Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2024.6.18. Ikkje noko ureint kjem inn i Guds himmel. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.

Elin fortalde at i den nye Bibel-oversettinga (2024) har dei endåtil teke bort Bibel-vers, for at det skal høve betre med den tida vi lever i, så kom ho med ein profetiske bodskap,

https://www.youtube.com/watch?v=l3XLKd4ZYRY , hennar eige notat:

Profetisk budskap om hva som skjer i denne tiden vi lever i nå. Gud har ikke behag i at vi gjør om på hans ord og erklærer det han kaller urent for rent. Budskap gitt meg av Den Hellige Ånd 18.Juni 2024:

«Elsk ikke denne verden eller det som er i denne verden! Bli ikke lik dem! Se ikke på hva din kultur ber seg om å gjøre, men på hva jeg sier i mitt ord. Mine ord vil ikke forandre seg eller miste sin kraft. Det jeg har talt vil stå fast til evig tid. Denne verden prøver å forme mitt ord etter det som er akseptert i dagens samfunn. Dette er en styggedom for meg! Sier Herren. Mitt ord er hellig og rent. Det er sannheten og en rettesnor for hva som er galt og rett. En prest eller en pastor, en konge eller myndigheter kan ikke forandre på hva jeg ser på som rett. Jeg er i går i dag den samme, ja, til evig tid. Jeg er en hellig, ren og rettferdig Gud som forblir den samme! Det som var en styggedom for meg før, vil være en styggedom for meg nå! Jeg vil dømme! Og som mitt ord sier: Det er umulig at ikke forførelser må komme, men ve den de kommer ved! Det ville vært bedre for ham om en kvernstein ble hengt rundt halsen hans, og han ble kastet i havet, enn at han skulle forføre en av disse små.» (Lukas’ evangelium 17:1-2 BGO). «Vokt deg så du ikke blir forført. Bli ikke lik denne verden og denne verdens regler og lover, men etter mitt ord, sier Herren. Vær modig og hold sverdet ditt høyt oppe som er mitt ord. Vær klar til å slukke alle de brennende pilene fra den onde. Djevelen er løgnens far og han har aldri sluttet å lyve. Jeg er hellig og ren og ikke noe vanhellig vil noen sinne komme inn i himmelen.»

Kommentar.

I går 18.6.2024 gjorde eg ferdig dokumenta

og la dei ut på FB-sida til Maran-Ata Norge. I det siste dokumentet skreiv eg om at vi skulle sjå til at ingen vart liggande etter og at Saul fornekta Guds Ord og mista salvinga, han og hæren hans var lenge David sin verste fiende.

Kva med henne Virtuella og kvinnefrigjeringa hennar, har det vorte slik at ho meiner ho kan velje å vedkjenne eller fornekte Guds Ord slik som det passar henne og når ho fornektar, så kjem missmodsånda snikande? Kristus er Guds Ord, vert vi verande i hans ord, skal vi få lære å kjenne sanninga og den skal setje oss fri, slik er evangeliet ein frigjerande bodskap.

I dag har eg tenkt litt på om der var noko som kunne seiast klarare og enklare, det kan vel vere, men eg har ikkje tenkt å endre på noko, eg har skrive det same oppatt mange gangar og har ikkje tenkt å tilføye noko heller. Men kva no?

Mi bøn for henne Virtuella var først og fremst ei takkebøn; Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, så eg opna meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande, den openberra henne for meg som ei Guds barn som han elska og hadde omsorg for og som Jesus brud, som han elska og hadde omsorg for.

Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.

28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Sidan eg var ein gutunge hadde eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og tenkte meg at dette var bønnesvaret, at det høvde både med skapingssoga i 1.Mos.2 og evangeliet, slik som Paulus sa om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud og at mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging. Og med Heb.3-4. Eg var litt usikker og tenkte meg at det hang saman med at eg var ei friar og skulle opptre som friar overfor henne.

Farisearane og dei skriftlærde lessa tunge byrder på folk med si lovlære pluss menneskebod. Men Jesus ville leie dei inn til Guds kvile og her ser vi at openberringa er viktig, den er visdom frå Gud og gjer livet mykje enklare for oss. Soleis er openberringa viktig for oss. Det fullkome er ikkje fysisk synleg, men med openberringa ved Guds Ord og Guds Ande skal vi like vel sjå det fullkomne og vandre mot det. Då må vi løfte hugen og blikket opp til Jesus.

 Eg yngste å få ta imot henne som eit Guds barn i samsvar med

Matt.18,2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:

Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

Forføringar og freistingar

5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

Så eg bad om å få møte henne igjen og fekk bønnesvar og ho fekk vite det. Og kva så? Å ta imot henne som eit Guds barn, var å også å ta imot Kristus og eg måtte halde fram med å vende meg til han og sjå på han som er trua sinn opphavsmann og fullendar.

Vinteren 1977 talte han til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse. Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge.

Og på møte i Maranata 29.3.2015. sa Jesus at han har bestemt at midt i hans kyrkjelyd skal livet, vekkinga, fornyinga og overfloda vere, så eg skulle sjå til at eg bidrog med det Gud hadde gitt meg i hjertet. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/07/31/2015-03-29-m-livet-vekkinga-og-fornyinga/ :

Tungetale ved Aud, tyding ved Tore:

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

På eit møte i dFEF M40 i Oslo hausten 1985 sa Jesus til meg: «Den Lovangen eg la ned i deg, den er din og skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.» Jau, ho lovprisa Gud og Lammet for frelsa, ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd og vart ein lovsong som Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande. Eg tenkte meg at dette var den symbolsk tydinga av at Gud skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han. Samtidig er den symbolsk tydinga at Gud skaper kyrkja som Jesu brud.

Vidare i Matt.18, sa Jesus:

Matt.18,6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!

8 Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.

10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.

Og det minna han oss om her, sitat frå bodskapen 18.Juni 2024:

«Det som var en styggedom for meg før, vil være en styggedom for meg nå! Jeg vil dømme! Og som mitt ord sier: Det er umulig at ikke forførelser må komme, men ve den de kommer ved! Det ville vært bedre for ham om en kvernstein ble hengt rundt halsen hans, og han ble kastet i havet, enn at han skulle forføre en av disse små.» Lukas’ evangelium 17:1-2 BGO Vokt deg så du ikke blir forført. Bli ikke lik denne verden og denne verdens regler og lover, men etter mitt ord. Vær modig og hold sverdet ditt høyt oppe som er mitt ord. Vær klar til å slukke alle de brennende pilene fra den onde. Djevelen er løgnens far og han har aldri sluttet å lyve. Jeg er hellig og ren og ikke noe vannhelig vil noen sinne komme inn i himmelen.»

Israelsfolket var Guds kone, så borna han fekk med henne skulle vere hans born. Men ho vende seg bort frå han og vart ei hore, slik var fråfallet og fråfallet til den Lovlause er tydeleg vis sameleis, det blir tydeleg i Op.13, dette har eg skrive mykje om og det verkar som Jesus svarar meg at det som var ein styggedom for han då, det er det no også.

Ja, no har eg igjen forkynt Guds Ords slik som det står skrive og eg trur og hevdar framleis at det verket Gud byrja på, var å gi meg henne Virtuella til kone, han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Så det eg skriv no er som å løfte sverdet, altså.

Djevelens metode er å lokke og forføre menneska slik som ved syndefallet, for så å føre klagemål mot dei på grunn av synda og syndefallet, klagemålet er som å seie ei forbanning, som å påstå at mannens metode for å få seg ein kjæraste og ei kone er å lokken henne og freiste henne, påstå det med krav og forventning om å få rett. Derfor er han også livredd for andre måtar å gjere det på, til dømes at mannen vitnar om si tru på Jesus og ynskjer å få prat med jenta i fred og ro, med tanke på å fri til henne.

Op.12,7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»

Legg merke til vers 10. Ei slik sigers-erklæring finn vi igjen i

Op.19,6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:

Halleluja!

Herren vår Gud, Den Allmektige,

har vorte konge!

7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!

Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!

Brura har butt seg;

8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.

– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.

9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.»

Klagemålet frå den vonde er som brennande pilar, dei gjer vondt og dei skader. Eg var litt usikker på mi tolking av desse bibelversa, men Jesus svara meg og eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, han gjer meg sterk i trua log lærer meg å bruke den som skjold mot dei brennande pilane frå den vonde. Han er Sanninga som set oss fri og eg skal ta den på meg som eit belte om livet, Jesus har gitt meg ein klednad og beltet held den på plass.

Ny kommentar 22.6.2024.

Justismordet.

Eg har hatt ei føling av at det var noko som kunne seiast klarare og no trur eg at eg fann den tråden igjen.

Tenk deg at ein mann står fram og heilt seriøst seier kva han meiner, kanskje har han gjort ei bragd i sitt arbeid og er glad for kva han har fått til, så han likar å fortelje det. Og så er det ein annan som høyrer det og fortel det vidare til andre, men endrar på det, slik blir det ofte med ryktespreiing, men kanskje nokon gjer det bevisst. Kanskje nokon undersøker jobben og konkluderer med at det var ikkje så vellykka som han ville ha det til, dette var då ikkje så mykje å skryte av. Men dei kan ikkje av den grunn påstå at det som han sa om kva han meinte og ville og det han prøvde å oppnå ikkje var sant og rett, det var då tross alt hans eige frie val. Men dersom dei attpå til påstår at det som han sa og meinte og prøvde å oppnå var noko heilt anna, då er det å lyge. Sladder og baktale kan verte til lygn, men dette kan attpåtil vere bevisst løgn.

Slik vart det i eit korrupt samfunn, kvinna møtte same problemet men eg hevdar det var først og fremst mannen som møtte dette problemet når han skulle stå fram og seie noko, spesielt med tanke på å finne seg ei kone, det viser seg framleis. Slik vart Israel korrupt og slik vart det greske samfunnet korrupt, det viste seg ved justismordet mot Sokrates og det viste seg ved at den lærde eliten i jødedommen kravde å få Kristus hendretta, til tross for at han var den rettferdige frå Gud. Men då døde han i staden for den einskilde. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle.

Jes.59,1 Sjå, Herrens hand er ikkje så kort

at han ikkje kan frelsa,

og hans øyra ikkje så tunghøyrt

at han ikkje kan høyra.

2 Nei, det er misgjerningane dykkar

som skil mellom dykk og dykkar Gud.

Syndene dykkar løyner hans åsyn,

så han ikkje høyrer dykk.

3 Hendene dykkar er tilsølte med blod

og fingrane flekka med skuld,

lippene dykkar talar lygn,

og tunga mumlar svik.

4 Ingen stemner til doms med rette,

og ingen fører sak på ærleg vis.

Dei lit på fåfengd og talar lygn,

dei ber på urett og føder vondskap.

….

12 Du ser at våre synder er mange,

våre brot vitnar imot oss.

Ja, våre synder veit vi om,

våre misgjerningar kjenner vi:

13 Vi har reist oss mot Herren,

har fornekta han

og gått bort frå vår Gud.

Vi har tala om vald og fråfall

og mumla fram svikefulle ord

som var avla i hjarta.

14 Difor er retten unnatrengd,

rettferda står langt borte.

På torget er sanninga fallen,

og det rette vinn ikkje fram.

15 Truskapen er borte,

og den som held seg frå vondskap,

vert plyndra.

at det ikkje var retten som rådde.

16 Han såg at ikkje ein steig fram,

og undra seg over

at ingen førte hans sak.

Då kom hans arm han til hjelp,

hans rettferd stødde han.

17 Han tok rettferd på seg til brynje

og sette frelseshjelm på sitt hovud.

Så kledde han seg i hemnens klednad

og sveipte om seg brennhug til kappe.

(Ef.6,10-20).

Gud hadde sagt til dei gjennom Moses at dei skulle kalle han Jahve, «EG Er», for han er den han er. Så dei skulle ikkje misbruke namnet og seie at han var ein annan enn den han var, men holde namnet han heilagt og seie at han var den han var.

Gud sende Son sin til dei, men då sa dei ikkje at han var den han var, men at han var ei annan enn den han var.

Joh.3,16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.

Til samanlikning har dei «kristne» i Noreg gått så langt at dei endåtil sløyfer bibelvers i den nye oversettinga (2024), i følgje Elin.

Eg skulle komme til Jesus med mi sak, bøye meg for korset i hans kyrkjelyd, der vert eg også oppreist. Kva så?

Eg skulle komme til Jesus med mi sak og bøye meg for korset i hans kyrkjelyd, der er også hans om reiser meg opp.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/ :

Møte kl 17. Tale ved Yngvar Pettersen: Omsorgsarbeid for alle.

Tyding av tungetale ved ei kvinne, dette er vanskeleg å høyre, det eg blir usikker på, set eg i parentes:

«(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk. Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg ……

Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).»

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/07/2012-01-15-m-ordet-om-korset-er-frelse-for-meg/ :

I slutten av møtet kom Mari med tungetale og ein mann tyda det:

”Du har høyrt mitt ord verte forkynt, seier Herren. Ordet om korset som er dårskap for verda, men som er frelse for deg. Når du kjem til mitt kors, når du bøyer deg ved mitt kors, når du let ditt kjøt døy på mitt kors, seier Herren, så skal eg komme til deg (der du er)?, du skal få kjenne det at du får del i krafta av mi oppstode, du skal få del i Andens kraft og du skal få kjenne det at (det er eg som reiser deg opp)? Bøy deg ned, bøy deg ned, bøy deg ned, seier Herren, for der er eg som reiser deg opp, der er eg som sender deg ut (?), når (to i lag søker meg)? seier Herren, der som eg er, (då gjer eg underverk)?

