Innleiande kommentar: Sjå Jesu kjem på himmelens skyer.
Maranata har nyst hatt landsstevne på Seljord og det er tydeleg at Jesus har noko på gang. For kven? Lat oss sjå i
Joh.Op.22,16 Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.» 17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.
Møta finn de på:
https://www.facebook.com/korsetsvei og
https://www.youtube.com/channel/UC6QOMVNHzfDOtXLH-4CYs8w
Så eg skriv ikkje fullstendige møtereferat, men konsentrerer meg om bodskap som kom gjennom tyding av tungetale.
Tor Kristiansen fortalde at Maranata betyr Herren kjem, når trykket er lagt på «ata», men når det er lagt på «ran» betyr det kom Herre. Begge deler er viktig for oss og det er vel neppe nokon legg meir vekt på det enn denne organisasjonen. Gud skaper oss i Kristus og gjer alle ting nye og fullfører det ved Jesu gjenkomst. Så vi kan godt sjå det på grunnlag av skapingssoga.
Guds Ande sveiv over vatna, så sa han at det skulle verte lys og det vart lys. Så kom der lysdagar då Gud skapte liv på jorda. Han som sa at liv skulle skine fram av mørket, han har late det skine i våre hjarte. Det ordet Jesus har tala til oss er ånd og liv og livet var lyset til menneska.
2.Kor.4,5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss. 8 Vi er alltid i trengsle, men ikkje i stengsle, tvilrådige, men ikkje fortvila, 9 forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte. 10 Alltid ber vi Jesu død med oss i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår lekam. 11 For enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår døyelege lekam.
Anden er usynleg for vårt fysiske auge, den openberrar Guds Ord for oss, så vi innser at Kriostus er sanninga i Guds Ord, sjølv om vi ikkje ser han med vårt fysiske auge. Slik vi sjå at han kjem på himmelens skyer.
Joh.Op.1,4 Johannes helsar dei sju kyrkjelydane i provinsen Asia: Nåde vere med dykk og fred frå han som er og som var og som kjem, og frå dei sju åndene som står framfor hans kongsstol, 5 og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den fyrstefødde av dei døde og herren over kongane på jorda. Han som elskar oss og har fria oss frå syndene våre med sitt blod, 6 og har gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud, sin Far, han skal ha æra og makta i all æve. Amen.
7 Sjå, han kjem med skyene! Kvart auga skal sjå han, også dei som har gjennomstunge han, og alle folk på jorda skal gråta sårt over han. Ja, sanneleg, amen!
8 Eg er Alfa og Omega, seier Gud Herren, han som er og som var og som kjem, Den Allmektige.
Eg meiner at her er «himmelens skyer» symbol på den Heilage Ande og den er framleis usynleg for det fysiske auget. Men når Jesus kjem att, stig han ut på skya, så det vert synleg for alle. Jorda er rund, så korleis kan det verte synleg for alle over heile jorda? Må det pågå eit heilt døgn? I vers 7 ser det ut til at folk får tid til å reagere på det. Men så skal det verte som ein verblink.
Matt.24,27 For liksom lynet går ut frå aust og lyser radt til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem. 28 Der åtselet er, vil gribbane samlast.
29 Så snart denne trengselstida er over, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrømda skakast. 30 Då skal teiknet åt Menneskesonen syna seg på himmelen, og alle folk på jorda skal setja i med klagerop; og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom. 31 Medan luren ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå heimsens fire hjørne, frå himmelbryn til himmelbryn.
I det gamle testamentet ser vi at Gud var i ei sky som var fysisk synleg for folket.
2.Mos.13,21 Herren gjekk føre dei, om dagen i ein skystolpe som synte dei vegen, og om natta i ein eldstolpe som lyste for dei. På den måten kunne dei fara både dag og natt. 22 Skystolpen kvarv ikkje frå folket om dagen, og eldstolpen ikkje om natta.
2.Mos.40,34 Så sveipte skya seg om møteteltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen. 35 Moses kunne ikkje gå inn i møteteltet, fordi skya låg over teltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen. 36 Kvar gong skya lyfte seg frå heilagdomen, tok israelittane ut. Såleis gjorde dei på heile ferda. 37 Men når skya ikkje lyfte seg, heldt dei seg i ro til ho lyfte seg att. 38 For Herrens sky låg over heilagdomen om dagen, og om natta lyste ho som eld for augo på alle israelittane, så lenge ferda varte.
2.Mos.19,16 Då det vart morgon tredje dagen, bar det laust med torebrak og lyn. Det la seg ei tung sky over fjellet, og det lydde ein sterk hornlåt. Alle som var i leiren, skalv av redsle. 17 Men Moses førte folket ut or leiren til møtes med Gud, og dei vart ståande nedunder fjellet. 18 Heile Sinai-fjellet stod i røyk, av di Herren hadde kome ned på det i eld. Røyken steig opp som or ein smelteomn, og heile fjellet dirra og skalv. 19 Hornlåten auka og vart sterkare og sterkare. Moses tala, og Gud svara så det kunne høyrast.
20 Då Herren hadde stige ned på Sinai-fjellet, på øvste tinden, kalla han Moses opp på fjelltoppen, og han gjekk opp. 21 Herren sa til Moses: «Gå ned og åtvar folket, så dei ikkje trengjer seg fram til Herren og vil sjå! For då kjem mange av dei til å missa livet. 22 Jamvel prestane, som elles får stiga fram for Herren, må helga seg, så Herren ikkje skal bryta inn mellom dei.» 23 Då sa Moses til Herren: «Folket kan ikkje stiga opp på Sinai-fjellet, for du har sjølv åtvara oss og sagt: Merk av ei grense kring fjellet og lys det heilagt!» 24 Og Herren sa til han: «Gå ned, og kom så opp att, du og Aron! Men prestane og folket må ikkje trengja seg fram og stiga opp til Herren, for då bryt han inn mellom dei.»
25 Då gjekk Moses ned til folket og sa det til dei.
Når det var innviings-fest for Salomos tempelet, med lovsang, fyllte skya tempelet, det var Herrens herlegdom.
2.Krøn,5 Så gjekk prestane ut or heilagdomen. Alle prestane som var der, hadde helga seg, kva skift dei så tilhøyrde. 12 Og alle levittsongarane, både Asaf, Heman og Jedutun og sønene og brørne deira stod der på austsida av altaret, kledde i lin, med cymblar, harper og lyrer, og i lag med dei hundre og tjue prestar som bles i trompetar. 13 Med eitt sette trompetblåsarane og songarane i, alle som ein, og lova og prisa Herren. Til lyden av trompetar, cymblar og andre musikkinstrument lova dei Herren fordi han er god, og hans miskunn varer til evig tid. Då vart templet, Herrens hus, fylt av ei sky. 14 Og prestane kunne ikkje stå og gjera teneste for skya skuld; for Herrens herlegdom fylte templet.
Kvifor kunne dei ikkje gjere teneste? Fordi dei ikkje kunne puste inn skya? Eller fordi den var så tett at dei dei ikkje såg gjennom den? Kanskje begge deler. Eg tenker meg poenget var at her var det Gud som gjorde sitt verk, ved sin Ande og då kunne ikkje menneske tilflye noko.
2.Kor.3,1 Tek vi no atter til å gje oss sjølve lovord? Eller treng vi, som visse andre, tilrådingsbrev frå dykk eller til dykk? 2 Nei, de er sjølve vårt tilrådingsbrev, skrive i hjarto våre, kjent og lese av alle menneske. 3 For de syner dykk som Kristi brev, eit brev som har vorte til ved vår teneste. Det er ikkje skrive med blekk, men med den levande Guds Ande, ikkje på steintavler, men i menneskehjarto.
4 Denne overtydinga har vi i Kristus, for Guds åsyn. 5 Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud, 6 han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. 7 Den tenesta som var føreskriven med bokstavar hogne i stein, var ei dødens teneste. Likevel var ho omgjeven av ein slik herlegdom at israelittane ikkje kunne sjå Moses i andletet; så sterk var glansen frå det, endå det var ein glans som kvarv. 8 Kor mykje større herlegdom har ikkje då Andens teneste? 9 For hadde fordømingstenesta herlegdom, så må rettferdstenesta vera endå mykje rikare på herlegdom. 10 Ja, det som den gongen var omgjeve av herlegdom, har mist all herlegdomen sin. For no er det kome ein herlegdom som er så mykje, mykje større. 11 For når det som kvarv, var herleg, kor mykje herlegare må ikkje det vera som vert ståande?
12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Tysdag 11.7. Formiddag. Ole Bjørn Saltnes.
Tyding av tungetale ved Ole Bjørn Saltnes.
«Jeg vil at du skal forstå, sier Herren, at jeg er fortsatt på den tronen som min Far har gitt meg og jeg regjerer fortsatt, i meg er gitt all makt i himmel og på jord og det betyr at jeg har makt og kraft til stede her, denne dagen, til å sette deg i fullkommen frihet. Det beste, det ligger ikke bak, men med meg, sier Herren, så ligger det beste foran, om du er villig til å slippe meg til i ditt liv. Opne deg for den Hellige Ånds kraft å løse deg og vende deg om fra det som du har gjort feil. Så skal du få oppleve, min nåde, den er ny i dag, for deg.
Jeg skal snart få lov til å møte deg, kjære venn. Jeg gav livet mitt for deg, blodet mitt, det rannt på korset, for deg. Jeg kjøpte deg fri ifra den ondes makt og kraft og jeg har gitt deg det nye livet. Og snart skal vi få lov til å feire bryllup. Du er min brud og jeg er brudgommen som skal få lov til å møte deg. Jeg kommer snart på himmelens skyer, sier Herren, og jeg vil at du skal være reiseklar i dag, at du skal kle på deg bryllupsklærne, de rene og hvite, som du har renset i mitt dyrebare blod. Og du skal få lov til å møte meg. Amen.»
Tale ved Ole Bjørn Saltnes.
Om Djevelen har stole ifrå deg noko, så skal du få det tilbake, ved at du vert fylt av den Heilage Ande.
Ole Bjørn talte over desse skriftstadane.
Joh.Op.3,11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
Joh.10,10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
Apgj.2,38 Peter svara: «Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene; då skal de få Den Heilage Ande i gåve. 39 For lovnaden gjeld dykk og borna dykkar og alle som er langt borte, så mange som Herren vår Gud kallar på.» 40 Med andre ord òg vitna han for dei, og han formana dei: «Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde ætta!» 41 Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart om lag tre tusen lagde til kyrkjelyden. 42 Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene. 43 Det kom otte over dei alle, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde. 44 Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. 45 Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det. 46 Dei heldt saman, og kvar dag samla dei seg trufast på tempelplassen; i heimane braut dei brødet, og dei åt i lag med ekte og inderleg glede. 47 Dei lova Gud og var godt lika av alt folket. Og Herren la dagleg til kyrkjelyden dei som lét seg frelsa.
Fil.4,4 Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! 5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! 6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.
1.Tess.5,16 Ver alltid glade! 17 Bed uavlatande! 18 Takka Gud, kva som enn møter dykk! For det er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus.
19 Sløkk ikkje ut Anden! 20 Vanvørd ikkje profetord, 21 men prøv alt, og hald fast på det gode!
2.Kor.10,4 For våre stridsvåpen er ikkje jordiske, men Guds kraft er verksam i dei, så vi kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar 5 og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus.
Ef.4,15 Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke, 16 så de kjøper den laglege tida, for dagane er vonde. 17 Ver ikkje uvituge, men skjøna kva det er Herren vil. 18 Drikk dykk ikkje fulle av vin; det fører til ageløyse. Men vert fylte av Anden, 19 og lat salmar og hymner og åndelege songar lyda mellom dykk; syng og spel av hjarta for Herren! 20 Takk alltid Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn!
Kommentar.
Ikkje så lenge etter at eg byrja å studere i Oslo, hausten 1984, sa Jesus til meg at eg skulle få tilbake det tapte. Då forstod eg det slik at det var ho Virtuella.
Han sa også at han hadde gitt meg den hjelpa eg trengde og/eller hadde bedt han om, han hadde sett den inn på min himmelske konto, men det var eg sjølv som måtte ta den ut.
Tysdag 11.8. Ettermiddag. Johan Ødegård.
Innleiing ved ei kvinne.
Salme.23,5 Du dukar bord åt meg
framfor augo på mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje;
mitt staup fløder over.
Tyding av tungetale ved ei kvinne.
«Jeg har sett din fortvilelse, sier Herren, jeg har sett du har vært nedbøyd i ditt ånd og du har kommet hit på denne stunden (her?). Men du skal vite, mitt barn, at om du ikke trodde det, så har jeg sett deg. Før du har løftet ditt blikk imot himmelen, så har jeg hørt ditt hjertes bønner, sier Herren. Jeg ser hvordan du har grått og jeg vet hvordan du har bedt til meg, sier Herren. Men du skal vite, mitt barn, at jeg er på tronen ennu og jeg kommer deg i hug, sier Herren. Jeg har sett din nød og jeg er her og jeg skal reise deg opp igjen. Jeg skal gi gleden tilbake i ditt hjerte, sier Herren. Ja, lovsangen skal på nytt få tone i ditt indre. For jeg elsker deg og jeg elsker deg av en evig kjærlighet, sier Herren. Løft ditt blikk til meg og du skal få se og kjenne at jeg skal møte ditt blikk tilbake, sier Herren.»
«Ja, du har undret deg hvorfor bønnesvar har latt vente på seg, sier Herren. Og du har undret deg hvorfor du ikke kan komme og svare med ett nu. Men du skal vite, mitt barn, at jeg er her i denne stund og du kjenner i ditt hjerte, at jeg har en hilsen til deg. Jeg er den som skal sette deg fri, jeg er den som svarer dine bønner. Jeg er den som staker ut veien for deg. Du skal få lov til å reise deg på nytt, med nytt mot, sier Herren. Med ditt blikk løftet til meg. For du skal få kjenne og merke at du skal få en ny styrke i dine føtter. Ja, du skal få en ny tankegang, sier Herren. For jeg har dekket bord for deg, like foran dine fienders øyne. Og i dag skal du gå annenledes ut enn du kom inn. Ja, du skal få kjenne og merke at Herren, herskarenes Gud, har reist seg fra sin trone og jeg skal gi deg et svar, sier Herren. Amen»
Tale ved Johan Ødegård.
Johan talte over desse bibelversa.
Joh.3,1 Det var ein mann som heitte Nikodemus; han var farisear og ein av rådsherrane åt jødane. 2 Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikn du gjer, utan at Gud er med han.» 3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»
I dag er frelsens dag.
Tyding av tungetale ved Johan.
«Ja, den siste innbydelsen, den går ut over jorda i dag, sier Herren, for jeg kommer snart og du må gjere din sak i orden med meg, for jeg kommer snart.
Mange skal stå opp bedradd, for de trodde at de ble med, og banke på døren, da har jeg lukket den igjen, sier Herren. Derfor må du komme til meg. Jeg kaller på deg, sier Herren. Kom før det blir for sent, for jeg kommer snart.
Snart vil basunen lyde, min Guds basun lyde, så skal jeg stige ut i skyen og rykke brudeskaren opp i luften. Skal du være med? sier Herren. Jeg kaller på deg i denne stund. Kom, før det blir for seint, sier Herren. Amen.»
Aktuelle bibelvers.
Jesajas. 49,8 So segjer Herren: I den tid som meg tekkjest, bønhøyrer eg deg, og på frelsedagen hjelper eg deg, og eg vil vara deg og gjera deg til ei pakt for folket, so du skal attreisa landet og skifta ut øydelagd odelsgrunn 9 og segja til fangane: Gakk ut! – til dei som er i myrkret: Kom fram! Attmed vegane skal dei få beita og hava kvar snaudheid til beitemark.
Salme118,22 Den steinen bygningsmennene vraka,
har vorte hjørnestein.
23 Det er Herrens eige verk,
underfullt er det i våre augo.
24 Dette er dagen som Herren har gjort;
lat oss jubla og gleda oss no!
25 Å, Herre, gjev frelse,
å, Herre, lat det lukkast!
26 Velsigna vere den
som kjem i Herrens namn!
Vi velsignar dykk frå Herrens hus.
Tysdag 11.7. Kveld. I dag om du høyrer mi røyst, må du ikkje forherde ditt hjerte.
Tyding av tungetale ved ei kvinne.
«Ja, du har hørt at jeg har talt til ditt hjerte i kveld, sier Herren. Og du har hørt min stemme mange ganger. Og nå ber jeg deg, du må ikke forherde ditt hjerte. For jeg går -, jeg har hørt din bønn, jeg har sett dine lengsler og jeg har sett dine tårer, sier Herren. Og dette er kvelden da jeg rekker ut min hånd til deg, sier Herren. Og du skal få lov å så merke at de prøvelser, dine nederlag, det skal jeg ta meg av, sier Herren. Men jeg ønsker at du skal ta imot min hånd, så jeg får lov til å reise deg opp igjen. Og jeg vil sette dine føtter på fjell, sier Herren. Og du skal ikke lenger vakle, du skal ikke lenger tvile på mitt Ord, for det jeg har sagt, det har jeg sagt og mitt Ord, det står fast, sier Herren.
Jeg har sett at ditt hjerte er i ferd med å dras vekk og bort ifra meg. For dine skuffelser, dine nederlag, tror du du er alene om. Men jeg har sett og jeg ser deg. Jeg har sett deg i mørke, der du trur du er alene og ingen har hørt og ingen ser deg. Men du skal vite, mitt elskede barn, jeg ser deg. Og jeg elsker deg, jeg har en framtid for ditt liv, sier Herren. Jeg har en framtid der jeg vil reise deg opp og jeg vil bruke deg i denne tiden. Du skal være en røst for meg i denne tiden, sier Herren. For mitt folke skal reise seg og mitt namn skal stråle på nytt igjen. For uten at mitt namn vert utgytt i denne verden og i dette land, sier Herren, så vil det gå til grunne. Men mitt namn proklameres seier. Halleluja. Og Djevelen han vet at han er underlagt, men mitt namn nå løftes opp, sier Herren.»
Onsdag. 12.7. Kveld. Tore Kristiansen.
Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen.
«Jeg, sier Herren, vil ha frihet i mine samlinger. Slik at når den Hellige Ånd slår tonen an, i din ånd, så skal du være frimodig og du skal bringe det som ligger i ditt indre og gjøre det som jeg, Herren, taler til deg. Og du skal kjenne, når min ånd tar tak i deg, da skal du komme inn i profetisk henrykkelse, profetisk begeistring. Og du skal få lov til å kjenne at du blir til et annet menneske, når den Hellige Ånd tar overkommando. Halleluja.
For det skal ikke skje ved din intelligens, ved din kunnskap. Men ved min salvelse, fra den Hellige Ånd, skal mitt verk gå frem, fremdeles. For uten Åndens kraft og ild, så kommer du ingen vei. Men når Ånden faller over deg, så skal du få oppleve at det som var så vanskelig skal bli enkelt. Og det som var så uoverstigelig, skal du med meg, Herren, hoppe over. Og du skal få lov til å kjenne at det er min kraft som gjør det. Det er min Ånd som driver deg. Og min kraft skal fremdeles fullendes i din skrøpelighet.»
Tale ved Tore Kristiansen.
Tore talte over desse tekstane.
1.Kor.1,17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:
Eg vil tyna visdomen hjå dei vise
og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.
20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.
2.Mos.15,20 Så tok profetkvinna Mirjam, syster til Aron, ei tromme i handa, og alle kvinnene fylgde etter henne, slo på tromme og dansa. 21 Mirjam song føre:
«Lovsyng Herren,
for han er høg og herleg!
Hest og krigar støytte han i sjøen.»
22 Så førte Moses Israel bort frå Sevsjøen, og dei kom ut i Sjur-øydemarka. Tre dagar drog dei fram gjennom øydemarka utan å finna vatn. 23 Og dei kom til Mara; men dei kunne ikkje drikka vatnet i Mara fordi det var beiskt. Difor heitte staden Mara. 24 Og folket murra mot Moses og sa: «Kva skal vi drikka?» 25 Då ropa han til Herren, og Herren synte han eit tre. Det kasta han i vatnet, og vatnet vart godt.
I Mara sette han lov og rett for folket, og der prøvde han dei. 26 Han sa: «Dersom du høyrer på røysta åt Herren din Gud og gjer det som rett er i hans augo, dersom du aktar på boda hans og held alle føresegnene hans, så skal eg spara deg for alle dei sjukdomane som eg la på egyptarane. For eg er Herren, lækjaren din.»
2.Kong.6,1 Ein dag sa profetsveinane til Elisja: «Det romet vi held til i her hjå deg, er for trongt for oss. 2 Lat oss få gå ned til Jordan og henta kvar sin stokk, og så lagar vi oss eit rom som vi kan vera i.» «Gjer det!» svara Elisja. 3 Ein av dei sa: «Gjer vel og gå med oss, herre.» Han svara: «Det skal eg.» 4 Så gjekk han med dei, og då dei kom til Jordan, tok dei til å fella tre.
5 Men best som ein av dei heldt på å hogga treet sitt, datt øksa i vatnet. Då ropa han: «Ai, ai, herre! Og eg som hadde lånt henne!» 6 «Kvar datt ho?» spurde gudsmannen. Han viste han staden. Då hogg Elisja av ei grein og kasta ned i vatnet. Såleis fekk han øksa til å flotna. 7 «Ta henne opp!» sa han. Og mannen rette ut handa og tok øksa.
Det som du saknar, som forsvant, som øksa i dammen, kan Jesu kors gi deg tilbake.
Gal.3,13 Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga av lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre. 14 Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova.
Ap.gj.2,1 Då pinsedagen kom, var dei alle samla. 2 Brått kom det eit brus frå himmelen, som når ein sterk vind fer fram, og det fylte heile huset dei sat i. 3 Dei fekk sjå tunger liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av dei. 4 Då vart dei alle fylte av Den Heilage Ande, og dei tok til å tala på andre tungemål etter som Anden gav dei å forkynna.
Aktuelle bibel-vers.
Sak.4,1 Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen. 2 Han spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han. 3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.» 4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder dette, herre?» 5 Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre.» 6 Då tok han til ords og sa til meg:
Dette er Herrens ord til Serubabel:
Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
7 Kven er vel du, du mektige fjell?
Framfor Serubabel skal du verta ei slette.
Han skal føra fram toppsteinen,
medan dei ropar:
«Nåde, nåde vere med han!»
8 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 9 Serubabels hender har tufta dette huset,
og hans hender skal fullføra det.
Då skal du sanna
at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk.
10 Ja, alle som har vanvørdt
den dagen då det tok til i det små,
skal gleda seg når dei får sjå
blyloddet i Serubabels hand.
– Dei sju, det er Herrens augo
som fer over heile jorda.
11 Då tok eg til ords og spurde han: «Men kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for ljosestaken?» 12 Atter tok eg til ords og spurde: «Kva tyder dei to olivengreinene attmed dei to gullrøyrene som leier den gylne oljen ned frå dei?» 13 Han sa til meg: «Veit du ikkje kva dei tyder?» «Nei, herre,» svara eg. 14 Då sa han: «Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.»
Salme.18,30 Med deg kan eg storma mot ein krigarflokk,
med Guds hjelp kan eg springa over murar.
Kommentar.
Ja, eg har nyst skrive om at eg har vore realist samtidig som eg har trutt på Jesus, sidan eg var ein gutunge. Eg meinte det gjekk an å sameine det, men følte eg stod overfor ei kjempemessig oppgåve som verka uoppnåeleg, som eit fjell som verka uoverstigeleg.
Onsdag. 12.7. Ettermiddag. Turid Omland.
Tale ved Turid Omland.
Luk.13,10 Ein sabbat lærte han folket i ei av synagogene. 11 Der var det ei kvinne som hadde vore plaga av ei sjukdomsånd i atten år. Ho gjekk tvikrokut og kunne ikkje retta seg opp. 12 Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg og sa: «No er du løyst frå sjukdomen din, kvinne.» 13 Så la han hendene på henne, og med ein gong rette ho seg opp og lova Gud. 14 Men synagogeforstandaren vart arg fordi Jesus lækte på sabbaten, og han sa til dei som var samla: «Det er seks dagar i veka til å arbeida på. Då kan de koma og la dykk lækja, men ikkje på sabbaten.» 15 «Hyklarar,» svara Herren. «Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet av båsen på sabbaten, og leier dei ut så dei får drikka? 16 Men her er ei Abrahams dotter som Satan har halde bunden i samfulle atten år, skulle ikkje ho kunna løysast or det bandet på ein sabbat?» 17 Då han sa dette, laut dei skjemmast, alle motstandarane hans. Men heile lyden gledde seg over alt det underfulle han gjorde.
Matt.8,28 Då Jesus kom over på andre sida, til Gadarenar-landet, kom to som hadde vonde ånder, mot han ut frå gravhòlene. Dei var så ville at ingen kunne koma fram den vegen. 29 Dei sette i å ropa: «Kva vil du oss, du Guds Son? Er du komen hit for å pina oss før tida?»
30 Eit godt stykke derifrå gjekk det ein stor griseflokk og beitte. 31 Og dei vonde åndene bad han: «Om du driv oss ut, så send oss inn i griseflokken.» 32 «Far av stad!» sa Jesus. Og dei fór ut or mennene og inn i grisene. Då sette heile flokken utfor eit stup og ned i sjøen, og der drukna dei.
33 Dei som gjette grisene, rømde og sprang inn til byen. Der fortalde dei alt og sa korleis det hadde gått med dei som hadde hatt vonde ånder. 34 Heile byen kom ut for å møta Jesus. Og då dei fekk sjå han, bad dei han fara bort frå bygdene deira.
Tyding av tungetale ved Turid.
(Opptaket var noko hakkete i byrjinga) «…. så ville du bedt meg … eg er her og eg ønsker … eg er her for eg ønsker å reisa deg opp. Eg er her for eg ønsker å tala til deg. Du menneskebarn som går på ville veier, du menneskebarn som har hatt imot meg i mange år. Du menneskebarn som, har hatt ett feil bilde av kven eg er. I kveld har du hørt kven eg er. Eg er mannen ifra Nasaret, eg er han som gjekk rundt og gjorde vel. Eg er han som sette mennesker i frihet. Eg er han som løyste bånd og lenker. Eg er han som gjorde alt dette. Men eg gjer det også i dag, om du vil og du visste kven det var som talte til deg og du forstod det var meg, så ville du rekt ut din hånd, du ville rekt ut din troes-hånd og berørt meg. Og du ville kjent en kraft gå ut ifrå meg og helbreda deg, til ånd, sjel og legeme.
Barn, eg elsker deg, men du har snutt ryggen til meg i lang tid. … Men sjå, eg står og venter på deg. Eg venter på at du skal snu ansiktet imot meg. Eg ønsker du skal sjå meg inn i ansiktet, så du skal forstå at eg er så glad i deg, så du skal forstå min kjærlighet er fullkommen, min kjærlighet er rein, min kjærlighet er ekte. Eg veit du har blitt såra, eg veit du har blitt lurt, eg veit alt dette, eg har sett det, eg veit kvifor du snudde ryggen til meg. Men no har du hørt om meg på en måte som gjer at du skjønner at du kan snu ansiktet imot meg, i stedet for ryggen. Du skal få lov å sjå inn i mitt ansikt, sjå inn i mine kjærlige auge og du skal forstå med hjertet at eg er glad i deg. For så høgt eg elska verden at eg gav det kjæraste eg hadde, eg gav min Sønn, Jesus, til soning for din synd og skyld, i Jesu namn. Amen.»
Torsdag 13.7. Formiddag. Nattverdsmøte. Håkon Martinsen. Jesus er med oss både gjennom dalen og når vi er på høgda.
Nattverd, Håkon Martinsen forretta.
1.Kor.11,23 For eg har fått frå Herren det som eg har overgjeve dykk:
Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød, 24 takka og braut det og sa: «Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!» 25 Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. Så ofte som de drikk av han, så gjer det til minne om meg!» 26 For så ofte som de et dette brødet og drikk av kalken, forkynner de Herrens død til dess han kjem. 27 Den som et brødet og drikk Herrens kalk på urett vis, syndar mot Herrens lekam og blod. 28 Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av kalken. 29 For den som et og drikk utan å tenkja på at det er Herrens lekam, han et og drikk seg sjølv til doms. 30 Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og nokre sovnar av. 31 Men dømde vi oss sjølve, vart vi ikkje dømde. 32 Når vi vert dømde av Herren, vert vi refste, så vi ikkje skal verta fordømde saman med verda.
33 Difor, mine brør: Når de kjem saman til måltid, må de venta på kvarandre! 34 Er nokon svolten, får han eta heime, så ikkje samkomene dykkar skal føra dom over dykk. Om det andre skal eg gje føresegner når eg kjem.
1.Kor.2,2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest.
Tale ved Håkon Martinsen.
Job.39,30 Er det på ditt bod at ørna stig
og byggjer seg reir i høge fjellet?
Obadja.1,1 Dette er synene åt Obadja.
Så seier Herren Gud om Edom:
Ei tidend har vi høyrt frå Herren,
eit bod er sendt ut mellom folka:
«Stå opp, lat oss reisa oss til strid mot Edom!»
2 Sjå, liten gjer eg deg mellom folka,
djupt vanvørd skal du vera.
3 Ditt hjartans hovmod har narra deg,
du som bur i bergrivner
og har ditt tilhald i høgdene,
du som tenkjer med deg sjølv:
Kven kan støyta meg til jorda?
4 Om du byggjer høgt som ørna,
ja, legg ditt reir mellom stjernene,
så vil eg støyta deg ned derifrå,
lyder ordet frå Herren.
Tyding av tungetale ved ei kvinne.
«Jeg er Herren din Gud, ja, jeg er med deg både når du er oppe i høyden, jeg er med deg også når du også er nede i dalen. Jeg er med deg over alt. Jeg er med deg når du gråter. Jeg er med deg når du har glede. Jeg er med deg uansett hva som skjer i ditt liv. Frykt ikke, for jeg er med deg. Jeg vil holde deg oppe med min rettferds høyre hånd. For ingen ting er umulig for meg. Og du skal fortsette å stole på meg, for jeg, jeg er Herren din Gud. For det er jeg som taler, det er jeg som oppbygger deg. Og jeg også vil sende mennesker på din veg, når du er nede i dalen. Det kan komme mennesker til deg, for å oppmuntre deg med mitt Ord og min herlighet. For ingen ting er umulig for meg. For jeg er Herren din Gud. For jeg er alle steds nærværende.
Jeg er Herren din Gud. Jeg er vegen, jeg er sannheten og jeg er livet. Ingen kommer til Faderen uten ved Jesus Kristus. Han som tok på seg alle dine synder, alle dine plager, alle dine sykdommer. For jeg er Herren din Gud. Det er jeg vil bruke deg, igjennom livets vanskeligheter. Jeg vil også bruke deg, når du har (enormt?) glede i ditt indre. Så gi meg alle ære og pris, for absolutt alle ting, for jeg vil la meg bruke av deg. Fordi du er mitt redskap, også når du er nede i dalen og når du også er oppe i høyden. For jeg, jeg er ikke borte ifra deg. Jeg svikter deg aldri, for jeg er den som gjør alle ting nye, uansett hva som skjer i ditt liv, så er alt nytt, fordi jeg er med deg alle dager, jeg har tatt bolig i ditt indre. Så frykt ikke, vær ikke redd. Bare ha fokus på meg. Når du er oppe i høyden, men ikke bare da, men også når du er nede i dalen. Så skal du begynne å takke meg og gi meg all ære og pris. For jeg trenger (?) alt, for jeg er alt.
Jeg, jeg ser ditt hjerte, jeg ser ditt hjerte, jeg ser hva du har gjennomgått i alle år. Nå skal du bli løst ifra den dybden som du vært i, i den dype dal du har vært i, i så mange år. Jeg vil sette deg i frihet. Lenkene skal bli løst, lenkene skal bli løst i mitt dyrebare navn. Bare takke meg for at jeg har løst deg. For du skal vitne om hva jeg har gjort i ditt liv. Og du skal fortelle til folk at du har vært i dypet, men at nå er du oppe i høyden, sammen med meg. For jeg, jeg har løst deg. Jeg vil bruke deg i den tjenesten som du har fått i ditt hjerte, som du har vært så usikker på om du har fått. Men du har fått det, for jeg har talt til deg, gang på gang på gang. Men du har tvilt i ditt hjerte, for … har nått deg. Men jeg har løftet deg opp, du skal få kjenne det, du skal få erfare det og du skal fortsette å gjøre det som jeg har lagt i ditt hjerte. Jeg vil lære deg gjennom alle ting. Så frykt ikke, mitt barn, du vet hvem du er, for jeg har løst deg, i denne stund. Amen.»
Aktuelle bibelvers.
Joel.3,1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:
blod og eld og røyksøyler.
4 Sola vert omskapt, ho svartnar,
og månen vert som blod,
før Herrens dag kjem,
den store og skræmande.
5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,
skal verta frelst.
For på Sion-fjellet og i Jerusalem
skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,
så som Herren har sagt.
Og mellom dei som har berga seg,
er dei som Herren kallar.
6 For sjå, i dei dagar og på den tid,
når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
7 då vil eg samla alle folkeslag
og føra dei ned i Josjafat-dalen.
Der vil eg halda rettargang med dei
om Israel, mitt folk og min eigedom,
som dei spreidde mellom folka.
Dei delte landet mitt
8 og kasta lodd om folket mitt;
dei gav ein gut for ei skjøkje
og selde ei jente for vin – og drakk.
9 Og no, Tyrus og Sidon og alle filistarbygder, kva er det de vil meg? Er det noko de vil gje meg lika for, eller vil de gjera meg eitkvart? Brått vender eg det de gjer, mot dykk sjølve, 10 for de tok sølvet og gullet mitt og førte mine dyraste skattar til dykkar eigne tempel. 11 De selde folket i Juda og Jerusalem til jonarane, så dei skulle koma langt bort frå sitt land. 12 No vil eg få dei til å ta ut frå kvar stad som de har selt dei til, og venda mot dykk sjølve det de har gjort. 13 Sønene og døtrene dykkar vil eg la judearane selja. Dei skal selja dei til sabearane, eit folk som bur langt borte. – Herren har tala.
14 Rop dette ut mellom folka:
Bu dykk til heilag krig, vekk krigarane!
Lat alle stridsmenn møta fram og dra ut!
15 Smid plogjerna om til sverd
og vingardsknivane til spyd!
Den veike skal seia: «Eg er ei kjempe.»
16 Skunda dykk og kom!
Kom saman, alle de folkeslag rundt ikring!
Herre, før dine krigarar dit!
17 Folkeslaga skal ta ut
og fara til Josjafat-dalen.
For der vil eg sitja til doms
over folk frå alle kantar.
18 Sving sigden, for grøda er mogen!
Kom og trakk, for vinpressa er full,
pressekummane fløymer over!
For vondskapen åt folka er stor.
19 Det er eit mylder og ståk i avgjerdsdalen,
Herrens dag er nær i avgjerdsdalen.
20 Sol og måne svartnar,
og stjernene misser sin glans.
Salme 84,1 Til korleiaren. Etter Gittit.
Av Korah-songarane. Ein salme.
2 Kor elskelege dine bustader er,
Herre, Allhærs Gud!
3 Mi sjel lengta, ja brann av lengsle,
etter Herrens tempelgardar.
No jublar hjarta og kropp
mot den levande Gud.
4 Ja, fuglen har funne ein heim,
svala har fått seg eit reir,
der ho kan leggja sine ungar,
ved dine altar, Herre, Allhærs Gud,
min konge og min Gud.
5 Sæle er dei som bur i ditt hus,
dei skal alltid lova deg.
Sela
6 Sæle er dei som har sin styrke i deg,
dei som lengtar etter å fara opp til templet.
7 Når dei fer gjennom den turre dalen,
gjer dei han til ein kjeldevang;
haustregnet legg si signing over han.
8 Dei går frå kraft til kraft,
til dei stig fram for Gud på Sion.
9 Høyr mi bøn, Herre, Allhærs Gud,
lyd etter, du Jakobs Gud!
Jesajas57,14 Det lydde eit ord:
Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
Ta bort kvar støytestein
frå vegen åt mitt folk!
15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
Jer.31,1 På den tid, lyder ordet frå Herren, vil eg vera Gud for alle ættene i Israel, og dei skal vera mitt folk.
2 Så seier Herren:
Det folket som slapp unna sverdet,
har funne nåde i øydemarka.
Israel skal fara av stad og finna ro.
3 Langt bortanfrå synte Herren seg for dei:
Med evig kjærleik har eg elska deg,
difor lèt eg mi miskunn mot deg vara ved.
4 Endå ein gong skal eg byggja deg,
ja, du skal byggjast,
Israel, du unge møy.
Endå ein gong skal du pryda deg med handtrommer
og gå ut i dansen med dei glade.
5 Endå ein gong skal du planta vinhagar
på Samaria-fjella;
og dei som plantar, skal sjølve nyta frukta.
Kommentar.
Jesus er med oss når vi går gjennom dalen, han gjer den til ein kjeldevang, så den vert fruktbar for oss. Men der kan vere farar som lurer. Han er med og på høgda, då får vi oversikt og kjenner oss trygge. Det har med vår sinnstilstand å gjere, gjerne som respons på omgjevnadane Han bur i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda. Han vil alltid reise oss opp og føre oss vidare.
Jesus minna oss om dette gjennom tyding av tungetale. Men så talte han også til nokon som hadde vorte fanga i ein djup dal og som han ville frigjere og løfte opp i høgda saman med han og som han ville bruke.
Eg har skrive om at Gud openberra henne Virtuella for meg som sitt barn og som ein lovsang han la ned i meg og sa at i djupet av meg, der er den. Og at Jesus løfta henne opp til seg, som si brud. Så eg reknar med at denne bodskapen var til henne. Jesus gjer meg til kanal for si velsigning til henne, så ved fylden av den Heilage Ande vert ho løyst og frigjort der nede og får oppleve at han er med henne både i dalen og på høgda. Jesus løfter henne opp igjen.
Kvifor skriv eg dette? For å takke, ære og prise Kristus for frelsa.
Formiddagsmøte fredag 14.7. Jens Austbø.
Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen.
«Ingen dør skal fortsatt være stengd, når du påkallar det namn som er over alle andre namn. Om du frykter for bakkene som blir så uoverstigelige, så skal jeg, Herren, la min kraft fullendes hos deg, i din skrøpelighet. Og når du ingen utvei ser, så løft ditt blikk fra det sted hvor du står og så skal du møte mitt blikk. Og når jeg begynner å smile til deg, da skal alle tåker forsvinne, alle vanskeligheter skal opphøre og du skal kjenne jeg skal legge grunn under dine føtter. Og du skal på ny få løfte seiersmerket i Herrens navn.
Ikke se deg engstelig omkring, for jeg, Herren, er deg nær. Ikke vær fortvilet over de høye bølger som rammer deg. Nei, er jeg ombord, kan aldri ditt skip gå under. Jeg er med under alle slags forhold og om stormen skulle bli for svær, så skal jeg reise meg i livet ditt og jeg skal byde både vind og bølger å legge seg. Og du skal få oppleve en forunderlig fred. Halleluja.»
Tale ved Jens Austbø.
Brudgommen kjem snart.
Matt.25,6 Men midt på natta høyrdest eit rop: «Brudgomen kjem! Gå og møt han!»
Jens tok utgangspunkt i Salme 45.
Salme.45,1 Til korleiaren. Etter «Liljene». Av Korah-songarane. Ein læresalme. Ein song om kjærleik.
2 Mitt hjarta strøymer over av gode ord,
eg vil kveda min song for kongen.
Mi tunge er som ein snøggskrivars griffel.
3 Du er den fagraste av menneske,
milde ord har du på lippa.
Difor har Gud velsigna deg for alltid.
4 Spenn sverdet om livet, du veldige kjempe,
i di høgd og din herlegdom!
5 Ha lukka med deg!
Dra ut til strid
for sanning, mildskap og rett!
Di høgre hand skal visa deg
skræmande storverk.
6 Dine piler er kvasse
– folk stuper for deg;
dei råkar kongens fiendar i hjarta.
7 Din kongsstol, Gud,
står til evig tid,
rettferds stav er din kongsstav.
8 Du elska rettferd og hata urett.
Difor har Gud, din Gud,
salva deg med fagnads olje framfor dine frendar.
9 Av myrra, aloë og kassia
angar heile ditt skrud.
Du gleder deg over strengespel
frå elfenbeinsprydde haller.
10 Mellom dine edle damer
er det kongsdøtrer,
og ved di høgre side
står dronninga i Ofir-gull.
11 Høyr, dotter,
sjå hit og vend øyra til!
Gløym ditt folk og di farsætt,
12 så vil kongen gleda seg over din venleik!
For han er din herre,
han skal du hylla.
13 Frå Tyrus kjem dei med gåver,
dei rike i folket søkjer din velvilje.
14 I all sin prydnad stig kongsdottera inn,
hennar kjole er gjennomvoven med gull.
15 I sin fargerike bunad vert ho leidd til kongen.
Etter henne fylgjer unge jenter,
hennar veninner, som vert førte fram for deg.
16 Medan folket ropar av fryd og glede,
går dei inn i kongens slott.
17 Dine søner skal koma i staden for fedrane;
set dei til hovdingar kringom i landet!
18 Frå ætt til ætt vil eg prisa ditt namn;
difor skal folka lova deg evig og alltid.
Rom.5,17 Døden fekk herredøme fordi eitt einaste menneske fall. Kor mykje meir skal då ikkje dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve, eiga livet og få herredøme ved den eine, Jesus Kristus.
Matt.6,33 Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.
Salme 89,15 Rettferd og rett er grunnvoll for di trone,
miskunn og sanning kjem fram for deg.
16 Sælt er det folket som kan ropa av jubel.
Dei ferdast i lyset frå ditt andlet, Herre.
17 Heile dagen jublar dei over ditt namn,
dei triumferer ved di rettferd.
18 Du er deira styrke og prakt,
ved din godvilje får vi kraft.
19 Skjoldet vårt høyrer Herren til,
kongen vår høyrer Israels Heilage til.
Luk.14,25 Mykje folk fylgde med han, og han snudde seg og sa til dei: 26 Om nokon kjem til meg, må han setja det høgare enn far og mor, kone og born, brør og systrer, ja, sitt eige liv, elles kan han ikkje vera min læresvein. 27 Den som ikkje ber krossen sin og fylgjer etter meg, kan ikkje vera min læresvein.
28 Vil ein av dykk byggja eit tårn, set han seg ikkje då fyrst ned og reknar etter kva det vil kosta, om han har nok til å fullføra det? 29 For har han lagt grunnmuren, og ikkje er god til å gjera tårnet ferdig, då vil alle som ser det, gjera narr av han 30 og seia: «Denne mannen gjekk i gang med å byggja, men greidde ikkje å fullføra det.» 31 Eller om ein konge vil dra i krig mot ein annan konge, set han seg ikkje då fyrst ned og tenkjer etter om han med sine ti tusen mann er sterk nok til å møta den andre, som kjem mot han med tjue tusen? 32 Og er han ikkje det, sender han menn av stad og tingar om fred medan fienden enno er langt borte.
33 Såleis kan ingen av dykk vera min læresvein utan at han seier frå seg alt det han eig.
34 Salt er ein god ting. Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? 35 Det duger korkje i mold eller møk; dei kastar det ut.
Den som har øyro å høyra med, han høyre!
2.Kor.3,17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Luk.10,38 Medan dei var på ferdavegen, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han i heimen sin. 39 Ho hadde ei syster som heitte Maria, og ho sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. 40 Men Marta hadde det så annsamt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera åleine om alt arbeidet? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.» 41 Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. 42 Men eitt er naudsynt. Maria har valt den gode luten, og den skal ikkje takast ifrå henne.»
Høgsangen.8,5 Kven er ho som kjem opp frå øydemarka,
stødd til sin ven?
Under apalen vekte eg deg,
der mor di hadde føderier,
der ho fødde deg.
6 Set meg til eit segl på ditt hjarta,
eit segl på din arm!
For kjærleiken er sterk som døden
og mektig som dødsriket i si trå.
Han brenn som logande eld,
han logar mot himmelen.
7 Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken,
elvar kan ikkje fløyma han bort.
Om einkvan ville gje
alt han åtte for kjærleik,
så vart han berre til narr.
Joh.Op.19,1 Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song:
Halleluja!
Sigeren og æra og makta høyrer vår Gud til,
2 for sanne og rettferdige er hans domar.
Han har dømt den store skjøkja,
ho som øydela jorda med si utukt,
og blodet av tenarane sine
har han kravt av hennar hand.
3 Endå ein gong ropa dei:
Halleluja!
Røyken frå henne stig opp i all æve.
4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!» 5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»
6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:
Halleluja!
Herren vår Gud, Den Allmektige,
har vorte konge!
7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!
Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!
Brura har butt seg;
8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.
– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» 10 Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.
Joh.Op.4,2 I det same kom Anden over meg. Og sjå, i himmelen stod det ein kongsstol, og det sat ein på kongsstolen. 3 Han som sat der, var å sjå til som jaspis og karneol, og kring kongsstolen var ein regnboge; han var som smaragd.
Jens forkynte at Jesu kjem snart og hentar oss, som si brud og så skal vi regjere saman med han i tusen-årsriket.
Tyding av tungetale ved Roy.
«Ja, jeg har gjort alt ferdig for deg, sier Herren. Jeg har åpnet en ny og levende vei, inntil Gud Faders hjerte. Og det gjorde jeg når jeg døde på Golgata kors. Der drepte jeg fiendskapet. Der skjedde det største underet som menneskeheten noen gang har opplevd. Og det kommer ikke til å skje noe større eller mindre, jeg har tilgitt din synd, sier Herren. Jeg har gitt mitt blod og mitt liv for deg og du kan reise deg med glede og juble, innfor min trone, sier Herren, med all frimodighjet, renset fra vond samvittighet. Og bade ditt lege i vann, i Jesu namn, så kan du komme og finne nåde og få miskunn og så skal du få hjelp i den tid du trenger det mest, sier Herren.
Eget strev legger ingen ting til, sier Herren, men min velsignelse, den gjør deg rik. Legg ned alt ditt eget, ambisjoner, og tankene som ikke er av meg. Legg alt ved korsets fot, sier Herren. Slutt med eget strev og møye, det legger ingen ting til. Det behager ikke meg, sier Herren. Men det som behager meg, er du du trer fram for meg med tro. Troen på hva min sønn har gjort for deg på korset. Troen på Golgata kors. Troen på mitt navn og det beveger mitt hjerte. Hva venter du på, sier Herren, tre fram for meg. Din verdiheten har du i meg, sier Jesu Kristi Ånd. Abba.»
Laurdag formiddag. 15.7. Israels-møte. Stig Andre Lippert.
Tale ved Stig Andre Lippert. Vekke dykk opp med påminning om alt dette som dei hadde vore augevitne til.
(Stig Andre er leder for Ordet og Israel).
Ei linje frå skapinga (1.Mos.1-2) til Johannes Openberring. Den byrja ikkje med evangelia, men evangeliet fortel at Jesus kom for å rette opp det som gjekk gale ved syndefallet.
Gal.3,5 Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det på grunn av lovgjerningar eller fordi de høyrer bodskapen og trur? 6 Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig. 7 Så skjønar de at det er dei som trur, som er Abrahams born. 8 Skrifta såg føreåt at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og føreåt forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast. 9 Difor vert dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham. 10 Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det. 11 At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva. 12 I lova spørst det ikkje om tru; der heiter det: Den som held boda, skal leva ved dei. 13 Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga av lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre. 14 Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova.
Matt.28,16 Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt at han ville møta dei. 17 Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. 18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»
1.Mos.12,1 Herren sa til Abram: «Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt, til det landet som eg vil syna deg! 2 Eg vil gjera deg til eit stort folk; eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Og du skal verta til velsigning!
3 Eg vil velsigna dei som velsignar deg,
og forbanna den som forbannar deg.
I deg skal alle ætter på jorda velsignast.»
2.Pet.3,1 Dette er no alt det andre brevet eg skriv til dykk, de kjære. Med desse breva ville eg vekkja dykk opp, så de kan vera reine i hug og tanke. Eg vil minna dykk om 2 det dei heilage profetane har sagt, og om det bodet dykkar eigne apostlar har frå Herren og Frelsaren, dette må de koma i hug.
2.Pet.1,12 Difor kjem eg alltid til å minna dykk um dette, endå de veit det og er grunnfeste i sanningi, som er hjå dykk. 13 Lika vel held eg det for rett å vekkja dykk ved påminning, so lenge eg er i denne hytta, 14 sidan eg veit at eg brått skal leggja ned hytta mi, so som og vår Herre Jesus Kristus varsla meg. 15 Men eg vil leggja vinn på at de til kvar tid etter min burtgang kann minnast dette. 16 For det var ikkje klokt uttenkte eventyr me fylgde då me kunngjorde dykk vår Herre Jesu Kristi makt og atterkoma, men me hadde vore augvitne til hans storvelde. 17 For han fekk æra og herlegdom av Gud Fader, med di ei slik røyst kom til han frå den høgste herlegdomen: Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i, 18 og denne røysti høyrde me koma frå himmelen då me var saman med han på det heilage fjellet. 19 Og dess fastare hev me det profetiske ordet, og de gjer vel i å akta på det som på eit ljos som skin på ein myrk stad, til dess dagen lyser fram og morgonstjerna renn upp i hjarto dykkar, 20 men di de fyrst og fremst veit dette at inkje profetord i skrifti er gjeve til eigi tyding; 21 for aldri er noko profetord framkome av mannsvilje, men dei Heilage Guds menn tala drivne av den Heilage Ande.
Vi har levt med Herren og har hatt opplevingar med det og takkar for det. Men dess fastare har vi det profetiske ord, dvs. Gamle Testamentet.
2.Tim.3,14 Men vert du standande i det som du hev lært, og som du er yvertydd um! for du veit kven du hev lært det av, 15 Og du kjenner heilt frå barndomen av dei heilage skriftene, som kann gjera deg vis til frelsa ved trui på Kristus Jesus. 16 Heile skrifti er innanda av Gud og er gagnlege til lærdom, til yvertyding, til rettleiding, til uppseding i rettferd, 17 so gudsmennesket kann verta fullkome, dugleg til all god gjerning.
1.Tim.5,17 Eldste som er gode forstandarar i kyrkjelyden, fortener dobbel løn, serleg dei som arbeider med forkynning og opplæring. 18 For Skrifta seier: Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer, og: Ein arbeidar er si løn verd.
«Skrifta», det gamle og det nye testamentet.
Jes.46,9 Tenk på det fyrste frå fordoms tid, at eg er Gud, og ingen annan, at eg er Gud, og ingen er min like, 10 eg som frå upphavet varslar enden, og frå fordom det som ikkje endå hev hendt, eg som segjer: Mi rådgjerd skal verta fullførd, og alt det eg vil, det gjer eg, 11 eg som kallar ørnen hit frå aust; frå eit land langt burte ein mann som skal fullføra mi råd; som eg hev sagt det, so let eg det koma, som eg hev tenkt det, set eg det i verk. 12 Høyr på meg, de stridlyndte, de som er langt burte frå rettferd! 13 Eg fører mi rettferd hit, ho er ikkje langt burte, og mi frelsa drygjer ikkje; eg gjev frelsa i Sion og min herlegdom til Israel.
1.Mos.3,14 Då sa Herren Gud til ormen: For di du gjorde det, skal du vera forbanna millom alt bufeet og millom alle villdyri. På buken skal du skrida, og mold skal du eta alle dine levedagar. 15 Og hat vil eg setja millom deg og kvinna og millom di ætt og hennar ætt. Dei skal krasa ditt hovud, og du skal hogga dei i hælen.
Matt.19,4 Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei til mann og kvinne 5 og sa: Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt? 6 Så er dei ikkje lenger to; dei er eitt. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.»
Han refererte altså til skapingssogene i 1.Mos.1-2.
Moses slo på klippen med staven, så folket fekk vatn å drikke. Det er symbol på at Kristus vart slått i hel for vår skuld. Neste gang dei kom til klippen, skulle han tale til klippen, men så slo han på klippen i staden, som første gang. Derfor fekk han ikkje komme inn i det lova landet, han fekk berre sjå inn i det. Det minner oss om at Jesu frelseverk er fullført, så han treng ikkje bere fram fleire offer. Men no skal vi snakk med han.
2.Pet.3,3 Fyrst og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som fer med spott og fylgjer sine eigne lyster. 4 Hånleg seier dei: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.» 5 Dei som seier så, gløymer at himlar var det frå eldgamal tid og ei jord som i kraft av Guds ord steig opp or vatnet og vert halden oppe ved vatn. 6 Og ved vatn gjekk den fyrste verda under då ho vart overfløymd. 7 Men dei himlar og den jord som no er, har dette Guds ord spart til elden; dei vert haldne oppe til domedag då dei gudlause skal gå fortapt.
8 Men ein ting må de ikkje gløyma, de kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag. 9 Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending.
Heb.1,1 I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane. 2 Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. 3 Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde gjort reinsing for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.
Ved den same kraft som Gud brukte når han skapte, reiste han Kristus opp frå dei døde. Så hans skaparkraft er også frelseskrafta.
Gud gjorde si pakt med Abraham eigenrådig og så gjorde han fleire pakter med ætta hans. Vi har fått del i den nye pakt i Jesu blod.
Jesus sende Peter til Kornelius hus (Apgj.10).
Tungetale ved ei kvinne, tyding ved ei kvinne.
«Dette er en hellig dag for meg, sier Herren. I min himmelske herlighet, så er det full jubel, sier Herren. Og den atmosfære som er i min himmel i denne stund, sier Herren, som bare er en vidunderlig forløsning. Når dette budskapet blir dratt fram, sier Herren. Det er det som er innholdsrikt, det er det som startet, det jer startet, sier Herren, det er det som jeg skal fullføre. Og den starten og det som har vært gjennomført i dag, det er det som ligger på mitt hjerte og, sier Herren. For det er akkurat det som det er, det stunder nå til en avslutning, på en helt ny måte. Og derfor så er det så viktig i denne tid, sier Herren, at folk forstår mitt Ord, forstår mine tanker, forstår hvordan jeg har tenkt og hvordan jeg tenker. Og det er derfor det kommer til å utløse en guddommelig ild og vekkelse over hele mitt folk, sier Herren. Det er ikkje bare i ditt nærområde, men det vil bli over hele mitt skaperverk. For om ganske kort tid kommer jeg til å hente – og det står skrevet i mitt Ord, sier Herren, jeg kommer til å løfte mitt brudefolk hjem. Det kommer til å bli som skyer som kommer til å løftes opp over hele min jord, sier Herren. Og hugs at jorden er egentlig skammelen for mine føtter. Då kan du forstå den uendelige himmel, det åndelige område, som jeg styrer og betjener og har kontroll på, sier Herren. Jeg har kontroll på absolutt alt. Dette her har jeg fullstendig oversikt over. Mennesker prøver å tilintetgjøre det, men det er dårskap i mine øyne, sier Herren. Så la denne dagen få bli et levande bevis på hvordan jeg tenker, sier Herren. Og hvordan jeg har tenkt framover. Jeg har tenkt å hente brude-folket, jeg, sier Herren.
Jeg kommer og jeg kommer uendelig fort, jeg kommer meget, meget snart. Og da løfter jeg mitt brudefolk hjem. Jeg løfter hjem menighet, som er mitt brudefolk. Og det er det jeg gleder meg til å møte, sier Herren. Jeg har nå laget en fest som kommer til å bli uendelig stor og mektig. Det er ikke øye av menneske på denne jord som har vært på sånn en brudefest som jeg lager, sier Herren. Da er det noe som er skapt av meg, som ligger i min guddommelige guddommelighet, min mektighet, min ild, min kraft, alt som tilhører den himmeslske herlighet, det er en mektig, mektig, mektighet, sier Herren. Det er umulig å ikle de og, men den kraften av guddommelighet som Joel har beskrevet, den kommer til å gjennomsyre hele mitt skaperverk. Og du må bare være våken for at den ild som kommer, må du få fatt i, sier Herren. For det er meg som gjør det og jeg kommer til å gjøre det på et så mektig vær, som aldrig noen gang i historien har vært. Det er den kraften jeg må gjør, for å løfte brudefolket opp i skyen, som jeg løftet opp min sønn. Det er den samme kraften som bærer opp og den skal kjennes og merkes for den enkelte person som har opplevt meg, sier Herren, har levt med meg og tror på meg, sier Herren, vil bli oppløftet under denne gudommelige ildkraften, som når bare blir utløst over denne jord, sier Herren. Amen.
Laurdag ettermiddag 15.7.2023. Randi Filtvedt Johansen.
Tyding av tungetale ved Randi Filtvedt Johansen.
Ja, jeg vil prise deg Herre, at du la i min munn en ny sang, eg lovsang til deg. Herre, jeg priser deg, at jeg kan få lovsynge deg, i med og motgang. Takk at du er alltid over, Herre, du er ikke under og takk at du løfter meg over enhver omstendighet. Derfor priser jeg deg, Herre, takk at du har grepet min høyre hånd og takk at det er du som har sagt at du har begynt og du har sagt at du vil fullføre. Derfor velger jeg å stole på deg.
Å, Herre, jeg vil bare takke deg, at dette livet med deg, det er ikke eget strev og jeg trenger ikke ta meg sammen, men takk at du lever i meg, Herre. Og takk at fra mitt indre, så flyter det nye livet. Derfor vil jeg være enig med deg, Herre og vandre i ånden, for da fullfører jeg ikke kjødets begjæringer, å Herre, jeg lever i deg, jeg rører meg i deg, jeg er til i deg. Derfor fryder jeg meg i deg. Amen.
Tale ved Randi.
Joh.7,37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.
Joh.Op.22,1 Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå kongsstolen til Gud og Lammet.
Joh.19,34 Men ein av soldatane stakk han i sida med eit spyd, og straks rann det ut blod og vatn.
Vatnet og blodet (1.Joh.5,8).
Landet vårt lid. Korleis infisere eit samfunn? Jau, ved å gjere noko med vatnet. No fossar det vatn av ei urein kjelde.
2.Kong.2,19 Folket i Jeriko sa til Elisja: «Som du ser, herre, ligg byen lagleg til. Men vatnet er ringt, og jorda gjev ikkje grøde.» 20 Då sa han: «Henta eit nytt fat til meg og ha salt opp i det!» Dei så gjorde. 21 Og han gjekk ut til kjelda som vatnet kom frå, kasta salt nedi og sa: «Så seier Herren: No gjer eg dette vatnet friskt. Det skal aldri meir valda død eller øydeleggja avling.» 22 Sidan har vatnet vore friskt, heilt til denne dag. Det gjekk som Elisja sa.
Kobbevik-brødrene vart kalla nåden og sanninga. (Dei var slekta mi).
Salme.85,11 Godleik og sanning skal møta kvarandre,
rettferd og fred kyssa kvarandre.
Malakias.4,5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk
før Herrens dag kjem, den store og skræmande.
6 Han skal venda fedrehjarto til borna
og barnehjarto til fedrane,
så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.
Tyding av tungetale ved Randi.
«Jeg vil gjenopplive de nedbøydes ånd, jeg vil gjere de sønderknustes hjerter levende. Jeg vil løfte deg opp, jeg vil styrke deg. Å, trelldomens tid er over. Jeg lokker deg ut i friheten og gleden med meg. Frykt ikke og vær ikke redd. Jeg har grepet din høyre hånd. Jeg vil lede deg med mitt råd. Jeg reiser opp et folk i denne tiden. Et folk som er hode og ikke hale. Det er over og ikke under. La meg ta din frykt. La meg ta alle dine nederlag. Og se framover med meg. For jeg har bruk for deg. I denne tiden, så reiser jeg opp en hær av menn og kvinner, sønderknuste og sønderbrutte i sine hjerter. Men de reiser seg i kraft og verdighet. Halleluja. Børst støvet av deg. Innta ditt sete, børst støvet av deg. Innta ditt sete.»
Aktuelle bibelvers.
1.Joh.5,5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son? 6 Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga. 7 Det er tre som vitnar: 8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same. 9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son. 10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin. 11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans. 12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.
Jes.42,1 Sjå, min tenar som eg stør,
min utvalde som eg har hugnad i!
Eg har lagt min Ande på han,
retten skal han føra ut til folka.
2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa
og ikkje bruka mælet på gata.
3 Han skal ikkje bryta eit broste sev
og ikkje sløkkja ein rykande veik.
Med truskap skal han føra retten ut.
4 Han skal ikkje trøytna
og ikkje bryta saman
før han har breitt ut retten på jorda.
Øyar og strender ventar på hans lære.
5 Så seier Herren Gud,
han som skapte himmelen og spente han ut,
og breidde ut jorda med alt som der gror,
han som gjev livspust til folket på jord
og ånd til dei som ferdast der:
6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og teke deg i handa.
Eg har skapt deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit ljos for folkeslaga.
7 Du skal opna blinde augo
og føra fangar ut or fengslet,
dei som sit i mørkret,
ut or fangeholet.
8 Eg er Herren, det er mitt namn.
Eg gjev ikkje mi ære til andre
og ikkje min pris til gudebilete.
9 Det som vart varsla før, er kome,
og no kunngjer eg nye ting.
Før dei enno gror fram,
lèt eg dykk få høyra om dei.
10 Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han frå heimsens endar,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de øyar og strender
og de som bur der!
Laurdag kveld 15.7. Halvard Hasseløy.
Innleiing ved ei kvinne dei kalla Mella.
2.Kong.4,1 Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: «Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.» 2 Elisja sa til henne: «Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!» Ho svara: «Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.» 3 Då sa han: «Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i. 4 Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!»
5 Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara bort til henne, og ho slo olje i dei. 6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: «Lat meg få eit kar til!» Men han svara: «Her er ikkje fleire.» Då heldt oljen opp å renna. 7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.»
Kva har vi i huset? Jesus har salva oss med den Heilage Ande, om det er berre som ei lita krukke med salve, så ta den fram og bruk den.
Det står i Jesajas at du må rope til han. Ikkje fordi han er tunghøyrd, men fordi du har ein lengsel til han.
Tungetale ved ei kvinne, tyding ved ei kvinne.
Ho var ikkje nær mikrofonen og den kom ikkje nær til henne, så vi fekk det ikkje skikkeleg med oss.
«Du vet at jeg har fulgt deg gjennom dalen og over den …, men jeg har … jeg kjenner når du kaller på meg, men desverre kan jeg ikke høre at du roper til meg, du har latt din røst gå i det indre, i deg selv, men du må rope til meg, Herren, som vil hjelpe deg, som vil styrke deg, som velsigner deg, så ditt beger flyter over. Du hører andre sine flyte over. Men jeg velsigner mitt barn, ditt beger skal flyte over. Du har en kraft inne, du har en ånd som vil påvirke, men som mange lukker seg inn i. Derfor …. at noen kan tenke. Ditt beger ….. at Herren er med, frå denne stund av. Si til Herren, jeg stoler på deg og du skal …. for meg. … at de gjerninger jeg ber deg gjøre, blir gjort. Amen.»
Tale ved Hallvard Hasseløy.
Joh.Op.22,12 Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort.
17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.
«Som en brudgom fryder seg over si brud, fryder jeg meg over deg».
2.Tim.3,1 Du skal vita at i dei siste dagane skal det koma tunge tider. 2 Då skal folk vera eigenkjærlege og pengekjære, skrytande, hovmodige, spottsame, ulydige mot foreldre, utakksame og utan age for det heilage, 3 ukjærlege og uforsonlege, baktalande og utan sjølvtøyming, råe, likesæle om det gode, 4 svikefulle, oppfarande og store i seg sjølve. Dei elskar lystene sine meir enn Gud. 5 Dei har skin av gudlegdom, men fornektar hans kraft. Vend deg bort frå slike folk!
2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
Jesus sende oss Talsmannen, den talar. Du må høyre Andens stemme. «Mine får høyrer mi røyst».
Heb.3,7 Difor, som Den Heilage Ande seier:
I dag, om de høyrer hans røyst, 8 så gjer ikkje hjarto dykkar harde
som den gongen fedrane dykkar trassa meg,
den dagen dei eggja meg i øydemarka.
Joh.Op.1,17 Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:
Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste 18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket. 19 Skriv opp det du har sett, det som no er og det som heretter skal koma.
Profetisk bodskap ved Hasseløy.
Hør hva eg seier til deg, det er det Gud ønsker å si til deg, jeg trenger deg, hvem skal vinne barnebarna dine for himmelen, hvis ikke du gjør det. Hvem skal be for barnebarna dine, hvis ikke du gjør det. Hvem skal føre menneske til tro, hvis ikke du frimodig blir tent i brann for meg? Jeg vil gjerne berøre deg, jeg er her for å legge min naglemerkte hånd på deg, sier Herren. Jeg er her for å berøre deg med min kraft, jeg er her for å gjenopptenne Guds ild som brant en gang i ditt hjerte. Herren er her for å berøre deg.
…….
I dag hvis du hører min røst -. Se, jeg står for ditt hjertes dør og banker, om du hører min røst og opner døren, da går jeg inn til deg, for å holde nattverd med deg. Jeg har lengtet etter deg, sier Herren. Så lenge siden du var innfor mitt åsyn og tjente meg og hadde det godt i ditt hjerte med meg. Men nå har det blitt mindre med lovsang og mindre med tilbedelse og du har glidd bort ifra meg. Men jeg står fortsatt og venter på deg. Og som den fortapte sønn kom mot sin Far, fant en åpen favn, vil du finne min åpne favn for deg. Hvis du kommer til meg i kveld, sier Herren, skal du få kjenne at jeg skal klemme deg inntil deg og fortelle deg, at med evig kjærlighet har jeg elsket deg. I kveld er din anledning. Ikke utsett, for i dag er frelsens dag. I dag er jeg å finne, jeg er her for å berøre deg. Halleluja.
Hellig Åndens kraft er her i kveld for å å berøre deg. Halleluja.
……..
Han er her for å berøre deg med sin kraft og sin nåde. Han er her her for å tenne deg med sin ild i denne kveldsstund. Si ikke du er for gammel, si ikke du er for ung. For i dag er frelsens dag, i dag er kraften her. I dag er velsignelsen tilgjengelig for deg. Søk meg, sier Herren, så skal du finne meg. For jeg er her for å berøre deg. Halleluja ….
……
Herren vet hva det gjelder, Herren ser de barna som du ber for, Herren ser dine slektninger, Herren ser dine barnebarn. Herren ser de som ligger tungt på ditt hjerte. Og han sier du skal ikke frykte. For med dine hender oppløftet, så skal dine barn reddes. Og der det bes bønner i mitt namn, skal jeg virke og se, jeg virker med min Hellige Ånd. Og jeg skal høste inn mennesker i denne tid, du skal se det. Du har sett … det har begynt å skje i deres land, sier Herren. Men sterkere ting er på gang. Jeg skal sende min Ånd over byer og over bygder, skal høste inn mennesker i denne tid. Og du skal se det og erfare det og fryde deg, når jeg gjør min gjerning i menneskers liv, også i din familie, skal du få se frelste bli til …. Du skal prise mitt navn, når du ser dem kommer inn, som modne korband i denne høst, inn i min låve. Skal du se mennesker komme til tro. Og du skal fryde deg. Og du skal være redskap. Halleluja.
Så frykt ikke, mist ikke motet, løft dine hender til meg. Løft ditt hjerte til meg, jeg vil rikt velsigne deg. Jeg elsker deg med evig kjærlighet, du er dyrebar, du er verdifull, jeg er her for å legge min hånd på deg. Halleluja.
Aktuelle bibelvers.
Joh.Op.22,12 Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort. 13 Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. 14 Sæle er dei som vaskar kleda sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen. 15 Men utanfor er hundane og trollmennene og dei som driv hor, drapsmennene, avgudsdyrkarane og alle som elskar lygn og talar lygn.
16 Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.» 17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.
Jes.61,10 Eg vil gleda meg storleg i Herren,
mi sjel skal jubla i min Gud.
For han har kledt meg i frelsesskrud
og sveipt meg i rettferds kappe,
lik ein brudgom som pryder sitt hovud,
lik ei brur som tek på seg sine søljer.
Jes.62,5 Som ein ungdom gifter seg med ei møy,
skal dine søner ta deg til ekte.
Og som ein brudgom gleder seg over si brur,
skal din Gud gleda seg over deg.
Joh10,25 Jesus svara: «Eg har sagt dykk det, men de trur meg ikkje. Dei gjerningar eg gjer i namnet åt Far min, dei vitnar om meg. 26 Men de trur meg ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer. 27 Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei fylgjer meg. 28 Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut or mi hand. 29 Far min som har gjeve meg dei, er større enn alle, og ingen kan riva nokon ut or handa åt Far min. 30 Eg og Faderen er eitt.»
Søndag 16.7. Tore Kristiansen.
Innleiing ved Unni Fredstad.
Gal.6,9 Lat oss gjera det gode og ikkje trøytna! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp.
Heb.4,16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Matt.7,7 Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.
Jes.53,11 Etter all si møde og sjelenaud
skal han sjå ljos og mettast.
Og når dei kjenner han,
skal han, min rettferdige tenar,
gjera dei mange rettferdige;
for han har bore deira synder.
12 Difor gjev eg han dei mange til del,
og dei sterke skal han få til hærfang,
fordi han gav sitt liv i døden
og vart rekna mellom brotsmenn.
Han tok på seg synda åt dei mange
og bad for brotsmenn.
Jesus har sigra, derfor ber vi utifrå ein sigers-posisjon.
Luk.11, 21 Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får han ha eigedomen sin i fred. 22 Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek han våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut det han har røva ifrå han.
Kol.2,15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
Djevelen gir ikkje frå seg sitt bytte frivillig, derfor er det framleis kamp. Men han er våpenlaus.
Vi må reise oss i Guds kraft og innta landet i tru. Det kjem ei heilt ny tid.
Jes.49,24 Kan nokon ta hærfang frå ein krigar,
kan fangar sleppa frå ein valdsmann?
25 Ja, så seier Herren:
Fangar skal takast frå krigaren,
og hærfang skal bergast frå valdsmannen.
Eg vil strida mot dei som strider mot deg,
og borna dine vil eg frelsa.
1.Joh.4,4 Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda.
Tale ved Tore Kristiansen.
Rut.1,1 I dei dagar då domarane styrte, vart det ein gong uår og svolt i landet. Då fór ein mann i veg frå Betlehem i Juda med kona si og dei to sønene sine. Han ville bu i Moab ei tid.
Rut.1,22 Så kom då No’omi heim att, og sonekona, moabittkvinna Rut, var med henne då ho vende tilbake frå Moab. Dei kom til Betlehem då byggskurden tok til.
Betlehem betyr prøves. Dommarane forkynner lova.
Djupare meining: «Løysaren». Hyhende frå Israel: No er det brød å få. Rut ville vere med Naomi til heim att. Dei kom ut på åkeren til løysaren, Boas.
…….
Job sat på askehaugen og skrapa seg. Gud tålte at Job vart sint og at du blir sint.
Job.19,25 Men eg veit at min utløysar lever,
og som den siste skal han stå fram på molda.
26 Når det ikkje er noko att av mi hud
og mitt kjøt er borttært,
då skal eg skoda Gud.
27 Med eigne augo skal eg sjå han,
eg sjølv og ikkje ein framand.
Å, eg tærest bort av lengsle!
Aktuelle bibelvers.
Luk.11,20 Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk. 21 Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får han ha eigedomen sin i fred. 22 Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek han våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut det han har røva ifrå han. 23 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier.
Slutt-kommentar.
Enka med salvekrukka.
Ei gammal kvinne innleia møtet laurdags kveld, med å minna oss om enka med salvekrukka. Det var berre ei lita krus med olje, men i tru på profetens ord og dermed på Guds Ord, henta så mange tome kar i nabolaget som mogleg og byrja å helle oljen over i kara og det stoppa ikkje før alle kara var fulle.
Oljen er symbol på den Heilage Ande. No er Maranata på internett, Facebook og samarbeider med Visjon Norge, slik får dei som denne enkja sette fram mange tome kar, ja, mange fleire enn henne. Gjennom Facebook når det meg også, det takkar eg Jesus for.
Eg budde i Oslo frå 2009 til 2017 og då vart det til at eg byrja å gå i Maranata Oslo og melde meg inn der og er framleis medlem der, for vi fekk så mange lovnadar som eg ventar vi får oppfyllt, ja, nettopp der. Jesus sa at sjølv om vi var berre ein liten gjeng, som var innvia til han, så var det nok for ahn til å gjere storverk, for han var i mellom oss. Han ha at han hadde bestemt at midt i hans menighet, der skal livet, vekkinga, overfloda og fornyinga vere. Så eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud hadde gitt meg i hjertet.
Då tenkte eg først på at når eg gjekk på gymnaset og merka at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, så vedkjende eg for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Sidan byrja eg også å tenke på at livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Og for eit par år sidan sa Jesus at eg skulle sjå på kva eg har, det Gud har gitt meg og det eg er god på og bruke det. Både nådegåve og naturgåve altså, når det gjelde naturgåve, tenker eg på mi evne for matematikk, mi evne til å tenke logisk, mi analytiske evne. Likevel er det klart at Gud valde ut det som ingen ting er, hans nåde vert fullenda i vanmakt, for eg er heilt avhengig av hans nåde, så for å bruke mi nådegåve og eigentleg treng eg hans nåde for å bruke mi naturgåve også. Når eg studerer realfag, må eg bruke metodene i realfag. Men Guds metode er å bruke det som ingen ting er, for å gjere det vise og sterke til skamme, til vitne om at han har skapt alt.
Nåden og sanninga kom ved Kristus og i det siste har det vorte tydelegare at vi treng Guds nåde for å hevde den realgaglege sanninga også, sidan desse såkalla «humanistiske» moralistane og politikarane strir mot både evangeliet og realfag.
Dette har eg skrive om her: https://blessings-from-heaven.com/2023/06/26/2023-06-24-husmote-hald-fast-pa-det-du-har-du-skal-bli-frelst-med-heile-ditt-hus/
Mor mi og eg, til samanlikning med enka med salvekrukka og dei to sønene hennar.
Om lag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag, talte Jesus til meg omlag slik: ”Du som fekk livet planta i deg, dette livet skal vekse.”
JAK 1,19 – JAK 1,27 {HØYR ORDET OG GJER ETTER DET!} Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. 20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning. 26 Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje tøymer tunga si, han narrar seg sjølv, og hans gudsteneste er gagnlaus. 27 Ei rein og rett gudsteneste for Gud og Faderen er dette: å hjelpa enkjer og foreldrelause born i deira naud, og halda seg sjølv uflekka av verda.
Då visste eg med meg sjølv at det vart planta i meg allereie når eg var ein liten gutunge. Eg er oppvoksen kyrkja, vart tidleg med på bedehuset og på husmøte. Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be om frelse for mine næraste og for bygdafolket, be for folket og landet og så be Fadervår. Eg samanliknar det med enka som sette fram tome kar for å fylle dei med olje.
På den tida gjekk vi på skule annakvar dag, småskulen (1-3 klasse) ein dag og storeskulen (4-7 klasse) neste dag. Når eg gjekk i 3. klasse, gjekk bror min i 4. klasse og han fortalde om stygg mobbing på skulen, det hadde med mannens kjønn å gjere. Det vart eit bønneemne når vi bad kveldsbøna. Eg samanliknar det med enka som hadde to søner, men så kom der ein og ville gjere dei til trælar.
Ein gong bror min var uroleg, sa ha at vi måtte tenke over kva vi bad om, så eg byrja å be sjølv. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd, slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus om å frelse menneska frå det og gi meg ei frelst jente til kjæraste og kone. Når eg bad slik, merka eg at Jesus var meg nær, så eg følte eg vart kjend med han personleg, som min beste venn. Han var som ein skugge ved mi høgre hand og det har han halde fram med.
Salme 121,1 Ein song til festreisene.
Eg lyfter auga mine til fjella.
Kvar kjem mi hjelp ifrå?
2 Mi hjelp kjem frå Herren,
som har skapt himmel og jord.
3 Han vil ikkje la foten din vakla,
din vaktar vil ikkje blunda!
4 Sjå, han blundar ikkje og søv ikkje,
Israels vaktar.
5 Herren er din vaktar,
Herren er din skugge
ved di høgre hand.
6 Sola skal ikkje skada deg om dagen,
heller ikkje månen om natta.
7 Herren skal vara deg frå alt vondt.
Han skal verna om ditt liv.
8 Herren skal vara din utgang og din inngang
frå no og til evig tid.
Herren skal vare min utgang og min inngang. Når eg går ut av heimen eller ut av kyrkjelyden og kjem inn ein annan plass, ein skule, ein arbeidsplass, eit universitet, ei forsamling.
Jau, livet var planta i meg ved Guds Ord og eg skal bidra med det han har gitt meg i hjertet, i den kristne kyrkjelyden og vitne om han for dei der ute.
Joh.17,3 Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa:
Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg. 2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3 Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.
Sidan livet var planta i meg, så skulle eg etter kvart bidra med det, til samanlikning med enka som sette fram fome kar og hellte olje i dei. Dei som var engasjert i kristne organisasjonar la ofte vekt på at det var viktig å vedkjenne si tru på Jesus for andre menneske.
LUK 12,8 – LUK 12,9 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar.
Det hadde dei rett i, men meininga var så tydeleg at dei skulle framstå som noko betre enn andre menneske, men det betydde ei einsretting som eg syntest verka kunstig, der verka som eit krav om at eg skulle fremstille meg som ein annan enn det eg var. Dette syntest eg var vanskeleg, så eg bad til Jesus over det og bad han sette meg fri frå den menneskefrykta.
Når eg kom opp i sjuande klasse, vart det ungdomsskule. Omlag på på den tida vart det forkynt for meg, kanskje eg las det, at kvar den som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born. Eg tenkte over det og tenkte meg at det kunne eg vel gjere i mitt hjerte, ta eit bevisst standpunkt i mitt stille sinn. Eg trengde då ikkje spørje nokon annan om det. Eg kom i hug korleis eg bad når eg gjekk i småskulen og byrja å be slik igjen. I 8.klasse vart eg forelska i ei kristen jente og skreiv kjærleiksbrev til henne og det vart det laglege høvet for meg til å vitne om mi tru på Jesus. Eg følte at det stemte med trua og kjærleiken Gud hadde gitt meg i hjertet, så derfor var eg ikkje redd for å vedkjenne mi tru på Jesus, det var då nettopp når eg ville fri til ei jente at denne trua og kjærleiken vart så vikltig og verdifull for meg. Slik fekk eg frimod og vart ivrig med å vitne om mi tru når eg gjekk på gymnaset.
Eg hadde den tru og tillit til Jesus at eg kunne gå til han med alle mine problem, både det som eg møtte i kvardagen og meir generelle allmenne problem. Men det var no frykteleg rart med den ertinga og mobbinga som hadde vore i «storeskulen». Som om ungane skulle verte inndoktrinerte med at syndefallet var eit stort problem for dei allereie då, på grunn av arvesyndslæra?
Når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg hadde gode evne for matematikk og eg likte naturfag også. Samtidig trudde eg på Jesus. Eg hadde ei viss aning om at her var det motstridane tenkemåtar og interesser, men eg meinte det sameinleg og at motsetnaden verka kunstig. Det verka som eg stod overfor ei stor oppgåve med å kombinere det, som om det var eit stort fjell som eg måtte prøve å komme over. Men vona var at Gud ville gi meg hjelp ved å gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone.
Når eg byrja på gymnaset, kom eg meir i kontakt med den karismatiske rørsla, gjennom det Kristne Skulelaget. Den karismatikske vekkinga bar preg av å vere ei ungdomsvekking, til dømes «Ungdom i Oppdrag». Dei prøvde å komme inn i kyrkje og kristne organisasjonar, men fekk motstand. Så eg fekk inntrykk av at slik fekk eg også motstand, men det var ikkje lett å verte klok på. Men det var først og fremst ved at eg byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling, at eg fekk oppleve den karismatiske vekkinga, der fekk eg oppleve at Jesus tala til meg gjennom tyding av tungetale. Det nye vart no at mykje av desse problema som eg møtte, var løyste fordi Jesu frelseverk var fullført og fullkome, så det var berre for meg å tru det og takke for det.
Den som har tru som eit sennepsfrø kan seie til eit fjell at det skal kaste seg i havet og det skal skjue. Då tenker eg på fjellet som reiste seg framfor Serubabel.
Sak.4,6 Då tok han til ords og sa til meg:
Dette er Herrens ord til Serubabel:
Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
7 Kven er vel du, du mektige fjell?
Framfor Serubabel skal du verta ei slette.
Han skal føra fram toppsteinen,
medan dei ropar:
«Nåde, nåde vere med han!»
8 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 9 Serubabels hender har tufta dette huset,
og hans hender skal fullføra det.
Då skal du sanna
at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk.
10 Ja, alle som har vanvørdt
den dagen då det tok til i det små,
skal gleda seg når dei får sjå
blyloddet i Serubabels hand.
– Dei sju, det er Herrens augo
som fer over heile jorda.
Farisearane og dei skriftlærde lessa tunge byrder på folket, men Jesu kalla dei til seg for å gi dei kvile.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Gud openberrar sitt verk for oss, då er det viktig for oss å innsjå det, oppdage det, tru på det, så vi kviler på grunnlag av det som han gjer. Han openberrar si frelse for oss i Kristus, på det grunnlaget får vi kvile.
Når eg byrja å studere, gjekk eg i det Kristne Studentlaget og det samarbeidde med Ungdom i Oppdrag. Det var mange på venstresida som kritiserte oss for å vere ulærde, kanskje endåtil dumme, sidan vi framleis levde i barnetrua. Det var nok litt forskjellig kor lærde vi var, Men Jesus sa no at vi måtte verte som born for å komme inn i Guds rike. Vi skulle likevel vekse i nåde og kjennskap til han og så spørst det kor sameinleg det vert med høgare utdanning.
På den tida bar Universitets-miljøet preg av «68-generasjonen», spesielt på venstresida, med AKP-ml. Det bar preg av å vere eit ungdomsopprør, men var det pubertetstrass for å verte voksne eller tvert om for ikkje å verte voksne? I denne tida ser det ut til at det vert følgt opp med klimapolitikk, «woke» og Pride. Strategien til Pride ser ut til å vere å erte og mobbe menn på grunn av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, så det liknar misstenkeleg på ertinga og mobbinga i storeskulen. Motivet bak det var sikert at dei skulle ertast og mobbast fordi dei ikkje var voksne nok til det og hadde å gjere med at dei skulle verte voksne nok til det. Og det er no litt utruleg at det også skal vere motivet for folk som for lengst skulle vere voksne, når dei går i Pride-tog i gatene. Det er ein demonstrasjon av mangelfulle sjelelege og sosiale eigenskapar, dei har ikkje modnast til voksne menne og kvinner, for i pubertetstrass protesterer dei mot det. Det er ein protest mot at vi skal verte voksne, frie og sjølvstendige menn og kvinner, som inngår i ekteskap for å bygge hus og heim og soleis bygge folket og landet slik forfedrane våre har gjort før oss. Det er eit krav om at vi skal verte trælar i staden.
Men Jesus er brødet som kom ned frå himmelen, for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Den rettferdige, ved tru skal hans leve, ved å ete brødet frå himmelen. Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein gutunge og Guds kjærleik vart utrendt i mitt hjerte ved den Heilage Ande. For meg er det som ein slik oljekopp som denne enka hadde i huset. Eg kan hente tome kar frå både by og land, heile landet og fylle dei med olje. For Gud gir oss den Heilage Ande utan mål.
Israels-møte, ved Stig Andre Lippert, leiar for «Ordet og Israel».
Stig Andre minna oss om at Jesus og disiplane hans og dei første kristne viste til skriftene og det var det som vi no kallar det Gamle Testamentet. Jesus viste også til skapingssogene. Ja, eg har no i lang tid minna om at det gjorde Paulus også, så for meg verkar det som eg får medhald i det og det er no gledeleg. Nyleg har eg skrive at Gud skapte dyra og så skapte han menneska i si likning og velsigna dei og så kvilte han sjuande dagen, etter alt sitt verk. Sidan velsigna han Abraham og lova han at i han skulle alle folkeslag velsignast. Dette får vi oppfylt ved evangeliet om Kristus. Han velsigna småborna og sa at Guds rike høyrer slik til, så vi må verte som dei, for å komme inn id et. Ved trua på han får vi komme inn til Guds kvile. Gud frelser oss og skapar oss i Kristus, så vi vert nye skapningar. Det er like fundamentalt som skapinga, fordi Gud er den same, det er framleis han som gjer sitt verk med oss.
1.Kor.15,20 Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er fyrstegrøda av dei som er avsovna. 21 Fordi døden kom ved eit menneske, så er òg oppstoda av døde komen ved eit menneske. 22 For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus. 23 Men kvar til si tid: Kristus er den fyrste; deretter fylgjer dei som høyrer Kristus til, når han kjem. 24 Så kjem enden, når han overgjev kongsmakta til Gud, Faderen, etter at han har gjort ende på all makt og alt herredøme og velde. 25 For han skal vera konge til Gud har «lagt alle fiendar under hans føter». 26 Den siste fienden som vert tynt, er døden. 27 For «alt har han lagt under hans føter». Når det heiter alt, er det klårt at Gud sjølv er unnateken frå dette. For det er han som har lagt alt under han. 28 Men når alt er han underlagt, skal òg Sonen sjølv gje seg inn under Gud som har lagt alt under han, og Gud skal vera alt i alle.
Dette har eg skrive om her: https://faith-and-entropy.com/2023/07/13/gud-er-alfa-og-omega-byrjinga-og-enden-den-forste-arsak-og-den-endelege-hensikt-men-bytt-ikkje-om-arsak-og-verknad/

