Innleiing ved Jan Ludvig.
Jesaja.55,6 Søk Herren medan han er å finna,
kall på han når han er nær!
Tale ved Håkon Martinsen.
Nehemja.4,14 Då eg hadde sett på dette, reiste eg meg og sa til dei fremste, stormennene og resten av folket: «Ver ikkje redde dei! Tenk på Herren, den store og skremmande, og kjemp for brør, søner og døtrer, kvinner og heimar!»
15 Fiendane våre fekk no høyra at vi kjende til planen deira, og at Gud hadde hindra han. Då vende vi alle attende til muren, kvar til sitt arbeid.
Nehemja 5,1 Det steig eit klagerop frå folket og kvinnene mot dei judeiske brørne. 2 Somme sa: «Med sønene og døtrene våre er vi mange. Vi må ha korn så vi kan eta og leva.» 3 Andre sa: «Åkrane, vinmarkene og husa våre gjev vi i pant for å få korn mot svolten.» 4 Atter andre sa: «Vi låner pengar på åkrane og vinmarkene våre til skatt for kongen. 5 Vi er av same kjøt og blod som brørne våre, våre born er som deira born. Likevel må vi tvinga sønene og døtrene våre til slaveri. Ja, nokre av døtrene våre er alt slavar. Men vi er maktlause, for åkrane og vinmarkene våre høyrer andre til.»
6 Då eg høyrde klageropa og det dei fortalde, vart eg svært sint. 7 Men hjartet mitt gav meg råd, og eg refsa dei fremste og stormennene og sa til dei: «Krev de inn noko de har lånt ut til dykkar eigne brør?» Så kalla eg inn til eit folkemøte om dette.
Hoseas.6,11 Også for deg, Juda,
er det fastsett ein haust.
Apgj.11,19 Dei som no hadde vorte spreidde omkring på grunn av den forfølginga som tok til med Stefanus, kom heilt til Fønikia, Kypros og Antiokia. Men dei tala ikkje Ordet til andre enn jødar. 20 Mellom dei var det nokre menn frå Kypros og Kyréne. Då dei kom til Antiokia, forkynte dei evangeliet om Herren Jesus for dei gresktalande òg. 21 Og Herrens hand var med dei. Svært mange kom til tru og vende om til Herren. 22 Ordet om det som hadde hendt, kom forsamlinga i Jerusalem for øyret, og dei sende Barnabas til Antiokia. 23 Då han kom dit og såg kor nådig Gud hadde vore, vart han glad, og han formana dei alle til å halda heilhjarta fast ved Herren. 24 For han var ein god mann, fylt av Heilag Ande og tru. Og mange vart vunne for Herren. 25 Sidan drog han til Tarsos for å leita opp Saulus,
Tungetale ved Mari, tyding ved Håkon.
Når du høyrer mitt ord lyder ut i dag, så skal du ta vare på det, du skal grunde på det, du skal la det blir mat for di sjel og for di ånd og for din kropp. For mitt ord som eg talte, det er ånd og det er liv. Og eg, Herren, eg kom ikkje for å rive ned, men eg kom for å løfte opp. Eg kom for å bygge deg opp, for å istandsette deg til alle desse gjerningane eg har lagt deg ferdige, for at du skal få vandre i dei. Ikkje i eiga kraft, men i salving med min gode Heilage Ande, som eg har sendt. Han skal vise deg vegen og vegleie deg, han skal opplyse ditt indre menneske opp, slik at du kan få ta imot enda større kraft og slaving og autoritet i mitt namn. For eg, Herren, eg har utvalt deg, nettopp i ei tid som dette, for å istandsette deg og fullføre det eg har tenkt til å gjere no i denne avsluttningstid. For eg kjem, eg som komme skal, men før disse dagar så skal eg, Herren, eg vil frelse og fri menneske ifrå alle som er underkua av Djevelen, for det er derfor eg kom, og eg går framleis omkring og gjer vel og lækjer og set menneske fri.
