2022.07.17&24 Filadelfia Ulsteinvik. Vitnemøte. Jesus leier meg inn i ei ny tid.

17.7. Vitnemøte.

Mitt vitnemål.

Adam og Eva.

Først måtte eg presentere meg sjølv. Eg har vore fiskar, drive tråling, og så har eg studert realfag. Då er det interessant for meg å samanlikne skapingssoga med naturfag. Når vi les i det gamle testamentet, ser vi at at folk ofte er omtal som ein mann eller ei kvinne, oftast ættefaren og kona hans. Ja, for dei har fått både sin genetiske arv og si opplæring frå fedrane og mødre. Eg tenker slik også om skapingssoga, om forteljinga om Adam og Eva. Det byrja med ei tørr og livlaus jord, men så let Gud der komme ei oppkome som vatna heile jorda. Dette tek eg som symbol på det levande vatnet. Gud skapte mannen av jord og bles livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Guds pust er hans Ande, så Gud gav mannen ånd og liv og vekte han opp til liv i samfunn med seg. Så vi får ei dobbel tolking, det talar både om den fysiske jorda og om hjertets jord.

Dette minner om eit steppelandskap i Afrika, der det skifter mellom oaser og ørken, det som vitskapsfolk seier er menneskeheita si vugge. Men så planta Gud ein hage langt aust, i Eden og der sette han mannen som han hadde skapt og sette han til å dyrke og verne hagen. Mannen fekk oppleve at Gud gjorde sitt verk, han hadde skapt dyra og fuglane også av mold frå marka og leidde dei fram for han, så han skulle gi dei namn. Og så kom der ei kvinne inn i bildet også. Dette talar om elvekulturen i Mesopotamia, det var ein forholdsvis høgtståande kultur. Først var tale om lita oppkome i ørkenen og så ein høgtståande elvekultur, i begge tilfelle tek eg vatnet som symbol på det levande vatnet. Det var først tale om ein einsleg mann ved ei lita oase, og det forklarar eit vesentleg poenget med det personlege Guds-forholdet, når den høgtståande elvekulturen i Mesopotamia også vert omtala som ein mann og kona hans, så viser det kor viktig det personlege Guds-forholdet er for sivilisasjonen.

Gud kvilte den sjuande dagen etter alt sitt verk, Adam og Eva fekke oppleve at Gud gjorde sitt verk med dei, så dei var i Guds kvile. Men så fall dei ut av den.

Israels-folket.

Gud kalla Abraham til å byrje ei vandring mot eit land som han ville gi han og ætta hans. Sidan kalla han Moses til å leie dei mot dette landet. I Heb.3-4 ser vi at Gud ville føre dei inn til si kvile, den lovnaden står ved lag for oss også. Då må vi passe på at ingen vert hengande etter. Det er først og fremst ei påminning om å tru og ei åtvaring mot synd. Men det vart også fortalt om at det var mange som var så svake og slitne at dei ikkje klarde å halde følgje, det var særleg kvinner og barn som sakka akterut. Og så kom amalekittane og angreip dei. Derfor måtte dei sjå seg attende, for å hjelpe dei. Slik er det også i vår tid, det er mange som heng etter og vi må gå ut og hjelpe dei. Men samtidig leier Gud oss vidare og vi gå vidare.

Josva førde dei inn i landet og dei fekk ro. Likevel minna David dei om at når dei høyrer Herrens røyst, så må dei ikkje forherde sitt hjerte, slik som ved Massa og Merida. Som om dei framleis hadde ein veg å gå altså, for å komme inn til Guds kvile. Korleis då? Jau, for dei hadde ei presteteneste og det var også ein veg å gå, sjølv om dei ikkje gjekk så langt fysisk, øvstepresten måtte ein gong for året gå inn i det høgheilage, først med eit syndeoffer for seg sjølv, så for folket. Og profetane søkte Gud heime hos seg sjølve, rundt om i landet og så talte dei Guds Ord til folket. Då vart det viktig for dei å høyre, utan å forherde sine hjarte.

Eg og den kristne kyrkjelyden.

Prestetenesta i den gamle pakta er førebilete for prestetenesta i den nye pakta, men no har Kristus med eitt syndeoffer teke bort synda ein gong for alle og er øvsteprest til evig tid, etter Melkesediks vis og han er kongars konge. På det grunnlaget kan vi all gå inn i den himmelske heilagdomen og tene Gud som eit kongeleg presteskap. Vi får komme fram for nådens trone og tale vår eiga sak, for Kristus er vår øvsteprest og talsmann hos Faderen. Slik kan vi også tale folkets sak og eg trur det er eit poeng med å vere kongeleg. Både vi og folket er feilbarlege og vi kan ikkje representere oss sjølve og folket med alt det gale vi tenker, seier og gjer, men vi kan gjere det på grunnlag av at Jesus tok bort synda med sitt offer ein gong for alle.

Sjølv om vi ikkje går særleg langt fysisk, så har vi med denne prestetenesta likevel ein veg å gå. Eg fekk forstå det slik når eg studerte realfag også, sjølv om eg sat i ro, så var det likevel ein veg å gå på det mentale plan. For meg vart det klart at der vare in samanheng mellom den åndelege innsikta eg fekk ved Guds Ord og Guds Ande og den rasjonaliteten vi brukar i realfag, så denne åndelege innsikta vart viktig for meg i min studiesituasjon.

 

19.7. Bønnemøte.

Tysdags kvelden var eg på bønnemøte og då fortalde eg at Maranata hadde hatt sommarstemne på Seljord, veka før. Der var full sal om dei hadd nyst feira medlem nr 2000. Det er eit takke-emne. Det verka som dei var på høgde med stordomstida under Åge Salomonsen. Men det er no litt rart også, for Maranata Oslo hadde sett seg nøydde til å selje «Tempelet» der dei hadde møta sine.

Siste perioda eg budde i Oslo, vart det til at eg melde meg inn der og gjekk der jamt. Ein gong kom der ein bodskap der Jesus sa at midt i hans kyrkjelyd skulle livet vere, der skulle vekkinga, livet, fornyinga og overfloda vere, så sjå til at du bidreg med det Gud har gitt deg i hjertet, så vil eg rake glørne saman, så det vert til eit stort pinsebål. Det fekk meg til på tenke på ein bodskap som kom når eg studerte i Oslo siste halvdel av 1980-talet, der Jesus sa: «Den lovsangen eg la ned i deg, der er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve.» Det fekk meg til å tenke på korleis eg bad for henne Virtuella medan vi gjekk på gymnaset. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, samen enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Ja, håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er ut rent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt (Rom.5,5). Eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne i djupet av meg, slik openberra han henne for meg som sitt barn som han elska og hadde omsorg for. Og eg vart endå meir glad i henne. Eg meinar eg fekk sjå henne meir ifrå Faderens synsstad. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Eg fortalde også om korleis eg bad om å få møte henne igjen og fekk bønesvar ved at eg møtte henne igjen på studentsenteret ved Universitetet i Bergen.

Det vart ikkje så pass prat mellom oss at eg fekk fri til henne på ein skikkeleg måte og etter ei tid var det uråd for meg å få kontakt med henne. Ho har vore gift i mange år og elles veit eg lite om henne. Men siste perioda eg var i Oslo, kom der ein bodskap i Maranata om at det er mange som ligg etter på vegen, som er svake og skrøpelege og då må vi som er sterke gå ut og hjelpe dei vidare. Eg forstår det slik at ho lenge var frafallen, men at Jesus frelste henne igjen, men ho heng etter til samanlikning med dei svake som hang etter i Moses sitt følgje og det var farleg for dei. Sjølv om eg no framleis hugsar på henne, så er eg avhengig av at andre tek kontakt med henne.

Det vart ikkje så pass prat mellom oss at eg fekk fri til henne på ein skikkeleg måte og etter ei tid var det uråd for meg å få kontakt med henne. Ho har vore gift i mange år og elles veit eg lite om henne. Men siste perioda eg var i Oslo, minna Herren meg om å søke han av heile mitt hjerte. Då kom eg til at eg måtte hugse på henne i mine bøner. Eg byrja å gå på møte i Maranata og der ein bodskap om at det er mange som ligg etter på vegen, som er svake og skrøpelege og då må vi som er sterke gå ut og hjelpe dei vidare. Eg forstår det slik at ho lenge var frafallen, men at Jesus frelste henne igjen, men ho heng etter til samanlikning med dei svake som hang etter i Moses sitt følgje og det var farleg for dei. Sjølv om eg no framleis hugsar på henne, så er eg avhengig av at andre tek kontakt med henne.

Denne veka fekke eg sjå nokre av møta på Seljord, på internett, og nokre av desse bodsakpane som kom gjennom tyding av tungetale høyrdest for meg ut som at Jesus kalla på henne. Eg kunne tenke generelt om dette, at Gud la lovsangen ned i meg ved fylden av den Heilage Ande. Men livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og han som gav liv til meg, han gav det til henne også. Og eg trur eg fekk oppleve det i mitt hjerte og eg har ei viss tru på at eg får oppleve det no også, så eg kan seie stadfestande, jau, det var ho, som vart omtala som den lovsangen Gud la ned i meg. Det var ikkje berre noko universelt, men det var ho som ei levande sjel. Då er det eit takke-emne for meg og så vart ho eit bønne emne for oss.

 

24.7. Vitnemøte.

 

Mitt vitnemål.

Eg minna om David sine ord: I dag om du høyrer hans røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Der gjenstår ein kviledag for Guds folk, som vi ser i Hebrearbrevet 3-4. Dei vandra mot dt lova landet, men etter at dei var komne inn, så var der framleis ei vandreing, ved at øvstepresten gjekk inn i det høgheilage med syndeoffer, først for seg sjølv, så for folket. Slik representerte han folket for Gud. Og profetane søkte Gud heime hos seg.

I den gresk-syriske tida vart det strid om prestetenesta, desse utlendingane ville ta over den og så ville dei selje jødane som slavar, slik som det var profetert og slik som vi kan lese om i første Maccabearbok. Jødane forsvarde seg og gudsdyrkinga si og prestetenesta si som best dei kunne, men likevel vart dei påverka av presset. Det viste seg når Jesus kom og forkynte den frigjerande bodskapen i evangeliet, då fekk han motstand, endåtil frå øvsteprestane.

Jesus sa at vi skal ikkje bekymre oss for mat og klede, men søke først Guds rike og hans rettferd heime hos oss sjølve, så skal vi få alt det andre i tillegg. Så sjølv om vi held oss i ro er det likevel ein veg å gå. Ja, for no har Jesus bana vegen for oss alle inn i den himmelske heilagdomen.

Jesus sa til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia at han skulle sjå at han har sett framfor han ei opna dør. Det er vel først og fremst døra til himmelen, for så å gå inn i den himmelske heilgadome, ja, så er det framleis ein veg å gå. Då kan det vel vere han oppdagar opne dører for han i verda også. Ein engel frå Herren er ein bodberar frå han, så det spørst etter dører som er opne bode for han og bodskapen hans. Han er engel for kyrkjelyden i Filadelfia, så då handlar det først og fremst om å sjå den opne døra for han der og i kyrkjelyden sitt distikt.

Når eg studerte realfag, så var det også ein veg å gå, sjølv om eg sat i ro og for meg var det då om å gjere å sjå det slik at det var ved å gå inn i den himmelske heilagdomen.  Når eg studerte realfag i Oslo, oppdaga eg ei jente som eg syntest var så vakker, så medan eg sat på den store lesesalen øvst (3.etg) i Vilhelm Bjerknes hus, sa eg til Jesus i mitt stille sinn at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Sjølv om eg ikkje kjende henne og ikkje hadde snakka med henne. Seinare ein gong når eg sat der opplevde eg at den Heilage Ande minna meg om det og dreiv meg til å gå ut og ned. På høgre sida av siste trappa ned til første etasje er der ein murvegg og når eg kom ned siste trinna, kom ho frå høgre og gjekk rett forbi meg. Då sa eg i mitt stille sinne: «Der er ho». Då fekk eg ei åneleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesus openberra seg for meg og for henne og han sa det same til henne, samtidig som eg sa det: «Der er ho».

Så det var ikkje berre eg som elska henne, men Kristus var med meg og han også elska henne. Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne. Når Kristus stifta nattverden, sa han at vi skulle gjere dette til minne om han. Men vi har ikkje sett han fysisk her på jorda. Likevel kjenner vi han, fordi vi har fått hans ord og hans Ande og Anden openberrar han for oss. Det er det som gjer at vi kjenner han og hugsar han. Så vi er heilt avhengige av at den Heilage Ande openberrar han for oss.

Tungetale ved Arnstein Andersen, tyding ved  ei kvinne.

Arnstein spelte gitar og song i møtet og så sa han nokre få ord om at å gå inn i kyrkjelyden, det er rette vegen. Litt seinare kom han med tungetale og ei kvinne tyda det:

«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.

Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»

Aktuelle bibel-vers.

1.Joh.3, 18 Mine born, lat oss elska, ikkje med tomme ord, men i gjerning og sanning! 19 Slik skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa vårt hjarte for hans andlet. 20 For om hjartet vårt fordømmer oss, er Gud større enn hjartet og veit alt. 21 Mine kjære, dersom hjartet vårt ikkje fordømmer oss, har vi frimod for Gud. 22 Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er godt i hans auge. 23 Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt hans Son, Jesus Kristus, og elska kvarandre, slik han baud oss. 24 Den som held hans bod, blir verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande.

Kommentar.

Det var eit slikt vitnemøte førre helg også, då også var eg fram og sa noko om at vi har ein veg å gå, men altså ved at vi går ut på lovnadane og snakkar med han Jesus, brukar vårt gode samvits vedkjenning med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Arnfinn Andersen kom med ein profetisk bodskap, der Jesus sa noko om at du synest den vegen han har kalla deg er tung og vanskeleg, men det er den rette veg. Det fekk meg til å tenke på at Jesus kanskje kallar meg tilbake til Oslo, for å studere meir biologi, eg kunne no kanskje fare med seglbåten likevel og bu i den. Men eg innser då at eg kjem ikkje til å klare det, ikkje av økonomiske årsaker heller. Det er betre eg held meg i ro og held fram med å vitne ved å skrive på internett. Eg kan godt studere litt heime også.

No sa Jesus at han er hos meg, om eg ikkje føler det, så skulle eg ikkje bry meg om det, men eg skulle hugse det. Det minna meg om det eg sa om nattverden, at vi skulle gjere dette til minne om han. Han er komen nær til oss og han har bestemt at midt i hans kyrkjelyd skal livet, vekkinga og fornyinga vere. Så eg skal sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt meg i hjertet. Gir han meg ei kone som ei nådegåve, så skal eg bruke henne som ei nådegåve i kyrkjelyden.

Jesus sa at vi skulle tru på han, elske han og elske kvarandre, så ville han komme til oss og openberre seg for oss, han og Faderen ville komme og ta bustad hos oss. Eg meinar at dette opplevde eg sgterkast når eg bad til han som ein liten gutunge og sidan når eg bad for ei kvinne som eg vart glad i, då tenker eg fyrst og fremst på henne Virtuella og henne Reella. Så eg ynskjer altså å få meg ei kone på den måten, i helging altså, så når eg og ho møtes, så samlast vi i Jesu namn og får oppleve at han er midt i mellom oss. Sjølv om vi enno ikkje er komne så langt, så er no Jesus framleis med meg, han har ikkje forlatt meg.

Eg har ikkje økonomi til å reise så langt, men Jesus er komen nær til oss og eg skal bidra med det han gir meg i den kristne kyrkjelyden, slik også når han gir meg ei kone som ei nådegåve. Men som sagt er vi på vandring, sjølv om vi fysisk hjeld oss i ro og Jesus leier meg og oss i den vandringa. Eg forstår det slik at skriveriet mitt på internett er ei slik vandring.

Eg har fått det vanskeleg, men Jesus vil leie meg gjennom vanskane, han talar om det som ein tunell han vil leie meg gjennom, så eg kjem ut i lyset igjen hos han. Eg tenker meg at der får eg tenke og tale friare, så eg også vert friare til å bruke matematikken og rasjonaliteten i realfag.

Min studieplan, tilpassing til naturen, samfunnet og Kristus.

Eg studerte realfag i Oslo siste halvdel av 1980-talet og oppdage henne Reella hausten 1988. På denne tida gjekk eg på møte i den Frie Evangeliske Forsamling i Møllergata 40 (M40), Kristus talte til meg gjennom tyding av tungetale og på kveldstid og i helgane skreiv eg brev om det og sende  tilbake til leiinga i kyrkjelyden. Etter tida skulle eg allereie hatt ei jente som kjæraste og/eller kone hos meg, så eg kunne vere saman med henne og prate med henne på fritida, på kveldstid og i helgane, så dette skriveriet kom på sett og vis i staden for det, der eg skreiv om dette som var mi sak, at eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og eg forstod at det var dette han svarde meg på. Eg hadde lenge skrive om henne Virtuella og no vart det å skrive om henne Reella også. Det var som ein hobby, men det tok ein del tid, så det vart som ein liten jobb ved siden av, så det fekk som konsekvens at eg hadde problem med å følgje ein normal studeiprogresjon, spesielt når eg kom til meir avanserte emne. Det er no klart at det hadde vore mykje enklare for meg og eg fekk prate med ei jente som var kjærasten min og som vart kona mi.

På denne tid avar eg også litt i stuss på kva studieveg eg skulle velje vidare, eg tenkte på praktisk pedagogisk undervisning (ppu) og eg tenkte på biologi, det siste ville auke sjansane mine for å komme i kontakte med henne Reella og prate med henne, sidan ho studerte biologi. Både ppu og biologi ville vere meir grunnleggande emne og ville passe meg betre, ettersom eit kjærleiksforhold til ei kvinne framleis ikkje var kome særleg langt etter startgropa. Men i staden valde eg vidaregåande emne i teoretisk fysikk og matematikk, men det gjekk ikkje så bra.

Vi veit at der er ein motsetnad mellom Jesu rike og verda, der er mostridande maktinteresser. Paulus lærde oss å vere styresmakten undergjevne og innrette oss etter ei kvar menneskeleg ordning. Vi skulle berre ikkje verte med på avgudsdyrkinga. I følgje Darwin må alle artar tilpasse seg naturmiljøet og så er det noko som vert kalla sosial-darwinisme også, om at menneske må tilpasse seg det menneskelege samfunnet. Dette er opplagt viktig i studiesituasjonen, vi må tilpasse oss dei som underviser og følgje deira undervisnings-opplegg. Likevel skal eg legge vinn på å sjå på Kristus i ein kvar situasjon. Er det mogleg? Eg føler og opplever då ikkje openberringa like sterkt alle tider, men eg kan vere våken for den. I denne bodskapen sa Jesus endåtil at om eg ikkje føler det, så skulle eg ikkje bry meg om det, men eg skulle hugse at han er med meg likevel.

Det vart til at eg flytta frå Oslo og reiste på tråling. Etter mange år kom eg tilbake igjen og byrja på ppu (2009), sidan byrja eg å studere biologi og informatikk (hausten 2014). Sidan vart det litt meir informatikk, kjemi også, organisk kjemi, biokjemi og fysikalsk kjemi, men mest cellebiologi. Eg hadde fortsett med dette skriveriet mitt og sendt til fleire pinsekyrkjer og dFEF, spesielt i Oslo, men no fekk eg mi eiga bloggeside og posta det der i staden. Dessutan vart eg med i diskusjon på Facebook. Men dette tok meir og meir tid og gjekk meir og meir ut over studeieprogressjonen. Når eg skulle lese til eksamen, følte eg at eg trengde å gjere ferdig eit dokument som eg ville poste, så eg vart sitjande å skrive det i staden for å lese til eksamen. Sjølv om eg så vidt bestod eksamen, følte eg at her hadde eg byrja på noko som eg ikkje skikkeleg fullførde. Dessutan var det dyrt å bu i Oslo, så dette vart meir og meir meiningslaust. Nei, det var berre å flytte heim att.

Når eg studerer realfag, vil eg sjølvesagt prøve å oppnå noko med det, i tråd med at vi skal søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Men her er tydelegvis ei motstridande interesse, som godt kan forklarast som den Duglause Hyrdingen som gjette slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11). Han og sauehandlarane prøver å få makt over menneska i staden for Kristus. Så dei kjempar for at vi ikkje skal lukkast, men at det skal gå oss økonomisk dårleg, så vi vert gjeldsslavar.

Så sjølv om eg hadde håp om å oppnå noko, både med mitt praktiske arbeid og med mine stuier, å få meg kone, born, familielliv, hus og heim og få arbeid og inntekt av studeiane, så er der tydelegvis andre interesser som kjempar imot, så eg i staden skal verte ruinerte økonomisk og verte gjeldsslave.

Det minner meg om at når eg var ung, i ungdoms-skule-alder, så følte eg at eg sto overfor ei oppgåve som eg ikkje kunne klare. Og slik er det framleis altså. Men med trua på Kristus kan eg likevel satse på det, fordi han er med meg og gjer sitt verk med meg og med oss.

På ei forelesing i biologi kjende eg meg ein augneblink sterkt tiltrekt av ei jente som eg kallar Poly-Ester. Eg kjende meg tiltrekt av kroppen hennar, det kom uventa på og eg tenkte at dette tenderte til å ha lyst på henne og sjå med lyst på henne, så eg tenkte at her måtte eg vere litt forsiktig. Men når eg kjende meg sterkt tiltrekt av henne, så har det betydninga at opplevde det som at eg var driven av den Heilage Ande og opplevde Guds kraft i det. Om kvelden sa eg dette til Jesus i kveldsbøna mi og på møtet i Maranata søndagen etter, svarde han meg slik, bodskapen 12.10.2014:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.»

Så det var altså rett å oppleve Guds kraft i det eg kjende meg tiltrekt av henne. Han sa eg skulle glede meg i Herren og hans frelse, så det minna meg om at Gud hadde openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og henne Virtuella og sidan for meg og henne Reella.

Sidan høyrdest det ut til at Poly-Ester snakka eit aust-europeisk språk med ei anna jente og fekk vite at det var russisk, ho var frå Ukraina og den andre jenta var frå Russland. Seinare sa eg til henen at eg hadde prata med han Jesus om henne, men då verka det som ho vart redd meg. Seinare prate eg litt med henne igjen og vitna for henne om mi tru å Jesus og at han svarde meg gjennom tyding av tungetale. Eg sa noko om at dersom ho påkalla Kristus som sin frelsar og Herre, så kunne ho be slik for folket sitt også.

Ja, for i februar same år hadde Russland okkupert Krim. Eg har inga aning om korleis ho stiller seg politisk i konflikta mellom Ukraina og Russland, men mest sannsynleg er ho på ukrainsk side. Når denne konflikta og krigen er eit tema i kristne møte og vert til eit bønneemne, så vel eg å be for henne og folket hennar.

Ein gong sette eg meg og prata litt med med ei jente ved eit bord i kantina i Biologibygget og så sa eg til henne at eg hadde bedt Gud gi meg ei kone. Guds auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjerta held seg til han, så eg ventar han soleis gir meg hjelp i form av ei kone. Det var no ein gledeleg bodskap og det verka som ho tok det med godt humør. Men ho heldt på med lekser og hadde ikkje tid til å prate så mykje.

One response to “2022.07.17&24 Filadelfia Ulsteinvik. Vitnemøte. Jesus leier meg inn i ei ny tid.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: