Vi bad for dei berørte. folket byen og landet og Jesus svarde oss:
Sjå eg skal bygge opp igjen det nedrivne. Og riva(?) skal eg igjen bygge opp og restaurere. Ja, ikkje berre det, eg vil gjere noko nytt i midten og du skal få oppleve det. For eg er rik nok til stadig å gjere noko nytt for mine born. Hos meg er ingen avgrensing, eg er full av nåde. Derfor …deg i møte med min omsorgsfullheit (?) Og eg gjenoppliver dei nedbøygde si ånd og eg gjer dei sundknustes hjerter, eg gjer dei levande.
SØNDAG 7.8.11.
MØTE I JESUS CHURCH KL 16.
Korleis eg tenkte og bad i mi ånd.
Etter alt det eg har skrive, der eg også har kommentert terroråtaket i Oslo, kjem eg audmjuk fram for Gud og er innstilt på at han skal ransake meg og gje meg råd. Har eg vist for lite medkjensle og samhald med dei syrgjande, har eg vore for hard i min språkbruk? Eg kom til Oslo med ein frigjerande bodskap og Herren har gjort det klart for oss at han vil nå henne Virtuella og sette henne fri. Herren er med meg og han vil gjere det. Er det noko meir eg skal eller kan gjere for at Herren skal få sette henne fri? Då var det som om den Heilage Ande minna meg om at Jesus hadde sagt til meg at eg skulle vere oppteken av han og det verket han hadde gjort for meg, i meg og gjennom meg. Slik skal eg vere oppteken av henne som han gjev meg til kone og erkjenne det og slik skal eg forkynne den rette lære til frigjering for både meg og henne og for andre også og med denne erkjenninga av Herren kan eg forvente at han også vil sette henne Virtuella fri.
Møte i MARANATA KL 18.
Tore Kristiansen heldt tale og han byrja med å kommentere terroråtaket. Det såg så meiningslaust ut, men så kom han på songstrofa:” der finst ei meining med alt som skjer, kanskje vi i framtida vil sjå ei meining med dette også. Han talte så over Hoseas.2,15.
HSE 2,14 – HSE 2,20 {GUD TEK ISRAEL TIL NÅDE ATT} Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. [ut i øydemarka: -> Jer 31, 2.] 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt. [Akor-dalen: -> Jos 7, 24.] 16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir. 18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. [ei pakt: Her er det nemnt visse drag som høyrer med til skildringa av freden og velsigninga i frelsestida. Sml. Jes 11, 6-9; Mi 4, 3.] 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.
Akor er truleg avleia frå det hebraiske ordet akar som tyder å skade eller valde ulykke (Josva.7,24-26). Men no ville Gud gjere Akor-dalen til ein port som gjev von. Israel var Guds kone, men ho var utru og hadde vorte ei hore. Men i Akor-dalen, i ”ulykke-dalen”, der skulle ho atter svare han som i ungdomens dagar. Slik kan denne ulykka som har ramma Oslo og Noreg verte til ein port som gjev von.
Tyding av tungetale.
I slutten av møtet kom der tungetale som Tore tyda:
Sjå eg skal bygge opp igjen det nedrivne. Og riva(?) skal eg igjen bygge opp og restaurere. Ja, ikkje berre det, eg vil gjere noko nytt i midten og du skal få oppleve det. For eg er rik nok til stadig å gjere noko nytt for mine born. Hos meg er ingen avgrensing, eg er full av nåde. Derfor …deg i møte med min omsorgsfullheit (?) Og eg gjenoppliver dei nedbøygde si ånd og eg gjer dei sundknustes hjerter, eg gjer dei levande. Eg løfter opp … på eit nytt stade(?) Og dei skal få oppleve at eg set deira føter på ei høgde der dei skal få oversikta på det som skjer og når uver og storm bryter laus, så skal dei få kjenne at dei har sin styrke i meg, dei har si kraft i meg, seier Herren, og dei har sitt håp i meg.
La deg ikkje besmitte til depresjon av det som nettopp har hendt. Men la deg oppmuntre ved mitt Ord til stadig å overvinne, til stadig å sjå det som skjer og …. Men ikkje tape motet, men klynge deg til meg. Og du skal få kjenne at den staden skal føre deg igjennom, gjennom uveret så fører det deg inn i det stille underbare riket, der freden skal vere rådande, der håpet skal lyde klarare, der du skal legge det triste bak deg og du skal få kjenne at eg Herren skal vere med deg gjennom dei djupe vatna. Amen.
Kommentarar og aktuelle bibelvers.
Gud hadde straffa jødane, dei hadde vorte bortførde til Babylonia, Gud såg denne straffedomen som nødvendig for at dei skulle lære, for å føre dei tilbake til seg og føre dei inn på sine vegar, no skulle dei få vende tilbake til landet sitt, men Gud ville ta Ba’al-namna ut or munnen på Mor deira, Israel, ho skulle ikkje lenger kalle han for sin Ba’al, men ho skulle kalle han sin mann. Det er mykje som tyder på at han som står bak terroraksjonen i Oslo har tenkt på liknande vis, sidan han seier at det var nødvendig. Han har heilt sikkert ei forståing av rettferd som ligg til grunn for det han har gjort og då skal vi vakte oss nøye for ikkje å komme i forsvarsposisjon til forsvar for uretten. Her må vi halde tunga rett i munnen.
I ei syrgjetale etter attentatet var der ein som sa at vi er alle sundknuste og her trøystar Gud dei og seier at han vil gjenopplive dei nedbøygde si ånd og gjere dei sundknuste sine hjerte levande.
1KO 14,3 – 1KO 14,4 Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging og påminning og trøyst. 4 Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, oppbyggjer kyrkjelyden.
Han vil setje dei på ei høgde der dei skal få oversikt over det som skjer, då trur eg han vil bruke mi utlegging av profetiane og det eg har skrive om å forstå den tida vi lever i. Når storm og uver bryt laus, skal dei få kjenne at dei skal ha si kraft og sin styrke i Herren og dei skal ha sitt håp i han. Eg skal la meg oppmuntre av Guds Ord til stadig å overvinne, eg skal klynge meg til Jesus og han skal føre meg gjennom uveret og inn i det stille underbare riket der freden råder og håpet lyder klarare. Herren skal vere med meg gjennom dei djupe vatna.
JES 57,14 – JES 57,16 {HAN VEKKJER ÅNDA TIL LIV HJÅ DEI BØYGDE} Det lydde eit ord: Bygg, ja bygg og ryd ein veg! Ta bort kvar støytestein frå vegen åt mitt folk! 15 Så seier han som er høgt opphøgd, han som tronar evig og heiter Den Heilage: I det høge og heilage bur eg og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda. Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde og hjarta til liv hjå dei knuste. 16 For eg vil ikkje evig føra klagemål og ikkje alltid vera harm. Elles kom deira ånd til å missa si kraft for mitt åsyn, deira livsande som eg har skapt.
JOH 3,5 – JOH 3,21 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.” [Vinden: Både gresk og hebraisk har eitt og same ordet for “vind” og “ånd”.] 9 “Korleis kan dette gå til?” spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: “Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. [Menneskesonen: Yngre handskrifter har dette tillegget: som er i himmelen.] 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, [lyfta opp: Det greske ordet i grunnteksten tyder både lyfta opp (krossfesta) og opphøgja. Sjå 8, 28; 12, 32.] 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.”
Her ser de og høyrer de at Gud talar til dykk som sine born og han vil ta seg av dykk som sine born. Han gjev dykk lys for dykkar fot og han løfter dykk opp så de får perspektiv over det som skjer, de skal ha dykkar styrke og dykkar håp i Herren.
MØTE SØNDAG 14.8.11.
Eg var på møte i Jesus Church og Maranata og på begge møta vart det tala noko om terroråtaket i Oslo.
JESUS CHURCH KL 16.
Tale.
Stephan Christiansen talte over
FIL 2,1 – FIL 2,11 Når det no er trøyst i Kristus, kveik i kjærleiken, samfunn i Anden, og så sant det finst medkjensle og miskunn, 2 så gjer mi glede fullkomen: Ver samlyndte, hald saman i kjærleik, ver eitt i hug og tanke. 3 Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 4 Tenk ikkje berre på det som gagnar dykk sjølve, men tenk òg på det som gagnar dei andre. 5 Lat det same huglaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus! 6 Då han var i Guds skapnad, heldt han det ikkje for eit rov å vera Gud lik. 7 Men han gav avkall på sitt eige, tok på seg ein tenars skapnad og vart menneske lik. I si ferd var han som eit menneske; 8 han nedra seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen. 9 Difor har Gud storleg opphøgt han og gjeve han det namn som er over alle namn, 10 så kvart kne skal bøya seg i Jesu namn, i himmelen, på jorda og under jorda, 11 og kvar tunge sanna: Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære!
Han nemnde spesielt at vi skulle ha medkjensle med dei som sørgjer etter terror-åtaket i Oslo. Han talte også om korleis Gud tek imot ein syndar som vender om og korleis han skal verte motteken med miskunn og medkjensle i menigheta. (Jfr. Den bortkomne sonen og kvinna som var gripen i hor).
MARANATA KL 18.
Tale.
Per Bergan talte over
5MO 33,26 – 5MO 33,29 Det finst ingen som Gud, Jesjurun. Han fer deg til hjelp over himmelen og rid i sitt velde på skyene. 27 Ein bustad er den eldgamle Gud, her nede er hans evige armar. Han driv bort for deg fienden og seier: “Ryd ut!” 28 Så bur Israel trygt, Jakobs kjelde har fred i eit land med korn og vin, der dogga dryp frå himmelen. 29 Å, Israel, kor du er sæl! Kven er som du? – eit folk som får hjelp frå Herren, ditt vernande skjold og ditt veldige sverd. Dine fiendar skal krypa for deg, medan du skrid fram over høgdene deira.
Vi er vande med å tenke på tempelet som Guds hus og Guds bustad, men eigentleg bur han ikkje i hus bygde av menneskehand (møteteltet var symbol på himmelen og tempelet var symbol på menneskets lekam, det skulle vere Guds bustad):
APG 7,47 – APG 7,50 Men det vart Salomo som bygde eit hus for Gud. 48 Men Den Høgste bur ikkje i hus bygde av menneskehand. For såleis talar profeten: 49 Himmelen er min kongsstol og jorda skammel for mine føter. Kva slag hus kan de byggja åt meg, seier Herren, eller kvar er staden der eg kan kvila? 50 Er det ikkje mi hand som har skapt alt dette?
Men her ser vi at Gud er ein bustad.
Per sa også noko om terroråtaket, det er mange omkomne, dei er ikkje mellom oss lenger. Men så veit vi også at det skjer om lag 16000 abortar i året i Noreg, det er drap og det betyr at det er så mange som ikkje er mellom oss som eigentleg skulle ha vore det.
6 responses to “2011.08.07&14. Maranata og Jesus Church. Om terroråtaket i Oslo.”
[…] 2011.08.07&14. Om terroråtaket i Oslo. […]
[…] 2011.08.07&14. Om terroråtaket i Oslo. […]
[…] 2011.08.07&14. Om terroråtaket i Oslo. […]
[…] https://tsivert.com/2016/08/08/2011-08-0714-om-terrorataket-i-oslo/ […]
[…] 2011.08.07&14. Om terroråtaket i Oslo. […]
[…] 2011.08.07&14. Om terroråtaket i Oslo. […]