Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

3.2.2024. Det eg har for deg er det du lengtar etter i djupet av ditt hjarte. Det er skrive i ditt DNA. Det eg har for deg er heilt unikt og ingen kan erstatte deg.Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.

Ho fekk dette bibelverset:

Sak.4,6 b Ikkje med makt og ikkje med kraft,

men med min Ande,

seier Herren, Allhærs Gud.

Og så denne bodskapen:

«Lenge nok har de brukt menneskeleg styrke og kraft, men eg er ein nidkjær Gud. Eg ser ikkje etter menneska sine raske føter og styrke. Men etter dei som fryktar meg. Eg ser ikkje etter dei som vil få seg eit namn, men etter dei som lengtar etter å vere i mine føregardar. Dei som elskar meg framfor alt. Dei som søker mitt rike og ikkje sitt eige rike. Dei som vil sjå min herlegdom og ære, men ikkje sin eigen. Eg kan gjere kva som helst gjennom kven som helst og eg kan ikkje avgrensast. Eg brukar det som ingen ting er, for å gjere de vise til skamme. Lenge nok har du trutt eg ikkje kan bruke deg, lenge nok har du peika på det eine problemet etter det andre. Eg vel ikkje dei kvalifiserte, men eg kvalifiserer dei utvalde. Eg ynskjer å bruke deg, mitt barn. Eg ynskjer fellesskap med deg. Eg lengtar etter tid med deg. Eg ynskjer å openberre kva eg har for deg og kvifor eg skapte deg. Eg ynskjer å forme deg lik meg. Eg ynskjer å leve nær til deg. Du kan få så mykje av meg, som du sjølv ynskjer. Du kan vere så nær meg, som du sjølv ynskjer. Det er ikkje noko hinder. Du er god nok for meg, akkurat sånn som du er. Du er elska og akseptert av meg. Eg ynskjer å bruke deg til ting du aldrig hadde trutt var mogleg. Ditt kall er så stort at du vil aldri klare å gjere det med menneskeleg styrke, intelligens eller kraft. Berre med min Ande, seier Herren, i fellesskap med meg. Du er skapt for ein større hensikt. Det eg har for deg er det du lengtar etter i djupet av ditt hjarte. Det er skrive i ditt DNA. Det eg har for deg er heilt unikt og ingen kan erstatte deg. Det eg har for deg er viktig. Det eg har for ditt liv er det du vil elske. Ikkje alle har eit kall som Reinert Bonke. Men alle har ei viktig rolle på min kropp. Dersom du berre visste kva eg har for degt, mitt barn, ville du aldrig ønskt å blir nokon andre igjen. Då ville du aldri vorte sjalu på andre sitt kall, gave eller velsigningar og gode andre har. Dersom du berre ville søke meg og sjå til meg for ditt liv og ikkje det jordiske. Du er dyrebar, viktig og spesiell for meg. Og ingen kan erstatte deg i mitt hjerte. Du har mi fulle merksemd og eg høyrer deg, mitt barn.

Aktuelle Bibelvers:

Sak.4,6 Då tok han til ords og sa til meg:

Dette er Herrens ord til Serubabel:

Ikkje med makt og ikkje med kraft,

men med min Ande,

seier Herren, Allhærs Gud.

Kommentar.

Det er ein sensasjon at Ordet DNA dukka opp i ein slik profetisk bodskap, det går det an å skrive mykje om, men eg meiner det sentrale poenget er at det høver med Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Paulus grunngav dette både utifrå skapingssoga i 1.Mos.2 og frelseverket.

Gud såg til hjertet hennar Reella, til samanlikning med David, når han sende profeten Samuel til å gå og salve han til konge. Salige er dei som er reine i hjertet, dei skal sjå Gud (Matt.5,8). Den Heilage Ande dreiv meg så eg møtte på henne og då fekk eg ei åndeleg openberring, der Gud openberra si frelse for oss i Kristus.  Dette vitna eg om på eit møte i Filadelfia Ulsteinvik sommaren 2022 og Jesus svarde meg, sitat frå

 https://blessings-from-heaven.com/2022/08/01/2022-07-1724-filadelfia-ulsteinvik-vitnemote-jesus-leier-meg-inn-i-ei-ny-tid/ :

«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.

Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»

No seier han at lengselen, som han har lagt ned i meg (den einskilde) er skrive i mitt eige DNA, så eg er unik og uerstatteleg. Slik også for henne Reella og henne Virtuella, så her tek eg oppatt tråden både frå denne bodskapen og frå

https://blessings-from-heaven.com/2024/02/25/hannas-bon-profetisk-bodskap-25-1-2024

Denne bodskapen kom rett etter at eg var ferdig å skrive kommentaren til møtet 28.1.2024, så denne bodskapen kom som svar på det og det blir som om eg fortsetter kommentaren her.

Når eg høyrde denne bodskapen, tenkte eg først på henne Reella, når eg kom til dette: «Eg ynskjer å bruke deg til ting du aldrig hadde trutt var mogleg …….» Men når eg kom til dette: «Dersom du berre visste kva eg har for deg, mitt barn, ville du aldrig ønskt å blir nokon andre igjen ….» tenker eg på henne Virtuella. For eg tenker tilbake på bodskapen om Hanna, der eg konkluderte med at Virtuella vert overfor Reella blir som Hanna overfor Peninna.

Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Eg forstår det som livsens tre, så sidan eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, blir det som om eg frir til henne ved å gi henne av frukta på livsens tre med von om at ho vil ta imot. Det treng vatning (frå kjelda med det levande vatnet, som i 1.Mos.2), sollys (rettferds-sola) og næring frå jorda (hjertets jord) for å vekse, så det er min lengsel. Dette var noko ho Virtuella også hadde, så eg fekk oppleve det saman med henne, Gud openberra si frelse for oss i Kristus, Guds rike var ein åndeleg røyndom vi opplevde. Eg yngste å få møte henne igjen og ta imot henne som eit Guds barn i samsvar med Matt.18,1-5. Det samsvara med lengselen etter å drikke av det levande vatnet, så når eg yngste å fri til henne, for å få henne til kjæraste og kone, var det med lengselen etter å drikke av kjelda med det levande vatnet, i samsvar med

S.Ordt.5,15 Drikk or din eigen brunn,

rennande vatn or di eiga kjelde!

16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,

bekkene dine strøyma på torg og plassar!

17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv

og ikkje dela dei med andre.

18 Då skal kjelda di vera velsigna.

Gled deg over din ungdoms kone,

19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!

Fryd deg støtt ved hennar barm,

lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!

Det var å velje vegen til livet og porten til livet. Eg var førebudd på å få motstand frå den kyrkjelege tradisjonen, for dei tek det for gitt at når ein mann vil ha seg ei kone blir det som ved dåringa og forføringa slik som ved syndefallet, så dei kan få makt ved å forbanne altså. Eg opplevde det som eit krav mot meg, måtte eg gi etter eller klarde eg å styre klar. Det vart ein storm, som når Peter gjekk på vatnet. Jesus talte til meg på denne måten: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse. Eg møtte altså sterke maktinteresser som yngste å gjere slutt på dette livet, med den lærdomen til dei «lærde», bokstaven som slår i hel, men Anden gjer levande. Det resulterer i at dei kristne kjemper i eiga kraft, i staden for å oppleve Guds kraft.

Jesus sa til meg at eg måtte lære å skilje mellom kva det var eg skulle gjere og kva det var han ville gjere i mitt liv. Jau, eg skulle studere realfag og prøve å gjere ein innsats, men dette ver ikkje som å ete av kunnskapstreet, eg tenker meg at det var å dyrke og verne hagen og ete av dei andre trea, men å ete av livsens tre, var å ete av livsens brød, brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv (Joh.6).

Hausten 1988 oppdaga eg henne Reella, ho studerte realfag, eg syntest ho var så vakker at eg sa til Jesus at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende henne altså. Gud svarde meg med å openberre si frelse for oss i Kristus, for meg og henne altså.

Jesus ser ikkje til det ytre menneske og bryr seg ikkje så mykje om menneskelege ressursar, utdanning, karriære og rikdom, men han ser til hjertet. Han gjer sitt verk i vårt indre menneske og då ser han til vårt DNA, det vi lengtar etter står skrive i vårt DNA. Det er det vi lengtar etter. Kjelda med det levande vatnet altså og kva så? At han gjer sitt verk med oss i samsvar med 1.Mos.2. Han skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så det skulle vere eitt kjøt. Det tilfredsstilte lengselen i både han og henne.

Men moralfilosofien menneska fekk som frukt av kunnskapstreet strir mot dette. Det viser seg til dømes i religionen og politikken til den Store Skjøkje.

7 responses to “3.2.2024. Det eg har for deg er det du lengtar etter i djupet av ditt hjarte. Det er skrive i ditt DNA. Det eg har for deg er heilt unikt og ingen kan erstatte deg.Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.”

Leave a comment