Herren gjev oss kvile, han vil forme og danne si kyrkje. Møte i Maranata 7-8.11.2015.
Laurdag.
Tale ved Håkon Martinsen.
OSP 15,30 Lysande augo gjer hugen glad, god bodskap gjev merg i bein.
OSP 17,22 Glede i hjarta gjev god helse, mismod tærer på merg og bein.
2TI 1,7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
JOH 21,3 – JOH 21,7 Simon Peter seier til dei andre: “Eg vil av og fiska.” “Vi går med, vi òg,” sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten; men den natta fekk dei ikkje noko. 4 Då det tok til å dagast, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han. 5 Jesus sa til dei: “De har vel ikkje noko fisk, born?” “Nei,” svara dei. 6 “Kast nota på høgre sida av båten, så får de fisk,” sa han. Dei kasta nota, og då greidde dei ikkje å dra henne opp, så mykje fisk hadde dei fått. 7 Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: “Det er Herren.” Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen.
Aktuelle bibelvers.
OSP 15,4 Ei varsam tunge er eit livsens tre, men lygn på tunga gjev hjartesår.
Søndag.
Innleiing ved John Miland.
MTT 14,34 – MTT 14,36 {DEI SJUKE VERT BORNE TIL JESUS} Då dei kom over, la dei til lands i Gennesaret. 35 Folket der på staden kjende han att og sende bod kringom i heile grannelaget, og dei kom til han med alle som var sjuke. 36 Dei bad om at dei berre måtte få ta i kanten på kappa hans, og alle som gjorde det, vart friske.
LUK 8,26 – LUK 8,39 {DEN FORGJORDE FRÅ GRAVHOLENE} No kom dei inn til Gerasenar-landet, som ligg midt imot Galilea. 27 Då han gjekk i land, kom det imot han ein mann der frå byen; han var forgjord av vonde ånder. I lang tid hadde han ikkje hatt klede på kroppen, og han stogga ikkje i hus, men heldt til i gravholene. 28 Då han fekk sjå Jesus, sette han i og ropa, kasta seg ned for han og skreik høgt: “Kva har du med meg å gjera, Jesus, du Son åt Den Høgste Gud? Eg bed deg: Pin meg ikkje!” 29 For Jesus hadde bode den ureine ånda å fara ut or mannen. Ho hadde hatt makt over han lenge. Ofte hadde dei bunde han med lekkjer og fotjern og halde vakt over han, men han sleit banda, og den vonde ånda jaga han ut i øydemarka. 30 “Kva er namnet ditt?” spurde Jesus. “Legion,” svara han, for det var mange vonde ånder som hadde fare inn i han. 31 Og dei bad Jesus at han ikkje måtte senda dei ned i avgrunnen. [avgrunnen: Sjå Tillegg.] 32 No gjekk det ein stor svineflokk og beitte der på fjellet, og dei vonde åndene bad om å få fara inn i dei. Det gav han dei lov til. 33 Då fór dei vonde åndene ut or mannen og inn i svina, og heile flokken sette utfor stupet og ned i sjøen og drukna. 34 Men då gjætarane såg det som var hendt, sprang dei av stad og fortalde det i byen og i grendene omkring. 35 Og folk drog ut og ville sjå kva som var hendt. Då dei kom fram til Jesus, fann dei mannen som dei vonde åndene hadde fare ut or. Han sat ved Jesu føter, påkledd og med sitt fulle vit. Då vart dei redde. 36 Men dei som hadde sett på, fortalde korleis den forgjorde vart frisk att. 37 Då bad både gerasenarane og folket frå bygdene der ikring, at han måtte fara bort ifrå dei, for dei var tekne av stor redsle. Og Jesus gjekk i båten og fór attende. 38 Mannen som dei vonde åndene hadde fare ut or, bad om å få vera med han. Men Jesus sende han i veg og sa: 39 “Gå heim og fortel kor store ting Gud har gjort mot deg.” Så gjekk han av stad og fortalde kring i heile byen kva Jesus hadde gjort for han.
Dette var økonomisk ruin for dei som eigde svina, så slik sett var det vel ikkje så rart at dei bad han fare vekk derifrå. Men venteleg hadde mannen som vart sett fri vorte eit sterkt vitne for dei, så no når Jesus kom tilbake dit, kom dei til han i hopetal.
Tale ved Håkon Martinsen.
1MO 2,18 – 1MO 2,23 Då sa Herren Gud: “Det er ikkje godt for mannen å vera åleine. Eg vil gje han ei hjelp som svarar til han.” 19 Og Herren Gud tok jord og skapte alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen, og han leidde dei fram til mannen og ville sjå kva han kalla dei. Det mannen kalla kvar levande skapning, det skulle han heita. 20 Så sette mannen namn på alt feet, alle fuglane under himmelen og alle villdyra på marka. Men for seg sjølv fann han inga hjelp som svara til han. 21 Så lét Herren Gud ein tung svevn koma over mannen. Og medan han sov, tok han eit av sidebeina hans og fylte att med kjøt. 22 Av det sidebeinet Herren Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han leidde henne bort til han. 23 Då sa mannen: “Dette er då bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast kvinne, for ho er teken av ein mann.” [Den hebr. teksten har her eit ordspel: Mann heiter isj, kvinne isjsja.]
Håkon sa det på denne måte, endeleg var det ei kvinne, bokmål-oversetjinga frå 1930:
1MO 2,23 Da sa mennesket: Dette er endelig ben av mine ben og kjøtt av mitt kjøtt; hun skal kalles manninne, for av mannen er hun tatt.
EFE 3,10 Såleis skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrømda.
Tungetale ved Mari, tyding ved Håkon.
Derfor så skal du ikkje sjå deg – ikkje til høgre eller til venstre, men løft ditt blikk opp og sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og sin fullendar. Du skal få kjenne og oppleve eg var der og eg er der for å reise deg opp, på eit høgare nivå, på ein høgare klippe, på ein stad du aldrig før har vore, så du får sjå meir av mine herlegdomar. Derfor er eg Herren, eg er komen til denne stad, ikkje for å trykke deg ned, men eg er her for å løfte deg opp, ut av ditt mørke, ut av elendigheita. For eg kom for å frelse, eg kom ikkje for å dømme, men eg kom for å frelse det som er fortapt. Derfor mitt barn, så skal du ikkje engste deg, du skal ikkje vere bekymra, for eg Herren er din Gud og din frelsar. Eg er di borg, ditt vern og ditt skjold, derfor, sjå opp til meg og du skal stråle av glede og ikkje raudne av skam, for eg er Herren som gav mitt liv nettopp for deg, for at du skulle få liv og overflod av liv.
For eg er i går og eg er i dag den same og eg vil bli det for evig og alltid. Eg har ikkje gløymt mi menigheit, eg har ikkje gløymt deg, eg har sett deg, eg har vore hos deg i nattetimane, når du ikkje har fått sovn på augo dine, så har eg vore der. Eg har sett din nød, eg har høyrt ditt rop, eg har høyrt ditt hjartesukk, når ingen andre menneske har høyrt og sett deg, så har eg Herren, eg har sett deg. Og eg veit om di naud, men bind det og kast det over på meg. For når du har tunge byrder, så legg det på meg, ver ikkje sein mitt barn, men kast det over på meg. Så vil eg Herren gi deg kvile, eg skal forme og danne mi menigheit i avslutningstida, for snart så kjem eg Herren og hentar min blodkjøpte skare heim til dei evige bustadar som eg føreåt har gjort ferdig, nettopp for deg. Frykt ikkje, men sjå opp til meg og du skal stråle av glede. Halleluja.
Aktuelle bibelvers.
1PE 5,6 – 1PE 5,7 Audmyk dykk då under Guds mektige hand, så han kan opphøgja dykk i si tid. 7 Kast all dykkar sut på han, for han har omsut for dykk.
MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE} På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”
HEB 4,1 – HEB 4,7 {GUDS FOLK HAR EI KVILE I VENTE} Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa: Så svor eg i min vreide: Dei skal aldri koma inn til mi kvile! Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile! 6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: “i dag”, når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt: I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjarto dykkar harde.
HEB 12,1 – HEB 12,3 {TRUA SIN OPPHAVSMANN OG FULLENDAR} Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.
SLM 34,1 – SLM 34,11 {SMAK OG SJÅ AT HERREN ER GOD!} Av David, då han var hjå Abimelek og bar seg som galen, så han vart jaga bort og slapp unna. [Abimelek: Det er tenkt på Akisj, kongen i Gat. Sjå 1 Sam 21, 10-15.] 2 Støtt vil eg prisa Herren, stendig vil eg lovsyngja han. 3 Eg rosar meg av Herren, dei hjelpelause gleder seg når dei høyrer det. 4 Lat oss saman lova Herren og prisa hans store namn! 5 Eg søkte Herren, og han svara meg, frå alt som skræmde, berga han meg. 6 Sjå opp til han, og strål av glede, så skal de aldri raudna av skam! 7 Ein stakkar ropa, og Herren gav svar, han frelste han frå alle trengsler. 8 Herrens engel slår leir til vern for dei som har age for Herren, og friar dei ut or fare. 9 Smak og sjå at Herren er god! Sæl er den som flyr til han. 10 Ottast Herren, de hans heilage folk! Dei som ottast han, lid inga naud. 11 Unge løver må svelta og lida sakn; men dei som søkjer Herren, vantar det aldri noko godt.
MTT 16,13 – MTT 16,20 {PETERS VEDKJENNING} Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: “Kven seier folk at Menneskesonen er?” 14 Dei svara: “Somme seier døyparen Johannes, andre Elia, og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.” 15 “Og de,” spurde han, “kven seier de at eg er?” 16 Då svara Simon Peter: “Du er Messias, den levande Guds Son.” 17 Jesus tok til ords og sa: “Sæl er du, Simon, Jonason. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. 18 Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette berget vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. [Peter: Det greske ordet Petros er ei omsetjing av det arameiske Kefa, som tyder stein, berg.] 19 Eg vil gje deg nyklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.” [binda, løysa: ord som vart nytta av dei skriftlærde. “Binda” var å forby, “løysa” å seia at noko er tillate. Orda kunne òg brukast om å stengja ute frå fellesskap (bann) eller gje tilgjenge til det. Sjå 18, 15-18; Joh 20, 23.] 20 Så forbaud han læresveinane strengt å seia det til nokon at han var Messias.
MTT 22,1 – MTT 22,14 {BRYLLAUPET FOR KONGSSONEN} Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 “Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester. 11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.”
Kommentarar, nattesøvnen, Adams søvn i 1.Mos.2..
Måndag 26. og onsdag 28.10 var eg på trening og torsdag var er på laboratorieøving i fysikalsk kjemi, det er to veker mellom kvar øving, fire øvingar og dette var den tredje, så har vi ei veke på å skrive laboratorie-rapport. Neste måndag og tysdag var eg på forelesing, skreiv ferdig rapporten og leverte den på internett dagen etterpå. No vart eg heime og byrja å skrive på dokumentet om nasjonal frigjering og forvalting av fiskeressursane og sidan skreiv eg vidare på det andre dokumentet om evangeliet som grunnlag for nasjonal frigjering. Men no var det over ei veke sidan eg trena og byrja kjenne meg så energisk at eg fekk problem med å sove. Når eg la meg, kjendest det som om søvnen var langt vekke og det kjendest som om Herren var meg nær og oppmuntra meg til å stå oppatt og skrive vidare. Forresten brukar eg ofte å legge meg nedpå og slappe av og fintenke om kva eg skal skrive og når eg då har fått emna nokolunde på plass, står eg opp og skriv. Men om natta brukar vanlegvis søvnen å komme og det kan eg vel samanlikne med den søvnen som kom over Adam i 1.Mos.2, når han vakna oppatt, var kona komen på plass. Endeleg var det ei kvinne, kjøt og bein av hans eige kjøt og bein. Endeleg stemte det!
Men kva er det då som kan øydelegge denne nattesøvnen? Kva er det som kan øydelegge denne kvila? Det er forføringa slik som ved syndefallet, som resulterer i at kvinna, kyrkja og kristne organisasjonar vert som nokre korrupte horer. Det er ståket frå ”dansen rundt gullkalven”, som det vart talt om i Maranatha 25.10.2015.
Svikaren (Judas) og fylgjet hans kom om natta, når disiplane var trøytte og trengde å få sove. Slik prøver den vonde å øydelegge kvila vår. Men no har Jesus sigra over den vonde, hans frelsesverk er fullført og det er grunnlaget for vår kvile og vår fred. Jesus sa til disiplane sine i Getsemane at dei skulle vake og be, så dei ikkje fall i freisting. Til samanlikning har han sagt av vi skal vake, konflikta er nok den same, at der er ei verdsleg makt som på liknande vis prøver å komme inn mellom dei kristne og få makta over kyrkja og menneska i staden for Kristus. Men vi skal vake på den måten at vi vender hugen og blikket opp til Jesus og tek imot det som han gjev oss frå himmelen, vert fylte av den Heilage Ande (Jfr. likninga om dei 10 brurmøyane).