Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2012.09.30.Maranata. Lækjedom i Jesu sår.

Jesus sa til meg: Eg skal gi deg det Golgata har brakt deg, og det er eit fullbrakt og fullkome verk. I meg skal du få kjenne at du ingen ting skal mangle. I meg skal du få oppleve at du blir gjort rik på alt det du behøver, både her og i all framtid. Så pris meg og lov meg, eg er Herren, din gjenløysar.

Innleiing.

Ein mann las om korleis Boas vart løysingsmann for Rut og samanliknar det med korleis Kristus frelser oss. (Rut.3,1….).

 

Forbønn.

Det vart spurt etter bønne-emner og eg bar fram ein lapp der eg hadde skrive:

” Mor mi har bedt for meg i alle år og Gud har høyrt både mine og hennar bøner. For over 10 år sidan braut ho lårbeinet og det har ikkje villa grott. No er ho 87 år og har fått lungebetenning og helveteseld. No vil eg legge henne fram for Gud i bønn. Vi ynskjer frelse for vår nære slekt, men vi ynskjer også synlege bønnesvar.”

Lappen vart lagt oppå ein Bibel og tre mann la hendene på den og så la vi det fram for Gud i bønn.

 

Tale.

Tore Kristiansen talte over:

EFE 3,14 – EFE 3,21 {BØN OM STYRKE OG SKJØN} Difor bøyer eg mine kne for Faderen, 15 han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord. 16 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik. 18 Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, 19 ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. 20 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, 21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.

 

Stille bønn.

Medan han talte sat eg i stille bønn, eg bad både for mor mi og for henne som eg trur Gud gjev meg til kone, ho ”Miss Oslo 1990[1]”. Med synlege bønnesvar tenkte eg både på lækjedom for mor mi og at Gud gjev meg ei kone som eit synleg bønesvar til velsigning for meg sjølv og til vitne og velsigning for slekt og venner. Eg tenkte på at Guds auge fer ut over all jorda for kraftig å støtte den som heilhjarta held seg til han, slik gjev han meg hjelp i form av ei kone og det er eit verk som han gjer i mitt indre menneske og slik vil han styrke meg i mitt indre menneske, han fyller meg og henne med den Heilage Ande og slik styrker han mitt indre menneske med si kraft. Kristus bur ved trua i mitt hjerte og eg ynskjer at han møter henne i mitt hjerte og openberrar seg for henne, som hennar Herre og frelsar, brudgom og ektemann, så eg sat og påkalla Herrens namn til frelse for henne og bad han om å openberre seg for henne og elske henne gjennom meg, så vi får oppleve at han elskar henne som si brud og slik skal vi vere rotfeste og grunnfeste i kjærleik, slik som det vart sagt her. Dette er det også eg vil takke han for, slik vil eg takke han og lovprise han som min frelsar og Herre, slik vil eg tilbe han i ånd og sanning. Og eg trur det er nettopp dette som er så viktig, å påkalle Herrens namn, så vi får oppleve at han openberrar seg for oss, som vår frelsar og Herre og at han elskar oss som menigheta sin brudgom og ektemann.

 

Tyding av tungetale.

John Miland kom med tungetale og Tore Kristiansen tyda det:

Du skal ikkje frykte for nokon ting. Men la i alle ting, alle dine ynskje komme fram for meg i bønn, med påkalling, med takkseiing, i tilbeding, og eg som veit før du ber, kva du treng, eg skal ause ut over deg min herlegdom, eg skal gi deg straumar av levande vatn, eg skal gi deg overflod av liv. Eg skal gi deg det Golgata har brakt deg, og det er eit fullbrakt og fullkome verk. I meg skal du få kjenne at du ingen ting skal mangle. I meg skal du få oppleve at du blir gjort rik på alt det du behøver, både her og i all framtid. Så pris meg og lov meg, eg er Herren, din gjenløysar.

Berre løys deg frå dine band, i mitt namn skal du kjenne banda brest, i mitt namn skal du kjenne lenkene, dei vert frigjorde. Og du skal få lov til å – kan du løfte frimodig ditt hovud, og du skal få kjenne at den eg set fri, er verkeleg fri. Du skal få oppleve det, at du skal stråle av glede. For fordømminga er teken bort, alt det tunge har eg bore, alle dine plager og sjukdomar tok eg på meg og i mine sår har du fått lækjedom. I kveld har du fått lækjedom, her og no har du fått lækjedom. Din kropp skal få oppleve lækjedom, fordi eg sona di synd, eg tok bort rota og eg fjerna årsaka og eg vart opphav til herleg frelse, til ånd og sjel og lekam for deg. Derfor i denne kveldsstund er du verkeleg fri, til ånd, til sjel og til lekam. Og er du broten ned på det ytre plan, eg kan reise deg oppatt, er du broten ned i ånda, eg skal blåse liv i deg, så du skal kjenne du blir ein ny skapning. Halleluja.

 

Aktuelle bibelvers.

La alle mine ynskje komme fram for Gud i bønn.

 

FIL 4,4 – FIL 4,7   Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! 5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! 6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.

Jfr.

 

OSP 4,23   Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på, for livet går ut frå det.

Banda brest og lenkene vert frigjorde i Jesu namn.

 

JES 58,1 – JES 58,14 {RETT FASTE OG SABBATSHELG} Rop av full hals, spar deg ikkje, lyft di røyst som ein lur! Fortel mitt folk om deira brot, Jakobs ætt om deira synder! 2   Dei søkjer meg dag etter dag og vil gjerne kjenna mine vegar. Lik eit folk som gjer rett og ikkje vender seg frå sin Guds lov, spør dei etter mine rettferdige bod og ynskjer at Gud skal vera dei nær! 3   “Kvifor ser du ikkje at vi fastar, og ansar ikkje at vi plagar oss?” De kjøper og sel på fastedagen og driv arbeidsfolket hardt. 4   Når de fastar, er det kiv og strid, med hogg og slag av gudlause nevar. De fastar ikkje så i dag at bøna dykkar kan høyrast i det høge. 5   Er dette den faste eg vil ha: ein dag då mennesket plagar seg sjølv, heng med hovudet som sevet, kler seg i botsdrakt og ligg i oske? Kallar du dette for faste, er det ein dag etter Herrens vilje? 6   Nei, så er den faste som eg vil ha: at du løyser dei som med urett er bundne, sprengjer banda i åket og friar ut dei som er trælka, ja, knekkjer kvart åk, 7   at du deler ditt brød med dei som svelt, og lèt heimlause stakkarar koma i hus, at du kler den nakne som du ser, og ikkje sviktar dine eigne. 8   Då skal ljoset ditt renna som morgonroden, snart skal dei lækjast og gro, dine sår. Di rettferd skal gå føre deg og Herrens herlegdom sist i ferda. 9   Då skal Herren svara når du kallar på han, når du ropar om hjelp, skal han seia: “Her er eg!” Når du tek bort kvart tyngjande åk, held opp med å peika fingrar og tala vondt om andre, 10   når du deler ditt brød med den som svelt, og mettar den som lid naud, då skal ljoset renna for deg i mørkret, og natta skal verta som ljose dagen. 11   Herren skal alltid leia deg og metta deg i det turre land. Han skal styrkja deg; du skal verta som ein vassrik hage, ja, som ei rennande kjelde der vatnet aldri tryt. 12   Du skal byggja opp att gamle ruinar og reisa grunnmurar frå farne ætter. Då skal dei kalla deg murbrotbøtar, han som vøler vegar, så folk kan bu i landet. 13   Held du foten din att på sabbatsdagen, så du ikkje driv ditt yrke på min heilagdag, men kallar sabbaten ei lyst og Herrens helg ein høgvørd dag, held du han i ære, så du ikkje går dine eigne vegar, men avstår frå handel og snakk, 14   då skal du ha di glede i Herren. Eg lèt deg fara over høgdene i landet, du får nyta arven etter Jakob, far din. Dette er ordet frå Herrens munn.

 

Stråle av glede.

 

JES 60,1 – JES 60,12 {SOLRENNING OVER SION} Reis deg i stråleglans! For ljoset ditt kjem, og Herrens herlegdom renn opp over deg. 2   Sjå, mørker ligg over jorda og skydimme over folka. Men over deg strålar Herren fram, over deg syner hans herlegdom seg. 3   Mot ditt ljos skal folkeslag fara, mot din strålande glans skal kongar gå. 4   Lyft augo og sjå deg ikring! Dei samlar seg alle og kjem til deg. Dine søner kjem langt bortanfrå, dine døtrer vert borne på armen. 5   Då skal du sjå det og stråla av glede, hjarta skal banka og vida seg ut. For havsens rikdom strøymer imot deg, skattane åt folka kjem til deg. 6   Kamelar i mengd fyller landet, kamelfolar frå Midjan og Efa. Dit kjem alle frå Saba, gull og røykjelse fører dei med seg. Med glede forkynner dei Herrens pris. [Her vert det nemnt visse ætter frå Arabia.] 7   Alle sauer frå Kedar samlast hjå deg, verar frå Nebajot står til di teneste. Til glede for meg skal dei ofrast på mitt altar, og eg vil pryda mitt herlege tempel. 8   Kven er desse som kjem lik drivande skyer, lik duer som flyg til sine hus? 9   Øyar og strender ventar på meg. Fremst går Tarsis-skipa. Langt bortanfrå fører dei dine søner og deira gull og sølv med dei, til ære for namnet åt Herren din Gud, for Israels Heilage, som gjev deg slik heider. 10   Framande skal byggja dine murar, og deira kongar skal tena deg. I min harme har eg slege deg, men i min nåde miskunnar eg deg. 11   Dine portar skal alltid stå opne, korkje dag eller natt skal dei stengjast, så rikdomen åt folka kan førast til deg og kongane deira i fangeflokken. 12   For det folk og det rike som ikkje vil tena deg, skal gå til grunne, og folkeslag skal rydjast ut.

Jfr.

ÅPE 21,21 – ÅPE 21,27 Dei tolv portane var tolv perler; kvar port var laga av ei einaste perle. Gata i byen var av reint gull, klår som glas. 22   Noko tempel såg eg ikkje i byen, for Gud Herren, Den Allmektige, og Lammet er tempel der. 23 Og byen treng ikkje ljos frå sol eller måne, for Guds herlegdom lyser over han, og Lammet er ljoset hans. 24 Folkeslaga skal ferdast i ljoset frå byen, og kongane på jorda skal koma dit med alle rikdomane sine. 25 Byportane skal aldri stengjast etter dagen, for natt skal ikkje vera der. 26 Og alt det verdfulle og herlege som folka har, skal dei føra dit. 27 Men noko ureint skal aldri koma inn, og ikkje nokon som fer med heidensk styggedom og lygn, men berre dei som er oppskrivne i livsens bok hjå Lammet.

 

Den Jesus set fri, vert verkeleg fri.

 

JOH 8,31 – JOH 8,36 {ABRAHAMS ÆTT} Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: “Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.” 33 “Vi er Abrahams ætt,” la dei imot, “og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?” 34 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.

 

Blåse liv i deg.

 

1MO 2,7 Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning. [På hebr. heiter mann adam og mark eller jord adama.]

JOH 20,22 Med desse orda anda han på dei og sa: “Ta imot Den Heilage Ande!

 

2TE 2,8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes.

 

[1] Tilleggskomentar 7.8.2016: Eg hadde nyleg vitna om trua som ei nådegåve og ein visjon som Gud gav meg. Eg har vitna, skrive og fortalt, om korleis eg fekk oppleve at Jesus openberra seg for meg og for henne og eg trur han frelste henne inn i eit kjærleiksforhold til seg, som hans brud. Det er visjonen som eg trur på og som eg går på. Sjølv om eg skriv at eg trur han gjev meg henne til kone, så tenker eg meir slik at eg trur han gjev meg ei slik kvinne til kone, ei som Jesus har frelst inn i eit slikt kjærleiksforhold til seg.

Jesus seier til meg at i han skal eg få kjenne at eg ingen ting skal mangle, så eg skal heller ikkje mangle ei kone, ho er sentral i alt det andre som eg ikkje skal mangle. Eg kan frimodig løfte mitt hovud og kjenne at den han set fri vert verkeleg fri. Det er ein frigjerande bodskap til henne som han gjev meg til kone også, ho vert fri til å komme på møte i kyrkjelyden og fungere som ein lem på Jesu lekam og vere saman med meg som kona mi.

4 responses to “2012.09.30.Maranata. Lækjedom i Jesu sår.”

Leave a comment