Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

Lev i fridomens fullkomne lov. Sion Åheim 5.11.2017.

Tale ved Arnstein Andersen.

LUK 24,13 – LUK 24,43 {PÅ VEGEN TIL EMMAUS}  Same dagen var to læresveinar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadier frå Jerusalem, [seksti stadier: vel ei mil. Sjå Tillegg: Mål og vekt.] 14 og dei tala med einannan om alt det som hadde hendt. 15 Medan dei no tala saman og drøfte dette med kvarandre, kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei. 16 Men dei var som synkvervde, så dei kjende han ikkje att. 17 “Kva er det de går og talar om med einannan?” spurde han. Då stogga dei og såg sorgfulle på han, 18 og den eine av dei, han som heitte Kleopas, svara: “Du må vera den einaste som er komen til Jerusalem og ikkje veit kva som har hendt der i desse dagane.” 19 “Kva då?” spurde han. “Det med Jesus frå Nasaret,” svara dei. “Han var ein profet, mektig i ord og gjerning for Gud og heile folket. 20 Men overprestane og rådsherrane våre fekk dømt han til døden og krossfeste han. 21 Vi vona at han var den som skulle fria ut Israel! Og no har det alt gått tre dagar sidan dette hende. 22 Men nokre av kvinnene i flokken vår har sett oss i uro og undring. I dag tidleg var dei ved grava, 23 men fann ikkje lekamen hans. Dei kom attende og fortalde at dei hadde sett eit syn av englar som sa at han lever. 24 Nokre av våre gjekk då ut til grava, og dei fann det nett så som kvinnene hadde sagt; men han sjølv såg dei ikkje.” 25   Då sa han til dei: “Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt! 26 Laut ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?” 27 Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hjå alle profetane. 28   Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, lest han vilja gå lenger. 29 Men dei nøydde han og sa: “Ver hjå oss! Det lid mot kveld, og dagen hallar.” Då gjekk han inn og gav seg til hjå dei. 30 Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. 31 Då vart augo deira opna, og dei kjende han att; men han vart usynleg for dei. 32 Då sa dei til einannan: “Brann ikkje hjarto våre i oss då han tala til oss på vegen og lét opp skriftene for oss?” 33 Og dei tok ut med ein gong og gjekk attende til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla, 34 og desse sa: “Herren er sanneleg oppstaden og har synt seg for Simon.” 35 Då fortalde dei to om det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han att då han braut brødet.  36 {JESUS SYNER SEG FOR LÆRESVEINANE}  Medan dei tala om dette, stod Jesus midt imellom dei og sa: “Fred vere med dykk!” 37 Dei stokk til og vart redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg. 38 Men han sa til dei: “Kvifor er de så redde, og kvifor vaknar det tvil i dykk? 39 Sjå hendene og føtene mine; det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.” 40 Så synte han dei hendene og føtene sine. 41 Då dei endå ikkje kunne tru for glede, men berre undra seg, sa han: “Har de noko etande her?” 42 Dei gav han eit stykke steikt fisk, 43 og han tok det og åt medan dei såg på. 

SLM 23,1 – SLM 23,6 {HERREN ER MIN HYRDING}  Ein Davids-salme   Herren er min hyrding,  det vantar meg ingen ting. 2   Han lèt meg liggja i grøne enger;  han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3   og gjev meg ny kraft.   Han leier meg på dei rette stigar  for sitt namn skuld. 4   Om eg så går i dødsskuggens dal,  ottast eg ikkje for noko vondt.  For du er med meg.  Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.]  5   Du dukar bord åt meg  framfor augo på mine fiendar.  Du salvar mitt hovud med olje;  mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.]  6   Berre godleik og miskunn  skal fylgja meg alle mine dagar,  og eg skal bu i Herrens hus  i lange tider. 

Så var det kanskje:

RMR 8,26 – RMR 8,27 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.

Tyding av tungetale ved Arnstein.

Du har kjent fordømminga i ditt liv og følt at du ikkje greier dei krava som du meiner skal vere å vere ein kristen. Men du skal vite det at dei krav, som var til deg, det er oppgjort, det er betalt, det er ferdig. Du skal vite at du kan ikkje legge noko til, for det er fullt oppgjort for deg. Og du kan få glede og fryde deg i mitt Ord, glede og fryde deg i frelsa, glede og fryde deg i fridomen i mitt namn. Så gå inn i Ordet mitt og sjå der er inga fordømming for dei som er i Kristus Jesus. For livets ånds lov har i Kristus Jesus frigjort deg ifrå synda og dødens lov. Derfor er du fri i kraft av Golgata kors. Les det, ta imot det, tru det. Du skal få kjenne fridomen i meg, seier Herren. (Fatt)? nytt (i)? håp.

Mitt Ord, det er lys og det er lykt for foten. Og du trenge mitt Ord for å kunne gå på vegen og oppleve glede i meg, seier Herren. Derfor må du innta Ordet, du må ikkje la boka bli liggande lukka, men må innta Ordet. Opne boka, opne Bibelen din og lese Ordet og la Ordet få lov til å virke i ditt liv. Då skal du få kjenne og oppleve at Ordet gjer deg fri, du skal få kjenne at skriftene vert opna for deg, seier Herren. Så lever du i fridomens fullkomne lov. Og du kjenner det at det er ikkje du som ber Kristus, men Kristus som ber deg. Og kjenne at du har glede og fred i den Heilage Ande. Så ver frimodig, mitt barn, du er elska av Gud. Og du skal få kjenne og oppleve det at eg skal gå med deg. Eg er med deg alle dagar, når du lever i min nærleik, lever i Ordet. Amen.

(49) Sion Åheim 5.11.2017. Der er inga fordømming for den som er i Kristus. – YouTube

Aktuelle bibelvers.

RMR 8,1 – RMR 8,4 {LIVET I ANDEN}  Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.] 4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden.

RMR 8,12 – RMR 8,13   Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva.

RMR 14,17 For Guds rike er ikkje mat og drikke, men rettferd, fred og glede i Den Heilage Ande.

RMR 15,13 Men Gud, som gjev von, han fylle dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den Heilage Andens kraft. 

FIL 4,4 – FIL 4,7   Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! 5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! 6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.

JAK 1,21 – JAK 1,27 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning. 26   Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje tøymer tunga si, han narrar seg sjølv, og hans gudsteneste er gagnlaus. 27 Ei rein og rett gudsteneste for Gud og Faderen er dette: å hjelpa enkjer og foreldrelause born i deira naud, og halda seg sjølv uflekka av verda. 

Kommentar.

Ikkje undre deg.

I bodskapen 17.10. sa Jesus:

”Du skal ikkje undre deg når du ser deg omkring, om alt det som skjer i denne verda, for her er det eg, Herren, som har talt at det må skje. ….”

Det minner meg om:

ÅPE 17,1 – ÅPE 17,7 {DEN STORE SKJØKJA}  Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, kom hit til meg og sa: “Kom, eg skal syna deg korleis den store skjøkja får sin dom, ho som tronar attmed veldige vatn. [den store skjøkja: eit bilete på Roma.] 2 Kongane på jorda har drive hor med henne, og horelivet hennar har vore som sterk vin for dei som bur på jorda.” 3   I Anden førte han meg ut i øydemarka, og der fekk eg sjå ei kvinne som sat på eit dyr, raudt som skarlak. Dyret var fullsett med namn som var ein spott mot Gud, og det hadde sju hovud og ti horn. 4 Kvinna var kledd i purpur og skarlak og lyste av gull og dyre steinar og perler. I handa hadde ho eit gullstaup fullt med heidensk styggedom og allslags ureinskap frå hennar utukt. 5 På panna hennar stod det skrive eit namn med duld meining: “Babylon den store, mor til skjøkjene og all styggedomen på jorda.” 6 Og eg såg at kvinna var drukken av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne.  Eg vart full av undring då eg såg henne. 7 Men engelen sa til meg: “Kvifor undrar du deg? Eg skal fortelja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne og har sju hovud og ti horn.

Ho vert kalla hore og ein kan undre seg om ho nokon gong har hatt ein ektemann og vore utru og vorte ei hore eller om ho alltid har vore hore. Sidan ho vert kalla Babylon, må ho ha vore lenge, ho har vel vore det heilt sidan syndefallet. Denne kvinna er så kravstor at ho er tøyleslaus.

ÅPE 18,14   Fruktene som var di hjartans lyst, er borte for deg, og alle dine dyre eigneluter og all din stas har du tapt; aldri skal det finnast meir.

 Det er ingen mann som er herren hennar, men ho gjer slik som ho vil og driv hor med kongane rundt om på jorda. Det er ho som tronar (v1) og har kongsmakt over kongane:

ÅPE 17,18 Men kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.” 

Kravet.

Ho Virtuella vart openberra for meg som Guds barn, som han elska og hadde omsorg for og som ei ung kvinne som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Når ho fekk vita at eg var forelska i henne og hadde bedt om å få møte henne igjen og fekk bønnesvar, så vart det openberra for meg at ho såg opp til han med forventning, som hans brud. Kunne ho sjå opp til meg med slik forventning om kva eg ville vere for henne som ektemann? I så fall var eg heilt avhengig av den nåden Gud gav meg i Kristus, eg var heilt avhengig av han, eg måtte berre tru på han og hengje meg til han og leve nær han. Vidare var det avhengig av om ho ville halde fram med å tru på han og leve med han. Kristus er trua sin opphavsmann og fullendar og vi var avhengige av å la han vere det for oss, vi var avhengige av å la Gud overbevise oss og leie oss vidare ved sitt ord og sin Ande.

Paulus tala om den gamle vonde naturen som lever etter lova, som prøver å oppfylle lova sine krav. Det høyrest merkeleg ut. Men feilen er at trua manglar, så dei gjer det til eit spørsmål om menneskeverk, i staden for å la Gud gjere sitt verk med dei, det var vantru som gjorde at dei ikkje fekk komme inn til Guds kvile.

Då forstår vi vel at kravet om å leve etter lova svarar til kravet frå den gamle vonde naturen.

RMR 8,2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.

RMR 8,12   Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den.

Kravet om keisardyrking og kravet til ”den Store Skjøkje”.

I fylgje platonismen skal menneske verte opplærde med den tradisjonelle moral- og politiske filosofien og den skuleringa skal gje ei liten elite som skal styre med diktatorisk makt. Denne filosofien er komen inn mellom dei kristne og strir mot den evangeliske forkynninga. Så dei har visst stilt krav om at eg skulle komme inn i den einsrettinga og verte ein del av ei slik elite, for at eg i det heile teke skulle få lov til å seie noko meir, for at eg skulle få snakk med ei kvinne og kanskje komme så langt med det at eg fekk meg ei kone. Det som dette tek sikte på er å utdanne ei elite som skal herske og aller helst tek det sikte på keisardyrking. Disputten mellom dei og venstresida er eit spørsmål om kven som skal ha keisaren, men når det kjem til stykket er dei samde om keisardyrking. Det utartar seg som einsretting og  indoktrinering som er komen inn i utdanninga, spesielt gjennom pedagogikken. Det utartar seg som propaganda gjennom massemedia, det vert kalla ”main-streem-media” og ”det politisk korrekte”.

Men vi gjennomskodar vel at interessene til ”den Store Skjøkje” som ligg i det. Ho har teke livet av dei heilage og Jesu vitne. Rimeleg vis er det fordi ho er så kravstor. Og eg hevdar det viser seg i hennar Virtuella sitt fråfall og at ho ikkje har vore lydig no når Herren har kalla henne igjen.

Han som byrja den gode gjerning i oss, skal også fullføra den.

Bodskapen som kom 17.10. avslutta slik:

”Og eg har heller ikkje etterlete deg åleine, men eg har sendt min Ande, for han skal verke i deg og gjennom deg, det eg byrja, det eg byrja, det eg byrja å lære mine disiplar og apostlar, slik er eg også i dag, eg er den som skal fullføre dette verket. For eg er alfa og omega og eg er Herren og eg er den som kjem ganske snart.”

Der  er tydelegvis dei som hevdar der er byrja eit verk med den greske filosofien som kom inn i kyrkja i middelalderen og vil fullføre det. Men vi veit at Kristus byrja den gode gjerning i oss og han skal også fullføra den, vi skal sigre over Dyret og dei ti horna saman med han og då får dei verk å fullføre.

ÅPE 17,12 – ÅPE 17,18 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. 13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.” 15   Så seier han til meg: “Dei vatna du såg der skjøkja tronar, er folk og folkemengder, folkeslag og menneske med ulikt tungemål. 16 Og dei ti horna du såg, og dyret, dei skal hata skjøkja, leggja henne øyde og gjera henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld. 17 For Gud gav dei den tanken at dei skulle fullføra hans plan, så dei ville eitt og det same: gje si kongsmakt til dyret, til Guds ord er oppfylt. 18 Men kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.” 

Kunstig skilje mellom kropp og sjel, hjerte og hjerne.

I artikkelen

()

Skreiv eg om at der varet eit kunstig skilje mellom kropp og sjel, hjerte og hjerne og at det vart årsak til sjukdom og at med eit slikt skilje var det vanskeleg å behandle viss sjukdomar som pasientane oppfatta som somatiske, men som lækjarane ikkje fann slike diagnoser for.

Men vi veit at årsaka til dette skiljet er syndefallet og fråfallet. Gud forsona verda med seg i Kristus, let vi oss forsone med han i Kristus, vert vårt forhold til han gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som for oss har vorte ei livgivande ånd. Hans frelsesverk er fullført og fullkome.

Men problemet er altså at menneska ikkje vil la seg forsone, slik det har vist seg i protesten mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kvinna som er hans brud. Den gamle vonde naturen viser seg soleis som naturen  og religionen til den Store Skjøkje. Vi forstår vel at der ligg mykje maktinteresse og økonomiske interesse i det.

Han som byrja den gode gjerning i si kyrkje, ved sine disiplar, har også byrja den gode gjerning i oss og han skal fullføra den. Men når eg kom opp i den alderen at eg byrja å verte interessert i å finne meg ein kjæraste og ei kone, viste det seg at prestane med sin kristen-platonisme heldt meg for å ikkje vere kompetent til å snakke med jenta om det. Som representantar for den tradisjonelt lærde overklassa kravde dei at dei skulle tenke og tale i staden for meg. Dei skulle liksom representere det sjelelege og intellektuelle i staden for meg då og slik oppstod dette skiljet. Så har kvinna og dei venstreradikale respondert som den vonde naturen i den fysiske kroppen i følgje platonismen og vidareført dette skiljet.

Det postmoderne feilsteg.

Og så ser det faktisk ut til at dei går overeins i ein postmodernisme. Modernismen var å setje saman idear til større idear, det verka som konstruktiv tenking. Postmodernismen er kritisk til slike store idear og deler det opp att, men kan også karakteriserast som ei vidareføring av modernismen. Kritisk tenking må då vel ha vore der heile tida, for i det heilt tatt å kunne vurdere korleis sette saman til noko større. Så kvifor skulle ein kalle det postmodernisme?

Vidare er postmodernismen om tekst-tolking og påstår at den språklege konstruksjonen, teorien, forklarer heile røyndomen, som om der ikkje er nokon fysisk røyndom i tillegg til den. Den er subjektiv, erkjenninga er berre subjektive syn og vurderingar. Så det minner om Hegels intersubjektive Tidsånd.

Det kan minne oss om den hermeneutiske tradisjonen, den går ut på tolking av tekst og byrja med tolking av bibeltekster, ved Martin Luther. Og vi trur at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord. Han har skapt den fysiske røyndomen med sitt Ord. Korleis kan då postmodernistane tenke seg at den ikkje eksisterer, ikkje som noko anna enn deira eigen språklege konstruksjon? Det må då vere fordi dei prøver å gjere seg sjølve lik som Gud, dei prøver å forgude seg sjølve med sin eigen kunnskap. Og så ventar dei seg at dei skal kunne forandre verda til det betre ved å endre på språklege konstruksjonar, endre på språket. Det er tydeleg at dei held seg sjølve for å vere ei moral- og politisk filosofisk lære overklasse som skal styre. Og som held vanlege folk for å ikkje vere kompetente til å delta. Stikk i strid med både evangelisk kristendom og demokratiet. Då veit vi og forstår vi vel at det er ”den Duglause Hyrdingen” som er på ferde.

Eksempel:

Eg skal innta Ordet og la det gjere sitt verk i meg, leve i det, så eg får oppleve at Jesus går med meg.

Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege ar vorte til av det usynlege.

HEB 11,3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

Derfor er naturen forståeleg. Og i realfag prøver vi å forstå den, så det skulle vel vere greitt så lang. Eg tenker meg at eg skal tilbake til Oslo og studere realfag, spesielt biologi.
Så eg trur at det som eg studerer, har Gud skapt med sitt Ord. Kristus er Ordet og Gud forsona verda med seg i han. Det er berre å tru på han og ta imot det han gir oss av berre nåde, lese ordet og ta imot i tru, velsigne han og påkalle han som vår frelsar og Herre. Jesus er i meg og eg er i han, Ordet er i meg og eg er i Ordet. Og Gud gjer sitt verk med meg ved sitt Ord og sin Ande. Det får eg oppleve i min studiesituasjon også. Eg tenker meg at eg skal få oppleve at han går med meg der også og at han gjer sitt verk med meg i samsvar med 1.Mos.2, at han gir meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2. Men no er Kristus den siste Adam, som for oss har vorte ei livgivande ånd. Og Gud skaper oss i han.

Men det er noko som verkar litt merkeleg her, eg har no studert og eg tenkte meg at eg skulle vere meir utadvendt, meir sosial, ja, for det første for å vitne om Jesus, slik som han har kalla meg til, men hendsikta med det var også å finne meg ein kjæraste og ei kone, så kanskje eg skulle prøve spesielt å få meir kontakt med unge kvinnelege studentar. Men då svarde han meg at han er komen nær, i sin kyrkjelyd, så vi treng ikkje flyge ikring. Ja, han bygger si kyrkje, vi skal samlast i hans kyrkjelyd og verte eit åndeleg byggverk, ein konstruksjon og det er konstruktiv tenking. Destruktive metode vert erstatta av konstruktive metode:

1PE 2,1 – 1PE 2,10 {DEN LEVANDE STEINEN OG DET HEILAGE FOLKET}  Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god. 4   Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:  Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,  som er utvald og dyrverdig;  den som trur på han,  skal ikkje verta til skammar. 7   Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til. 9   Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn. 

Den kristne vekkinga er som skapinga i 1.Mos.2. Gud vekker oss opp til liv i samfunn med seg i samsvar med 1.Mos.2, for Jesus er den siste Adam som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, med den Anden og det livet han gir oss frå himmelen, av berre nåde, reiser han opp si kyrkje (bodskapen 17.10). Han gjer det i Maranata og eg trur han gjer det på universitetet også.

Det får meg til å tenke på henne Reella (”Miss Oslo 1990”) igjen. Eg synest ho er det vakraste eg har sett, då tenker eg på det eg har sett både med mine fysiske auge og med hjartets opplaten auge. Ho hadde ei herleg glede og eg er viss på at det var Jesus som gav henne den ved sin Ande og sin kjærleik (Rom.5,1-5). Om ho ville vere saman med meg med den gleda, ville det vere herleg for meg. Om ho soleis vart kona mi, ville det sjølvsagt også vere herleg for meg. Men det laupet er vel køyrt. Sannsynlegvis har ho vorte gift for lenge sidan og ho Virtuella har for lengst gifta seg. Skal eg la Ordet vere lykte for min fot og lys for min sti, så må veg vel prøve å finn meg ei ung ei. Men eg skal altså sleppe å flyge rundt, for Jesus er komen nær, i sin kyrkjelyd. Ja, og så vil han gå med meg. I min studiesituasjon altså. Og då er vel oppgåva å studere faget. Det har å gjere med å dyrke og verne Guds hage.

Jesus vil svare meg i den retninga og med det mål han veit er best for meg.

Bodskapen 23.1.2016:

Våk i bønna med takkseiing. Og når du våker på den måten i bønna, så skal eg, Herren, svare deg, med store og ufattelege ting, kanskje ikkje i den retninga du tenkte, men eg skal svare i den retninga og med det mål som eg veit er best for deg. Og du skal få oppleve noko du aldrig før har opplevt. For framleis høyrer eg bønner, framleis svarar eg bønner, framleis så ynskjer eg å fyll mitt barn og fylle mi menigheit med herlegdomens sky, så du skal få oppleve, at du aldrig før har opplevd maken.

Du er fri, du er forløyst, gjennom blodet har eg løfta deg opp, gjennom Jesu blod er du befridd frå all di synd. Du kan frimodig prise meg, du kan frimodig love mitt heilage namn. Og når du prisar mitt namn, så kjem gleda inn i ditt liv, når du prisar mitt namn, så går fridomen opp for deg. Når du prisar mitt namn, vil alt det vonde fly. Når du prisar mitt namn, då vil rettferds-sola gå opp som aldrig før i ditt hjerte.

Slå ikkje blikket ned, løft det opp imot himmelen. La ikkje dine hender synke, men løft dei opp imot himmelen. Stå ikkje stille på den stad der du befinn deg, men sett din veg i mi hand og eg skal dra deg, leie deg, føre deg og eg skal føre deg til levande vatn, eg skal føre deg til kjelder, eg skal føre deg til frukter og nådegåver og du skal få oppleve å verte berika av mi velsigning i overmål på overmål. Fordi eg Herren har satt dører opne for deg. Halleluja.

Leave a comment