Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2024.3.18. ETS: Jesus lengtar etter at du skal be han om større ting. Maranata 2.7.2023: Ver himmelvendt.

Korset som minnesmerke på dørkarmen.

Kristus det Guds Lam som bar verda si synd og vart ofra som syndeoffer for oss. Han er påskelammet for oss alle. Han er endåtil døra vi har å gå igjennom (Joh.10,1… Op.3,8). Derfor har eg festa korset på dørkarmen, til minne om dette. “Fadervår” er inngravert på det.

Det refererer seg til påskefeiringa i den gamle pakt.Dagen før Israelsfolket skulle gjere reise seg frå trældomen i Egypte og byrje å gå mot det lova landet, skulle dei slakte påskelammet og stryke blodet på dørkarmane, tilberede måletidet og ete, samtidig som dei var spenn klar til å gjere oppbrudd (2.Mos.12,11). Dette skulle dei minnast med påskefeiringa og som eit merke på handa, panna og dørkarmen. Dei har fortsatt som tradisjon å hugse det med å ta på dørkarmen med handa, når dei går gjennom døra (2.Mos.13,16 5.Mos.6,8-9).

Eg skreiv ferdig dokumentet https://faith-and-entropy.com/2024/03/20/lovnad-og-profeti-13-dyret-og-den-falske-profet-op-13/ 18.3.2024. og la det ut på mi eiga fb-side og fb-sida til Maran-Ata Norge. Same dagen kom Elin Therese Slotten med ein profetisk bodskap som ho la ut på youtube. Eg oppdaga det dagen etterpå og igjen tek eg imot det som ein bodskap til meg.

Påske-lammet.

Men påskefeiringa går heilt tilbake til då Moses skulle føre Israels-folket ut av Egypt. Dei skulle slakte påskelammet og stryke blodet på dørkarmen til utgangsdøra. For Gud ville sende ein engel som skulle slå i hel alt som var førstefødt av hannkjønn av både folk og fe, men der blodet var stroke på dørkarmen, skulle skulle han gå forbi utan å slå i hel noko. Elles vart det ei fæl ulykke for folket i Egypt, så dei ville ikkje lengre prøve å halde israelittane attende, men tvert om skyssa dei avgarde, endå til gav dei gaver og ynskte dei lykke på reisa.

Dette er førebilete på at Jesus var det Guds Lam som bar all verda si synd. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok han bort synda ein gong for alle.

Han var døra inn til sauene og så opna han og sleppte dei ut, sidan skulle dei gå både inn og ut gjennom døra. Det handla om å samlast fysisk, men der var også ei åndeleg side av saka, som dei fekk oppleve ved at han var døra dei brukte. Ulven kom for å stele, slakte og øyde, men han var den gode hyrdingen som sette livet til for sauene (Joh.10).

I Joh.Op.3 sa han til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia, at han hadde lita kraft, men hadde ikkje fornekta hans namn. Han skulle sjå at han hadde sett fram for han ei open dør, så ingen kunne lukke. Ja, for Jesus frelseverk er fullført og fullkome, slik er det ei open dør som ingen kan lukke. Det er berre å gå inn.

Blodet på dørkarmen skulle vere til teikn for engelen om at han skulle gå forbi utan å slå i hel nokon. Til samanlikning har eg festa små kors på dørkarmen til minne om at Jesu frelseverk er fullført og fullkome, slik har han sett framfor meg ei open dør som ingen kan lukke, så på det grunnlaget får eg gå inn i himmelen.

Kongen på Sion skulle be Gud om å få heidningane til arv.

I det gamle testamentet er det fortalt at Gud var som ein pottemakar som forma menneska som leirkar. Dersom det ikkje vart skikkeleg, knuste han det og byrja å forme leirklumpen på nytt. Slik forma han folka og det var eigentleg ein brutal prosess, med krig og ruinering, for å knuse karet, for å byrje å forme det på nytt. Dette gjaldt jødane også (Jer.18,3… Jes.29,16…). Men når dei kristne refererer til dette, tenker dei seg at sidan dei har teke imot den nåden Gud gir oss i Kristus, så har vi fått denne sønderknusinga, sjølv om det ikkje er brutalt og har vorte som mjuke leirklumpar og Gud får forme slik som han vil, han skaper oss i Kristus og gjer oss til nye skapningar.

Jes.57, Lat dine avgudar berga deg

når du skrik!

Ein storm skal lyfta dei alle opp,

ein vind skal føykja dei bort.

Men dei som flyr til meg, skal arva landet

og ta mitt heilage fjell i eige.

Han vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde

14 Det lydde eit ord:

Bygg, ja bygg og ryd ein veg!

Ta bort kvar støytestein

frå vegen åt mitt folk!

15 Så seier han som er høgt opphøgd,

han som tronar evig og heiter Den Heilage:

I det høge og heilage bur eg

og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.

Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde

og hjarta til liv hjå dei knuste.

16 For eg vil ikkje evig føra klagemål

og ikkje alltid vera harm.

Elles kom deira ånd

til å missa si kraft for mitt åsyn,

deira livsande som eg har skapt.

Korleis heng det i hop? Kongen på Sion skulle knuse heidningane som leirkar for å få dei som arv.

Salme.2,6  «Det er eg som har sett inn min konge

på Sion, mitt heilage fjell.»

7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.

Han sa til meg: «Du er son min,

eg har født deg i dag.

8 Bed meg, så gjev eg deg folka til arv

og heile jorda til eige.

9 Du skal knusa dei med jernstav

og slå dei sund som leirkar.»

Men då vart det på den måten at han sjølv vart sundknust i staden for oss.

Jes.53, 1 Kven trudde

det bodet vi høyrde,

og kven fekk sjå Herrens makt?

2 Han rann som ein kvist for Guds åsyn,

som ein renning or turr jord.

Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,

det var ingen hugnad å sjå han.

3 Vanvørd var han, folk heldt seg unna,

ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,

ein svivørd mann som ingen ville sjå på;

vi rekna han for inkje.

4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,

og våre pinsler bar han.

Vi trudde han var heimsøkt,

slegen av Gud og ille plaga.

5 Men han vart såra for våre brot

og sundbroten for våre synder.

Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,

og ved hans sår har vi fått lækjedom.

6 Vi fór alle vilt som sauer,

vi vende oss kvar til sin veg.

Men Herren lét råka han

det vi alle var skuld i.

7 Ille medfaren vart han,

men bar det audmjukt;

han lét ikkje opp sin munn,

som lammet dei fører til slakting,

og sauen som teier når han vert klypt;

han lét ikkje opp sin munn.

8 Gjennom trengsle og dom vart han teken bort.

Men kven i hans samtid vørde vel det?

Bortriven vart han or levandelandet,

for sitt folks brot laut han døy.

9 Dei gav han ei grav mellom gudlause,

hjå ein rikmann, då han var død,

endå han ikkje hadde gjort nokon urett,

og det ikkje fanst svik i hans munn.

10 Det var Herrens vilje

å knusa han med sjukdom.

Men fordi han gav sitt liv til soning,

skal han få etterkomarar og leva lenge,

og ved han skal Herrens vilje ha framgang.

11 Etter all si møde og sjelenaud

skal han sjå ljos og mettast.

Og når dei kjenner han,

skal han, min rettferdige tenar,

gjera dei mange rettferdige;

for han har bore deira synder.

12 Difor gjev eg han dei mange til del,

og dei sterke skal han få til hærfang,

fordi han gav sitt liv i døden

og vart rekna mellom brotsmenn.

Han tok på seg synda åt dei mange

og bad for brotsmenn.

Så når Jesus hang på korset, var det fordi han bad for syndarar. Slik bad han om å få heidningane til arv og jorda sine endar til eige.

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 18.3.2024.

«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for det til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måner. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.»

Min kommentar i kommentarfeltet.

Takk Elin, du er ein knupp og ei rose i full blomstring. Denne bodskapen fortel vel korleis det går når sevja kjem ut i greinene på vintreet, oljetreet og fikentreet.

Same dag gjorde eg ferdig eit dokument om Dyret i Joh.Op.13 og la det ut på facebook-sida til Maran-Ata Norge. Og kva så? Vi har store ting å be om i denne tida! Dette må eg dvele ved, det minner meg om apostelen Johannes som sat og låg tett inntil Jesus når dei sat til bords.

Bodskapen i Maranata Oslo 2.7.2023.

21.3.2024 oppdaga eg at der vart lagt ut eit møte på fb-sida til Maran Ata Menigheten frå 2.7.2023. Dei hadde vore ut på byen og vitna for folk og så fekk dei med seg ein ung mann inn på møtet og fekk han fram for å vitne om sin omvending og si tru. På slutten av møtet kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale. Først tenkte eg at den var til meg, men eg var då ikkje på dette møtet. Mest sannsynleg var det til den unge mannen som var fram og vitna, som svar på det han hadde sagt. Men det får dei sjølvsagt vurdere sjølve. Eg innser at den passar fint inn i det skriveriet er held på med no, 21.3.2024. Bodskapen var:

«Du er frikjøpt, så du kan bare komme og spise og drikke utan betaling. Jeg har betalt den fulle og hele prisen for deg. Du er min, så se deg ikke engstelig omkring. Vær ikke redd, bare kom til meg, jeg har det du har behov for.

Du har spist, du har ikke blitt mett, du har drukket, du har ikke blitt utørst. Du har kledd deg, men du har ikke blitt varm. Du har tjent lønn og fått lønnen i en lommebok med høl i. Det har rent ut, se hvordan det går deg. Kom til meg og jeg vil gi deg det ditt hjerte begjærer. Jeg vil gi deg av mitt liv og jeg vil gi deg overflod.

Orienter deg mot hjemlandet. Ikke søk det som er her på jorden, men bare kjenn at du er død med meg og du er oppstått med meg og jeg sitter på Guds høyre hånd og så kan du også gjøre, du kan bare kjenne og merke det at du har all Åndens velsignelse tilgjengelig i himmelen i meg. Du mangler ingen ting. Amen.»

Relevante bibelvers.

Haggai.1,1 I det andre styringsåret åt kong Dareios, den fyrste dagen i den sjette månaden, kom Herrens ord ved profeten Haggai til Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og det lydde så: 2 Så seier Herren, Allhærs Gud: Dette folket seier: «Enno er ikkje tida komen til å byggja Herrens hus.» 3 Då kom Herrens ord ved profeten Haggai:

4 Er det tid for dykk

til å bu i bordkledde hus

så lenge templet ligg i røys?

5 No seier Herren, Allhærs Gud:

Legg merke til korleis det går dykk!

6 De sår mykje, men haustar lite;

de et, men vert ikkje mette;

de drikk, men sløkkjer ikkje torsten;

de kler dykk, men vert ikkje varme;

og leigekaren får si løn

i ein botnlaus pung.

7 Så seier Herren, Allhærs Gud:

Legg merke til korleis det går dykk!

8 Far opp i fjellet og henta tømmer!

Bygg templet, så vil eg ha hugnad i det

og visa min herlegdom der, seier Herren.

9 De ventar mykje, men sjå, det vert lite.

De får det i hus, men eg blæs det bort.

Kvifor? seier Herren, Allhærs Gud.

Fordi mitt tempel ligg i røys,

medan de har det annsamt

kvar med sitt eige hus.

10 Difor held himmelen dogga att,

og jorda gjev ikkje grøde.

11 Eg har kalla turk

over jord og fjell,

over korn og vin og olje,

over alt som gror på marka,

ja, over folk og fe

og over alt arbeid som vert gjort.

Joh.Op.11, 11 Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde. 12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine.

Jesajas.55,1 Å, alle de tyrste, kom og få vatn!

Og de som ikkje har pengar, kom!

Kjøp korn og et!

Ja, kom og kjøp utan pengar

og utan betaling vin og mjølk!

2 Kvi gjev de ut pengar

for det som ikkje er brød,

og dykkar arbeidsløn

for det som ikkje kan metta?

Å, høyr på meg!

Så skal de få eta det som godt er,

og gleda dykk over feite retter!

3 Vend øyra hit og kom til meg,

høyr, så skal de få leva!

Så gjer eg med dykk ei evig pakt

og syner dykk trufast mi miskunn,

så som eg gjorde mot David.

4 Han sette eg til eit vitne for folk,

til hovding og fyrste for folkeslag.

5 Ja, du skal kalla på folk du ikkje kjenner,

og folk som ikkje kjenner deg,

skal skunda seg til deg;

for Israels Heilage, Herren din Gud,

har gjeve deg ære og herlegdom.

Ef.1,3 Velsigna er Gud,

vår Herre Jesu Kristi Far,

han som i Kristus velsigna oss

med all Andens velsigning

i himmelen.

Ef.2,4 Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik, 5 gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.

1.Sam.13,11 Men Samuel sa: «Kva har du gjort?» Saul svara: «Eg såg at folket tok til å spreia seg og gå frå meg. Du kom ikkje til fastsett tid, og filistarane samla seg ved Mikmas. 12 Då tenkte eg: No kjem filistarane ned til Gilgal og tek på meg før eg har fått be Herren om velvilje. Så våga eg meg til å bera fram brennofferet.» 13 Då sa Samuel til Saul: «Du har bore deg uvitug åt. Du har ikkje halde deg etter det bodet som Herren din Gud gav deg. For då ville Herren ha stadfest kongedømet ditt over Israel for alle tider. 14 Men no skal kongedømet ditt ikkje stå ved lag. Herren har leita seg ut ein mann etter sitt hjarta. Og han har Herren kalla til fyrste over folket sitt. For du har ikkje halde deg etter det Herren baud deg.»

1.Sam.15, 22 Då sa Samuel:

«Trur du Herren har hugnad

i brennoffer og slaktoffer

så som i lydnad mot Herrens ord?

Nei, lydnad er betre enn slaktoffer,

og viljug hug er betre enn verefeitt.

23 Trass er jamgodt med spådoms-synd,

og stridlynde er som avgudsdyrking.

Fordi du har vraka Herrens ord,

har han vraka deg som konge.»

1.Sam.16, 6 Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.» 7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.» 8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»

11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.

Salme.40, 7 Slaktoffer og gåve har du ikkje hug på,

du har opna mitt øyra;

brennoffer og syndoffer krev du ikkje.

8 Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.

I bokrullen er det skrive om meg.

9 Å gjera din vilje, Gud, er mi lyst,

eg har di lov i mitt hjarta.»

10 Eg forkynte bodskapen om frelsa

i den store samling.

Eg lét ikkje att mine lipper;

det veit du, Herre.

11 Di rettferd heldt eg ikkje for meg sjølv,

eg tala om din truskap og di frelse.

Di miskunn og di sanning forkynte eg ope

i den store samling.

12 Herre, du vil ikkje

ta di miskunn frå meg.

Di miskunn og di sanning

skal alltid verna meg.

Salme.2, 6 «Det er eg som har sett inn min konge

på Sion, mitt heilage fjell.»

7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.

Han sa til meg: «Du er son min,

eg har født deg i dag.

8 Bed meg, så gjev eg deg folka til arv

og heile jorda til eige.

9 Du skal knusa dei med jernstav

og slå dei sund som leirkar.»

Jes.53,5 Men han vart såra for våre brot

og sundbroten for våre synder.

Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,

og ved hans sår har vi fått lækjedom.

Jes.57, 15 Så seier han som er høgt opphøgd,

han som tronar evig og heiter Den Heilage:

I det høge og heilage bur eg

og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.

Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde

og hjarta til liv hjå dei knuste.

16 For eg vil ikkje evig føra klagemål

og ikkje alltid vera harm.

Elles kom deira ånd

til å missa si kraft for mitt åsyn,

deira livsande som eg har skapt.

Kommentar.

Kjenn at du sit saman med Kristus på hans trone i himmelen. Bodskapen 2.7.2023.

I Haggai.1,10-11 sa herren at han let det kome tørke. Regnet ville då vere ei materiell velsigning, slik er det også symbol på den åndelege velsigninga, den skulle dei få når dei byrja å bygge tempelet og kom i gang med prestetenesta der. I Sak.3-4 ser vi at det er symbol på prestetenesta og tempelbygginga i den nye pakta. Velsigninga finn vi att i Jesajas.55.

Dette kan også minne oss om at tidlegare hadde Profeten Elia tvert om bedt om tørke.

Sitat frå bodskapen: «men bare kjenn at du er død med meg og du er oppstått med meg og jeg sitter på Guds høyre hånd»

Eg har skrive at eg tenker meg at ho Reella stig fram for Kristus, som hans brua, der han sit ved Faderens høgre hand og for meg er det om eg får oppleve det saman med Kristus.

Eg skal bruke det eg har fått. Bodskapen 22.8.2021:

«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.

Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»

Denne bodskapen minner om likninga om talentane, Matt.25,14-30. Eg måtte passe på å vere trugen i det små og bruke det som Jesus har gitt meg. Eg har skrive om det som den fagre skatten som eg har i leirkar og som eg måtte ta vare på og det skulle den Heilage Ande hjelpe meg med. Og som nådegåva eg har fått og som eg skulle kveike og bruke. Slik har eg skrive om både henne Virtuella og henne Reella. Som om Gud gir meg to koner?! Ja, første prioritet var å be Jesus frelse menneske, dernest gi meg ei frelst kvinne til kone. Eg innsåg at eg trengde hjelp i form av ei frelst kvinne til kone, både i mi teneste for han og i mitt daglege liv. Då måtte eg søke han av heile mitt hjarte og heilhjarta halde meg til han, for hans auge fer ut over heile jorda så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta helda seg til han. Slik vona eg han ville gi meg hjelp i form av ei kone.

Enka med salvekrukka. Mella sitt vitnemål på Maranata sitt landsstevene 2023.

På Maranata sitt landsstevne 2023 var det ei gammal dame som heitte Mella, som minna oss om Elisja som kom til den gamle enka og spurde henne kva ho hadde i huset (2.Kong.4). Ho hadde berre ei lita krukke med olje. Det var nok. Ho kom til Gud med dei tome kara og han fylt dei opp. Gud gjorde eit liknande under gjennom Elia (1.Kong.17,7…..).

 Lat oss sjå korleis Jesus talte om dette.

Luk.4,16 Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagoga, som han var van med. Då han reiste seg og ville lesa frå Skrifta, 17 gav dei han boka åt profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:

18 Herrens Ande er over meg,

for han har salva meg til å forkynna

ein gledebodskap for fattige.

Han har sendt meg for å ropa ut

at fangar skal få fridom,

og at blinde skal få sjå,

for å løysa dei trælka or tvang

19 og ropa ut eit nådeår frå Herren.

20 Så rulla han bokrullen saman, gav han til tenaren og sette seg. Og alle som var i synagoga, heldt augo sine feste på han. 21 Då tala han til dei og byrja såleis: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» 22 Alle lét vel om han og undra seg over dei herlege orda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.

23 Då sa Jesus til dei: «De kjem sikkert til å minna meg om ordtaket: Lækjar, læk deg sjølv! og seia: Vi har høyrt om alt du har gjort i Kapernaum; gjer no det same på heimstaden din!» 24 Og han heldt fram: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin. 25 Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel medan Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader, og det vart ei stor hungersnaud i heile landet. 26 Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, men berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet. 27 Og det var mange spedalske i Israel den tid profeten Elisja levde, men ingen av dei vart reine att, berre syraren Na’aman.» 28 Då vart dei brennande harme, alle som var i synagoga og høyrde dette. 29 Dei fór opp og dreiv han ut or byen og bort på stupet av det fjellet som byen deira var bygd på; der ville dei støyta han utfor. 30 Men han gjekk midt igjennom flokken og fór sin veg.

Ei enke som nesten ikkje hadde mat igjen i huset, skulle forsyrgje Elia og slik gjekk det, for Gud gjorde under.

Eg skal ta vare på den fagre skatten som eg har fått i leirkar og kveike nådegåva eg har fått.

Eg har nyst skrive om at eg skal ta vare på den fagre skatten eg har fått i leirkar, ved fylden av den Heilage Ande og den skal hjelpe meg til det. Gud la lovsongen ned i meg ved fylden av den Heilage Ande, det var den nye songen, som eg skal lovsynge han med. Han gir ikkje si ære til nokon annan, han gir ikkje si ære til avgudane.

Og eg skal kveike og bruke nådegåva som Gud har gitt meg, det var ved at Jesus døypte oss med den Heilage Ande, slik som Johannes døyparen sa, han har bruda og han døyper oss med den Heilage Ande. Den openberrar han for oss som vår frelsar og Herre, så vi får sjå at han har bruda. Det er berre om å gjere for oss å vere som dei fem vituge brurmøyane, som hadde med seg olje på kanner i tillegg til olje på lampane. Så vi vaker og vert ståande med lys på lampane og går han i møte og får sjå at han har bruda og vert med han inn på bryllaupsfesten.

Eg trur Jesus fornyar lovsongen i meg, ved fylden av den Heilage Ande, så eg får glede meg over at ho Virtuella lever i dette kjærleiksforholdet til Faderen, som hans barn og i dette kjærleiksforholdet til Kristus, som hans brud. Og at ho Reella gjer det.

Jesus vil styrke mi trøtte sjel. Bodskapen 18.3.2024.

Ver trufast i det små, så vil Herren setje deg over større oppgåver.

I bodskapen 28.9.2008 sa Jesus at eg lenge hadde vore tilbaketrukken, men no kalla han meg til å gå ut på lovnadane og gå i ferdiglagde gjerningar. Så eg reiste til Oslo og byrja på PPU. Men i 2017 reiste eg heim att til Sunnmøre og held fram med å leve tilbaktrukken, til samanlikning med  Elia når han bad om tørke, i følgje denne bodskapen. Og kvifor det? Jesus hadde så sagt at eg skulle sjå til at eg bidrog i kyrkjelyden med det som Gud hadde gitt meg i hjertet. Ja, han hadde lagt ein lovsang ned i meg og det var den nye sangen, den skulle eg lovsynge han med. Og han gir ikkje si ære til nokon annan. Han gir ikkje si ære til avgudane. Så spørst dei og dei kristne her i landet vil gå med på det eller om dei vi ære avgudane i staden. Når eg no er komen heim att til Sunnmøre, for å leve tilbaketrukken, til samanlikning med Elia, så tyder det mest på det siste.

No synest det vere klart for meg at eg bruker både Virtuella og Reella som nådegåver, sjølv om det verkar lite og puslete til samanlikning med enkja med oljekoppen. Og i bodskapen 18.3.2024 høyrest det ut til at han vil sette meg over større ting. Jesus sa eg er dyrebar for han, då inkluderer det skatten eg har i leirkar og alt det eg har sagt og skrive til han, han held det for å vere hans største skatt. Det har seg vel slik at eg har bedt han om å frelse menneske, dei er som dyrebare edelsteinar som Gud vil ha frelst i si hand. Og så vil han at eg skal be han om meir. Gud elskar eg og det får eg oppleve ved fylden av den Heilage Ande (Rom.5,1-5). Så bønene mine er ikkje tome idear, for den Heilage Ande legg sin kjærleik inn i tankane mine. Den Heilage Ande hjelper meg i bønnelivet mitt, også med mine takkebøner. Derfor skal bønene mine verke med stor kraft.

Rom.8,24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.

Rom.5,5 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

Sitat frå bodskapen:

«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for det til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måner. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer.»

Hald deg nær til Jesus.

Jesus sa eg skulle overgi meg 100% til han og eg forstod det slik at eg skal overlate det 100 % til han å gi meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg har bedt han om. Første prioritet er at han frelser henne, så ho blir hans brud. At ho blir mi brud, kjem då som andre prioritet. For slik har eg gjort felles sak med han, slik skal eg kle meg i bryllaupsklednaden for å vere med på å feire Lammets bryllaup.

Derfor skal eg halde meg nær til han, til samanlikning med Johannes som sat ved sida av han når dei sat til bords. Sitat frå bodskapen:

«Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.»

Den åndelege velsigninga er som regn og elvar med vatn. Men Elia bad om tørke!

Jesus sa han ville gjere meg til meg til kanal for si velsigning, det er ved at eg velsignar han, så eg vert velsigna og vert til velsigning. Slik vert eg kanal for hans velsigning til både henne Virtuella og henne Reella og slik får vi fornying. Velsigninga er som vatn som renn gjennom opne kanalar (1.Mos.2, Esekiel.47 Jesaja.44,1.. 2.Kong.3,17-18 Joh.7,37-39).

Men i denne bodskapen vert eg samanlikna med Elia som bad om tørke. Ja, det var i ei tid då mesteparten av Isrels-folket hadde vendt seg bort frå Gud. Dei var kona hans og han hadde hatt omsorg for henne og stelt vel med henne, men det skjøna ho ikkje, så ho æra og takka han ikkje for det, i staden vart ho ei hore ved at ho dyrka avgudane til folka rundt henne. Men Elia hadde ein plan med at han bad om tørke og det hadde Gud også.

Så sjølv om eg no er tilbaketrukken til samanlikning med Elia, så har eg likevel ein plan med det og det har Jesus også. Eg skal takke han for det han har gitt meg og bruke det og så vil han setje meg over større ting, han vil gi meg meir.

Jesus vil vise oss si pakt.

Sitat: Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måner. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg.

Ja, otte for Herren er opphav til visdom, å kjenne den Heilage er vit. Så eg vil seie det slik at å innsjå og forstå seg på pakta er visdom.

Joh.Op.11, 19 Då vart Guds tempel i himmelen opna, og paktkista hans vart synleg inne i tempelet. Og det kom lyn og drønn, torebrak og jordskjelv og store hagl.

I det gamle testamentet vart det sagt at nådestolen var over paktkista. På grunnlag av forsoninga i Kristus, får vi alle gå inn for nådestolen, men no kallar vi det nådens trone, fordi den Heilage Ande har openberra for oss at Kristus er Guds Messias, vår frelseskonge og han sit på nådestolen, så vi kallar det nådens trone. Og det samtidig som han sit ved Faderens høgre hand i himmelen. Ved å tru at han stod oppatt frå dei døde er vi rettferdige for Gud, så vi skal ha godt samvit på grunnlag av at han stod oppatt frå dei døde.

1.Pet.3,18 For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.

Jesus vil styrke mi trøytte sjel.

Eg tenker meg at Jesus frelser henne Reella, så Faderen elskar henne og har omsorg for henne som sitt barn og Kristus elskar henne og har omsorg for henne som si brud og ho stig fram for han, som hans brud, med sine bøner. Eg kan godt kalle det ynskjetenking, men slik ber eg for henne med tru og von og så seier eg det og det er å seie velsigninga.

Slik ber eg Jesus frelse ei kvinne og gi meg henne til kone og då er det altså henne Reella eg tenker slik om. Eg tenker meg at slik frelser han henne som kona mi, for slik har eg gjort felles sak med han. Eg meiner eg får oppleve at han styrker mi sjel ved at han frelser henne og slik gir han meg hjelp i form av ei kone.

1.Kor.1, 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

2.Krøn.16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.

Jesus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63). Det gir liv til mi sjel og ånd i min kropp og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen og eg trur han gir meg ei kone ved at han soleis vekker henne også opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Så han styrker mi trøytte sjel ved at han gir liv til henne også. Og no er det henne Reella eg tenker slik om og eg meiner det er også noko som eg opplever, sjølv om det ikkje er fysisk synleg. Slik får eg ved trua på Jesus, setje meg saman med han på hans kongsstol i himmelen.

Joh.Op.3, 21 Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol.

Lydnad er betre enn offer.

I 3.Mos.7 er det tale om slaktofferet, om brennoffer, skuldoffer (v.1), syndeoffer, takkoffer, måltidsoffer (v. 11-15 & 28-34), lovnadsoffer, friviljug offer (v. 16).

3.Mos.7,37 Dette er lova om brennofferet, grødeofferet, syndofferet, skuldofferet, vigslingsofferet og måltidsofferet, 38 den lova som Herren gav Moses på Sinai-fjellet, då han baud israelittane at dei skulle bera fram offera sine for Herren i Sinai-øydemarka.

Det måtte vel bety at dei kunne vente seg å oppnå noko overfor Gud med det, men dei måte han den innstillinga allereie før dei bar fram offeret, at dei skulle høyre etter kva Herren Gud sa til dei. Det såg vi allereie ved Bileam Beorson, når han skulle ofre. Gud svara Salomo etter at han hadde ofra, så han oppnådde noko med det. Og David sa til, folket at i dag, om de høyrer hans røyst så forherd ikkje hjarto dykkar.

Gud vart lei av alle slaktoffera deira, i staden sende han Jesus i ein levande kropp, for å gjere hans vilje.

Heb.10, 5 Difor seier Kristus når han stig inn i verda:

Slaktoffer og gåve ville du ikkje ha,

men ein lekam laga du til meg;

6 brennoffer og syndoffer hadde du ikkje hug på.

7 Då sa eg: Sjå, her kjem eg

og vil gjera din vilje, Gud.

I bokrullen er det skrive om meg.

8 Fyrst seier han: «Slaktoffer og gåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje hug på,» endå det er slike offer som vert framborne etter lova. 9 Deretter seier han: «Sjå, her kjem eg og vil gjera din vilje.» Han tek bort det fyrste, så han kan setja inn det andre. 10 På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra éin gong for alle.

Men Saul høyrde ikkje etter og var ikkje lydig, så når han fekk sparken for andre gang, var det med desse orda:

1.Sam.15, 22 Då sa Samuel:

«Trur du Herren har hugnad

i brennoffer og slaktoffer

så som i lydnad mot Herrens ord?

Nei, lydnad er betre enn slaktoffer,

og viljug hug er betre enn verefeitt.

23 Trass er jamgodt med spådoms-synd,

og stridlynde er som avgudsdyrking.

Fordi du har vraka Herrens ord,

har han vraka deg som konge.»

Sjølv etter at Samuel hadde salva David til konge, i staden for Saul, heldt mesteparten av folket fram med å følgje Saul som sin konge, berre ein liten gjeng følgde David, inntil Saul fall i krigen. Stoda i dagens «kristenhet» i Noreg liknar på denne situasjonen.

Vi skulle sjå til at ingen vart liggande etter, først og fremst ved at dei vart freista til fall, men også ved at dei svake vart liggande etter, då kom Amalekittane og angreip dei, så dei måtte gå til forsvarskrig mot amalekittane. Til samanlikning er det mange svake som har vorte liggande etter, så dei som er sterke må gå ut og hjelpe dei vidare på vegen.

Maranatha 12.10.2014. Tyding av tungetale:

Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.

Jesus sa eg skulle gi meg sjølv heilt til han og eg forsto9d det slik at det var ved å overlate det til han å gi meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg hadde bedt han om.

det minna meg om at når eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen, så vart det ein motsetnad mellom Guds rike og verda. Som eg nyst hadde skrive så levde ho Virtuella i eit kjærleiksforhold til Faderen som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og eg yngste hop skulle halde fram med det. Derfor yngste eg å få henne til kjæraste og kone. Men her var det tydeleg vis mange som tenkte annleis. Det har eg spekulert på og skrive om, men det vesentlege for meg då er å ta parti med Kristus og halde mg heilhjarta til han, gi meg heilt til han og la han få ta seg av mi sak, for saka var den at eg hadde bedt han frelse menneske som først prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kone, som andre prioritet. Slik er det framleis og då skal eg berre gi meg heilt til han.

Er situasjonen slik som når israelsfolket gjekk til strid mot amalekittane, synest det som mi rolle vert som Moses, når han stod på fjellet og løfta hendene til himmelen, for slik er eg heilt avhengig av den hjelpa Jesu gir meg frå himmelen.

På dei to siste vanlege møta på Sion Åheim i fjord haust, minna Jesus oss igjen om å gå inn gjennom døra, som om det var døra til Faderhuset og eg forstod det slik at det var til henne Virtuella. Så heilt sidan eg møtte henne igjen i Bergen, har ho vore bortkomen, som den bortkomne sonen. Det fortel svært mykje om kva slags interesse som er dominerande i kyrkja og i norsk kristenheit, det er verdslege maktinteresser som har teke over og vorte til religion. Som om guds rike får vente til etter døden, men inntil vidare er det slike verdslege religiøse interesser som rår grunnen. Kva er det for noko då? Dyrets rike og den Store skjøkje (Op.13&17-18)?

Kva slags situasjon kjem ho Virtuella i då? Ho levde i eit kjærleiksforhold til faderen som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og det meiner eg ho skal halde fram med. Eg har sagt og meint at ho var ein lovsong som Gud la ned i meg ved den Heilage Ande, ved at ho vart fødd på nytt av vatn og Ande altså. Og det meiner eg ho skal halde fram med. Det kjem an på henne sjølv også, om ho vil kome heim att til Faderhuset og ta imot hans kjærleik og omsorg.

Dersom ho det gjer, ser det ut til at hannar forhold til meg og henne Reella kan samanliknast med Hanna sitt forhold til Elkana og Peninna, som om Gud gir meg to koner altså. Elles kan det sjå ut som om hennar forhold til Reella vert som Saul sitt forhold til David. Dei gjekk ikkje i hop, så folket måtte velje å følgje den eine eller den andre. Sidan eg skal gi meg heilt til Kristus, vert det det då å velje henne Reella i staden for henne Virtuella. Så får vi sjå korleis det går.

Jesus såg til hjertet hennar Reella og døypte henne med den Heilage Ande.

Den Heilage Ande dreiv meg og leia meg slik at eg møtte på henne Reella, då sa eg i mitt indre sinn «Der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesus openberra seg for meg og for henne og sa «der er ho». Samtidig som eg sa det. Og eg er overtyda om at ho også opplevde det.

Seinare såg eg etter henne i von om å få sjå henne igjen, eg yngste då også å komme i kontakt med henne og prate med henne. Då såg eg andre kvinner også, men Jesus sa til meg at han såg ikkje på det som eg såg på, men han såg til hjertet. Og det endåtil når eg syntest ho var den vakraste jenta eg hadde sett.

Men dette minner om det som Gud sa til Samuel når han skulle salve David til konge:

1.Sam.16, 6 Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.» 7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.» 8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»

11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.

Så eg trur og meiner Jesus salva henne Reella med den Heilage Ande, til kva. Han hadde betalt prisen for henne med sitt eige blod, til å vere hans brud og det var det han salva henne til også. Han døypte henne med den Heilage Ande, til kva? Med ein Ande er vi alle døypte til å vere ein lekam, det er Jesu kropp, hans kyrkje og hans brud.

Prest og profet.

Dette tyder også på at eg har fungert som profet, til samanlikning med Samuel og vel eit par år seinare gjorde Jesus det klart for meg at han hadde gitt meg den nytestamentlege prestetenesta, det var det han kalla meg til.

Bodskapen i dFEF M40 Oslo, søndag 2.12.90.

«I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.

Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.

Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.

Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.»

Den nytestamentlege versjonen av øvstepresten Josva og byggherren Serubabel i Sak.3-4 møter vi i Op.11, der ser vi at dei var profetar også.

No skal eg samanlikne meg med profeten Elia, når han levde tilbaketrukken, men likevel høyrde Gud bønene hans og poenget er at bønene min verkar, det skal eg innstille meg på og satse på, ved at eg  vender hugen og blikket opp til Jesus.

Jesus er hovudet for si kyrkje, det betyr ein viss tankekontroll.

Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Det betyr vel det ein viss tankekontroll?! Ja, men det er til vårt eige beste. Som Guds born kan vi og skal vi ha den tillita til han at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born, så han oppseder oss og lærer oss opp. Og som Jesus kyrkje skal vi ha den trua og tillita til han at han elskar oss og har omsorg for oss som si brud.

Vi skal tru på Jesus, elske han og halde fast på hans ord og elske kvarandre. Så vil han openberre seg for oss, det er ved at den Heilage Ande openberrar Ordet for oss, så vi innser at Kristus er Sanninga som set oss fri. Slik skal vi sjå på han. Han og Faderen vil komme til oss og ta bustad hos oss, så det er berre for oss å ta imot i tru. Slik skal vi lyde Kristus som hans brud (2.Kor.11,3 & Heb.12,1..) og lyde Faderen, som hans born. Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom, Kristus er oppstanden og er kongen i Guds rike. Det er det eg talar om.

Ny kommentar 14.4.2024.

Be om større ting.

Første prioritet er å komme heim til Faderhuset og få oppleve Faderens kjærleik og omsorg. Det har eg fått oppleve mykje av, så eg har mykje å takke for. Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Vi skulle vekse opp til han som er hovudet for lekamen, så vi får oppleve at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kyrkja og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Med den opplæringa tek vi sikte på å få vere med på å feire Lammets bryllaup i himmelen.

Sitat frå bodskapen 18.3.2024:

Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt.

Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måner. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.»

Eg skal tru han for meir, også for meg, sjølv om eg skal leve avsides for meg sjølv, til samanlikning med Elia, Gud sende han til ei gammal enke som var førebudd på å svelte i hel, så ho skulle forsørge han. Og han forsørga dei begge. No bur eg i kjellaren i gamlehuset, heime på Sunnmøre og bur så pass rimeleg at eg klarar meg. Og så har Gud tala til meg gjennom henne Elin Therese Slotten, med dei bodskapane ho har delt på Facebook. Det er Gud som forsørgjer meg på den måten også.

Eg skal tru han for meir, også for meg, at han gir meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet altså. Første prioritet var å påkalle han som frelsar og Herre, takke han for frelsa og be han frelse fleire, andre prioritet var å be han om ei frelst kvinne til kone. Eg skal vende hugen opp til Kristus. Er det sameinleg med draumar og lengsel om kvinnfolk då, å huglegge ei kvinne? Ja, ved at eg prioriterer å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska, som første prioritet og så be han gi meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet.

Dette er å vere heime i Faderhuset og få oppleve hans kjærleik og omsorg, vere i Guds kvile, slik at det er utgangspunktet for mi teneste. Som Jesus også så i desse bodskapane:

Det er no bra at han hugsar på kva eg har bedt han om, men eg også må hugse på det i det eg trur at han bønhøyrer meg. Og så må eg tenke over kva større ting eg skal be han om. Eg tenker meg at det er ved å be for henne Reella og at det er ved å komme inn i prestetenesta, her vert eg samanlikna med Elia, så det er tydeleg vis også ei profet-teneste.

Relevante bibelvers.

Joh.5, Då tok Jesus til ords og sa til dei:

Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Sonen kan ingen ting gjera av seg sjølv, men berre det han ser Faderen gjer. Det Faderen gjer, det gjer Sonen like eins. 20 For Faderen elskar Sonen og syner han alt det han sjølv gjer. Og han skal syna han større gjerningar enn desse, så de skal undra dykk. 21 For liksom Faderen reiser opp dei døde og gjer dei levande, såleis gjer Sonen òg levande dei han vil. 22 Og Faderen dømer ikkje nokon, men han har gjeve all dom over til Sonen, 23 så alle skal æra Sonen liksom dei ærar Faderen. Den som ikkje ærar Sonen, ærar heller ikkje Faderen som har sendt han.

Joh.14,11 Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. 12 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen. 13 Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen. 14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.

Op.11,19 Då vart Guds tempel i himmelen opna, og kista som er teiknet på pakta hans, vart synleg der inne. Og det kom lyn og drønn, torebrak og jordskjelv og store hagl.

Jesus minna meg om å vere trugen i det små og bruke det som han hadde gitt meg, så ville han sette meg over større ting. Ja, eg skal vere trugen mot han og så skal eg vere trugen mot henne som han gir meg til kone. Javel. Men kvar vert ho av då? Har eg allereie vore trugen i det små, så han vil setje meg over større ting?

Jesus sa: «Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt.»

Ja, otte for Herren er opphav til visdom, å kjenne den heilage er vit. Det er viktig for å forstå profetiane (Op.13,18 & 17,9), det vart eit viktig poeng i mine siste dokument om profetiane (Lovnad og Profeti 13-17). Då skal vi vere trugne mot pakta. Gud er ånd og har skapt alle ting ved sitt Ord. Pakta gjer det klart for oss at vi skal la han få makta i våre liv, ved sitt Ord og sin Ande.

Vi skal gjere trua sine gjerningar (Joh.6,29) og det er først og fremst det som Gud gjer i oss og gjennom oss.

Joh.Op.19,6 Då var det som eg høyrde lyden av ein stor skare, eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterke toreslag. Dei ropa:

«Halleluja!

Herren [vår] Gud, Den allmektige,

har vorte konge!

7 Lat oss gleda oss og jubla og gje han æra!

For tida er komen då Lammet skal halda bryllaup.

Brura har gjort seg klar,

8 og det er gjeve henne ei drakt av skinande reint lin.»

Linet er dei rettferdige gjerningane til dei heilage.

Joh.Op.22, 12 Sjå, eg kjem snart, og løna eg vil gje, har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort. 13 Eg er Alfa og Omega, den første og den siste, opphavet og enden.

14 Sæle er dei som vaskar kappene sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen.

9 responses to “2024.3.18. ETS: Jesus lengtar etter at du skal be han om større ting. Maranata 2.7.2023: Ver himmelvendt.”

  1. […] og verte kona hans. Og eg meiner Jesus svarde meg på dette i Bodskapen 18.3.2024, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/03/31/2024-3-18-ets-jesus-lengtar-etter-at-du-skal-be-han-om-… […]

  2. […] og verte kona hans. Og eg meiner Jesus svarde meg på dette i Bodskapen 18.3.2024, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/03/31/2024-3-18-ets-jesus-lengtar-etter-at-du-skal-be-han-om-… […]

  3. […] og verte kona hans. Og eg meiner Jesus svarde meg på dette i Bodskapen 18.3.2024, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/03/31/2024-3-18-ets-jesus-lengtar-etter-at-du-skal-be-han-om-… […]

Leave a reply to Lovnad og profeti 42. Eg skulle komme til Jesus med mi sak og han gjorde det til ei presteteneste i den nye pakta. 2. – Faith and Entropy Cancel reply