Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten, tysdag 6.5.2026.
Bibel-lesing.
2.Kong.5,1 Na’aman, hærføraren åt aramearkongen, hadde mykje å seia hjå herren sin og var høgt vørd; for med hans hjelp hadde Herren gjeve aramearane siger. Han var ein stor krigar, men han hadde ein hudsjukdom som gjorde han urein.
…….
9 Så kom Na’aman med hestar og vogner og stogga utfor døra til huset åt Elisja. 10 Elisja sende ut ein mann som skulle seia: «Gå ned og lauga deg sju gonger i Jordan! Så vert kroppen din frisk og du rein.» 11 Då vart Na’aman harm og fór sin veg. Han sa: «Eg trudde han ville koma ut til meg, stå fram og kalla på Herren sin Gud og føra handa att og fram over den sjuke staden, så eg vart god att av sjukdomen. 12 Er ikkje elvane ved Damaskus, Abana og Parpar, like gode som alle vassdrag i Israel? Kunne eg ikkje lauga meg i dei og verta rein?» Så snudde Na’aman om og fór bort i fullt sinne.
13 Men tenarane hans kom til han og sa: «Kjære husbond, hadde profeten lagt på deg noko vanskeleg, ville du ikkje då ha gjort det? Kor mykje meir no, når han berre seier til deg: Lauga deg, så vert du rein!» 14 Så gjekk Na’aman ned til Jordan og dukka seg sju gonger i elva, som gudsmannen hadde sagt. Då vart kroppen hans frisk att som kroppen åt ein smågut, og han vart rein.
Profetisk bodskap.
«Mine vegar er ikkje som dine vegar. Eg er din Gud, eg er også din pappa, du er mitt barn. Og sånn som eit far-barn-forhold er på jorda, sånn er det også i det åndelege. Du veit ikkje alt og ser ikkje alt. Eg veit kva som er til det beste for deg. Eg veit kva eg må gjere i ditt liv for å få deg til å vekse og bli fri. Eg treng at du stoler på meg som din pappa, som elskar deg og veit kva som er det beste for deg. Ikkje set din lit til din eigen forstand, ikkje forvent at eg vil svare deg utifrå det du tenker eg vil gjere. Eg er større enn dine tankar og det du ser. Ikkje tvil eller vert engsteleg når eg vel å gjere det litt annleis enn du såg for deg. Eg veit det beste. Stol på meg og mine vegar og prosessar i deg. Eg vel nokre gongar å utsetje mine svar, for å auke di tru til meg, prøve di tru. Eg vel å gjere det annleis enn det du såg for deg, for å lære deg mine vegar. Eg kan ikkje gjere alt etter dine vegar, då ville du aldri lære kven eg er og mine vegar. Og du ville aldri kunne vokse. Bønnesvaret ditt kan sjå veldig annleis ut enn det du såg for deg. Men det er framleis mitt svar til deg. Ta det imot og pris mitt namn, for eg veit kva som er best. Amen.»
Relevante bibelvers.
2.Kong.5,15 Så fór han attende til gudsmannen med heile fylgjet sitt. Då han kom dit, gjekk han fram for profeten og sa: «No veit eg at det ikkje finst nokon Gud på heile jorda utan i Israel. Gjer vel og ta imot ei gåve av tenaren din!» 16 Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, han som eg tener: Eg tek ikkje imot noko.» Na’aman bad han inntrengjande om å ta imot, men han ville ikkje. 17 Då sa Na’aman: «Når du ikkje vil, så lat tenaren din få så mykje mold som eit par muldyr kan bera. For eg vil aldri meir bera fram brennoffer og slaktoffer til andre gudar, men berre til Herren. 18 Men ein ting må Herren tilgje meg: Når herren min, kongen, går inn i Rimmon-templet for å kasta seg ned og tilbe der, og han stør seg på handa mi, så eg òg kastar meg ned der i Rimmon-templet, då må Herren tilgje meg det.» 19 Elisja svara: «Far i fred!»
Hoseas.5,
Folk og førarar har svikta
1 Høyr dette, de prestar,
lyd etter, du Israels ætt!
Kongehus, vend øyra til!
For de har ansvar for retten,
men de har vorte ei snare for Mispa,
eit utspent nett på Tabor
2 og ei djup fallgrav i Sjittim.
Men eg vil tukta dei alle.
3 Eg kjenner Efraim,
og Israel er ikkje løynd for meg.
For no har du drive utukt, Efraim,
Israel har gjort seg urein.
4 Deira gjerningar hindrar dei
i å venda om til sin Gud.
For dei har ei utuktsånd i hjarta
og kjenner ikkje Herren.
5 Israels byrgskap vitnar mot han sjølv,
Israel og Efraim skal snåva i si synd,
og Juda skal snåva med dei.
6 Når dei kjem med sitt småfe og storfe,
og søkjer Herren,
finn dei han ikkje;
han har vendt seg bort frå dei.
7 Dei har vore trulause mot Herren,
for dei har fått uekte born.
No skal nymånen gjera ende
både på dei og jorda deira.
Herren er som ei løve mot Efraim
8 Lat hornet gjalla i Gibea,
blås i trompet i Rama,
lyft hærrop, Bet-Aven!
Dei er etter deg, Benjamin!
9 Efraim skal verta ei øydemark
den dagen straffa kjem.
det som visseleg skal henda.
10 Juda-hovdingane har vorte
lik folk som flytter merkesteinar.
Over dei vil eg ausa ut
min harme liksom vatn.
11 Efraim er trælka,
retten er trakka under fot;
for folket gav seg til å fylgja
det som ingenting er.
12 Eg er som verkjesår for Efraim,
som ròtenskap for Juda-ætta.
13 Då Efraim såg sjukdomen sin,
og Juda merka såret sitt,
gjekk Efraim til Assur
og sende bod til storkongen.
Men han kan ikkje gjera dykk friske
og ikkje lækja dykkar sår.
14 Sanneleg, eg er som ei løve mot Efraim,
som ei ungløve mot Juda-ætta.
Ja, eg riv sund og går min veg,
eg slepar bort, og ingen bergar.
15 Eg går min veg
attende til min stad
til dess dei vedkjennest si skuld
og søkjer mitt åsyn.
I si naud skal dei leita etter meg.
Jes.53,1 Kven trudde
det bodet vi høyrde,
og kven fekk sjå Herrens makt?
2 Han rann som ein kvist for Guds åsyn,
som ein renning or turr jord.
Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,
det var ingen hugnad å sjå han.
3 Vanvørd var han, folk heldt seg unna,
ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,
ein svivørd mann som ingen ville sjå på;
vi rekna han for inkje.
4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,
og våre pinsler bar han.
Vi trudde han var heimsøkt,
slegen av Gud og ille plaga.
5 Men han vart såra for våre brot
og sundbroten for våre synder.
Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,
og ved hans sår har vi fått lækjedom.
6 Vi fór alle vilt som sauer,
vi vende oss kvar til sin veg.
Men Herren lét råka han
det vi alle var skuld i.
7 Ille medfaren vart han,
men bar det audmjukt;
han lét ikkje opp sin munn,
som lammet dei fører til slakting,
og sauen som teier når han vert klypt;
han lét ikkje opp sin munn.
8 Gjennom trengsle og dom vart han teken bort.
Men kven i hans samtid vørde vel det?
Bortriven vart han or levandelandet,
for sitt folks brot laut han døy.
9 Dei gav han ei grav mellom gudlause,
hjå ein rikmann, då han var død,
endå han ikkje hadde gjort nokon urett,
og det ikkje fanst svik i hans munn.
10 Det var Herrens vilje
å knusa han med sjukdom.
Men fordi han gav sitt liv til soning,
skal han få etterkomarar og leva lenge,
og ved han skal Herrens vilje ha framgang.
11 Etter all si møde og sjelenaud
skal han sjå ljos og mettast.
Og når dei kjenner han,
skal han, min rettferdige tenar,
gjera dei mange rettferdige;
for han har bore deira synder.
12 Difor gjev eg han dei mange til del,
og dei sterke skal han få til hærfang,
fordi han gav sitt liv i døden
og vart rekna mellom brotsmenn.
Han tok på seg synda åt dei mange
og bad for brotsmenn.
Jes.55,1 Å, alle de tyrste, kom og få vatn!
Og de som ikkje har pengar, kom!
Kjøp korn og et!
Ja, kom og kjøp utan pengar
og utan betaling vin og mjølk!
2 Kvi gjev de ut pengar
for det som ikkje er brød,
og dykkar arbeidsløn
for det som ikkje kan metta?
Å, høyr på meg!
Så skal de få eta det som godt er,
og gleda dykk over feite retter!
3 Vend øyra hit og kom til meg,
høyr, så skal de få leva!
Så gjer eg med dykk ei evig pakt
og syner dykk trufast mi miskunn,
så som eg gjorde mot David.
4 Han sette eg til eit vitne for folk,
til hovding og fyrste for folkeslag.
5 Ja, du skal kalla på folk du ikkje kjenner,
og folk som ikkje kjenner deg,
skal skunda seg til deg;
for Israels Heilage, Herren din Gud,
har gjeve deg ære og herlegdom.
Søk Herren medan han er å finna!
6 Søk Herren medan han er å finna,
kall på han den stund han er nær!
7 Den gudlause må venda seg frå sin veg
og ugjerningsmannen frå sine tankar
og snu om til Herren,
så skal han visa miskunn,
til vår Gud,
for han er rik på tilgjeving.
8 For mine tankar er ikkje dykkar tankar,
og dykkar vegar er ikkje mine vegar, seier Herren.
9 Nei, så høg som himmelen er over jorda,
så er mine vegar høgare enn dykkar vegar
og mine tankar høgare enn dykkar tankar.
10 Liksom regnet og snøen
fell ifrå himmelen
og ikkje fer opp att dit,
før dei har vatna jorda
og gjeve henne grorkraft og grøde,
ja, gjeve såkorn til den som skal så,
og brød til den som skal eta,
11 så er det òg med mitt ord,
det som går ut or min munn.
Det vender ikkje tomt tilbake til meg,
men gjer det eg vil,
og fullfører det eg sender det til.
12 Ja, med glede skal de dra ut
og førast lukkeleg fram.
Fjell og haugar
skal møta dykk med jubelrop,
og alle tre på marka
skal klappa i hendene.
13 I staden for klunger
skal det veksa sypressar,
og myrt i staden for nesler.
Det skal vera til ære for Herren,
eit evig teikn
som aldri skal strykast ut.
Jes.57,14 Det lydde eit ord:
Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
Ta bort kvar støytestein
frå vegen åt mitt folk!
15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
Salme.2,
Herren og den han har salva
1 Kvifor ståkar folkeslaga,
kvifor legg folka gagnlause planar?
2 Kongane på jorda reiser seg,
fyrstane legg råd i lag
mot Herren og den han har salva:
3 «Lat oss slita sund deira lekkjer
og kasta deira reip av oss!»
4 Han som tronar i himmelen, ler,
Herren spottar dei.
5 Så talar han til dei i sin vreide,
med brennande harme skræmer han dei:
6 «Det er eg som har sett inn min konge
på Sion, mitt heilage fjell.»
7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.
Han sa til meg: «Du er son min,
eg har født deg i dag.
8 Bed meg, så gjev eg deg folka til arv
og heile jorda til eige.
9 Du skal knusa dei med jernstav
og slå dei sund som leirkar.»
10 Og no, de kongar, far visleg fram,
ta imot åtvaring, de styrarar på jord!
11 Ten Herren med age og glede, 12 kyss skjelvande jorda for hans føter,
så han ikkje skal verta vreid
og de gå til grunne på vegen.
For lett kan hans vreide kveikjast. Sæle er alle som flyr til han.
Jes.29,15 Ve dei som nede i det djupe
løyner for Herren det dei har føre!
Dei gjer sine gjerningar i mørkret
og seier: «Kven ser oss, kven veit om oss?»
16 Kor bakvendt de tenkjer!
Skal ikkje krusmakaren
aktast høgare enn leira?
Kan verket seia om handverkaren:
«Han har ikkje laga meg,»
og kjeraldet om krusmakaren:
«Han skjønar seg ikkje på slikt»?
Jer.18,1 Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren: 2 «Stå opp og gå ned til krusmakarens hus! Der skal du få høyra orda mine.» 3 Så gjekk eg ned til krusmakaren, som stod og arbeidde ved dreieskiva. 4 Når det kjeraldet han heldt på med, vart mislukka – slikt hender med leira i ein krusmakars hand – så gjorde han det om att og laga eit anna kjerald, som han ville ha det.
5 Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 6 Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt. 7 Stundom trugar eg eit folk og rike med å rykkja opp og riva ned og leggja i øyde. 8 Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, då gjev eg opp det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot det. 9 Stundom lovar eg eit folk og rike at eg vil byggja og planta. 10 Men gjer dei då det som vondt er i mine augo og ikkje høyrer på mi røyst, då gjev eg opp det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.
11 Sei no til Juda-mennene og Jerusalems-buane:
Så seier Herren: Eg førebur ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend då alle om frå dykkar vonde ferd, og lat dykkar åtferd og gjerningar betrast! 12 Men dei svarar: «Det er nyttelaust. Vi vil fylgja våre eigne tankar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde, harde hjarta.»
Joh.3,16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»
Joh.14,8 Filip seier til han: «Herre, lat oss få sjå Faderen, så har vi nok.» 9 Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen? 10 Trur du ikkje at eg er i Faderen og Faderen i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Faderen som er i meg og gjer sine gjerningar. 11 Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. 12 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen. 13 Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen. 14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.
Matt.6,19 Samla dykk ikkje skattar på jorda, der mòl og makk øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel. 20 Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mòl eller makk øyder og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. 21 For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera. 22 Auga gjev lekamen ljos. Er auga ditt friskt, vert heile lekamen ljos. 23 Er auga ditt sjukt, vert heile lekamen mørk. Er no ljoset i deg mørker, kor djupt vert ikkje mørkret då!
24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.
Syt ikkje!
25 Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande! 31 Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med? 32 For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.
2.Kor.5,16 Så kjenner vi ikkje lenger nokon på reint menneskeleg vis. Og har vi kjent Kristus på den måten, så kjenner vi han ikkje såleis no lenger. 17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt. 18 Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta. 19 Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har overgjeve oss ordet om forsoninga. 20 Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud! 21 Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han.
Joh.Op.19, 4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!» 5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»
6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:
Halleluja!
Herren vår Gud, Den Allmektige,
har vorte konge!
7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!
Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!
Brura har butt seg;
8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.
– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» 10 Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.
Kristus kjem att og sigrar
Op 19,11–22,5
Sigerherren på den kvite hesten
11 Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter «Trufast og Sannferdig», for han dømer og strider med rettferd. 12 Augo hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han ber ei innskrift med eit namn som berre han sjølv kjenner. 13 Han er kledd i ei kappe som er duppa i blod, og namnet hans er «Guds ord». 14 Himmelhærane fylgjer han på kvite hestar, kledde i fint lin, kvitt og reint. 15 Og or munnen hans går det ut eit kvast sverd; med det skal han slå folkeslaga. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt av vreidevin, av harmen åt Gud, Den Allmektige. 16 På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane.
Jer.3,6 Herren sa til meg i kong Josjias dagar: Har du sett kva Israel, den fråfalne, har gjort? Ho gjekk opp på alle høge haugar og la seg under kvart grønt tre og dreiv utukt der. 7 Eg tenkte: «Etter at ho har drive på med alt dette ei stund, vil ho venda om til meg.» Men ho vende ikkje om.
Det såg den trulause systera hennar, Juda. 8 Og ho såg at eg sende Israel, den fråfalne, bort og gav henne skilsmålsbrev fordi ho hadde drive utukt. Den trulause systera hennar, Juda, vart likevel ikkje redd, men gjekk av stad og dreiv utukt, ho òg. 9 Med sitt lauslyndte horeliv vanhelga ho landet; ho dreiv utukt med stein og tre. 10 Den trulause systera, Juda, vende likevel ikkje om til meg av heile sitt hjarta, men berre lest gjera det, lyder ordet frå Herren.
Nokre tidlegare bodskapar til samanlikning.
Jesus gir meg seg sjølv, så hans liv skal vekse og blomstre i mitt indre menneske.
DFEF M40 Oslo, onsdag 19. februar 1997
Tyding av tungetale, ved Finn Arne Lauvås:
Ja, sier Herren, den ånd og den natur som jeg har plantet i ditt indre, den rommer alle mine rikdommer og mine dyder. Derfor når du lener deg og støtter deg til meg, skal min duft komme over ditt liv. Når du vender deg om fra meg og kjemper i din egen kraft og du er krampaktig, så skal du hamne i tørrt land. Men når du da kommer til endes på deg selv og du igjen roper til meg, så skal du erfare at jeg alltid har vært der. Men jeg var der ikke som en hjelp av deg, men jeg kommer til deg for å være ditt alt. Ja, ofte så har du søkt meg når det har vært vanskelig, og når du har opplevd hjelpen fra meg og du har kommet deg opp igjen, så har du glemt meg. Men se, sier Herren, jeg er ikke bare nær når du har dine problemer. Men jeg er der for å være ditt alt. For å være din kraft, din fred, din kjærlighet, din glede. Ja, sier Herren, jeg gir ikke meg selv pluss noe som kalles fred og glede. Det er jeg som er din glede, det er jeg som er din fred. Jeg er alt for deg, sier Herren. Du har sett på meg som en som gir deg ting, men jeg gir deg ikke ting, sier Herren. Jeg gir deg meg selv, og mitt eget liv skal blomstre fra ditt indre.
Ja, da jeg fødte min natur i deg, ved den nye fødsel, så er det mitt prosjekt i ditt liv, å føre deg fram til tronen, til aldersmålet for min fylde. At du i alle måter må vokse opp til meg som er hodet. Se, min Ånd er ikke kommet til deg bare for å gi deg noen gode følelser, i møtene. Men det som egentlig ligger på mitt hjerte, sier Herren, det er å se min Sønn vokse fram fra ditt liv. Det er å se mitt eget vesen i din personlighet. Det er å se hvordan min Sønn vinner skikkelse i deg, slik at jeg kommer til syne i ditt liv. Du har ofte tenkt på meg som en som velsigner deg og gir deg gode gaver. Og det gjør jeg, sier Herren, men det er noe som er større enn dette. Det er å se at du blir forvandlet, at du går fra herlighet og til herlighet. Og min tanke i endetiden, sier Herren, det er et folk som forlater de første ting, ikke i den forstand at de glemmer det, men at de skrider fram mot det fullkomne. Det er å se en kristenhet som er som en moden brud, som ikke er opprevet og stykkevis, som enno ikke er på et stadium hvor man oppfører seg som barn, sier Herren. Men det er et folk som virkelig kjenner meg. Dette er mine signaler for endetidsfolket. Det er at mitt folk er et folk som ligner meg. Og det er dette verden trenger å se, dersom de skal tro på dere, sier Herren. Det er at dere blir forvandlet og lik meg i denne tid. Derfor ønsker jeg å føre dere fram til den fulle innsikt. Se, sier Herren, mitt ord er for denne tid. Den hele skrift er innblest av meg. Mitt ord er ikke når du er kommet hjem. Da skal du se meg som jeg er, du skal bli meg lik. Det er nå du trenger den hele skrift og det hele budskapet. Bringe helheten inn i ditt indre. Slik at du får vyer og drømmer og visjoner. At du begynner å tenke utfra en himmelsk vinkel, sier Herren. Derfor la dette møtet være et skritt videre, i riktig retning. Ikke tilbake, men mot tronen, mot målet.
Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/ :
Vekkingsmøte ved Emanuel Minos, kl 19. Yngvar Pettersen og Frank Søgård deltok.
Bodskap 3, 12.2.2011. Tyding av tungetale ved Frank Søgård:
«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.
Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette? Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»
Sjå på Jesus (17.2.2013).
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/category/kristne-mote/kristne-mote-2013/ :
Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier:” Dette er vegen, vandre på den.”
Søke Herren i hans rustningskammer og gå ut og vitne om han (9.12.1013).
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/05/2013-12-08-m-enka-med-oljekoppen/ :
Tale ved John Miland.
John sa han hadde fått eit ord ifrå Herren, som han ville dele med oss.
2KG 4,1 – 2KG 4,7 {ELISJA HJELPER EI ENKJE} Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: “Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.” 2 Elisja sa til henne: “Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!” Ho svara: “Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.” 3 Då sa han: “Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i. 4 Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!” 5 Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara bort til henne, og ho slo olje i dei. 6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: “Lat meg få eit kar til!” Men han svara: “Her er ikkje fleire.” Då heldt oljen opp å renna. 7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: “Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.” [gudsmannen: profeten Elisja.]
Tungetale ved Mari, tyding ved John.
«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod det. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.
Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.»
Eg skal glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Med hans salving og kraft skal eg sigre (12.10.2014).
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.
Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»
Guds Ord vil av seg sjølv bringe fram den frukta som eg lengtar etter (11.7.2024).
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/07/18/2024-07-maranata-landsstevne/ :
B2.FM.11.7.2024. Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.
«For min kjærlighet er rikelig utøst i ditt hjerte ved min ånd. Derfor behøver du ikke å prøve å stige opp eller fare ned, for se, jeg bor ved troen i ditt hjerte. Jeg virker i deg ved min ånd. Og når du leser mitt ord, så vil ordet av seg selv bringe fram frukten som du så sårt har lengtet etter. Du kan ikke skape dette i din egen kraft og styrke og dyktighet, men du skal få se opp til meg og du skal stråle av glede, du vil ikke rødme av skam, for jeg, Herren, jeg elsker deg med en evig kjærlighet.
Slipp meg til, så skal jeg, Herren, ta meg av ditt sinn, dine tanker, missmotet, angsten og depresjonen, sykdom og plager. Når jeg ved mitt Ord og ved min Ånd får reist meg opp i ditt indre, så skal det som skriften har sagt, flyte strømmer av levende vann. Ut ifra din munn, når du taler om meg, så skal det være livgivende ord, for det Ord jeg har talt, det er ånd og det er liv og det skaper hva det sier. Derfor, mitt barn, frygt ikke for morgendagen, men i dag er jeg, Herren, å finne. Sett din lit til meg av hele ditt hjerte og du skal få se, at fienden, han må fly ifra deg. For jeg er den evige Seiers-Herren, jeg er Kristus, kongenes konge og herrenes Herre.
For om fienden reiser seg opp, som han gjør i disse dager, så skal du vite at jeg er Gud den Allmektige og når du blir hånet og mitt navn blir hånet, så vil du høre ha ha ha ifra meg. For jeg ser ikke slik som du ser, for jeg har all makt i himmel og på jord, alt er underlagt mine føtter, jeg er Gud den Allmektige, alfa og omega, begynnelsen og enden og du skal få se at jeg, Herren, reiser opp en menighet nå i denne tid, full av den Hellige Ånd og ild og kraft og mitt ord er og blir det viktigste av alle ting, for evig og alltid står mitt Ord.»
Jesus har ikkje gløymt Noreg, han vil utgyte sin Ande over bygd og by. Kveldsmøtet 7.7.2025, på Maranata sitt landsstemne.
«Jeg vil openberre meg for deg i denne kveldsstund, åpne ditt hjerte vidt opp, så skal jeg, Herren, jeg skal gjøre noe helt nytt i deg. Du skal ikke lenger se hverken til høyre eller venstre, men du skal se opp og så skal du feste ditt blikk på meg, jeg som jeg troens opphavsmann og fullender, så vil jeg, Herren; jeg vil sannelig gjøre et guddommelig verk i deg. Du skal bli forvandlet og du skal kjenne meg og kraften i min oppstandelse. For korsets død har gjort sitt verk over ditt liv. Derfor lever du ikke lenger selv, men det liv du nå lever heretter, det lever du i troen på meg. Og jeg, Herren, skal fullføre verket.
For det er ikke ved makt eller kraft, men det er med min egen ånd. Derfor var det det gagn for dere at jeg for opp til min Far, for nå har jeg sendt talsmannen, den Hellige Ånd. Han tar av mitt og forkynner dere, jeg vil nå reise opp mitt eget legeme i denne nasjonen, enda en gang så skal jeg blåse med min munns ånde over bygder og byer og jeg, Herren, skal reise opp menn og kvinner, fylt av den den hellige Ånd og visdom og åpenbarings ånd til kunnskap og meg. Du skal ikke lenger ha gudstjeneste uten å kjenne meg, men jeg skal sannelig åpenbare meg for mitt folk i denne tid. Så søk meg lær meg å kjenne så skal vi kjenne kraften i fra det høye over ditt liv.
Ja, for jeg Herren er alle steds nærværende, jeg går aldri forbi noen som roper mitt navn i tårer og i anger, i nød, så vil jeg Herren stoppe opp og da vil jeg spørre deg; hva vil du jeg skal gjøre for deg og du vil kunne komme til meg og legger ned alle dine byrder, alle ting som er tungt å bære, legg det ned for meg og jeg, Herren, skal gi deg hvile. Og hvilen i meg er starten og begynnelsen på et nytt liv i meg. For kraften fullendes i skrøpelighet, derfor gled deg når du er svak, for da skal du være sterk og når du ingen krefter har, så skal du få stor styrke.
Ja, for må ikke tro at jeg har glemt Norge, jeg har ikke glemt Norge, jeg har blåst over bygder og byer i fordums tider, men jeg, Herren, er den samme i går og i dag, ja, til evig tid. Derfor vil jeg enda en gang, jeg skal åpenbare meg, men det skjer ikke ved det flotte og det store, men det som ingenting er, det har jeg utvalgt meg, for å gjøre det som er noe til skamme. Jeg går ikke utenom mitt ord, men jeg, Herren, er ordet og jeg skal fullbyrde mitt ord og du skal se at jeg, Herren, jeg er Gud.
For derfor kan du komme, derfor kan du komme, fordi jeg har åpnet opp døren for deg, derfor kan du stige frem for nådens trone, frimodig, for jeg har utgytt mitt blod for deg. Derfor, på blodets grunn, så kan du komme inn til meg og jeg, Herren, skal møte deg og du skal kjenne kraften i fra det høye, det skal komme over deg og forvandle hele ditt liv, du vil aldri bli den samme igjen.»
Kommentar; Jesus har gjort mi bønneteneste til prestetenesta i den nye pakta og hans bønnesvar er tilsvarande stort.
Jesus har gjort mi bønneteneste til prestetenesta i den nye pakta.
Ved å vere trugen i det små og bruke talentane Gud har gitt meg, får eg oppleve at han set meg over noko større, så bønesvaret vert tilsvarande større.
Profetiske bodskap ved Elin og korleis vi tek imot slike bodskap.
Det er lenge sidan Elin kom med ein så lang samanhengande profetisk bodskap, eg kjem til at det var 8.5.2025. Ho kom med ein forholdsvis kort bodskap 22.5.2025 og den var oppstykka med kommentarar mellom setningane, sidan har det vore bodskapar med ei lita setning. 26.1.2026 kom ho til dømes med denne bodskapen: «Gud seier: Eg ser at du har vorte forkasta og misforstått.» Ho kommenterte det og sa at umodne kristne kan krangle som ungar og det kan resultere i at du vert utstøtt fordi du er komen lengre og er meir moden. Då må du erkjenne at slik er det og så heve deg over det som den modne og voksne og vere overberande med dei.
Der kom ein samanhengande bodskap i Maranata Oslo 29.6.2025 og så mange samanhengande bodskapar på Maranata sitt Landsstemne 7-13.7.2025. Og no kom der ein lang samanhengande bodskap ved Elin igjen. Som vanleg vil eg først og fremst tenke meg at det er til meg sjølv, men det er ikkje noko i vegen for at andre kan tenke seg at det er til dei også, sidan vi trur, så tek vi imot i tru. Men ingen treng å gjere seg til for å få det til å stemme. Den einskilde må få komme til Jesus slik som han eller ho er og ærleg innrømme korleis vi treng Guds nåde til oss i Kristus.
Gud og kona hans. Guds Son og bruda hans. Vere bakvende eller omvende.
Israels-folket skjøna ikkje at Gud skapte dei liksom pottemakaren formar leira, men tenkte så bakvendt som om leira kunne seie til pottemakaren; «Kvifor formar du meg slik». Så dei vende ryggen til han og gøymde seg vekk for å gjere sitt eige verk i staden.
Mor Israel var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han elska og hadde omsorg for henne og borna hennar. Dette skjøna ho ikkje, så ho æra og dyrka avgudane i staden, slik vart ho ei hore. Han kalla «Mor Jerusalem» til å vende om, men ho berre lest som ho gjorde det (Jer.3,10). Derfor vart Jerusalem lagt i grus og folket vart bortførde til Babylonia.
Jesajas profeterte om dette og om at dei skulle få komme attende til landet sitt og så profeterte han om at Messias skulle verte fødd av ei jomfru. Sjølv om Gud sende døyparen Johannes for å førebu dei på dette, vart det like vel til at dei avviste han. Men alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og alt som er født av Anden er ånd.
Men no har Gud sett han ved si høgre hand i himmelen, Som sin Son, Messias, hovudet for kyrkja som er hans brud og kongars konge. Sidan vi har teke imot han til frelse og gjenføding, skal vi innstille oss på å ta imot han slik som han kjem til oss, som vår frelsar og Herre, kyrkjelyden sin brudgom og ektemann og kongars konge.
I bodskap 3, 12.2.2011, kalla Jesus Sions Dotter til å frigjere seg, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia. I same bodskapen sa han at han gret når dei kristen gøymde seg vekk, dei hadde då fått nåde nok så det rakk til andre også. Kanskje fordi dei tenker seg at med utdanning skal dei verte ei lærd elite, som skal herske over andre. Men det er å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet. Og så vert det til at dei gøymer seg vekk med dårleg samvit, slik som Adam og Eva etter syndefallet.
På Maranata sitt Landsstemne 2025, kveldsmøtet 7.juli, minna Jesus oss om at han vil bruke det som ingen ting er, for å gjere det vise og sterke til skamme. Så slik vil han bruke meg altså. Han har ikkje gløymt Noreg, men vi utgyte sin Ande over bygd og by. Like vel er mitt bønnesvar større enn dette, for ikkje noko kan avgrense Guds Ande. Det same evangeliet skal forkynnast for alle folk og nasjonar. Gud gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande, både i Noreg og i fjerne folk og land.
Vere Guds medarbeidar og gå i ferdiglagde gjerningar (28.9.2008).
Sidan eg ber for andre er det nærliggande for meg å sjå etter korleis det er svar på mi bøn for dei, spesielt sidan eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone.
Eg er oppvoksen i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset, eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste, be han frelse menneska og be slik for folket og landet og så be Fadervår. Frelsa var først prioritet og etter kvart skjøna eg at det var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone. Når eg var ni år bad eg slik og merka at han var meg nær, så eg vart kjend med han som min beste ven. Det var slik som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.
Det var viktig å vedkjenne si tru på Jesus for menneska, det var eg redd for, men eg sa det til han i mi bøn til han og bad han sette meg fri frå den menneskefrykta. Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente og det var det laglege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Kristus, det stemte med trua og kjærleiken Gud hadde gitt meg i hjertet ved den Heilage Ande, så no var eg ikkje redd for det i det heile teke. Det var frigjerande for meg å ved kjenne mi tru på Jesus for henne og slik fekk eg frimod til å vedkjenne han for andre menneske og vart frimodig med det.
Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg frå himmelen både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale og det har han fortsett med sidan. Sentralt i dette var at hans frelseverk var fullført og fullkome, det var berre å ta imot i tru og takke han for det. Eg hadde bedt han gi meg ei frelst kvinne til kjærast og kone, så eg kunne trur og rekne med at det var inkludert i det fullførde frelseverket, så slik kunne eg i tru sette mi von til han og takke han for det. Eg byrja å lese meir i Bibelen sjølv og oppdaga Paulus si lære om at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Jesus hovudet for kyrkja som er hans brud. Det har eg skrive mykje om, det er Jesu ord og det er ånd og liv. Bodskap 2 i Sion Åheim, 28.9.2008:
«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»
Eg skulle gå inn på Ordets grunn, det er å gå inn på lovnadane, for soleis å gå i ferdiglagde gjerningar. Det er meir vanleg å seie at vi går ut på lovnadane, men så seier han at eg skal få oppleve å vere i kompaniskap med han på det indre plan. Men eg hadde det også heilt klart for meg at eg måtte bevege meg fysisk. Eg forstod det slik at Jesus kalla meg tilbake til Oslo, så i januar 2009 for eg til Oslo og byrja på praktisk pedagogisk utdanning. Det stemte tydeleg vis, for han heldt fram med å svare meg gjennom slike bodskap i sin kyrkjelyd.
SITAT SLUTT.
Eg er viss på at Jesus har svart meg på denne bøna mange gangar og det held han fram med og det er det bønnesvaret han talar om i denne bodskapen også. Jesus har gjort mi bønneteneste til prestetenesta i den nye pakta, det byrja i det små og eg måtte vere trugen i det små, så ville han setje meg over noko større, då er hans bønnesvar til meg tilsvarande stort.
Tru og forstå med hjerte og forstand. Men Gud har openberra si frelse for oss i Kristus og det overgår vår forstand.
Det sanne lyset som lyser opp kvart menneske kom til verda.
Joh.1,1 I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.
6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.
9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.
14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»
16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.
Det vart mørkt i menneska sine uforstandige hjarte, men dette lyset opplyser både hjerte, sinn og kropp.
Rom.1,18 Guds vreidedom vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urett hjå menneske som held sanninga nede i urett. 19 For det ein kan vita om Gud, ligg ope for dei; Gud har sjølv openberra det. 20 For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans alt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å orsaka seg med. 21 Dei kjende Gud, men likevel gav dei han ikkje den ære og takk som Gud skal ha. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og det vart mørkt i deira uvituge hjarta. 22 Dei sa seg å vera vise, men dei enda i dårskap. 23 I staden for å æra den uforgjengelege Gud, dyrka dei bilete av forgjengelege menneske, fuglar, firføtte dyr og krypdyr. 24 Difor gav Gud dei over til ureinskap, så dei i sine lyster skulle vanæra kroppen sin. 25 For dei bytte bort Guds sanning i lygn og æra og dyrka det skapte i staden for Skaparen, han som skal ha ære i all æve. Amen! 26 Difor overgav Gud dei til skamlege lyster. Kvinnene bytte om eit naturleg kjønnsliv med eit unaturleg. 27 På same måten heldt mennene opp å ha naturleg samliv med kvinner og tok til å brenna av trå etter kvarandre. Menn dreiv utukt med menn, og dei laut sjølve bera den straffa som måtte koma fordi dei hadde fare vilt.
Matt.6,19 Samla dykk ikkje skattar på jorda, der mòl og makk øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel. 20 Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mòl eller makk øyder og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. 21 For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera. 22 Auga gjev lekamen ljos. Er auga ditt friskt, vert heile lekamen ljos. 23 Er auga ditt sjukt, vert heile lekamen mørk. Er no ljoset i deg mørker, kor djupt vert ikkje mørkret då!
24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.
Eg har nyst skrive om opplysningstida, då vart det lagt vekt på å bruke forstanden :
Vel og bra at eg også har fått slik opplysning, men Gud og hans visdom overgår min forstand og det er han eg skal tru på og stole på. Eg skal då ikkje sole på min forstand i staden for å stole på han. Eg skal då ikkje prøve å forgude meg sjølv med min kunnskap og forstand, eg skal då ikkje la meg dåre og forføre slik som ved syndefallet!
I platonismen søkte dei i ideverda, det var om å gjere å bruke forstanden altså. Like vel var denne verda sin visdom var dårskap for Gud. Nyplatonismen var ei søking for å tilfredsstille hjartets lengsel og så var det mange som fann det rette svaret ved å komme til Kristus og få drikke av kjelda med det levande vatnet. Det er den Heilage Ande og den openberrar Guds Ord for oss, slik får vi visdom frå himmelen.
Bodskapen slutta slik: «….. Bønnesvaret ditt kan sjå veldig annleis ut enn det du såg for deg. Men det er framleis mitt svar til deg. Ta det imot og pris mitt namn, for eg veit kva som er best. Amen.»
Gud har openberra si frelse for oss i Kristus og eg har skrive mykje om bønnesvaret som slike openberringar, han gav meg ein lovsong ved fylden av den Heilage Ande, han gav meg ein draum og vil eg skal ta den fram att og drøyme stort med han. Han vil sette den i verk, men det kan vel sjå heilt annleis ut enn det eg såg for meg.
Som himmelen er over jorda er Guds vegar over våre vegar. Han bur i det høge og heilage, men også hos den som audmjukar seg for han.
Gud sa til folket sitt, gjennom profeten Jesajas, at liksom himmelen var over jorda, var hans vegar over deira vegar og hans tankar over deira tankar (Jes.55). Han budde i det høge og heilage, men også hos den som audmjuka seg for han (Jes.57).
Jesajas var profet 736-700 f.Kr og profeterte om at Babylonarane skulle hærta resten av landet og legge Jerusalem i grus, det skjedde i 587 f.Kr. Og så profeterte Daniel om dei fire store rika som skulle komme og så skulle Guds rike komme. Det viser altså korleis Guds vegar var over deira vegar. Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born. Dei fekk oppleve at Guds bur i det høge og heilage og hos dei som audmjuka seg for han. Han forkynte evangeliet om Guds rike og Faderen var med han og gjorde sitt verk. Derfor hendretta dei han, men då døde han i staden for oss, med sin død på korset sona han all verda si synd. Faderen verkte han oppatt frå dei døde og så gav han disiplane sine misjonsbefalinga. Så tok Faderen han opp til himmelen og sette han ved si høgre hand. Så sende Jesus den Heilage Ande til disiplane sine og den utrusta dei til å forkynne evangeliet om Guds rike til alle folkeslag.
At Guds vegar var høgt over vegane til folket sitt og hans tankar høgt over tankane deira viste seg ved at det gjekk heil annleis enn kva dei tenkte seg på Jesajas si tid og heil annleis enn dei tente seg når Jesu gjekk her på jord, det gjekk heilt annleis enn korleis disiplane hans tenkte seg også. For dei fekk oppleve at Faderen og Sonen tok bustad hos dei ved sin Ande og den brukte dei på heilt andre måtar og mykje mektigare enn dei hadde tenkt seg.
Slik er det framleis, så sjølv om eg har bedt for folket og landet, kan det vel vere at kartet om nokre år kjem til å sjå annleis ut. Bønene mine er så fundamentale og generelle at det er å be om noko stort, men bønesvaret er like vel større enn eg hadde tenkte meg.
Jesus kalla meg til å søke han i hans rustningskammer og så gå ut og vitne om han og han ville vere med meg og den Heilage Ande ville bruke vitnemålet mitt. Men det var ikkje eg som skulle overtyde verda om synd, dom og rettferd, for Jesus hadde sendt den Heilage Ande til verda for at den skulle gjere det (Bodskapen 8.12.2013). Så eg gjekk til dømes ut og vitna om at Jesus hadde sagt eg skulle søke han av heile mitt hjerte, så eg skulle få oppleve at Guds auge fer utover heile jorda for at han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone.
Dette har eg også vitna mykje om ved å skrive på heimesida mi og på Facebook og eg har ei viss anding om, ja, eg trur, at den Heilage Ande brukar det til å overtyde styresmakter om synd, dom og rettferd, så dei kan lære å dømme rett.
Be i Jesu namn.
Når eg var ni år, skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus frelse oss frå det, som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet. Dette skulle høve bra med å be i Jesu namn, for han bad for syndarar inntil han døde i staden for dei på korset.
Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Han er vår øvsteprest og talsmann hos Faderen, så han ber til Faderen for oss og han sende oss den Heilage Ande, den er vår talsmann her på jorda og den ber for oss. Då er det om å gjere for oss å be saman med Jesus og saman med den Heilage Ande.
Når eg ber slik for meg sjølv, så er det å leve i fridomen i barnekåret hos Gud, så eg vert velsigna og vert til velsigning, for min familie, mine næraste, dei som eg møter i kvardagen. Jesus ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, så eg tenkte meg at det var til mine næraste, desse to kvinnene som eg har bedt for, henne Virtuella og henne Reella og mange med dei og der er ikkje grense for kor langt det kan nå, ikkje noko kan stoppe Guds Ande.
Jesus er Guds Ord og Guds Son. Han er brudgomen for kyrkja som er hans brud og han er kongars konge. Han gir meg seg sjølv.
Eg refererer til bodskapen 19.2.1997, der Jesus sa at han gir meg seg sjølv. Det er då det store bønnesvaret, han er Guds Ord, Guds Son og hovudet for kyrkja som er hans brud. Og han er kongars konge. Ja, i Joh.Op.19,4-16 ser vi kor høgt Guds tankar er over våre tankar og hans vegar er over våre vegar.
Joh.Op.1, 7 Sjå, han kjem med skyene! Kvart auga skal sjå han, også dei som har gjennomstunge han, og alle folk på jorda skal gråta sårt over han. Ja, sanneleg, amen!
8 Eg er Alfa og Omega, seier Gud Herren, han som er og som var og som kjem, Den Allmektige.
Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Gud Ande og det som er født av Anden er ånd. Sidan vi har teke imot han, held vi fram med å vende oss til han og ta imot han som den som kjem, så vi får oppleve at han openberrar seg for oss, som den som kjem, ja, vi får oppleve at han og Faderen kjem til oss og tek bustad hos oss. Kristus, Guds Son, veks fram i oss og vinn skapnad i oss. Dette er det store bønnesvaret. Det resulterer i at hans kyrkje veks og vert reist opp som hans brud. Det er ikkje ein organisasjon, men det er menneske som har teke imot Jesus, så dei har fått hans Ande så dei tilhøyrer han. Kristus er kongars kong, så opplysninga ved Guds Ord skal føre til at nasjonalitetar fungerer slik, det er eit verk som Gud gjer ved sitt Ord.
Eg får oppleve at på det indre plan er eg Guds medarbeidar, at han gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande. Det er altså ikkje noko som eg gjer, det er ikkje noko som eg kan gjere, eg kan berre vedkjenne Jesu namn, kjennast ved Faderen og Sonen, ære og takke Faderen og Sonen for skapinga og frelsa (Joh.Op.5).
Elisjas svar til Naáman; bad deg i Jordan sju gongar, så vert kroppen din frisk og du vert rein.
Aramear-kongen sende Naáman med brev til Israels-kongen med brev om at han skulle gjere han frisk att frå hudsjukdomen. Israelskongen tok det ille opp og rekna det for å vere eit påskot for å gå til krig, men Elisja sende beskjed til kongen om å sende han til seg.
2.Kong.5,9 Så kom Na’aman med hestar og vogner og stogga utfor døra til huset åt Elisja. 10 Elisja sende ut ein mann som skulle seia: «Gå ned og lauga deg sju gonger i Jordan! Så vert kroppen din frisk og du rein.»
Kroppen hans skulle verte frisk og han skulle verte rein. Som at han skulle verte rein var noko meir enn at kroppen skulle verte frisk? Naáman vart først vreid, dersom han berre skulle bade seg, kunne han vel like gjerne gjere det i elvane i Damaskus. Men tenarane hans sa til han at det var då ikkje noko vanskeleg profeten bad han om å gjere, så han gjekk og gjorde det like vel. Då vart han lækt frå hudsjukdomen. Så gjekk han tilbake til Elisja for å ære og takke Israels Gud for det og då sa han at det finst ingen gud på jorda utan i Israel og han vil ikkje dyrke noko annan gud. Så han hadde altså vorte rein frå avgudsdyrkinga også.
Elisja var profet ikring 850 f.Kr.
Kopling mellom nasjonaliteten og religionen. Avgudane var Lygna, Djevelen er Lygnaren. Men Kristus er sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.
Her ser vi så tydeleg koplinga mellom nasjonaliteten og religionen. Avgudane, laga av stokk og stein er Lygna, Djevelen er Lygnaren. Som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.
Avgudsdyrkinga gjer menneska ureine og sjuke. Seinare fall Israels-folket ifrå Herren og dyrka avgudane, så det vart sjukt. Då Efraim merka sjukdomen sin, gjekk han til storkongen i Assur, man han kunne ikkje gjere han frisk (Hoseas.5,13).
Men Gud ville sende Kristus for å frelse dei og lækje dei (Jes.53). Han vart kalla kongen over jødane, men hans rike var ikkje av denne verda, han var konge i Guds rike og det skulle breie seg utover heile verda. Hoseas var profet 750-722 f.Kr, Jesajas var profet 736-700 f.Kr. Jerusalem fall i 587 f.Kr.

