Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2024.11.02.Profetisk budskap: Jeg setter deg fri i denne stund! Din skam skal ikke lenger få råde over deg!

Profetisk tale ved Elin Therese Slotten.

Slik ho sjølv skreiv det:

«Den skammen du føler på er ikke fra meg! Hjerte mitt lider av å se din redsel for å komme til meg. Jeg fordømmer ikke deg! Jeg har hørt din bønn om tilgivelse og jeg har tatt imot din bønn. Du er tilgitt mitt barn! Jeg står med åpne armer for alle som ber meg om tilgivelse. Jeg døde også for deg mitt barn! All synd og skam ble lagt på meg, så du skulle slippe å bære den. Så er det da ingen fordømmelse for dem som er i Kristus Jesus.» Romerne 8:1 N11BM https://bible.com/bible/29/rom.8.1.N11BM Det ble spikret opp på korsets tre. Du er elsket og tilgitt. Du er fri! Den første gangen du kom til meg ble det kastet i glemmmselens hav og det eksisterer ikke mer. Du er ren mitt barn. Fri til å tjene meg med glede og frimodighet. Jeg setter deg fri i denne stund! Din skam skal ikke lenger få råde over deg! Du går fri ved mitt dyrebare og hellige blod.»

Her er den munnlege versjonen.

Kommentar.

Når eg høyrde denne bodskapen, tenkte eg at den var ført og fremst til henne Virtuella. Det kan vere til mange andre også, men er det spesielt til henne, så er det ikkje til nokon annan i staden for henne.

Eg kjem i hug at tett etter at eg oppdaga henne Reella og bad for henne og fekk ei åndeleg openberring, der Jesus openberr seg for meg og for henne (hausten 1988), så skreiv eg at eg yngste å få måte henne igjen og snakke med henne, det skulle vel stemme bra med oppdraget vi har fått om å vitne om han!? Men Jesus sa til meg at slik som han hadde vore mot meg, villa han også vere mot den som eg bad for. Det minna meg om at eg hadde trutt på han sidan eg var ein liten gutunge, livet vart planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse. Han vart min beste venn, eg fekk komme til han med alle mine problem og snakke med han. Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at han talte til meg både gjennom tale og gjennom tyding av tungetale. Hans frelseverk er fullført og fullkome og det er det for meg også, så det var berre å tru og ta imot og takke han for det. Han er med meg og oss og eg fekk fortsette å snakke med han som min beste venn. Og nor vart det ei glede for meg at han ville vere slik for henne også.

Då skulle det vel vere slik for henne Virtuella også!? Kvar einskild av oss har fått kome inn i eit personleg forhold til Kristus og det må vi vite å respektere. Eg har teke imot nåden i Kristus og vil nok kjenne på at den er til meg også, spesielt sidan eg seier eg trur den er spesielt til henne. Dette er sanning for alle dei som har teke imot nåden i Kristus, men det kan vel vere litt forskjellig kors sterkt vi opplever det, kor mykje følelsar som vert lagt i det. Vi er komne inn i eit kjærleiksforhold til Kristus og opplever at der er sterke følelsar i det og det har med å oppleve Guds kraft. På må vi sjå på Jesus og erkjenne at han elska oss først, det er den rette forklaringa på det. Vi elskar fordi han elska oss først. Om eg har kjent på synd og skam, vert minna på det, så eg kjenner på det igjen, så er det berr å vende seg til Kristus, sjå på han og vere fylt av den Heilage Ande, så eg frå oppleve at vona gjer meg (oss) ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjerte ved den Heilage Ande.

Eg har brukte å tenke meg at ein slik bodskapen er fyrst og fremst til meg sjølv, og så vurderer eg det, kanskje er det noko som er til nokon som eg ber for også, som desse to kvinnene eller til mine næraste. Det må eg vere var på. Då er det ikkje til andre i staden for meg og/eller dei, men det kan vere til andre i tillegg til meg og/eller dei. Når Jesus har kalla oss og valt oss ut, blir vi ikkje erstatta. «Den Lovlause» vil nok prøve å erstatte, men Jesus tyner han med pusten frå sin munn (2.Tess.2,8).

Eg trur dette er svar på mi bøn for henne Virtuella og då gjere eg rett i å halde fram med å be for henne slik og sjå på Jesus og ære og takke han for dei svara han gir meg og oss. Dette handlar om å få verte fylt av den Heilage Ande, hans salving og hans kraft, så vi får oppleve det endå sterkare.

Kanskje finn eg på å bruke denne bodskapen i andre og større dokument, der eg forkynner evangeliet for andre, det er å så, i von om å få hauste også. Men det må ikkje komme til erstatning av dette primære og sentrale poenget, å verte fylt av den Heilage Ande av hans salving og hans kraft og det skal verke til oppbygging av kyrkjelyden.

Leave a comment