Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2016.04.24. Maranatha. Gud står bak sitt Ord.

Gud står bak sitt Ord. Møte i Maranatha 24.4.2016.

Tungetale ved John Miland, tyding ved Håkon Martinsen:

Eg står bak mitt Ord, eg er den evige, sanne klippe, urokkeleg, uforanderleg er mitt namn. Og eg har kalla deg ved namn og du er min. Og det eg har tenkt for ditt liv, det skal ingen menneske kunne stanse, det kan ingen vonde ånder stanse. For eg, Herren som elska deg så, og eg gav mitt liv for at du skulle få liv og overflod av liv. Ja, himmelens forrådskammer har eg åpna. Då det lydde frå korset med mi eiga røyst:” Det er fullbrakt”, så gjorde eg det for deg og for ditt liv her nede. Du skal ikkje vandre åleine, du skal ikkje lenger vere i fortviling. Du skal ikkje lenger vere under, men du skal vere over. Du skal ikkje lenger vere hale, men du skal vere hovud. Og sett di lit til meg, for eg er Herren og byrja og eg skal fullføra det.

For når eg vert opphøgd, så vil eg dra alle menneske til meg. Så når du opnar din munn opp, så vil eg, Herren, fylle den. Eg vil fylle deg så det flyt over. Eg vil gjere di tunge til ein hurtig skrivars griffel. Det skjer ikkje med dine anstrengingar eller med eiga kraft, men  du vert fyllt av meg, eg som fyller alt i alle. Eg vil stå med mitt folk i avslutningstida. Snart så kjem eg, Herren, og hentar mine heim, men inntil den dagen, så skal eg, Herren, setje på krafta, med min Heilage Ande og du skal ikkje mangle nokon ting, i prøvingar og vanskar. For eg elskar deg og eg gav meg sjølv for deg. Derfor, sjå opp til meg og du skal få stråle av glede. Og den Heilage Ande skal vere over deg, den Heilage Ande skal vere i deg og gjennom deg og mi kraft skal du kjenne, åleine ved meg, så vert det meir enn siger. Abba. Halleluja.

Kommentarar.

Eg opplevde det som at Gud svarde meg på dette som eg tenkte på før møtet:

Kristendomen og naturvitskapen har sanningskriterier. Men det manglar i Hegels dialektikk.

Kristendomen og naturvitskapen har sanningskriterium som er komplementære ved at Gud gjer seg til kjenne ved at han har makt over naturen. Likevel er der ein viss likskap. Men Hegels dialektikk manglar slike kriterium til erkjenning av sanning. Slik tenkte eg på dette møtet og så kom denne bodskapen som svar.

Sokrates meinte at Sanninga vart integrert I han.

For omlag 3000 år sidan oppstod ein tanke i Hellas om at naturen er forståeleg og der kom ei periode med naturfilosofi, men dei oppdaga ikkje empiriske metoder til å avgjere kva som var rett. Så kom ei periode der sofistane var advokatar, journalistar og dyktige pratmakarar, men dei hadde ikkje utvikla gode metoder og praksis til å avgjere straffesaker, dei rike betalte godt for å få dei dyktigaste pratmakarane som advokatar og det vart i stor grad avgjerande, så rettssystemet vart korrupt. Sokrates prata med folk og meinte at sanninga vart integrert i han gjennom dialog og den gjorde han glad. Den rike overklassa likte ikkje den «sanninga» og kalla han ein oppviglar og oppvigla folket til å krevje han hendretta. Då trekte Platon seg attende frå praktisk politikk og filosoferte, søkte i ideverda og førde klagemål mot menneska for deira vonde fysiske natur. Dei hadde ei matematisk tenking, til dømes om planetbanene, samtidig som dei var gudar i den gamle religionen. Det er nok bakgrunnen for Platons kopling mellom matematikken og moralen, ei kopling som vart tradisjon.

Kristus er Sanninga som vert integrert I oss.

Jesus sa han var Sanninga og metoden for å få han dømd til døden likne på metodene som vart brukt mot Sokrates. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss, vert Sanninga integrert i oss og ved fylden av den Heilage Ande vert den openberra for oss. Slik får vi ei åndeleg innsikt i Guds «ide». Dette samanliknar eg med matematikken som rasjonalitet i realfaga. Jesu sende disiplane sine ut med evangeliet til tross for hard forfølging, mange leid martyrdøden for si tru. Så dei skulle altså ikkje gje etter og trekke seg attende, på annan måte enn å skifte plass, til tross for det mytologisk klagemålet mot menneske som låg i den gamle religionen, for Bibelen har eit anna røyndomssyn, menneska sitt problem var at synda skilde dei frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle, det er løysinga på det vondes problem. Etter misjonsbefalinga skulle dei kristne gå ut og møte vanlege menneske, fysisk i deira kvardag, fortelje dei den glade bodskapen og då skulle dei få sjå og oppleve at Jesus var med dei og gjorde sitt verk. Det var å erfare den fysiske røyndomen, sjølv om dei fekk lide for det og det er eit viktig sanningskriterium til samanlikning med empirien i realfaga. Då fekk menneska også moglegheit til å svare for seg sjølv og det er eit viktig rettsprinsipp. Dessverre var mange av dei så vitlause at dei svarde slik som når dei kravde å få Sokrates hendretta og når dei kravde å få Kristus hendretta. Det er mange som svarar slik i vår tid også, men kva sit dei då att med?

Tidsånda.

Hegels dialektikk manglar både denne åndelege og rasjonalistisk innsikta og empirien, soleis har både Gud og einskildmenneske lite og ingen betyding i hans dialektikk. Det verkar slik som når sofistane var advokatar og journalistar, men mangla kriterium til å avgjere kva som var rett og sant. Gjennom moderne massemedia verkar det som om «Tidsånda» fullstendig overkøyrer visse «sannings-kriterium». Det er tydelegvis  samordna og organiserte interesser som ligg bak, slik er «Tidsånda» einsretting.

Dei fyrste kristne laut lide vondt for si tru, men dei tålte det. Men kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er noko av det beste ved tilværet, slik er det i alle fall i kristendomen. Når dei «kristne» likevel har prestert å definere det som noko vondt, så er dei temmeleg forskrudde av «Tidsånda». Dersom dei ikkje tåler det gode ved tilværet, som er i samsvar med Guds Ord, kva tåler dei då av å lide vondt for si tru? Eg har bedt han om å gje meg ei kone og han har sagt eg skal komme til han med det, men det synest likevel temmeleg håplaust.

Den Duglause eller den gode hyrdingen.

Profeten Sakarja profeterte om “den Duglause Hyrdingen” som gjette slaktesauene for sauehandlarane, dei vart slakta og selde og dei som selde dei lova Herren for at dei vart rike. Herren vart også seld, for 30 sølvpengar, så det fortel om korleis Judas sveik Jesus. Men så held Sakarja fram med å seie “Bu deg atter som ein duglaus hyrding…..” (Sak.11) Det viser at talar om eit langt større tidsperspektiv, til dømes om avlatshandelen i den Katolske kyrkja i middelalderen. Jesus valde Paulus til apostel i staden for Judas. Han sa at Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna, Kristus er hovudet for kyrkja, så dette er sjølve hovudsaka, kyrkje betyr kvinne og poenget er at ho er hans brud. Paulus framstilte kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud, men han var redd for at ho skulle verte forførd slik som ved syndefallet. Kristus er sanninga som set oss fri. Historia fortel at økonomiske interesser stadig kjem i konflikt med det å søke sanning og rettferd og då kallar vi det korrupsjon. Men noko av det verste er at slike interesser kjem inn i religionen og vert dominerande, så religionen vert brukt til å lure folk for å få økonomisk vinning og politisk makt, framfor å søke sanning og rettferd, framfor å søke Guds rike og hans rettferd. Eg hevdar det er slike interesser som ligg bak protesten mot desse pauli ord i vår tid, det er som å velje Judas til apostel i staden for Paulus og velje den duglause hyrdingen i staden for den gode hyrdingen.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: