Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2024.01.28. Jesus kjem for å hente berre si blod-kjøpte brud. Det er det Nye Jerusalem, som kjem ned på den nye jorda.

John Willy Lien talte om det Nye Jerusalem.

Joh.Op.21, Noko tempel såg eg ikkje i byen, for Gud Herren, Den Allmektige, og Lammet er tempel der. 23 Og byen treng ikkje ljos frå sol eller måne, for Guds herlegdom lyser over han, og Lammet er ljoset hans.

Joh.Op.22,1 Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå kongsstolen til Gud og Lammet. 2 Midt imellom bygata og elva står livsens tre, fritt til begge sider. Det ber frukt tolv gonger og gjev si frukt kvar månad. Og lauvet på treet er til lækjedom for folka. 3 Det skal ikkje lenger finnast noko som er under forbanning. Kongsstolen til Gud og Lammet skal vera i byen, og tenarane hans skal tena han. 4 Dei skal sjå Guds åsyn, og namnet hans skal vera på panna deira. 5 Natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje ljos av lampe eller av sol, for Herren Gud skal lysa over dei. Og dei skal råda i all æve.

17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

Mitt Vitnemål.

Når ein kjem med eit vitnemål, bør det vere om ein skriftstad som ein opplever har vorte viktig for seg sjølv, ved at det har vorte til liv for seg sjølv. Då er det vel på sin plass at ein seier litt om seg sjølv, men det primære og viktigaste er då bibelverset. Og Jesus har mange gangar minna meg om at han har sett framfor meg ei open dør og invitert meg inn. Så eg har tenkt ein del på det. Det refererer til brevet til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia. Pinsevennar likar godt å kalle kyrkjelyden sin for Filadelfia, for det verka som engelen for denne kyrkjelyden kom best ut av det. Men når eg opplever at det er ein bodskap til meg, så må eg få lov til å seie litt om meg sjølv og om korleis eg opplever at det er ein bodskap til meg og komme med min bodskap. Då er det ikkje ein kvan annan som skal svare i staden for meg.

Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:

Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.

Eg såg dette på bakgrunn av likninga om den Gode Hyrdingen i Joh.10. Eg har ei dobbeltolkinga v det liksom skapingssoga i 1.Mos.2, det handlar både om den fysiske realiteten, ein fysisk og biologisk hage og det åndelege samfunnet med Gud som er ånd, å dyrke hjertets jord. Det er slik som det står skrive i Ef.1 at Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus og i Ef.2 står det skrive at der har han sett oss. Sidan ei og same likning handlar om begge deler er det ikkje alltid så lett å forstå. Jesus er døra inn til sauene, likevel handlar det om å gå inn gjennom døra for å samlast fysisk i ein kristen kyrkjelyd og så gå ut att gjennom same døra. Og faktisk bryja denne likning med at Jesus leia dei ut gjennom døra. Dei samlast i tempelet i synagogne og i heimane og sidan i nye heimar. Jesus lei a dei ut og leia dei gjennom landet til samanlikning med David når han og flokken hans var utstøytt og David sa at Herren var hans hyrding, det vanta han ingen ting, han leia han til dei grøne grasgangane og til vatn der han fann kvile.

Jesus sa at dei som var komne før han, var tjuvar og røvarar som hadde klive over ein annan stad, i staden for å gå inn gjennom døra og sidan kom ulven og spreidde dei, men då var han den Gode Hyrdingen som sett livet til for sauene og så samla han dei igjen. Han gav dei misjonsbefalinga og sa dei skulle få sjå at han var med dei alle dagar. Når dei då gjekk ut og forkynte evangeliet på nye plassar, fekk dei sjå at han var døra dei hadde å gå inn gjennom for å samlast i nye kyrkjelydar.

  Jesus har sett framfor meg ei open dør, som ingen kan lukke, for hans frelseverk er fullført og fullkome. Ingen kan stenge den døra for meg. Han har bana vegen for meg inn i den himmelske heilagdomen, så eg får stige fram for nådens trone. Eg tenker på det som å bøye meg for Jesu kors og så tenker eg på nådestolen over pakt-kista. At der får eg openberring. Men heime med meg sjølv løfta eg blikket opp til Jesus, der han sit ved Faderens høgre hand, der sit han også på nådens trone og så sa eg til han at eg elskar han, ja, for det er no ved at vi elskar han at vi får openberring. Då oppdaga eg at eg byrja å få svar på internett.

Så byrja eg på eit personleg vitnesbyrd om korleis kom til tru når eg var ein liten gutunge og det var ikkje lenge for John Willy sa eg måtte avrunde, for der var andre som også ville seie noko. Men eg tok meg tid til å minne eg om at der kom ein profetisk bodskap når Oddleif var her, der Herren sa at endå ein gong sender eg min tenar til deg og ditt distrikt for å vende fedrane sine hjarte til borna og borna sin hjarte til fedrane. Det handla også om å verne ekteskap og familieliv. Det er bodskapen til Johannes Døyparen, han forkynte at Jesus er den som har bruda og det er han som døyper oss med den Heilage Ande. Den bodskapen har eg teke imot og gjort til min bodskap og den vil eg gå inn gjennom døra med.

Tungetale ved Ingelin, tyding ved John Willy.

John Willy sa her var ei dame som hadde ein bodskap og så kom Ingelin med tungetale. Eg prøvde å ta det opp på video, men så oppdaga eg at den hadde ikkje starta likevel, så eg fekk ikkje med meg byrjinga, det vart litt klipping også, før eg var sikker på at den var på. Men eg hugsa han sa noko om at eg skulle glede meg i Herren heime med meg sjølv. Opptak:

«… glede deg over og fryde deg over at jeg på grunn av (Golgata kors?) på grunn av jeg … for deg, til en evig himmelsk herlighet.»

Takk og lov. Du skal glede deg i meg, du skal fryde deg i meg. For at jeg døde på Golgata kors for deg. Og når jeg døde på Golgata kors for deg, så tok jeg alle dine synder og alle dine plager på meg, for at du skal få lov å slippe å plage deg over din synd. Du skal fryde deg i min frelse, du skal juble over det jeg har gjort for deg på Golgata. At der har jeg dødd for deg, jeg har tatt all din synd. Og du som har lyttet i kveld, jeg har gitt deg dette budskapet for at det skal løfte deg gjennom hverdagen. Og for at du skal løfte dine øyne og du skal se på meg, at snart kommer jeg for å hente min blodkjøpte brud og det er bare min blodkjøpte brud som jeg henter. Og du kan få lov, midt i hverdagen, å juble og glede deg over det i ditt hjerte, at du har fått lov, på grunn av korset, tatt imot frelsen og du er på vei til himmelens herlighet.

Relevante bibelvers.

Salme.33, 1 Rop av fryd for Herren,

de rettferdige!

Det sømer seg for dei ærlege

å syngja Herrens pris.

2 Lovsyng han til lyre,

og spel på tistrengja harpe!

Syng ein ny song for han,

spel fagert og rop av glede!

For Herrens ord er sanning,

alt han gjer, kan ein lita på.

5 Han elskar rett og rettferd,

jorda er full av hans miskunn.

6 Ved Herrens ord vart himmelen skapt

og himmelhæren ved ein pust frå hans munn.

7 Han samla havvatnet som i eit kar,

la havsens djup i opplagsrom.

8 For Herren må heile verda ottast,

for han må dei skjelva,

alle som bur på jord.

For han tala, og det skjedde,

han baud, og det stod der.

10 Herren bryt dei planar folka legg,

hindrar dei i å fullføra sine tankar.

11 Men Herrens plan står fast for evig,

hans hjartans tankar frå ætt til ætt.

12 Sælt er det folk som har Herren til Gud,

det folk han har valt til sin eigedom!

13 Frå himmelen skodar Herren ned

og ser kvart menneske.

14 Frå sin tronstol held han auga

med alle som bur på jorda,

15 – han som har laga kvar manns hjarta,

og merkjer seg alt det dei gjer.

16 Stor makt gjev ingen konge siger,

stor styrke bergar ingen mann i krig.

17 Hesten er ein svikefull hjelpar,

han bergar ingen med all si kraft.

18 Men Herrens auga kviler på dei

som ottast han og ventar på hans miskunn,

19 så han kan fria dei frå døden

og berga dei gjennom hungersnaud.

20 Vi ventar med lengsle på Herren;

han er vår hjelp og vårt skjold.

21 Vårt hjarta gleder seg i han;

for vi set vår lit til hans heilage namn.

22 Lat di miskunn vera over oss, Herre!

Det er deg vi ventar på.

……

Salme.40, 1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.

Eg venta og vona på Herren.

Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop.

3 Han drog meg opp or den tynande grav,

opp or den djupe gjørma.

Han sette mine føter på fjell

og lét meg gå med faste steg.

4 Han la ein ny song i min munn,

ein lovsong til vår Gud.

Mange skal sjå det og ottast

og setja si lit til Herren.

…..

7 Slaktoffer og gåve har du ikkje hug på,

– du har opna mitt øyra;

brennoffer og syndoffer krev du ikkje.

8 Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.

I bokrullen er det skrive om meg.

Å gjera din vilje, Gud, er mi lyst,

eg har di lov i mitt hjarta.»

10 Eg forkynte bodskapen om frelsa

i den store samling.

Eg lét ikkje att mine lipper;

det veit du, Herre.

11 Di rettferd heldt eg ikkje for meg sjølv,

eg tala om din truskap og di frelse.

Di miskunn og di sanning forkynte eg ope

i den store samling.

….

17 Men lat alle som søkjer deg,

fegnast og gleda seg i deg!

Lat dei som elskar di frelse,

alltid seia: «Stor er Herren!»

18 Eg er hjelpelaus og fattig,

men Herren har omsut for meg.

Du er min hjelpar og bergingsmann;

dryg ikkje lenger, min Gud!

….

Jes.42, 1 Sjå, min tenar som eg stør,

min utvalde som eg har hugnad i!

Eg har lagt min Ande på han,

retten skal han føra ut til folka.

2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa

og ikkje bruka mælet på gata.

3 Han skal ikkje bryta eit broste sev

og ikkje sløkkja ein rykande veik.

Med truskap skal han føra retten ut.

4 Han skal ikkje trøytna

og ikkje bryta saman

før han har breitt ut retten på jorda.

Øyar og strender ventar på hans lære.

5 Så seier Herren Gud,

han som skapte himmelen og spente han ut,

og breidde ut jorda med alt som der gror,

han som gjev livspust til folket på jord

og ånd til dei som ferdast der:

6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd

og teke deg i handa.

Eg har skapt deg

og gjort deg til ei pakt for folket,

til eit ljos for folkeslaga.

7 Du skal opna blinde augo

og føra fangar ut or fengslet,

dei som sit i mørkret,

ut or fangeholet.

Eg er Herren, det er mitt namn.

Eg gjev ikkje mi ære til andre

og ikkje min pris til gudebilete.

9 Det som vart varsla før, er kome,

og no kunngjer eg nye ting.

Før dei enno gror fram,

lèt eg dykk få høyra om dei.

10 Syng ein ny song for Herren,

lovsyng han frå heimsens endar,

de som ferdast på havet,

og alt som fyller det,

de øyar og strender

og de som bur der!

11 Øydemarka med sine byar skal syngja,

landsbyane der Kedar held til.

Dei som bur på fjellet, skal jubla,

frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.

12 Dei skal gje Herren ære,

forkynna hans pris på øyar og strender.

Salme.96, 1 Syng ein ny song for Herren,

syng for han, all jorda!

2 Syng for Herren, pris hans namn,

forkynn frå dag til dag hans frelse!

3 Fortel mellom folkeslag om hans herlegdom,

mellom alle folk om hans under!

4 Ja, stor og høglova er Herren,

meir ageleg enn alle gudar.

5 Alle gudane åt folka er ingenting verde.

Det var Herren som skapte himmelen.

6 Høgd og herlegdom er framføre han,

makt og glans i hans tempel.

7 Gjev Herren ære og makt,

gjev han ære og makt, de folkeætter!

8 Gjev Herren den ære hans namn skal ha!

Kom med offergåver til hans tempelgardar!

9 Bøy dykk ned for Herren

og tilbed han i heilagt skrud!

Skjelv for hans åsyn, all jorda!

10 Sei mellom folka: Herren er konge;

ja, fast står verda, ho kan ikkje rikkast.

Han dømer folka med rettferd.

11 Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla,

havet og alt som er i det, skal brusa.

12 Marka og alt det ho ber, skal jubla,

kvart tre i skogen skal ropa av fryd.

13 Dei skal ropa for Herren, han som kjem;

han kjem og vil døma jorda.

Han skal døma verda med rettferd

og folka med truskap.

Salme.149, 1 Halleluja!

Syng ein ny song for Herren,

lovsyng han der dei trugne er samla.

2 Gjev Israel må gleda seg over sin skapar,

Sions søner jubla for sin konge.

3 Dei skal prisa hans namn med dans

og spela for han med pauke og lyre.

4 For Herren har hugnad i sitt folk,

han kronar dei hjelpelause med siger.

5 Dei trugne skal jubla med ære

og ropa av fagnad på si lege.

6 Dei har lovsong til Gud i sin munn

og tvieggja sverd i si hand.

Kommentar 1. Mitt vitnemål.

Kona til Oddleif var der, så eg prata litt med henne etter møtet og sa at bodskapen til Johannes Døyparen har å gjere med ekteskap og familieliv også, det kan vi sjå tidlegare i Malakias bok, der Herren seier at han vil ikkje vite av skilsmisse.

Det vart også sagt i same bodskapen, så eg tek den med her, bodskapen 20.3.2022:

«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»

Eg viste John Willy dette verset:

Joh.Op.3,12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.

Og spurde han korleis han får det til å stemme med det han las om  at i det nye Jerusalem er der ikkje noko tempel. Det var ikkje godt å svare på, så eg sa berre at det er kanskje fordi han gjer oss til levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel.

Når Ingelin gjekk ut gjennom utgangsdøra, stod eg på utsida og tok imot henne og takka henne for den bodskapen ho kom med, no igjen. Då er det heilt greitt at eg vert avbroten, dess lettare er det å vite kva bodskapen er sikta til. Dette var eg førebudd på og vurderte om eg skulle seie det heilt i byrjinga, men tenkte det var ikkje nødvendig.

Svara som kom på internett har eg skrive ned på slutten av dette dokumentet.

https://faith-and-entropy.com/2023/12/02/evangeliet-og-det-mekanistiske-verdsbildet/  ,

 Der skreiv eg eit kapittel. «Gå inn gjennom døra» som likna dette vitnemålet mitt og avslutta det slik:

«Dette handlar også om å gå den vegen Jesus har bana for meg gjennom forhenget i den himmelske heilagdomen og tre fram for nådens trone. Eg tenker gjerne på det som nådestolen over paktkista i tempelet og at det soleis er i den kristne kyrkjelyden, på det nivået altså. Men eg skal då også løfte blikket opp til Jesus, der han sit ved Faderens høgre hand, der sit han på nådens trone. No løfta eg mitt hjerte opp til han med den vemodige sorga, for ikkje å seie gråten, i mitt hjerte og sa til han at eg elska han. Ja, det er då ved å tru på han og elske han at eg får oppleve at han openberrar seg for meg.»

At eg skreiv at det var med vemodig sorg, for ikkje å seie gråt, i mitt hjerte, var både fordi eg følte eg hadde gått glipp av det som Jesus ville gi meg og så var det for at det skulle passe til den første bodskapen.

Men her sa Jesus at eg skulle glede meg heime med meg sjølv, ja, for det var då ein lovsang han hadde lagt ned i meg og den skulle eg lovsynge han med. Og det er no først og fremst å lovprise han for mi eiga frelse. Det er å lovprise han for at han frelser si kyrkje som si brud og den er eg med i.

Eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar.

Han som byrja den gode gjerninga i oss, han skal også fullføra den. Eg var med i den kristne og karismatiske vekkinga og det betydde at eg også fekk ein bodskap å gå med. Og Jesus har sagt at eg skal feste blikket mitt må han som er trua sin opphavsmann og fullendar (Heb.12,1…). Då ser eg på han som er døra inn til sauene og han har sagt eg skal sjå at han har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og inviter meg inn. Då er det ingen som kan gå inn der med ein annan bodskap til erstatning for meg og min bodskap. Og kanskje endåtil prøve å slå att døra mitt i trynet på meg og låsen den for både meg og andre.

Det vert sagt at Paven hadde sin tradisjon frå apostlane, så han er Peters etterfølgjar på jorda, for det verka som han fekk ein spesiell autoritet:

Matt.18, 18 Sanneleg, det seier eg dykk: Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen. 19 Sameleis seier eg dykk: Alt det to av dykk her på jorda er samde om å be om, skal dei få av Far min i himmelen. 20 For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei.

Matt.16, 16 Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.» 17 Jesus tok til ords og sa: «Sæl er du, Simon, Jonason. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. 18 Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette berget vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. 19 Eg vil gje deg nyklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.» 20 Så forbaud han læresveinane strengt å seia det til nokon at han var Messias.

Korleis paven og dei katolske prestane og prestar i kyrkja elles har forvalta den oppgåva, får vere deira ansvar og det er ei lang historie. Vi veit at det var noko som ikkje fungerte evangelisk og det får vi merke framleis. I staden for å skrive om det og prøve å sortere i det, skriv eg om prestetenesta i den gamle pakt som førebilete på prestetenesta i den nye pakt, med utgangspunkt i Sak.3-4. Øvstepresten måtte først bere fram eit syndoffer for seg sjølv, så eit for folket, slik representerte han folket overfor Gud. Eg meiner dette finn vi igjen ved at Jesus sa at den som går inn gjennom døra, vert frelst og slik så vert han hyrding også. Og som hyrding går han føre dei, både med å leie dei inn gjennom døra og leie dei ut gjennom den og leier dei til grøne enger og til vatn der dei finn kvile.

Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Så når eg går inn gjennom døra med min bodskap, bøyer meg for korsets fot og for den oppståtte Kristus, så ærar og takkar eg han for at han byrja den gode gjerninga i meg og ynskjer å få oppleve meir av det. For Gud gir ikkje si ære til nokon annan, han gir ikkje si ære til avgudane.

Mitt personlege vitnemål med utviding.

Barnetru og mobbing på skulen.

Her vil eg skrive litt om mitt personlege vitnemål og då tilføyer eg ein god del. John Willy har ein spesiell stil, ved at han kallar seg amcar-prest og stadig slår over til engelsk, tydeleg vis for å gi uttrykk for glede over at Gud gjer noko nytt, det gir oss eit intrykk av at mykje av dette nye kjem frå Amerika og det er ikkje til å komme forbi at den amerikanske kulturen (USA og Canada) har vore pionerar her også. Men eigentleg får vi alle det nye frå himmelen og det er det som er så viktig å lære å forstå, når det kjem frå den amerikanske kulturen, så er det vel og bra.

Så eg byrja mitt personlege vitnemål med å fortelje foreldra mine budde i Chicago i USA før eg var  fødde, eg vart laga der og var der før eg var fødde. Når dei flytta tilbake hit og var kledde som amerikanarar og hadde med seg noko amerikanske ting som vart oppfatta som det nye. Dei hadde mykje nytt å fortelje og det var litt spesielt at sonen (8) og dottera (6) kom med amerikanske gloser. Klart det var stas. Sonen, Arvid, var fødd der borte og var eitt år når dei kom hit.

Mor mi brukte å be kveldsbøna saman med meg og Arvid, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. På den tida gjekk vi på skule annakvar dag, småskulen (1-3 klasse) ein dag og storeskulen (4-7 klasse) neste dag. Når Arvid byrja på storeskulen, fortalde han om stygg mobbing på skulen og det hadde med kjønn og seksualitet å gjere. Dette problemet vart eit bønne-emne i kveldsbøna vår. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.

Dette siste gløymde eg å ta med i vitnemålet mitt, men det hadde også med at det kunne ikkje vere for langt. I storeskule vart det mykje erting på grunn av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og det gjekk også over i stygg mobbing. Det var i grunnen rart heile greia, men dette også kan vel forståast ut ifrå filosofihistoria og kyrkjehistoria. På den tida eg gjekk i 6. eller 7.klasse (ungdomsskulen) kom eg over noko kristen litteratur der det stod skrive at alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born. Så eg tenkte over det og gjorde meg sjølv bevisst på at det var mitt standpunkt i mitt hjerte, sjølv om ingen andre visste det. Og så kom eg i hug korleis eg bad når eg var 9 år og byrja å be slik igjen. (Då fekk eg beskjed om å avslutte for der var andre som ville seie noko også).

Ikkje fornekte Jesus namn, men vedkjenne han som Sanninga som set oss fri.

Eg kjende til Jesu ord om at den som fornektar han for menneska, vil han fornekte for Faderen og englane, men den som kjennest ved han, vil han kjennast ved for Faderen og englane. Eg torde ikkje kjennast ved han, seie til dei andre at eg trudde på han og kvifor det? Fordi då ville det verte forventa eg eg skulle vere på ein bestemt måte, som om eg måtte prøve å gi meg ut for å vere noko anna enn eg var. Og så kunne eg ikkje kunne forsvar meg om eg vart angripen. Kanskje eg kom til å verte utfordra på det med krav om at eg ikkje var slik likevel, med krav om at eg skulle fornekte han i staden altså. Men det ville eg då slett ikkje. Så det var best berre å ligge lavt og ha trua og vedkjenninga i hjertet. Mor mi hadde lært meg å gå til han med alle ting, alle problem som eg møtte, så eg gjekk til han med dette også og bad han sette meg fri frå den menneskefrykta, for eg visste at han var Sanninga som skulle sette oss fri. Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente og det vart det laglege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Kristus. Då var eg ikkje redd for det i det heile tatt. Og kvifor det? Fordi det stemte med trua og kjærleiken i mitt hjerte. Kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Når eg byrja på gymnaset oppdaga eg at dette høvde med Paulus si lære. Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. Det var ufatteleg stort for meg å få oppleve at han som vart min beste venn når eg var ein liten gutunge, talte til meg frå himmelen, der han sat ved Faderens høgre hand. Han har fortsett å tale til meg slik sidan og det sentrale poenget er at hans frelseverk var fullført og fullkome, så det var berre for meg å ta imot i tru og takke for det. Han gjer sitt verk i mitt indre menneske, ved sitt Ord og sin Ande. Derfor skulle eg ikkje sjå på meg sjølv eller det som var rundt meg eller bekymre meg for det, men eg skulle sjå på han og det ver han hadde gjort for meg, i meg og gjennom meg og takke han for det.

Så etter møtet sa eg til John Willy at eg beundra han litt for at han meistra den stilen. «Meistra?», sa han, «eg er slik». Det kjem frå hjertet sa eg. Eg gjentok det som eg sa til han sist, at eg synest det er bra at han er så spesiell, så ikkje dei der ute trur at vi alle må verte like, som om dei må prøve å liksom oss for å komme her. Eigentleg beundrer eg at han stadig klarer å gi uttrykk for så mykje glede og entusiasme. Men eg klarer ikkje å «matche det» og vil ikkje prøve på det ein gong.

Bidra med det Gud har gitt deg i hjertet.

Når eg gjekk på møte i Maranata i Oslo, sa Jesus at han har bestemt at midt i kyrkjelyden skal livet, vekkinga, fornyinga og overfloda vere, så eg skulle sjå til at eg bidrog med det Gud har gitt meg i hjertet. Då tenkte eg først på den lovsangen Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande, når eg gjekk på gymnaset. Så kom eg i hug at omlag eit halvt år etter eg byrja å studere realfag i Bergen, talte Jesus til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse.» Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge, det var det eg merka så tydeleg som svar på mi bøn, når eg var 9 år. Eg skjøna at det skulle ha fått betre vekst-vilkår tidlegare og det trongst no også. Eg måtte lære å skilje mellom kva eg skulle gjere og kva han skulle og ville gjere i mitt liv. Eg skulle gjere ein innsats med å studere, men i tru og tillit til at han gjorde sitt verk med meg, det var mest fundamentalt.

Eg trudde Jesu ville gi meg ei frelst kvinne til kone i samsvar med Paulus si lære og skapingssoga i 1.Mos.2. Jesus sa at dersom vi trur på han, elskar han og held fast på hans ord og elskar kvarandre, så vil han openberre seg for oss, han og Faderen vil ta bustad hos oss. Dette opplevde eg sterkast når eg bad for ei jente som eg var glad i, først henne Virtuella, når eg gjekk på gymnaset, så henne Reella, når eg studerte i Oslo. Eg opplevde også uventa Guds kraft når eg kjende at eg vart tiltrekt av ei jente på ei forelesing i Biologi hausten 2014. Sjølv om eg enno ikkje har fått oppleve å få ei kone ved at ho kjem til meg fysisk og vert kona mi, som svar på bøn, så har eg ikkje nekta for at dette kom som svar på den bøna eg bad når eg var 9 år. Eg har ikkje fornekta han og han har ikkje forlatt meg.

I den kristne og karismatisk vekkinga vart det forkynt at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt. Han utgytte den også over mitt kjøt, det fekk eg merke allereie når eg var 9 år, eg fekk merke at Herren var ein skugge ved mi høgre han. Det vil eg takke han for i tru og von om at eg skal få oppleve meir av det, så det vert endå sterkare og herlegare. Livet vart planta i meg ved Guds Ord og det skal vekse.

Gå inn gjennom døra, med bodskapen din, for å vedkjenne Jesu namn, vedkjenne kva han er for deg og for å få kraft.

Engelen for kyrkjelyden i Filadelfia hadde sikkert forkynt evangeliet der, så han hadde vedkjent Jesus namn. Men det kan verke som han var komen på defansiven og med tanke på kristendomsforfølgingane er ikkje det så rart, for det vart sagt om han at han hadde lite kraft, men hadde ikkje fornekta Jesu namn. Då er det rimeleg å tenke seg at han skulle sjå at Jesus hadde sett fram for han ei opne dør, så han kunne gå inn med sin bodskap og med den vedkjenne Jesu namn og for å få ny kraft ifrå det høge.

Slik tenker eg om meg sjølv og min bodskap var at eg var opplærde til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneske, allereie når eg var omlag 9 år forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og kjæraste og då merka eg at han var meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand, slik vart eg kjen med han. Så det var som om han sjølv var svaret på den bøna, det kan eg seie no i ettertid, at det er han.

Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente, eg skreiv eit brev og fortalde henne det. Ho skreiv tilbake at ho ikkje følte noko for meg og at ho ikkje var kristen likevel, slutta på gå på møte i det Kristne Skulelaget og slo lag med ein annan gut i friminutta. Då skreiv eg tilbake at eg og trudd på Jesus og prøvde å overtale henne til å komme tilbake til han. Det virka, så det gjorde ho. Ho var heilt overraska over at eg var kristen og det var det ei jente i klassa mi som sa også, ho hadde då ikkje fått noko hint om det. Men dette var det laglege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Jesus, for det stemte med trua, vona og kjærleiken Gud hadde gitt meg i hjertet. Eg vedkjende Jesus namn i den samanhengen, då sa eg sanninga som set oss fri, nettopp i den samanheng, altså. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiken mellom mann og kvinne. Når eg byrja på gymnaset oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og lovnaden om at vi skulle få komme inn til Guds kvile (Heb.4-5). Så eg vart frimodig med å vitne om mi tru og vart ivrig med det.

Bodskapen min er kort sagt at Gud forsona verda med seg sjølv ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss, for å sone all verdens synd. På det grunnlaget får vi komme inn i eit slikt forhold til han, som menneska var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Og så seier eg at det gjeld meg også, eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og trur han vil gi meg det. Eg har endåtil formulert det slik at han allereie har gitt meg det. Han gir meg det som Golgata kors allereie har gitt meg, det som hans blod allereie har gitt meg, så han vil fylle meg til overflod med det som er fullkome. Gir han meg liv og liv i overflod, så det blir til andre også, henne Virtuella og mange med henne, henne Reella og mange med henne og henne Poly-Ester og mange med henne. For han har sagt han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning, så då vel eg å sjå stort på det.

Men når eg prøver å komme med den bodskapen inn i viss kyrkjelydar, kristne organisasjonar og forsamlingar, og i visse sosiale samanhengar elles også, så vert eg møtt av ei stengd dør. For meg er det som om dei fornektar han og krev at eg også skal gjere det. Det er som å krevje at dersom eg vil ha meg ei kone, må deg fornekte mi tru på Kristus, fornekte Kristus altså!? Den går eg ikkje på, om eg så hadde gjort, hadde eg neppe fått meg ei kone, om eg det hadde fått, hadde det ikkje vore særleg vellukka. Det er Djevelen som forfører kvinna og prøver å bruke henne til å lokke mannen med. Soleis prøver han å gjere seg til gud, så han med den dialektiske omforminga vil prøve å framstille seg som guds som skaper kvinne og mann, men det er då så tydeleg at han soleis prøver å øydelegge både mann og kvinne, så dei vert øydelagde som menneske.

Men eg har altså ikkje vore villige til å fornekte Kristus, det har eg ikkje gjort, eg fekk heller berre teie stilt. Sjølv om eg ikkje har fått den moglegheita til å kjennast ved han for menneska, som eg yngste, har dei ikkje kunne hindre meg i å kjennast ved han for Faderen, løfte blikket mitt opp til Jesus og takke han for kva han er for meg.

Gled deg i Herren og gled deg til at han kjem og hentar si brud.

Ja, korleis kan ein mann glede seg til at Jesus kjem og hentar si brud? Korleis kan ein ung mann og hans brud glede seg til at Jesus kjem og hentar si brud? Ved å ta imot bodskapen til Johannes døyparen om at Jesus er den som har bruda, han er Messias og døyper oss med den Heilage Ande. Ved å ta imot bodskapen til Paulus om at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Jesus hovudet for kyrkja som er hans brud.

Eg byrja å studere biologi hausten 2014 og på ei forelesing kjende eg meg brott sterkt tiltrekt av ei vakker jente, det varde berre ei lita stund, men nok til at eg tenkte at her måtte eg vere litt forsiktig, for eg kjende meg tiltrekt av kroppen hennar, likevel opplevde eg Guds Ande og kraft i det, så det var ikkje noko eg fekk dårleg samvit for. Men om kvelden når eg la meg sa eg det til Herren i kveldsbøna mi og tenkte soleis litt over det. I møtet i Maranata opplevde eg at Gud svarde meg på det, både i innleiinga, tala og i tyding av tungetale. Referat frå møtet 12.10.2014, https://blessings-from-heaven.com/2016/08/02/2014-10-12-m-eg-skal-glede-meg-i-frelsa-sa-vil-gud-gje-meg-det-mitt-hjarte-attrar/ :

Innleiing ved John Miland.

HAB 3,17 – HAB 3,19   For fikentreet blømer ikkje, og vintreet ber ikkje frukt. Olivenhausten slår feil, og markene gjev ikkje føde. Sauene er borte frå kvea, og fjøset er tomt for fe. 18   Men eg vil gleda meg i Herren, jubla over Gud, min frelsar. 19   Herren Gud er min styrke. Han gjev meg føter som ei hind og lèt meg ferdast på høgdene.   Til korleiaren. Med strengespel.

Om så det er ”bånn i bøtta”, til samanlikning med dette, så kan vi likevel sjå opp til Jesus og glede oss i hans frelse og lovprise han.

Tale ved Terje.

Terje talte om reinsinga i Jesu blod.

1JO 1,9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.

Du er min hjerteskatt, du er hos meg.

På eit møte i Filadelfia Ulsteinvik sommaren 2022 vitna eg om korleis eg hadde ved for henne Reella (frå hausten 1988) og korleis Jesus svarde meg. Og no, så mange år etterpå, svarde han meg slik, bodskapen 24.7.2022:

«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.

Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»

Lovsong eller verkebyll.

Hausten 1985 sa Jesus til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Den pakta du inngjekk med meg, står ved lag og den skal stå fast i all æve.» Eg forstod at lovsangen vart lagt ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og at det hadde med min kjærleik til henne Virtuella å gjere, ho lovprisa Gud og Lammet for frelsa og det takke eg Gud for. Eg merka at hans kjærleik var mellom oss og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Den Heilage Ande openberra henne Virtuella for meg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til han og som ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Ut på hausten skreiv eg om dette og at eg yngste ho skulle fortsette å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen, derfor yngste eg å få henne til kone.

I bodskapen 27.11.2022 sa Jesus at han er ikkje langt borte frå nokon av oss, men i bodskapen 2.12.2023 tala Jesus om nokon som var langt borte frå han også ved å ikkje møte opp fysisk i den kristne forsamlinga. Eg er overtyda om at det var ho Virtuella.

Bodskapen 27.11.2022, https://blessings-from-heaven.com/2022/12/03/2022-11-27-filadelfia-ulsteinvik-jesus-er-med-oss-ver-heilhjerta-med-han/ :

(Det går tregt å starte opp videoen, så eg fekk ikkje med byrjinga) ….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.

«ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv.» Då var det henne Reella eg tenkte på.

På desse to møta kom der to bodskapar som eg trur var primært til henne Virtuella, som svar på mi bøn for henne:

Kommentar 5, til møtet 27.11.2022, 16.2.2024:
 

Paulus sa han hadde fått ein torn i kjøtet, ein Satans engel som skulle slå han, så han ikkje skulle ovmode seg over dei høge openberringane. Ein Satans engel er ein Satans bodberar. Eg ser dette på bakgrunn av korleis han tala om kjøtet i Romarbrevet. Sjølv om Moselova var god, brukte synda i kjøtet bodet til å dåre han og drap han med den. Slik som ved syndefallet altså. Etter at han tok imot nåden i Kristus og vart fylt av den Heilage Ande, opplevde han framleis ein motsetnad mellom kjøtet og Ande,, kjøtet opponerte mot Anden. Vi fekk Anden av berre nåde og Guds nåde er nok for oss. Då er det berre om å gjere å verte fylt av Anden, slik at vi ved Anden døyder lystene i kroppen. Gud utgyter sin Ande over alt kjøt, så han ved sin Ande råder over vårt kjøt.

For meg har visst tornen i kjøtet forårsaka ein verkebyll og det har med mitt forhold til henne Virtuella å gjere. Gud skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no, men tornen i kjøtet opponerer mot det. Men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte til ei livgivande ånd, han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Guds nåde er nok for meg, så eg får framleis oppleve at Gud gjer meg til kanal for si velsigning, både til henne Reella og henne Virtuella.

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

Jesus vil komme og ta bustad i meg med heile si fylde. Då er det både han og Faderen som tek bustad i meg, så her vert det både Faderhus og bryllaupssal. Så her får ho Virtuella komme til Faderen og få oppleve at han tek imot henne med ein open famn. Og her vert ho framstilt for Kristus som ei rein brud (2.Kor.11,3).

Kroppen min er eit tempel for den Heilage Ande og eg skal la den fylle alle rom i dette tempelet, så den skal nå henne også og fylle henne også, så ho blir til den lovsongen Gud fødde henne til og skapte henne til i Kristus. Dette er å seie velsigninga.

Kommentar 2, 19.2.2024.

Lovsongen Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande.

Eg vart med i den kristne og karismatiske vekkinga og når eg merka at eg byrja å verte glad henne Virtuella, vedkjende eg for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,1-5). Så ho vart ein lovsong i mitt hjerte, fordi ho var fødd på nytt av vatn og Ande og det som er fødet av Anden er ånd.

Hausten 1985 sa Jesus til meg: «Den lovangen eg la ned i deg, den er din og skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.»

Her tek eg med nokre vers ifrå det gamle testamentet om den nye songen Gud gav oss, som han la i vårt hjerte og vår munn (Salme.33,3 40,4, Jes.42,10).

Salme.33,

Syng ein ny song for han,

spel fagert og rop av glede!

For Herrens ord er sanning,

alt han gjer, kan ein lita på.

5 Han elskar rett og rettferd,

jorda er full av hans miskunn.

……….

For han tala, og det skjedde,

han baud, og det stod der.

10 Herren bryt dei planar folka legg,

hindrar dei i å fullføra sine tankar.

11 Men Herrens plan står fast for evig,

hans hjartans tankar frå ætt til ætt.

12 Sælt er det folk som har Herren til Gud,

det folk han har valt til sin eigedom!

….

20 Vi ventar med lengsle på Herren;

han er vår hjelp og vårt skjold.

21 Vårt hjarta gleder seg i han;

for vi set vår lit til hans heilage namn.

22 Lat di miskunn vera over oss, Herre!

Det er deg vi ventar på.

……

Salme.40,1 1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.

Eg venta og vona på Herren.

Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop.

3 Han drog meg opp or den tynande grav,

opp or den djupe gjørma.

Han sette mine føter på fjell

og lét meg gå med faste steg.

4 Han la ein ny song i min munn,

ein lovsong til vår Gud.

Mange skal sjå det og ottast

og setja si lit til Herren.

…..

7 Slaktoffer og gåve har du ikkje hug på,

– du har opna mitt øyra;

brennoffer og syndoffer krev du ikkje.

8 Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.

I bokrullen er det skrive om meg.

Å gjera din vilje, Gud, er mi lyst,

eg har di lov i mitt hjarta.»

10 Eg forkynte bodskapen om frelsa

i den store samling.

Eg lét ikkje att mine lipper;

det veit du, Herre.

11 Di rettferd heldt eg ikkje for meg sjølv,

eg tala om din truskap og di frelse.

Di miskunn og di sanning forkynte eg ope

i den store samling.

….

17 Men lat alle som søkjer deg,

fegnast og gleda seg i deg!

Lat dei som elskar di frelse,

alltid seia: «Stor er Herren!»

18 Eg er hjelpelaus og fattig,

men Herren har omsut for meg.

Du er min hjelpar og bergingsmann;

dryg ikkje lenger, min Gud!

Jes.42, 1 Sjå, min tenar som eg stør,

min utvalde som eg har hugnad i!

Eg har lagt min Ande på han,

retten skal han føra ut til folka.

6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd

og teke deg i handa.

Eg har skapt deg

og gjort deg til ei pakt for folket,

til eit ljos for folkeslaga.

7 Du skal opna blinde augo

og føra fangar ut or fengslet,

dei som sit i mørkret,

ut or fangeholet.

8 Eg er Herren, det er mitt namn.

Eg gjev ikkje mi ære til andre

og ikkje min pris til gudebilete.

….

10 Syng ein ny song for Herren,

lovsyng han frå heimsens endar,

de som ferdast på havet,

og alt som fyller det,

de øyar og strender

og de som bur der!

11 Øydemarka med sine byar skal syngja,

landsbyane der Kedar held til.

Dei som bur på fjellet, skal jubla,

frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.

12 Dei skal gje Herren ære,

forkynna hans pris på øyar og strender.

Salme 96, 1 Syng ein ny song for Herren,

syng for han, all jorda!

2 Syng for Herren, pris hans namn,

forkynn frå dag til dag hans frelse!

3 Fortel mellom folkeslag om hans herlegdom,

mellom alle folk om hans under!

4 Ja, stor og høglova er Herren,

meir ageleg enn alle gudar.

5 Alle gudane åt folka er ingenting verde.

Det var Herren som skapte himmelen.

6 Høgd og herlegdom er framføre han,

makt og glans i hans tempel.

7 Gjev Herren ære og makt,

gjev han ære og makt, de folkeætter!

8 Gjev Herren den ære hans namn skal ha!

Kom med offergåver til hans tempelgardar!

9 Bøy dykk ned for Herren

og tilbed han i heilagt skrud!

Skjelv for hans åsyn, all jorda!

Salme 149, 1 Halleluja!

Syng ein ny song for Herren,

lovsyng han der dei trugne er samla.

2 Gjev Israel må gleda seg over sin skapar,

Sions søner jubla for sin konge.

3 Dei skal prisa hans namn med dans

og spela for han med pauke og lyre.

4 For Herren har hugnad i sitt folk,

han kronar dei hjelpelause med siger.

5 Dei trugne skal jubla med ære

og ropa av fagnad på si lege.

6 Dei har lovsong til Gud i sin munn

og tvieggja sverd i si hand.

Jesus frelser og har omsorg for meg og heile mitt hus.

Eg kan seie til Jesus at alt som er hans er mitt og takke han for det, som den heimeverande sonen sa til Faderen. Han frelser og har omsorg for meg og heile mitt hus. Bodskap i Maranata Oslo 18.3.2018:

«For det er eg, Herren, som har kalla dykk ved namn og de er mine. Og det er eg, Herren sjølv, som er profetrøysta. Så lytt ikkje til den kvar profetrøyst i denne tid, men gå inn i skriftene som eg, Herren, har innblest og inspirert mine tenarar, og du skal få lov til å finne alt kva du treng å vite. Derfor så skal du ikkje gå til verken høgre eller til venstre, men du skal sjå på meg og du skal stole på at eg har sagt og talt, ja, det skal eg og utføre. Fordi eg kan ikkje seie ein ting og ikkje gjere det. Men eg, Herren, eg vil seie og eg vil gjere det. Og når eg har sagt det i mitt Ord, så vil eg, Herren, trå til og fullføre min plan med mi menigheit, som eg, Herren, har planta på denne stad. Og menneske skal sjå det og dei skal forstå det, at dette er ikkje menneskeverk, men det er eit verk av meg, seier Herren. For eg er Herren som byrja og eg skal fullføre.

Ja, for eg ser over den ganske jord, for å kraftig støtte den som har eit heilt hjarte med meg. I dag så er det mange menneske som har vanskar med å kunne tru at eg er miraklenes Gud. For dei høyrer så mangt og mykje som ikkje stemmer overeins med mitt Andens inspirerte Ord, men når eg, den Heilage Ande, bringer deg ord ifrå heilagdomen,  og du opnar opp ditt hjerte og du seier: «takk skal du ha, Jesus, for at alt ditt, det er mitt», ja, så vil eg, Herren, drive plagene bort. Eg, Herren, vil forsørgje deg, eg, Herren, er din rådgjevar, eg, Herren, er din Fredsfyrste, eg, Herren, tek hand om deg og heile ditt hus, for eg, Herren, eg er den allmektige og eg står bak mitt Ord. Så stol på mitt Ord og hald fast ved mitt Ord, så vil eg, Herren, eg skal fullføre alle mine planar, all min herlegdom, det skal skje, for det er Herren, som har talt.»

Bodskap 1, 24.6.2024:

«Tap ikkje motet. Sjå, eg går føre dykk. Og dine bøner har blitt besvart så mange gangar. Også det du lagt inn for meg, seier Herren, det siste døgnet. Du skal få sjå. Du skal bli frelst med heile ditt hus. Skulle noko vere for vanskeleg for meg, seier Herren. Hald berre fast på det du har. For dei heldt truleg fast på apostlane si lære, brødsbrytinga, brodersamfunnet og bønene. Og dei kom dagstøtt saman og delte. Det kjem ei tid no, det kjem til å bli nødvendig å dele med kvarandre. Vi går inn i ei tid som dette landet aldrig har opplevt. Med matmangel. Med forfølgjing. Men ver ikkje redde. Eg har sett føre deg ei open dør og du skal gå inn og du skal gå ut og finne vederkvegelse.»

Bodskap 2, 24.6.2023:

”Himmelen er åpen, han har sett til deres hjerter. Og han fryder seg over sitt folk, han fryder seg over dere. Han vil la dere vandre inn i hans vilje og han vil gå med deg og lære deg og fullbyrde sitt Ord over og i deg, i deres liv, ved den Hellige Ånd. Den Hellige Ånd skal komme over på en ny og mektig og herlig måte over ditt hus. Den skal frigjøre dine tanker, den skal legge sin kjærlighet inn i dine tanker. Den skal gjennomsyre hele ditt vesen. For jeg har behag i deg. Jeg har behag i deg.

Jeg skal forevige denne pakt, denne stund, den er lukket i mitt hjerte. Ingen kan ta det ifra deg. Ingen kan komme inn og rive det ut av ditt hus. Ingen kan hente deg bort fra mitt åsyn. Jeg, Herren, er nær, jeg er beskyttende, jeg er din fred, jeg omslutter deg. Jeg sender engler for deg, for framfor din fot. Du skal ikke snuble, du skal ikke snuble. Mennesker skal ikke rådføre deg, jeg er Herren din Gud. Jeg skal vise deg  vei.”

Apgj.11,13 Han fortalde oss korleis han hadde sett ein engel som stod i huset hans og sa: ‘Send bod til Jaffa etter Simon med tilnamnet Peter! 14 Han skal tala ord som skal bli til frelse for deg og heile ditt hus.’

Apgj.16, 31 Dei svara: «Tru på Herren Jesus, så skal du verta frelst, både du og huslyden din.» 32 Så tala dei Herrens ord til han og alle som var i huset hans.

7 responses to “2024.01.28. Jesus kjem for å hente berre si blod-kjøpte brud. Det er det Nye Jerusalem, som kjem ned på den nye jorda.”

Leave a comment