, at Guds fred senka seg over oss.