Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2015.06.07. M. Jesus, vår gjenløysar.

Herren er meg nær ved sin Ande og vil eg skal ta imot det han gjev meg. Møte i Maranatha 7.6.2015.

Innleiing ved Knut Hübenbecker.

LUK 7,11 – LUK 7,17 {JESUS VEKKJER OPP SONEN TIL ENKJA I NAIN} Ei tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han. 12 Då han kom nær innåt byporten, vart ein ung mann boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne. 13 Då Herren fekk sjå enkja, tykte han hjarteleg synd i henne og sa: “Gråt ikkje!” 14 Han gjekk bortåt og la handa på båra. Og dei som bar, stogga. Så sa han: “Unge mann, eg seier deg: Stå opp!” 15 Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans. 16 Då vart alle fylte av age; dei lova Gud og sa: “Ein stor profet har stige fram hjå oss, og Gud har gjesta sitt folk.” 17 Og gjetordet om dette kom ut i heile Jødeland og landet ikring.

Tale ved Arne Mella.

EFE 2,4 – EFE 2,7   Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus.

RMR 8,19 – RMR 8,23 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. [Anden, fyrstegrøda: Anden er den fyrste av frelsegåvene, ein forsmak på den endelege frelsa. Sml. 2 Kor 1, 22.]

2KO 3,17 – 2KO 3,18 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Tungetale ved ein mann, tyding ved Arne.

Ja, eg vil at du skal vite, mitt barn, at du tilhøyrer meg. At eg har kjøpt deg fri med mitt blod, at du er dyrt kjøpt, du er betalt. Fordi eg elskar deg, fordi eg har utvalt deg før verda sin grunnvoll vart lagt, til å vere mitt barn, min son og mi datter. Og eg vil at du skal vere trygg, og eg vil at du skal ha denne vissa og denne gleda i ditt hjerte, om at du tilhøyrer meg, og at du er på veg til himmelen og til eit evig liv saman med meg, seier Herren. Så at du kan løfte opp hovudet ditt, at du kan sjå opp til meg. For frå meg kjem di forløysing, frå meg kjem di frelse og di hjelp, seier Herren. Så frykt ikkje, men set di lit til meg, eg som er din gjenløysar.

Ja, eg lova då eg drog herifrå at eg ville komme og vere nær hos deg ved min Heilage Ande. Og eg bor i ditt hjerte, ved min Ande, seier Herren. Eg er nær hos deg kvar dag, du behøver berre rope på meg, så er eg der og eg vil svare deg og eg vil hjelpe deg, fordi du er mitt barn og eg er din far, seier Herren. Og eg ynskjer at du skal oppleve mi hjelp, eg ynskjer at du skal oppleve min nærleik. Så ver frimodig og strekk deg ut og ta imot av det som eg har gitt deg. For eg er nær hos deg og eg vil gi deg av mi kraft. Eg vil fylle deg med min nærleik, med mi velsigning, sånn at du ikkje skal vere i tvil, men vite det at eg er nær hos deg og eg hjelper deg og eg held deg oppe med mi rettferds høgre hand, seier Herren. Amen.

Tungetale og tyding ved ein mann.

Ja, min Ande (er utgytt over)[1] alle menneske…. Min Ande skal fungere i hjertet ditt, dersom du held deg tett til meg, heile tida. Ha din relasjon til meg, ……. Ikkje la noko menneske forstyrre dine tankar, ditt sinn. Og ikkje la andre menneske påføre deg tankar som ikkje er frå meg. (Men at eg døde for deg på)? Golgata kors. Så la min Ande virke 100 % i deg. For min Ande vert sorgfull og skuffa når ilden i ditt hjerte vert slukka, når du påfører ditt eige sinn tankar som ikkje er ifrå meg, seier Herren. Amen.

 

Aktuelle bibelvers.

 

OSP 4,23   Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på, for livet går ut frå det.

JES 41,8 – JES 41,10 Men du Israel, min tenar, du Jakob, som eg valde ut, du ætt av Abraham, min ven! 9 Du som eg tok i handi og henta frå heimsens endar og kalla frå ytste utkant og sa til deg: Du er min tenar, eg hev valt deg ut og ikkje vanda deg! 10 Ver ikkje redd, for eg er med deg! Sjå deg ikkje ottefull ikring, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg og hjelper deg og held deg uppe med mi rettferds høgre hand[2].

SLM 48,11   Ditt namn er kjent, Gud, og det får lovsong heilt til endane av jorda.   Di høgre hand er full av rettferd.

SLM 63,9   Mi sjel heng fast ved deg, du held meg oppe med di høgre hand.

JBS 19,25   Men eg veit at min utløysar lever, og som den siste skal han stå fram på molda. [utløysar: eig. løysingsmann.]

SLM 19,15   Ta vel imot dei ord eg talar, lat mitt hjartans tankar koma fram for deg, Herre, mitt berg og min utløysar! [utløysar: -> Job 19, 25.]

SLM 78,35   Dei kom i hug at Gud er deira berg, at Den Høgste Gud er deira utløysar.

JES 41,14   Ver uredd, Jakob, du arme kryp, og de, Israels menn! Eg hjelper deg, lyder ordet frå Herren, Israels Heilage er din utløysar.

JES 43,14 {BABYLON FELL} Så seier Herren, dykkar utløysar, Israels Heilage: For dykkar skuld sender eg bod til Babylon og bryt ned alle bommane der; då vert kaldearjubelen til klageskrik.

JES 44,6 {DEN EINASTE GUD} Så seier Herren, Israels konge og utløysar, Herren, Allhærs Gud: Eg er den fyrste, og eg er den siste, og utan meg finst det ingen Gud.

JES 44,24 {JERUSALEM SKAL BYGGJAST OPP ATT} Så seier Herren, din utløysar, han som skapte deg i mors liv: Eg er Herren som gjorde alt; himmelen spente eg ut åleine, og jorda breidde eg ut utan hjelp.

JES 48,17 {Å, VILLE DU HØYRA PÅ MINE BOD!} Så seier Herren, din utløysar, Israels Heilage: Eg er Herren din Gud, som lærer deg det som gagnar, og fører deg den vegen du skal gå.

JES 54,5   For han som skapte deg, er din mann, Herren, Allhærs Gud, er hans namn; Israels Heilage er din utløysar, han som heiter Gud for all jorda. [din mann: bilete på Herren, som med kjærleik tek seg av Israel.]

JES 63,16   Og du er då vår far! Abraham veit ikkje om oss, og Israel kjenner oss ikkje. Men du, Herre, er vår far, frå gamal tid er ditt namn vår utløysar.

JER 50,34   Men deira utløysar er sterk. Herren, Allhærs Gud, er hans namn. Han vil føra deira sak og gje jorda ro, men valda uro for dei som bur i Babylonia.

Kommentar.

I det siste og på dette møtet bad eg for henne Virtuella og tenkte på henne i mitt hjerte og tenkte på at Jesus er mild og mjuk i hjertet og den eigenskapen gjev han oss også, ved gjenfødinga.

MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE} På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28   Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”

På sette og vis kan det verke som ei svakhet, men Gud kraft vert fullenda i vanmakt. Det vesentlege er å få kjenne kreftene av Jesu oppstode frå dei døde i våre liv.

2KO 12,9 – 2KO 12,10 Men Herren sa til meg: “Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.” Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

Dette svaret stadfester for meg at denne mjukheta og mildheta har å gjere med Andens loge og kjærleikens flamme i vårt hjerte.

HSA 2,10 – HSA 2,14   Min ven tek til ords og seier: Stå opp, min hugnad! Kom ut, mi fagre møy! 11   For sjå, vinteren er til endes, regnet har kvorve. 12   Blomane sprett på vollane; songtida er komen, og turteldua kurrar i landet. 13   Frukta på vintreet raudnar, og det angar av vintre i blom.   Stå opp, min hugnad! Kom ut, mi fagre møy! 14   Du mi due på berghylla, i livd under flogbratte fjell, lat meg få sjå din skapnad, lat meg få høyra ditt mæle! For di røyst er så mjuk og din skapnad så fager.

HSA 8,13 – HSA 8,14 {LAT MEG FÅ HØYRA DI RØYST!} «Du møy som held til i hagane, venene lyder på deg. Lat meg få høyra di røyst!” 14   “Skunda deg, min ven, fly som gasellen og den unge hjort over balsam-angande fjell!”

1PE 3,1 – 1PE 3,7 {ORD TIL EKTEFOLK} Like eins skal de gifte kvinner vera mennene dykkar underordna. Så kan dei mennene som står Ordet imot, verta vunne, ikkje med ord, men med det liv kona lever, 2 når dei ser dykkar reine ferd i age for Gud. 3 Lat ikkje ytre stas, hårflettingar, gullkjeder eller fine klede vera dykkar prydnad, 4 men det indre, løynde menneske, den mjuke og stille ånd, som er uforgjengeleg og gjæv for Gud. 5 For slik prydde dei heilage kvinnene seg før i tida, dei som sette si lit til Gud. Dei var mennene sine underordna, 6 liksom Sara var lydig mot Abraham og kalla han herre. Og hennar born har de vorte når de gjer det gode og ikkje lèt noko skræma dykk. 7   Like eins de menn: Ver skjønsame i samlivet med kona, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje vert hindra.

Jesus har kjøpt oss til Gud med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han, vi skal sjå på han, ære han, takke og lovprise han, elske han og leve for han som hans brud.

Eg vende meg av hjertet til Jesus og kjendest ved han for både Gud og menneske. Eg vende meg av hjertet til Herren vår Gud når eg bad om å få ei frelst kvinne til kone og han svarde meg med sitt Ord og sin Ande. Med sitt Ord og sin Ande gav han meg sine tankar i hjertet.

Men når ho Virtuella og dei som var kristne etter tradisjonen fekk vite at eg bad Gud om ei kone, ville dei ikkje vite av verken meg eller vedkjenninga mi. Kva var det då dei venta seg at eg skulle tenke meg og vedkjenne i staden? Generelt sett er det ikkje så vanskeleg å vite og forstå utifrå kva som står skrive i Bibelen om motsetnaden mellom Guds rike og verda, motsetnaden mellom kjøtets lyst og Anden. Vi kjenner til argumentasjonen med klagemålet mot mennesket fordi det har ein fysisk kropp. Men kva blir konklusjonen?

Den Heilage Ande overbeviser verda om synd, dom og rettferd. Den fører oss fram til heile sanninga, så den set oss fri. Den herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre. Det som no frelser oss, dåpen, er eit godt samvits pakt med (vedkjenning til) Gud med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde, og eg kunne framleis vende meg til han og kjennast ved Jesus for han.

 

[1] Det som står i parantes, var litt vanskeleg å høyre, litt usikkert.

[2] 1938-oversetjinga.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: