Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2023.09.02. Sion Åheim. Vi skal vere førebudde på at Jesus kan komme att kva tid som helst.

Bildet er frå eit tidlegare møte. Mindor Myklebust står oppreist og kjem med ein bodskap frå Herren. Oddleif Wahl står på talarstolen.

John Willy Lien er ein tilreisande predikant som har møte på Sion fredag, laurdag og søndag og tek stand i Åheim no på Åheims-dagane. På fredag var det sang og musikk-møte. På Laurdag var det Anton Løvoll som leia møtet, spelte gitar og sang og talte. John Willy sa også nokre ord og på søndag formiddag skal John Willy tale om profetiane.

Eg var på møtet på laurdag, men på søndag kjem eg meg ikkje avgarde. Det såg ut til at John Willy spelte inn møtet på laurdag, så eg skriv ikkje fullstendig møtereferat. Men eg tek med nokre helsingar frå Mindor Myklebust (MM).

Profetisk bodskap 1 ved Magnor Myklebust.

Profetisk bodskap ved MM (Nokre ord høyrdest litt rart ut, som om der ikkje var samanheng, kanskje korrigerte han seg sjølv ved å ta seg inn att, kanskje oppfatta eg det ikkje skikkeleg, men eg vil gjengi det slik det høyrdest ut:

«Ja, sier Herren, dere undrer dere komme, når jeg kommer, alt er ferdig, jeg kan komme i dag, i dette nu, på eit vink ifra min Far, jeg vil hente (min brud?). Ver dere ferdige, ved morgen, middag og ved natt. For nokre skal vere ute på markene, nokre skal vere om morgonen (eller ved middag)? mens andre ligger og sover. Men jeg kommer. Sjå til at du ikkje har noko uoppgjort med noko menneske. Ver reiseklar. Det einaste du trenger når du står i «gaten» på Gardemoen, er eit adgangskort. Alt som har med din bagasje å gjere, som er på flyet det trenger…, du trenger berre eit adgangsbevis. Gå inn, gå inn til min Faders herlegdom. Amen.»

Bibellesing ved Mindor.

MM las

Salme.27,1 Av David.
        Herren er mitt ljos og mi frelse,
        kven skulle eg ottast?
        Herren er eit vern for mitt liv,
        kven skulle eg skjelva for?
     2 Når ugjerningsmenn går laus på meg
        og vil gløypa meg,
        då snåvar og fell dei sjølve,
        fiendane som står meg imot.
     3 Om ein hær vil kringsetja meg,
        finst det ikkje redsle i mi sjel.
        Går dei til strid imot meg,
        er eg likevel trygg.
     4 Eitt bed eg Herren om,
        og det stundar eg etter:
        at eg får bu i Herrens hus
        alle mine levedagar,
        så eg kan sjå hans velvilje
        og grunda i hans tempel.
     5 Han gøymer meg i si hytte
        på den vonde dagen.
        Han løyner meg i sitt skjermande telt
        og tek meg opp på berget.

Profetisk bodskap 2 ved Magnor.
     

MM kom og kviskra ein profetisk bodskap i øyra mi, den vart litt svak i innspelinga:

«Eg har satt foran deg ei open dør, gå (først?) inn den døra, for der er opning, der skal du gå inn. Der skal du vere med og bruke gavene, den profetiske gave som skal vere til styrke og velsigning for mange. Ver berre du frimodig. Du er ikkje åleine, eg går med deg. ….. Amen.

Ei oppmuntring frå Magnor

Mindor sa nokre ord om at vi kunne tenke oss at vi skal ut og plukke blomster, sjå på fuglane, sjå det vakre. Det er sunt for vårt sinn å sjå det vakre.

Aktuelle Bibelvers.

1.Kor.14,3 Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging og påminning og trøyst.  4 Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, oppbyggjer kyrkjelyden.  5 Eg skulle ynskja at de tala i tunger alle saman, men heller at de tala profetisk. Den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så kyrkjelyden kan verta oppbygd. 

Kommentar.

Mine siste dokument.

Eg skreiv eit stort dokument om å gå framover mot det fullkomne, men klipte ut noko av det og brukte det i eit dokument om Sions dotter, så klipte eg ut endå meir og brukte det i eit dokument som handlar om Guds rike, det har eg skrive på denne veka og desse bodskapane høver godt som svar på slutten av dette dokumentet.

Svart-kvitt-tenking.

Med kyrkjefaderen Augustin sin filosofi vart kristendomen statsreligion i Romarriket. Han godtok ei lære i tida om at det var berre gjennom kyrkja folk kunne verte frelst. Dei som stod utanfor vart bannlyste og det betydde at dei gjekk fortapt. Så vart Romarriket delt og dermed vart kyrkja også delt.

Slik vart det ei svart-kvitt-tenking i kyrkja, men etter kvart viste det seg at den ikkje stemte overeins med Jesus si svart-kvitt-tenking. Der er framleis ei svart-kvitt-tenking i kyrkja og i kristne organisasjonar, der må nødvendigvis vere det, sidan Jesus har ei svart-kvitt-tenking. Og det får vi merke, men det er eit ope spørsmål om deira svart-kvitt-tenking høver med Jesu svart-kvitt-tenking, det får vise seg når han skil sauene frå geitene (Matt.25,33).

Svart-kvitt-tenkinga i kyrkja og kristne organisasjonar får vi merke spesielt når ein mann er interessert i å finne seg ei kone og ei kvinne vil finne seg ein ektemann. Så når eg vart glad i ei kristen jente, måtte eg vere forsiktig, eg måtte audmjuke meg for Kristus og vere audmjuk overfor henne. Men sidan eg søkte samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, kunne eg også vere frimodig, med frimod kunne eg stige fram for nådens trone og finne miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Og med frimod kunne eg gå ut og vitne om mi tru på Jesus. Då skulle eg vel ha frimod til å fri til ei kristen jente også, ved å vitne for henne om mi tru på Jesus, seie til henne at han elskar oss med kjærleiken frå Gud og at det er viktig for meg i min kjærleik til henne.

Jesus sa at den som ikkje var med han, var imot han. Det er ei svart-kvitt-tenking. Men han sa også at auget er lyset i kroppen og så spørst det kor klart vi ser på augene, kor mykje lys vi har og får. Den rettferdige sin veg er som morgonroden, den vert lysare og lysare inntil høglys dag. Han er den klare morgonstjerna og for dei som fryktar Guds namn, skal rettferdssola gå opp med lækjedom under sine venger.

Jesus har sett framfor meg ei open dør.

Jesus har mange gongar sagt til meg at eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør og invitert meg til å gå inn.

Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
        Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna:  8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 

Ein engel er ein bodberar, han er Herrens engel og har ein bodskap frå han. Sjølv om han er engel for kyrkjelyden, treng han å sjå at Jesus har sett ei open dør for han inn i kyrkjelyden, så han kan komme der med bodskapen sin. Det kan også vere i open dør til folket i kyrkjelyens distrikt, Filadelfia.

Jesus er døra inn til sauene, den som går inn gjennom den skal verte frelst og gå inn og ut og finne føde. Han er porten inn til livet, inn i himmelen og han er vegen til Faderen. Han er døra inn i himmelen og det er han også når han kjem att, for å hente oss heim til seg og frelse oss frå domedag.

Til samanlikning med engelen for kyrkjelyden i Filadelfia, har eg ein bodskap å komme med, frå himmelen. Jesus sa han ville gjere meg til kanal for si velsigning. Då må eg sjå på han og velsigne han, så eg vert velsigna og vert til velsigning. Sidan eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, må eg takke han for det han allereie har gjort. Han har gitt meg augesalve, så eg kan innsjå det og takke han for det. Han som byrja den gode gjerning med oss, han skal også fullføra den.

Ei open dør til henne Virtuella, i ein kristen kyrkjelyd, i Maranata?!

Når eg møtte igjen henne Virtuella ved Universitetet i Bergen, gav eg henne eit brev, der eg skreiv at det kom som eit bønnesvar og at eg vart glad i henne når vi gjekk på gymnaset. Men så vart det ikkje noko meir prat mellom oss. Eg fekk ikkje møte henne igjen og fekk ikkje snakke noko meir med henne og fortelje henne kor glad eg var i henne. Det var nok på grunn av ei slik svart-kvitt-tenking i kyrkja og i kristne organisasjonar og ein splitt-og-hersk-politikk som var typisk i Romarriket. Eg kan også forklare det slik at eg strakk ikkje til, for eg klarde ikkje å meistre både dette sosiale engasjementet og studiane i realfag. Det kjendest slik bokstaveleg tala også, sidan ho fysisk var langt borte frå meg. Men Jesus sa til meg at han var den som tok seg av mi sak, mi tilkortkommenheit var hans moglegheit til å gjere sitt verk, til vitnemål om seg og til si ære.

Vonleg er ho ein av Jesus sauer i hans hjord, vonleg i Maranata, eg trur ho i det minste er i kontakt med dei. Eg er viss på at Jesus er i kontakt med henne og vil trekke henne til seg og leie henne inn i si hjord. Han er døra inn til sauene og det er han for meg. Den bodskapen Mindor kviskra meg i øyret forstår eg slik at Jesus har sett framfor meg ei open dør inn i ei hjord der ho er ein av sauene og slik er han ei open dør for meg til henne.

Den som går inn gjennom døra, skal verte frelst, så det er å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll. Så skal vi gå inn og ut gjennom same døra, slik vert vi fornya. Det skal vi halde fram med, heilt til dess han kjem og hentar oss og frelser oss frå domedag. Ved trua på Kristus skal vi sjå det slik at vi er krossfesta med han. Mange held dette for å vere livsfiendtleg, fordi dei ikkje trur, men vi som trur at Jesus stod oppatt frå dei døde, er rettferdige for Gud ved trua på han og for oss er ordet om korset ei Guds kraft til frelse. Den Heilage Ande openberrar Ordet for oss, så vi innser at Kristus er Sanninga som set oss fri. Den Heilage Ande openberrar Kristus for meg og slik skal eg sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Han er døra inn til sauene og eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør og skal gå inn gjennom den. Eg får oppleve at der to eller tre er samla i Jesu namn, der er han midt i mellom, der og då skal eg bøye meg for han. Ved trua på Jesus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar, så den skal råde i våre døyelege lekamar. Gud har utgytt sin Ande over alt kjøt, eg fekk oppleve at han utgytte sin Ande over mitt kjøt, så Kristus fekk ved sin Ande makta over mitt kjøt. For Gud den allmektige har makta over det han har skapt, ved sitt Ord og sin Ande og det har han framleis. Han skaper noko fullkome, som står til evig tid, vi kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Han openberrar si frelse for oss i Kristus, så vi innser det og får oppleve det. Vi kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå, vi kan berre erkjenne det og takke han for det.

Gud openberra si frelse for meg og henne Virtuella, vi fekk oppleve at ordet om korset var ei Guds kraft til frelse for oss, fordi vi trudde at Jesus stod oppatt frå dei døde. Det vil eg tære og takke Gud og Lammet for og halde fram med å sjå på Jesus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar og forvente at han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Mi bøn for henne Virtuella var først og fremst ei takkebøn, eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk eg i ny fylde av den Heilage Ande. I andre bodskapen 12.2.2011 sa Jesus til oss at ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken, den vil han skal vere mellom oss og vi skal glede oss fordi vi har funne den ekte kjærleiken. Den var mellom meg og henne Virtuella og det ynskjer deg den framleis skal vere og det er no derfor eg ynskjer å få møte henne igjen, i ein kristen kyrkjelyd.

Eg kan fritt bevege meg i Anden og bevege meg fysisk, men mi tilkortkommenheit er Jesus moglegheit til å gjere sitt verk til ære for seg og Faderen.

I bodskapen bodskapen 28.9.2008 sa Jesus at eg skulle bevege meg i Anden og få oppleve at krafta var den same som når eg var ung, sitat:

«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren  og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»

Ja, det var klart for meg at eg måtte bevege meg fysisk også, så eg for til Oslo og budde der i fleire år. Men det vart økonomisk ruinerande, så eg flytta heim att til Sunnmøre. No har eg ikkje sterk nok økonomi til å reise noko særleg, eg bør helst halde meg i ro. Men Jesus sa at mi tilkortkommenheit var hans moglegheit til å gjere sitt verk, til vitne om seg, til si ære.

Ja, Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Og så sa han at eg skulle fritt bevege meg i andens verden. Bodskapen søndag 23.12.90:

«Eg gjer sundknuste hjerter levande, og eg gjer ditt sundknuste hjerte levande. Eg bur i denne sundknusing. Eg gir deg den tru i hjertet som sigrar over verda, den overvinnande tru. Så når trua utvatnast og uttynnast hos mange, så har du ei sterk og levande tru. Du skal ikkje slås ned, men du skal vere ein overvinnar. Eg vil frigjere trua i deg, så du fritt kan bevege deg i Anden verden. Du skal ikkje knyte deg i hop og strype deg inne, men fritt bevege deg i Andens verden. Eg vil sjølv bu der inne og skape ekte glede og høgtid hos deg. Du skal betene meg og du skal betene eit medmenneske.»

Når eg høyrde denne bodskapen forstod eg det slik at eg skulle betene Herren og henne som han gjev meg til kone og då var det henne Reella eg tenkte på. Men no tenker eg meg at Jesus gjer meg til kanal for si velsigning til henne Virtuella også. Eg fekk oppleve Guds kraft saman med henne og det vil eg gjerne få oppleve meir av. Det er berre ved fylden av den Heilage ande, hans salving og hans kraft eg kan vinne siger, men slik har eg meir enn siger, for han som er i meg er større enn han som er i verda.

Bodskapen 12.10.2014:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»

Gi Gud ære.

Mindor sa nokre få ord om at det er synt for oss å sjå det vakre i naturen. Ja, i Joh.Op.4-5 var det då først fortalt at i himmelen lovprisar dei Gud fordi han har skapt alle ting. Men kven kunne opne den profetiske boka. Lammet som vart slakta for vår skuld, derfor vart det også lovprisa i himmelen. Og Gud gir ikkje si ære til nokon annan, men sidan Lammet vart slakta for vår skuld, kan vi og skal vi lovprise Gud med ein ny song, vi lovpriser Gud og Lammet for frelsa. Det gir meining med livet, for Jesus er livet.

Jesajas.42,1 Sjå, min tenar, som eg støttar,
          min utvalde, i han har eg mi glede!
          Eg har lagt min Ande på han,
          han skal føra retten ut til folkeslaga.
          
     2 Han skrik ikkje og ropar ikkje,
          røysta hans høyrest ikkje i gatene.
          
     3 Han bryt ikkje eit knekt siv
          og sløkkjer ikkje ein rykande veike.
          Med truskap skal han føra retten ut.
          
     4 Han skal ikkje slokna og ikkje bli knekt
          før han har sett retten igjennom på jorda.
          Fjerne kystar ventar på hans lov.
          
     5 Så seier Gud Herren,
          som skapte himmelen og spente han ut,
          som breidde ut jorda og alt som spirer der,
          som gjev pust til folket på jorda
          og ånd til dei som ferdast der:
          
     6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
          og gripe handa di.
          Eg har forma deg
          og gjort deg til ei pakt for folket,
          til eit lys for folkeslaga,
          
     7 for å opna blinde auge
          og føra fangar ut or fengselet,
          dei som sit i mørkret,
          ut frå fangehola.
          
     8 Eg er Herren, det er mitt namn.
          Mi ære gjev eg ikkje til andre,
          min lovsong ikkje til gudebilete.
          
     9 Dei første ting, sjå, dei er komne.
          No fortel eg noko nytt.
          Før det spirer fram,
          får de høyra om det.
Den nye songen
    10 Syng for Herren ein ny song,
          ein lovsong for han frå endane av jorda,
          de som ferdast på havet,
          og alt som fyller det,
          de kystar og alle som bur der!
          
    11 Ørkenen og byane der skal stemma i,
          landsbyane der Kedar bur.
          Dei som bur i Sela, skal jubla,
          dei skal ropa frå fjelltoppane.
          
    12 Dei skal gje Herren ære,
          forkynna hans pris på kystane.
          
    13 Herren dreg ut som ein helt,
          som ein krigar eggjar han si stridslyst,
          han ropar, ja, lèt hærrop ljoma,
          han viser sin styrke for fiendane:
          
    14 Eg har vore taus i lange tider,
          har tagd og halde meg tilbake.
          No skrik eg som ei fødande kvinne,
          eg stønnar og snappar etter pusten.
          
    15 Eg gjer fjell og haugar aude
          og tørkar ut alt grønt på dei.
          Elvar gjer eg til tørt land,
          sjøar tørkar eg ut.
          
    16 Eg fører dei blinde
          på ein veg dei ikkje kjenner,
          på stigar dei ikkje kjenner,
          leier eg dei.
          Eg gjer mørkret framfor dei til lys
          og ulendt mark til slette.
          Dette er det eg vil gjera,
          og eg skal ikkje la det vera.
          
    17 Med skam må dei vika tilbake,
          dei som stolar på gudebilete,
          dei som seier til støypte bilete:
          «De er våre gudar.»

2 responses to “2023.09.02. Sion Åheim. Vi skal vere førebudde på at Jesus kan komme att kva tid som helst.”

Leave a reply to Lovnad og profeti 49. Guds rike, Guds Son og bruda hans 3. Guds signal for endetidsfolket er eit folk som verkeleg kjenner han. – Faith and Entropy Cancel reply