Vi skal ikkje vere opptekne av denne verda, den går sin undergang i møte. Men vi skal vende blikket opp til Jesus og vere opptekne av han. Eg kan ikkje stole på menneske, men eg skal stole på han og hans lovnadar, for han står bak sitt Ord.
Bønne-samling før møtet.
Dei brukar å ha bønnesamling ein time før møtet og no var eg og tidleg ute, bønnesamlinga var på kontoret, men Knut og John sat framme i møtelokalet. Knut spurde om eg kunne vere vakt, jau, det var ok for meg. Så fortalde eg korleis det hadde gått med mor mi og Knut spurde om eg kunne vitne om det og ta innleiinga. Eg tenkte litt på det og så sa eg ok.
Innleiing, kjærleik sterk som døden.
Eg innleia med å fortelje om korleis det hadde gått med mor mi,etter eit par dagar fekk eg vite at helveteselden hadde gått attende, dei raude utsletta hadde vorte grå og betringa heldt fram seinare også. Men lungebetenninga var strid og ho vart send på sjukehuset i Volda for nye undersøkingar, dei skulle ta prøve av slimet i lungene for å finne ut kva slags bakteriar det var og tilpasse medisineringa deretter, ho fekk oksygen og intravenøs antibiotika. Så vart ho send heim att. Men i dag var ho så slapp at det var lite og ingen prat i henne, dei fann ut at ho hadde lav blodprosent, så dei sende henne tilbake til sjukehuset. Eg sa at ho var 87 år og at eg var glad og takknemmeleg for at eg har fått hatt henne så lenge.
Så las eg
HSA 8,6 – HSA 8,7 Set meg til eit segl på ditt hjarta, eit segl på din arm! For kjærleiken er sterk som døden og mektig som dødsriket i si trå. Han brenn som logande eld, han logar mot himmelen. [eit segl: Signetringen, som var viktig og verdifull, bar mannen gjerne i ei snor kring halsen, sjeldan på armen.] 7 Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken, elvar kan ikkje fløyma han bort. Om einkvan ville gje alt han åtte for kjærleik, så vart han berre til narr.
Når eg las dette, så vart det så sterkt for meg at det vart med ei gråtkvalt stemme, det var ikkje slik at tårene trilla, men eg hadde vanskar med å få fram eit einaste ord, og eg måtte stoppe og be om unnskuldning, for eg er så glad i mor mi og ho er så glad i meg og når eg les om kjærleiken her, så tenkte eg på mor mi og på hennar kjærleik. Slik vart det også når eg sidan las ifrå 1.Kor.13.
Så sa eg om ho ”Lytelause Reine” i Høgsangen, at dei andre ungjentene spurde henne kva det er som gjer elskaren hennar så mykje betre enn alle andre menn. Dei forstod det ikkje og ho fekk problem med å forklare det. Det ser vi også når ho gjekk ute i byen og spurde etter kvar det hadde vorte av elskaren hennar, vaktmennene på muren slo henne[1]. Kva er det for slags kvinne som går ute og spør etter kvar det vart av elskaren hennar. Dei forstod det ikkje. Den kjærleiken ho tala om er sterk som døden og Jesus viste oss denne kjærleiken då han døde og stod oppatt for oss, han viste oss kjærleiken frå Gud, den kjærleiken som er sterkare enn døden, denne kjærleiken viste Gud oss ved at han vekte Jesus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, høgt over all makt og mynde.
Så las eg
1KO 13,4 – 1KO 13,8 Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp. 5 Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde. 6 Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. 7 Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. 8a Kjærleiken fell aldri bort.
Så sa eg at når eg las dette tenkte eg på kjærleiken til mor mi, det er nettopp ein slik kjærleik ho har vist oss og så sa eg at denne kjærleiken er ifrå Gud, det er Jesus som elskar henne som si brud.
Så sa eg at eg har bedt Gud om å gje meg ei kone og poenget med det er at ho skal ha den same kjærleiken som mor mi hadde, eg ynskjer at ho skal få oppleve denne kjærleiken frå Gud, at det er Kristus som elskar henne som si brud. Dette er kjærleiksforholdet mellom menigheta og Kristus, for Paulus sa at han hadde framstilt menigheta for Kristus som ei rein møy[2]. Det er slik som det vart sagt i Høgsangen at om nokon ville gje alt han eig i sitt hus, for kjærleiken, så vert han berre for narr. Men Kristus har kjøpt oss til Gud med sitt eige blod, då betalte han prisen for denne kjærleiken for oss, då betalte han for ei slik kone til meg, med denne betalinga kjøpte han meg fri og med denne betalinga kjøpte han henne fri. Mor mi har bedt for meg i alle år og Kristus har høyrt både mine og hennar bøner og eg skulle så inderleg ynskje at ho fekk oppleve at dette bønnesvaret stod der synleg framfor henne før ho døde.
Etterpå kom han som leia møtet (Knut) også opp på talarstolen med eitt eller to bønnebehov til som vi saman med mitt bønnebehov la fram for Gud i bønn.
Tale ved John Miland.
John Miland talte om at vi har ulike nådegåver og ulike tenester og det var viktig for kvar einskild å vite og forstå kva nådegåve han har og bruke den, kva teneste Gud har kalla han og utrusta han til og komme inn i den tenesta. (1.Kor.12&14). Han fortalte om ein gong når han sjølv var menig soldat, så hadde han funne seg ei offisersuniform og teke på seg og så lurt seg inn på ein offisers-fest. Men der var ein som gjenkjende han og han vart kasta ut. Så den gjekk ikkje. Så samanlikna han dette med tenestene i menigheta, dersom det er den tenesta og oppgåva Gud har gjeve deg er som å vere menig soldat, skal du ikkje prøve deg på ei høgare stilling, altså ved å ta offisersuniforma til ein annan. Har Gud gjeve deg å vere menig soldat, så er det den oppgåva du skal ta deg av, har han gjeve deg ei offisersoppgåve, så er det den oppgåva du skal gjere, det vesentlege er at kvar einskild veit og forstår kva oppgåve Gud har for han og kjem inn i den funsjonen.
Han sa noko om denne mentaliteten som var så tydeleg i visse kretsar, at det var så om å gjere å få mest mogleg folk inn i bibelskular og så sende dei alle ut som forkynnarar og misjonærar, ja, driv med underhaldning[3], men kvar vert det då av dette at med ein Ande er vi alle døypte til å vere ein lekam, der lemene har ulike oppgåver? Men kvar vert det då av dette, at der skulle vere ulike nådegåver og ulike tenester?
Så sa han at dersom Gud har kalla deg til ei viktig leiaroppgåve, som er som å bere offisersdrakt, som å verte forkynnar, så er det heller slik at du nødig vil gå, for det kostar for kjøtet. Slik var det for han, når Gud kalla han til å verte forkynnar, det var ikkje alle tider så lett. Slik var det for Moses også, han ville unnskylde seg med at han ikkje var så flink til å tale og bad Gud sende ein annan. Når Gud kalla Gideon, prøvde han også å unnskylde seg og bad han om teikn for å verte 110% sikker. Når Gieon då sidan samla folket til strid mot midjanittane sa Herren til han at han hadde for mykje folk med seg, han måtte sende frå seg folk både ein og to gongar, så han hadde igjen berre 300, med dei skulle han slå midjanittane. Våpena dei hadde med seg var nokre faklar som dei hadde stukke ned i nokre krukker og nokre horn til å blåse til strid med, men striden vart mellom midjanittane og amalekittane. Til samanlikning ser vi i vår tid korleis arabarane som er Israels fiendar går til krig mot kvarandre. Til samanlikning med Gideon og hæren hans er vi ein liten flokk, men det vesentlege for oss er å følgjer Herrens kall, då vert vi likevel betydningsfulle, til samanlikning med Gideon og flokken hans. (Dmr.6-7).
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:
Sjå, eg er alt kjøts Gud, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, du skal vite, alt er mogleg for meg, det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod der, sjå, det er eg som har all makt i himmel og på jord. Derfor, mitt barn, skal du vende ditt blikk opp til meg og du skal regne med meg, seier Herren, og ikkje stole på menneske, men du skal setje di lit til mine lovnader, seier Herren, for dei står fast og eg står bak mitt Ord. Sjå, slik som eg var med mitt folk i fordoms tider, når dei følgde mine vegar og dei gjekk mine vegar, og tente meg med eit udelt hjerte, ja, då var dei uslåelege, seier Herren, det var ingen som kunne røre ved dei, for sjå, eg er den same i dag, det folk som vender seg til meg og reknar med mi kraft, dei skal få oppleve å gå ifrå siger og til siger og dei skal få oppleve, at eg er den eg har sagt meg å vere.
Eg har jo sagt i mitt ord, korleis det skal vere i den siste tid, før eg kjem att, då skal det vere krig både her og der og det skal høyrest rykte om krig, ja, det skal vere jordskjelv både her og der og folk skal reise seg imot folk, seier Herren. Sjå, det er dette som skjer i dag, seier Herren. Men de, mine barn, de skal ikkje sjå på alt dette, for denne verda, den går sin undergang i møte. Men de, mine barn, de skal løfte hovudet, for forløysinga stundar til. Sjå, eg kjem snart på skya, for å hente heim dei som ventar meg, dei som er reinsa i mitt blod. Sjå, dei skal eg hente og eg skal føre dei trygt inn i staden med dei faste grunnvollar. Derfor vend ditt blikk til meg, seier Herren, og eg skal forsyrgje deg, eg skal ta vare på deg, inntil du står heime i herlegdomen.
Aktuelle bibelvers.
Alt kjøts Gud.
JOE 3,1 {NÅR ANDEN VERT UTREND} Ein gong skal det henda at eg renner ut min Ande over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord; dei gamle mellom dykk skal ha draumar, og dei unge skal sjå syner.
JOH 17,1 – JOH 17,3 {JESUS BED FOR ALLE SINE} Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa: Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg. 2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3 Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.
1TI 4,10 Difor er det vi arbeider og strider. For vi har sett vår von til den levande Gud, han som er frelsar for alle menneske, men fyrst og fremst for dei som trur.
Ikkje stole på menneske, men på Guds lovnadar.
JER 17,5 – JER 17,10 {SET IKKJE LIT TIL MENNESKE!} Så seier Herren: Forbanna er den mann som set si lit til menneske, som stør seg til vesale skapningar og vender seg bort frå Herren. 6 Han er lik ein busk i øydemarka; han får ikkje sjå at lukka kjem, men held til på dei turraste vidder, i eit saltlende, der ingen bur. 7 Velsigna er den mann som lit på Herren og set si von til han. 8 Han er lik eit tre som er planta attmed vatn og tøyer røtene bort åt ein bekk. Det reddast ikkje når heten kjem, men står der med lauvet grønt. Det sturer ikkje i turketider og held ikkje opp med å bera frukt. 9 Hjarta er meir svikefullt enn noko anna, det kan ikkje lækjast. Kven skjønar seg på det? 10 Eg, Herren, er den som granskar hjarta og prøver nyrer. Eg løner kvar og ein etter hans ferd, etter frukta av hans gjerningar.
Guds lovnadar.
HEB 4,1 – HEB 4,13 {GUDS FOLK HAR EI KVILE I VENTE} Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa: Så svor eg i min vreide: Dei skal aldri koma inn til mi kvile! Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile! 6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: “i dag”, når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt: I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjarto dykkar harde. 8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar. 11 Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka. 12 For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for. (Jfr.1.Mos.2).
Heilhjarta halde seg til Herren og rekne med hans kraft.
2KR 16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.”
Krig og jordskjelv i siste tid.
MRK 13,5 – MRK 13,13 Jesus tok til ords og sa: Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! 6 For mange skal koma i mitt namn og seia: “Det er eg.” Og dei skal føra mange på villspor. 7 Når de høyrer om krig, og det går rykte om krig, så lat dykk ikkje skræma! Dette lyt henda, men enno er ikkje enden komen. 8 Folk skal reisa seg mot folk, og rike mot rike, og det skal vera jordskjelv mange stader, og hungersnaud. Dette er dei fyrste føderiene. 9 Men sjå dykk føre! Dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogene, og for landshovdingar og kongar skal de førast fram for mi skuld, så de kan vitna for dei. 10 Og fyrst må evangeliet forkynnast for alle folkeslag. 11 Men når dei fører dykk bort og gjev dykk over til styremaktene, så syt ikkje for kva de skal seia, men sei det som vert gjeve dykk i same stund! For det er ikkje de som talar, men Den Heilage Ande. 12 Bror skal senda bror i døden og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og valda at dei døyr. 13 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.
Denne verda går sin undergang i møte.
ÅPE 17,8 Dyret du såg, det var og er ikkje; men det skal koma opp or avgrunnen og gå sin undergang i møte. Og dei som bur på jorda, og som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok frå verda vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser dyret som var og ikkje er, men som skal koma att.
Sjå opp til Herren.
MRK 13,28 – MRK 13,32 {LÆR AV FIKENTREET!} Lær ei likning av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 29 Like eins når de ser at dette hender, då veit de at han er utfor døra. 30 Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. 31 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 32 Men den dagen eller timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.
KOL 3,1 – KOL 3,4 {DET GAMLE OG DET NYE MENNESKET} Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.
Korleis det gjekk med mor mi.
Eg køyrde til Oslo natt til laurdag 29.9.10. Eg visste at mor mi hadde fått helveteseld og lungebetenning la henne fram for Gud i bønn på kveldsmøtet i Maranata søndag 30.9.12. etter eit par dagar fekk eg vite at helveteselden hadde gått attende, blemmene hadde vorte gråare og sidan har betringa helde fram. Men ho streid hardt med lungebetenninga og var svært slapp på onsdag. Ho fekk oksygen og antibiotika som ho pusta inn gjennom ei maske. Torsdag vart ho send til sjukehuset i Volda for å ta prøver av slimet i lungene, så dei kunne tilpasse medisinen. Ho fekk oksygen og intravenøs antibiotika. Torsdagen etter var (4.10.12) var crp[4] nede i 28, så dei sende henne heim att og avslutta medisineringa, laurdag var den nede i 20. Men søndag 7.10 auka den frå 24 til 61. Rett før kveldsmøtet kl 18 fekk eg vite at ho var slapp og lite og ingen prat i henne, ho hadde lav blodprosent og vart send tilbake til Volda. Der vart den målt til 10,3-9,8, det normale for henne ville vere omlag 12[5]. Eg fekk innleie dette møtet og viten og fortelje om korleis det hadde gått med henne etter at vi bad for henne. Eg sa at hennar kjærleik var frå Gud, det er Kristus som elskar henne som si brud. Eg har bedt Gud om ei kone og poenget med det er at eg ynskjer ho skal ha den same kjærleiken som ho hadde og få oppleve at det er Jesus som elskar henne som si brud. Eg vedkjente kva Jesus var for meg og eg trur at med den vedkjenninga får eg oppleve at banda brest og lenkene vert løyste, slik som det vart sagt i bodskapen 30.9.12.
Seinare på kvelden køyrde til Sunnmøre og var på sjukehuset i Volda kl 8. Visitt-tida var frå 14-19, så eg køyrde opp på bondalseidet og la meg å sove i bilen. Når eg kom og skulle besøke henne i 19-tida fekk eg vite at ho skulle heim att. Eg fekk gå inn på romet hennar og seie hei til henne, ambulansefolket skulle til å få henne over på båra og eg følgde dei ut. Når ho kom på sjukeheimen prata eg lenge med henne, så ho hadde vorte mykje kvikkare sidan dagen før. Eg besøkte henne på formiddagen på tysdag også og spurte etter resultat av prøvene og fekk noko av desse måleverdiane som eg har skrive ned. Dei forslo at eg skulle snakke med lækjaren når han kom på vistitt same dag, vi avtalte at dei skulle be han ringe meg.
Eg sa eg syntest det var litt rart dei hadde avlutta medisineringa på torsdag, er det ikkje slik at det er viktig å fullføre kuren så ikkje sjukdomen tek seg oppatt med bakteriar som er meir resistente, så ettersjukdomen vert verre? Han sa det var vanleg å avslutte kuren med tabletttar og når crp er så lav som 20-28 kunne dei godt avslutte medisineringa, dei hadde gjort det som var vanleg. Eg sa at grunnen til at eg spurde så mykje etter måleresultata, var at vi hadde bedt for henne i Maranata på søndagen, eg kunne ikkje sjå at måleresultata tilsa at ho var friskare på måndag enn på søndag, likevel hadde ho kvikkna mykje til og eg meinte det var Gud som hadde styrka henne i hennar innvortes menneske. Jau, det trudde dei på også, sa han. Eg fortalde at eg var svært glad i henne og ho var svært glad i meg og eg meinte Gud hadde styrka både meg og henne i vårt indre menneske. Eg trur også eg fortalde at vi hadde bedt for henne søndagen to veke tidlegare og då hadde helveteselden byrja å gå attende.
Frå tysdag har mor fått sove med natta, hosten har ikkje øydelagt nattesøvnen for henne. Kuren med to tablettar ciproksin pr dag skulle vare til tysdag. Fredag 19.10. var crp komen ned i 19.
HSA 5,6 – HSA 5,16 Så opna eg døra for min ven, men min ven hadde fare sin veg. Eg vart reint ifrå meg fordi han var borte. Eg leita etter han, men fann han ikkje; eg ropa på han, men han gav ikkje svar. 7 Då møtte eg vaktmennene som sveiv ikring i byen. Dei slo meg så eg fekk sår. Dei reiv sjalet av meg, vaktmennene på murane. 8 “Eg naudbed dykk, Jerusalems døtrer! Om de finn min ven, kva skal de då seia han? At eg er sjuk av kjærleik.” 9 “Kva er din ven framom andre, du fagraste av kvinner? Kva er din ven framom andre, sidan du naudbed oss så?” 10 Min ven er raudleitt og ljos, han skil seg ut mellom ti tusen menn. 11 Hans hovud er som det skiraste gull, og lokkane krusa, svarte som ramnen. 12 Augo er som duer ved rennande bekker. Dei laugar seg i mjølk, der dei kviler i sine holer. 13 Hans kinn er som angande blomesenger, der kryddeurter veks. Lippene er som liljer, dei dryp av rennande myrra. 14 Armane er som stavar av gull, sette med krysolittar, midja er som ei elfenbeins-skive, prydd med safirar. 15 Leggene er som marmorsøyler, reiste på soklar av gull. Hans skapnad er som Libanon, traust som sedrane der. 16 Munnen er full av ynde, og hugnad er heile han. Så er min ven, så er min kjære, de Jerusalems døtrer.
2KO 11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy.
[3] Jesus Church sender ut danse-grupper, med moderne dans til kristen musikk. Eg fekk sjå det i ”Jesus Church” og likte det, eg oppatta det slik at det demonstrerte den kristne fridomen og den kristne gleda. Vi må hugse på at Dansa framfor arka og vi må ikkje reagere slik som kona hans som var dotter til Saul. I arka låg det sentrale og viktige vitnemålet i den gamle pakta og desse dansegruppene må berrre syte for at det går klart fram for alle og ein kvar at det er Sanninga i evangeliet dei vil forkynne, den som set oss fri og gjer oss glade og det er den fridomen og den gleda dei vil gje uttrykk for.
[4] Måling for lungebetenninga, normalen er 8.
[5] Desse tala skulle visst multipliserast med 7,43.
4 responses to “2012.10.14.Maranata. Alt kjøts Gud, ingen ting er umogleg for han.”
[…] https://tsivert.com/2016/08/07/2012-10-14-m-alt-kjots-gud/ […]
[…] https://tsivert.com/2016/08/07/2012-10-14-m-alt-kjots-gud/ […]
[…] https://tsivert.com/2016/08/07/2012-10-14-m-alt-kjots-gud/ […]
[…] https://tsivert.com/2016/08/07/2012-10-14-m-alt-kjots-gud/ […]