Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2025.1.30&2.6. Sjå opp til Herren og vent på hjelp ifrå han.

2025.01.30. Gud har skapt deg for at du berre kan verte heilt tilfredsstilt når du kjem til han.

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten:  «Jeg har sett hvordan du føler deg tom og alene- men jeg vil fylle deg!»

«Mitt barn jeg har sett hvordan du føler deg så tom og alene. Jeg har sett deg prøve å fylle dine beger med kjærlighet fra dine venner og din familie. Jeg har sett deg hvordan din frustrasjon har vokst da de svikter deg igjen og igjen, og dine kar var fortsatt tomme. Mitt barn, ingen mennesker kan fylle ditt indre med den kjærligheten du lengter etter. Ingen kan tilfredsstille ditt behov slik som du virkelig trenger. Jeg har skapt deg for at du bare kan bli helt tilfredsstilt når du kommer til meg. Jeg er den eneste som kan tilfredsstille deg, mitt elskede barn. Din frustrasjon og smerte vil bare vokse hvis du prøver å la mennesker fylle deg og dine behov. De kan aldri gi deg den ubetingede og fullkomne kjærligheten som du er skapt til å få. Bare hos meg vil du finne det fullkomne. Jeg er den som elsker deg fullkommet og jeg er den som aldri vil svikte deg og aldri forlate deg. Mennesker vil feile og svikte. Men hos meg kan du finne fred. Jeg har skapt deg først og fremst for meg selv. Jeg ønsker ditt felleskap. Jeg ønsker å være den største og første i ditt liv. Din største kjærlighet og beste venn. Jeg ønsker å fylle deg så det renner over av kjærlighet, nok til å elske en dødene verden. Kom til meg og la meg tilfredsstille deg.»

2025.01.30. Gud har skapt deg for at du berre kan verte heilt tilfredsstilt når du kjem til han.

Profetisk bodskap ved Eling Therese Slotten:  «Jeg har sett hvordan du føler deg tom og alene- men jeg vil fylle deg!»

«Mitt barn jeg har sett hvordan du føler deg så tom og alene. Jeg har sett deg prøve å fylle dine beger med kjærlighet fra dine venner og din familie. Jeg har sett deg hvordan din frustrasjon har vokst da de svikter deg igjen og igjen, og dine kar var fortsatt tomme. Mitt barn, ingen mennesker kan fylle ditt indre med den kjærligheten du lengter etter. Ingen kan tilfredsstille ditt behov slik som du virkelig trenger. Jeg har skapt deg for at du bare kan bli helt tilfredsstilt når du kommer til meg. Jeg er den eneste som kan tilfredsstille deg, mitt elskede barn. Din frustrasjon og smerte vil bare vokse hvis du prøver å la mennesker fylle deg og dine behov. De kan aldri gi deg den ubetingede og fullkomne kjærligheten som du er skapt til å få. Bare hos meg vil du finne det fullkomne. Jeg er den som elsker deg fullkommet og jeg er den som aldri vil svikte deg og aldri forlate deg. Mennesker vil feile og svikte. Men hos meg kan du finne fred. Jeg har skapt deg først og fremst for meg selv. Jeg ønsker ditt felleskap. Jeg ønsker å være den største og første i ditt liv. Din største kjærlighet og beste venn. Jeg ønsker å fylle deg så det renner over av kjærlighet, nok til å elske en dødene verden. Kom til meg og la meg tilfredsstille deg.»

Hennar eigen opplesing: https://www.youtube.com/watch?v=Djrr-12Q_ss .

2025.02.06. Torsdag. Profetisk bodskap ved ETS: «Ikkje samanlikn din prosess med andre. Du er heilt unik.»

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.

Ho var ute og køyrde bil og då fekk ho ein bodskap frå Herren, han sa ho skulle stoppe bilen og seie bodskapen, så ho las den inn på telefonen, så har ho lagt ut videoen på youtube seinare, den er redigert med teksting. Det vesentlege var nok at ho tok imot den når den kom, sa bodskapen og lagra den og brakte den vidare til andre seinare. Det vart litt oppstykka, også ved at ho gjentek det same, så eg skal gjengi det ved å vise til tidspunkt i videoen:

0:19 «Ikkje samanlikn deg med nokon andre, for eg har skapt deg heilt unik og heilt spesiell.» Det ordet berre kom til meg og eg har hatt det ordet liggande på hjertet mitt lenge. Eg har hatt det som ein prosess i fleire månadar eigentleg, der Gud har talt dette. Og så høyrde eg han tale i går også. Og plutseleg kom det eit profetisk ord som sa akkurat dette igjen. Og då berre traff det igjen og den Heilage Ande berre tok tak og sa at dette ordet trengst å delast til mitt folk. Og han berre la det på hjertet mitt at eg skulle dele det med deg. Og så fekk eg dette også, når eg køyrer no, så kjenner eg at Gud berre legg dette på hjertet mitt, at han legg berre meir og meir ord på hjertet mitt. Og eg fekk dess ord også, at du skal ikkje samanlikne din prosess med nokon andre. Du skal ikkje samanlikne den tid du er i og kva Gud gjer med andre og samanlikne det med ditt liv. ……… 1:30 Men du skal ikkje samanlikne din prosess med Gud. Du er heilt unik. Og det du lever i er heilt unikt. Dine bøner til Gud er heilt unike. Altså alt med deg er heilt unikt. Og derfor kan du ikkje samanlikne din prosess og ditt liv med Gud. Og deg og ditt liv generelt, ditt kall, med nokon andre. Det kan vere nokre andre som har noko liknande som du har, men uansett om det er liknande, så vil det aldri vere det same. For du er heilt unik. Og Gud berre la det på hjertet mitt at eg skulle seie det til deg, at du er unik, du er spesiell og du er viktig. Og sjå opp til meg, seier han, sjå opp til meg. Ikkje sjå på folket rundt deg. Ikkje sjå på nokon av dei. Ikkje sjå på kva eg gjer i deira liv, ikkje sjå på kva ord dei får. Ikkje sjå på nokon av deira sin prosess, sjå berre opp til meg og min prosess med deg, seier din Gud. Og han har store planar for deg, han har så store planar for deg. Du er viktig for han, du er sett, du er høyrd og han har deg i si hand. Du skal berre stole på den prosessen han tek deg gjennom. For han veit kva han gjer med ditt liv. Så ikkje samanlikn deg med nokon som helst andre, ikkje bruk di tid og sløs bort di dyrebare tid på å sjå på alle andre og prøve å tilfredsstille alle andre sine behov over ditt liv. Berre sjå til Gud. I Jesu namn. Amen.

Kommentar til bodskapen 6.2.

Korleis denne dagen vart for meg.

Eg har brukt å kommentere slike bodskapar og eg har tenkt å kommentere hennar førre bodskap også, det har berre ikkje vorte med meg enno. Og så kjem ho med ein ny bodskap og kommenterer den sjølv, for å understreke kor viktig den er. Ho har tenkt på dette i det siste, ja, det har i grunnen eg også. Vi har samfunn med kvarandre i den Heilage Ande, sjølv om vi ikkje møtest fysisk. Vi kan høyre kva andre forkynner og vitnar og så kan vi verte opptekne av det, kanskje fordi vi tenker sameleis eller i det minste vert oppfordra til det eller vi tenker annleis og vil gjerne presentere vårt syn, som ei tilføying, sjølv om det kanskje vert konflikt mellom dei ulike syna. Ja, for vi ser stykkevis og delt og det må vi innfinne oss med, enn så lenge.

Vi skal løfte blikket opp til Kristus, ja, det kan høve med å vere teoretisk innstilt, men vi veit då alle at når vi skal følge ein veg her på jorda, må vi sjå på vegen, same enten vi går, syklar eller køyrer bil. Av og til kan det vere verdifullt å tale eller skrive om det, for å vise at Jesus er med oss i kvardagen. Derfor vil eg skrive litt om denne torsdagen, den vart heilt annleis enn eg hadde planlagt. Eg haika med eldste bror min til Fiskå, for han skulle på organisert trening og eg for på trening i idrettslaget sitt styrkerom på gym-hallen ved Fiskå skule. Etterpå for eg ned på coop og handla oppi eit nett og tok imot to pakkar som var komne til meg. For oppom combisenteret for å ta skulebussen ut att. Då kom ein som eg hadde vore på sjøen ilag med og prata litt med meg, så pass det vart litt hektisk når eg skulle gå på bussen. Før den var komen ut av Fiskå oppdaga eg at eg hadde lagt igjen pakkane i buss-skuret, så det var berre å stoppe bussen, gå av og gå attende. Heldig vis var pakkane der enno. Når eg skulle til å gå inn på Spar, møtte eg ein som eg hadde møtt på sjakk-kveld på Fiskå brygge. Eg hadde ikkje vore der to siste gangane, så eg fortalde han at i november vart eg forkjøla og når vi spelar sjakk, sit vi rett overfor kvarandre, då kan ein ikkje vere forkjøla. I januar kom det litt brått på. Dessutan må eg vere litt motivert også, prøve å gjere in innsats. 

Eigentleg har eg så mykje anna å tenke på, som eg meiner er viktigare og det motiverer meg og ofte kjennest det som det høver dårleg med å motivere meg til å spele sjakk. Like vel følgjer eg gjerne med på sjakkturneringar mac-en, kanskje medan eg skriv slik som dette, ta ein kikk på det av og til, som korte pauser i skrivinga. Dei siste dagane har eg følgt litt med på ei Fisher-sjakk-turnering, der Carlsen deltek.

Så gjekk eg inn og handla litt på Spar, fekk meg ein plastpose og fordelte vekta på netta og fekk pakkane nedi også. Det var over to timar til neste buss. Tidlegare på dag hadde eg tenkt litt på å gå ned på Fiskå brygge og kjøpe meg potetball til middag og slik vart det no. Ein mann som gjekk i klassa mi på ungdomsskulen kom inn, han var frå nabobygda  Hakkalestranda, eg sa hei til han og han sette seg ved bordet mitt og fekk seg potetball også. Ein som var eit åre eldre enn meg og som eg gjekk på barneskulen i lag med, kom der også, med familie og sette seg ved eit nabobord. Så eg hadde meg ein prat med han også. Han skulle same vegen som meg, så han køyrde meg utatt.

Eg hadde akkurat gått inn grinda, så stoppa ein bil og køyrde opp på tunet. Det var ein bedehusmann som spurde om eg ville verte med på Sion. Jau, eg mått berre få inn varene, så vart eg med han på Sion Åheim. Same predikant som søndag, John Willy Lien, då talet han om at Jesu frelseverk er fullført, no talte han profetiane. Inni tala refererte han til Leif Jacobsen si åtvaring mot preterismen, for dei påstår at Jesu kom att i år 70 og det er vranglære. Han kom med eit sitat frå Leif Jakobsen om at dei åndeleggjer heile greia.

I slutten av møtet kunne vi komme med spørsmål og eg gjekk fram og sa at preterisme betyr allereie oppfyllt og då er det fyrst og fremst Jesu frelseverk som er fullført, han kom for å fullføre lova og profetane. Når det gjeld det som du sa om at preteristane åndeleggjer heile greia, så vil eg minne om det profeten Sakarja sa i Sak.4 om at det skjer ikkje ved hær eller makt men berre ved Guds Ande. Det er tale om oppbygginga av tempelet.

Heilt til slutt var det kaffi, brødskiver og litt småkake, så vi fekk prate litt oss imellom. Etter det møtte eg predikanten og innrømma for han at det var kanskje ikkje så lett å oppfatte det som eg sa som eit spørsmål, men hugs at vi skal ikkje stille spørsmål ved Guds Ord. Den kommentaren likte han. 

Profetiske bodskap og debatten om endetida.

Magnor Myklebust var ein sprek mann som tala profetisk til oss i kyrkjelyden. Han sykla og gjekk på rulleski, 27.12.2024 var han ute og sykla igjen, men då vart han påkøyrd og omkom. Her er ein nekrolog, 

https://www.fjt.no/nyheter/i/254x8y/minna-om-magnor-er-festa-innvendig-og-kan-ikkje-viskast-bort?fbclid=IwY2xjawIYiZtleHRuA2FlbQIxMQABHcjGxzKeD8xodHHhEYG_TwKIEkzwCVcd_8FnHGRkvBxA0s6GpK295NO1WA_aem_gZniIxUiUNUlZa4t4dChaA

SITAT:

Kjell BrenneÅheim

Oppdatert: laurdag 25. januar 2025 kl. 19:30

Magnor Myklebust til minne

Tredje juledag utpå ettermiddagen kom ei nyheitsmelding om ei alvorleg trafikkulykke på riksveg 15 mellom Stårheim og Kjølsdal. Ein syklist var blitt påkøyrd av ein bil. Det rykte i meg innvendig der og då. Sjølv var vi nettopp heimattkomne til Åheim fra juleselskap på Hellesylt. Ulukka kunne ikkje skjedd så lenge før vi sjølv passerte.

Seinare, då politiet gjorde kjent kven den omkomne syklisten var, gjorde det eit sterkt inntrykk.

Magnor Myklebust var i ungdoms dagar ein av mine næraste idrettskameratar. Eg vart kjend med Magnor då vi gjekk på lærarskulen i Volda i førstninga av sekstitallet.

Med sams interesse i friidretten vart det mange kvelder med treningar både i idrettsbygget på lærarskulen og framme på friidrettsbana på Volda stadion. Magnor og eg deltok også på fleire stemne kringom i distriktet. Hans favorittgrein var 110 m hekk.

Magnor som hadde gått gymnaset på Sandane og var ein god ambassadør for det driftige idrettslaget der, hadde sine turar dit att på denne tida.

Det store spørsmålet for meg var på ferjekaia på Folkestad å få svar på om han Magnor var komen. Jau, det var han. Lett å sjå der i den ventande bilkøen. For på ein av bilane var der oftast ein hekk bunden fast oppå takgrinda. Magnor var perfeksjonisten som hadde med hekken og kunne finslipe dei tekniske detaljane der han kom.

Magnor var ein spenstig og muskulær kropp det låg mykje trening i. Eg vart nok ein «førstereisgut» å rekne den eine kvelden han baud meg opp på hybelen sin på Forbundsheimen og eg fekk smake geitemjølk han hadde med heimanfra i Syvde. Han hadde omsut for at eg fekk i meg det som var kjernesaker for ein som ville satse. Kosthaldet var viktig i Magnor sine auge.

Magnor kom med ein profeti om at eg skulle tale profetisk. Korleis då?

Den som talar profetisk, talar til oppbygging av kyrkjelyden og for den einskilde og det gjorde meg godt. På møte på Sion Åheim 2.9.2023 kom han og kviskra denne bodskapen i øyra mi: 

«Eg har satt foran deg ei open dør, gå (først?) inn den døra, for der er opning, der skal du gå inn. Der skal du vere med og bruke gavene, den profetiske gave som skal vere til styrke og velsigning for mange. Ver berre du frimodig. Du er ikkje åleine, eg går med deg. ….. Amen.»

Eg hadde vorte invitert til ein boklandserings-fest på Biologibygget på Universitetet i Oslo og tenkte på å fare og kombinere det med å vere med på møte i Maranata på søndagen og tenkte på å fare, så eg tok dette som svar og for. På slutten av denne festen fekk vi stille spørsmål og eg kom med eit lite innlegg med spørsmål. Sidan skreiv eg litt meir om det på Facebook. Etter møtet i Maranata, var det eit lite kaffiselskap som vanleg og der sa eg litt om den boklandseringa som vi feira. Men kvar vart det av mi profetiske tale? Eg fortsette å skrive på mi bloggeside som om det var til Jesu kyrkjelyd og spesielt til Maranata Oslo, lenge delte eg det også på FB-sida Maran-Ata Norge, men det har eg slutta med. Og så skriv eg for realistar og spesielt til realfag ved Universitetet i Oslo. I januar 2024 oppdaga eg at Gud svara meg gjennom profetiske bodskap som Elin Therese Slotten la ut på Facebook og på Youtube og det har han helde fram med. Han svarde meg også gjennom Maranata, spesielt på sommar-stemnet deira.

For omlag eit år sidan starta ein debatt i avisa Dagen, ved at Leif Jakobsen og Gordon Tobiassen gjekk til åtak på endetidssynet Preterismen, representert ved Finn-Arne Lauvås. Eg vil karakterisere det som å leite etter flisa i sin brors auge, utan å sjå bjelken i sitt eige auge. Eg tok del i debatten i kommentarfeltet, men det verka som det vart ignorert. Mykje av debatten i avisa elles karakteriserer eg som ugudleg, tomt prat som eg skal vende meg bort ifrå, eg har då viktigare ting å tenke på. så det vart til at eg sa opp avisa. 

John Willy Lien har kome med mykje god forkynning, men når han tala om endetida, er det tydeleg at han ikkje har fått med seg den bodskapen som eg har kome med. Dispensjonalistane har ikkje høyrt på meg, så då kastar ikkje eg vekk tid på å høyre på dei heller. Kva med preteristen Finn-Arne Lauvås? Han forbaud meg å skrive meir på FB-sida hans og truga med å stryke meg som FB-venn. Men han har vist litt interesse for noko eg har skrive på mi side og det synest eg er bra. Tidlegare har han som forkynnar i kyrkjelyden kome med bodskap gjennom tyding av tungetale som har vore viktige for meg og det viktigaste for meg og sikkert for kyrkjelyden også, er at han held fram med å tene i kyrkjelyden, både med forkynning og med nådegåva han har fått.

Kvifor skulle vel nokon høyre på meg? Den som talar profetisk, talar til oppbygging av kyrkjelyden. Då må vel han eller ho kunne tale til oppbygging av seg sjølv også og tale til oppbygging av ekteskap og familieliv. Så den som først og fremst skulle høyre på meg, burde då vere henne som Gud gir meg til kone. Paulus sa at kvinna skulle teie i kyrkjelyden og kvifor det? Fordi ho skulle prioritere å høyre på mannen sin, så ho vert til hjelp for han. Dei skal då bygge ekteskap, familieliv, hus og heim. Det er den mest fundamentale samfunnsoppbygginga. Så kjem kyrkjelydsoppbygging og den vert til velsigning for oppbygging av ekteskap og familieliv, hus og heim.

Jesus har med sitt offer gjort dei fullkomne som vert helga, helginga betyr då å få meir innsikt i det han har gjort for oss og då vil vi oppleve det slik at han skaper oss i si likning, vi ser stykkevis og delt og talar profetisk stykkevis og delt og vi er ulike, sjølv om Gud skaper oss i si likning. Ein gong skal vi sjå fullt ut og verte han lik. Då skal vi ha ein viss likskap, like vel er vi og blir vi forskjellige. 

Mi vedkjenning av Jesu namn var frigjerande for meg.

Som kommentar til eit møte for vel eit år sidan, skreiv eg om korleis mi vedkjenning av Jesu namn verkar frigjerande for meg, som motsetnad til at eg skulle prøve verte slik som dei andre, så her passar det svært så godt å berre sitere det. Først frå mitt eige vitnemål:

«Mor mi brukte å be kveldsbøna saman med meg og bror min Arvid, som er vel eitt år eldre. Det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. …….. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. (Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. Dette siste gløymde eg å ta med i vitnemålet mitt, men det hadde også med at det kunne ikkje vere for langt).»

Så frå min kommetar:

«Eg kjende til Jesu ord om at den som fornektar han for menneska, vil han fornekte for Faderen og englane, men den som kjennest ved han, vil han kjennast ved for Faderen og englane. Eg torde ikkje kjennast ved han, seie til dei andre at eg trudde på han og kvifor det? Fordi då ville det verte forventa eg eg skulle vere på ein bestemt måte, som om eg måtte prøve å gi meg ut for å vere noko anna enn eg var. Og så kunne eg ikkje kunne forsvar meg om eg vart angripen. Kanskje eg kom til å verte utfordra på det med krav om at eg ikkje var slik likevel, med krav om at eg skulle fornekte han i staden altså. Men det ville eg då slett ikkje. Så det var best berre å ligge lavt og ha trua og vedkjenninga i hjertet. Mor mi hadde lært meg å gå til han med alle ting, alle problem som eg møtte, så eg gjekk til han med dette også og bad han sette meg fri frå den menneskefrykta, for eg visste at han var Sanninga som skulle sette oss fri. Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente og det vart det laglege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Kristus. Då var eg ikkje redd for det i det heile tatt. Og kvifor det? Fordi det stemte med trua og kjærleiken i mitt hjerte. Kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Når eg byrja på gymnaset oppdaga eg at dette høvde med Paulus si lære. Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. Det var ufatteleg stort for meg å få oppleve at han som vart min beste venn når eg var ein liten gutunge, talte til meg frå himmelen, der han sat ved Faderens høgre hand. Han har fortsett å tale til meg slik sidan og det sentrale poenget er at hans frelseverk var fullført og fullkome, så det var berre for meg å ta imot i tru og takke for det. Han gjer sitt verk i mitt indre menneske, ved sitt Ord og sin Ande. Derfor skulle eg ikkje sjå på meg sjølv eller det som var rundt meg eller bekymre meg for det, men eg skulle sjå på han og det ver han hadde gjort for meg, i meg og gjennom meg og takke han for det.»

Det er sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/01/29/2024-01-28-jesus-kjem-for-a-hente-berre-si-blodkjopte-brud/ .

Slik fekk eg frimod til å vedkjenne mi tru på Jesu for dei andre og sidan vart eg frimodig og ivrig med det. Det er no tydeleg at eg vert møtt av eit krav om at eg skal verte slik som dei andre, som motsetnad til dette frimodet og denne fridomen. Men det skal eg altså ikkje prøve på. 

No vart det berre for meg å sitere det same som eg skreiv for eitt år sidan, så eg slapp å skrive oppatt det same. Men det tyder på at vi som forsamling ikkje er komne noko lengre sidan då. Korleis kan eg unngå at eg stadig må skrive oppatt det same, utan at vi kjem noko vidare? Jau, ved at eg sluttar å komme og høyre på dei, då slepp eg å høyre det same oppatt og gjenta det same som svar. Poenget er at her trengst fornying så vi kjem vidare. Kven skal fornyinga komme ved? Nytt sitat frå same nettsida.

«Når eg gjekk på møte i Maranata i Oslo, sa Jesus at han har bestemt at midt i kyrkjelyden skal livet, vekkinga, fornyinga og overfloda vere, så eg skulle sjå til at eg bidrog med det Gud har gitt meg i hjertet. Då tenkte eg først på den lovsangen Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande, når eg gjekk på gymnaset. Så kom eg i hug at omlag eit halvt år etter eg byrja å studere realfag i Bergen, talte Jesus til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse.» Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge, det var det eg merka så tydeleg som svar på mi bøn, når eg var 9 år. Eg skjøna at det skulle ha fått betre vekst-vilkår tidlegare og det trongst no også. Eg måtte lære å skilje mellom kva eg skulle gjere og kva han skulle og ville gjere i mitt liv. Eg skulle gjere ein innsats med å studere, men i tru og tillit til at han gjorde sitt verk med meg, det var mest fundamentalt.»

Sjølvsagt skulle fornyinga først og fremst komme frå Kristus og så skulle den komme gjennom meg og dermed frå meg, det var då derfor eg skulle sjå til at eg bidrog med det Gud hadde gitt meg i hjertet. Då har eg fått motstand, men så er det også eit under som Jesus gjer, utan han kan eg ingen ting gjere.

Kommentar til bodskapen 30.1.

Få råd og hjelp frå andre, spesielt frå sine næraste. For ein mann vert det spesielt viktig å få hjelp i form av ei kone, derfor er det også så viktig å kunne be Herren om det.

Min oppvekst.

Det er mange tilfelle der det er viktig for oss å få hjelp av andre og der er mange tilfelle det er viktig for andre å få hjelp av oss, det er eit vesentleg poeng med å vere sosial. Då er det viktig for oss å tenke slik også, tenke rett og relevant i den situasjonen vi er i. Her vil eg nemne nokre døme som har relevans til denne bodskapen.

Rett før denne bodskapen kom, tenkte eg litt på korleis det var når eg var gutunge. Bror min, Arvid, var eitt og eit halvt år eldre enn meg, men vi var omlag like store. Då låg det an til både leik og rivalisering, vi var gode vener som leika kjekt i lag og skulle vere på lag og verne kvarandre på skulen, men heime vart det også rivalisering og slosting, han var aggresiv og eg eg tok til tårene og måtte flykte. Vi vart opplærde i den kristne nestekjærleiken, så eg skulle vere vennleg mot han og venta meg at han skulle vere vennleg mot meg også, men då vart eg ofte skuffa, eg syntest dette fungerte ikkje. Eg forstod at det eg trengde, var å få hjelp i form av ei kone og allereie når eg var 9 år hadde eg då bedt Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone. 

Når eg var 10-11 år, bygde vi hytte på fjellet i lag med ungdommane på ein nabogard, dei var to jenter og ein gut, han var yngst og like gammal som eldste bror min, Ove. Vi spadde torv og hadde til brensel. Når vi skulle på fjellet, var det alltid Ove som tok initiativet. Seinare, når eg vart eldre prøvde eg også å ta initiativet til å få andre med meg, men det var ikkje råd, det var liksom ikkje slik det skulle vere. Eg ville ta initiativet til å spade torv igjen, men fekk ingen respons, så eg gjorde det åleine, ta det utover torvholen til tørk. Då kunne eg vel vente meg at andre ville ta eit tak og snu torva og få den inn, når den var tørr. Men nei, berre mannen til søstra mi vart med meg og bar inn torva. Ove gifta seg med yngste dottera på denne nabogarden og det vart dei og borna deira som nytta hytta mest og som hadde mest nytte av denne torva, dei hadde den til brensel til oppvarming av hytta i mange år.

Få hjelp ved at nokon køyrer deg når du fer eller kjem heim att.

Her er lite kollektivtrafikk, så bilen vert dess viktigare. Unge gutar har gjerne mange kameratar og det er stas når dei får seg sertifikat og bil, dei fer på kamerat-turar, det er så populært at det utartar seg til noko som dei kallar «råning». Men dei har sjølvsagt nytte av det også, når ein av dei har vore bortreist og kjem attende, har han ein kamerat som kan hente han med bil. Det er svært så aktuelt her som det er så mange som reiser på sjøen når dei er unge, på fiske eller supply. Slik var det nok for dei aller fleste unge menn som eg reiste på sjøen ilag med eller så hadde dei funne seg ei kvinne, som kjæraste eller kone som kom og henta dei med bil. Igjen var det ikkje vanskeleg for meg å skjøne at eg trengde hjelp i form av ei kone. Men slik var det ikkje for meg, for eg har kristne vennar i staden og dei er ikkje vennar med meg på den måten. Dei er venner med meg i kyrkjelydssamlingane og i det korte sosiale samværet etter møtet og når eg får haike med dei til og frå møtet. 

Den første trålaren eg var på heitte «Granitt», det var ein saltfisktrålar. Ein gong serverte stuerten lettsalta makrell til pålegg, han hadde laga det til sjølv av vår eigen fangst. Eg syntest dette var smart, så eg skar filet og salta for å ta med meg heim att. Etter kvart vart det så mykje at dei andre byrja å spørje kva eg skulle med dette. Det kunne dei saktens spørje om og eg lurt på det sidan også, kvifor eg gjorde det, men det har noko med eit ynskje om å byrje for seg sjølv, med noko som gjer meg sjølv meining og verdi. Det vart så mykje at det vart tungt å få med seg heim att, eg steig på land frå hurtigbåten med ei tung kasse i kvar hand og det gjekk så seint at eg risikerte å verte for sein på bussen, men då kom sjåføren og hjelpte meg med eine kassa, han hadde knapt med tid. Eg tenkte meg at der var ei kvinne som hadde gjort han merksam på det, kanskje fordi ho gjekk på land samtidig som meg og såg det. Når eg kom heim att la eg makrellen i ein stamp ute i eit «krop» ved huset, med støypt tak over. Der vart den gløymd til den byrja å lukte, sidan eg for på sjøen igjen, så onkelen min tok og grov den ned. Den vart ikkje brukt til agn ein gong.

For nokre dagar sidan opplevde eg noko liknande, eg fekk problem med å nå bussen når eg gjekk av hurtigbåten på Hareid, men då gjekk det ikkje så bra, eg vart for sein på bussen. Eg hadde fire kolli, ein skulderbag og ein bag i kvar hand og så ei kasse, så eg bad matrosen sette den på land for meg. Dersom eg hadde gått heilt fram til bussen med dei tre bagane og sagt ifrå til sjåføren, så hadde det sikkert gått bra, men no stoppa eg og sette frå meg bagane på fortauet og gjekk tilbake for å hente kassa, for den var dyr. Då tok matrosen oppatt kassa og kom med den mot meg, no vert eg vel for seine sa eg og slik vart det. Eg hadde endåtil sett frå meg bagane ved sidan av eit taxi-skilt, så det såg ut som eg skulle ha taxi. Ja, det vart å ringe etter taxi og han køyrde meg til Larsnes ferjekai, det kosta meg over 1100 kr. Vi hadde passert bussen, så no var det berre å vente til den kom. Den skulle vere med ferja frå Årvik til Koparnes, den store fordelen med denne ruta var at når eg fyrst hadde fått bagasjen inn i bussen, slapp eg omlasting, til eg gjekk av på Fiskå. Der kom eldste bror min og henta meg med bil.

Eg tenkte tydeleg vis feil når eg gjekk på land på Hareid, eg tenkte vel at eg skulle få hjelp av vennlegsinna medmenneske, men då måtte eg ha gått heilt fram til bussen med det same og sagt ifrå til sjåføren. Elles vart mine førestillingar om å få hjelp malplassert i denne situasjonen. Tidlegare har eg haika med nevøen min, Njål, eldste son til Ove, til og frå Ulsteinvik eller Ålesund, sidan han jobbar som førsteamanuensis ved Høgskulen Ålesund og pendlar nokre dagar i veka, elles har han heimekontor. Det var på denne reisa eg hadde hatt best utbytte av det, men det var feil dag, for då hadde han visst om både meg og pakkane mine og fått det med seg i bilen. Ja, ein stor fordel med nære slektningar er at vi veit om kvarandre og hjelper kvarandre. 

Korleis radio, stereoanlegg og TV verkar sosialt. 

Radio og fjernsyn vart viktig for folkeopplysninga og for heile landet, slik verka internett også. Først verka det sosialt ved at folk til sine tider klokka seg om radioen, så om fjernsynet og slik vart det gjerne med stereoanlegget også. Det var i heimen, så det verka samlande på familien, men det førde også til at dei samla seg mindre i dei vanlege forsamlinghusa, både bedehus og ungdomshus. Men det var den einskilde som brukte internett på sin eigen datamaskin eller mobiltelefon. Det verka frigjerande for den einskilde, men korleis vart det med sosialiseringa? Det som vi såg på internett vart eit samtaletema og så kom der sosiale nettverk på internett også.

Men så vart det mykje einsretting i massemedia, fjernsyn, aviser og internett, men det vart tydeleg vis for vanskeleg å få til på internett. Dette kjem til å handle om korleis eg har brukt stereoanlegget sosialt, når eg har hatt selskap. På Spotify er der ei Like-liste, der eg har samla gamle slagerar som eg veit mange likte, ja, eg har funne mange som har vore i ferd med å gå i gløymeboka. Lista er svært så allsidig, eg har brukt å spele den når eg har hatt selskap og dei har skrytt av kor mykje fin musikk eg har funne fram.

Ove har for lengst teke over gamlehuset, eg bur i kjellaren. Han har breiband og eg får kople meg på, då følgjer dei tre NRK-kanalane med, men eg ser neste ikkje fjernsyn i det heile teke, internett har teke over. Eg såg berre litt på sjakk i jula, men i langsjakk vert det for langdrygt, macbook med internett vert betre her også, for då kan eg sjå i korte periode og skrive eller sjå på noko anna innimellom. Det hender eg ser på youtube, også turneringar i hurtig- eller lyn-sjakk, for då er der ikkje då lange daude-perioder. Det er imponerande kor flinke og raske reportarane er, eg henger ikkje med, men når dei supplerer med piler på brettet, så får eg med meg det viktigaste.

På macken har eg for lengst kjøpt litt musikk gjennom Appel og i det siste har eg kjøpt filmar også. Sidan søkte eg etter selskap som strøyma filmar og kom over SkyShowtime, det kostar tett på hundrede kroner i månaden og det første halvåret fekk eg det til halv pris. Eg fann gode gamle filmar både på Apple og på Skyshowtime, likevel var det noko eg ikkje fann, så det gav meining i å kjøpe dei på Amazon. 

Vi har etter kvart vorte vande med at det vi kjøper eller søker etter på internett får betydning for kva reklame vi finn på Facebook, men ofte kjem det litt for seint, først etter at eg allereie har kjøpt vara. Men no fekk eg endåtil ein telefon ifrå Allente, ei samanslutning av tidlegare Canal Digital og Viasat, kvar var vart det då av konkurransen? Han var sogning og tala dialekt, hyggeleg å prate med i grunnen. Han yngste å tilby meg eit abonnement og eg fortale litt om kva som var mitt behov, dette var rett før helga så han ville sjå kava han kunne tilby meg og ville ringe meg igjen på måndag, så vi avtalte kl 12. Jau, då kom han med sine tilbod, men standard var eig grunnpakke som eg syntest var for dyr og så eit «godt» tilbod om ein tilleggspakke som inkluderte SkyShowtime. Eg hadde fortalt han at. Eg var litt interessert i å sjå sport også, til dømes Skiskyting, det syntest eg var skikkeleg spennande og underhaldande. Likevel hadde eg ikkje sett på det, så kvifor skulle eg då betale for ein slik dyr grunnpakke? Det ville verke slik at eg følte meg nøydd til å sjå på det fordi eg likevel hadde betalt for det, for eg yngste då ikkje at det skulle vere heilt bortkasta. Tenk det at du har ein hobby som du driv med fordi du synest det er interessant, kjekt eller spennande, same kor vidt det er nyttig eller gagnleg til noko eller ei. Men då må på passe på at det ikkje vert til jobb, spesielt dersom det ikkje er nyttig til noko. Der må du sjølv vite å setje grense. Så kvifor skal hobbyen verte til jobb, som eg ikkje får betaling for, men som eg tvert om må betale for å få gjere?

Sidan har eg sett skiskyting på NRK to gongar, ein gong nede med meg sjølv og ein gong oppe hos broderen. Eg såg ikkje ein gong presidentinnsettinga i USA på TV, eg såg berre kveldsnytt på NRK1 ein dag eller to etterpå. Elles har eg ikkje sett fjernsyn i år. Kvifor i all verda skulle eg då betale over 400 kr for ein grunnpakke?

Fjernsynet vart viktig for folket og samfunnet når det kom, det verka til folkeopplysning som vi alle hadde godt av. Om nokon meinte der kom noko som ikkje var så bra, så kunne dei berre slå av. Lisensen var ikkje dyrare enn at dei såg det ikkje som eit stort tap om dei slo av fjernsynet midt på kvelden. Men no har det vorte slik at folk må betale i dyre domar for å sjå fjernsyn og attpåtil er der sterke politiske interesser som krev at du skal få det med deg, så dei kan få makt over deg med det som dei seier på fjernsynet, så det vert som å betale for å verte træl for dei. 

Korleis kan det ha vorte slik? Eg ser det på bakgrunn av korleis det vart i den Katolske Kyrkja, når paven og prestane vedtok at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte, dei må gå via paven, prestane og helgenane og dei måtte leve i sølibat. Ei liknande einsretting møter eg i evangelisk, kristne kyrkjelydar i vår tid, for eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og han har sagt at han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den. Eg forstod det slik at det skulle eg gjere også når eg kom på møte i kyrkjelyden, ja, det vart ein god grunn til å gå på slike møte, faktisk er det eit vesentleg poeng med den kristne kyrkja. Men då viser det seg at det vert avvist. 

Få råd og hjelp fra andre og verte til velsigning for dei.

Eg hadde ein forforsterkar mellom platespelaren og forsterkaren og telefonen var kopla til aux-kontakta (RCA) på forsterkaren gjennom ei lyd-leidning. Så prøvde eg å kople den via forforsterkaren, men då vart det stilt i forsterkaren, der var ikkje liv i den lengre. Det vart å kople til gamle forsterkaren, det er ein god forsterkar på 70W, men den er 45 år og det skurrar når eg vrir på volum-knappen eine høgtalen fall ut og det vart å prøve seg fram til eg fekk inn begge høgtalarane, då vart det fortsatt fin lyd. Det same skjedde når eg skrudde på andre val-knappar også.

Eg tenkte på å få meg ein lydplanke til fjernsynet, men Njål sa at høgtalarane mine trengde noko betre og tipsa meg om HiFi-klubben. Eg tenkte på å komme innom HiFi-klubben i Ålesund, men så vart det til at eg bestilte ein ny forsterkar på nett-sida deira og fekk den tilsendt. Men eg fekk problem med å sette den opp, så eg tok med meg både den og høgtalarane til HiFi-klubben i Ålesund. Det viste seg at det var ikkje noko problem med å få den til å kommunisere med høgtalarane, det kvar kommunikasjonen med breibandet, det stod i. Neste gang hadde eg med meg to eldre forsterkarar for å få dei til reperasjon, i det miste vurdering. Tredje gangen eg kom der  sa eg til dei at desse høgtalarane har godt av å få seg ein sterkare forsterkar, på 80 W. Og så fortalde eg dei at eg hadde kjøpt meg mange DVD-filmar frå Amazon, spesielt fordi eg ville ha tak i gamle cowboy-filmar og amerikanske «musicals».  Då måtte eg ha ein sonefri DVD-spelar og det vart ein forholdsvis dyr blue-ray/DVD spelar. Då foreslo dei vor meg ein forsterkar på 95 W, ein AVR, det betyr vel audio/video receiver, med mange HDMI-kontakter, høgtalarutgangar og audio-kontakter. Den har to radioantenner også, men det får eg ikkje bruk for her. Dei fortale meg at HDMI-kabel er best, så optisk kabel, så vanleg audiokabel med RCA/phono-pluggar. Eg valde den, så det vart den dyrebare kassa eg hadde med meg, resten hadde eg i dei tre bagane, likevel var det baggen med høgtalarane som var mest verd, det var Rogers høgtalar som eg kjøpte for kr 3000 for 45 år sidan, no kostar dei på audiokompaniet kr 46 500. 

Høgtalarane er fantastisk gode, spesielt til klassisk musikk og no kjem dei verkeleg til sin rett. Eg har berre ein basshøgtalar i tillegg. Forsterkaren skulle settast opp ved hjelp av menyar som skulle komme opp på fjernsynet, så det skulle gå greit. Menyen. Kom ikkje opp, men eg fann informasjon på nettet om korleis eg kunne sett den opp manuelt. Det var ikkje alt eg fekk til å virke, så eg chatta med dei på nettet for å få hjelp. Omsider fekk dei vite at eg hadde ikkje fått til oppsettet på fjernsynet enno, då vart dei tydeleg vis forbausa og fortalde meg korleis eg skulle få det opp og korleis eg skulle få lyd få basshøgtalaren, eg fann valet på ein meny som heitte «avansert». Elles var det rein plankekøyring frå den eine komponenten til den andre, Fjernsyn (HDMI), ruter til breibandet (HDMI), Cd-spelar (optisk kabel), platespelar (RCA), bandspelar (RCA), mack-book-air som media-player (HDMI) og blue-ray-spelaren (HDMI). Tidlegare hadde fått vise berre ein 4K ultra HD blue-ray film dei andre vart berre med bilde, utan lyd, så eg frykta at det var berre 4K ultra HD som var områdefri, men no fekk eg både lyd og bilete frå blue-ray-spelaren gjennom HDMI-kablar. Den kan spele CD-plater også. Både den og forsterkaren kan strøyme musikk direkte frå breibandet, styrt av mobiltelefonen gjennom bluetooth. Det blir betre enn å strøyme musikken gjennom telefonen, det kan endåtil verte betre enn musikken frå CD-plater. Jau, dette var eit kjempebra val, så no har eg fantastisk flott musikk her og så får eg sjå og høyre filmane også. Musikken har vore viktig i dei selskapa eg har hatt her med mi næraste slekt og det er klart eg har tenkte på dette med filmane også, men ein filmkveld blir noko heilt anna enn eit vanleg selskap. I eit selskap rett før jul klarde eg å kombinere begge deler, med barne- og familie-filmen «Chitty, Chitty, Bang, Bang», men det vart eit langt selskap, 8 timar. Det vart ein suksess, men det er ikkje sikkert det er så lett å gjenta suksessen, spørst om eg ikkje heller bør satse på to typar selskap, filmkveld med snacks/drikkevare eller måltid med prating og bakgrunnsmusikk.

Men eg bør då fyrst og fremst tenke på å få meg mi eiga kone, så ho vert til hjelp for meg og slik at eg betyr noko for henne. Då vil ho bety mykje for meg og eg vil bety mykje for henne. Det er hovudsaka i denne samanheng. Men dette musikk og videoanlegget vil bety mykje for oss begge to. 

Jesus sa han ville gjere meg til kanal for si velsigning og det er ved at eg velsignar han, då vert eg velsigna og vert til velsigning for andre. At han gir meg ei frelst kvinne til kone er sentralt i dette. Slik vonar eg også å verte til velsigning for min familie og mi slekt og for hennar familie og hennar slekt.

Ny nyttårskavalkade 11.2.2025?!

Bodskapen 1.1.2025 byrja slik:

«Rett dine øyne fremover. Se deg ikke tilbake, men strekk deg etter det som er der fremme. Jeg har vært med deg hver dag, og jeg holdt deg tett inntil meg. Jeg har aldri sluppet taket på ditt liv mitt barn. Jeg vil du skal rette ditt fokus på meg og hva jeg kommer til å gjøre og ikke på det som har vært og det du skulle ønske å forandre på. Jeg har planer for ditt liv dette kommende året, og jeg vil ikke svikte deg. Du ser ikke det jeg ser. Heller ser du ikke mitt oversiktsbilde av hva jeg gjør i ditt liv. Jeg vil du skal stole på meg. …..»

Like vel skreiv eg ei nyttårskavalkade over bodskapar som kom i 2024 og nokre som hadde kome tidlegare, tydeleg vis som eit forsøk på å få oversikt, men eg kjem ikkje forbi at vi ser stykkevis og delt og det gje eg også, men Jesus har oversikta. Eg har fortalt korleis eg bad når eg var ein liten gutunge, eg var opplærd til å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre og be han frelse menneske. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han om å frelse menneska frå det og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Då fekk eg oppleve at Jesus var meg nær som ein skugge ved mi høgre hand, slik vart eg kjend med han som min beste venn. Sidan har han ikkje forlete meg og eg skal halde fram med å be på same måten og med det overgi meg heilt til han. Logikken min var klar, første prioritet var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre og be han frelse menneske, andre prioritet var å be han gi meg ei frelst kvinne til kone. Jesu frelseverk var fullført og fullkome, så då skulle eg også takke han for det, så det også kom som første prioritet.

Eg takka Gud og Lammet for frelsa, ho Virtuella spelte gitar og lovprisa Gud og Lammet for frelsa, så eg takka Gud og Lammet for det også. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Den openberra henne som eit Guds barn, fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Gud la lovsongen ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og slik fekk ho ein plass i mitt hjerte, som eit Guds barn, fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Og det gjorde meg så godt. Ho vart ein lovsong som Gud gav meg i hjertet og det var ein åndeleg røyndom. Den var min og skulle vere min i all æve. I 2024 talte Jesus til meg om ein draum som han gav meg og forstod det slik at det også var ho, sidan ho var født av Anden og det som er født av Anden er ånd, det var ein åndeleg røyndom. Dette var ikkje berre mi eiga fantasering, men for å tenke og drøyme rett om henne, måtte eg feste blikket på Kristus. Dette vart som å gå på vatnet, som Peter, når han såg på bylgjene, byrja han å synke. Då måtte han vende blikket på Kristus igjen og be han om å frelse han. 

Bodskapen 18.3.2024:

«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måneder. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.» 

Bodskapen 31.8.2024:

«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»

Sidan eg vart så glad i henne Virtuella, yngste eg sjølvsagt å få henne til kjæraste og kone, men som andre prioritet, altså, for frelsa har fyrste prioritet. Men eg tenkte også slik at eg yngste å få henne som kjæraste og kone for å sikre at ho heldt fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen, som hans barn og i dette kjærleiksforholdet til Kristus som hans brud. Men dette kom tydeleg vis i konflikt med tradisjonen i kyrkja, så eg frykta for korleis det kom til å gå. For fråfallet har for lengst kome inn i kyrkja, som ei vidareføring av syndefallet eller som syndefallet på nytt. Men det var nok det som eg frykta som skjedde, ho braut med meg og så braut ho med Kristus også. Når eg tenker tilbake, veit eg at det er mykje eg burde ha tenkt og gjort annanleis. Men kva kan eg gjer med det no? Eg må berre halde fram med å satse på det som var og er av fyrste prioritet, tru på Jesus, vende meg til han og velsigne han, ta imot han og det han gir meg, han kjem til oss og då skal eg ta imot han, sidan vi har teke imot han, skal vi halde fram med å ta imot han så vi vert fornya. Eg skulle ta fram att den draumen han gav meg og drøyme stort med han igjen. Det vart å be for henne og eg er viss på at han svarde på den bøna med bodskapen 17.11.2024:

«Ennå er det nådetid, ennå så er jeg å finne, sier Herren. Og det er viktig at du benytter den tiden du har fått. Nå er frelsens dag, i dag så kan du få et nytt møte med meg, sier Herren. Og jeg vil gjenopprette det som ble ødelagt en gang for lenge siden. Jeg kjenner ditt fall og nederlag, men du kan få lov til å legge det gamle fullt og helt bak og så kan du få lov til å se framover. Det gamle, det er blitt borte og det nye kommer til i ditt liv. Om du opner opp for meg og min nåde og la mitt blod få virke på både tankeliv og følelsesliv og ord og handlinger, hele deg, så skal du få lov til å bli en brudesjel, kledd i rene hvite klær, som skal være med den dagen jeg komme igjen, sier Herren.»

Soleis er denne bodskapen også til henne, ja, fyrst og fremst til henne. Det trur eg og slik tenker eg og slik trur og vonar eg det blir, amen.

Dette brotet ligg i fortida som noko eg ikkje kan gjere noko med, eg kan då ikkje endre fortida, det er umogleg og meiningslaust å prøve på. Men eg skal vende blikket mot framtida ved å sjå på Jesus. Gud gjer noko nytt i han og ved han og ved den nåden Gud gir oss i han, får vi komme inn i det og verte med på det. Som han sa i bodskapen 1.1.2025: 

«Rett dine øyne fremover. Se deg ikke tilbake, men strekk deg etter det som er der fremme. Jeg har vært med deg hver dag, og jeg holdt deg tett inntil meg. Jeg har aldri sluppet taket på ditt liv mitt barn. Jeg vil du skal rette ditt fokus på meg og hva jeg kommer til å gjøre og ikke på det som har vært og det du skulle ønske å forandre på. Jeg har planer for ditt liv dette kommende året, og jeg vil ikke svikte deg. Du ser ikke det jeg ser. Heller ser du ikke mitt oversiktsbilde av hva jeg gjør i ditt liv. Jeg vil du skal stole på meg. Noen ganger kan det føles ut som at jeg sover i stormen. Som at jeg ikke bryr meg. Som disiplene sa til meg bryr du deg ikke at vi går under. Men jeg er der med deg og jeg bryr meg, og jeg vil ikke la deg drukne. Jeg vil stille din storm, bare stol på meg! Stol på min timing og på at jeg har omsorg for ditt liv. Det du ser med dine øyne er ikke det samme som jeg ser. Det du tenker er viktig, er ikke nødvendigvis det samme som det jeg tenker er viktig. Det du ønsker å produsere med ditt liv er ikke nødvendigvis det samme som jeg ønsker å gjøre med ditt liv. Men følger du min ledelse og vei, vil du aldri angre. Du kan stole på min godhet for deg og ditt liv. Jeg kan ikke lyve og jeg kan ikke svikte deg. Uten meg kan du ikke gjøre noe. Hold deg nær til meg mitt barn og jeg skal holde meg nær til deg. Søk meg og lær av meg. Jeg er trofast og ingen som setter sin lit til meg vil bli gjort til skamme.»

Eg drøymde om ei unge kvinne som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn, og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Han er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd, soleis har evangeliet med skapingssoga å gjere. Slik drøymde eg stort med han. Jesus er vegen til Faderen, ved å gå den vegen, får vi komme inn i det nye som han gjer og verte med på det.

Relevante bibelvers.

Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss,  2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.  3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

Fil.3,12 Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus.  13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor,  14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus.  15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk.  16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!

2025.02.06. Torsdag. Profetisk bodskap ved ETS: «Ikkje samanlikn din prosess med andre. Du er heilt unik.»

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.

Ho var ute og køyrde bil og då fekk ho ein bodskap frå Herren, han sa ho skulle stoppe bilen og seie bodskapen, så ho las den inn på telefonen, så har ho lagt ut videoen på youtube seinare, den er redigert med teksting. Det vesentlege var nok at ho tok imot den når den kom, sa bodskapen og lagra den og brakte den vidare til andre seinare. Det vart litt oppstykka, også ved at ho gjentek det same, så eg skal gjengi det ved å vise til tidspunkt i videoen:

0:19 «Ikkje samanlikn deg med nokon andre, for eg har skapt deg heilt unik og heilt spesiell.» Det ordet berre kom til meg og eg har hatt det ordet liggande på hjertet mitt lenge. Eg har hatt det som ein prosess i fleire månadar eigentleg, der Gud har talt dette. Og så høyrde eg han tale i går også. Og plutseleg kom det eit profetisk ord som sa akkurat dette igjen. Og då berre traff det igjen og den Heilage Ande berre tok tak og sa at dette ordet trengst å delast til mitt folk. Og han berre la det på hjertet mitt at eg skulle dele det med deg. Og så fekk eg dette også, når eg køyrer no, så kjenner eg at Gud berre legg dette på hjertet mitt, at han legg berre meir og meir ord på hjertet mitt. Og eg fekk dess ord også, at du skal ikkje samanlikne din prosess med nokon andre. Du skal ikkje samanlikne den tid du er i og kva Gud gjer med andre og samanlikne det med ditt liv. ……… 1:30 Men du skal ikkje samanlikne din prosess med Gud. Du er heilt unik. Og det du lever i er heilt unikt. Dine bøner til Gud er heilt unike. Altså alt med deg er heilt unikt. Og derfor kan du ikkje samanlikne din prosess og ditt liv med Gud. Og deg og ditt liv generelt, ditt kall, med nokon andre. Det kan vere nokre andre som har noko liknande som du har, men uansett om det er liknande, så vil det aldri vere det same. For du er heilt unik. Og Gud berre la det på hjertet mitt at eg skulle seie det til deg, at du er unik, du er spesiell og du er viktig. Og sjå opp til meg, seier han, sjå opp til meg. Ikkje sjå på folket rundt deg. Ikkje sjå på nokon av dei. Ikkje sjå på kva eg gjer i deira liv, ikkje sjå på kva ord dei får. Ikkje sjå på nokon av deira sin prosess, sjå berre opp til meg og min prosess med deg, seier din Gud. Og han har store planar for deg, han har så store planar for deg. Du er viktig for han, du er sett, du er høyrd og han har deg i si hand. Du skal berre stole på den prosessen han tek deg gjennom. For han veit kva han gjer med ditt liv. Så ikkje samanlikn deg med nokon som helst andre, ikkje bruk di tid og sløs bort di dyrebare tid på å sjå på alle andre og prøve å tilfredsstille alle andre sine behov over ditt liv. Berre sjå til Gud. I Jesu namn. Amen.

Kommentar til bodskapen 6.2.

Korleis denne dagen vart for meg.

Eg har brukt å kommentere slike bodskapar og eg har tenkt å kommentere hennar førre bodskap også, det har berre ikkje vorte med meg enno. Og så kjem ho med ein ny bodskap og kommenterer den sjølv, for å understreke kor viktig den er. Ho har tenkt på dette i det siste, ja, det har i grunnen eg også. Vi har samfunn med kvarandre i den Heilage Ande, sjølv om vi ikkje møtest fysisk. Vi kan høyre kva andre forkynner og vitnar og så kan vi verte opptekne av det, kanskje fordi vi tenker sameleis eller i det minste vert oppfordra til det eller vi tenker annleis og vil gjerne presentere vårt syn, som ei tilføying, sjølv om det kanskje vert konflikt mellom dei ulike syna. Ja, for vi ser stykkevis og delt og det må vi innfinne oss med, enn så lenge.

Vi skal løfte blikket opp til Kristus, ja, det kan høve med å vere teoretisk innstilt, men vi veit då alle at når vi skal følge ein veg her på jorda, må vi sjå på vegen, same enten vi går, syklar eller køyrer bil. Av og til kan det vere verdifullt å tale eller skrive om det, for å vise at Jesus er med oss i kvardagen. Derfor vil eg skrive litt om denne torsdagen, den vart heilt annleis enn eg hadde planlagt. Eg haika med eldste bror min til Fiskå, for han skulle på organisert trening og eg for på trening i idrettslaget sitt styrkerom på gym-hallen ved Fiskå skule. Etterpå for eg ned på coop og handla oppi eit nett og tok imot to pakkar som var komne til meg. For oppom combisenteret for å ta skulebussen ut att. Då kom ein som eg hadde vore på sjøen ilag med og prata litt med meg, så pass det vart litt hektisk når eg skulle gå på bussen. Før den var komen ut av Fiskå oppdaga eg at eg hadde lagt igjen pakkane i buss-skuret, så det var berre å stoppe bussen, gå av og gå attende. Heldig vis var pakkane der enno. Når eg skulle til å gå inn på Spar, møtte eg ein som eg hadde møtt på sjakk-kveld på Fiskå brygge. Eg hadde ikkje vore der to siste gangane, så eg fortalde han at i november vart eg forkjøla og når vi spelar sjakk, sit vi rett overfor kvarandre, då kan ein ikkje vere forkjøla. I januar kom det litt brått på. Dessutan må eg vere litt motivert også, prøve å gjere in innsats. 

Eigentleg har eg så mykje anna å tenke på, som eg meiner er viktigare og det motiverer meg og ofte kjennest det som det høver dårleg med å motivere meg til å spele sjakk. Like vel følgjer eg gjerne med på sjakkturneringar mac-en, kanskje medan eg skriv slik som dette, ta ein kikk på det av og til, som korte pauser i skrivinga. Dei siste dagane har eg følgt litt med på ei Fisher-sjakk-turnering, der Carlsen deltek.

Så gjekk eg inn og handla litt på Spar, fekk meg ein plastpose og fordelte vekta på netta og fekk pakkane nedi også. Det var over to timar til neste buss. Tidlegare på dag hadde eg tenkt litt på å gå ned på Fiskå brygge og kjøpe meg potetball til middag og slik vart det no. Ein mann som gjekk i klassa mi på ungdomsskulen kom inn, han var frå nabobygda  Hakkalestranda, eg sa hei til han og han sette seg ved bordet mitt og fekk seg potetball også. Ein som var eit åre eldre enn meg og som eg gjekk på barneskulen i lag med, kom der også, med familie og sette seg ved eit nabobord. Så eg hadde meg ein prat med han også. Han skulle same vegen som meg, så han køyrde meg utatt.

Eg hadde akkurat gått inn grinda, så stoppa ein bil og køyrde opp på tunet. Det var ein bedehusmann som spurde om eg ville verte med på Sion. Jau, eg mått berre få inn varene, så vart eg med han på Sion Åheim. Same predikant som søndag, John Willy Lien, då talet han om at Jesu frelseverk er fullført, no talte han profetiane. Inni tala refererte han til Leif Jacobsen si åtvaring mot preterismen, for dei påstår at Jesu kom att i år 70 og det er vranglære. Han kom med eit sitat frå Leif Jakobsen om at dei åndeleggjer heile greia.

I slutten av møtet kunne vi komme med spørsmål og eg gjekk fram og sa at preterisme betyr allereie oppfyllt og då er det fyrst og fremst Jesu frelseverk som er fullført, han kom for å fullføre lova og profetane. Når det gjeld det som du sa om at preteristane åndeleggjer heile greia, så vil eg minne om det profeten Sakarja sa i Sak.4 om at det skjer ikkje ved hær eller makt men berre ved Guds Ande. Det er tale om oppbygginga av tempelet.

Heilt til slutt var det kaffi, brødskiver og litt småkake, så vi fekk prate litt oss imellom. Etter det møtte eg predikanten og innrømma for han at det var kanskje ikkje så lett å oppfatte det som eg sa som eit spørsmål, men hugs at vi skal ikkje stille spørsmål ved Guds Ord. Den kommentaren likte han. 

Profetiske bodskap og debatten om endetida.

Magnor Myklebust var ein sprek mann som tala profetisk til oss i kyrkjelyden. Han vart påkøyrd og drepen 27.12.2024. Den som talar profetisk, talar til oppbygging av kyrkjelyden og for den einskilde og det gjorde meg godt. På møte på Sion Åheim 2.9.2023 kom han og kviskra denne bodskapen i øyra mi: 

«Eg har satt foran deg ei open dør, gå (først?) inn den døra, for der er opning, der skal du gå inn. Der skal du vere med og bruke gavene, den profetiske gave som skal vere til styrke og velsigning for mange. Ver berre du frimodig. Du er ikkje åleine, eg går med deg. ….. Amen.»

Eg hadde vorte invitert til ein boklandserings-fest på Biologibygget på Universitetet i Oslo og tenkte på å fare og kombinere det med å vere med på møte i Maranata på søndagen og tenkte på å fare, så eg tok dette som svar og for. På slutten av denne festen fekk vi stille spørsmål og eg kom med eit lite innlegg med spørsmål. Sidan skreiv eg litt meir om det på Facebook. Etter møtet i Maranata, var det eit lite kaffiselskap som vanleg og der sa eg litt om den boklandseringa som vi feira. Men kvar vart det av mi profetiske tale? Eg fortsette å skrive på mi bloggeside som om det var til Jesu kyrkjelyd og spesielt til Maranata Oslo, lenge delte eg det også på FB-sida Maran-Ata Norge, men det har eg slutta med. Og så skriv eg for realistar og spesielt til realfag ved Universitetet i Oslo. I januar 2024 oppdaga eg at Gud svara meg gjennom profetiske bodskap som Elin Therese Slotten la ut på Facebook og på Youtube og det har han helde fram med. Han svarde meg også gjennom Maranata, spesielt på sommar-stemnet deira.

For omlag eit år sidan starta ein debatt i avisa Dagen, ved at Leif Jakobsen og Gordon Tobiassen gjekk til åtak på endetidssynet Preterismen, representert ved Finn-Arne Lauvås. Eg vil karakterisere det som å leite etter flisa i sin brors auge, utan å sjå bjelken i sitt eige auge. Eg tok del i debatten i kommentarfeltet, men det verka som det vart ignorert. Mykje av debatten i avisa elles karakteriserer eg som ugudleg, tomt prat som eg skal vende meg bort ifrå, eg har då viktigare ting å tenke på. så det vart til at eg sa opp avisa. 

John Willy Lien har kome med mykje god forkynning, men når han tala om endetida, er det tydeleg at han ikkje har fått med seg den bodskapen som eg har kome med. Dispensjonalistane har ikkje høyrt på meg, så då kastar ikkje eg vekk tid på å høyre på dei heller. Kva med preteristen Finn-Arne Lauvås? Han forbaud meg å skrive meir på FB-sida hans og truga med å stryke meg som FB-venn. Men han har vist litt interesse for noko eg har skrive på mi side og det synest eg er bra. Tidlegare har han som forkynnar i kyrkjelyden kome med bodskap gjennom tyding av tungetale som har vore viktige for meg og det viktigaste for meg og sikkert for kyrkjelyden også, er at han held fram med å tene i kyrkjelyden, både med forkynning og med nådegåva han har fått.

Kvifor skulle vel nokon høyre på meg? Den som talar profetisk, talar til oppbygging av kyrkjelyden. Då må vel han eller ho kunne tale til oppbygging av seg sjølv også og tale til oppbygging av ekteskap og familieliv. Så den som først og fremst skulle høyre på meg, burde då vere henne som Gud gir meg til kone. Paulus sa at kvinna skulle teie i kyrkjelyden og kvifor det? Fordi ho skulle prioritere å høyre på mannen sin, så ho vert til hjelp for han. Dei skal då bygge ekteskap, familieliv, hus og heim. Det er den mest fundamentale samfunnsoppbygginga. Så kjem kyrkjelydsoppbygging og den vert til velsigning for oppbygging av ekteskap og familieliv, hus og heim.

Jesus har med sitt offer gjort dei fullkomne som vert helga, helginga betyr då å få meir innsikt i det han har gjort for oss og då vil vi oppleve det slik at han skaper oss i si likning, vi ser stykkevis og delt og talar profetisk stykkevis og delt og vi er ulike, sjølv om Gud skaper oss i si likning. Ein gong skal vi sjå fullt ut og verte han lik. Då skal vi ha ein viss likskap, like vel er vi og blir vi forskjellige. 

Mi vedkjenning av Jesu namn var frigjerande for meg.

Som kommentar til eit møte for vel eit år sidan, skreiv eg om korleis mi vedkjenning av Jesu namn verkar frigjerande for meg, som motsetnad til at eg skulle prøve verte slik som dei andre, så her passar det svært så godt å berre sitere det. Først frå mitt eige vitnemål:

«Mor mi brukte å be kveldsbøna saman med meg og bror min Arvid, som er vel eitt år eldre. Det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. …….. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. (Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. Dette siste gløymde eg å ta med i vitnemålet mitt, men det hadde også med at det kunne ikkje vere for langt).»

Så frå min kommetar:

«Eg kjende til Jesu ord om at den som fornektar han for menneska, vil han fornekte for Faderen og englane, men den som kjennest ved han, vil han kjennast ved for Faderen og englane. Eg torde ikkje kjennast ved han, seie til dei andre at eg trudde på han og kvifor det? Fordi då ville det verte forventa eg eg skulle vere på ein bestemt måte, som om eg måtte prøve å gi meg ut for å vere noko anna enn eg var. Og så kunne eg ikkje kunne forsvar meg om eg vart angripen. Kanskje eg kom til å verte utfordra på det med krav om at eg ikkje var slik likevel, med krav om at eg skulle fornekte han i staden altså. Men det ville eg då slett ikkje. Så det var best berre å ligge lavt og ha trua og vedkjenninga i hjertet. Mor mi hadde lært meg å gå til han med alle ting, alle problem som eg møtte, så eg gjekk til han med dette også og bad han sette meg fri frå den menneskefrykta, for eg visste at han var Sanninga som skulle sette oss fri. Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente og det vart det laglege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Kristus. Då var eg ikkje redd for det i det heile tatt. Og kvifor det? Fordi det stemte med trua og kjærleiken i mitt hjerte. Kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Når eg byrja på gymnaset oppdaga eg at dette høvde med Paulus si lære. Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. Det var ufatteleg stort for meg å få oppleve at han som vart min beste venn når eg var ein liten gutunge, talte til meg frå himmelen, der han sat ved Faderens høgre hand. Han har fortsett å tale til meg slik sidan og det sentrale poenget er at hans frelseverk var fullført og fullkome, så det var berre for meg å ta imot i tru og takke for det. Han gjer sitt verk i mitt indre menneske, ved sitt Ord og sin Ande. Derfor skulle eg ikkje sjå på meg sjølv eller det som var rundt meg eller bekymre meg for det, men eg skulle sjå på han og det ver han hadde gjort for meg, i meg og gjennom meg og takke han for det.»

Det er sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/01/29/2024-01-28-jesus-kjem-for-a-hente-berre-si-blodkjopte-brud/ .

Slik fekk eg frimod til å vedkjenne mi tru på Jesu for dei andre og sidan vart eg frimodig og ivrig med det. Det er no tydeleg at eg vert møtt av eit krav om at eg skal verte slik som dei andre, som motsetnad til dette frimodet og denne fridomen. Men det skal eg altså ikkje prøve på. 

No vart det berre for meg å sitere det same som eg skreiv for eitt år sidan, så eg slapp å skrive oppatt det same. Men det tyder på at vi som forsamling ikkje er komne noko lengre sidan då. Korleis kan eg unngå at eg stadig må skrive oppatt det same, utan at vi kjem noko vidare? Jau, ved at eg sluttar å komme og høyre på dei, då slepp eg å høyre det same oppatt og gjenta det same som svar. Poenget er at her trengst fornying så vi kjem vidare. Kven skal fornyinga komme ved? Nytt sitat frå same nettsida.

«Når eg gjekk på møte i Maranata i Oslo, sa Jesus at han har bestemt at midt i kyrkjelyden skal livet, vekkinga, fornyinga og overfloda vere, så eg skulle sjå til at eg bidrog med det Gud har gitt meg i hjertet. Då tenkte eg først på den lovsangen Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande, når eg gjekk på gymnaset. Så kom eg i hug at omlag eit halvt år etter eg byrja å studere realfag i Bergen, talte Jesus til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse.» Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge, det var det eg merka så tydeleg som svar på mi bøn, når eg var 9 år. Eg skjøna at det skulle ha fått betre vekst-vilkår tidlegare og det trongst no også. Eg måtte lære å skilje mellom kva eg skulle gjere og kva han skulle og ville gjere i mitt liv. Eg skulle gjere ein innsats med å studere, men i tru og tillit til at han gjorde sitt verk med meg, det var mest fundamentalt.»

Sjølvsagt skulle fornyinga først og fremst komme frå Kristus og så skulle den komme gjennom meg og dermed frå meg, det var då derfor eg skulle sjå til at eg bidrog med det Gud hadde gitt meg i hjertet. Då har eg fått motstand, men så er det også eit under som Jesus gjer, utan han kan eg ingen ting gjere.

Kommentar til bodskapen 30.1.

Få råd og hjelp frå andre, spesielt frå sine næraste. For ein mann vert det spesielt viktig å få hjelp i form av ei kone, derfor er det også så viktig å kunne be Herren om det.

Min oppvekst.

Det er mange tilfelle der det er viktig for oss å få hjelp av andre og der er mange tilfelle det er viktig for andre å få hjelp av oss, det er eit vesentleg poeng med å vere sosial. Då er det viktig for oss å tenke slik også, tenke rett og relevant i den situasjonen vi er i. Her vil eg nemne nokre døme som har relevans til denne bodskapen.

Rett før denne bodskapen kom, tenkte eg litt på korleis det var når eg var gutunge. Bror min, Arvid, var eitt og eit halvt år eldre enn meg, men vi var omlag like store. Då låg det an til både leik og rivalisering, vi var gode vener som leika kjekt i lag og skulle vere på lag og verne kvarandre på skulen, men heime vart det også rivalisering og slosting, han var aggresiv og eg eg tok til tårene og måtte flykte. Vi vart opplærde i den kristne nestekjærleiken, så eg skulle vere vennleg mot han og venta meg at han skulle vere vennleg mot meg også, men då vart eg ofte skuffa, eg syntest dette fungerte ikkje. Eg forstod at det eg trengde, var å få hjelp i form av ei kone og allereie når eg var 9 år hadde eg då bedt Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone. 

Når eg var 10-11 år, bygde vi hytte på fjellet i lag med ungdommane på ein nabogard, dei var to jenter og ein gut, han var yngst og like gammal som eldste bror min, Ove. Vi spadde torv og hadde til brensel. Når vi skulle på fjellet, var det alltid Ove som tok initiativet. Seinare, når eg vart eldre prøvde eg også å ta initiativet til å få andre med meg, men det var ikkje råd, det var liksom ikkje slik det skulle vere. Eg ville ta initiativet til å spade torv igjen, men fekk ingen respons, så eg gjorde det åleine, ta det utover torvholen til tørk. Då kunne eg vel vente meg at andre ville ta eit tak og snu torva og få den inn, når den var tørr. Men nei, berre mannen til søstra mi vart med meg og bar inn torva. Ove gifta seg med yngste dottera på denne nabogarden og det vart dei og borna deira som nytta hytta mest og som hadde mest nytte av denne torva, dei hadde den til brensel til oppvarming av hytta i mange år.

Få hjelp ved at nokon køyrer deg når du fer eller kjem heim att.

Her er lite kollektivtrafikk, så bilen vert dess viktigare. Unge gutar har gjerne mange kameratar og det er stas når dei får seg sertifikat og bil, dei fer på kamerat-turar, det er så populært at det utartar seg til noko som dei kallar «råning». Men dei har sjølvsagt nytte av det også, når ein av dei har vore bortreist og kjem attende, har han ein kamerat som kan hente han med bil. Det er svært så aktuelt her som det er så mange som reiser på sjøen når dei er unge, på fiske eller supply. Slik var det nok for dei aller fleste unge menn som eg reiste på sjøen ilag med eller så hadde dei funne seg ei kvinne, som kjæraste eller kone som kom og henta dei med bil. Igjen var det ikkje vanskeleg for meg å skjøne at eg trengde hjelp i form av ei kone. Men slik var det ikkje for meg, for eg har kristne vennar i staden og dei er ikkje vennar med meg på den måten. Dei er venner med meg i kyrkjelydssamlingane og i det korte sosiale samværet etter møtet og når eg får haike med dei til og frå møtet. 

Den første trålaren eg var på heitte «Granitt», det var ein saltfisktrålar. Ein gong serverte stuerten lettsalta makrell til pålegg, han hadde laga det til sjølv av vår eigen fangst. Eg syntest dette var smart, så eg skar filet og salta for å ta med meg heim att. Etter kvart vart det så mykje at dei andre byrja å spørje kva eg skulle med dette. Det kunne dei saktens spørje om og eg lurt på det sidan også, kvifor eg gjorde det, men det har noko med eit ynskje om å byrje for seg sjølv, med noko som gjer meg sjølv meining og verdi. Det vart så mykje at det vart tungt å få med seg heim att, eg steig på land frå hurtigbåten med ei tung kasse i kvar hand og det gjekk så seint at eg risikerte å verte for sein på bussen, men då kom sjåføren og hjelpte meg med eine kassa, han hadde knapt med tid. Eg tenkte meg at der var ei kvinne som hadde gjort han merksam på det, kanskje fordi ho gjekk på land samtidig som meg og såg det. Når eg kom heim att la eg makrellen i ein stamp ute i eit «krop» ved huset, med støypt tak over. Der vart den gløymd til den byrja å lukte, sidan eg for på sjøen igjen, så onkelen min tok og grov den ned. Den vart ikkje brukt til agn ein gong.

For nokre dagar sidan opplevde eg noko liknande, eg fekk problem med å nå bussen når eg gjekk av hurtigbåten på Hareid, men då gjekk det ikkje så bra, eg vart for sein på bussen. Eg hadde fire kolli, ein skulderbag og ein bag i kvar hand og så ei kasse, så eg bad matrosen sette den på land for meg. Dersom eg hadde gått heilt fram til bussen med dei tre bagane og sagt ifrå til sjåføren, så hadde det sikkert gått bra, men no stoppa eg og sette frå meg bagane på fortauet og gjekk tilbake for å hente kassa, for den var dyr. Då tok matrosen oppatt kassa og kom med den mot meg, no vert eg vel for seine sa eg og slik vart det. Eg hadde endåtil sett frå meg bagane ved sidan av eit taxi-skilt, så det såg ut som eg skulle ha taxi. Ja, det vart å ringe etter taxi og han køyrde meg til Larsnes ferjekai, det kosta meg over 1100 kr. Vi hadde passert bussen, så no var det berre å vente til den kom. Den skulle vere med ferja frå Årvik til Koparnes, den store fordelen med denne ruta var at når eg fyrst hadde fått bagasjen inn i bussen, slapp eg omlasting, til eg gjekk av på Fiskå. Der kom eldste bror min og henta meg med bil.

Eg tenkte tydeleg vis feil når eg gjekk på land på Hareid, eg tenkte vel at eg skulle få hjelp av vennlegsinna medmenneske, men då måtte eg ha gått heilt fram til bussen med det same og sagt ifrå til sjåføren. Elles vart mine førestillingar om å få hjelp malplassert i denne situasjonen. Tidlegare har eg haika med nevøen min, Njål, eldste son til Ove, til og frå Ulsteinvik eller Ålesund, sidan han jobbar som førsteamanuensis ved Høgskulen Ålesund og pendlar nokre dagar i veka, elles har han heimekontor. Det var på denne reisa eg hadde hatt best utbytte av det, men det var feil dag, for då hadde han visst om både meg og pakkane mine og fått det med seg i bilen. Ja, ein stor fordel med nære slektningar er at vi veit om kvarandre og hjelper kvarandre. 

Korleis radio, stereoanlegg og TV verkar sosialt. 

Radio og fjernsyn vart viktig for folkeopplysninga og for heile landet, slik verka internett også. Først verka det sosialt ved at folk til sine tider klokka seg om radioen, så om fjernsynet og slik vart det gjerne med stereoanlegget også. Det var i heimen, så det verka samlande på familien, men det førde også til at dei samla seg mindre i dei vanlege forsamlinghusa, både bedehus og ungdomshus. Men det var den einskilde som brukte internett på sin eigen datamaskin eller mobiltelefon. Det verka frigjerande for den einskilde, men korleis vart det med sosialiseringa? Det som vi såg på internett vart eit samtaletema og så kom der sosiale nettverk på internett også.

Men så vart det mykje einsretting i massemedia, fjernsyn, aviser og internett, men det vart tydeleg vis for vanskeleg å få til på internett. Dette kjem til å handle om korleis eg har brukt stereoanlegget sosialt, når eg har hatt selskap. På Spotify er der ei Like-liste, der eg har samla gamle slagerar som eg veit mange likte, ja, eg har funne mange som har vore i ferd med å gå i gløymeboka. Lista er svært så allsidig, eg har brukt å spele den når eg har hatt selskap og dei har skrytt av kor mykje fin musikk eg har funne fram.

Ove har for lengst teke over gamlehuset, eg bur i kjellaren. Han har breiband og eg får kople meg på, då følgjer dei tre NRK-kanalane med, men eg ser neste ikkje fjernsyn i det heile teke, internett har teke over. Eg såg berre litt på sjakk i jula, men i langsjakk vert det for langdrygt, macbook med internett vert betre her også, for då kan eg sjå i korte periode og skrive eller sjå på noko anna innimellom. Det hender eg ser på youtube, også turneringar i hurtig- eller lyn-sjakk, for då er der ikkje då lange daude-perioder. Det er imponerande kor flinke og raske reportarane er, eg henger ikkje med, men når dei supplerer med piler på brettet, så får eg med meg det viktigaste.

På macken har eg for lengst kjøpt litt musikk gjennom Appel og i det siste har eg kjøpt filmar også. Sidan søkte eg etter selskap som strøyma filmar og kom over SkyShowtime, det kostar tett på hundrede kroner i månaden og det første halvåret fekk eg det til halv pris. Eg fann gode gamle filmar både på Apple og på Skyshowtime, likevel var det noko eg ikkje fann, så det gav meining i å kjøpe dei på Amazon. 

Vi har etter kvart vorte vande med at det vi kjøper eller søker etter på internett får betydning for kva reklame vi finn på Facebook, men ofte kjem det litt for seint, først etter at eg allereie har kjøpt vara. Men no fekk eg endåtil ein telefon ifrå Allente, ei samanslutning av tidlegare Canal Digital og Viasat, kvar var vart det då av konkurransen? Han var sogning og tala dialekt, hyggeleg å prate med i grunnen. Han yngste å tilby meg eit abonnement og eg fortale litt om kva som var mitt behov, dette var rett før helga så han ville sjå kava han kunne tilby meg og ville ringe meg igjen på måndag, så vi avtalte kl 12. Jau, då kom han med sine tilbod, men standard var eig grunnpakke som eg syntest var for dyr og så eit «godt» tilbod om ein tilleggspakke som inkluderte SkyShowtime. Eg hadde fortalt han at. Eg var litt interessert i å sjå sport også, til dømes Skiskyting, det syntest eg var skikkeleg spennande og underhaldande. Likevel hadde eg ikkje sett på det, så kvifor skulle eg då betale for ein slik dyr grunnpakke? Det ville verke slik at eg følte meg nøydd til å sjå på det fordi eg likevel hadde betalt for det, for eg yngste då ikkje at det skulle vere heilt bortkasta. Tenk det at du har ein hobby som du driv med fordi du synest det er interessant, kjekt eller spennande, same kor vidt det er nyttig eller gagnleg til noko eller ei. Men då må på passe på at det ikkje vert til jobb, spesielt dersom det ikkje er nyttig til noko. Der må du sjølv vite å setje grense. Så kvifor skal hobbyen verte til jobb, som eg ikkje får betaling for, men som eg tvert om må betale for å få gjere?

Sidan har eg sett skiskyting på NRK to gongar, ein gong nede med meg sjølv og ein gong oppe hos broderen. Eg såg ikkje ein gong presidentinnsettinga i USA på TV, eg såg berre kveldsnytt på NRK1 ein dag eller to etterpå. Elles har eg ikkje sett fjernsyn i år. Kvifor i all verda skulle eg då betale over 400 kr for ein grunnpakke?

Fjernsynet vart viktig for folket og samfunnet når det kom, det verka til folkeopplysning som vi alle hadde godt av. Om nokon meinte der kom noko som ikkje var så bra, så kunne dei berre slå av. Lisensen var ikkje dyrare enn at dei såg det ikkje som eit stort tap om dei slo av fjernsynet midt på kvelden. Men no har det vorte slik at folk må betale i dyre domar for å sjå fjernsyn og attpåtil er der sterke politiske interesser som krev at du skal få det med deg, så dei kan få makt over deg med det som dei seier på fjernsynet, så det vert som å betale for å verte træl for dei. 

Korleis kan det ha vorte slik? Eg ser det på bakgrunn av korleis det vart i den Katolske Kyrkja, når paven og prestane vedtok at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte, dei må gå via paven, prestane og helgenane og dei måtte leve i sølibat. Ei liknande einsretting møter eg i evangelisk, kristne kyrkjelydar i vår tid, for eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og han har sagt at han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den. Eg forstod det slik at det skulle eg gjere også når eg kom på møte i kyrkjelyden, ja, det vart ein god grunn til å gå på slike møte, faktisk er det eit vesentleg poeng med den kristne kyrkja. Men då viser det seg at det vert avvist. 

Få råd og hjelp for andre og verte til velsigning for dei.

Eg hadde ein forforsterkar mellom platespelaren og forsterkaren og telefonen var kopla til aux-kontakta (RCA) på forsterkaren gjennom ei lyd-leidning. Så prøvde eg å kople den via forforsterkaren, men då vart det stilt i forsterkaren, der var ikkje liv i den lengre. Det vart å kople til gamle forsterkaren, det er ein god forsterkar på 70W, men den er 45 år og det skurrar når eg vrir på volum-knappen eine høgtalen fall ut og det vart å prøve seg fram til eg fekk inn begge høgtalarane, då vart det fortsatt fin lyd. Det same skjedde når eg skrudde på andre val-knappar også.

Eg tenkte på å få meg ein lydplanke til fjernsynet, men Njål sa at høgtalarane mine trengde noko betre og tipsa meg om HiFi-klubben. Eg tenkte på å komme innom HiFi-klubben i Ålesund, men så vart det til at eg bestilte ein ny forsterkar på nett-sida deira og fekk den tilsendt. Men eg fekk problem med å sette den opp, så eg tok med meg både den og høgtalarane til HiFi-klubben i Ålesund. Det viste seg at det var ikkje noko problem med å få den til å kommunisere med høgtalarane, det kvar kommunikasjonen med breibandet, det stod i. Neste gang hadde eg med meg to eldre forsterkarar for å få dei til reperasjon, i det miste vurdering. Tredje gangen eg kom der  sa eg til dei at desse høgtalarane har godt av å få seg ein sterkare forsterkar, på 80 W. Og så fortalde eg dei at eg hadde kjøpt meg mange DVD-filmar frå Amazon, spesielt fordi eg ville ha tak i gamle cowboy-filmar og amerikanske «musicals».  Då måtte eg ha ein sonefri DVD-spelar og det vart ein forholdsvis dyr blue-ray/DVD spelar. Då foreslo dei vor meg ein forsterkar på 95 W, ein AVR, det betyr vel audio/video receiver, med mange HDMI-kontakter, høgtalarutgangar og audio-kontakter. Den har to radioantenner også, men det får eg ikkje bruk for her. Dei fortale meg at HDMI-kabel er best, så optisk kabel, så vanleg audiokabel med RCA/phono-pluggar. Eg valde den, så det vart den dyrebare kassa eg hadde med meg, resten hadde eg i dei tre bagane, likevel var det baggen med høgtalarane som var mest verd, det var Rogers høgtalar som eg kjøpte for kr 3000 for 45 år sidan, no kostar dei på audiokompaniet kr 46 500. 

Høgtalarane er fantastisk gode, spesielt til klassisk musikk og no kjem dei verkeleg til sin rett. Eg har berre ein basshøgtalar i tillegg. Forsterkaren skulle settast opp ved hjelp av menyar som skulle komme opp på fjernsynet, så det skulle gå greit. Menyen. Kom ikkje opp, men eg fann informasjon på nettet om korleis eg kunne sett den opp manuelt. Det var ikkje alt eg fekk til å virke, så eg chatta med dei på nettet for å få hjelp. Omsider fekk dei vite at eg hadde ikkje fått til oppsettet på fjernsynet enno, då vart dei tydeleg vis forbausa og fortalde meg korleis eg skulle få det opp og korleis eg skulle få lyd få basshøgtalaren, eg fann valet på ein meny som heitte «avansert». Elles var det rein plankekøyring frå den eine komponenten til den andre, Fjernsyn (HDMI), ruter til breibandet (HDMI), Cd-spelar (optisk kabel), platespelar (RCA), bandspelar (RCA), mack-book-air som media-player (HDMI) og blue-ray-spelaren (HDMI). Tidlegare hadde fått vise berre ein 4K ultra HD blue-ray film dei andre vart berre med bilde, utan lyd, så eg frykta at det var berre 4K ultra HD som var områdefri, men no fekk eg både lyd og bilete frå blue-ray-spelaren gjennom HDMI-kablar. Den kan spele CD-plater også. Både den og forsterkaren kan strøyme musikk direkte frå breibandet, styrt av mobiltelefonen gjennom bluetooth. Det blir betre enn å strøyme musikken gjennom telefonen, det kan endåtil verte betre enn musikken frå CD-plater. Jau, dette var eit kjempebra val, så no har eg fantastisk flott musikk her og så får eg sjå og høyre filmane også. Musikken har vore viktig i dei selskapa eg har hatt her med mi næraste slekt og det er klart eg har tenkte på dette med filmane også, men ein filmkveld blir noko heilt anna enn eit vanleg selskap. I eit selskap rett før jul klarde eg å kombinere begge deler, med barne- og familie-filmen «Chitty, Chitty, Bang, Bang», men det vart eit langt selskap, 8 timar. Det vart ein suksess, men det er ikkje sikkert det er så lett å gjenta suksessen, spørst om eg ikkje heller bør satse på to typar selskap, filmkveld med snacks/drikkevare eller måltid med prating og bakgrunnsmusikk.

Men eg bør då fyrst og fremst tenke på å få meg mi eiga kone, så ho vert til hjelp for meg og slik at eg betyr noko for henne. Då vil ho bety mykje for meg og eg vil bety mykje for henne. Det er hovudsaka i denne samanheng. Men dette musikk og videoanlegget vil bety mykje for oss begge to. 

Jesus sa han ville gjere meg til kanal for si velsigning og det er ved at eg velsignar han, då vert eg velsigna og vert til velsigning for andre. At han gir meg ei frelst kvinne til kone er sentralt i dette. Slik vonar eg også å verte til velsigning for min familie og mi slekt og for hennar familie og hennar slekt.

Ny nyttårskavalkade 11.2.2025?!

Bodskapen 1.1.2025 byrja slik:

«Rett dine øyne fremover. Se deg ikke tilbake, men strekk deg etter det som er der fremme. Jeg har vært med deg hver dag, og jeg holdt deg tett inntil meg. Jeg har aldri sluppet taket på ditt liv mitt barn. Jeg vil du skal rette ditt fokus på meg og hva jeg kommer til å gjøre og ikke på det som har vært og det du skulle ønske å forandre på. Jeg har planer for ditt liv dette kommende året, og jeg vil ikke svikte deg. Du ser ikke det jeg ser. Heller ser du ikke mitt oversiktsbilde av hva jeg gjør i ditt liv. Jeg vil du skal stole på meg. …..»

Like vel skreiv eg ei nyttårskavalkade over bodskapar som kom i 2024 og nokre som hadde kome tidlegare, tydeleg vis som eit forsøk på å få oversikt, men eg kjem ikkje forbi at vi ser stykkevis og delt og det gje eg også, men Jesus har oversikta. Eg har fortalt korleis eg bad når eg var ein liten gutunge, eg var opplærd til å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre og be han frelse menneske. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han om å frelse menneska frå det og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Då fekk eg oppleve at Jesus var meg nær som ein skugge ved mi høgre hand, slik vart eg kjend med han som min beste venn. Sidan har han ikkje forlete meg og eg skal halde fram med å be på same måten og med det overgi meg heilt til han. Logikken min var klar, første prioritet var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre og be han frelse menneske, andre prioritet var å be han gi meg ei frelst kvinne til kone. Jesu frelseverk var fullført og fullkome, så då skulle eg også takke han for det, så det også kom som første prioritet.

Eg takka Gud og Lammet for frelsa, ho Virtuella spelte gitar og lovprisa Gud og Lammet for frelsa, så eg takka Gud og Lammet for det også. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Den openberra henne som eit Guds barn, fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Gud la lovsongen ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og slik fekk ho ein plass i mitt hjerte, som eit Guds barn, fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Og det gjorde meg så godt. Ho vart ein lovsong som Gud gav meg i hjertet og det var ein åndeleg røyndom. Den var min og skulle vere min i all æve. I 2024 talte Jesus til meg om ein draum som han gav meg og forstod det slik at det også var ho, sidan ho var født av Anden og det som er født av Anden er ånd, det var ein åndeleg røyndom. Dette var ikkje berre mi eiga fantasering, men for å tenke og drøyme rett om henne, måtte eg feste blikket på Kristus. Dette vart som å gå på vatnet, som Peter, når han såg på bylgjene, byrja han å synke. Då måtte han vende blikket på Kristus igjen og be han om å frelse han. 

Bodskapen 18.3.2024:

«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måneder. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.» 

Bodskapen 31.8.2024:

«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»

Sidan eg vart så glad i henne Virtuella, yngste eg sjølvsagt å få henne til kjæraste og kone, men som andre prioritet, altså, for frelsa har fyrste prioritet. Men eg tenkte også slik at eg yngste å få henne som kjæraste og kone for å sikre at ho heldt fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen, som hans barn og i dette kjærleiksforholdet til Kristus som hans brud. Men dette kom tydeleg vis i konflikt med tradisjonen i kyrkja, så eg frykta for korleis det kom til å gå. For fråfallet har for lengst kome inn i kyrkja, som ei vidareføring av syndefallet eller som syndefallet på nytt. Men det var nok det som eg frykta som skjedde, ho braut med meg og så braut ho med Kristus også. Når eg tenker tilbake, veit eg at det er mykje eg burde ha tenkt og gjort annanleis. Men kva kan eg gjer med det no? Eg må berre halde fram med å satse på det som var og er av fyrste prioritet, tru på Jesus, vende meg til han og velsigne han, ta imot han og det han gir meg, han kjem til oss og då skal eg ta imot han, sidan vi har teke imot han, skal vi halde fram med å ta imot han så vi vert fornya. Eg skulle ta fram att den draumen han gav meg og drøyme stort med han igjen. Det vart å be for henne og eg er viss på at han svarde på den bøna med bodskapen 17.11.2024:

«Ennå er det nådetid, ennå så er jeg å finne, sier Herren. Og det er viktig at du benytter den tiden du har fått. Nå er frelsens dag, i dag så kan du få et nytt møte med meg, sier Herren. Og jeg vil gjenopprette det som ble ødelagt en gang for lenge siden. Jeg kjenner ditt fall og nederlag, men du kan få lov til å legge det gamle fullt og helt bak og så kan du få lov til å se framover. Det gamle, det er blitt borte og det nye kommer til i ditt liv. Om du opner opp for meg og min nåde og la mitt blod få virke på både tankeliv og følelsesliv og ord og handlinger, hele deg, så skal du få lov til å bli en brudesjel, kledd i rene hvite klær, som skal være med den dagen jeg komme igjen, sier Herren.»

Soleis er denne bodskapen også til henne, ja, fyrst og fremst til henne. Det trur eg og slik tenker eg og slik trur og vonar eg det blir, amen.

Dette brotet ligg i fortida som noko eg ikkje kan gjere noko med, eg kan då ikkje endre fortida, det er umogleg og meiningslaust å prøve på. Men eg skal vende blikket mot framtida ved å sjå på Jesus. Gud gjer noko nytt i han og ved han og ved den nåden Gud gir oss i han, får vi komme inn i det og verte med på det. Som han sa i bodskapen 1.1.2025: 

«Rett dine øyne fremover. Se deg ikke tilbake, men strekk deg etter det som er der fremme. Jeg har vært med deg hver dag, og jeg holdt deg tett inntil meg. Jeg har aldri sluppet taket på ditt liv mitt barn. Jeg vil du skal rette ditt fokus på meg og hva jeg kommer til å gjøre og ikke på det som har vært og det du skulle ønske å forandre på. Jeg har planer for ditt liv dette kommende året, og jeg vil ikke svikte deg. Du ser ikke det jeg ser. Heller ser du ikke mitt oversiktsbilde av hva jeg gjør i ditt liv. Jeg vil du skal stole på meg. Noen ganger kan det føles ut som at jeg sover i stormen. Som at jeg ikke bryr meg. Som disiplene sa til meg bryr du deg ikke at vi går under. Men jeg er der med deg og jeg bryr meg, og jeg vil ikke la deg drukne. Jeg vil stille din storm, bare stol på meg! Stol på min timing og på at jeg har omsorg for ditt liv. Det du ser med dine øyne er ikke det samme som jeg ser. Det du tenker er viktig, er ikke nødvendigvis det samme som det jeg tenker er viktig. Det du ønsker å produsere med ditt liv er ikke nødvendigvis det samme som jeg ønsker å gjøre med ditt liv. Men følger du min ledelse og vei, vil du aldri angre. Du kan stole på min godhet for deg og ditt liv. Jeg kan ikke lyve og jeg kan ikke svikte deg. Uten meg kan du ikke gjøre noe. Hold deg nær til meg mitt barn og jeg skal holde meg nær til deg. Søk meg og lær av meg. Jeg er trofast og ingen som setter sin lit til meg vil bli gjort til skamme.»

Eg drøymde om ei unge kvinne som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn, og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Han er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd, soleis har evangeliet med skapingssoga å gjere. Slik drøymde eg stort med han. Jesus er vegen til Faderen, ved å gå den vegen, får vi komme inn i det nye som han gjer og verte med på det.

Relevante bibelvers.

Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss,  2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.  3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

Fil.3,12 Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus.  13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor,  14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus.  15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk.  16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!

3 responses to “2025.1.30&2.6. Sjå opp til Herren og vent på hjelp ifrå han.”

  1. […] 2024.01.22. No er tida inne for deg til å stole på Gud i alle ting. Du skal gå frå kraft til kraft. Du er hovud og ikkje hale. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten. 10.2.2024. Eg har høyrt di bøn for din familie og eg vil ikkje la dine ord falle til bakken. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten. 2025.1.30&2.6. Sjå opp til Herren og vent på hjelp ifrå han. […]

Leave a comment