Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2011.11.06. Maranata.Jesus har dekka bord for meg, rett framfor mine fiendars auge.


Jesus sa til oss:

Ja, seier Herren, sjå eg har gjort alt ferdig, du skal vite at eg har dekka eit bord for deg, like framfor dine fiendars auge. Og du skal vere frimodig mitt barn, og ta til deg av det som eg har gjeve deg, ver ikkje tilbakehalden, men ta imot, seier Herren. Og du skal få oppleve at eg skal fylle deg med det som er godt. For sjå, du treng å ta til deg av det som kjem ifrå ovan, i denne tid, seier Herren. Søk meg og ernær deg på mitt ord, du skal vedkjenne at du får krafta, for sjå, mitt ord, det er kraftig, ja, slik som min tenar i fordoms tid, han fann mitt ord og han åt det, seier Herren, det skal du gjere og du skal verte sterk i meg og verte grunnfesta i ordet. Og du skal stå på mine lovnadar, seier Herren og tru det av heile ditt hjerte. Og du skal få oppleve at eg er ingen Gud som svikter, men sjå, seier Herren, den som set si lit til meg, han er ein fridomshelt, som ikkje rokkes, men som står æveleg. Og det er det mine …. Born skal vere i denne tid, dei skal vere sikre, dei skal (fortsette)?, seier Herren, dei skal gå den veg som eg har bana for dei.

Ja, den vonde, han forsøker i desse dagar, som aldrig før, å føre mitt folk ville, sjå, der er stor forvirring mellom mitt folk, seier Herren, men eg skal samle mine born i denne endetida, og eg skal samle dei med min Heilage Ande, seier Herren. Og dei skal ikkje ta feil av vegen, men dei skal vite på kva veg dei skal gå. For sjå, seier Herren, eg har sendt den Heilage Ande for at den skal vegleie dykk, den skal minne dykk om alle ting, seier Herren. Den skal ta av mitt og den skal forkynne dykk, den skal openberre løyndomane, seier Herren. Derfor, mitt barn, må du lære lytte på (den Heilage)? Andens røyst i denne tid. Høyr ikkje på menneske, men lytt til kva eg har å seie, seier Herren, for det eg har å gje er det største, seier Herren.

(Tungetale ved ei kvinne, tyding ved John Miland, i slutten av møtet).

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: