Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2012.06.17.Maranata. Andens frukter, nådegåver og tenester.

Jesus sa til meg: La ikkje trua verte broten ned av alt det du ser, av alt det du leser. Så bevar ditt hjerte framfor alt det som bevarast kan. La trua sin løyndom vere til stades i eit reint samvit og du skal få kjenne du skal leve under inspirasjon og salving. La trua sin løyndom i eit reint samvit, som er reinsa i blodet og som vandrar i lyset.

 

Tore Kristiansen talte over Israels velsigning og velsigninga i Kristus.

 

4MO 23,19 – 4MO 23,21   Gud er ikkje ein mann, så han lyg, eit menneske, så han skifter hug. Gjer han ikkje det han seier, held han ikkje det han lovar? 20   Eg fekk bod om å velsigna; velsignar han, kan ikkje eg gjera det om. 21   Eg ser ingen vondskap i Jakob, inga ulukke i Israel. Herren deira Gud er med dei, dei hyllar han som konge.

EFE 1,3 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen.

 

Tyding av tungetale ved Tore.

 

Sjå til at nådegåvene ikkje døyr ut. Sjå til at ikkje embeta forsvinn. Men ver med å be om at Andens frukter, Andens nådegåver og dei åndelege embet og tenester, at dei må komme fram igjen, i ei kvar forsamling. For utan mine frukter, utan den Heilage Ande sine gåver, utan den Heilage Ande sine embet, så vil menigheter stoppe opp, stagnere og forsvinne. Det er ikkje ved menneskeleg styrke mi menighet skal gå fram, men det er ved den Heilage Ande si kraft, det er ved mitt ord, seier Herren. Menneskelege anstrengelsar kan ikkje utrette kva min Ande kan gjere. Derfor legg dei menneskelege anstrengelsane til side og vert fylt av min Heilage Ande. Og du skal vere med og du skal kunne be og du skal få kjenne at det byrjar å skje noko i den åndelege verda.

La ikkje trua verte broten ned av alt det du ser, av alt det du leser. Så bevar ditt hjerte framfor alt det som bevarast kan. La trua sin løyndom vere til stades i eit reint samvit og du skal få kjenne du skal leve under inspirasjon og salving. La trua sin løyndom i eit reint samvit, som er reinsa i blodet og som vandrar i lyset. Då skal du få oppleve at det skal fungere, det som eg har lova. Nemleg at den som ber, han skal få, den som leitar, han skal finne. Ver derfor meg undergjeven i alle delar og la ikkje den vonde overrumple deg med sine kunstgrep, men vert fylt av min Ande og eg skal vise deg den beste vegen du skal gå. Halleluja.

 

Aktuelle bibelvers.

 

ÅNDELEGE FRUKTER, NÅDEGÅVER OG TENESTER.

1Kor.12-14.

VED GUDS ANDE.

SKR 4,1 – SKR 4,7 {LJOSESTAKEN OG VINTREA} Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen. 2 Han spurde meg: “Kva ser du?” Eg svara: “Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han. 3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.” [to oliventre: bilete på dei to leiarane som Gud har salva: Josva og Serubabel. Sml. v. 14.] 4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: “Kva tyder dette, herre?” 5 Engelen som tala med meg, sa: “Veit du ikkje kva dette tyder?” Eg svara: “Nei, herre.” 6 Då tok han til ords og sa til meg:   Dette er Herrens ord til Serubabel: Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, seier Herren, Allhærs Gud. 7   Kven er vel du, du mektige fjell? Framfor Serubabel skal du verta ei slette. Han skal føra fram toppsteinen, medan dei ropar: “Nåde, nåde vere med han!” [føra fram toppsteinen: fullføra tempelbygget (v. 9).]

DEN BESTE VEGEN.

1KO 12,31 Men streva etter dei største nådegåvene! {KRISTEN KJÆRLEIK} Og eg skal visa dykk den beste vegen:

1KO 13,1 – 1KO 13,3   Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle. 2 Om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting. 3 Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.

 

BEVAR HJERTET.

Ordt.4,20-27.

REINT SAMVIT.

APG 23,1 – APG 23,5   Paulus feste augo på Rådet og sa: “Brør, eg har til denne dag levt med godt samvit for Gud.” 2 “Slå han på munnen!” sa Ananias, øvstepresten, til dei som stod attmed. 3 Då sa Paulus til han: “Gud skal slå deg, din kalka vegg! Her sit du og skal døma meg etter lova, og så byd du tvert imot lova at dei skal slå meg!” 4 “Skjeller du ut Guds øvsteprest?” sa dei som stod der. 5 “Eg visste ikkje, brør, at han er øvsteprest,” svara Paulus. “For det står skrive: Ein hovding i folket ditt skal du ikkje skjella ut.”

 

APG 24,16 Difor legg eg òg vinn på alltid å ha eit reint samvit for Gud og menneske.

2KO 4,1 – 2KO 4,15 {SKATTEN I LEIRKAR} Difor misser vi ikkje motet; for ved Guds miskunn har vi fått denne tenesta. 2 Vi har sagt frå oss all løynleg og skamleg ferd; vi fer ikkje med knep og forfalskar ikkje Guds ord. Klårt og liketil forkynner vi sanninga, og for Guds åsyn byd vi oss sjølve fram med di vi vender oss til kvar manns samvit. 3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt. 4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. [denne verdsens gud: djevelen.] 5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram. 7   Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss. 8 Vi er alltid i trengsle, men ikkje i stengsle, tvilrådige, men ikkje fortvila, 9 forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte. 10 Alltid ber vi Jesu død med oss i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår lekam. 11 For enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår døyelege lekam. 12 Såleis er døden verksam i oss, men livet i dykk. 13 Det står skrive: Eg trudde, difor tala eg. Så trur vi òg, og vi talar fordi vi har den same Ande som gjev tru. 14 For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram for seg saman med dykk. 15 Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal verta stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.

1TI 1,4 – 1TI 1,6 Sei til dei at dei ikkje må gje seg av med mytar og endelause ættetavler. For slikt fører berre til spekulasjonar og tener ikkje Guds frelsesplan; den er for trua. 5 Men målet for dette påbodet er den kjærleiken som kjem frå eit reint hjarta, eit godt samvit og ei ærleg tru. 6 Nokre har villa seg bort frå dette målet og har hamna i tomt snakk.

1TI 1,12 – 1TI 1,19 {DEN STØRSTE SYNDAREN} Eg takkar han som gjorde meg sterk, Kristus Jesus, vår Herre, fordi han synte meg tillit og sette meg til tenesta, 13 eg som før spotta, forfylgde og fór fram med vald. Men eg fekk miskunn, for vantruande som eg var, visste eg ikkje kva eg gjorde. 14 Og vår Herres nåde har vore overstrøymande rik og gjeve meg tru og kjærleik i Kristus Jesus. 15 Det er eit truverdig ord og vel verdt å ta imot, at Kristus Jesus kom til verda for å frelsa syndarar, og mellom dei er eg den største. 16 Men når eg fekk miskunn, var det for at Jesus Kristus fyrst skulle syna alt sitt langmod på meg, til eit føredøme for dei som sidan skulle koma til tru på han og få evig liv. 17 Han som er konge frå æve til æve, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud, han skal ha pris og ære i all æve. Amen. 18   Å forkynna dette, Timoteus, son min, er den oppgåva eg overgjev deg, i samsvar med dei profetord som før er tala til deg. Ved dei skal du strida den gode striden, 19 i tru og med godt samvit. Nokre har kasta frå seg det gode samvitet og lide skipbrot på trua.

 

1TI 3,1 – 1TI 3,11 {LEIARANE I KYRKJELYDEN} Dette er eit truverdig ord: Om nokon vil ha eit tilsynsembete, har han hug på ei gjæv gjerning. 2 Difor skal ein tilsynsmann vera ulastande, mann til éi kvinne, edrueleg, visleg, høvisk, gjestmild, dugeleg til å læra frå seg, 3 ikkje drikkekjær eller hardhendt, men mild, ikkje stridshuga eller pengekjær. 4 Han skal styra sitt eige hus godt, så borna hans er lydige og viser vørdnad. 5 Men greier han ikkje styra sitt eige hus, kor kan han då ha omsut for Guds kyrkje? 6 Han må ikkje vera nyomvend, for då kunne han verta hovmodig og koma under same domen som djevelen. 7 Han må ha godt ord på seg mellom dei som står utanfor, så han ikkje vert spotta og fell i djevelens snare. 8   Like eins skal diakonane vera vørde menn, som ikkje talar med to tunger, ikkje ligg under for drikk og ikkje er ute etter låk vinning. 9 Dei skal eiga løyndomen i trua i eit reint samvit. 10 Men dei òg skal prøvast fyrst, og dersom det ikkje er noko å seia på dei, kan dei setjast til tenesta. 11 Like eins skal kvinnene vera vel vørde, ikkje fara med baktale, men vera edruelege og pålitelege i alt.

 

1TI 4,1 – 1TI 4,5 {VRANGLÆRE I DEN SISTE TIDA} Anden seier med klåre ord at i dei siste tider skal somme falla frå trua. Dei skal halda seg til ånder som fører vilt, og til lærdomar som kjem frå vonde makter. 2 Dei vert narra av hyklarar som fer med lygn og er brennemerkte i sitt eige samvit. 3 Dei nektar folk å gifta seg og krev at ein skal halda seg frå visse slag mat, den som Gud har skapt til å verta motteken med takk av dei som trur og kjenner sanninga. 4 For alt det Gud har skapt, er godt, og ingen ting treng vrakast når det vert motteke med takk. 5 Det vert helga med Guds ord og bøn.

 

2TI 1,3 – 2TI 1,14 {APOSTELEN OG LÆRESVEINEN HANS} Med takk til Gud som eg tener med reint samvit, liksom fedrane mine, nemner eg deg støtt i mine bøner, natt og dag. 4 Eg minnest tårene dine, og eg lengtar etter å få sjå deg att; det ville gjera meg hjarteglad. 5 Eg kan ikkje gløyma den ærlege trua di. Denne trua budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og eg er viss på at ho bur i deg òg. 6   Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom. 8 Du skal ikkje skjemmast ved vitnemålet om vår Herre, og heller ikkje ved meg, som er fange for hans skuld. Men lid vondt for evangeliet, du òg, med den kraft som Gud gjev. [fange: Paulus skriv brevet frå fengslet i Roma. Sjå 1, 16 f; 4, 16.] 9 Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde. Det er den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå æva av, 10 og som no har vorte openberra då vår frelsar, Kristus Jesus, kom til jord. Han har gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet. 11 Det er eg sett til herold, apostel og lærar for. 12 Difor er det eg lid, men eg skjemmest ikkje, for eg veit kven eg trur på. Eg er viss på at han har makt til å ta vare på det som er meg overgjeve, til dagen kjem. 13   Ha dei sunne ord som du har høyrt av meg, til føredøme, og stå fast i den tru og kjærleik som vi har i Kristus Jesus. 14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.

 

HEB 10,19 – HEB 10,23 {FRIMOD OG VEDKJENNING I KYRKJELYDEN} Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen. 20 Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seia hans jordiske lekam. 21 Og når vi har så stor ein prest over Guds hus, 22 så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn. 23   Lat oss halda urikkeleg fast på vedkjenninga av vår von; for han er trufast, han som gav lovnaden.

 

1PE 3,13 – 1PE 3,17   Og kven kan gjera dykk vondt, når de brenn for det gode? 14 Men sæle er de om de lid for rettferd skuld. Ver ikkje redde for dei og lat dykk ikkje skræma, 15 men helga Kristus til Herre i hjarto dykkar! Ver alltid budde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for den von de eig. 16 Men gjer det audmjukt og med age, så de kan ha reint samvit. Då skal dei som talar vondt om dykkar rette livsferd i Kristus, verta til skammar med skuldingane sine. 17 For det er betre å lida når ein gjer godt, om Gud så vil, enn når ein gjer vondt.

 

KOMMENTAR.

 

TIL TENESTE I KYRKJELYDEN.

Etter førre møte vart eg spurt om å sitje vakt ved inngangen, det sa eg ja til, og dette var det første møtet der eg sat vakt og helsa folk velkomne. Slik som ved andre festlokale i byen, pubar eller barar kan det nok bety at eg ikkje skal sleppe inn rusa eller bråkete personar.

Men dersom eg tenker på det som ei åndeleg teneste, så kan det nok bety at eg skal kjenne åndene og ikkje sleppe inn ei anna åndsmakt. Om der er ei anna åndsmakt som prøvar å gå til angrep og vil prøve å komme inn, så skal eg seie ifrå, så vi kan vere førebudde og væpne oss mot den. Vi kan samanlikne det med å stå vakt på Jerusalems murar.

 

Gud gjer det på sin måte. Nattverd og vitnemøte i Maranata 24.6.2012.

 

Mitt vitnemål: Tru til rettferd og frelse og trua som nådegåve, med visjon om kva Gud vil gjere.

 

Eg refererte til bodskapen som kom førre søndag der Herren sa at eg skulle la trua vere til stades i eit reit samvit og vakte hjertet mitt framfor alt det eg vaktar. Eg sa nokre ord om å tru til rettferd og frelse og trua som nådegåve og som gudsteneste, Jesus sa den gjerninga Gud ville vi skulle gjere, var å tru på den som han sende. Eg sa Gud hadde gjeve meg tru som ei nådegåve og det var tru på visjonar om kva han ville gjere i mitt liv og denne trua måtte eg la vere til stades i eit reint samvit og eit reint hjerte, det var trua på Kristus som gjer sitt verk i mitt liv. Eg las fylgjande skriftsted:

 

HEB 11,3 – HEB 11,4 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege. 4   I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Av di han trudde, fekk han det vitnemålet at han var rettferdig; for Gud godkjende offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, etter sin død.

HEB 12,24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

1JO 3,11 – 1JO 3,12   For dette er den bodskapen de har høyrt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre. 12 Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.

I det vi har teke imot forsoninga ved Jesu blod er Jesus offer gyldig for oss og så ber vi fram lekamen som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud. Då er vi som Abel som bar fram eit betre offer enn Kain, derfor vart Kain sjalu på Abel og slo han i hel, dette brukte eg som forklaring på kristendomsforfølgingane.

 

GUD GJER DET PÅ SIN MÅTE.

John Miland talte om Na’aman som kom til Elisja for å verte lækt frå hudsjukdomen og brukte dette til å forklare at vi må innfinne oss med at Gud gjer det på sin måte og at dette ikkje alle tider samsvarar med det vi ventar oss. Både reinsinga i Jesu blod og dåpen med den Heilage Ande, gjer han på sin måte. Dåpen med den Heilage Ande kan resultere i høglydt lovprising med tungetale, men det kan også skje i det stille.

 

Vi vert prøvde, då vert trua vår prøvd, slik lærer vi tolmod. Møte i Maranata 1.7.2012.

 

John Miland talte om prøvingane vi vert utsette for og sa at vi skulle takke for dei, for etter prøvingane er der velsigning.

Bibelvers.

JAK 1,2 – JAK 1,3 {PRØVING OG FREISTING} Hald det berre for ei glede, mine brør, når de møter alle slag prøvingar; 3 for de veit at når trua dykkar vert prøvd, lærer de tolmod.

 

1PE 4,12 – 1PE 4,13 {NÅR EIN KRISTEN MÅ LIDA} Mine kjære! Undra dykk ikkje over den eldprøva de må igjennom, som om det hende dykk noko uhøyrt. 13 Men i same mon som de får del i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, så de kan gleda og fagna dykk også når han openberrar seg i sin herlegdom.

 

APG 14,22 Og kvar dei kom, styrkte dei læresveinane og oppmoda dei til å vera faste i trua og sa: “Vi må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler.”

 

Så fortalde han korleis Gud prøvde trua til Abraham, då han bad han om å ofre Isak.

 

1MO 22,6 – 1MO 22,18 Så tok Abraham offerveden og la på Isak, son sin. Sjølv tok han elden og kniven i handa; og så gjekk dei saman, dei to. 7 Då sa Isak til Abraham, far sin: “Du far!” Og han svara: “Ja, guten min.” Isak sa: “Sjå, her er elden og veden, men kvar er lammet som vi skal ofra?” 8 Abraham svara: “Gud vil nok sjølv sjå seg ut eit offerlam, guten min.” Og så gjekk dei frametter, dei to. 9   Då dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar og la veden til rettes. Så batt han Isak, son sin, og la han på altaret, oppå veden. 10 Og Abraham rette ut handa og tok kniven og ville ofra son sin. 11 Då ropa Herrens engel til han frå himmelen og sa: “Abraham, Abraham!” Og han svara: “Ja, her er eg.” 12 Då sa engelen: “Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du har age for Gud, sidan du ikkje eingong sparte einaste son din for meg.” 13 Då Abraham såg opp, fekk han auga på ein ver, som hang fast etter horna i kjerret bak han. Så gjekk han bort og tok veren og ofra han som brennoffer i staden for son sin. 14 Og Abraham kalla den staden “Herren ser”. Og den dag i dag seier dei: “På fjellet der Herren lèt seg sjå.” 15   Endå ein gong ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen 16 og sa: “Eg sver ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte einaste son din, 17 skal eg storleg velsigna deg og gjera ætta di tallaus som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Etterkomarane dine skal ta byane frå sine fiendar, 18 og i di ætt skal alle folk på jorda velsignast, fordi du lydde mitt ord.”

 

HEB 11,17 – HEB 11,19   I tru bar Abraham fram Isak som offer då han vart sett på prøve. Einaste son sin var han viljug til å ofra, han som hadde fått lovnadene, 18 og han som det var sagt til: “Det er gjennom Isak du skal få ei ætt.” 19 Han rekna med at Gud hadde makt jamvel til å vekkja opp døde. Difor fekk han sonen att; i dette ligg eit førebilete.

Isak var nok det kjæraste Abraham eigde, det var sonen som var han lova og han var villige til å ofre han til Gud. Du skal elske Herren din Gud av heile ditt hjerte, då må du ikkje ha noko kjærare enn han, men gi det til han. Kva er det kjæraste du eig, kona? Er du villig til å gi henne til Gud? Er det materielle ting du har fått kjærare enn Gud og stabla vekk på loft og i kjellar? Få det heller på søppeldynga.

 

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: