Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2011.11.06. Jesus Church. Abrahams tru. Sjå med hjartas opplyste augo.


Jesus sa til oss:

Og så kallar eg deg, mi menigheit, gå på det du ser i ditt hjerte, gå på det du ser i ditt indre. Ikkje ver redd for omstende, ikkje ver redd det ytre, ikkje ver redd for det tidlegare. Sjå, du lever i tru, utan å sjå. … Sjå, at ditt hjerte ser på nytt, så du kan sjå det håp som eg har kalla deg til. Så du kan få forstå og du kan innsjå kva det er eg Herren har gjort deg. Eg fornyar ditt indre, eg fornyar ditt hjerte og eg fyller deg med nye visjonar.

 

Abrahams tru og visjon.

Pastor Stephan Christiansen talte om å få visjonar frå Gud og å vente med tolmod på at det skal gå i oppfylling. Til dømes Abraham som fekk lovnad frå Gud om at han skulle verte far til mange folk og som der for skulle heite Abraham, i staden for Abra’am. Han var barnlaus til han var gammal, men vart likevel kalla Abraham, ”far til mange folk”.

 

Min visjon og mi bønn.

Etter tala sat eg akkurat og vedkjente overfor Jesus at han har gitt meg henne ”Miss Oslo 1990” (Tilleggskommentar 8.8.2012: Dette er ei forenkling av korleis eg tenker, vel, til tider har eg vel tenkt så enkelt også, men her trengst ei presisering, sjå fotnoten[1]. Men det som er så enkelt, det er å takke og lovprise Gud som har skapt ei så vakker jente og takke og lovprise Gud og Lammet for det fullførde frelsesverket, det er fullført for meg og det er fullført for henne) til kone og eg trur det hang saman med at den Heilage Ande openberra henne for mitt hjerte, slik at eg såg henne med hjertets opplatne auge, så eg kjende henne igjen slik som eg hugsa henne. Det var ikkje ei sterk openberring, ikkje ei sterk oppleving, men det var vakkert og det var herleg å få kjenne henne igjen i mi ånd.

 

Profetisk bodskap.

Då kom Stephan Christiansen med ein profetisk bodskap som eg tok som ei stadfesting på det, det var utan tungetale, så eg var ikkje førebudd på å spele den inn og eg hugsa ikkje akkurat kva som vart sagt i byrjinga, men det stadfesta for meg at det var Jesus som hadde gitt meg denne visjonen og openberringa og at eg skulle tru på den. Så fekk eg starta innspelinga og den lyder som følgjer:

… Tenk over det … han såg det og han trudde det og eg velsigna han med rettferd. Og så kallar eg deg, mi menigheit, gå på det du ser i ditt hjerte, gå på det du ser i ditt indre. Ikkje ver redd for omstende, ikkje ver redd det ytre, ikkje ver redd for det tidlegare. Sjå, du lever i tru, utan å sjå. … Sjå, at ditt hjerte ser på nytt, så du kan sjå det håp som eg har kalla deg til. Så du kan få forstå og du kan innsjå kva det er eg Herren har gjort deg. Eg fornyar ditt indre, eg fornyar ditt hjerte og eg fyller deg med nye visjonar.

 

Aktuelle bibelvers.

 

HEB 11,8 – HEB 11,19   I tru var Abraham lydig då han vart kalla, så han drog ut til eit land som han skulle få til odel og eige. Han tok ut endå han ikkje visste kvar han skulle koma. 9 I tru levde han som innflyttar i det landet Gud hadde lova han. Han budde i telt saman med Isak og Jakob, som var medarvingar til den same lovnaden. 10 For han venta på byen med dei faste grunnvollane, den som har Gud til byggmeister og skapar. 11   I tru fekk òg Sara, gamal som ho var, kraft til å grunnleggja ei ætt. For ho leit på at han som hadde gjeve lovnaden, var trufast. 12 Frå éin mann, som jamvel var utan livskraft, kom det difor ei ætt så talrik som stjernene på himmelen og så tallaus som sanden på havsens strand. 13   I tru døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei sanna at dei var framande og utlendingar på jorda. 14 Dei som talar slik, syner at dei søkjer eit fedreland. 15 Om dei hadde tenkt på det landet dei drog ut frå, hadde dei hatt tid til å fara attende. 16 Men no er det eit betre land dei lengtar etter: det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud ved dei, men kallar seg deira Gud; for han har gjort ein by ferdig åt dei. 17   I tru bar Abraham fram Isak som offer då han vart sett på prøve. Einaste son sin var han viljug til å ofra, han som hadde fått lovnadene, 18 og han som det var sagt til: “Det er gjennom Isak du skal få ei ætt.” 19 Han rekna med at Gud hadde makt jamvel til å vekkja opp døde. Difor fekk han sonen att; i dette ligg eit førebilete.

MIK 6,3 – MIK 6,5   Mitt folk, kva har eg gjort deg? Kva har eg trøytta deg med? Gjev meg svar! 4   Eg førte deg opp frå Egypt og løyste deg ut or trælehuset. Eg sette Moses, Aron og Mirjam til å føra deg. 5   Mitt folk, kom i hug kva planar han hadde, Balak, kongen i Moab, og hugs det svaret han fekk av Bileam, son til Beor, på vegen frå Sjittim til Gilgal, så du kan skjøna Herrens frelsesgjerningar.

EFE 1,17 – EFE 1,23 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

 

[1] Tilleggskomentar 7.8.2016, til møtet i Maranata 30.9.2011: Eg hadde nyleg vitna om trua som ei nådegåve og ein visjon som Gud gav meg. Eg har vitna, skrive og fortalt, om korleis eg fekk oppleve at Jesus openberra seg for meg og for henne og eg trur han frelste henne inn i eit kjærleiksforhold til seg, som hans brud. Det er visjonen som eg trur på og som eg går på. Sjølv om eg skriv at eg trur han gjev meg henne til kone, så tenker eg meir slik at eg trur han gjev meg ei slik kvinne til kone, ei som Jesus har frelst inn i eit slikt kjærleiksforhold til seg.

Jesus seier til meg at i han skal eg få kjenne at eg ingen ting skal mangle, så eg skal heller ikkje mangle ei kone, ho er sentral i alt det andre som eg ikkje skal mangle. Eg kan frimodig løfte mitt hovud og kjenne at den han set fri vert verkeleg fri. Det er ein frigjerande bodskap til henne som han gjev meg til kone også, ho vert fri til å komme på møte i kyrkjelyden og fungere som ein lem på Jesu lekam og vere saman med meg som kona mi.

Ho ”Miss Oslo 1990” studerte biologi og med denne visjonen har Jesus sidan leia meg til å studere biologi.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: