Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2016.05.16. Maranatha. Verte fyllt av Guds Ande, av berre nåde.

Verte fylt av Guds Ande av berre nåde. Møte i Maranatha 16.5.2016.

 

Tale ved Tore Kristiansen.

Tore Kristiansen talte om betydninga av at Guds Ande kjem over oss (Jes.32,15), hans salving vert verande i oss, den lærer oss alt og er sannferdig og utan lygn. I slutten av møtet kom der ein bodskap om nettopp det.

1JO 2,20 Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap. [salva: Salving er eit bilete på Den Heilage Andens gåve. Sjå 2, 27.]

1JO 2,27 Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.

 

JES 32,15   Så skal det vera til ånd frå det høge vert utrend over oss.  Då skal øydemarka verta frukthage,  og frukthagen skal reknast for skog.

 

Tungetale ved Mari, tyding ved Tore.

 

Eg vil at mine barn, at deira liv skal vere som ei open kjelde, som er fylt til stadigheit  av min Heilage Ande. Slik at det til ei kvar tid kan byrje å flyte over. Derfor må du påsjå, at du stiller deg under min nåde, under mine lovnads ord, innfor mitt åsyn. Og du står der som ei open kjelde og let min Heilage Ande få lov til å fylle, så det flyt over. Då skal det komme til syne, som du lengtar etter. Då skal du kjenne det som du tørstar etter. Då skal fruktene og mine nådegåver byrje i ditt liv å fungere. Ikkje av deg sjølv, men det er min Ande som skal gjere det. Derfor, vert fyllt av min Ande, så skal alt det du stundar etter, det skal skje med deg.

Når salvinga fyller deg, då skal alle lenker briste. Då skal alle bånd rivast i stykker. Då skal alt det som du kjenner tynger deg ned, det skal du kjenne, skal verte løfta bort. Når den levandegjerande, min Heilage Ande, pinsekrafta, kjem inn i ditt tilvære, då skal du få oppleve  å få Bibel som du aldrig før har eigd, den skal verte levande. Du skal kjenne at Ordet skal bli eld for deg. Ordet skal lyse for deg. Du skal merke at Ordet skal byrje å danne deg, slik eg vil ha deg. Derfor bli fylt av min Heilage Ande og du skal få leve under ein open himmel. Halleluja.

Eg har talt til mine born gjennom mitt Ord. Men når mine born ikkje vil ta til seg av mitt Ord, kva skal eg då gjere. Når mine born ikkje vil opne seg for meg, kva skal eg då gjere? Jau, det er berre ein ting å gjere, det er at truas Ord får lyde. At evangeliets bodskap får lyde. At Andens salving får virke. Då skal de oppleve i dykkar møte, at eg Herren, skal opne stengde dører. Eg, Herren skal slette det bakkede. Eg, Herren, skal opne himmelens sluser. Og då nyttar det ikkje å stoppe til, då nyttar det ikkje å hindre. For der min Ande kjem til, der banast nye vegar, der opnast nye dører. Der smykkast mi menigheit i dei herlegaste prydingar og mi menigheit, den skal reisast opp i kraft og i herlegdom. Halleluja.

 

 

Kommentarar.

Jesus er den siste Adam, som er frå himmelen, og han har for oss vorte ei livgjevande ånd.

Paulus sa at ved trua på Jesus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde (Gal.3,2). Har vi teke imot i tru, så vi har Jesu Ande, så tilhøyrer vi han (Rom.8,9-11). Han gjev oss ånd og liv og det livet han gjev oss, lever vi for han og får oppleve at han er med oss. Med ein Ande er vi alle døypte til å vere ein lekam (1.Kor.12,13), det er Jesu kyrkje, Jesu brud. Han er hovudet for henne og vi er dei andre lemene. Ho er kona hans og det er Guds verk. Men kva så med oss andre menn, korleis blir det når ein vanleg mann vil ha seg ei kone, er der plass for han? Jau, for Paulus sa også at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna. Gud skapte kvinna av mannens sidebein, så dei skulle vere ein lekam og lekamen er eit tempel for den Heilage Ande. Den første Adam var laga av mold frå marka og det er vi også. Det kan granskast med naturvitskaplege metoder. Gud bles livsens Ande i nasa hans og vekte han opp til liv i samfunn med seg. Gud er ånd og bles livsens ande i nasa hans, så det kom i tillegge til den fysiske naturen, og det var med det livet han levde i samfunn med Gud. Han braut pakta og vart dømd til døden, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjenvande ånd, så han bles liv i oss igjen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Det må vi ære og takke han for.

 

Samanlikning mellom ”Mor Israels” fråfall og dei kristne sitt fråfall i vår tid:

Mange kristne leiarar og engasjerte kristne er frustrerte over fråfallet i vårt land, men ser håp i at folk som er komne til tru på misjonmarka kjem til vårt land som predikantar og med den oppfatinga er dei positivt innstilte til innvandring. Men så viser det seg at problemet ligg hos dei sjølve, for det er dei sjølve som ikkje vil høyre på Guds Ord og ta imot det i tru, men dei avviser det. For dei vert dåra og forførde slik som ved syndefallet, så dei gøymer seg vekk når Gud kallar på dei. Då er å samanlikne med korleis Gud kalla på israelsfolket fordum, men dei svarde med å ofre til Baál-gudane, slik svarar dei kristne med å rope på politikarane i staden for å svare når Jesus kallar på dei og påkalle hans namn. Det er å samanlikne med «Mor Israel», som var Guds kone. Han gav henne gode gåver, men ho vart ei hore som sprang etter elskarane sine i staden, «Baál-gudane», laga av stokk og stein, som om det var dei som gav henne det. Ho for å sprang opp på Israels-fjella og ropte på desse steindumme «trek..ane», som aldrig gav henne noko svar.

 

One response to “2016.05.16. Maranatha. Verte fyllt av Guds Ande, av berre nåde.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: