Innleiing ved Oddleif Wahl.
Salme.103,11 Så høg som himmelen er over jorda,
så stor er Herrens nåde
over dei som ottast han.
12 Så langt som aust er frå vest,
så langt tek han våre synder bort frå oss.
Jesajas.49,15 Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt,
har ho ikkje medkjensle med den son ho fødde?
Og om ei mor kan gløyma,
så gløymer ikkje eg deg.
16 Sjå, eg har teikna deg i mine hender,
dine murar har eg alltid for auga.
Jesus har teikna deg i sine naglemerka hender.
Full og fri frelse, lækjedom og gjenoppretting.
Tale ved Ingar Nicolaysen.
Herren vil reise opp si kyrkje i Vanylven. Hans kyrkje er deg og meg. Han løfter oss. Vere personleg med Jesus. Når vi set oss ned og les Guds Ord, gjer Gud sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande.
Salme.92,14 Dei er planta i Herrens hus
og blømer i vår Guds tempelgardar.
15 Enno i sin alderdom ber dei frukt,
friske og frodige er dei.
16 Såleis forkynner dei at Herren er rettvis;
hjå han, mitt berg, er det ingen urett.
Salme.95, For Herren er ein mektig Gud,
ein stor konge over alle gudar.
4 Han har jord-djupnene i si hand
og fjelltoppane i si eige.
5 Havet er hans, for han har skapt det,
det faste landet har hans hender forma.
6 Kom, lat oss bøya oss og tilbe,
bøya kne for Herren, vår skapar!
7 For han er vår Gud, vi er folket han gjæter,
den hjord han leier med si hand.
Å, ville de høyra på han i dag!
Gud har aldri tapt ein kamp. Det har vore mange kampar som Gud har teke. Første kampen Gud hadde, var ein kamp mot Djevelen før han skapte verda, då han kasta ein tredjedel av englane ut av himmelen. (Feil! Sjå kommentar). Men etter at han skapte verda, så har han aldri tapt ein kamp. Han har instifa kyrka og tapte ikkje der heller, han vann. Gud har aldri teke feil, aldrig gjort feil, han har aldrig svikta, han har alltid helde ord og han er alltid trufast. Han er byrjinga og enden, alfa og omega. Gud er ånd og sanning.
Vi er feilbarlege. Jesus sigra for å gjere slutt på Djevelens gjerningar. Djevelen prøver å komme inn i vårt sinne med mistru til Gud, som han sa til Eva: «Har Gud verkeleg sagt». Han refererte til:
Ef.6,12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda.
Joh.12,11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden.
Er det noko vi treng svar på, så spør Gud. Ein god kamerat kan du snakke med. Vi har full siger i Jesus Kristus. Vi kan starte dagen med å seie «God Morgon, Heilag Ande» (tittelen på ei bok). Stå saman som fibrar tvinna saman til ein tjukk og sterk tråd. Vi har bønnemøte i Filadelfia kvar tysdag, unntatt når det er konferanse i Evangeliesenteret. Dei startar med å lese eit kapittel i Bibelen og samtale om det. Dei veit på førehand kva kapittel det er og kan forebue seg på det.
Det kan verte vanskelege tider, sidan korn i Ukraina er øydelagt, Putin lover kornet sitt til Afrika. I Noreg er vi rike nok til å kjøpe korn, men i visse område i Afrika et dei no berre annankvar dag eller tredje kvar dag, for dei hadde ikkje råd til å kjøpe mat. Det er viktig for oss å stå saman, Herren vilje og plan blir gjennomført gjennom Jesu kyrkje. Er det noko du vil ha svar på, så la den Heilage Ande vise deg det gjennom bøker, les dei saman med Bibelen. Det er ein veldig styrke. Så vert vi oppbygde til å vere i Guds fulle plan med våre liv. Jesu kyrkje er meg og deg. Mange tenker smått om seg sjølv, men sjå bort ifrå det, sjå på Jesus.
Innspel frå salen: «Jesu kyrkje er vekkinga».
Ja, i ein kyrkjelyd på Vigeland var det berre nokre få att. Men dei la seg på kne og bad og så kom vekkinga.
JOH 4,34 Men Jesus sa til dei: “Min mat er å gjera det han vil som sende meg, og å fullføra hans verk.
Det er berre å gå på dei draumane de har, de treng ikkje vente på at det skal komme ein predikant, Gud gir dykk alt de treng, stå saman.
Mitt vitnemål.
Eg har nyleg vorte minna om Rom.12,1-3 og det har vorte så godt for meg, så eg vil dele det.
RMR 12,1 – RMR 12,3 {DET KRISTNE LIVET} Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.
Oddleif har tala om at Gud er uavgrensa, ja, men eg som menneske har mine avgrensingar og eg må holde oss til det mål av tru som Gud har gitt oss. Lengre nede er det fortalt om nådegåvene, vi har ulike nådegåver og det er derfor vi treng kvarandre, vi skal tekne kvarandre. De har tent meg med nådegåvene dykkar og eg takkar Gud for det. Men eg også har noko eg kan bidra med. Og då må eg tenke på korleis eg sjølv har bedt og korleis eg har opplevt at Gud har svart meg. For han talar til oss heilt individuelt, han kjenner sauene sine på namn. Det er ikkje vits i at eg skal tenke høgre om meg sjølv, han kjenner meg og eg har mine bøner som eg meiner han har svart på og då må eg vere nøyaktig med å erkjenne, jau, du har no talt til meg også, du kan bruke meg også. Gud har svart på mine bøner og det må deg framleis satse på.
Når du kjem ut i kvardagen, så vert det kravt at du skal gjere ein innsats, det kjem vi ikkje forbi, de er du sjølv som må prestere noko, same enten du går på skule eller du er i praktisk arbeid. Men når vi har gått inn for nådens trone, så har vi fått hjelp. Og det må vi halde fram med. Vi skal få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Og det i vår eigen kvardag. Det er vår daglege Guds-teneste, som å bere fram kroppen som eit levande offer, det er det daglege offeret. Så eg får hjelp i min kvardag, han styrker meg og eg får bruke den styrken han gir meg, i min kvardag. Det fullkomne får vi frå himmelen og då er det viktig at vi takkar han for det, når vi kjem fram for nådens trone. Her og no er eg komen fram for nådens trone og då må eg ære og takke han allereie har gjort, for han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.
Så kom eg også til å tenke på Esekiel.47, der står det skrive om nådens flod som strøymer ut under dørstokken i Guds tempel. Tenk deg ei lita sikle som renn ut under dørstokken her, det verkar puslete. Men når han gjekk lengre ut, var det djupare og djupare inntil han flotna. Tenk deg at det skjer i Noreg, at all den velsigninga går ut i vårt land. Ser vi det for oss? Eg har vorte minna om den bodskapen, du skal berre plompe uti og la deg flyte. Eg vart minna om det inne i den kristne kyrkjelyden, ja, men det talar då om når eg er der ute.
Mange av dykk er sikkert klar over at eg deler møtereferat på Facebook og de kan no tenke over kor det hadde vore om de delte det, så det nådde fleire. Her er eit viktig poeng at Gud brukar meg på sin måte og så brukar han deg på sin måte, slik du er, så eg seier ikkje at de skal gjere det, men de kan no tenke over det, dersom de deler det, så når det endå fleire.
Ettermøte.
Oddleif sa at snart skal vi om at Herren vil forløyse det som Ingar talte om og det som ligg i kyrkjelyden, for det er klart at vi står ikkje heilt på startstreken, vi har vandra med Herren ei stund og han som har byrja den gode gjerning i oss, han skal fullføra den.
Eg vil fortelje ei artig historie, Ingar og eg har lete oss irritere over ein lastebil frå Fiska, der det står: ”Tru kan ikkje flytte fjell, men vi kan”. Vi har lyst til å stoppen den og fortelje dei at vi kan flytte fjell. Men så kjem jantelova: ”Du skal ikkje tru at du er noko”.
MTT 17,20 “Fordi de har så lite tru,” svara han. “Sanneleg, det seier eg dykk: Har de tru som eit sennepsfrø, kan de seia til dette fjellet: Flytt deg herifrå og dit! Då skal det flytta seg, og ingen ting skal vera umogeleg for dykk.
”Du skal ikkje tenke høgre om deg sjølv…” Det står i Bibelen, det er heilt rett, men dersom du har tru som eit sennepskorn ….. Det er oppmuntring i det. Eg veit ikkje kva slags fjell det er, men det kan vere problem som hopar seg opp i livet ditt, som ligg der som eit fjell. For tre år sidan var det noko som hopa seg opp i livet mitt, men eg fekk hjelp av kona, ho bad og det fjellet flytta seg. Halleuja. I Almklovdalen har dei flytta mykje fjell, med maskin, men Gud har bygt dei fjella. Og han har sagt at han vil bygge sin kyrkjelyd. Merk deg, det er ikkje din kyrkjelyd, men hans, Sion er hans kyrkjelyd. Tek du parti med han, så kan du ikkje tape, men du veit at det siger og det vil blir siger.
I Guds rike er det ingen pansjonaistar. Paulus var truleg over 60-70 år når han skreiv:
RMR 15,29 Og eg veit at når eg kjem til dykk, skal eg koma med ein rikdom av Kristi velsigning.
Det streid litt mot jantelova, men han brydde seg ikkje om det. Du har med deg ei fylde av Jesu kjærleik og den kan flytte fjell.
Ein mann minna om Rom.14,1.
RMR 14,1 {SAMHALD I KYRKJELYDEN} Ta imot den som er veik i trua, utan å gjera dykk til domarar over tankane hans.
Ja, ver romsleg, når de møter medmenneske. Eg var på Sunnås Sjukehus får å verte undersøkte, om eg kunne få att sertifikatet og nevrologen oppmuntra meg om å førebu ei preike. Om kva? Han Bjørnar Moksnes, han med solbrillene. Den av dykk som er utan skuld, han kaste den første steinen. Takk for innspelet.
Eg vil invitere til forbønn, det er ikkje noko spesielt med verken meg eller Ingar, men det er noko spesielt med Jesus, han døyper med den Heilage Ande og utruster oss med sine nådegåver. Om du går og ber på ein draum og veit ikkje heilt om du skal tore det, så vil vi gjerne vere med på å be det igjennom og stadfeste det, så du kan kjenne det, ei fylde av Guds herlegdom, allereie her og no. Tru kan flytte fjell.
Mange kom fram til forbønn.
Tungetale ved Ingelin, tyding ved Oddleif.
Oddleif sa til Ingelin at han hadde eit ord til henne, ho svarde ja og så kom ho med tungetale og han tyda det.
”Jeg vil at dere skal vite, mine barn, at jeg ser dere, jeg ser dere, jeg ser dere. Og jeg ser også den smerte og lidelse dere har vært gjennom. Men det er som ingen ting å regne mot den herlighet som skal openbares over deres liv. Jeg ser dere, dere er ikke usynlige for meg, men dere er elsket og dere er sett av meg. Det skal dere vite, om dere føler at jeg er langt borte, så er jeg nær ved, som skyggen ved din høyre hånd. Og jeg slipper dere ikke, jeg forlater dere ikke, men jeg er med dere og jeg er i dere og jeg er hos dere.
Alle de spørsmål dere har hatt og stilt til hverandre og til dere selv, om meningen med livet, jeg har sett deres spørsmål og jeg har også sett deres lengsel. Og still spørmålet og rett deres lengsel mot meg, sier Herren, fordi jeg sendte min Ånd, den Hellige Ånd, som skal være deres hjelper og deres trøster. Og spør meg og dere skal få svar. Spør konkret og jeg vil svare konkret. Rett deres lengsel mot meg og jeg vil fylle all deres trang i herlighet. Amen.”
Så med tårer og hauste med glede.
Tidlegare i møtet hadde Ingelin sagt at ho gret for folket ho møtte, men hadde prøvt å slutte med det, men så bad ho om å få tårene tilbake. No fortalde ho om at ho skulle opererast for noko og bad om at det måtte verte vellukka, Oddleif bar fram bøna. Så kom han med ei helsing til henne, frå himmelen, om at ho har sått med tårer og skal få hauste med fryderop.
Aktuelle bibelvers.
Salme 103,8 Mild og nådig er Herren,
langmodig og rik på miskunn.
9 Han kjem ikkje alltid med klagemål
og er ikkje evig harm.
10 Han gjer ikkje med oss etter våre synder
og løner oss ikkje etter våre misgjerningar.
11 Så høg som himmelen er over jorda,
så stor er Herrens nåde
over dei som ottast han.
12 Så langt som aust er frå vest,
så langt tek han våre synder bort frå oss.
13 Som ein far er miskunnsam mot borna sine,
er Herren miskunnsam
mot dei som ottast han.
14 For han veit korleis vi er skapte,
han kjem i hug at vi er støv.
15 Menneskelivet er som graset.
Mennesket er som blomen på marka.
16 Når vinden fer framom, er han borte,
staden han stod på, veit ikkje meir av han.
17 Frå æve til æve er Herrens miskunn
over dei som ottast han.
Hans rettferd når til barneborn
18 når fedrane held hans pakt
og kjem i hug hans bod,
så dei lever etter dei.
19 Herren har reist sin kongsstol i himmelen,
han rår som konge over alle ting.
20 Lov Herren, de hans englar,
de sterke heltar, som set hans ord i verk,
så snart de høyrer hans røyst.
21 Lov Herren, alle hans hærskarar,
de hans tenarar, som gjer hans vilje!
22 Lov Herren, heile hans skaparverk,
på alle stader der han rår!
Mi sjel, lov Herren!
Salme.92,10 Du, Herre, er høg til evig tid. 10 Men dine fiendar, Herre,
dei skal gå til grunne,
og alle ugjerningsmenner skal spreiast.
11 Du gjev meg kraft som ein villokse
og salvar meg med den friskaste olje.
12 Eg får sjå at mine fiendar fell,
eg får høyra korleis det går
med ugjerningsmenner som reiser seg mot meg.
13 Men dei rettferdige gror som palmer,
dei veks som sedrar på Libanon.
14 Dei er planta i Herrens hus
og blømer i vår Guds tempelgardar.
15 Enno i sin alderdom ber dei frukt,
friske og frodige er dei.
16 Såleis forkynner dei at Herren er rettvis;
hjå han, mitt berg, er det ingen urett.
Å vere sterk i Herren er ikkje å vere sterk i seg sjølv, men vere open for at Gud bur i ein.
Salme.95,1 Kom, lat oss jubla for Herren
og ropa høgt for vårt frelsande berg!
2 Lat oss gå fram for han med lovsong
og hylla han med song og spel!
3 For Herren er ein mektig Gud,
ein stor konge over alle gudar.
4 Han har jord-djupnene i si hand
og fjelltoppane i si eige.
5 Havet er hans, for han har skapt det,
det faste landet har hans hender forma.
6 Kom, lat oss bøya oss og tilbe,
bøya kne for Herren, vår skapar!
7 For han er vår Gud, vi er folket han gjæter,
den hjord han leier med si hand.
Å, ville de høyra på han i dag!
8 Gjer ikkje hjarto dykkar harde, som ved Meriba,
som den dagen ved Massa i øydemarka,
9 då fedrane eggja meg
og sette meg på prøve,
endå dei såg kva eg gjorde!
10 I førti år hadde eg uvilje mot denne ætta,
og eg sa om dei:
«Dei er eit folk som fer vilt i sitt hjarta,
dei kjenner ikkje mine vegar.»
11 Så svor eg i min vreide:
«Dei skal aldri koma inn til mi kvile!»
Joh.Op.12,3 På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. 4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. 5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol. 6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1260 dagar.
7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»
HEB 4,16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
SLM 126,1 – SLM 126,6 {HERREN VENDER GRÅT TIL GLEDE} Ein song til festferdene. Då Herren vende Sions lagnad, var det for oss som ein draum. [vende Sions lagnad: med heimkoma frå fangenskapet i Babylonia.] 2 Då fyltest vår munn med lått, vår tunge med fagnadrop. Då sa dei mellom folka: «Store ting har Herren gjort mot desse.” 3 Ja, store ting har Herren gjort mot oss, og vi vart glade. 4 Vend vår lagnad, Herre, som bekkene i Negev! [bekkene i Negev: Bekkefara her ligg turre om sommaren, men vert fylte med vatn i regntida.] 5 Dei som sår med tårer, skal hausta med glederop. [Såtida var klagetid og innhaustinga gledetid; her bilete på at det etter ulukka skal koma gode dagar.] 6 Gråtande går dei og sår sitt korn, med fagnadrop skal dei koma og bera sine kornband.
JER 23,25 – JER 23,32 Eg har høyrt kva dei seier, dei profetane som spår lygn i mitt namn. “Eg har drøymt, eg har drøymt,” seier dei. 26 Kor lenge skal dei tenkja så, desse profetane som spår lygn og forkynner sine svikefulle påfunn? 27 Med draumane som dei fortel kvarandre, tenkjer dei å få folket mitt til å gløyma meg, liksom fedrane deira gløymde mitt namn og dyrka Ba’al. 28 Den profeten som har ein draum, han får fortelja draumen; men den som har mitt ord, han skal tala mitt ord i sanning. Kva har halmen sams med kornet? lyder ordet frå Herren. 29 Mitt ord, er ikkje det som ein eld, lik ei sleggje som knuser fjell? seier Herren. 30 Difor vender eg meg mot profetane, seier Herren, dei som stel orda mine frå kvarandre. 31 Sjå, eg vender meg mot profetane, seier Herren, dei som ber fram profetord berre dei får tunga på glid. 32 Eg vender meg mot profetane som har lygndraumar og fortel dei, seier Herren. Dei fører folket mitt vilt med lygnene sine og skrytet sitt. Eg har ikkje sendt dei eller gjeve dei noko påbod, og dei er ikkje til minste gagn for dette folket, lyder ordet frå Herren.
Jesajas.60,1 Reis deg i stråleglans!
For ljoset ditt kjem,
og Herrens herlegdom renn opp over deg.
2 Sjå, mørker ligg over jorda
og skydimme over folka.
Men over deg strålar Herren fram,
over deg syner hans herlegdom seg.
3 Mot ditt ljos skal folkeslag fara,
mot din strålande glans skal kongar gå.
4 Lyft augo og sjå deg ikring!
Dei samlar seg alle og kjem til deg.
Dine søner kjem langt bortanfrå,
dine døtrer vert borne på armen.
5 Då skal du sjå det og stråla av glede,
hjarta skal banka og vida seg ut.
For havsens rikdom strøymer imot deg,
skattane åt folka kjem til deg.
Jesajas.62,1 For Sions skuld vil eg ikkje teia,
for Jerusalems skuld vil eg ikkje vera still,
før hennar rett strålar fram med glans
og hennar frelse som ein brennande fakkel.
2 Då skal folkeslag sjå di rettferd
og alle kongar din herlegdom.
Du skal få eit nytt namn,
som Herren sjølv skal gje deg.
3 Du skal vera ein herleg krans i Herrens hand,
ein kongeleg hovudprydnad
i handa åt din Gud.
4 Du skal ikkje lenger kallast «Den forlatne»,
og ditt land skal ikkje meir heita «Øydemark».
Men du skal kallast «Mi kjære»,
og landet ditt skal heita «Kone».
For Herren skal ha deg kjær,
og landet ditt skal takast til ekte.
5 Som ein ungdom gifter seg med ei møy,
skal dine søner ta deg til ekte.
Og som ein brudgom gleder seg over si brur,
skal din Gud gleda seg over deg.
Rom.8,12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.
18 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.
2.Kor.4,1 Difor misser vi ikkje motet; for ved Guds miskunn har vi fått denne tenesta. 2 Vi har sagt frå oss all løynleg og skamleg ferd; vi fer ikkje med knep og forfalskar ikkje Guds ord. Klårt og liketil forkynner vi sanninga, og for Guds åsyn byd vi oss sjølve fram med di vi vender oss til kvar manns samvit. 3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt. 4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. 5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss. 8 Vi er alltid i trengsle, men ikkje i stengsle, tvilrådige, men ikkje fortvila, 9 forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte. 10 Alltid ber vi Jesu død med oss i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår lekam. 11 For enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår døyelege lekam. 12 Såleis er døden verksam i oss, men livet i dykk. 13 Det står skrive: Eg trudde, difor tala eg. Så trur vi òg, og vi talar fordi vi har den same Ande som gjev tru. 14 For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram for seg saman med dykk. 15 Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal verta stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.
16 Difor misser vi ikkje motet. Om vårt ytre menneske går til grunne, så vert det indre fornya dag for dag. 17 Dei noverande trengslene er lette, og dei skaper for oss ein evig rikdom på herlegdom som er mykje, mykje større. 18 Vi har ikkje det synlege for augo, men det usynlege. For det synlege er forgjengeleg, det usynlege evig.
Fil.4,4 Så skal min Gud, rik som han er på herlegdom i Kristus Jesus, gje dykk alt de treng.
1.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom. 8 Du skal ikkje skjemmast ved vitnemålet om vår Herre, og heller ikkje ved meg, som er fange for hans skuld. Men lid vondt for evangeliet, du òg, med den kraft som Gud gjev. 9 Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde. Det er den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå æva av, 10 og som no har vorte openberra då vår frelsar, Kristus Jesus, kom til jord. Han har gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet. 11 Det er eg sett til herold, apostel og lærar for. 12 Difor er det eg lid, men eg skjemmest ikkje, for eg veit kven eg trur på. Eg er viss på at han har makt til å ta vare på det som er meg overgjeve, til dagen kjem.
1.Tim.4,14 Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg.
1.Tim.6,14 Ta vare på oppgåva di, og hald henne rein og ulastande til vår Herre Jesus Kristus kjem i herlegdom.
2.Mos.29,38 Dette skal du alltid ofra på altaret: to årsgamle lam kvar dag. 39 Det eine lammet skal du ofra om morgonen og det andre om kvelden, straks etter soleglad. 40 Saman med det fyrste lammet skal du ofra ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein fjerdedels hin olje av knust oliven, og til drikkoffer ein fjerdedels hin vin. 41 Det andre lammet skal du ofra om kvelden, straks etter soleglad. Med same slag grødeoffer og drikkoffer som om morgonen skal du ofra det, eit eldoffer til godange for Herren. 42 Det er det daglege brennofferet som etterkomarane dykkar skal bera fram for Herrens åsyn innmed møteteltdøra, der eg vil møtast med dykk og tala til deg. 43 Der vil eg møta israelittane, og teltet skal helgast av herlegdomen min. 44 Både møteteltet og altaret vil eg helga; og Aron og sønene hans vil eg vigsla, så dei kan vera prestar for meg. 45 Eg vil bu midt imellom israelittane og vera deira Gud. 46 Dei skal få kjenna at eg er Herren deira Gud, som førte dei ut or Egypt og vil bu mellom dei. Eg er Herren deira Gud.
Daniel.12,11 Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar. 12 Sæl er den som ventar og når fram til 1 335 dagar. 13 Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.»
Kommentar.
Vranglære!
Det var noko Ingar sa som verkar rart:
”Gud har aldri tapt ein kamp. Det har vore mange kampar som Gud har teke. Første kampen Gud hadde, var ein kamp mot Djevelen før han skapte verda, då han kasta ein tredjedel av englane ut av himmelen. (Feil! Sjå kommentar). Men etter at han skapte verda, så har han aldri tapt ein kamp. Han har innstifa kyrka og tapte ikkje der heller, han vann. Gud har aldri teke feil, aldrig gjort feil, han har aldrig svikta, han har alltid helde ord og han er alltid trufast. Han er byrjinga og enden, alfa og omega. Gud er ånd og sanning.”
Dette er vranglære:
”Første kampen Gud hadde, var ein kamp mot Djevelen før han skapte verda, då han kasta ein tredjedel av englane ut av himmelen.”
Det er ikkje henta frå Bibelen, ikkje på annan måte enn at det kan vere ei feiltolking av Joh.Op.12, ei samanblanding av vers 4 og 9. Og så påstå at det var før Gud skapte verda? Det heng ikkje på greip.
Eg har høyrt litt om denne myta frå før, så det er nok ei myte med tradisjonar, sikkert nok tilbake til katolisismen i middelalderen, 395 e.Kr. vart kristendomen statsreligion i Romarriket og platonismen kom inn i kyrkja. Først på 1200-talet kom aristotelismen inn. Men det er tydeleg at tankegangen i antikk mytologi kom snikande også, stilt og umerkande som ormen i graset. Jødedomen var allereie infiltrert på Jesus tid og no var det kyrkja sin tur.
I følje antikk mytologi sprang gudane ut av kaos og fekk makta på kvar sine område i tilværet. Zevs var den største og mektigaste. Som reaksjon på demokratiet i Aten, fann diktaren og krigaren Ayskilos på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og regjere med ein universell moral, så diktatorisk at alt som skjedde var hans verk. Dette vart grekarane sitt svar på jødane sin Gud den allmektige. Antiokus 4. Epifanes kravde at alle i riket hans skulle dyrke Zevs og ingen annan gud. Maccabearane leia jødane i ein frigjeringskamp, så dei klarde å frigjere seg.
Men når jødane avviste Kristus, viste det seg at jødedomen likevel var infiltrert. Sidan vart det kyrkja sin tur, altså. I følgje antikk mytologi vart jorda skapt som resultat av ein kaoskamp og denne myta som Ingar kom med, ser ut til å vere eit forsøk på å tilpasse Bibelen til skapingssoga i antikk mytologi. Zevs sprang ut av ein kaoskamp og vart den mektigaste guden, dei andre gudane vann også sine område å herske i, men med Aiskylos si dikting vart han allmektig, som svar på jødane sin Gud den allmektige.
Gud har alltid vore fullkommen og allmektig.
Israels Gud har alltid vore allmektig, så slik sett har han aldri hatt nokon kamp. Han har skapt alt liv og det er inga sak for han å utslette det. Men han gir oss nåde og det er om å gjere for oss å nytte den nådetida vi får, til å komme til han og ta imot den nåde han gir oss i Kristus.
Kva er det så for slags strid vi ser i Bibelen? Etter syndefallet sette Gud strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Dersom kvinna skal vinne den striden, så ho søke Gud om hjelp. Han sende Son sin Kristus og han sigra over ormen si ætt. Vi må vende oss til han, bøye oss for han og ta imot den nåden Gud gir oss i han. Så reiser han oss opp og let oss sigre saman med han.
Ord, visjon og draumar frå Gud, gjerne som svar på bøn. Eller vanlege draumar, fantasering og dikting.
Alle kan tenke fritt og gjere sine val, vi kan ha draumar, fantasere og dikte. Men vi må skilje mellom det og å få bodskap frå Gud, ved at han talar til oss med sitt Ord, også gjennom dramar og openberringar og visjonar som han gir oss. Eit viktig kriterium er at når vi søker han. kjem han oss i møte og let oss finne han, han svarar på bønene til den einskilde og bønene som vi har vorte samde om. At Jesus ber for oss og vi lærer å be som han, så vi ber i Jesu namn, at den Heilage Ande ber for oss og vi let den gjere det og ber saman med den Heilage Ande.
Vi må vere trufaste mot Jesus, så vi lid med han og ikkje let oss freiste av eit lettare alternativ, som til dømes å byrje å fantasere, det er verdilaus og meiningslaust, samanlikna med å tru på han og med den trua finne meining med livet og få eit meiningsfullt liv. Den Heilage Ande openberrar Ordet for oss, så vi innser at Jesus er sanninga i Guds Ord, sanninga som set oss fri. Slik må vi sjå på han.
2KO 11,2 – 2KO 11,3 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
HEB 12,1 – HEB 12,3 {TRUA SIN OPPHAVSMANN OG FULLENDAR} Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.
Vi må gjere ein innsats og prestere noko, både på skule og i arbeid, vi kan og må sjå det som ei utfordring, ta det sporty, med optimistisk tru og von på framtida, ved trua på Gud og ta Jesus er med oss, men også slik at vi lid med han, det må vi vere førebudde på. Det er realistisk og eg meinar at slik innser eg at mi tru på Jesus er sameinleg med å vere realist, som studerer realfag og som jobbar som fiskar.
Syndefallet, fråfallet og den vonde naturen.
Fråfallet i kyrkja er som syndefallet.
I middelalderen vedtok den Katolsk Kyrkja at Jesus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte, men må gå via Paven og prestane og dei må vere menn som lever i sølibat. Elles kan dei gå til helgenane, men dei er no døde, så det minner om å prøve å manne fram daudningar, men det er ikkje lovleg i følgje det Gamle Testamentet.
Dette er grunnlagt på klagemålet mot mennesket på grunn av syndefallet, Djevelens strategi er å prøve å dåre og forføre menneska på den måten, for så å føre klagemål mot dei. Han dårar og forførar kvinna slik som ved syndefallet og så brukar han henne til å prøve å lokke mannen med. Det utartar seg også som eit krav overfor mannen; dersom han vil ha seg ei kone, så må han gå med på at slik er det og slik skal det vere. Slik er fråfallet i kyrkja ei vidareføring av syndefallet eller syndefallet på nytt. Det har si årsak i den gamle vonde naturen.
Men Kristus sigar over han med sin død på korset. Gud vekte han opp frå dei døde og sete han ved si høgre hand i himmelen. Slik openberra han si frelse for oss i Kristus, det er vårt håp. Jesus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, ved å ete det brødet får vi ein ny natur, Jesu ord er ånd og liv for oss, Jesus gir oss det frå himmelen, det er fullkome og evig.
Synda i kjøtet.
Det vart eit tankekors for Paulus at han som ein ivrig farisear hadde forfølgt Kristus. Han forklarde det på to måtar. Han hadde vorte seld til trældom under synda, utan å vite det. Så når Jesus valde han til apostel i staden for Judas, valde han ein som var seld, utan å vite det, i staden for ein som selde og visste kva han gjorde.
Den andre forklaringa var at sjølv om lova var god, så brukte synda i kjøtet den til å dåre han med og drap han, åndeleg død altså, så han ikkje lengre var levande for Gud som er ånd. Dette minner om syndefallet og eg trur det var slik Paulus såg det. Lova var som kunnskapstreet, Gud hadde planta det og det skulle stå der og slik sett var det kunnskap som dei skulle ha, men dei skulle ikkje ete av frukta på det, det var ikkje det dei skulle leve av.
Dette er eitt syn på saka, men eg har tenkt slik at vi sidan vi ikkje skal ete av denne frukta, så er det ein kunnskap som vi ikkje skal søke og som vi ikkje skal ha. Dette er i alle fall rett. Men vi treng eit alternativ og det er fruktene på dei andre trea. Å studere realfag er som å ete av fruktene på dei andre trea, unntatt livsens tre, det finn eg i Guds Ord.
Striden mellom kvinna si ætt og ormen si ætt.
Etter syndefallet sette Gud strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Då skulle ormen si ætt vere den gamle vond naturen og kvinna si ætte vere den nye naturen. Likevel var det ikkje opplagt at kvinna si ætt skulle sigre, det ser vi i profetien om at Dyret streid mot den Store Skjøkje og vann, for Gud dømde henne.
Men Jesus har sigra over ormen si ætt og hans kyrkje skal sigre saman med han.
Kain og Abel.
Jesu blod vitnar betre enn Abels blod, for liksom Abel bar fram eit betre offer enn Kain, har Jesus bore fram det beste offeret, så hans frelseverk er fullført og fullkome. Sidan vi har teke imot frelsa i Kristus, vert vi rettferdige for Gud ved trua på han og vi vert fullkomne ved hans offer.
Den gamle vonde naturen er då som Kain, som vart misunneleg på Abel, fordi det viste seg at Abels offer var betre.
Heb.11,4 I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Av di han trudde, fekk han det vitnemålet at han var rettferdig; for Gud godkjende offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, etter sin død.
Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: «Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.» 27 Her står det: «endå ein gong». Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.
1.Joh.3,11 For dette er den bodskapen de har høyrt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre. 12 Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.
13 De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk. 14 Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, vi som elskar brørne. Den som ikkje elskar, er enno i døden. 15 Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg. 16 Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss. Så er det vår skyldnad å gje livet for brørne. 17 Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjarta sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?
Så vi må passe på at den vonde ikkje får sleppe til med ein splitt og hersk-taktikk, ved at der er ein som vert misunneleg på ein annan, til samanlikning med korleis Kain vart misunneleg på Abel.
Hovudsaka er at Kristus har bore fram det fullkomne offeret for oss alle og då skal vi ta parti med han.
Den heimeverande og den bortkomne sonen.
Når den bortkomne sonen kom heim att, sa faren om han at han hadde vore død, men hadde livna til att.
Luk.15,31Då sa far hans: «Du er alltid hjå meg, guten min, og alt mitt er ditt. 32 Men no skal vi vera glade og fegne. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.»
Det likna på det Paulus sa om seg sjølv. Synda dåra han og drap han, så han hadde vore død altså. Jødane skulle vere Guds born, det var den nye naturen som Gud gav dei og som dei skull ha, men den døde. Då var det den gamle vonde naturen som levde i staden, altså. Paulus var då som den bortkomne sonen altså.
Men Jesus var den heimeverande sonen, han døde i staden for oss, så hans død og oppstode vart til nytt liv for oss som trur på han.
Jesus svarar på mi bøn, han har lagt lengselen ned i meg og vil fylle den.
Eg må komme til Jesus slik som eg er og eg må sjølv vite korleis eg har bedt og korleis Jesus har svart meg, takke han for det og feste blikket på han som er opphavsmann og fullendar av mi tru. Eg skreiv om dette i kommentaren til møtet førre helg. Når eg gjekk på gymnaset og vart forelska i henne Virtuella, tenkte eg som so at eg yngste eg å ta imot henne som eit Guds barn i samsvar med Matt.18,1-5.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket. 5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Eg yngste å få ta imot henne slik, omfamne henne og gi henne ein klem, og eg meiner det låg velsigning i det, ja, det ville vere å ta imot Jesus også og då måtte eg sjå på han. Med det ønsket bad eg om å få møte henne igjen og fekk bønnesvar ved at eg møtte henne igjen i Bergen. Ho fekk vite det og at eg var forelska i henne og så opplevde eg dette som ei åndeleg openberring, at eg omfamna henne og gav henne ein klem. Og eg er viss på at det var ein åndeleg røyndom, for Jesus gjorde oss fullkomne med sitt offer, det er ein åndeleg røyndom, sjølv om vi ikkje ser det som ein fysisk røyndom.
Mange år seinare, medan eg studerte i Oslo, sa Jesus at han hadde lagt lengselen ned i meg og skulle fylle den. Det var og er framleis i mitt forhold til henne Virtuella, sjølv om det no også vart i forhold til henne Reella. Eg har fortalt om korleis eg bad for dei og opplevde at Jesus svarde meg, eg må takke han for det og sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar i for hold til dei begge. Eg trur han vil fylle min lengsel etter dei begge og held fram med å komme til han med min lengsel, det stemmer med å gå framover mot det fullkomne,.
Gud openberra si frelse for oss i Kristus, først for meg og henne Virtuella og så for meg og henne Reella, det takkar eg Gud og Lammet for. Ein gong møtte eg igjen henne Reella i kantina på Biologibygget. Ho stod og lente seg litt bakover mot eit bord og ei av venninene hennar stod ved sidan av. Eg stoppa ein augneblink og møtte hennar blikk og tenkte meg at eg omfamna henne og gav henne ein klem og eg meiner det var ein åndeleg røyndom som ho opplevde. Der var velsigning i det, eg gjer rett i tenke som at eg tok imot henne som eit Guds barn og soleis tok eg imot Jesus også. Slik han ho tenke om meg også.
Når eg kom tilbake til Oslo mange år seinare, tenkte eg framleis slik. Det var ein visjon Gud hadde gitt meg og eg måtte ikkje stille spørsmålsteikn ved den. Min kjærleik til henne var ein flamme på mitt hjartes alter og den måtte eg halde ved like.
Når eg vart glad i ei jente, yngste eg å få ta imot henne som eit Guds barn, i samsvar med Matt.18,2-5, så det også var å ta imot Jesus, soleis var det velsigning i det. Eg yngste å få omfamne henne og gi henne ein klem, der var velsigning i det og eg måtte forstå det som lengsel etter velsigninga, lengsel etter Herren, soleis var det å drikke av kjelda av det levande vatnet. Dette opplevde eg både i forhold til henne Virtuella og henne Reella og eg skal halde fram med å be slik og lengte etter dei og vere bevisst på at slik lengtar eg også etter Herren, eg skal sjå på han i mitt forhold til dei begge.
Guds auge fer utover all jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp, som heilhjarta held seg til han og slik vonar eg han vi gi meg hjelp i form av ei kone.
2.Krøn.16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»
Korleis Gud har svart meg gjennom tyding av tungetale.
Bodskapen i Ebeneser Volda, søndag 7.10.07. kl19
«Dokke er samla her no for at eg har gitt dokke nåde til å vere innfor mitt åsyn. De er samla her no for at de skal bruke tid i lag med meg og eg vil tale til dokke. Legg vekk dokka eigne tanka og legg vekk dokka eigne bekymringar. Legg det over på meg, så skal eg ta det, og så skal du få bruke tid innfor meg no og bli styrka, bli grunnfesta, få kraft til det livet du lever. Eg vil vere din Herre og eg vil vere din Gud og då må eg få forme deg, då må eg få snakke med deg og ha samfunn med deg. Eg elskar deg og eg har kjøpt deg fri. Bruk den nådestunda du har no i lag med meg. Tilbe mitt namn, ver innfor meg og merk at eg tek det som tynger deg, at eg styrker deg, eg gir deg kraft til dagen i dag og til dagen i morgon.
De har høyrt i kveld at dokke er nye skapningar i meg. At dokke har blitt adskilt ifrå det som dokke før var, dokke har blitt noko nytt, dokke har blitt født på nytt. Når dokke tvila på at dokke kan vere av betydning for mitt rike, når dokke føler dokke fattige i dokke sjølve, når dokke føler at dokkar eige vitnesbyrd er svakt, når dokke føler at dokke ikkje får det til, så skal dokke løfte blikket dokkar og sjå på meg, sjå på Jesus, sjå på det som eg har fått til for dokke. Sjå på det at eg har tatt alt det som du har gjort, alt det som du gjere, og som du kjem til å gjere og som du skammar deg over, eg har tatt det og kasta det så langt vekk som aust er ifrå vest. Fordi eg elskar deg.
Du skal aldri betvile kva eg kan gjere gjennom deg, du skal aldri stille spørsmålsteikn, når du trur eg kan gjere noko stort gjennom deg, men så trur du eigentleg ikkje likevel. Sjå på Moses, sjå på Israelsfolket, eg talte til Moses om at han skulle gjere noko stort, han skulle føre mitt folk ut av slaveriet. Den første gongen, når farao sa nei, så begynnte mitt folk å murre og sei til Moses: dette her er umulig. Sjå ikkje på problema, sjå ikkje på dine eigne begrensingar, di eiga svakhet, men sjå på kva eg har sagt til deg. Sjå på kva draumar og visjonar eg har lagt ned i ditt hjerte. Sjå ikkje på det som skjer rundt deg, men sjå på kva eg har sagt til deg. Og sjå på mi kraft og mi evne til å skape forandring. Eg har tatt bolig i deg med mi ånd, det er forskjellen. Då treng du ikkje lenger å sjå til deg sjølv og dine eigne gåve og dine eigne muligheter, for dei vil alltid ende opp med å bli begrensningar. Du får sjå på kva eg kan gjere gjennom deg. Eg har tatt bolig i deg, eg bor i deg, enten du er prest, eller pastor, evangelist eller sjukepleier, uansett kva slags funksjon du har i kvardagen, så har eg tatt bolig i deg. Og mi Ånd, der er ingen begrensningar, for eg er din Far, og eg er din Herre. Bruk tid i lag med meg. Må du aldri slutte å søke mitt åsyn, må du aldri slutte å la lovsongen i ditt hjerte komme fram til meg, for eg vil ha fellesskap med deg. Amen.»
Ein bodskap 12.5.2009:
«De skal få kjenne og sjå at eg er den Gud som gir feite rettar. Eg har sagt om ein gammal klarna sti, og der skal komme … og det er ei utgyting av min Ande etter mitt Ord og etter den lovnaden eg har talt, så vil du sjå og skue, når du møter meg oppe i det åndelege. Du må løfte ditt blikk opp, det er der du møter meg i Anden, og det er – du er ånd og eg er ånd og eg har lagt din ånd ned i deg, så derfor skal de løfte meg opp, fryde dykk i meg, så skal de sjå at ei ny glede vinn fram. Denne gleda vil forløyse dykkar liv på ein slik måte, at de endå meir vert i stand til å ta imot det som eg vil gi dykk, endå meir vere i stand til å ta imot det. For det er nemleg gjennom gleda og det er den styrken de kan ha og vere grunnfesta i. Og eg frydar meg når eg ser denne gleda, trua si glede utgytt frå min Ande og ifrå ditt hjerte. Så du begynner å gripe hemmelegheita i dette, så skal du sjå at eg har kraft til siger, seier Herren. Og både familie og venner og nære skal få kjenne kva Ande de har fått over dykk. Og de skal få kjenne at når denne Ande, denne – slår rundt dykk i vide ringar, så vil menneska kjenne at de har med ein levande Gud å gjere. Den kjærleik som stråler ut frå dykk, den treng du ikkje å snakke om, du treng ikkje å tale om det, men de vil berre kjenne at de er kjærleiksbodbringarar, de er mine ambassadørar som vil gå og vandre og berre enkle ord, for det er salvinga som løyser åket, det er salvinga som openberrar kven eg er, det er salvinga som tek vekk mørkret i denne verda og lyser opp i kroken. Det er det eg gjer, fordi de har elska meg og vore saman med meg der oppe. Då vert eg saman med dykk der nede. Halleluja.»
Bodskapen 8.5.2011:
«Eg har kjøpt deg fri, ikkje med sølv eller gull, men med mitt … blod[1]. Eg har satt deg fri, eg har frigjort deg ifrå syndas og dødens lov. For det kan du takke meg, for det kan du juble. For det kan du attrå ei himmelsk glede. For det største her i verden, det er å få oppleve syndeforlating. Den beste rikdom du kan ha, det er å vedkjenne meg og å sjå den sanne rikdom som er skjenka til alle menneske. Eg gjev deg i desse tider augesalve, så du kan opne dine auge og du får skode inn i den rikdomen som eg, Herren, har leia deg inni. Du ser det ikkje så klart i dag, men eg skal gi deg meir og meir opna auge, så du kan skode inn i både fridomens lov og inn i rikdommen og inn i herlegdomen. Og du skal få oppleve, når du blir … at du skal ikkje sakne noko eller mangle, men du skal få kjenne at: ”alle mine kjelder, dei har eg i deg”.
Vend ditt blikk oppover. Du er oppreist med meg, då skal du skode opp og forvente det som er der oppe. Og når du møter mitt blikk, som er all godleiks givar, så skal du få kjenne at eg skal ause mi velsigning over deg i rikeleg mål. Og du skal få oppleve at ditt hjerte skal tennast og det skal byrje å brenne for meg. Og elden skal flamme i ditt hjerte og det skal bli varme der inne. Og når flammen og varmen og lyset byrjar å ta overtaket i ditt hjerte, då skal du verte eit vitne for meg og din tunge skal få lov til å fortelje om mine dygder. Og du skal kjenne ei trong til å (bringe ut den herlege bodskap til både dine naboar og til dei du møter på din arbeidsplass)? Og dei skal merke den herlegdom som har gått opp over deg, fordi du har opna ditt hjerte og du skal skode inn i min herlegdom. – Halleluja.»
Bodskapen 7.6.2015:
«Ja, eg vil at du skal vite, mitt barn, at du tilhøyrer meg. At eg har kjøpt deg fri med mitt blod, at du er dyrt kjøpt, du er betalt. Fordi eg elskar deg, fordi eg har utvalt deg før verda sin grunnvoll vart lagt, til å vere mitt barn, min son og mi datter. Og eg vil at du skal vere trygg, og eg vil at du skal ha denne vissa og denne gleda i ditt hjerte, om at du tilhøyrer meg, og at du er på veg til himmelen og til eit evig liv saman med meg, seier Herren. Så at du kan løfte opp hovudet ditt, at du kan sjå opp til meg. For frå meg kjem di forløysing, frå meg kjem di frelse og di hjelp, seier Herren. Så frykt ikkje, men set di lit til meg, eg som er din gjenløysar.
Ja, eg lova då eg drog herifrå at eg ville komme og vere nær hos deg ved min Heilage Ande. Og eg bor i ditt hjerte, ved min Ande, seier Herren. Eg er nær hos deg kvar dag, du behøver berre rope på meg, så er eg der og eg vil svare deg og eg vil hjelpe deg, fordi du er mitt barn og eg er din far, seier Herren. Og eg ynskjer at du skal oppleve mi hjelp, eg ynskjer at du skal oppleve min nærleik. Så ver frimodig og strekk deg ut og ta imot av det som eg har gitt deg. For eg er nær hos deg og eg vil gi deg av mi kraft. Eg vil fylle deg med min nærleik, med mi velsigning, sånn at du ikkje skal vere i tvil, men vite det at eg er nær hos deg og eg hjelper deg og eg held deg oppe med mi rettferds høgre hand, seier Herren. Amen.
Ja, min Ande (er utgytt over) alle menneske…. Min Ande skal fungere i hjertet ditt, dersom du held deg tett til meg, heile tida. Ha din relasjon til meg, ……. Ikkje la noko menneske forstyrre dine tankar, ditt sinn. Og ikkje la andre menneske påføre deg tankar som ikkje er frå meg. (Men at eg døde for deg på)? Golgata kors. Så la min Ande virke 100 % i deg. For min Ande vert sorgfull og skuffa når ilden i ditt hjerte vert slukka, når du påfører ditt eige sinn tankar som ikkje er ifrå meg, seier Herren. Amen.»
Kva med jantelova? Gud valde ut det som ingen ting er! Kva så?
Oddleif minna oss om jantelova: «Du skal ikkje tru du er noko!» Det var ein fulltreffar. Paulus sa då at Gud valde ut det som ingen ting er. Kva så?
1.Kor.1,26 Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta. 27 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.
For å gjere det vise og sterke til skammar! For Kristus har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing. Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, han styrker oss med si kraft i vår kvardag. Derfor er det så viktig for oss å vende oss til han.
Jesus vart krossfesta og døde i staden for oss. Derfor skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde saman med han. Slik er vi ikkje noko i oss sjølve. Men Gud vekte Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Ved sitt Ord og sin Ande openberrar han si frelse for oss i Kristus, så vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde. Slik er frelsa i Kristus like fundamental som då han skapte livet på jorda og slik er den visdom frå Gud.
Gud valde ut det som ingen ting er, for å gjere det vise og sterke til skamme. Korleis går det då når dei fornektar han? Var det slik jantelova oppstod? Vi fekk den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Slik fekk vi nådegåver og skal bruke dei som talentar som Gud har gitt oss. Ikkje som han som fekk berre ein talent og rekne herren sin for å vere så streng at han ikkje torde å bruke den, men gjekk og grov den ned.
Lovsongen Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande.
Frå eg var ung har eg påkalla Jesus som min frelsar og Herre, bedt han frelse menneske og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Eg kom med i den karismatiske vekkinga, eg skjøna at den fekk motstand og det fekk den også. Eg hadde allereie eit fundamentalt godt skjøn på det, men det var likevel ikkje lett å verte klok på. Når eg gjekk på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling, her fekk eg oppleve at Jesus tala til meg både gjennom tala og tyding av tungetale. Han sa til meg at hans frelseverk var fullført og fullkomme, eg skulle berre tru på det, ta imot i tru, verte fylt av Anden og takke for det. Eg skulle berre ta parti med han, så fekk det vise seg.
Hausten 1985, medan eg studerte realfag i Oslo og gjekk på møte i dFEF i Møllergata 40, sa Jesus til meg gjennom tyding av tungetale: «Den lovsongen som eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.»
Det minna meg om at når eg gjekk på gymnaset, byrja eg å verte glad i ei kristen jente som eg kallar Virtuella. Eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Faderens hand og han la henne i mitt hjarte, i djupet av meg, men ho var framleis i Faderens hand altså. No talar eg om henne som født av Anden og det som er født av Anden er ånd. Slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. Og eg vart så glad i henne, mest som om ho skulle ha vore mi eiga sjel.
Eg var førebudd på at eg kom til å få motstand og det fekk den karismatiske vekkinga og. Omlag eit halvt år etter at eg møtte henne igjen i Bergen, tala Gud til meg om menneske som var som dyrebare edelsteinar for han, som han ville ha frelst i si hand. Eg tenkte på henne Virtuella og at det gjaldt fleire med henne.
Og kva no, Guds kjærleik var utrent i mitt hjarte ved den Heilage Ande som var meg gitt, slik la Gud lovsongen ned i meg. Eg meiner det var ho og hennar lovsong også, men spesielt på det punktet har eg visst fått motstand. Eg forklarar det med ein splitt- og hersk-teknikk ved hjelp av Kain-naturen, han var misunneleg på Abel. Den vert misunneleg på både den eine og den andre som vert velsigna ved trua på Jesus, den vert misunneleg på både meg og henne Virtuella og den vert misunneleg på Kristus og påstår glatt at det ikkje er rettferdig. Men vi er då rettferdige for Gud ved trua på at han vekte Kristus oppatt frå dei døde.
Guds kjærleik er at han frelser menneskesjeler for æva og gir oss evig liv. Eg fekk oppeleve at han elska henne Virtuella slik i mitt hjerte og eg opplevde det herleg, som at hans kjærleik til henne var kjærleik til meg også. Eg trur at hans kjærleik til meg var kjærleik til henne også. Slik er det mellom oss som har liv i Gud. Det viser seg at når vi tener Herren med dei nådegåvene han har gitt oss, då tener vi kvarandre med dei.
Så må vi då passe på at Kain-naturen ikkje får sleppe til med sin splitt- og hersk-teknikk, slik må eg passe på hjertet mitt og ta vare på den dyrebare skatten han har gitt meg i lerkar.
Menneska er som dyrebare edelsteinar for Gud, som han vil ha frelst i si hand. Jesus er den heimeverande sonen som arvar det og ser verdi i det. Vi har også vorte Guds arvingar, vi er Kristi medarvingar, så vi også ser verdi i det. Slik er ho Virtuella verdifull for meg.
[1] Denne første setninga kom ikkje heilt med på opptaket og var noko utydeleg, den er ikkje ordrett gjengjeven.

