Dersom eg er for deg, kven kan då vere imot deg? No er det ei ny tid for deg. Eg er ein barmhjertig Far og all trøstens Gud. Eg har sett dine tårer og eg har inderleg medlidenheit med deg, mitt barn. Alle dine tårer er i mi flaske og du er dyrebar for meg. Du har mi fulle merksemd 24 timer sju og eg elskar deg. Du var aldri gløymd av meg. Di smerte er ikkje gløymd av meg, di einsemd er sett av meg. Eg ser din lengsel og høyrer di bøn. Tru meg for dine behov. Tru meg at eg har ein plan for deg. Sett di lit til min godleik, midt i dine prøvingar. Sjå opp til meg. Kom til meg med dine byrder og eg vil gi deg kvile. Du trur eg ikkje ser deg. Du trur du ikkje vert høyrd, at dine bøner ikkje kjem lengre enn til taket, men det er ei løgn. Sjølv når du seier du ikkje ser meg, ser eg deg og di sak og høyrer deg alltid. Stol på meg. Vent på meg. Stol på meg at eg har ditt liv i mi hand, mitt barn. Stol på at eg veit kva som er det beste for deg. Stol på meg at eg har kontroll. Stol på meg at eg veit kva eg gjer og veit korleis eg skal forme deg til å blir meier lik meg. Stol på meg og min godleik. Sjukdom er ikkje frå meg. Djevelen kjem for å drepe, myrde og øydelegge, men eg kjem for å gi deg liv og liv i overflod. Eg har vunne over Satans makt og all sjukdom vart lagt på meg. Ved mine sår har du fått lækjedom. Ta imot i tru, mitt barn. Eg ynskjer å lækje deg. All god gave og all fullkommen gave er ovanfrå, den kjem ned frå lysa sin Far, hos meg er det ingen forandring eller skiftanede skugge. Eg er alltid god mot deg. Din storm er ikkje ei straff frå meg, du har ikkje gjort noko gale. Eg er ein nådig Gud, klar til å tilgi alle som kjem til meg. Eg elskar deg med ein evig kjærleik og mine planar for deg er gode. Du er alltid velkommen hos meg. Eg har framtid og håp for deg. Eg er ein god Gud. Eg ser ditt liv. Amen.

