Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

25.1.2024. Hannas bøn. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.

«Jeg ser din lengsel og jeg har lagt det ned i deg, for at du skulle søke meg. … Derfor ber jeg deg om å være var på hva som blir lagt på hjertet ditt å be om. For det er det jeg ønsker å gjøre i ditt liv. Følg den ledelsen jeg legger ned i deg om hva du skal be om.»

I dag, 25.1.2024, kom Elin med ein ny bodskap, det er ein bodskap til ei kvinne og så er det ein bodskap til meg også, korleis heng det i hop? Jau, fordi Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. 

«Jeg har hørt ditt nødrop til meg og jeg skal redde deg. Som Hanna utøste sitt hjerte til meg har jeg hørt alt hva du har sagt til meg. Og jeg vil svare deg. Jeg ser din lengsel og jeg har lagt det ned i deg, for at du skulle søke meg. Jeg kan ikke gjøre noe av det jeg ønsker å gjøre i ditt liv, utan at du ber meg om det. Derfor ber jeg deg om å være var på hva som blir lagt på hjertet ditt å be om. For det er det jeg ønsker å gjøre i ditt liv. Følg den ledelsen jeg legger ned i deg om hva du skal be om. Jeg som kaller deg er trofast, jeg skal gjøre det. Jeg er i stand til å gjøre langt mer enn hva du ber meg om, etter den kraft som er virksom i deg. Den samme kraften som oppreiste Kristus fra de døde, den bor i deg. Du er kallt til å være en av mine manifisterte barn, sier Herren, som hele verden stønner og lengter etter. Sier du ja til ditt kall? Er du villig til å legge ned ditt liv for meg? Alt hva du er og har og dine meninger og dine veier og tanker og la deg forme av meg? For de som er villig vil velsignelsen aldri ta slutt! De skal gjøre de større gjerninger, de skal se min herlighet og storhet, de skal få hvile i mine vingers skygge og finne mat i overflod! De skal drikke og aldri tørste. De skal se meg og leve med meg, sier Herren.»

Aktuelle Bibelvers.

1.Sam.1,9 Ein gong dei hadde ete og drukke i Sjilo, reiste Hanna seg og steig fram for Herrens åsyn. Eli, overpresten, sat på stolen sin attmed dørstolpen i Herrens tempel. 10 I si hjartesorg bad ho til Herren og gret sårt. 11 Og ho gav ein lovnad og sa: «Herre, Allhærs Gud! Dersom du vil sjå kor vondt tenestkvinna di har det, og koma meg i hug og ikkje gløyma tenestkvinna di, men la meg få ein son, så vil eg gje han til Herren for heile livet, og det skal aldri koma rakekniv på hovudet hans.»

S.Ordt.5,15 Drikk or din eigen brunn,

rennande vatn or di eiga kjelde!

16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,

bekkene dine strøyma på torg og plassar!

17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv

og ikkje dela dei med andre.

18 Då skal kjelda di vera velsigna.

Gled deg over din ungdoms kone,

19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!

Fryd deg støtt ved hennar barm,

lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!

Joh.4,7 Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Lat meg få drikka!» 8 For læresveinane hans hadde gått inn i byen og skulle kjøpa mat. 9 «Korleis har det seg,» seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødane har ikkje noko samkvem med samaritanane. 10 Jesus svara: «Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.» 11 «Herre,» sa ho, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?» 13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.» 15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.»

16 Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom hit att!» 17 «Eg har ingen mann,» svara kvinna. «Det er rett som du seier, at du ikkje har nokon mann,» sa Jesus. 18 «For du har hatt fem menn, og den du har no, er ikkje din mann. No sa du sant.»

Joh.8, Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.

Salme.33,20 Vi ventar med lengsle på Herren;

han er vår hjelp og vårt skjold.

21 Vårt hjarta gleder seg i han;

for vi set vår lit til hans heilage namn.

22 Lat di miskunn vera over oss, Herre!

Det er deg vi ventar på.

…..

Jes.33, 14 Syndarar skjelv av redsle på Sion,

angst har gripe dei gudlause:

«Kven kan bu ved ein øydande eld?

Kven kan bu ved evige logar?»

15 «Den som ferdast i rettferd

og talar det som er rett,

som seier nei til vinning vunnen med vald,

som veiftar med handa og viser

at han ikkje tek muter,

stappar øyro til for all tale om bloddåd,

og lèt augo att for det som er vondt,

16 han får bu på høge stader,

bratte fjell er hans vern;

han får sitt brød og vantar ikkje vatn.»

17 Med eigne augo skal du skoda

Kongen i hans herlegdom,

og du får sjå eit vidsveimt land.

18 Du skal tenkja på redsla som rådde:

Kvar er han som skreiv og vog,

kvar er han som talde tårna?

19 Du ser ikkje lenger det frekke folket,

folket med det vanskelege språket

som ingen skjønar,

med stammande tunge som ingen kan tyda.

…..

Salme 119, 123 Eg ser med lengsle etter di frelse

og etter ditt rettferdige ord.

……

Ef.1, 3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,

han som i Kristus har velsigna oss

med all Andens velsigning i himmelen.

4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt,

så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn.

5 I kjærleik og av eigen fri vilje

har han føreåt etla oss

til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus,

6 til lov og ære for hans herlegdom

og for den nåde han gav oss i sin kjære Son.

7 I han har vi utløysinga

som vart vunnen ved hans blod,

forlating for syndene.

Så rik er hans nåde,

8 som han i rikt mål har late oss få.

Han gav oss all visdom og alt skjøn,

9 då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje,

den frie avgjerd han hadde teke

10 om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne:

å sameina alt i Kristus,

både det i himmelen og det på jorda.

11 I han har vi fått arvelut,

vi som føreåt var etla til det

etter Guds forsett,

han som gjennomfører alle ting

etter sin plan og vilje.

12 Så skulle vi vera til lov og ære for hans herlegdom,

vi som alt no har sett vår von til Kristus.

13 I han kom de òg til tru

då de høyrde sanningsordet,

evangeliet om frelsa dykkar.

I han er de merkte med eit segl,

Den Heilage Ande som var lova,

14 han som er pantet på arven vår

til dess utløysinga kjem for Guds folk,

til lov og ære for hans herlegdom.

Takk og bøn

15 Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine. 16 For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage. 17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

….

Rom.8, Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.

28 Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort.

31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?

33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:

For di skuld vert vi drepne dagen lang,

vi vert rekna som slaktesauer.

37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Kommentar.

Takk Elin. Det er ein ny bodskap frå Gud, der er ikkje noko feil i desse bodskapane du kjem med. Likevel skal vi prøve det på Guds Ord og då får vi ei betre og djupare forståing av det. Når eg høyrer slike bodskapar er det ofte slik at det er først etter nokre dagar eg får oppdagar djupna og rekkevidda av det, for Gud er stor og har større tankar og planar med det enn eg først tenkte meg. Salige, dei tolmodige, dei skal arve jorda.

Joh.Op.3,10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di! …. Kast ditt brød på vatnet, så skal du finne det igjen. … Fork.11,1…. Bokstavtolkinga her verkar meiningslaus, først tenkte eg meg eit brød som han kasta bort på ein dam, no eg tenker meg at brødet er såkornet, bonden sår rikeleg, så noko endåtil fær ut i dammen, til ingen nytte. Kanskje er det rett etter ein kraftig regnskyll, så der er dammar som renn vekk og før med noko av kornet.

Denne bodskapen kom altså medan eg igjen kom til at eg vart stilt overfor problemstillinga om ho Virtuella likevel skulle verte kona mi, så eg igjen sleit med korleis eg skulle formulere teksta. Eg høyrde gjennom denne bodskapen ein gong og den fekk nok litt betydning for korleis eg formulerte teksta her. Men eg synest det er bortkasta tid på å prøve å formulere det betre, med større visdom.

Når eg var ung opplevde eg Guds kraft saman med henne Virtuella og Jesus sa til meg at den same krafta var framleis tilgjengeleg og eg skulle vere frimodig å ikle meg den.

 Det er ved at eg framleis kjennest ved han overfor både Gud og menneske. Om ho vil kjennast ved han og vende om til han, får vere opp til henne.

Jesus sa han ville stige ned og befrukte min kjærleik frå han. Bodskapen 10.5.2009:

«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren,  sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike  og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk  kvar som helst og når som helst.   Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din   kjærleik frå  meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»

Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg.  Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.

Vil han stige ned og befrukte min kjærleik frå han, kven er det då til? Kven kan og skal eg be slik for? Først og fremst henne som han gir meg til kone.

Bodskapen 24.1.2024 er spekka av referat til Bibelvers og det blir litt av ei oppgåve å leite dei opp, det kjem vel med tid og stunder. Men følgjande sitat synest vere mest sentralt og treffande nettopp i den problemstillinga og formuleringa som eg sleit med:

«Jeg ser din lengsel og jeg har lagt det ned i deg, for at du skulle søke meg. Jeg kan ikke gjøre noe av det jeg ønsker å gjøre i ditt liv, utan at du ber meg om det. Derfor ber jeg deg om å være var på hva som blir lagt på hjertet ditt å be om. For det er det jeg ønsker å gjøre i ditt liv. Følg den ledelsen jeg legger ned i deg om hva du skal be om. Jeg som kaller deg er trofast, jeg skal gjøre det. Jeg er i stand til å gjøre langt mer enn hva du ber meg om, etter den kraft som er virksom i deg. Den samme kraften som oppreiste Kristus fra de døde, den bor i deg. Du er kallt til å være en av mine manifisterte barn, sier Herren, som hele verden stønner og lengter etter.»

Dette høver med mi bøn for henne Reella og dei svara Jesus har gitt meg på mi bøn for henne. «Manifisterte barn», ved at den Heilage Ande har vitna om at vi er Guds born. «…som heile verda stønna og lengta etter..» Dette er store ord. Eg trur det har noko å gjere med at vi studerte realfag og det har då så tydeleg med denne verda å gjere. Og så fekk vi oppleve den åndelege openberringa, der Gud openberra si frelse for oss i Kristus. Eg bad Jesus gi meg henne til kone og han svarde meg med å lede meg slik at eg møtte på henne og så fekk eg ei åndeleg openberring, der han openberra seg for meg og henne. Ja vel, så fortsette eg å be slik for henne, be Jesus gi meg henne til kone. Om så det betyr at han hentar oss heim til seg først, før eg får møte henne igjen, men eg får møte henne igjen ved at han hentar oss heim til seg.

Då er ho den fagre skatten som Gud har gitt meg ved fylden av den Heilage Ande, som eg skal ta vare på, noko den Heilage Ande skal hjelpe meg med. Ho er ei nådegåve som Gud har gitt meg ved fylden av den Heilage Ande, som eg skal kveike og bruke ved fylden av den Heilage Ande. Og eg skal då både ta vare på den fagre skatten og bruke nådegåva i påvente av Jesu gjenkomst. Så slik får eg be for henne også då.

Men det synest som resten av denne bodskapen spriker i forhold til bodskapen 13.1.2024, som om det ikkje er til same person. Kanskje denne bodskapen er til henne Virtuella? Mannen til Hanna heitte Elkana, han hadde ei kone til som heitte Peninna, henne fekk han barn med, men ikkje med Hanna. Det var hennar hjertesorg.

Og eg skal ikkje utelukke at Gud gir meg også to koner, for eg bad då først for henne Virtuella og fekk bønnesvar og så for henne Reella og fekk bønnesvar. Eg hadde ei prioritetsordning, første prioritet var å påkalle Kristus som frelsar og Herre og be han frelse menneske og gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. Som første prioritet vart det då også å takke for frelsa, så eg takke Jesus for at han frelste henne Virtuella. Eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei nye fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Eg trur ikkje eg har opplevt større og sterkare kjærleik verken før eller seinare, Guds kraft opplevde eg sterkast saman med henne. Slik passar det å samanlikne henne med Hanna. Men når eg møtte henne igjen, som svar på bønn og ho fekk vite det og eg ville snakke med henne om det og fri til henne, så fekk eg ikkje verken møte henne eller snakke noko meir med henne, slett ikkje fri til henne. Vi kom ikkje så langt som til andre prioritet. Seinare bad eg Jesus gi meg henne Reella til kone og Jesus svarde meg. Soleis kom eg både til første og andre prioritet med henne, men framleis berre i Andens verden, i bøn og erkjenning, med takkseiing. Sjølv om det ikkje vart til at eg snakka med henne, når eg møtte henne. Ho var vakrare enn Virtuella, eg kallar henne gjerne den vakraste jenta eg har sett.

Ho Virtuella valde ein annan mann i staden for meg og har vore gift i mange år. Og eg kan då ikkje be Gud gi meg kona til ein annan mann. Her vert det ho og dei åndelege rettleiarane hennar som får svare for seg sjølve. Om ho vart overfor meg, som Hanna overfor Elkana og som Hanna overfor Peninna i forhold til Reella, så får ho snakke med Herren om det, til samanlikning med Hanna.

Mi bøn for henne Virtuella var først og fremst ei takkebøn, vi takka Gud og Lammet for frelsa og så takka for at ho var frelst. Når ho lovprisa Kristus, tenkte eg meg henne som ei ung jente som var forelska i han, som sin brudgom. Og eg meinte det var rett, det var nettopp slik det skulle vere og det var ei slik jente eg yngste å få meg til kjæraste og kone, i samsvar med korleis eg hadde bedt sidan eg var ein gutunge. Eg merka at eg byrja å verte forelska i henne og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, med den vedkjenning opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,1-5). Den openberra henne for meg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Så eg yngste å få ta imot henne som eig Guds barne i samsvar med

Matt.18, Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:

Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

Eg yngste å møte henne igjen og bad om det og fekk bønnesvar. Dette ynsket stemte med lengselen etter å drikke av kjelda med det levande vatnet.

Ho var ein fager skatt, ein lovsong som Gud hadde lagt ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og som eg skulle ta vare på og som den Heilage Ande ville og skulle hjelpe meg til. Ei nåde gåve som eg skulle kveike og bruke. Så ho vart openberra for meg som eit Guds barn som levde i eit kjærleiksforhold til Gud og ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Det er ein lengsel Gud har lagt ned i meg, å framstille henne for Kristus som hans brud og eg trur han vil fylle den lengselen ved at eg drikk av kjelda med det levande vatnet, ved at eg vert fylst av den Heilage Ande.

Sidan denne bodskapen var til Hanna, høyrest det ut til at dette er hennar lengsel også. Elkana hadde ei kone til, Peninna, henne fekk han born med, men ikkje med Hanna. Peninna erta henne for det og Hanna vart misunneleg på henne. Hanna sitt behov var mannen hennar, det kjønnlege samlivet med han og sjølvsagt den naturlege hensikta med det, å få barn med han. Det er både naturleg og sjølvsagt. Det viktige poenget her blir då at ho Virtuella gjorde rett i å gå til Jesus med det behovet, som hans brud, gå til han med sitt behov for ein ektemann. Og eg gjorde rett i å gå til han med mitt behov for ei kone.

1.Tess.4, De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.

Dette er sakens kjerne! I desse bodskapane er det tale om stormen og kva er det? Då er det berre å sjå her

Ef.6, 10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.

Desse fiendtlege maktinteressene har prøvt å gjere noko heilt anna ut av det. Det går det sikkert an å skrive mykje om, men det kuttar eg ut no.

Ny kommentar 27.1.2024.

Eg ser denne bodskapen på bakgrunn av bodskapen som kom i Maranata, 16.9.2013, tyding av tungetale ved John Miland:

Eg har sagt i mitt ord at, ta vare på den fagre skatt som er dykk overgitt ved den Heilage Ande. Du skal vite det, at den vonde, han prøver stadig å røve det frå deg, det du har fått av meg. Derfor har eg sagt i mitt ord, hald deg nær til meg og eg skal halde meg nær til deg, seier Herren. For sjå, den vonde, han skyt brennande piler, men sjå, eg har gitt deg trua sitt skjold, som du kan sløkke alle den vonde sine brennande piler med. Du har ingen ting å frykte mitt barn, når du vandrar med meg og held deg nær til meg, så skal eg bevare deg på alle dine vegar, seier Herren. For sjå, seier Herren, ingen skal kunne rive deg ut av mi hand, så framt du vil halde deg nær til meg, så framt du vil følgje meg. Så skal du vite det, at eg følgjer med deg. Eg har jo sagt i mitt ord, sjå, eg er med deg alle dagar, inn til verda sin ende. Du har ingen ting å frykte, mitt barn, men ver frimodig og gå fram på den veg som eg leier deg. Og lytt til Andens røyst i denne tid og la deg leie, la deg bruke av meg, seier Herren og du skal verte til ei stor velsigning.

Mange av mine born, dei har mista den salving og den kraft som dei ein gong fekk av meg. Og sjå, no fortset dei i eiga kraft og dei finn på det eine og det andre. Og sjå, seier Herren, eg Herren, eg skal openberre mi kraft mellom mine heilage. Det folk som eg har reinsa, det skal forkynne mine gjerningar, seier Herren. Derfor ver observant i denne tida og lytt og sjå kva eg gjer i mellom dei heilage. Sjå ikkje på menneska omkring deg, sjå ikkje på om dei er mange eller få, seier Herren, når eg er mellom dykk, seier Herren, kan de forvente store ting, for eg er underets Gud.

Også i denne by har eg mange som er bundne, og som er bundne av Djevelens band og lenker. Sjå, eg vil løyse dei, eg vil setje dei fri. Sjå, det er mange som lid og eg skal vekke mange i denne tida. Så vere førebudde, mine born, for sjå, plutseleg, så kjem det som eg har tala om, at straumar skal komme og søke meg, for eg Herren, eg skal vere mellom dei og eg skal frelse, eg skal løyse dei og setje dei fri, seier Herren. Derfor skal de, mine born vere klar til å ta imot dei og gi dei mitt ord og fostre dei og lære dei alt eg har befalt dykk. Amen.

Hanna si bøn var den naturlege, ja, naturvitskaplege hensikta med ekteskapet, så det var no vitug og forstandig i samsvar med både Bibelen og naturvitskapen. Og korleis svarar Gud? Ved at han gir oss sitt Ord og utgyt sin Ande over alt kjøt, så den openberrar Guds Ord for oss og hjelper oss i vårt bønneliv og gir oss svar.

Då må eg lytte til Andens stemme og vere var på kva den legg på mitt hjerte å be om. Ho Virtuella var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Slik vart ho ein fager skatt som Gud gav meg ved fylden av den Heilage Ande, ein lovsong til Gud fordi ho var frelst, så ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Og han har sagt at han kjem berre for å hente si blodkjøpte brud. Og det verkar for meg som om den Heilage Ande hjelper meg i mitt bønneliv, til å be om at ho som eit Guds barn kjem heim att til Faderhuset og at Jesus vekker henne opp igjen med sin kjærleik, som si brud, så ho tek imot han som sin brudgom i hans kyrkjelyd. Så ho som Kristi brud gjer trua sine gjerningar. Så ho også er klar til å ta imot han når han kjem att for å hente si brud, same enten det skjer i dette livet eller etter døden. Uansett er det viktig for oss å leve som om han kan komme kva tid som helst. Det gir oss eit meiningsfullt og verdifullt liv her og no og i Guds evige himmel vert alt mykje betre.

I det Gud utgyt sin Ande over mitt kjøt, tenker eg meg at det er til familien min også, i samsvar med korleis mor mi lærde meg å be når eg var ein liten gutunge, slik som eg vitna om på Sion Åheim 28.1.2024:

«… glede deg over og fryde deg over at jeg på grunn av (Golgata kors?) på grunn av jeg … for deg, til en evig himmelsk herlighet.»

«Takk og lov. Du skal glede deg i meg, du skal fryde deg i meg. For at jeg døde på Golgata kors for deg. Og når jeg døde på Golgata kors for deg, så tok jeg alle dine synder og alle dine plager på meg, for at du skal få lov å slippe å plage deg over din synd. Du skal fryde deg i min frelse, du skal juble over det jeg har gjort for deg på Golgata. At der har jeg dødd for deg, jeg har tatt all din synd. Og du som har lyttet i kveld, jeg har gitt deg dette budskapet for at det skal løfte deg gjennom hverdagen. Og for at du skal løfte dine øyne og du skal se på meg, at snart kommer jeg for å hente min blodkjøpte brud og det er bare min blodkjøpte brud som jeg henter. Og du kan få lov, midt i hverdagen, å juble og glede deg over det i ditt hjerte, at du har fått lov, på grunn av korset, tatt imot frelsen og du er på vei til himmelens herlighet.»

2.Kor.3,12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

8 responses to “25.1.2024. Hannas bøn. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.”

  1. […] I dag, 25.1.2024, kom Elin med ein ny bodskap, det er ein bodskap til ei kvinne og så er det ein bodskap til meg også, korleis heng det i hop? Jau, fordi Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/03/01/25-1-2024-hannas-bon-profetisk-bodskap-ved-elin-therese… : […]

  2. […] I dag, 25.1.2024, kom Elin med ein ny bodskap, det er ein bodskap til ei kvinne og så er det ein bodskap til meg også, korleis heng det i hop? Jau, fordi Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/03/01/25-1-2024-hannas-bon-profetisk-bodskap-ved-elin-therese… : […]

  3. […] I dag, 25.1.2024, kom Elin med ein ny bodskap, det er ein bodskap til ei kvinne og så er det ein bodskap til meg også, korleis heng det i hop? Jau, fordi Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/03/01/25-1-2024-hannas-bon-profetisk-bodskap-ved-elin-therese… : […]

Leave a reply to Lovnad og profeti 40. Ei hand er retta ut frå Herrens høgsete 1. Kom inn til Guds kvile ved å tru på hans Ord. – Faith and Entropy Cancel reply