Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2023.06.24. Husmøte. Hald fast på det du har. Du skal bli frelst, med heile ditt hus.

Bilet-tekst: Oldenvatnet. Husmøte, kva er det, hus som møtest? Ein familie inviterer andre til møte i sin heim.

Det var husmøte hos familien Stahl, på Åheim. Denne dagen var Wagner-styrken på veg til Moskva, hadde allereie brote gjennom blokkeringar og teke nokre forstads-byar. Det verka svært så dramatisk. Når Magnor bad over den situasjonen kom denne bodskapen:

Tungetale ved Ingelin Stahl, tyding ved Magnor Myklebust.

«Tap ikkje motet. Sjå, eg går føre dykk. Og dine bøner har blitt besvart så mange gangar. Også det du lagt inn for meg, seier Herren, det siste døgnet. Du skal få sjå. Du skal bli frelst med heile ditt hus. Skulle noko vere for vanskeleg for meg, seier Herren. Hald berre fast på det du har. For dei heldt truleg fast på apostlane si lære, brødsbrytinga, brodersamfunnet og bønene. Og dei kom dagstøtt saman og delte. Det kjem ei tid no, det kjem til å bli nødvendig å dele med kvarandre. Vi går inn i ei tid som dette landet aldrig har opplevt. Med matmangel. Med forfølgjing. Men ver ikkje redde. Eg har sett føre deg ei open dør og du skal gå inn og du skal gå ut og finne vederkvegelse.»

Mitt vitnemål.

Eg las.

Jesaja.57,14 Det lydde eit ord:
        Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
        Ta bort kvar støytestein
        frå vegen åt mitt folk!
    15 Så seier han som er høgt opphøgd,
        han som tronar evig og heiter Den Heilage:
        I det høge og heilage bur eg
        og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
        Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
        og hjarta til liv hjå dei knuste.
    16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
        og ikkje alltid vera harm.
        Elles kom deira ånd
        til å missa si kraft for mitt åsyn,
        deira livsande som eg har skapt.

Vi er vande med at Jesus gir liv til vår sjel, men her er det sagt at Gud vekkjer ånda til liv og hjertet til liv. Jesajas profeterte rett før riket gjekk under. Men når riket var på høgda av si makt, under kong Salomo, så sa han:

S.Ordt.4,23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,
        for livet går ut frå det.

Korleis ta vare på hjertet? Korelis gjekk det med Davids-ætta seinare? Dei veik av og sjølv om mange av kongane vende tilbake, så var det ikkje heilhjerta. Det vart profetert om dette folket at dei æra Gud med munnen, men hjarta deira var langt vekke.

Når vi skal vere heilhjerta, så tenker eg som so at det femner svært mykje, vi kan ha mange tenkemåtar i hjerte, men skal vende oss til Herren med dei alle. For meg vart det slik at eg hadde to tenkemåtar og eg kan betru dykk at det hadde å gjere med at eg bad for to jenter, eg hadde bedt for dei tidlegare og fann at når eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte, så måtte eg be for dei begge.

Menneske er laga av mold, men Gud er ånd, så vi kan ikkje komme til han utan at han kjem til oss. Så Gud sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

I den bodskapen som kom i stad, der det var tale om korleis du har bedt siste døgnet, så verka det for meg som om den eine tenkemåten vart avgjerande.

Er vi i dåpen gravlagde med Kristus, så skal vi ha hugen vendt til det som er der oppe, så vi får openberring. Vi har også to tenkemåtar, ved at tenker både med hugen og med hjertet. Når vi vender hugen opp der og har hug på det som er der oppe, så får vi merke at Jesus gir oss ånd og liv i hjertet. Den Heilage Ande let meg få kjenne at Jesus lever i mitt hjerte. Slik vert han som er der oppe avgjerande og tek føringa. Slik vel eg å la han vakte mitt hjerte. Vi kan ha mange tenkemåtar i hjerte, det er mykje vi kan tenke oss, men når Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, så er det ikkje berre noko vi tenker oss, men det er ein åndeleg røyndom. Når vi vender blikket opp der, så er det openberring av Kristus som tek styringa. (Det var så lite flyt i det som eg sa, det verka stammande, men sidan det var eg sjølv som sa det, tillet eg meg å skrive det om og komprimere det).

Eg minna også om versa

LUK 12,8 – LUK 12,9   Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar.

MTT 18,20 For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei.”  

Så her har vi store ressursar. Når Jesus sende ut disiplane sine, sa han at dei skulle få sjå at han var med dei alle dagar. Dersom vi går ut og vitnar om vår tru på Jesus, fortel at han har gitt oss ånd og liv i hjertet, så vi lever i eit personleg forhold til han, så dei kanskje endåtil merkar at han har med oss, så trur eg det kan ha langt større ringverknadar enn vi anar.

Anton Løvold hadde ei helsing til Vidar.

Anton las om då Gud kalla Ananias til eit oppdrag og talte over det som om Gud kalla vidar på liknande vis.

APG 9,10 – APG 9,15   I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. Til han sa Herren i eit syn: “Ananias!” Han svara: “Her er eg, Herre.” 11 Og Herren sa til han: “Gå bort i den gata som dei kallar Den beine, og i huset hans Judas skal du spørja etter ein som heiter Saulus og er frå Tarsus. For no bed han. 12 Og han har hatt eit syn og sett ein mann som heiter Ananias koma og leggja hendene på han, så han kan få att synet.” 13 Men Ananias svara: “Herre, eg har høyrt mange tala om denne mannen og om alt det vonde han har gjort mot dine heilage i Jerusalem. 14 Og han er komen hit med fullmakt frå overprestane for å fengsla alle som kallar på ditt namn.” 15 Men Herren sa til han: “Berre gå du! Han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for folkeslag og kongar og for Israels folk.

Så kom Anton med sang i Anden, både tungetale og tyding:

”Himmelen er åpen, han har sett til deres hjerter. Og han fryder seg over sitt folk, han fryder seg over dere. Han vil la dere vandre inn i hans vilje og han vil gå med deg og lære deg og fullbyrde sitt Ord over og i deg, i deres liv, ved den Hellige Ånd. Den Hellige Ånd skal komme over på en ny og mektig og herlig måte over ditt hus. Den skal frigjøre dine tanker, den skal legge sin kjærlighet inn i dine tanker. Den skal gjennomsyre hele ditt vesen. For jeg har behag i deg. Jeg har behag i deg.

Jeg skal forevige denne pakt, denne stund, den er lukket i mitt hjerte. Ingen kan ta det ifra deg. Ingen kan komme inn og rive det ut av ditt hus. Ingen kan hente deg bort fra mitt åsyn. Jeg, Herren, er nær, jeg er beskyttende, jeg er din fred, jeg omslutter deg. Jeg sender engler for deg, for framfor din fot. Du skal ikke snuble, du skal ikke snuble. Mennesker skal ikke rådføre deg, jeg er Herren din Gud. Jeg skal vise deg  vei.”

Vidar tala om at Jesus vaska føtene til disiplane.

JOH 13,1 – JOH 13,19 {JESUS VASKAR FØTENE TIL LÆRESVEINANE}  Det var straks før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Faderen. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste. 2   Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt skote det i hugen på Judas, son til Simon Iskariot, at han skulle svika han. 3 Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hand, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud. 4 Då reiser han seg frå bordet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg. 5 Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene åt læresveinane og turka dei med handkledet som han har kring livet. 6 Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: “Herre, vaskar du mine føter?” 7 Jesus svara: “Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.” 8 “Aldri skal du vaska føtene mine,” seier Peter. “Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ikkje noko saman med meg,” svara Jesus. 9 Simon Peter seier til han: “Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet med!” 10 Men Jesus svara: “Den som har lauga seg, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine – men ikkje alle.” 11 For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: “De er ikkje reine alle.” 12   Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, sette han seg til bords att. Så sa han til dei: “Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? 13 De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. 14 Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skal de òg vaska føtene åt kvarandre. 15 Det er eit førebilete eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera. 16 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han. 17 No veit de det. Og sæle er de så sant de gjer etter det.   18 {SVIKAREN}  Eg talar ikkje om dykk alle, for eg veit kven eg har valt ut. Men dette ordet i Skrifta må oppfyllast:  Den som et mitt brød,  syner meg hælen.  [syner meg hælen: uttrykk for fiendsleg innstilling.] 19 Eg seier dykk det no, før det hender, så de når det har hendt, skal tru at “eg er Han”.

Jesus viste disiplane sine kjærleik ved at han tente dei med å vaske føtene deira. Til tross for at ein av dei ikkje var rein, sjølv om han vaska føtene hans altså, det var han som kom til å svike han. Dei andre vart spreidde, men dei sprang med reine føter.

Å løfte hælen mot nokon er brukt om ein hest som sparkar sin eigar.

JOH 13,34 Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.

FIL 2,1 – FIL 2,8   Når det no er trøyst i Kristus, kveik i kjærleiken, samfunn i Anden, og så sant det finst medkjensle og miskunn, 2 så gjer mi glede fullkomen: Ver samlyndte, hald saman i kjærleik, ver eitt i hug og tanke. 3 Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 4 Tenk ikkje berre på det som gagnar dykk sjølve, men tenk òg på det som gagnar dei andre. 5 Lat det same huglaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus! 6   Då han var i Guds skapnad,  heldt han det ikkje for eit rov  å vera Gud lik.  7   Men han gav avkall på sitt eige,  tok på seg ein tenars skapnad  og vart menneske lik.   I si ferd var han som eit menneske; 8   han nedra seg sjølv og vart lydig til døden,  ja, døden på krossen. 

Jesus vaska føtene til disiplane sine, så skal vi også vaske føtene til kvarandre.

Aktuelle bibelvers.

Apgj.2,42  Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene. 43 Det kom otte over dei alle, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde. 44 Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. 45 Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det. 46 Dei heldt saman, og kvar dag samla dei seg trufast på tempelplassen; i heimane braut dei brødet, og dei åt i lag med ekte og inderleg glede. 47 Dei lova Gud og var godt lika av alt folket. Og Herren la dagleg til kyrkjelyden dei som lét seg frelsa.

Apgj.16,25 Ved midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane høyrde på. 26 Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen til fengselet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lenkjene losna av alle fangane. 27 Fangevaktaren fór opp av søvnen, og då han såg at fengselsdørene stod opne, drog han sverdet og ville drepa seg, for han trudde fangane hadde rømt. 28 Men Paulus ropa med høg røyst: «Gjer deg ikkje noko vondt! Vi er her alle.» 29 Då bad han om lys og sprang inn og kasta seg skjelvande ned for Paulus og Silas. 30 Og han leidde dei ut og sa: «Gode herrar! Kva skal eg gjera så eg kan bli frelst?» 31 Dei svara: «Tru på Herren Jesus, så skal du bli frelst, både du og huslyden din.» 32 Så tala dei Herrens ord til han og alle i huset hans. 33 Og i denne seine nattetimen tok han dei med seg og vaska såra deira. Straks etter vart han døypt med alle sine. 34 Sidan tok han dei med seg heim og gav dei mat, og han var hjarteglad fordi han og heile husstanden hans var komne til tru på Gud.

Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for forsamlinga i Filadelfia: Dette seier Den heilage og sannferdige, han som har Davids nøkkel, som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna:  8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og du har halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.  9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, slike som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstida som skal koma over heile verda for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta frå deg sigerskransen!
    12 Den som sigrar, vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og aldri meir skal han gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by, det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
    13 Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!

2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg!  7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom. 

Joh.10,1 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar.  2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene.  3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut.  4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans.  5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.»  6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.
     7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene.  8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei.  9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

Ap.gj.6,1 På denne tid, då talet på læresveinar auka meir og meir, kom dei gresktalande jødane med klagemål mot dei som tala hebraisk, fordi enkjene deira vart sette til sides i den daglege utdelinga.  2 Dei tolv kalla då saman alle læresveinane og sa: «Det er ikkje rett at vi forsømer forkynninga av Guds ord for å dela ut mat.  3 Brør, vel no ut dykk imellom sju menn som har godt ord på seg og er fylte av Ande og visdom. Dei set vi til denne oppgåva.  4 Sjølve skal vi via oss til bøna og tenesta med Ordet.»  5 Dette framlegget vart godt motteke av alle som var samla. Og dei valde Stefanus, ein mann full av tru og Heilag Ande, og Filip, Prokorus, Nikanor, Timon, Parmenas og Nikolaus, ein proselytt frå Antiokia.  6 Desse førte dei fram for apostlane, som bad og la hendene på dei.
     7 Guds ord hadde framgang, og talet på læresveinar i Jerusalem auka sterkt. Jamvel ein stor flokk av prestane vart lydige mot trua.

Jer.29,13 Herren sa: Fordi dette folket
        held seg nær til meg med munnen
        og ærar meg med lippene,
        medan hjarta er langt borte frå meg,
        og fordi deira age for meg
        er menneskebod som dei har lært seg,
    14 difor vil eg framleis fara underleg fram,
        underleg og underfullt mot dette folket.
        Då skal visdomen åt deira vismenn forgå
        og klokskapen åt dei kloke kverva.

1.Kong.15,11 Asa gjorde det som rett var i Herrens augo, liksom David, far hans, hadde gjort. 12 Dei mennene som dreiv tempelutukt, jaga han ut or landet, og han fekk bort alle avgudane som fedrane hans hadde laga. 13 Han tok jamvel frå Ma’aka, farmor si, dei rettar som fylgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit grysjeleg bilete for Asjera. Dette biletet hogg han ned og brende det i Kedron-dalen. 14 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Likevel heldt Asa seg til Herren av heile sitt hjarta så lenge han levde. 15 Dei gåvene som far hans hadde vigt til Herren, og dei han sjølv hadde vigt, førte han til Herrens hus. Det var både sølv og gull og andre ting.

2.Krøn.20,31 Såleis rådde Josjafat i Juda. Han var trettifem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilhi. 32 Josjafat følgde den same vegen som Asa, far sin, og veik ikkje av frå den, men gjorde det som rett var i Herrens auge. 33 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde, og folket hadde endå ikkje vendt hjartet til sine fedrars Gud. 34 Det som elles er å seia om Josjafat, frå først til sist, det står skrive i krønikeboka til Jehu, son til Hanani. Ho er teken med i boka om Israels-kongane.

Joh.3,16, For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han.

Kol.3,1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand.  2 Vend dykkar sinn til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda.  3 For de er døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud.  4 Men når Kristus, dykkar liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

Matt.18,15 Syndar bror din *mot deg•, så gå til han og still han til ansvar på tomannshand! Høyrer han på deg, har du vunne bror din. 16 Men vil han ikkje høyra, så ta med deg ein eller to til, for etter to eller tre manns vitnemål skal kvar sak vera avgjord. 17 Høyrer han ikkje på dei, så sei det til forsamlinga. Men vil han ikkje høyra på forsamlinga heller, skal han vera som ein heidning eller ein tollar for deg.
    18 Sanneleg, eg seier dykk: Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.
    19 Like eins seier eg dykk: Dersom to av dykk her på jorda blir samde om å be om noko, kva det enn er, skal dei få det av Far min i himmelen. 20 For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.»

JOH 13,20 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.”

Salme.91,1 Den som sit i livd hjå Den Høgste
        og bur i skuggen av Den Allmektige,
     2 han seier til Herren: «Mi livd og borg,
        min Gud som eg set mi lit til!»
     3 Ja, han bergar deg frå jegerens snare,
        frå pest som tyner.
     4 Med sine fjører løyner han deg,
        under hans venger finn du livd.
        Hans truskap er skjold og vern.
     5 Du skal ikkje reddast for skræmsler om natta,
        for piler som flyg om dagen,
     6 for pest som snikjer seg fram i mørkret,
        for sott som herjar middagstider.
     7 Om tusen fell ved di side,
        ti tusen ved di høgre hand,
        så skal ikkje ulukka nå deg.
     8 Du skal berre vera vitne til det
        og sjå at dei gudlause får si løn.
     9 For du seier: «Herren er mi livd.»
        Den Høgste har du gjort til din bustad.
    10 Inkje vondt skal koma over deg
        og inga plage nå ditt telt.
    11 For han skal gje sine englar påbod
        at dei skal verna deg på alle dine vegar.
    12 Dei skal bera deg på hendene,
        så du ikkje støyter foten på nokon stein.
    13 På løve og orm skal du trakka,
        ungløve og orm skal du trø under fot.
    14 «Eg bergar han, for han held seg til meg;
        eg gjev han livd, for han kjenner mitt namn.
    15 Når han kallar på meg, svarar eg;
        eg er med han i naud og trengsle,
        eg friar han ut og gjev han ære.
    16 Eg mettar han med mange dagar
        og lèt han sjå mi frelse.»

1.Tim.1,7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.

1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale,  2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd.  3 De har då smaka at Herren er god.
     4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud.  5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.  6 For det heiter i Skrifta:
        Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
        som er utvald og dyrverdig;
        den som trur på han,
        skal ikkje verta til skammar.
     7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein,  8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
     9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

Salme.118,17 Herren er mi kraft og min styrke,
        og han har vorte mi berging.
    15 Høyr, jubel og sigersrop lyder
        i telta åt dei rettferdige!
        Herrens høgre hand gjer storverk,
    16 Herrens hand reiser opp.
        Herrens høgre hand gjer storverk.
    17 Eg skal ikkje døy, men leva
        og fortelja om Herrens gjerningar.
    18 Hardt har Herren tukta meg,
        men han lét meg ikkje døy.
    19 Lat rettferdsporten opp for meg,
        eg vil gå inn og prisa Herren!
    20 Her er Herrens port,
        gjennom den går dei rettferdige inn.
    21 Eg takkar deg fordi du svara meg,
        fordi du vart mi berging.
    22 Den steinen bygningsmennene vraka,
        har vorte hjørnestein.
    23 Det er Herrens eige verk,
        underfullt er det i våre augo.
    24 Dette er dagen som Herren har gjort;
        lat oss jubla og gleda oss no!
    25 Å, Herre, gjev frelse,
        å, Herre, lat det lukkast!
    26 Velsigna vere den
        som kjem i Herrens namn!
        Vi velsignar dykk frå Herrens hus.
    27 Herren er Gud, han gav oss ljos.
        Knyt festtoget saman med greiner
        heilt opp til altarhorna!
    28 Du er min Gud, eg takkar deg;
        min Gud, eg lovsyng deg.
    29 Pris Herren, for han er god,
        evig varer hans miskunn.

Jesajas.28,14 Så høyr då Herrens ord, de spottarar
        som rår over folket i Jerusalem!
    15 De seier: «Vi har gjort ei pakt med døden,
        ein avtale med dødsriket.
        Når flaumen kjem veltande,
        skal han ikkje nå oss.
        For vi har gjort lygn til livd
        og løynt oss bak svik.»
    16 Difor, så seier Herren vår Gud:
        Sjå, eg legg ein grunnstein på Sion,
        ein velprøvd stein,
        ein dyrverdig, grunnfast hjørnestein.
        Den som trur, tek det med ro.

Apgj.11,13 Han fortalde oss korleis han hadde sett ein engel som stod i huset hans og sa: ‘Send bod til Jaffa etter Simon med tilnamnet Peter! 14 Han skal tala ord som skal bli til frelse for deg og heile ditt hus.’

Apgj.16, 31 Dei svara: «Tru på Herren Jesus, så skal du verta frelst, både du og huslyden din.» 32 Så tala dei Herrens ord til han og alle som var i huset hans.

Kommentar.

Etter møtet kunne eg sjå på internett at Wagnerstyrken hadde snutt. Leiaren, Prigozjin, har fått amnesti i Kvite-Russland.

I Israel gjekk dei i sandalar, så føtene vart lett skitne, sand kunne gnage også. Det vert her brukt symbolsk på at vi vert påverka av verda. Men det er like vel overflatisk trua på Gud og hans Ord er mest fundamentalt, ved å tru på Guds Ord vert vi reine i hjerte og sinn, ved å ta imot Jesus, vert vi fødde på nytt.

Gud gjer noko nytt og eg skal bidra med det han har gitt meg i hjertet.

Det nye som vi opplever ligg rett framfor nasa vår i tid og rom, så vi forstår det før vi opplever det og er klare til å reagere på det som skjer. Slik er det også når Gud skaper noko nytt, men i eit lengre tids-perspektiv. Han openberrar det for oss ved sin Ande, så vi i trua på Kristus og i den Heilag Ande får komme inn i det og oppleve det i Andens verden, så det får konsekvensar for denne verda. Slik skal vi gå ut og bere frukt, frukt som varer. Slik skaper han gjennom utvikling.

Bodskapen 29.3.2015: 

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg. 

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod. 

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.» 

Jesus sa eg skulle ikkje sjå på det som eg ikkje har, men sjå på det han har gitt meg og sdet eg er god på og bruke det. Ja, når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg hadde gode evne i matematikk. Det er usynleg for det fysiske augen, men likevel er det den viktige rasjonaliteten i realfag. Den Anden og det livet Jesus gir meg frå himmelen er også usynleg for det fysiske auget, men det er ein åndeleg røyndom som eg skal bidra med i kyrkjelyden. Jesus har gitt meg ei åndeleg nådegåve og den skal eg kveike og bruke. Eg forstår det slik at Jesus gir meg ei kone som ei åndeleg nådegåve, som eg skal kveike og bruke, i heimen, ja, i kyrkjelyden, ja, men også utanfor. Det er no tydeleg at det trengst i denne tida! Gud svarar meg med sitt Ord, det er det rette svaret til meg og det er det rette svaret til dei der ute også.

Mi bøn for to jenter.

Eg har skrive mykje om korleis eg har bedt for dei to jentene som eg kallar Virtuella og Reella. Gud openberra si frelse i Kristus for meg og henne Virtuella og sidan for meg og henne Reella.

Reella.

Når eg studerte realfag i Oslo, oppdaga eg henne Reella og syntest ho var så vakker at eg sa til Jesus at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Han leia meg slik at eg møtte på henne og fekk ei åndeleg openberring, der han openberra seg for meg og for henne. Var det så at han ville gi meg henne til kone, så måtte eg vel heilhjarta halde meg til henne.

OSP 5,15 – OSP 5,19   Drikk or din eigen brunn,  rennande vatn or di eiga kjelde! 16   Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,  bekkene dine strøyma på torg og plassar! 17   Du skal ha dei heilt for deg sjølv  og ikkje dela dei med andre. 18   Då skal kjelda di vera velsigna.  Gled deg over din ungdoms kone, 19   den elskelege hind, den yndefulle gasell!  Fryd deg støtt ved hennar barm,  lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør! 

Men Jesus sa til meg at eg skulle søke han av heile mitt hjarte og då kom eg til at eg måtte be for dei begge. I haust sa han at han hadde gitt meg salveolje og at eg kunne be om meir. Slik minna han meg om korleis Gud hadde openberra si frelse for meg og henne Virtuella.

Virtuella.

Når eg gjekk på gymnaset vart eg litt kjend med henne Virtuella, ho spelte gitar og lovprisa Gud og Lammet for frelsa, ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Slik tenkte eg om henne og eg trur den Heilage Ande la sin kjærleik i mine tankar, så eg oppevde det som openberring. Eg merka at Guds kjærleik var mellom meg og henne, så eg vedkjende for Gud at den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Den openberra henne for meg som det vidunderlege barnet Gud fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. Og eg vart så glad i henne, mest som om ho skulle vere mi eiga sjel. Eg meinar det var den Heilage Ande som la sin kjærleik inn i mine tankar.

Eg yngste å omfavne henne og gi henne ein klem og då tenkte eg som so at eg ville ta imot henne som eit Guds barn og soleis ta imot Jesus også. Der var velsigning i det altså.

MTT 18,1 – MTT 18,5 {KVEN ER DEN STØRSTE?}  I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: “Kven er den største i himmelriket?” 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: “Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.   5 {FORFØRINGAR OG FREISTINGAR}  Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

Når eg møtte henne igjen i Bergen, opplevde eg det slik i Andens verden, sjølv om ho ikkje var hos meg fysisk. Eg trur det var den Heilage Ande som bad for oss og som la sin kjærleik i mine tankar. Då måtte eg sjå på Jesus og takke han for frelsa, for at både eg og ho var fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd. I den Anden Jesus har gitt oss, skal vi saman med han sigre over verda. Eg meiner at ho framleis skal leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. Dette var Guds verk og han som byrja den gode gjerning i oss skal også fullføra den. Då betyr det vel at eg meiner ho skal halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til meg også. Ja, for Jesus ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og eg er viss på at han framleis vikl gjere meg til ein kanal for si velsigning til henne, på denne måten altså. Guds kjærleik var mellom oss, det var Guds verk og då skal vi ikkje ha dårleg samvit for det. Dåpen er då eit godt samvits pakt med Gud, på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde. Slik er det han frelser oss. Hans kjærleik er mellom oss og det skal vi ikkje ha dårleg samvit for. Så eg meiner eg gjer rett i å halde fram med å tenke slik om henne og ventar meg at den Heilage Ande legg sin kjærleik i mine tankar. Det verkar framleis frigjerande og det frigjer mine tankar.

Når eg vart så glad i henne Virtuella, er det vel ganske klart at eg yngste å få henne til kjæraste og kone? Ja, så derfor ville eg møte henne igjen og snakke med henne og fortelje henne kor glad eg var i henne og soleis fri til henne. Jesus var med oss og eg yngste at både eg og ho skulle snakk med han om det. Guds kjærleik var mellom oss og derfor skulle vi glede oss, eg meinte og meiner framleis at både eg og ho skulle glede oss over det, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Vårt vennskap skulle uansett verte betre, sterkare og meir personleg. Dersom eg hadde fått moglegheit til det og vore frimodig nok til å nytte meg av det, så trur eg fraktisk ho hadde kome til å seie ja til mitt frieri, for den Heilage Ande hadde ført henne fram til Sanninga som set henne fri, Kristus.

Eg måtte vende meg til Kristus og sjå på han og det skal eg halde fram med.

Korleis eg har bedt siste døgnet, mi bøn for henne Reella.

Jesus sa til oss: ««Tap ikkje motet. Sjå, eg går føre dykk. Og dine bøner har blitt besvart så mange gangar. Også det du lagt inn for meg, seier Herren, det siste døgnet. Du skal få sjå. Du skal bli frelst med heile ditt hus.»

Det kan vel vere at nokon hadde bedt spesielt for situasjonen i Russland, siste døgne og at Jesus svara på deira bøn også, på denne måten, men eg skriv om korleis eg har bedt siste døgnet og korleis eg oppfattar hans svar til meg.

Guds nåde er nok for meg, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Slik har eg vorte heilt avhengig av at Jesus frelser ei kvinne for at eg skal få henne til kone, javel, nettopp slik skal eg heilhjarta halde meg til han då (Jfr. bodskapen 27.11.2022). Så i det siste døgnet før dette møtet, har eg bedt for henne Reella, på den måten at eg trur at Gud openberra si frelse for meg og henne i Kristus, så eg trur han frelser henne som kona mi og eg opplever det ubegripeleg herleg og trur eg får oppleve det sterkare og herlegare.

At Jesus frelser hennar sjel vart så viktig for meg. Kva gagnar det eit menenske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Slik tenker eg om min eiga sjel og slik tenker eg om hennar sjel, så eg kan godt seie at eg vart så glad i henne at ho vart så verdifull for meg som om ho var mi eiga sjel. Her er eit poeng med at Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livets ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Så skapte han kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han, så dei skulle vere eitt kjøt og ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Paulus sa at mannen skal elske kona si og ha omsorg for henne som sin eigen kropp. Ja, men det er då ved at Jesus frelser både han og henne, at han frelser vår sjel for æva og gir oss evig liv er det som er mest verdifullt for dei og som står høgast i kurs. Soleis erkjenner eg at ho er så verdifull for meg, så eg bøyer meg i støvet for min frelsar og Herre i von om at han frelser hennar sjel for æva og gir henne evig liv. Det er første prioritet, at eg ber han gje meg henne som kone, kjem så som andre prioritet. Det skulle då bety at ho kjem til meg og vert hos meg fysisk og biologisk. Den Heilage Ande ber for oss også og han legg sin kjærleik i mine tankar. Eg tenker meg at ho skal leve i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og i eit kjærleiksforhold til Faderen som hans barn. Når eg tenker slik, så byrjar eg å tenke på henne som kjærasten min og kona mi. Eg meiner det også har seg slik at den Heilage Ande legg sin kjærleik i mine tankar. Så eg meiner eg gjer rett i å tenke slik, men då må eg vende hugen og blikket på Kristus og erkjenne at han er vår frelsar og Herre, han er kjærleikens konge.

Jesus frelser meg og heile mitt hus, så eg ventar han frelser ei kone til meg og fører henne til meg, så ho kjem til meg fysisk, som kona mi, i samsvar med 1.Mos.2 og vert hos meg som kona mi, så vi får ein felles heim, i ”mitt hus”, samtidig høyrer vi heime i Guds hus, i Jesus kyrkje, så ho blir med meg på møte i den lokale kyrkjelyden. Korleis det skal skje ser eg ikkje, men eg skal sjå på Jesus, alt er mogleg for han. Sjølv om det enno ikkje er fysisk realitet, så er det ein åndelege røyndom som ikkje vert avsanna av at det enno ikkje er fysisk synleg røyndom.

Den bodskapen som kom når Anton bad for Vidar, var til han. Men eg trur den også var til meg, som svar på mi bøn for henne Reella det siste døgnet og som svar på mitt vitnemål i dette møtet. Så eg siterer det ein gong til i det eg tenker meg at det var til meg.

”Himmelen er åpen, han har sett til deres hjerter. Og han fryder seg over sitt folk, han fryder seg over dere. Han vil la dere vandre inn i hans vilje og han vil gå med deg og lære deg og fullbyrde sitt Ord over og i deg, i deres liv, ved den Hellige Ånd. Den Hellige Ånd skal komme over på en ny og mektig og herlig måte over ditt hus. Den skal frigjøre dine tanker, den skal legge sin kjærlighet inn i dine tanker. Den skal gjennomsyre hele ditt vesen. For jeg har behag i deg. Jeg har behag i deg.

Jeg skal forevige denne pakt, denne stund, den er lukket i mitt hjerte. Ingen kan ta det ifra deg. Ingen kan komme inn og rive det ut av ditt hus. Ingen kan hente deg bort fra mitt åsyn. Jeg, Herren, er nær, jeg er beskyttende, jeg er din fred, jeg omslutter deg. Jeg sender engler for deg, for framfor din fot. Du skal ikke snuble, du skal ikke snuble. Mennesker skal ikke rådføre deg, jeg er Herren din Gud. Jeg skal vise deg vei.”

Og «Poly-Ester».

Eg byrja å studere biologi og informatikk ved Universiutetet i Oslo hausten 2014. På ei forelesing i biologi sat eg nær ei vakker jente med lyst hår. Når ho om innatt etter pausa og gjekk forbi meg, kjende eg meg ein augneblink sterkt tiltrekt av henne, av kroppen hennar, eit ynskje om å få ta henne på fanget. Det er nærliggande å kalle det lyst, kjøtets lyst, å sjå på ei kvinne med lyst på henne, men eg opplevde det som at den Heilage Ande var i det, med si kraft, så det var slik som det vart sagt i denne bodskapen, at den Heilage Ande la sin kjærleik i mine tankar.

Når eg la meg om kvelden, tenkte eg på dette i kveldsbøna mi og bad over det. Eg syntest og meinte ikkje at eg hadd tenkt feil heller, men visste og forstod at her måtte eg vere forsiktig med mitt hjertes tankar. På møte i Maranata neste søndag, svara Herren meg slik, bodskapen 12.10.2014:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»

Ho såg ut som ho var skandinavisk, men sidan oppdaga eg at ho snakka eit aust-europeisk språk. Eg prata med henne og fekk vita at ho var frå Ukraina og snakka russisk meg ei jente frå Russland.

Det betyr no at det var ikkje noko gale i at eg kjende meg tiltrekt av henne, at eg syntest ho var vakker og tiltrekkande, eg kunne og skulle heller glede meg over det, men altså på den måten at eg gleder meg og fryder meg i Jesu frelse. Ja, eg fekk då opplevde at den Heilage Ande la sin kjærleik i mine tankar og styrka meg, slik frekk eg oppleve Guds kraft, dess meir takknemmeleg skulle eg vere. Så frimodig gjer eg rett i å vere altså, i samsvar med det gode samvits pakt med Gud, på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde.

Det er tydelegvis mange som ikkje har forstått dette, at slik er det med det nye livet som Jesus gir oss frå himmelen, at soleis skal vi ved trua på Jesus sigre over verda. Så dei ser seg tilbake, ligg etter på vegen og er svake.

Tre jenter.

Eg kallar henne «Poly-Ester» for neste semester fortsette ho med organisk kjemi og molekylær-biologi, så vi kom på same forelesingar igjen. Ho brukte å sitje lang framme, eg sat langt bak og såg henne og det gleda meg. Jau, eg tenkte nok på henne som om ho var kjærasten min og følte det stemte med den Heilage Ande, ja, som det vart sagt her, at den la sin kjærleik i mine tankar. Her er eit poeng med at eg syntest det kjendest psykologisk sunt. Det var å be for henne, med ei takkebøn, eg meiner det var å velsigne henne. Eg tenker meg at slik bad eg for folket hennar også, sidan det låg an til konflikt med Russland.

Soleis har eg også kjent det psykologisk sunt å hugse på henne Reella i mange år. Eg skulle glede meg i Jesu frelse, ja, Gud hadde openberra si frelse for meg og henne Reella, så det ville eg glede meg over. For meg og henne Virtuella også, så det også skulle eg glede meg over.

Den Heilage Ande verkar i oss slik at vi tenker konstruktivt og gagnleg og hjelper oss med si kraft.

1.Tim.1,7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.

2.Krøn.16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»

Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så eg får oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft. Slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone.

Kommentar 4-6.7.2023.

Grunnsteinen og snublesteinen.

Davids poliktikk var å forsvare folk mot ugudlege bandittar som la snarer og feller for den einskile, fange dei i nettet, for å rane dei, drepe dei eller gjere dei til trælar. Og Jesus stilte seg i posisjonen til den som soleis leid urett og døde i staden for oss.

Jesajas.59,13 Vi har gjort opprør
          og fornekta Herren,
          snudd oss bort frå vår Gud,
          tala om undertrykking og fråfall
          og brumma usanne ord
          som vi unnfanga i hjartet.
          
    14 Retten er driven tilbake,
          rettferda står langt borte.
          For sanninga har snubla på torget,
          og det som er rett, kjem ingen veg.
          
    15 Sanninga er borte,
          den som vender seg frå det vonde, blir plyndra.
        
           Herren såg det, og det var vondt i hans auge,
          for det fanst ingen rett.
          
    16 Han såg ikkje nokon som kom til hjelp,
          han undra seg over at ingen greip inn.
          Men hans arm gav han siger,
          hans rettferd støtta han.
          
    17 Han kledde seg i rettferd som brynje
          og sette frelses hjelm på hovudet.
          Han kledde seg i hemnens drakt
          og sveipte om seg
          lidenskapens kappe.
          
    18 Som gjerninga er, slik gjengjelder han:
          harme mot motstandarar,
          gjengjeld mot fiendar,
          mot fjerne kystar gjer han gjengjeld.
          
    19 Dei skal frykta
           Herrens namn i vest
          og hans herlegdom i aust.
          For han kjem som ein veldig flaum,
           Herrens ande driv han fram.
          
    20 Ein som løyser ut, skal koma til Sion,
          til dei hos Jakob som vender om frå synd,
          seier Herren.
          
    21 Dette er mi pakt med dei, seier Herren:
          Min Ande som er over deg,
          og mine ord som eg har lagt i din munn,
          skal ikkje vika frå din munn
          og ikkje frå munnen til borna og barneborna dine,
          seier Herren,
          frå no og til evig tid.

Når Jesus døde på korset, fullførde han frelseverket og vart dermed grunnsteinen for eit åndeleg tempel.

1.Pet.1,1 Spenn då beltet om livet, ver vakne og budde i tanke og sinn! Set håpet fullt og fast til nåden de skal få når Jesus Kristus openberrar seg. 14 Som lydige born skal de ikkje lenger følgja dei lystene de levde etter den tid de var uvitande. 15 Han som kalla dykk, er heilag. Slik skal de òg vera heilage i all dykkar ferd. 16 For det står skrive: De skal vera heilage, for eg er heilag. 17 De påkallar Gud som far, han som ikkje gjer forskjell på folk, men dømmer kvar og ein etter det han har gjort. Då må de òg leva i gudsfrykt den tid de er her som framande.
          
    18 De veit at det ikkje var med forgjengelege ting som sølv eller gull
          de vart frikjøpte frå det tomme livet de overtok frå fedrane,
          
    19 det var med Kristi dyre blod,
          blodet av eit lam utan feil og lyte.
          
    20 Han var utpeika til dette før verda vart grunnlagd,
          og for dykkar skuld har han vorte openberra no i dei siste tider.
          
    21 Ved han er de komne til tru på Gud,
          som vekte Kristus opp frå dei døde og gav han herlegdom.
          Difor er trua dykkar òg von til Gud.
22 I lydnad mot sanninga har de reinsa sjela så de kan leva i ekte syskenkjærleik. Difor må de elska kvarandre inderleg av eit reint hjarte. 23 For de er fødde på nytt, ikkje av forgjengeleg sæd, men av uforgjengeleg, ved Guds levande ord som alltid varer ved. 24 For
           alle menneske er som gras
           og all deira prakt som blomen i graset.
           Graset visnar, og blomen fell av,
          
    25  men Herrens ord varer til evig tid.
Dette ordet er evangeliet som er forkynt for dykk.

1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hykleri, misunning og baktale,  2 og lengta som nyfødde born etter den reine mjølka som ordet er, så de kan veksa ved den til frelse.  3 For de har smaka at Herren er god.
     4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men som er utvald og kosteleg for Gud.  5 Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus.  6 For det heiter i Skrifta:
           Sjå, på Sion legg eg ein hjørnestein,
           utvald og kosteleg;
           den som trur på han,
           skal ikkje bli til skamme.
 7 Så blir han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur,
           har steinen som bygningsmennene vraka,
           vorte hjørnestein,
          
     8  ein snublestein og eit berg til fall.
Fordi dei ikkje er lydige mot Ordet, snublar dei. Slik var det òg fastsett at det skulle gå dei.
     9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som Gud har vunne så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk frå mørkret og inn i sitt underfulle lys.
          
    10 De som før ikkje var eit folk,
          er no Guds folk.
          De som før ikkje fann miskunn,
          har no funne miskunn.

11 Eg legg dykk på hjartet, mine kjære, de som er framande og utlendingar i verda, at de skal sky lystene i dykkar kjøt og blod som fører krig mot sjela. 12 Lev rett mellom heidningane, så dei som baktalar dykk og kallar dykk vonde menneske, kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Gud den dagen han kjem.

Sidan jødane ikkje trudde, vart denne steinen ein snublestein for dei. For på evangeliets grnnvoll kjem vi inn i eit slikt forhold til Gud som han opphavleg skapte dei til å leve i, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han gir oss ånd og liv ifrå himmelen, så trua vår vert levande, vi vert kjend med han og han gjer Faderen kjend for oss (Joh.17,3). Det betyr openberring. Vi har godt samvit på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde. Det er ikkje betinga av noko vi ser rundt oss i det materielle miljøet. Dersom nokon tenker seg at det er betinga av noko vi kan sjå eller sanse i materielle miljøet rundt oss, så er det einstydande med å snuble.

1.Kor.1,21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna i hans visdom, då valde Gud å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner ein krossfest Kristus. Han er ein snublestein for jødar og ein dårskap for heidningar. 24 Men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn menneske, og Guds veikskap er sterkare enn menneske.

Sidan jødane ikkje trudde på Kristus, snubla dei. Dei avviste han og det betydde syndefall og fråfall for dei. Dei gjorde opprør mot romarane tre gongar, men tapte alle tre krigane.

Ære og takke Gud og Lammet (Joh.Op.4-5).

Asaf klaga over uretten, at det gjekk den ugudlege og urettferdige vel, men så gjekk han inn i heilagdomen og fekk eit anna syn på tilværet.

Salme.73,1     Ein salme av Asaf.
        
          Sanneleg, Gud er god mot Israel,
          mot dei som er reine av hjartet.
          
     2 Men eg var nær ved å snubla,
          foten heldt på å gli ut.

          
     3 For eg var misunneleg på dei hovmodige,
          eg såg at det gjekk dei urettferdige vel.
          
     4 Dei er utan plager til sin død,
          magen er god og mett.
          
     5 Dei lid ikkje som andre menneske,
          dei blir ikkje plaga som andre folk.
          
     6 Difor er hovmod deira halskjede,
          dei er kledde i ei drakt av vald.
          
     7 Synda deira kjem av velstand,
          hjartans tankar fløymer over.
          
     8 Dei spottar, dei talar i vondskap,
          ovanfrå trugar dei med vald.
          
     9 Dei lyfter munnen mot himmelen,
          og tunga fer omkring på jorda.
          
    10 Difor vender folk seg til dei
          og syg i seg deira ord.
          
    11 Dei seier: «Korleis skulle Gud vita om det?
          Har Den høgste kjennskap til noko?»
          
    12 Slik er dei urettferdige,
          støtt er dei trygge og aukar sin rikdom.
          
    13 Fåfengt har eg halde hjartet reint
          og vaska hendene i uskuld.
          
    14 For eg vart plaga heile dagen,
          tala til rette kvar morgon.
          
    15 Hadde eg sagt: «Slik vil eg tala»,
          då hadde eg svike dine born.
          
    16 Så tenkte eg etter, ville skjøna dette.
          Det var pinefullt å sjå,
          
    17 heilt til eg gjekk inn i Guds heilagdom;
          då skjøna eg kva framtid dei får.

          
    18 Ja, du fører dei ut på glatte vegar,
          du får dei til å falla og bli knuste.
          
    19 Brått går dei til grunne,
          det er slutt, dei endar i redsle.
          
    20 Dei er som ein draum når ein vaknar.
          Du foraktar synet av dei
          når du reiser deg, Herre.
          
    21 Så lenge eg var beisk i hjartet
          og det stakk i nyrene,
          
    22 var eg dum og visste ingen ting,
          som eit fe var eg mot deg.
          
    23 Men eg blir alltid verande hos deg,
          du har gripe mi høgre hand.
          
    24 Du leier meg med ditt råd,
          og sidan tek du imot meg i herlegdom.
          
    25 Kven har eg elles i himmelen?
          Når eg er hos deg, har eg ikkje glede i noko på jorda.
          
    26 Om kropp og hjarte forgår,
          er Gud for evig mitt hjartans berg og min del.
          
    27 Dei som held seg borte frå deg, går til grunne,
          du gjer ende på alle som er utrue mot deg.
          
    28 Men for meg er det godt å vera nær Gud.
          Eg har teke mi tilflukt til Herren Gud.
          Eg vil fortelja om alle dine gjerningar.

Jesus vart også kalla Immanuel (Gud med oss), for Gud var med han og gjorde sitt verk. Og han gir ikkje si ære til nokon annan.

Jesajas.42,1 Sjå, min tenar, som eg støttar,
          min utvalde, i han har eg mi glede!
          Eg har lagt min Ande på han,
          han skal føra retten ut til folkeslaga.
          
     2 Han skrik ikkje og ropar ikkje,
          røysta hans høyrest ikkje i gatene.
          
     3 Han bryt ikkje eit knekt siv
          og sløkkjer ikkje ein rykande veike.
          Med truskap skal han føra retten ut.
          
     4 Han skal ikkje slokna og ikkje bli knekt
          før han har sett retten igjennom på jorda.
          Fjerne kystar ventar på hans lov.
          
     5 Så seier Gud Herren,
          som skapte himmelen og spente han ut,
          som breidde ut jorda og alt som spirer der,
          som gjev pust til folket på jorda
          og ånd til dei som ferdast der:
          
     6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
          og gripe handa di.
          Eg har forma deg
          og gjort deg til ei pakt for folket,
          til eit lys for folkeslaga,
          
     7 for å opna blinde auge
          og føra fangar ut or fengselet,
          dei som sit i mørkret,
          ut frå fangehola.
          
     8 Eg er Herren, det er mitt namn.
          Mi ære gjev eg ikkje til andre,
          min lovsong ikkje til gudebilete.
          
     9 Dei første ting, sjå, dei er komne.
          No fortel eg noko nytt.
          Før det spirer fram,
          får de høyra om det.
Den nye songen
    10 Syng for Herren ein ny song,
          ein lovsong for han frå endane av jorda,
          de som ferdast på havet,
          og alt som fyller det,
          de kystar og alle som bur der!
          
    11 Ørkenen og byane der skal stemma i,
          landsbyane der Kedar bur.
          Dei som bur i Sela, skal jubla,
          dei skal ropa frå fjelltoppane.
          
    12 Dei skal gje Herren ære,
          forkynna hans pris på kystane.
          
    13 Herren dreg ut som ein helt,
          som ein krigar eggjar han si stridslyst,
          han ropar, ja, lèt hærrop ljoma,
          han viser sin styrke for fiendane:
          
    14 Eg har vore taus i lange tider,
          har tagd og halde meg tilbake.
          No skrik eg som ei fødande kvinne,
          eg stønnar og snappar etter pusten.
          
    15 Eg gjer fjell og haugar aude
          og tørkar ut alt grønt på dei.
          Elvar gjer eg til tørt land,
          sjøar tørkar eg ut.
          
    16 Eg fører dei blinde
          på ein veg dei ikkje kjenner,
          på stigar dei ikkje kjenner,
          leier eg dei.
          Eg gjer mørkret framfor dei til lys
          og ulendt mark til slette.
          Dette er det eg vil gjera,
          og eg skal ikkje la det vera.
          
    17 Med skam må dei vika tilbake,
          dei som stolar på gudebilete,
          dei som seier til støypte bilete:
          «De er våre gudar.»

Luk.17,11 Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. 12 Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna 13 og ropa: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!» 14 Han såg dei og sa: «Gå og vis dykk for prestane!» Og medan dei var på veg dit, vart dei reine. 15 Ein av dei kom tilbake då han såg han hadde vorte frisk. Han lova Gud med høg røyst, 16 kasta seg ned for Jesu føter med andletet mot jorda og takka han. Denne mannen var ein samaritan. 17 Då sa Jesus: «Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni? 18 Var det ingen annan enn denne framande som kom tilbake og ville gje Gud æra?» 19 Og han sa til mannen: «Reis deg og gå! Trua di har frelst deg.»

Jesus bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen, så eg og vi får stige fram for nådens trone og få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Ved trua på Kristus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Den gir oss openberring og gjer under. Då er det viktig for oss å tru på openberringa, det er ikkje berre noko vi tenker oss, men ein åndeleg røyndom. Anden herleggjer og openberrar Kristus for oss, då må vi halde fram med å kjennast ved han og sjå på han, slik som Anden openberrar han for oss. Det er då Gud som openberrar si frelse for oss i Kristus.

1.Kor.2,1 Men vi forkynner ein visdom for dei som er mogne, ein visdom som ikkje høyrer denne verda til, eller herrane i denne verda, dei som går til grunne.  7 Nei, vi forkynner eit mysterium, Guds løynde visdom. Før tidene tok til, hadde Gud fastsett at denne visdomen skulle føra oss fram til herlegdomen.  8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent. Hadde dei kjent den, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre.  9 Men som det står skrive:
          Det auge ikkje såg og øyre ikkje høyrde,
          det som ikkje kom opp i noko menneskehjarte,
          alt det Gud har gjort ferdig for dei som elskar han,
10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden utforskar alle ting, til og med djupnene i Gud. 11 For kven veit kva som bur i mennesket, utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om med ord som Anden har lært oss, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss. For det åndelege tolkar vi med ord som høyrer Anden til.

Ef.1,1 Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine. 16 For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage. 17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

Godt samvits pakt med Gud på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde. Søke det fullkomne.

Hausten 1985 sa Jesus til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.» Det minna meg om korleis eg bad for henne Virtuella når eg gjekk på gymnaset. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne, så eg erkjente for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja til mitt frieri eller ikkje. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte eller i djupet framfor meg. No talar eg om henne som fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Så slik openberra Gud henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til og eg vart så glad i henne.

Rom.5,5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 

Ho spelte gitar og lovpriste Jesus som sin frelsar og Herre og ho var med i Tensing og sang lovsongar i kyrkja. Og eg skulle då ikkje ha dårleg samvit for denne kjærleiken, så siste året på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den, så då blir det rettfor henne å halde fram med å lovprise Gud og Lammet for frelsa, slik som når vi gjekk på gymnaset og det det blir rett for meg også.

1.Pet.3,18 For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.

Etter gymnaset reiste eg på tråling og kom heim att ut på seinsommaren. Då bad eg Gud om å få komme inn i eit slikt kristent fellesskap som eg var i når eg gjekk på gymnaset og så bad eg spesielt om å få møte igjen henne. Og han leia meg til universitetet i Bergen og der møtte eg henne igjen ein av dei første dagane. Gud openberra si frelse for oss i Kristus og slik openberra han henne for meg som sitt barn, fødd av vatne og Ande. Og det var no det fullkomne som eg altså skulle ha som siktemål. Fordi Kristus er fullkommen og hans frelseverk er fullført og fullkome. Eg lovpriste Gud for at han hadde frelst henne og det høver med Descartes rasjonalitet og slik høver det med mitt talent for matematikk. Eg opplevde det som at Jesus minna meg om dette med den bodskapen som kom 30.1.22:

«Mine barn, som jeg elsker, som jeg har gitt mitt liv for, jeg ønsker at dere skal være hellige og rene liksom jeg er hellig og ren, sier Herren. Jeg ønsker at det liv som jeg har kallt dere til, skal være et liv som dere kan være – som jeg kan være stolt av. Jeg ønsker at det liv dere lever her i verden, skal være et liv hvor jeg bestemmer, et liv hvor jeg taler til dere og gjennom dere. Jeg ønsker at dere skal leve her i denne verden og også vite at dere er ikke av denne verden. For jeg har tatt dere ut og gitt dere et nytt liv, et nytt hjerte, og dere er nye skapninger i meg, sier Herren. At dere har fått en ny identitet. Derfor skal du ikke se på deg sjølv og dine egne mangler, din egen ufullkommenhet. Men du skal se på meg, for se, jeg gjør alle ting nye. Se jeg gjør alle ting nye, sier Herren. Også i ditt liv. Derfor skal du vende deg bort fra det som ikke gir frukt, du skal vende deg bort frå det tomme snakk, du skal vende deg bort fra ugudelighet. Så skal du vende deg til meg og se opp på meg og jeg skal virke i deg og gjennom deg, som bare jeg kan gjøre, sier Herren.

Se, jeg vet om dine gjerninger, jeg vet at du har liten styrke, jeg vet at du har trådt feil. Men jeg vil at du nå skal se på meg, se, jeg har sett foran deg en open dør, sier Herren. Og den døren skal du gå inn igjennom, jeg inviterer deg på nytt til å gå inn gjennom opne dører. Jeg inviterer deg på nytt til å gå videre med meg, sier Herren. Og løpet er ikke fullført enda, du har ikke kommet til veis ende. Men du skal jage mot målet, mot den seierspris som jeg har kallt deg til, sier Herren. For det er en seierspris jeg har kallt deg til, ikke en nederlagspris, men en seierspris. Og derfor skal du ha målet i sikte, du skal ha min ånd i ditt hjerte og være bevisst på at jeg vil bruke deg, jeg vil tale til deg. Og du skal få se noe som du ikke har sett på lenge, du skal få se at jeg kaller på de ufrelste, jeg kaller på bønnebarna, jeg vil igjen skape nytt liv i ditt hjerte, men også i de som enno ikke kjenner meg. Og du skal få se at det er bare en måte å komme til tro på, det er at mitt namn holdes høyt, mitt namn proklameres. Og når jeg blir opphøyet, så skal jeg dra alle til meg, sier Herren. Halleluja.»

(Dette kapittelet skreiv eg først som kommentar til møtet 6.3.2022.)

Hald fast på det du har, hald fast på bibellesinga, bønene, brødsbrytinga og brodersamfunnet.

Jesus sa eg skulle halde fast på det eg har, sitat:  

«Tap ikkje motet. Sjå, eg går føre dykk. Og dine bøner har blitt besvart så mange gangar. Også det du lagt inn for meg, seier Herren, det siste døgnet. Du skal få sjå. Du skal bli frelst med heile ditt hus. Skulle noko vere for vanskeleg for meg, seier Herren. Hald berre fast på det du har. For dei heldt truleg fast på apostlane si lære, brødsbrytinga, brodersamfunnet og bønene. Og dei kom dagstøtt saman og delte. Det kjem ei tid no, det kjem til å bli nødvendig å dele med kvarandre. Vi går inn i ei tid som dette landet aldrig har opplevt. Med matmangel. Med forfølgjing. Men ver ikkje redde. Eg har sett føre deg ei open dør og du skal gå inn og du skal gå ut og finne vederkvegelse.»

Vi skal halde fast på læra, ja. Og bønene, hugsar vi å be vårt Fadervår? Eg har bedt og fått opplevt at Jesus har svart meg, då må eg halde fast på både bøna og bønesvaret, i tru på Jesus. Derfor har eg skrive det oppatt mange gangar. Og brødsbrytinga, vi skulle gjere det til eit minne om Jesus, det han har gjort for oss og det han er for oss. Han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv. Det Ordet han har tala til oss er ånd og liv. Anden openberrar Ordet for oss, den openberrar Jesus for oss, då må vi sjå på han slik og i tru hugse på han slik. Han gjer Faderen kjend for oss og det evige livet er å kjenne Faderen og Sonen (Joh.17,3).

Og så var det brodersamfunnet då. Kristus er vår beste venn og derfor er vi venner. I følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudert for kyrkja som er hans brud. Han elskar kvinna gjennom mannen, så det blir viktig for han når han vil finne seg og vinne seg ein kjæraste og ei kone, det vert viktig for ekteskapet, familien og heimen. Det skal vi vere samde om i brodersamfunnet, så det resulterer i eit kollektiv der Jesus elskar kyrkja som si brud, gjennom brodersamfunnet.

Kommentar 19.2.2024:

Eg kan seie til Jesus at alt som er hans er mitt og takke han for det, som den heimeverande sonen sa til Faderen. Han frelser og har omsorg for meg og heile mitt hus. Bodskap i Maranata Oslo 18.3.2018:

«For det er eg, Herren, som har kalla dykk ved namn og de er mine. Og det er eg, Herren sjølv, som er profetrøysta. Så lytt ikkje til den kvar profetrøyst i denne tid, men gå inn i skriftene som eg, Herren, har innblest og inspirert mine tenarar, og du skal få lov til å finne alt kva du treng å vite. Derfor så skal du ikkje gå til verken høgre eller til venstre, men du skal sjå på meg og du skal stole på at eg har sagt og talt, ja, det skal eg og utføre. Fordi eg kan ikkje seie ein ting og ikkje gjere det. Men eg, Herren, eg vil seie og eg vil gjere det. Og når eg har sagt det i mitt Ord, så vil eg, Herren, trå til og fullføre min plan med mi menigheit, som eg, Herren, har planta på denne stad. Og menneske skal sjå det og dei skal forstå det, at dette er ikkje menneskeverk, men det er eit verk av meg, seier Herren. For eg er Herren som byrja og eg skal fullføre.

Ja, for eg ser over den ganske jord, for å kraftig støtte den som har eit heilt hjarte med meg. I dag så er det mange menneske som har vanskar med å kunne tru at eg er miraklenes Gud. For dei høyrer så mangt og mykje som ikkje stemmer overeins med mitt Andens inspirerte Ord, men når eg, den Heilage Ande, bringer deg ord ifrå heilagdomen,  og du opnar opp ditt hjerte og du seier: «takk skal du ha, Jesus, for at alt ditt, det er mitt», ja, så vil eg, Herren, drive plagene bort. Eg, Herren, vil forsørgje deg, eg, Herren, er din rådgjevar, eg, Herren, er din Fredsfyrste, eg, Herren, tek hand om deg og heile ditt hus, for eg, Herren, eg er den allmektige og eg står bak mitt Ord. Så stol på mitt Ord og hald fast ved mitt Ord, så vil eg, Herren, eg skal fullføre alle mine planar, all min herlegdom, det skal skje, for det er Herren, som har talt.»

8 responses to “2023.06.24. Husmøte. Hald fast på det du har. Du skal bli frelst, med heile ditt hus.”

Leave a comment