Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

15.2.2024. Gud er ikkje ferdig med deg, så lenge det er pust i dine lunger har han ei hensikt med deg. Profetisk bodskap spesielt til pensjonistar, ved Elin Therese Slotten

Ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4) det er viktig og godt å få med seg midt i ein travel kvardag, same enten det er med studium eller arbeid. Men også i eit pensjonisttilvære. Det gir meining med livet.

Denne bodskapen var til den eldre garde, pensjonistar:

«Gud er ikkje ferdig med deg. Så lenge det er pust i dine lunger, så har eg ei hensikt for deg, seier Herren. Min nåde er ny kvar dag. Dei som er planta i Herrens hus, skal spire i vår Guds føregardar, endå i høg alder skal dei bere frukt, dei skal vere kraftige og frodige, så dei kan forkynne at Herren er rettvis, han er min klippe og det er ingen urettferd i han. Det er endå tid til å forauke di løn heime hos meg. Ver min disippel og gjer som eg. Elsk menneske, vere generøs med det du har. Tida du har igjen her er veldig kort samanlikna med æva. (Her skaut ho inn at ho vart minna om at våre liv her på jorda er som graset, før ho fortsette med bodskapen). Ver vis og samle deg ikkje skattar her på jorda, men berre hos meg, seier Jesus. Tilgi og hald ikkje på det vonde! Ver god mot alle og bruk di tid i bønn. Dine bønner vil leve lenge etter at du har reist heim til meg. Bruk den tida du har igjen på mitt rike og di lønn vil verte stor hos meg i ei heil æve. Hald deg nær til meg og elsk din neste. Eg elskar deg med ein evig kjærleik og eg ser deg, dine bøner er høyrde av meg. Din familie er sett av meg. Eg vil ikkje la dine ord falle i bakken. Din familie er viktig for meg! Eg har ein plan for ditt liv, heilt til du er heime hos meg. Søk meg og mitt rike framfor alt.»

Relevante bibelvers.

Jes.40,6 Høyr, det er ein som seier: «Forkynn!»

Eg spør: «Kva skal eg forkynna?»

«Alle menneske er som graset,

og all deira herlegdom som blomen på marka.

7 Graset turkar bort, og blomen visnar

når Herrens ande blæs på dei;

ja, i sanning, folk er som gras.

8 Graset turkar bort, og blomen visnar,

men ordet frå vår Gud står fast til evig tid.»

…….

Jesaja.51,9 Vakna, vakna, du Herrens arm,

og kled deg i styrke!

Vakna som i gamle dagar,

som i framfarne tider!

Var det ikkje du som felte Rahab

og gjennombora draken?

10 Var det ikkje du som turrla sjøen,

som turka ut vatnet i det store djup

og gjorde havbotnen til veg,

så det frelste folket kunne fara der?

11 Herrens utløyste skal venda heim att.

Dei skal koma til Sion med fagnadrop,

med evig glede om si panne.

Fryd og glede skal møta dei,

sorg og sukk må røma.

12 Eg er den som trøystar dykk.

Kven er då du

som reddast menneske som må døy,

menneskeborn som visnar liksom graset?

13 Kvifor gløymer du Herren, din skapar,

han som spente ut himmelen

og grunnfeste jorda?

Kvifor skjelv du støtt, heile dagen,

for valdsmanns heite harme

når han siktar på å tyna deg?

Kvar vert det vel av hans harme?

14 Snart skal den bundne sleppa fri;

han skal ikkje døy og gå i grav,

og ikkje skal han vanta brød.

15 Eg er Herren din Gud,

som rører opp havet, så bårene brusar.

Herren, Allhærs Gud, er hans namn.

16 Eg har lagt mine ord i din munn

og gøymt deg i skuggen av mi hand.

Eg som spente ut himmelen

og grunnfeste jorda,

seier til Sion: «Du er mitt folk.»

…….

1.Pet.1, 22 I lydnad mot sanninga har de reinsa dykk, så de kan leva i ekte kjærleik til brørne. Difor må de elska kvarandre inderleg av hjarta! 23 For de er fødde på nytt, ikkje av forgjengeleg, men uforgjengeleg sæd, ved Guds ord som lever og varer. 24 For

alt levande er som gras

og all deira herlegdom som blomen på graset.

Graset visnar, og blomen fell av.

25 Men Herrens ord varer til evig tid.

Dette er det ordet som er forkynt dykk i evangeliet.

…….

Salme 92, 1 Ein salme. Ein song til bruk

på sabbatsdagen.

2 Det er godt å lovsyngja Herren

og prisa ditt namn, du Høgste,

3 å forkynna di miskunn om morgonen,

din truskap om nettene,

4 til tistrengja sitar og harpe,

til tonar frå lyra.

5 Med ditt verk har du gledt meg, Herre;

eg jublar over det du har gjort.

6 Kor store dine gjerningar er,

kor djupe dine tankar, Herre!

7 Ein uvitug mann forstår ikkje dette,

dåren skjønar det ikkje.

8 Dei gudlause gror som graset,

alle ugjerningsmenner blømer,

men dei skal rydjast ut for alltid.

9 Du, Herre, er høg til evig tid.

10 Men dine fiendar, Herre,

dei skal gå til grunne,

og alle ugjerningsmenner skal spreiast.

11 Du gjev meg kraft som ein villokse

og salvar meg med den friskaste olje.

12 Eg får sjå at mine fiendar fell,

eg får høyra korleis det går

med ugjerningsmenner som reiser seg mot meg.

13 Men dei rettferdige gror som palmer,

dei veks som sedrar på Libanon.

14 Dei er planta i Herrens hus

og blømer i vår Guds tempelgardar.

15 Enno i sin alderdom ber dei frukt,

friske og frodige er dei.

16 Såleis forkynner dei at Herren er rettvis;

hjå han, mitt berg, er det ingen urett.

Leave a comment