Du tenker i ditt sinn, at det er ikkje rett, det er ikkje rett for meg, for (eg har lidd)? nederlag på nederlag, men når du legg ned ditt eige, seier Herren, så skal eg komme til deg med mi  kraft, så skal du kjenne det at du sleppe å streve i eiga kraft, men du skal få legge ditt eige ned, så kan du gå i mi oppstodekraft, den ….. vert forløyst  ……. opp frå dei døde. Når du vil gå med meg, og ikkje gå dine eigne vegar, så skal du få høyre det eg talar til deg, du skal høyre ei stemme som seier her er vegen, vandre på den, gå rett fram ….seier Herren. Så skal eg tale di sak, og eg skal vere din styrke, eg skal vere (di kraft/din venn/din kjepp)?, eg skal vere din forløysar. Eg skal vere den som viser deg (der/den veg)? du skal gå, for eg er vegen, eg er sanninga og eg er livet. Amen.”

Møte i Maranata 22.1.2017, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2017/01/24/2017-01-22-drikk-ikkje-av-verda-sine-sprukkne-bronnar-men-drikk-av-den-kjelda-som-aldri-vert-torrlagd/ :

Tungetale ved Oddveig, tyding ved Tore:

«Du drikk ikkje lengre av dei sprekte brønnar, nei, no drikk du av den levande brønn, no drikk du av den kjelde som aldri går tørr. Derfor, berre kom til kjelda, lev ved kjelda og drikk og aus med glede av denne frelses-kjelda. Så skal du få oppleve, at gleda i Herren skal bli sterkare. Freden i ditt hjerte skal bli endå rikare. Håpet som du har for det evige, det skal lyse endå sterkare. Derfor, bøy deg ned, drikk av kjelda og du skal kjenne, at du får liv og overflod av liv.

Dersom du er oppreist med meg, då søk det som er ovantil. Ikkje ver så oppteken med det som er her, men rett blikket oppover, rett blikket innover i mitt Ord. Og du skal få oppleve, at den glede som eg skal gje, den overgår alle jorda sine brønnar, for dei held ikkje vatn. Men eg, Herren, er kjelda med det levande vatn og den som kjem til meg, han skal ha liv og få overflod av liv. Halleluja.»


Eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar.

Jesus sa eg skulle sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, så når eg kjem til han i hans kyrkjelyd og bøyer meg for han, er det også for å takke han for det verket han har byrja på i meg og i si kyrkje, i tru og von om at han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Bodskapen i Maranata 17.2.2013:

Tungetale ved Åse, tyding ved Per Bergan:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Når eg gjekk på ungdomsskulen merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved en Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og når eg gjekk på gymnaset oppdaga eg at dette høvde med Paulus si lære og Heb.3-4. I 1990 sa Jesus til meg at det var ha han som gjorde sitt verk i meg ved sitt Ord. Sitat frå bodskapen i dFEF M40 i Oslo Tirsdag.25.12.90.

«Når eg rører deg og beveger deg, så la deg bevege av meg. Når du rører saumen av mitt klesplagg, så får du erfare at der går ei kraft utifrå meg. Der er framleis nåde og styrke å hente hos meg. Eg er framleis den som fører di sak. Du skal ta til deg av mitt ord og glede deg over mitt ord, og styrkast ved det i ditt innvortes menneske.

Sjølv om du ikkje alltid ser meg, men føler at eg er langt borte, så er eg der. Det verk som er gjort i deg, det er det eg som har gjort ved mitt ord, det er ikkje grunnlagt på noko i deg sjølv, men det er grunnlagt på mitt ord. Det var eg som kalla deg ut av mørke, til mitt lys.

Denne verda held seg til bedrag og den let seg bedra, fordi den ikkje vil tru.

Når du framheld mitt namn og vedkjenner mitt namn for dine medmenneske, så har dette namnet den eigenskapen at det skaper tru der inne.

Du skal ikkje vere hale, men du skal vere hovud.»

(Gjengivinga ser ut til å vere så pass fullstendig, at det ser ut til at eg hadde fått noko å spele inn på).

Sidan eg var ein gutunge hadde eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone og eg skulle komme til han med mi sak og bøye meg for han i hans kyrkjelyd, der vert eg også oppreist, til å leve i samfunn med Faderen og Sonen, då ventar eg også at han reiser opp henne som han gir meg til kone saman med meg. Og så var det denne prioritetsordninga då, fyrst og fremst ved at han vekker henne opp til å leve i samfunn med Faderen som hans barn og leve i samfunn med han som hans brud. Både eg og ho vert oppreiste til å be til Faderen som hans barn og ta imot han kjærleik og omsorg og til å leve i samfunn med Kristus og snakke med han. Vi skal høyre på kva Gud talar til oss gjennom sitt Ord og sin Ande.

Har vi bøygt oss for han og vorte oppreiste, så er det ingen annan vi skal bøye oss for i tillegg og slett ikkje som erstatning. Men det som med tid og stunder kjem i tillegg, er ekteskapet. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss framleis til mann og kvinne i samsvar med 1.Mos.2, han er kjærleik og skaper kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og slik skaper han ekteskap og familieliv. Då skal ho komme til han og han skal halde seg til henne og så skal ho høyere på han i tillegg til at dei begge framleis skal høyre på Guds Ord og kva anden talar til dei.

Skal ikkje han høyre på henne også då? Ikkje slik som ved syndefallet. Hugs prioritetsordninga, fyrst og fremst skal vi høyre på Guds Ord og halde oss til det, prate med Gud og hans Ord. Og så skal kvinna høyre på mannen sin og gi respons på det. Ho skal ikkje bøye seg for nokon annan enn Kristus og heller ikkje i staden for å høyre på mannen sin og leve saman med han. Er vi oppreiste med Kristus som mann og kvinne, brud og brudgom, kone og ektemann, så skal vi ære og takke Gud og Lammet for det.

Mannen skulle vite å vinne seg si eiga kone i helging, så då gjeld dette prinsippet heilt ifrå han kom til tru på Kristus. Han skal vedkjenne si tru på han med von om å få seg ei frelst kvinne til kone. Så er det kvinner som høyrer det og vonleg er der ei kvinne som oppfattar det som at det stemmer for henne å verte kjærasten hans og kona hans, Gud har skapt henne til å vere ein hjelp for han, som kjærasten og kona hans og det stemmer med at Kristus elskar henne som si brud og som hans brud svarar ho på hans kjærleik med kjærleik.

Då er det ingen som skal tale i staden for mannen, så kvinna skal bøye seg for han i staden for å verte kona hans. Ikkje verken prestar, predikantar eller nokon slags verdslege autoritetar. Dette er på det individuelle plan, den einskilde kvinna vert oppreist som Kristi i brud. I brodersamfunnet skal vi vere samde om det, så kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud er identiteten til Jesu kyrkje. Bruda blir til glede for burdomen og kona vert til glede for mannen sin og slik vert Jesu brud til glede for han. Ja, ho skal verte ei glede for heile jorda. Kva var årsaka til gleda? At vi vart reinsa i Jesu blod og fylte av den Heilage Ande. Då må vi gi Gud og Lammet æra for det. Med Jesu frelserverk har Gud gitt verda ein ny lovsang til seg og Son sin. Han gir ikkje si ære til nokon annan.

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

Jes.42, 1 Sjå, min tenar som eg stør,

min utvalde som eg har hugnad i!

Eg har lagt min Ande på han,

retten skal han føra ut til folka.

2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa

og ikkje bruka mælet på gata.

3 Han skal ikkje bryta eit broste sev

og ikkje sløkkja ein rykande veik.

Med truskap skal han føra retten ut.

4 Han skal ikkje trøytna

og ikkje bryta saman

før han har breitt ut retten på jorda.

Øyar og strender ventar på hans lære.

5 Så seier Herren Gud,

han som skapte himmelen og spente han ut,

og breidde ut jorda med alt som der gror,

han som gjev livspust til folket på jord

og ånd til dei som ferdast der:

6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd

og teke deg i handa.

Eg har skapt deg

og gjort deg til ei pakt for folket,

til eit ljos for folkeslaga.

7 Du skal opna blinde augo

og føra fangar ut or fengslet,

dei som sit i mørkret,

ut or fangeholet.

8 Eg er Herren, det er mitt namn.

Eg gjev ikkje mi ære til andre

og ikkje min pris til gudebilete.

9 Det som vart varsla før, er kome,

og no kunngjer eg nye ting.

Før dei enno gror fram,

lèt eg dykk få høyra om dei.

Den nye songen

10 Syng ein ny song for Herren,

lovsyng han frå heimsens endar,

de som ferdast på havet,

og alt som fyller det,

de øyar og strender

og de som bur der!

11 Øydemarka med sine byar skal syngja,

landsbyane der Kedar held til.

Dei som bur på fjellet, skal jubla,

frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.

12 Dei skal gje Herren ære,

forkynna hans pris på øyar og strender.

Leave a comment