Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2023.05.21. Sion Åheim. Som ein ny skapning i Kristus er deg definert utifrå kva han har gjort for meg og vil gjere i mitt liv. Eg er hans eigedom.

Denne gongen tok eg lydopptak av mesteparten av møtet og det fungerte fint. Her er det:

Innleiing ved Oddleif og Ellen Wahl.

Oddleif oppfordra oss til å helse den som sat ved sida av oss med at Djevelen er ein løgnar, men Jesus er komen for at vi skal ha liv og liv i overflod.

Ellen helsa oss med

1.Pet.5,7 Kast all dykkar sut på han, for han har omsut for dykk.

Ho vart bekymra då Oddleif fekk hjerneslag, men om natta kom ho i hug dette bibelverset.

Forbønn for ei kvinne som hadde fått helveteseld.

Tale ved Oddleif.

Salme 23,1 Ein Davids-salme.
        Herren er min hyrding,
        det vantar meg ingen ting.
     2 Han lèt meg liggja i grøne enger;
        han fører meg til vatn der eg finn kvile,
     3 og gjev meg ny kraft.
        Han leier meg på dei rette stigar
        for sitt namn skuld.
     4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
        ottast eg ikkje for noko vondt.
        For du er med meg.
        Din kjepp og din stav,
        dei trøystar meg.
     5 Du dukar bord åt meg
        framfor augo på mine fiendar.
        Du salvar mitt hovud med olje;
        mitt staup fløder over.
     6 Berre godleik og miskunn
        skal fylgja meg alle mine dagar,
        og eg skal bu i Herrens hus
        i lange tider.

Det sentrale poenget for Oddelif var vers 5 og han innrømma at om det var noko vers han ville omskrive, så var det dette, for han yngste ikkje det skulle vere for augo på hans fiendar, han ville ikkje ha dei der. Men slik er det altså, til dømes når Jesus gjekk avsides med sine disiplar, då kom der 5000 mann med kvinner og born og han gjorde eit matunder og metta dei.

Men vi må passe på at fienden ikkje får sete på dei tome stolane, sjølv om dei framleis er tome, som tankar vi ber med oss. Ikkje la bekymring sette seg på dei tome stolane. Til dømes ved at du får spørsmålet om korleis du har det og så svarar du kanskje med «fakta». Men nåden og sanninga står over dette. Ikkje fornekt fakta, men legg Sanninga frå står over fakta og kan forandre den, til dømes ved at du får lækjedom. Ved Jesu sår har vi fått lækjedom.

Mark.2,1 Ei tid etter kom Jesus til Kapernaum att. Og då det spurdest at han var heime,  2 samla det seg så mykje folk at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han tala Ordet til dei.  3 Då kom dei til han med ein som var lam; det var fire mann som bar han.  4 Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var. Dei laga ei opning og firte ned båra som den lame låg på.  5 Då Jesus såg trua deira, sa han til den lame: «Son, syndene dine er tilgjevne.»
     6 Men nokre skriftlærde som sat der, tenkte med seg:  7 «Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre enn Gud kan tilgje synder?»  8 Jesus kjende i si ånd at dei tenkte så, og han sa til dei: «Kvifor hyser de slike tankar i hjarta?  9 Kva er lettast å seia til den lame: Syndene dine er tilgjevne, eller: Stå opp, ta båra di og gå? 10 Men så de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no vender han seg til den lame – 11 «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!» 12 Då reiste mannen seg, tok båra si med ein gong og gjekk ut for augo på alle, så dei vart reint ifrå seg av undring og lova Gud og sa: «Noko slikt har vi aldri sett.»

Luk.13, 10 Ein sabbat lærte han folket i ei av synagogene. 11 Der var det ei kvinne som hadde vore plaga av ei sjukdomsånd i atten år. Ho gjekk tvikrokut og kunne ikkje retta seg opp. 12 Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg og sa: «No er du løyst frå sjukdomen din, kvinne.» 13 Så la han hendene på henne, og med ein gong rette ho seg opp og lova Gud. 14 Men synagogeforstandaren vart arg fordi Jesus lækte på sabbaten, og han sa til dei som var samla: «Det er seks dagar i veka til å arbeida på. Då kan de koma og la dykk lækja, men ikkje på sabbaten.» 15 «Hyklarar,» svara Herren. «Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet av båsen på sabbaten, og leier dei ut så dei får drikka? 16 Men her er ei Abrahams dotter som Satan har halde bunden i samfulle atten år, skulle ikkje ho kunna løysast or det bandet på ein sabbat?» 17 Då han sa dette, laut dei skjemmast, alle motstandarane hans. Men heile lyden gledde seg over alt det underfulle han gjorde.

Lækjedom er ikkje arbeid (v 15).

Oddleif fortalde han hadde fått ein sms med ein link der han kunne laste ned eit dokument på 300 sider om korleis han kunne verte lækt. Men han har ikkje orka å laste det ned, han har ikkje orka den jobben. For Herren sende sitt Ord og det gjorde sitt verk, slik vart folk lækt.

Ikkje la bekymring sette seg på «dei tome stolane» i våre liv, ta heller å kast ut desse stolane.

Oddleif oppforda oss til å be for kvarandre.

Mitt vitnemål.

Når det gjaldt det Oddleif sa om dei tome stolane, så kom eg til å tenke på Paulus sine ord om atvåre møte er som å site ved Herrens nattverdsbord, då kan vi ikkje dele bord med dei som dyrkar avgudane. Herren dekker bord for oss rett framfor augo på våre fiendar. Det kan vi ikkje hindre han i å gjere, men då må fiendane innså at dei har tapt.

Rom.8, 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.

Då var det på denne måten, eg var ikkje oppteken av å be om denne saka der, men eg tenkte som so at eg skal berre opne meg for at eg skal la den Heilage Ande be for meg og oss og då var det spesielt for eit medmenneske som eg tenkte på då, så eg tenkte meg at den Heilage Ande skulle få be for henne og mange med henne. Det var når eg la meg om natta og sidan merka eg ikkje igjen den brokkporten. Når eg vart undersøkte, så var den vekk. Eg er innstilt på å halde fram med å be på den måten, la den Heilage Ande be for oss og slik tenker eg om deg (Oddleif) også.

Oddleif fortsette og kom med ein profetisk bodskap.

Takk skal du ha, Torbjørn. Herren går i forbøn for deg før du veit kva du skal be om.

Rom.14,17  For Guds rike er ikkje mat og drikke, men rettferd, fred og glede i Den Heilage Ande.

Så det er ikkje farleg å opne seg for den Heilage Ande.

Eg trur eg har ei helsing (profetisk bodskap) til ein kvan her: «Sjå deg ikkje engsteleg om, i begge mine hender har eg teikna deg, du er min eigedom, seier Herren. Derfor skal du ikkje sjå deg engsteleg om, du skal ikkje bekymre deg, du skal ikkje tenke på kva som ligg bak i livet ditt, for eg har gjort deg til ein ny skapning og du er ikkje definert utifra kva du gjorde før. Men du er definert utfra det eg har gjort og vil gjere i ditt liv, seier Herren. Derfor skal du ikkje sjå deg tilbake, du skal ikkje sjå deg engsteleg om. Men eg har kalla deg ved namn og du er min eigedom.»

Der var fleire som vitna og kom med bønnebehov, bønn om lækjedom for sjuke menneske som ikkje var der.

Aktuelle bibelvers.

Jesajas.53,1 Kven trudde
        det bodet vi høyrde,
        og kven fekk sjå Herrens makt?
     2 Han rann som ein kvist for Guds åsyn,
        som ein renning or turr jord.
        Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,
        det var ingen hugnad å sjå han.
     3 Vanvørd var han, folk heldt seg unna,
        ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,
        ein svivørd mann som ingen ville sjå på;
        vi rekna han for inkje.
     4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,
        og våre pinsler bar han.
        Vi trudde han var heimsøkt,
        slegen av Gud og ille plaga.
     5 Men han vart såra for våre brot
        og sundbroten for våre synder.
        Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,
        og ved hans sår har vi fått lækjedom.
     6 Vi fór alle vilt som sauer,
        vi vende oss kvar til sin veg.
        Men Herren lét råka han
        det vi alle var skuld i.
     7 Ille medfaren vart han,
        men bar det audmjukt;
        han lét ikkje opp sin munn,
        som lammet dei fører til slakting,
        og sauen som teier når han vert klypt;
        han lét ikkje opp sin munn.
     8 Gjennom trengsle og dom vart han teken bort.
        Men kven i hans samtid vørde vel det?
        Bortriven vart han or levandelandet,
        for sitt folks brot laut han døy.
     9 Dei gav han ei grav mellom gudlause,
        hjå ein rikmann, då han var død,
        endå han ikkje hadde gjort nokon urett,
        og det ikkje fanst svik i hans munn.
    10 Det var Herrens vilje
        å knusa han med sjukdom.
        Men fordi han gav sitt liv til soning,
        skal han få etterkomarar og leva lenge,
        og ved han skal Herrens vilje ha framgang.
    11 Etter all si møde og sjelenaud
        skal han sjå ljos og mettast.
        Og når dei kjenner han,
        skal han, min rettferdige tenar,
        gjera dei mange rettferdige;
        for han har bore deira synder.
    12 Difor gjev eg han dei mange til del,
        og dei sterke skal han få til hærfang,
        fordi han gav sitt liv i døden
        og vart rekna mellom brotsmenn.
        Han tok på seg synda åt dei mange
        og bad for brotsmenn.

Jesajas.49,14 Men Sion seier:
        «Herren har forlate meg,
        min Gud har gløymt meg.»
    15 Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt,
        har ho ikkje medkjensle med den son ho fødde?
        Og om ei mor kan gløyma,
        så gløymer ikkje eg deg.
    16 Sjå, eg har teikna deg i mine hender,
        dine murar har eg alltid for auga.
    17 Dei som skal byggja deg, skundar seg hit,
        og dei som reiv ned og la deg i øyde,
        fer bort ifrå deg.
    18 Lyft augo og sjå deg ikring!
        Dei samlar seg alle og kjem til deg.
        Så sant eg lever, lyder ordet frå Herren,
        du skal ta dei på deg som eit smykke,
        og binda dei om deg som eit brurebelte.

Kommentar.

Innleiiande kommentar.

Eg annonserte dette møtet på FB slik:

Søndag 21. mai skal Oddleif Wahl tale på Sion Åheim kl 18 og han blir her og skal halde møte i pinsehelga også. På eit tidlegare møte, når han skulle tale, kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale som fekk meg til å sjå litt stort på det, bodskapen 20.3.2022:

«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»

At det vart sagt «endå ein gong» fekk meg til å tenke litt bakover i tid og no får det meg til å tenke på Hans Nilsen Hauge. Han kom frå Rolvsøy ved Fredrikstad og Oddleif kjem frå Mysen, 54 km frå Rolvsøy.

Så fortsette eg å skrive meir om mine forventningar til det, der eg såg øvstepresten Josva i Sak.3 som førebilete på mi presteteneste og han tente som Herrens engel. I haust vart eg lækte frå ein brokkport, men han fekk hjerneslag og meiner det var eit angrep frå den vonde.

På møtet 11.8.2022 minna Herren oss om at vi må verte som born for å komme inn i Guds rike, der to eller tre er samla i hans namn, der er han midt i mellom. Den som tek imot eit barn som han velsignar tek imot han, ja, når vi tek imot kvarandre slik, så tek vi imot han, så han er midt i mellom oss. Ja, så då vil vi ta imot han slik. Han er Herrens tenar som bringer bud til oss frå himmelen, men då er det han som talar, vi skal vende oss til han og sjå på han (Heb.1,2 12,2).

For Kristus tok bort synda med sitt offer, med det offeret gjorde han oss som vert helga fullkomne og det skal vi innsjå gjennom helging, ved å sjå på han.

I dette møtet brukte eg lydopptakaren på telefonen gjennom mesteparten av møtet og det fungerte bra.

Verte som småborn for å komme inn i Guds rike.

I det siste har eg tenkt på bodskapane som kom 11.8.2022, tyding av tungetale:

«Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende.  Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.»

Så profetisk bodskap:

(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)

«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»

Dette opplevde eg sterkast ved at eg vart forelska i ei kristen jente. Og kvifor det?

Det minna meg om at eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung, så eg yngste å få ta imot henne slik som vi ser i Matt.18,5.

Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.  4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
   
 5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.  6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup.  7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
     8 Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden.  9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.
    10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.

Matt.19,1 Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be; men læresveinane viste dei bort. 14 Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg! For himmelriket høyrer slike til.» 15 Og han la hendene på dei. Så drog han derifrå.

Jesaja.44,1 Høyr no, Jakob, tenaren min,
          og Israel, som eg har valt ut!
          
     2 Så seier Herren,
          som laga deg og forma deg i mors liv,
          han som hjelper deg:
          Ver ikkje redd, min tenar Jakob,
          Jesjurun, som eg har valt ut!
          
     3 Eg auser vatn over det tørste
          og bekker over det tørre.
          Eg auser min Ande over di ætt
          og mi velsigning over dine etterkomarar.

Så dette er meir fundamentalt enn dei klagemåla den vonde kjem med. Det er berre for oss å vende om til Herren, så innser vi det og får oppleve det.

Vedkjenne for Gud og menneske Jesus og det han har gjort for oss.

Når eg var eit lite barn vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be om frelse for mine næraste og be for folket og fedrelandet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus frelse oss frå det og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Eg meinar at han kom til meg og slik vart eg kjend med han, så eg vedkjende i mitt hjerte at han var min beste ven. Eg trudde på han og visste at det var viktig for meg å kjennast ved han for mine medmenneske, men det var eg redd for. Så eg bad han frigjere meg frå den menneskefrykta.

Matt.10,1 Kvar den som kjennest ved meg for menneska, skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.

Luk.12,8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar.  9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg bli fornekta for Guds englar.

Når eg gjekk på ungdomsskulen merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mmann og kvinne. Eg vart forelska i ei kristen jente og det vart det laglege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Kristus.

Når eg gjekk på gymnaset, merka eg at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei tilk mitt frieri. Så eg opna meg endå meir for den og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Den openberra henne for meg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen og eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Dess meir yngste eg å ta imot henne slik og prate med henne. Så etter gymnaset bad eg om å få møte henne igjen og fekk bønnesvar ved at eg møtte henne igjen på studentsenteret ved Universitetet i Bergen. Ho fekk vite at det kom som eit bønnesvar fordi eg vart glad i henne når vi gjekk på gymnaset. Likevel vart det ikkje noko meir prat mellom oss. Men eg opplevde at den Heilage Ande openberra henne for meg slik. Då måtte eg sjå på Jesus, feste blikket mitt på han. Det må eg framleis i det eg framleis erkjenner at dette var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Frå eg var gutunge bad eg Gud gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og då blir det på den måten.

Hausten 1988 oppdaga eg henne Reella på Blindern og eg har fortalt korleis eg bad for henne og fekk bønnesvar. Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte og kom til at eg gjorde rett i å be for dei begge og det med takkebøn, så eg i tru og med von skulle takke Gud for at han frelste dei begge.

Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Med det gjorde han dei fullkomne som vert helga. På det grunnlaget og på den måten, ved helging altså, fekk eg oppleve at Gud openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og ei jente som eg var glad i. Han openberra henne for meg som sitt barn som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Så eg syntest ho var ein herleg og vidunderleg skapning. Då kunne og skulle eg berre feste mitt blikk på Kristus og ære og takke han for det. Og slik erkjenne at ho er bra nok for meg, til å vere kjærasten min og kona mi. Då er det nærliggande at det melder seg eit spørsmål for meg, om eg er bra nok for henne. Kvar det kjem ifrå, frå meg sjølv, frå samfunnet, ein kvar mann har vel så pass sosiale antenner at han oppfattar det. Og så skulle det vere berre å avfeie det? Og kva så? Svaret er å sjå på Jesus, feste blikket på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. I staden for å sjå meg ikring altså, for vår frelse er ikkje betinga av noko som vi ser eller sansar i det fysiske miljøet rundt oss.

1.Pet.3, 18 For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.

I haust opna eg meg endå meir for å la den Heilage Ande be for henne Virtuella og sikkert mange med henne og eg vart lækte for brokkport. Eg trur eg kan opne meg endå meir for å la den Heilage Ande be for oss, det kjem nok. Det er framleis som å komme til Herrens bord og forsyne seg. Eg kan berre og skal berre løfte blikket opp til Jesus og ta imot den Anden og det livet han gir meg frå himmelen. Han er fullkommen og hans frelseverk er fullført og fullkome, det brødet han gir oss frå himmelen er fullkome, den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome.

Herren dekkar bord for oss rett framfor augo på våre fiendar.

Vi kan ikkje hindre Herren i å dekke bord for oss rett framfor augo på våre fiendar. Det gjorde han endåtil når han innvia nattverden. Då var der ein som innsåg at det var ikkje til han, så han gjekk derifrå. Dei andre forstod ikkje kva som skjedde, kanskje ikkje før han kom i lag med med soldatane i Getsemane.

Matt.26, 26 Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka, braut det og gav det til læresveinane og sa: «Ta dette og et det! Dette er min lekam.» 27 Så tok han ein kalk, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av den! 28 Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene. 29 Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket åt Far min.»

11.8.2022 kom han og banka på og yngste å få komme inn og halde nattverd med meg og oss. Men då er det vel allereie ei oppfylling av det han sa i Matt.26,29 at han drikk av denne frukta av vintreet saman med oss i riket åt Faderen, i himmelriket altså. Og fienden kjem seg ikkje dit og kan ikkje hindre oss i det.

Jesus profeterte at i den siste tida skulle mange falle ifrå og svike og hate kvarandre og då er det kanskje ikkje lett å vite kven som sveik først. For dei kristne er det ikkje lett å vite kven som svik dei. Men han valde Paulus til apostel i staden for Judas og då valde han ein som var seld utan å vite det i staden for ein som selde og visste kva han gjorde. Paulus vart ivrig i tenesta, men var forfølgde og fekk merke og profeterte om at kyrkja vart infiltrert av grådige ulvar. Så her på jorda ser det framleis ut til at Kristus dekker bord for oss rett framfor augo på våre fiendar, men då må dei innsjå at dei har tapt. Så eg ser det slik at han dekker bord for oss rett framfor augo på våre fiendar, nettopp fordi det er der vi treng det mest. Gud gjer noko nytt, ved nattverden vert vi med på det og ein del av det og det nye sigrar over det gamle.

Oddleif fekk hjerneslag og meiner det var eit angrep frå den vonde. Vi kan samanlikne det med Job, han ana ikkje kvifor ulykka ramma han. Ormen var skapt lenge før menneska, så Djevelen steig fram for Gud og føre klagemål mot Job og fekk makt til å prøve han.

Joh.Op.3,10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!

Det var mange som i tru såg framover til det som var lova, men døde utan å ha fått det, fordi fleire skulle verte med på det. Dei leid mykje vondt, men sigra over verda i tru.

Heb.11,39 Alle desse fekk godt vitnemål for si tru, men dei opplevde ikkje å få det som var lova. 40 For Gud hadde for vår skuld noko betre i tankar; dei skulle ikkje nå fullendinga utan oss.

Vi som trur på Jesus har fått oppleve det, likevel ser vi fram til at Jesus skal kome att. Mange generasjonar har gått utan at dei har opplevt det. Likevel gjorde dei heilt rett i å leve i trua og vona. Mange har døytt utan å oppleve det, fordi det framleis er fleire som skal få del i det. Jesus sa då at den som trur på han skal leve om så han døyr, for ved trua på han fekk han evig liv.

2.Pet.3,9 Det er ikkje rett, det somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå tapt, men at alle skal nå fram til omvending.

Når vi lever i trua og vona, så er det verdifullt for oss likevel.

Rom.5,1 Når vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.  2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgang til den nåden vi står i, og vi er stolte over håpet om Guds herlegdom.  3 Ja, ikkje berre det, vi er òg stolte over lidingane. For vi veit at lidinga gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvd sinn, og den som er prøvd, får håp.  5 Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss.  6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus for ugudelege då tida var inne.  7 Knapt nok vil nokon gå i døden for ein rettferdig mann – endå det kan vel henda at nokon vågar livet for ein som er god.  8 Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.  9 Når vi no har vorte rettferdiggjorde ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han bli frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då hans Son døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då bli frelste ved hans liv! 11 Ja, ikkje berre det, men vi er glade og stolte i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

Kommentar 2. Frimod for Gud og menneske.

Korleis eg vart frimodig med å vitne om mi tru på Jesus.

Når eg gjekk på ungdomsskulen merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Eg vart forelska i ei kristen jente og skreiv eit kjærleiksbrev til henne. Hos skreiv tilbake at ho følte ikkje noko for meg og at ho var ikkje kristen likevel. Men ho var no syvding då og sl lag med ein gut langt ova Nordalen og gjekk og klina oppetter veggane i skulen, rett framfor nasa på både meg og andre, så det verka som ein demonstrasjon mot meg. Eg skreiv tilbake og vedkjende mi tru på Kristus og at eg syntes teg såg henne for meg, ho var i mørke, men ho passa ikkje inn der. Om dette var ei openberring eller berre noko eg tenkte meg, er eg ikkje sikker på, eg trur eigentleg det var begge deler. Ho skreiv tilbake at ho syntest det var heilt utruleg at eg var kristen og var imponert over vitnemålet mitt. Jau, ho var kristen likevel og slutta med denne klining og byrja å gå på skule-andaktene igjen. Ei kristen jente i klassa mi vart også overraska, ho hadde ikkje tenkt seg noko slikt om meg. Men dette vart altså det laglege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Kristus. Slik fekk eg frimod til det og når eg gjekk på gymnaset vart eg ivrig med å vitne om mi tru på han.

Når eg vart forelska i henne Virtuella, tenkte eg at eg mmåtte vere forsiktig med kva eg sa, så det ikkje verka slik at ho kjende seg utstøytt og heller ikkje slik at prøvde å freiste henne, eg tenkte og vona på at eg uasnett skulle få ta imot henne som eit Guds barn, som vi ser i Matt.18,5. så korleis finne dei rette orda til å seie at eg var glad i henne? Mykje tyder på at det gjekk slik som eg frykta, stikk i strid med kva eg vona. Djevelen prøver framleis å dåre og forføre menneska slik som ved syndefallet, slik er fråfallet som er kome inn i kyrkja. Han prøvde å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å prøve å bruke henne til å lokke mannen med. Slik prøver han å lokke meg og slik prøver han å gjere krav på meg. Men eg er Jesu eigedom.

Eg har fortalt korleis eg har bedt for henne Virtuella, det var først og fremst ei takkebøn, med godt samvit, på grunnlag av Jesu fullførde frelseverk, på grunnlag av hans oppstode frå dei døde. Den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Ho sa nei, så ho og dei har ikkje nokon rett til å komme å gjere krav på meg på nokon annan måte, ikkje ved å komme og krevje at ho skal verte kona mi no så lenge etterpå og ikkje på nokon annan måte heller. Eg trudde og meinte og forventa at vi som to frelste, frigjorde og sjølvstendige menneske og som gode vener kunne møtast i det fri og prate om det på ein god og konstruktiv måte og vi kunne møtast i den kristne kyrkjelyden og søke råd hos Herren, få oppleve at han bad for oss og at den Heilage Ande bad for oss. Då fekk eg motstand og eg forstår at det var nettopp slik den karismatiske rørsla fekk motstand. Dei ville ikkje godta at vekkinga skulle ha noko med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne å gjere, det meinte visst det var umoralsk. Men pass då på, for då er det nærliggande at det vert eit krav om at slik skal det vere. Som om Jes frelseverk ikkje er bra nok for oss? Korleis kan det ha seg? Det er eigentleg eit moralsk vurdering utifrå interessa av å gjere oss til salsvar.

Men når eg var glad i ei jente og bad for henne fekk eg oppleve at Gud openberra si frelse for oss i Kristus. Den Heilage Ande openberra henne for meg som det vidunerlege barnet han fødde henne til, som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Så eg konkluderte med at då er ho i alle fall bra nok til å verte kona mi.

Sidan har Jesus minna meg på det og oppmuntra meg til å verte like ivrig med det.

Dette minner meg om at når Jesus las ifrå Jesajas bok og sa at denne profetien gjekk i oppfylling, då så avslutta han bråt lesinga for å seie det og las ikkje meir, det verka som farisearane vanta nok han skulle lese og seie noko meir. Noko som dei kom til å like.

Jesajas.61,1 Herrens Ande er over meg;
        for Herren Gud har salva meg.
        Han har sendt meg til å forkynna
        ein gledebodskap for armingar,
        til å lækja dei som har eit knust hjarta,
        til å ropa ut fridom for fangar
        og frigjering for dei bundne.
     2 Eg skal ropa ut eit nådeår frå Herren,
        ein dag med straff frå vår Gud.

Men då sa han noko som dei ikkje likte, så dei jaga han. Til samanlikning vert det ofte ein brå slutt når nokon vedkjenner Jesu namn slik som eg har gjort her. Og eg trur der er ein samanheng på grunn av interessa av å gjere guten og jenta til salsvare (Joel3). Men då har vi lovnaden om at dei som vedkjenner Jesu namn for folka, vil han kjennast ved for Faderen og englane og det er det vi må vite og lære å nytte oss av.

Sitat frå referat av møte i Maranata 18.6.2017:

Surrogat-kaffi og surrogat-kristendom?

Til slutt fortalde han om at under krigen fekk dei ikkje lenger skikkeleg kaffi i butikkane, men det vart selt noko som vart kalla surrogatkaffi i staden. Etter krigen kom der skikkeleg kaffi i butikkane igjen, men surrogatkaffien var framleis til sals og ei kvinne fortsette å kjøpe den, sidan den var billigare. Men så vart ho invitert i eit selskap der det vart servert ekte kaffi, så ho fekk smaken på den igjen. Når ho då kom heim att, kasta ho surrogatkaffien og kjøpte skikkeleg kaffi.

Til samanlikning vert det i vår tid presentert mykje surrogatkristendom, men vi vil ha ekte kristendom.

Tungetale ved Karl, tyding ved John.

1A:Eg har sagt i mitt ord, at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Eg har ikkje forandra meg, seier Herren. Derfor skal du, mitt barn, du skal vere frimodig, og du skal trenge deg fram. Ja, du kan røre ved saumen av mitt kledeband og du skal få oppleve at det utgår ei kraft ifrå meg, seier Herren. For sjå, eg er midt i mellom dykk i denne stund. For sjå, eg som gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var overvelda av Djevelen, eg er den same for dykk i kveld, seier Herren. Derfor rekk ut di trus-hand og eg Herren, eg skal løne deg. Og eg skal svare på dine bøner.

1.B: Og du mitt barn som kjenner, at missmodsånda har teke tak i deg. Du skal vite det, at eg har ikkje gitt deg missmodets ånd. Men eg har gitt deg krafta, sindigheita og kjærleikens Ande. Derfor, søk inn til meg, i løynkammeret og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren. Du skal få kjenne, at eg fyller deg med gledens olje og du skal få kjenne at du blir sterk i meg og min veldige kraft, seier Herren. For sjå, eg har alt det, seier Herren. Dine murar står alltid for meg og du skal ikkje sjå ned, men sjå opp på meg, som er trua sin opphavsmann og fullendar. Og så skal du rekne med, at eg tek hand om deg. Eg har jo lova i mitt ord, at eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Amen.

Tungetale ved Mari, tyding ved John.

2.A: Ja, seier Herren, eg vil at du mitt barn, du skal søke inn til meg, inn i heilagdomen, så skal eg Herren, bruke deg til stor og rik velsigning. Men sjå, seier Herren, du held deg litt på avstand og du er ikkje innvia til meg og du søker ikkje meg slik som du gjorde i fordums dagar, då du var brennande i ånda og du vitna om meg på ein kvar stad og du brann for meg, seier Herren. Eg vil at du skal komme tilbake igjen til dette, seier Herren. For eg ynskjer å bruke deg og eg vil bruke deg til stor og rik velsigning, seier Herren. Sjå, eg har talt til deg mange gangar før, men du har vore gjenstridig, men sjå, seier Herren, eg elskar deg med ein evig kjærleik og eg vil at du skal gå sigrande ut av denne verda. Eg vil at du skal oppleve herlege ting med meg, seier Herren. For sjå, eg er rik nok, seier Herren, for alle som påkallar meg. Derfor påkall mitt namn og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren.

2.B: Frelsa i meg, den er gratis, seier Herren. Du kan ikkje gjere noko, verken frå eller til, men av nåde, så vert du frelst. Og det er ei gave ifrå meg, det er noko du får fritt og for inkje, seier Herren. Derfor ta imot denne gava, frelsa, den er gratis, seier Herren. Men ta imot, audmjuk deg, seier Herren, og eg skal reise deg opp i Jesu namn. Amen.

Maranata Oslo 18.3.2018. Jesus gjer som han har sagt og han vil forsørgje meg, så eg kan seie «alt ditt er mitt».

Eg har etter kvart fått ein god del utdanning og grundig opplæring i Guds Ord. Økonomien er dårleg, men Jesus har sagt han vil forsørgje meg.

Bodskap i Maranata Oslo 18.3.2018:

For det er eg, Herren, som har kalla dykk ved namn og de er mine. Og det er eg, Herren sjølv, som er profetrøysta. Så lytt ikkje til den kvar profetrøyst i denne tid, men gå inn i skriftene som eg, Herren, har innblest og inspirert mine tenarar, og du skal få lov til å finne alt kva du treng å vite. Derfor så skal du ikkje gå til verken høgre eller til venstre, men du skal sjå på meg og du skal stole på at eg har sagt og talt, ja, det skal eg og utføre. Fordi eg kan ikkje seie ein ting og ikkje gjere det. Men eg, Herren, eg vil seie og eg vil gjere det. Og når eg har sagt det i mitt Ord, så vil eg, Herren, trå til og fullføre min plan med mi menigheit, som eg, Herren, har planta på denne stad. Og menneske skal sjå det og dei skal forstå det, at dette er ikkje menneskeverk, men det er eit verk av meg, seier Herren. For eg er Herren som byrja og eg skal fullføre.

Ja, for eg ser over den ganske jord, for å kraftig støtte den som har eit heilt hjarte med meg. I dag så er det mange menneske som har vanskar med å kunne tru at eg er miraklenes Gud. For dei høyrer så mangt og mykje som ikkje stemmer overeins med mitt Andens inspirerte Ord, men når eg, den Heilage Ande, bringer deg ord ifrå heilagdomen,  og du opnar opp ditt hjerte og du seier: «takk skal du ha, Jesus, for at alt ditt, det er mitt», ja, så vil eg, Herren, drive plagene bort. Eg, Herren, vil forsørgje deg, eg, Herren, er din rådgjevar, eg, Herren, er din Fredsfyrste, eg, Herren, tek hand om deg og heile ditt hus, for eg, Herren, eg er den allmektige og eg står bak mitt Ord. Så stol på mitt Ord og hald fast ved mitt Ord, så vil eg, Herren, eg skal fullføre alle mine planar, all min herlegdom, det skal skje, for det er Herren, som har talt.

Aktuelle bibelvers.

Ef.2, 4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik,  5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste.  6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han,  7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus.  8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.  9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

Heb.16,16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Salme.27,13 Eg trur for visst at eg skal få sjå
        Herrens godhug her i livsens land.
    14 Venta på Herren,
        ver frimodig og sterk!
        Ja, venta på Herren!

Apgj.23,11 Natta etter stod Herren framfor han og sa: «Ver frimodig! Som du har vitna om meg i Jerusalem, skal du vitna i Roma òg.»

Heb.1,1 I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane.  2 Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda.  3 Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde gjort reinsing for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.
   
 4 Såleis vart han mykje større enn englane; for det namnet han har fått, er så mykje større enn deira.  5 For til kven av englane har Gud nokon gong sagt:
        Du er son min,
        eg har født deg i dag?
        Eller, som det òg står:
        Eg vil vera far hans,
        og han skal vera son min.

Heb.2,1 Difor må vi så mykje meir akta på det vi har høyrt, så vi ikkje glid bort frå det.  2 For jamvel det ordet som vart tala gjennom englar, stod fast, så kvart lovbrot og kvar ulydnad fekk si rettkomne straff.  3 Korleis kan då vi sleppa unna om vi ikkje bryr oss om ei frelse som er så mykje større? Ho vart fyrst forkynt av Herren og sidan stadfest for oss av dei som hadde høyrt han.  4 Gud har sjølv vitna for denne frelsa med teikn og under og mange slag mektige gjerningar og med å dela ut Den Heilage Andens gåver etter sin vilje.
     5 Det var ikkje under englar Gud la den komande verda som vi talar om.  6 Om dette er det ein som har vitna ein stad:
        Kva er eit menneske, sidan du kjem det i hug,
        ein menneskeson, sidan du tek deg av han?
     7 Ei lita stund sette du han lågare enn englane.
        Så krona du han med herlegdom og ære.
     8 Alt la du under hans føter.

Heb.9,27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.
   

Sion Åheim 20.3.2022. Jesus til meg at han sende sin tenar til vårt distrikt med den gamle bodskapen.

Jesus sa han sende sin tenar til oss:

«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»

Men i haust fekk han hjerneslag og han meiner det var eit åtak frå den vonde. Likevel kunne det ikkje ha skjett utan at Herren tillet det. Kom i hug Job, han fekk lide, men sa likeve at hans gjenløyser lever, som den siste skal han stå fram på støvet. Og han fekk oppleve det og vart lækt.

Det kan vere eit angrep for å erstatte han og kanskje meg også, til samanlikning med korleis den Duglause Hyrdingen rydda vekk tre hyrdingar.

Sak.11,7 Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. –  8 Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad.

Jesus kalla og vel ut menneske til å tene han. Då må dei ta imot den utrstninga han gir dei og vite kva oppgåve dei går til.

I politikken og økonomien seier dei gjerne at ingen er uerstatteleg og det har vorte populært å vise at menn kan erstatte kvinner. Men det går ikkje her. Judas prøvde sikkert å erstatte nokon, så endåtil Herren vart seld. Judas såg økonomiske interesser i det. Men Kristus betalte prisen for oss med sitt eige blod. Judas vart erstatta. Jesus visste sjølv kven han hadde valt ut. Endåtil ved bryllaupet i himmelen kjem der til å vere ein som ikkje er utvald, det viseer seg ved at han ikkje er bryllaupskledd.

I Sak.3 ser vi at prestetenesta er førebilete på prestetenesta i den nye pakta, Djevelen førde klagemål mot øvstepresten Josva, men engelen sa til han gjev Herren må tale deg til rettes. Så tala han til Josva, han skulle sjå fram til at Guds tenar Renning skulle kome. Eg tenker meg Oddleif (og andre predikantar som talar som han), som engelen som talar slik til meg. På grunnlag av at Jesus tok bort synda med sitt offer, får eg vere hans tenar i den himmelske heilagdomen. Og desse predikantane seier eg skal sjå på Jesus og kva han har gjort for meg og sjå fram til at han skap komme att.

I august i fjord sa Jesus til oss at vi skulle sjå at han stod for døra og banka på og yngste å få komme inn som ein god ven. Og så sa han at vi må verte som born, for å komme inn i Guds rike. Der to eller tre er samla i hans namn, er han midt i mellom dei. Det minna meg om at han tok eit barn og sette mellom dei og sa at den som gjer seg liten som eit slikt barn er den minste i himmeleriket. Den som tok imot det, tok imot han. Og så sa han at englane til hans minste små ser Faderens åsyn (Matt.18,1..). Han kjem til oss med ein bodskap frå Herren, som ein Herrens engel, eg og vi tek imot han. Men då er det også Jesus som kjem til oss og vi tek imot han også. Vi tok imot han i tru og det held vi fram med.

Sidan eg var ung har eg bedt Jesus frelse menneska som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. Det hadde seg slik at eg innsåg at eg trengde hjelp i form av ei kvinne, som kjæraste og kone, men innstillinnga og strategien til dei kristne i kyrkje og bedehus synest tvert om å ha vore at eg skulle vere forbanna på grunn av syndefallet, noko anna moglegheit ville dei ikkje tillate. Så i staden for at eg skulle få hjelp i form av ei kone, har dei brukt den saka til å motarbeide meg som mine fiendar, livsfiendar. Skal ho no komme og verte til hjelp for meg som kjæraste og kone, så er ho neppe i stand til det. Når eg gjekk på gymnaset erkjente eg at ho Virtuella ville vere den rett hjelpa for meg. Men når ho og dei ikkje ville, eller var i stand til å gi meg den hjelpa eg trengde då, så er dei ikkje i stand til eller kompetente til det no. Dei har sakka akterut på vegen og treng hjelp av meg og oss til å komme vidare.

Eg skal bidra med det Jesus har gitt meg.

Jesus sa at i hans kyrkjelyd skal livet vere, derfor skal eg sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt meg i hjertet. Bodskapen 29.3.2015:

Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.

Det minna meg om korleis eg bad for henne Virtuella når eg eg gejkk på gymnaset og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande, om lovangen Gud soleis la ned i meg og om korleis eg bad for henne Reella når eg suderte realfag i Oslo på slutten av 1980-talet. Sidan kom eg i hug at omlag eit halvt år etter at eg byrja å sudere realfag i Bergen, talta Jesus til meg omlag slik: «Du som fekk livet planta ned i deg, dette livet, det skla vekse.» Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge.

Jak.1,19 Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. 20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.
    26 Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje tøymer tunga si, han narrar seg sjølv, og hans gudsteneste er gagnlaus. 27 Ei rein og rett gudsteneste for Gud og Faderen er dette: å hjelpa enkjer og foreldrelause born i deira naud, og halda seg sjølv uflekka av verda.

No må no eg innrømme eg meinar mi gudsteneste er noko meir enn dette. Eg har ikkje tent meg rik på den er ikkje i stand til å hjele andre særleg mykje økonomisk. Det synest heller som eg er avhengig av at Herren skal forsørgje meg om eg skal klare å utføre den.

Men når eg var ein liten gutunge vart eg opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be han frelse folket og landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å vere dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det og gje meg ei frelst kvinne til kone. Eg meiner at slik vart eg kjend med han i mitt hjerte, så eg erkjente at han var min beste ven. Jesus er det evige livet og det vart planta i mitt hjerte. Eg opplever at det også er i den kristne kyrkjelyden. Så eg kan bidra ved å ete av denne frukta og dele med dei andre i kyrkjelyden. Vi har samfunn med kvarandre ved at vi et av same treet.

Sidan eg har bedt Jesus om ei frelst kvinne til kone, vonar eg å få dele denne frukta med henne. Då er det henne Reella eg tenker på. Eg skal bøye meg for Kristus og vende hugen og blikket opp til han. Og den Heilage Ande let meg få kjenne at Jesus lever i meg.

Jesajas.57,14 Det lydde eit ord:
        Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
        Ta bort kvar støytestein
        frå vegen åt mitt folk!
    15 Så seier han som er høgt opphøgd,
        han som tronar evig og heiter Den Heilage:
        I det høge og heilage bur eg
        og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
        Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
        og hjarta til liv hjå dei knuste.
    16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
        og ikkje alltid vera harm.
        Elles kom deira ånd
        til å missa si kraft for mitt åsyn,
        deira livsande som eg har skapt.

Så den kristne vekkinga er slik at han vekker ånda og hjertet til liv og då har det også å gjere med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Jesus har sagt eg skal ikkje sjå på det eg ikkje har, men på det eg har og bruke det. Bodskapen 22.8.2021:

«Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»

Kommentar 3.

Ledige stolar.

Oddleif tenke seg ledige stolar i møtelokalet vart i tankelivet vårt stolar som til dømes missmodet sette seg på, men då må vi kaste ut stolane. I Maranata var vi berre ein liten gjeng, men Jesus sa til oss at sjølv om vi er berre nokre få som er innvia til han, så er det nok for han til å gjere storverk. Dei hadde opplevt vekking der det var kø for å komme inn og nokre predikantar sa vi må sjå på dei tome stolane som moglegheiter for at menneske skal komme inn og verte frelste. Predikanten John Miland minna oss om å søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Først får vi den åndelege velsigninga som kjem den materielle også. Med den åndelege velsigninga kjem åndeleg vekking, derfor kjem folket og då kjem pengane med. Men no er John Miland død, dei har måtta selje lokalet og held møte i eit mindre lokale.

Ved fylden av den Heilage Ande skal eg vinne siger, for han som er i meg er større enn han som er i verda.

Jesus minna meg om å verte fylt av den Heilage Ande, slik skal eg vinne siger.

Bodskapen 12.10.2014:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.»

Eg kjende meg tiltrekt av ei jente som eg kalla PolyEster, eg sa det til Jesus og då svarde han meg slik. Eg skulle søke Herren av heile mitt hjerte, så ville han komme meg til hjelp med si kraft, slik venta eg at han ville gi meg hjelp i form av ei kone. Eg fann at eg måtte takke Herren for korleis han hadde svart meg på mi bøn både for henne Reella og henne Virtuella for soleis å søke Herren av heile mitt hjarte. Så då skal eg ikkje utelukke at han gir meg dei begge til kone, at han gir meg to kone, til samanlikning med Jakob. Han måtte trælke for dei, sju år for kvar. Men eg har bedt Jesus om noko og han gir meg det gratis.

2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Lat Guds nådegåve i deg flamma opp på nytt, den du fekk då eg la hendene på deg!  7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom.  8 Du skal ikkje skamma deg over vitnemålet om vår Herre og heller ikkje over meg som er fange for hans skuld, men ber lidingane for evangeliet, du òg, i den kraft som Gud gjev.
          
     9 Han har frelst oss
          og kalla oss med eit heilagt kall,
          ikkje på grunn av gjerningane våre,
          men etter sin eigen vilje og nåde,
          den som er gjeven oss i Kristus Jesus
          frå evige tider,
          
    10 og som no har vorte openberra
          då vår frelsar Kristus Jesus kom til jord.
          Han har gjort ende på døden
          og ført udødeleg liv
          fram i lyset ved evangeliet.

1.Joh.4,4 Men de, mine born, er av Gud og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 

Gangen i det er som før reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande. Mottiltaka frå den vonde er å føre klagemål mot oss. Så i tråd med syndefallet søker dei ein kunnskap som dei kan bruke som argument mot at menneske skal leve i samfunn med Gud. Men Jesus har sigra over verda, synda, Djevelen og døden. Så ved trua på han skal vi sigre saman med han.

Eg let Jesus få komme inn som ein god ven og ta bustad i meg med heile si fylde og slik tek Faderens bustad hos meg også, så eg får oppleve at han tek omsorg for oss som sine born og tek omsorg for si kyrkje som si brud. Eg meiner eg får oppleve at han soleis tek omsorg for henne Virtuella også. Eg skreiv at den Heilage Ande openberra henne for meg som Guds barn som levde i eit kjærleiksforhold til han og ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Eg yngste ho skulle halde fram med det og det var derfor eg yngste å få henne til kone. Og Jesus svarde meg at eg skal ikkje gå med noko anklage gjennom kvardagen.

Bodskapen. 27.11.2022:

«….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.»

Vi fekk den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Har vi teke imot den, så tilhøyrer vi han og er frelst. Gud utgyt sin Ande over vårt kjøt, så vi får oppleve at den råder over lysta i lekamen. Den Heilage Ande openberrar Sanninga for oss, så vi får oppleve at den set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom.

Så når eg skal takke han for frelsa, inneber det at eg skal lovprise han som min frelsar og Herre, takke han for at han utgytte sin Ande over alt kjøt, også over mitt kjøt, takke han for at han ved sin Ande har fått makta over lysta i kroppn. Ved trua på at Krisstus stod opp att frå dei døde, vert vi erklærte rettferdige for Gud. Og ved å vedkjenne at han er Herre, vert vi frelste.

Når vi ærer og takkar Gud og Kristus for frelsa, så gjer han oss til si ære ved sin Ande. Slik vert vi også til ære for våre foreldre. Bodskapen 20.3.2022:

«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»

Jesus har kalla Sions dotter ut i dansen med dei glade.

Bodskapen 18.12.2011:

«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.

Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»

Jesus gir si kyrkje eit ærefullt sete.

Bodskapen 9.12.12:

«Eg har lagt mi svake hand i di og eg kjenner den sterke handa di. Den held meg fast og den skal aldrig sleppe eller aldrig forlate meg. Derfor så opplever eg dag for dag at du er mi festning, du er mi sikre borg og mi tilflukt i vanskelege dagar og tider. Og når alle andre ikkje forstår, så forstår du og du kjenner meg frå di trone. Du ber omsorg for meg. Ja, seier Herren, eg ber omsorg for alle mine born, eg ber omsorg for den som har det vanskeleg. Derfor, om du kjenner motstand, om du har nederlag, kom til meg og eg skal hjelpe deg ut, kom til meg og eg skal løfte deg opp. Kom til meg og du skal få kjenne eg gjer alle ting nye.

Når du er skrøpeleg og du kjenner du ikkje duger til noko, men du held fast ved mitt ord, då skal mi kraft openberra seg i din skrøpelegdom. Om du kjenner at du går nedover, så skal eg Herren komme og hente deg inn igjen. Og eg skal løfte deg oppover og du skal få oppleve at sola som du trudde var gått ned, den skal igjen begynne å skine på deg, den skal begynne å stråle på deg. Og gleda som du trudde var borte, eg kallar den tilbake. Og gjev deg meir enn du før har hatt. For eg Herren, eg kjem igjen og eg kjem igjen og eg kjem igjen, eg gjev ikkje opp mine henders gjerningar, nei, eg kjem tilbake til mi menighet, og eg løfter den opp, for å gje den eit ærefullt sete. For eg er Herren, din Gud, den Allmektige, som gjer kva eg vil. Halleluja.»

Bodskapen 1.9.2013:

«Å, Herre, eg vil berre prise deg for ditt frelsesverk. Takk at du har teke meg ut av verda og sett meg inn i din elska Sons rike. Du min Herre og min Gud. Eg stolar på deg, du som har høyrt mi bønn, du som har redda mitt liv ifrå grava. Eg vil opphøye deg og prise deg for frelsa. Du er det einaste som eg har. Du er den einaste som eg …. , du den evige Gud og frelsar Jesus Kristus. Eg takkar deg for ditt dyrebare ord og vitne …….»

Eg oppfatta desse bodskapane slik at det var den Heilage Ande som bad for henne Virtuella og mange med henne. Det har eg merka og skrive som kommentar til andre bodskapar også, men der var vel grense for kor mykje eg kunne spekulere også. Men i haust opna eg meg endå meir for fylden av den Heilage Ande, ved å la den be for henne og sikker mange med henne. Eg hadde fått ein brokkport og den trigga det og eg vart lækt frå den skaden. Det vil eg takke Jesus for.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: