Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2008.09.28.Sion.Gå i ferdiglagde gjerningar.

 

Det var spesielt to bibeltekstar som eg hadde tenkt på i det siste, og når eg sett meg inn i bilen og skulle til å køyre til møtet så sanna eg for meg sjølv og for Gud at desse to tekstane kunne eg godt tenke meg å lese på møtet, dersom det vart gjett moglegheit for frie vitnemål, men eg sa også at det var litt mykje å ta fram i eit vanleg vitnemøte.

Mitt innlegg/vitnemål.

 

Då predikanten, Arnstein Andersen, fekk ordet, opna han for frie vitnemål fyrst. Eg gjekk fram og las frå fylgjande kapittel:

1KO 3,5 – 1KO 3,23 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til. 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. 7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. 9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning. 10 Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer. 11 Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus. 12 Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm, 13 så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er. 14 Om det verket ein mann har bygt, står seg, skal han få si løn. 15 Om verket hans brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han verta frelst, men så som gjennom eld. 16 Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk? 17 Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de. 18 Ingen må dåra seg sjølv! Om nokon av dykk tykkjest vera vis i denne verda, lat han då verta ein dåre, så han kan verta verkeleg vis. 19 For visdomen åt denne verda er dårskap i Guds augo. For det står skrive: Han fangar dei vise i deira eiga list, 20 og ein annan stad: Herren kjenner tankane åt dei vise og veit at dei ingenting er. 21 Difor må ingen rosa seg av menneske. For alt høyrer dykk til, 22 anten det er Paulus, Apollos eller Kefas, anten det er verda, liv eller død, det som no er eller det som koma skal. Alt høyrer dykk til. 23 Men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til.

 

FRK 3,1 – FRK 3,14 Alt har si faste tid, alt som hender under himmelen, har si tid: 2 ei tid til å fødast, ei til å døy, ei tid til å planta, ei til å riva opp; 3 ei tid til å drepa, ei til å lækja, ei tid til å riva, ei til å byggja; 4 ei tid til å gråta, ei til å le, ei tid til å syrgja, ei til å dansa; 5 ei tid til å kasta steinar, ei til å samla dei, ei tid til å ta i famn, ei til å la det vera; 6 ei tid til å leita, ei til å missa, ei tid til å gøyma, ei til å kasta; 7 ei tid til å riva sund, ei til å bøta, ei tid til å teia, ei til å tala; 8 ei tid til å elska, ei til å hata, ei tid til krig og ei til fred. 9 Kva vinning har den som arbeider, av alt sitt strev? 10 Eg såg det plagsame strevet som Gud har gjeve menneska. 11 Alt skapte han fagert i si tid. Jamvel æva har han lagt i hjarta deira. Men dei skjønar ikkje det verk som Gud har gjort frå fyrst til sist. 12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei enn å gleda seg og gjera vel i livet. 13 Men når ein mann får eta og drikka og vera lukkeleg i alt sitt strev, er det òg ei gåve frå Gud. 14 Eg skjøna at alt det Gud gjer, varer til evig tid. Ikkje kan ein leggja noko til, og ikkje kan ein ta noko ifrå. Gud har laga det så for at menneska skal ha age for han.

 

I 1.Kor.3 tok eg ikkje med vers 5 og 18-23. Eg sa berre at så er det tale om visdomen og Salomo var ein vismann og så byrja eg å lese frå Forkynnaren, der hoppa eg over vers 5-8. Det var mykje Salomo hadde klart å bygge opp, men vi veit korleis det gjekk, det vart nedrive alt saman, og Jesus sa at der skulle ikkje ligge igjen stein på stein og det var etter at tempelet hadde vorte oppattbygt. Det kan godt hende Salomo såg det for seg korleis det kom til å gå, ei tid til å bygge opp, ei tid til å rive ned, alt er fåfengt, men så sa han også at Gud hadde lagt æva ned i menneskehjertet og alt det Gud gjer varer til evig tid, vi kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Vi har vårt daglege strev alle saman av oss, det vi strevar med vil med tida gå til grunne alt saman, men Guds Ord er evig og det verket Gud gjer med sitt. Jesus har sagt at han er med oss. Vi er Guds medarbeidarar og då må vi samarbeide. Når vi bygger på grunnvollen med tre, høy og strå, så vil det verte fortært av elden, det vil gå til grunne, men når vi bygger med gull, sølv og dyre steinar, så vil det verte ståande, det symboliserer det evige. Og Salomo sa at det verket som Gud gjer, står til evig tid.

 

Deretter spurde predikanten om der var ein til og ein mann som heiter Hendriksen gjekk fram og kommenterte det som eg hadde sagt og tilføya at då må vi lyde.

Tale ved Arnstein.

Etterpå sa predikanten at det som vi to no hadde sagt det var det han følte som skulle fram her i møtet. Dette var tydelegvis noko som Gud hadde leia han til og han sa at det var fyrste gongen han hadde gjort det på denne måten, å opne for frie vitnemål før talen. Så talte han om den Heilage Andes gjerning i våre liv og las ifrå Joh.14 & 16. Han sa at jantelova gjaldt langt inn i dei kristne forsamlingane og meinte at dette ikkje var bra. Han las også 1.Ti.4,12-14 og sa at vi alle har ei nådegåve å ta oss av.

 

1TI 4,12 – 1TI 4,14 Lat ingen vanvørda deg fordi du er ung, men ver eit føredøme for dei truande i ord og gjerning, i kjærleik, truskap og reinleik. 13 Ta deg serskilt av skriftlesinga, forkynninga og opplæringa, til dess eg kjem. 14 Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg.

Bodskap gjennom tyding av tungetale.

I slutten av møtet inviterte han til forbøn og der kom fram ei kvinne. Inger-Johanne Vik kom også fram og var med å bad for henne og ho kom med tungetale som predikanten tyda. Dette var til den kvinna som var til forbønn og var noko lågmælt. Mp3-opptak:

Bodskap 1:

«Du skal vite det at eg elskar deg. Eg berører deg (ikkje berre i din lekam, eg)? berører deg (i di ånd)? ånd og du skal få oppleve …. at eg er Herren i ditt liv. Eg vil sende menneske i din veg. Du skal få lov å vere eit reiskap for min ånd. …. ordet som seier du er løyst, du er fri, du er helbreda, ja, det ordet som eg har talt som er ånd og liv, skal gjere eit verk i menneske og du skal få oppleve og sjå at eg som er Herren din forløysar, eg er også din helbreder. Og du skal få vere eit reiskap for meg, så ver frimodig, stol på Ordet, stol ikkje på din forstand eller menneskers visdom. Men la Ordet få lov til å vere rettesnor for ditt liv. Og du skal få oppleve og kjenne det at eg gjer eit under…. Ver frimodig.»

 

Deretter kom Inger-Johanne med tungetale igjen, som talaren tydde frå talarstolen og det oppfatta eg som eit svar på det som eg hadde sagt, Mp3-opptak:

Bodskap 2:

Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren  og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.

Kommentar 29.9.2024; Oppdatert 1.9.2025.

Kommentar til bodskapen.

Setninga «….det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv….» minna meg om at eg så mange gangar har skrive om Paulus si lære om at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna. Det er ein frigjerande bodskap, for Kristus er då Sanninga som set oss fri. Guds Ord skaper det som det nemner, eg skal gå inn på ordet og då skal eg ikkje lenger vere forsagd og leve tilbaketrukken, men eg skal gå ut på lovnadane og gå i fediglagde gjerningar. Det er det som han skaper meg til og då er det noko som eg passar til, fordi han skaper meg til det.

Ef.1,3 Velsigna er Gud,

vår Herre Jesu Kristi Far,

han som i Kristus velsigna oss

med all Andens velsigning

i himmelen.

Ef.2,4 Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik, 5 gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.

Han ville vere med meg og styrke meg med si kraft, «…når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom…..  . Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg ….

I det siste har eg skrive om at når eg var ni år vart eg kjend med han som min beste ven, som om han var ein skugge ved mi høgre hand og det seier han til meg her « ….. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar ……

Eg hadde nyst skrive om apologetikk, at matematikk og fysikk gjerne vert brukt til å underbygge trua på ein allmektig Gud som har skapt alle ting og som er heilag og rettferdig og som straffar uretten. Derfor treng vi alle den nåden han gir oss i Kristus. Dei kristne apologetikarane kritiserte utviklingslæra ved å hevde at det var usannsynnleg at det hadde skjett tilfeldig. Det også er kalkulering, men eigentleg verkar det som ei sjølvmotseiing at noko lagar seg sjølv. Eg meiner at Jesus svarde meg på dette slik: «…. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord ….».

Eg hadde studert realfag og då var det vel naturleg å fullføre det og nytte det, som ved å ta praktisk pedagogisk undervisning, eg hadde tenkt på det lenge, utan at det hadde vorte noko av, så eg tok det som eit kall og på nyåret for eg til Oslo og byrja på PPU på Blindern. Hausten 2014 vart det til at eg byrja å studere realfag igjen, primært biologi, men det vart informatikk og kjemi også.

Igjen sa han at eg skulle gå den vegen han hadde staka ut for meg, den vegen han hadde bana for meg gjennom forhenget i den himmelske heilagdomen. Jesus har gjort oss til eit kongeleg presteskap, same kva vi driv med, om det er praktisk arbeid, skulegang eller teoretisk arbeid, realfagstudiet er motivert av å søke sanning og derfor tenker eg meg at det soleis er relatert til prestetenesta i den nye pakt, men då blir det vesentleg å klargjere at metodane er ulike. I realfag har vi rasjonaliteten i matematikken og så prøver vi teoriane eksperimentelt, ved å observere den fysiske naturen, om det stemmer med erfaring, vil erfaringa underbygge teorien elles kan den avsanne den, så vi må prøve med ein annan formel eller teori.

Prøve ein profeti på om det skjer. Ein profet som Moses. Prøve læra på Guds Ord.

Gud sa til Moses at dersom nokon kjem med ein profeti, skal dei kunne prøve det på om det gjekk slik som han profeterte. Og så ville Gud reise opp ein profet som han, Moses var mellommann for den gamle pakta, men Kristus vart mellommann for den nye pakta.

5.Mos.18,15 Av ditt eige folk, av landsmennene dine, skal Herren din Gud reisa opp ein profet som meg mellom dykk. Han skal de høyra på.  16 Det var dette du bad Herren din Gud om ved Horeb, den dagen de var samla der, då du sa: «Eg kan ikkje lenger høyra på røysta åt Herren min Gud, og denne store elden kan eg ikkje lenger sjå på; for då må eg døy.»

17 Då sa Herren til meg: Det er rett det dei seier. 18 Av landsmennene deira vil eg reisa opp ein profet som deg mellom dei. Eg vil leggja orda mine i munnen hans, og han skal tala til dei alt det eg byd han. 19 Den som ikkje høyrer på dei ord han talar i mitt namn, han vil eg krevja til rekneskap. 20 Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn som eg ikkje har sagt han, eller talar han i namnet åt andre gudar, då skal den profeten døy.  21 Og om du tenkjer med deg: «Korleis kan vi vita om eit ord kjem frå Herren?» – då skal du hugsa: 22 Når ein profet talar i Herrens namn, og det han seier, ikkje hender og ikkje vert oppfylt, då er det ordet ikkje frå Herren. Det er profeten sjølv som har vore vørdlaus nok til å tala, og då treng du ikkje vera redd han.

Men sjølv om det er ein ekte profet, er det ikkje alltid så lett å prøve det, noko kan skje umiddelbart, så det vert stadfesta, noko anna kan ta mange hundrede år for det skjer og sjølv om det då skjedde, kan det vere mange som enno ikkje har oppfatta og forstått det, mange hundrede, ja, tusen år seinare. I Johannes openberring vart det endå til profetert om at den falske profet gjorde under, så det han sa, fekk han til å skje, i det minste såg det slik ut (Joh.Op.13).

I den kristen trua skal vi prøve lærene på Guds Ord, vi skal prøve det vi høyrer. Men eg innsåg også at det var viktig å tale Guds Ord, til dei som eg møter og i den kristne kyrkjelyden, for å prøve og finne ut om der er nokon som seier imot. Eg kjem i hug (1.8.2025) at det var noko som eg hadde tenkt på, så det vart ein grunn for meg til bevege meg fysisk, det låg klart for meg, som det vart sagt her.

 Livet er ein kamp for tilværet og det gir biologifaget si forklaring på. Men om vi tenker på «den sterkaste sin rett» så kan det lett komme i konflikt med å søke sanning, faktisk også i biologifaget. Det er som to motstridande interesser og eg tenker meg at det også vert ei sak for prestetenesta, med den skal vi lære å skilje mellom reint og ureint. Det kan ligge makt bak noko som ikkje er rett og sant, så mi vi lære å skilje gjennomskode det, så vi skil ut det som er ureint, kvitter oss med slagget og tek vare på sølvet. No brukar eg altså eit bilete frå prestetenesta til  å forklare realfagsstudiet. Ja, det er då eit poeng at vi er forsona med Gud ved at Kristus døde i staden for oss på korset, så vi har fått fred med Gud, så på grunnlag av den freden, kan vi vel få fred til å søke sanninga i realfag?! Å søke sanning i realfag vert då som å smelte ut reint sølv, det gjeld både kunnskap og rasjonalistisk innsikt.

Det sentrale poenget med prestetensta i den nye pakt er reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande, det gir oss åndeleg innsikt og eg hevdar det er sameinleg med og fruktbart for den rasjonalistiske innsikta. Men her er også eit poeng med at vi går frå det heilage romet inn i det høgheilage, fordi Jesus gjekk inn der med sitt blod og bana vegen for oss, så på blodets grunn skal vi gå inn for nådens kongsstol.

Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor stiga fram for nådens kongsstol med frimod, så vi kan finna miskunn og finna nåde som gjev hjelp i rette tid.

Då blir det klart for oss at Gud skaper noko heilt nytt ved sitt Ord, noko fullkome som står til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Det er Guds verk, så vi må ære og takke han for det, han gir ikkje si ære til nokon annan. Ingen kan komme og krevje at vi skal prøve å gjere det sjølve, heller. Det er ein åndeleg røyndom, til skilnad frå den fysiske naturen vi ser og sansar. Korleis kan vi då vite det? Ved at den Heilage Ande openberrar det for oss, ved at han openberra sitt Ord for oss. Gud er ånd og han gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.

Bodskapen i Maranat 4.5.2014. Gå den vegen Jesus har staka ut for deg, ein bana og rydda veg.

Tyding av tungetale ved John Miland:

«Ja, seier Herren, dersom du er villig til å høyre på mi røyst og gjere kva eg seier til deg, da skal du få oppleve å ete av landets gode ting, seier Herren. Og du skal vite det, seier Herren, at eg har berre det som er godt for deg. Eg vil ditt eige beste. Men føresetnaden for det, det er at lyder meg og går den veg som eg stakar ut for deg, seier Herren. Sjølv om det kan sjå vanskeleg ut, det kan sjå umogleg ut, då skal du vite det, seier Herren, at ingen ting er umogleg for meg. For eg har sagt i mitt ord at eg vil gå fram føre deg. Bommar av jern vil eg hogge sund og haugar vil eg slette, sånn at du skal gå på ein bana og rydda veg. Derfor gå i tru, seier Herren, og du skal få oppleve at du kjem ikkje på skam.

Du skal vite at eg er rik nok for alle som påkallar meg, sjå, den som opnar seg for meg og vil ta imot det eg har å gje, han skal få oppleve at han får eit godt og stappa, rista måltid i fanget, seier Herren. For sjå, eg er ingen karrig Gud, men eg ynskjer å velsigne deg og du skal vere til velsigning, mitt barn. Derfor ver frimodig, ver ikkje beskjeden, men gå fram på dei lovnadane som eg har gitt deg, seier Herren. For eg står bak mitt ord og eg har då sagt i mitt ord at eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Amen.

Ja, eg prisar deg og lovsyng deg, min frelsar og Herre, fordi du har gjenløyst meg, du har fylt meg med glede og fred i hjertet. Derfor vil eg prise deg og opphøye deg midt i kyrkjelyden. Og eg takkar deg fordi eg kjenner at du leier meg kvar ein dag. Og eg har no sagt at eg vil tene deg og gjere din vilje. Då skal du hjelpe meg og du skal gje meg råd med ditt auge. Og snart så kjem du for å hente meg heim til herlegdomen. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, min frelsar og Herre. Amen.»

 

Bodskapen i Maranat 18.5.2014. Gå i ferdiglagde gjerningar, i større innrømming og erkjenning, frå høgde til høgde.

Tungetale ved Mari, tyding ved Tore.

«La meg få lov til å ta hand om deg. Følg du berre mitt Ord, så skal du få kjenne, om enn du synest det går smått, så skal likevel eg som byrja, eg skal fullføre verket i deg. Og etter som du full – kjenner verket fullføres, så skal lengselen etter å bli lik meg, i all min herlegdom, styrkast, og du skal få oppleve – du skal gå ifrå herlegdom og til herlegdom. Du skal gå frå høgde til høgde. Du skal gå i større innrømming og erkjenning. Og eg skal vinne skikkelse i deg. Og du skal få oppleve, at det er eg som fyller deg, det  er eg som lever i deg. Det er eg som openberra min stordom i ditt liv.

Eg vil ikkje at du skal vere passiv, eg vil ikkje at du skal verte sitjande. Eg vil ikkje at du skal sitje der tafatt. Men eg ynskjer at du skal innfor mitt åsyn byrje å begjære av meg, byrje å rope til meg, byrje å søke meg. La Anden i ditt indre byrje å drive deg og du skal få lov til å oppleve at eg skal fylle deg med min aktivitet, med min energi, med min drivkraft og når min drivkraft ved den Heilage Ande byrjar å drive deg, då skal du få oppleve å trå i ferdiglagde gjerningar, som eg har lagt ferdige for at du skal gå i dei. Halleluja.»

Som kommentar til denne bodskapen skreiv eg om å studere meir, så når hausten kom byrja eg på grunnkurset i biologi og så to datafag.

Bodskapen i Maranata 5.10.2014. Eg skal prise og ære Jesus for frelsa og han vil legg ein ny pris til min pris. Eg skal vere frimodig og lovsynge han mellom heidningane.

Tungetale ved ein mann og John Miland tyda det:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at eg har behag i dykk som lovprisar mitt namn. Derfor, mitt barn, skal du ikkje halde deg tilbake, men du skal vere frimodig og løfte di røyst og prise meg og ære meg for den frelsa eg har tilveiebrakt. Og sjå, eg skal legge ein ny pris til din pris, seier Herren. Derfor, seier Herren, ver frimodig, lovsyng meg mellom heidningane, ær meg, pris meg, lovsyng mitt heilage namn og du skal få kjenne, at min herlegdom skal fylle deg. Amen.»

Bodskapen i Maranata 12.10.2014. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»

Kommentar 29.9.2024; Oppdatert 1.9.2025.

Kommentar til bodskapen.

Setninga «….det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv….» minna meg om at eg så mange gangar har skrive om Paulus si lære om at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna. Det er ein frigjerande bodskap, for Kristus er då Sanninga som set oss fri. Guds Ord skaper det som det nemner, eg skal gå inn på ordet og då skal eg ikkje lenger vere forsagd og leve tilbaketrukken, men eg skal gå ut på lovnadane og gå i fediglagde gjerningar. Det er det som han skaper meg til og då er det noko som eg passar til, fordi han skaper meg til det.

Ef.1,3 Velsigna er Gud,

vår Herre Jesu Kristi Far,

han som i Kristus velsigna oss

med all Andens velsigning

i himmelen.

Ef.2,4 Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik, 5 gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.

Han ville vere med meg og styrke meg med si kraft, «…når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom…..  . Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg ….

I det siste har eg skrive om at når eg var ni år vart eg kjend med han som min beste ven, som om han var ein skugge ved mi høgre hand og det seier han til meg her « ….. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar ……

Eg hadde nyst skrive om apologetikk, at matematikk og fysikk gjerne vert brukt til å underbygge trua på ein allmektig Gud som har skapt alle ting og som er heilag og rettferdig og som straffar uretten. Derfor treng vi alle den nåden han gir oss i Kristus. Dei kristne apologetikarane kritiserte utviklingslæra ved å hevde at det var usannsynnleg at det hadde skjett tilfeldig. Det også er kalkulering, men eigentleg verkar det som ei sjølvmotseiing at noko lagar seg sjølv. Eg meiner at Jesus svarde meg på dette slik: «…. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord ….».

Eg hadde studert realfag og då var det vel naturleg å fullføre det og nytte det, som ved å ta praktisk pedagogisk undervisning, eg hadde tenkt på det lenge, utan at det hadde vorte noko av, så eg tok det som eit kall og på nyåret for eg til Oslo og byrja på PPU på Blindern. Hausten 2014 vart det til at eg byrja å studere realfag igjen, primært biologi, men det vart informatikk og kjemi også.

Igjen sa han at eg skulle gå den vegen han hadde staka ut for meg, den vegen han hadde bana for meg gjennom forhenget i den himmelske heilagdomen. Jesus har gjort oss til eit kongeleg presteskap, same kva vi driv med, om det er praktisk arbeid, skulegang eller teoretisk arbeid, realfagstudiet er motivert av å søke sanning og derfor tenker eg meg at det soleis er relatert til prestetenesta i den nye pakt, men då blir det vesentleg å klargjere at metodane er ulike. I realfag har vi rasjonaliteten i matematikken og så prøver vi teoriane eksperimentelt, ved å observere den fysiske naturen, om det stemmer med erfaring, vil erfaringa underbygge teorien elles kan den avsanne den, så vi må prøve med ein annan formel eller teori.

Prøve ein profeti på om det skjer. Ein profet som Moses. Prøve læra på Guds Ord.

Gud sa til Moses at dersom nokon kjem med ein profeti, skal dei kunne prøve det på om det gjekk slik som han profeterte. Og så ville Gud reise opp ein profet som han, Moses var mellommann for den gamle pakta, men Kristus vart mellommann for den nye pakta.

5.Mos.18,15 Av ditt eige folk, av landsmennene dine, skal Herren din Gud reisa opp ein profet som meg mellom dykk. Han skal de høyra på.  16 Det var dette du bad Herren din Gud om ved Horeb, den dagen de var samla der, då du sa: «Eg kan ikkje lenger høyra på røysta åt Herren min Gud, og denne store elden kan eg ikkje lenger sjå på; for då må eg døy.»

17 Då sa Herren til meg: Det er rett det dei seier. 18 Av landsmennene deira vil eg reisa opp ein profet som deg mellom dei. Eg vil leggja orda mine i munnen hans, og han skal tala til dei alt det eg byd han. 19 Den som ikkje høyrer på dei ord han talar i mitt namn, han vil eg krevja til rekneskap. 20 Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn som eg ikkje har sagt han, eller talar han i namnet åt andre gudar, då skal den profeten døy.  21 Og om du tenkjer med deg: «Korleis kan vi vita om eit ord kjem frå Herren?» – då skal du hugsa: 22 Når ein profet talar i Herrens namn, og det han seier, ikkje hender og ikkje vert oppfylt, då er det ordet ikkje frå Herren. Det er profeten sjølv som har vore vørdlaus nok til å tala, og då treng du ikkje vera redd han.

Men sjølv om det er ein ekte profet, er det ikkje alltid så lett å prøve det, noko kan skje umiddelbart, så det vert stadfesta, noko anna kan ta mange hundrede år for det skjer og sjølv om det då skjedde, kan det vere mange som enno ikkje har oppfatta og forstått det, mange hundrede, ja, tusen år seinare. I Johannes openberring vart det endå til profetert om at den falske profet gjorde under, så det han sa, fekk han til å skje, i det minste såg det slik ut (Joh.Op.13).

I den kristen trua skal vi prøve lærene på Guds Ord, vi skal prøve det vi høyrer. Men eg innsåg også at det var viktig å tale Guds Ord, til dei som eg møter og i den kristne kyrkjelyden, for å prøve og finne ut om der er nokon som seier imot. Eg kjem i hug (1.8.2025) at det var noko som eg hadde tenkt på, så det vart ein grunn for meg til bevege meg fysisk, det låg klart for meg, som det vart sagt her.

 Livet er ein kamp for tilværet og det gir biologifaget si forklaring på. Men om vi tenker på «den sterkaste sin rett» så kan det lett komme i konflikt med å søke sanning, faktisk også i biologifaget. Det er som to motstridande interesser og eg tenker meg at det også vert ei sak for prestetenesta, med den skal vi lære å skilje mellom reint og ureint. Det kan ligge makt bak noko som ikkje er rett og sant, så mi vi lære å skilje gjennomskode det, så vi skil ut det som er ureint, kvitter oss med slagget og tek vare på sølvet. No brukar eg altså eit bilete frå prestetenesta til  å forklare realfagsstudiet. Ja, det er då eit poeng at vi er forsona med Gud ved at Kristus døde i staden for oss på korset, så vi har fått fred med Gud, så på grunnlag av den freden, kan vi vel få fred til å søke sanninga i realfag?! Å søke sanning i realfag vert då som å smelte ut reint sølv, det gjeld både kunnskap og rasjonalistisk innsikt.

Det sentrale poenget med prestetensta i den nye pakt er reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande, det gir oss åndeleg innsikt og eg hevdar det er sameinleg med og fruktbart for den rasjonalistiske innsikta. Men her er også eit poeng med at vi går frå det heilage romet inn i det høgheilage, fordi Jesus gjekk inn der med sitt blod og bana vegen for oss, så på blodets grunn skal vi gå inn for nådens kongsstol.

Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor stiga fram for nådens kongsstol med frimod, så vi kan finna miskunn og finna nåde som gjev hjelp i rette tid.

Då blir det klart for oss at Gud skaper noko heilt nytt ved sitt Ord, noko fullkome som står til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Det er Guds verk, så vi må ære og takke han for det, han gir ikkje si ære til nokon annan. Ingen kan komme og krevje at vi skal prøve å gjere det sjølve, heller. Det er ein åndeleg røyndom, til skilnad frå den fysiske naturen vi ser og sansar. Korleis kan vi då vite det? Ved at den Heilage Ande openberrar det for oss, ved at han openberra sitt Ord for oss. Gud er ånd og han gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.

Kommentar (ny).

Det sentrale poenget kom ikkje med i min første kommetar, men eg har skrive mykje om det seinare. Eg refererte til det i kommentaren til bodskapen 11.8.2019 (sjå lengre nede), men tek det med her:

Eg byrja å studere biologi hausten 2014 og på ei forelesing kjende eg meg sterkt tiltrekt av ei jente, eg kjende meg tiltrekt av kroppen hennar. Dette vedkjende eg for Gud i kveldsbøna og på møte i Maranata søndagen etter, sa Jesus til meg at eg skulle lovprise han for frelsa og glede meg i Herren, så ville han gje meg det som mitt hjarte attrår. Seinare fekk eg vita at ho var frå Ukraina, dette har eg skrive om tidlegare og då kalla eg henne Poly-Ester.

Dette svaret som Jesus gav meg, stemte med korleis eg bad for henne Reella også om minna meg om det, så det gjorde det klart for meg at eg skulle lovprise Jesus for at hans frelseverk var fullført både for meg sjølv, henne Reella og henne Poly-Ester. At eg skulle glede meg i Herren, har med tilbeding og lydnad å gjere, å seie ja til hans kall og følgje han. Det var det som fekk meg til å byrje å studere og då skal eg halde fram med å tenke slik i min studiesituasjon.

Jesus sa til meg at eg skulle søke han av heile mitt hjarte, eg skulle sjå til at mitt hjarte var i rett forhold til han. Det gjorde det klart for meg at eg skulle ta parti med han både i mitt forhold til Reella og henne Virtuella. Ja, eg skal ta parti med han i forhold til alle desse tre jentene, men det er ved å tenke på dei, be for dei og skrive om dei individuelt, ein i sær, for det er då ulike personar og vårt forhold til Kristus er personleg (Joh.10,1…).

 

Kommentar (gammal).

Sist søndag sa Jesus til meg at eg skulle prise han og ære han for den frelsa han hadde tilveibrakt og han ville legg ein ny pris til min pris. Eg skulle lovsynge han mellom heidningane og han ville fylle meg med sin herlegdom. Eg tenkte meg at den nye prisen han vil legge til min pris, er den kona han vil gje meg, ved at ho også lovpriser han for den frelsa han har tilveiebrakt. Eg skal lovprise han mellom heidningane, det får meg til å tenke på at universitetsmiljøet har sin tradisjon heilt ifrå det gamle Hellas og Paulus talte om grekarane som representantar for hedningane. Eg skal lovprise Jesus mellom hedningane og han vil fylle meg med sin herlegdom. Så eg tenker meg det er eit verk han vil gjere med meg mellom dei, at han vil gje meg ei kone mellom dei. Eg lovpriser han for frelsa og slik legg han ein nye pris til min pris.

Ja, då får eg vel byrje å sjå meg om etter ei dame? Men denne søndagen vert eg minna om det same paradokset igjen, eg skal ikkje sjå meg om, verken til høgre eller venstre, men eg skal ha blikket festa på han. Er vi oppreiste med Han, så skal vi ha blikket og hugen vendt opp til det som er der opp. Eg skal fryde meg og glede meg i hans frelse og han vil gje meg det som mitt hjerte attrår. For ho er inkludert i det fullførde frelsesverket og det er det eg må satse på, ved at eg fester blikket på Jesus og ærer og lovpriser han for det. Eitt er nødvendig og det er å verte fylt av hans Ande og kraft, av hans salving. For den vonde står oss imot. Men i Jesu kraft og Jesu salving har vi meir enn siger. For han som er i oss er større enn  han som er i verda.

Eg skal takke han for den frelsa han har tilveiebrakt og då vil eg takke han for at han frelser nokon, så denne søndagen takka eg han for at han har frelst meg og med tru og håp og med god grunn, takka eg han for at han frelser henne ”Miss Oslo 1990” og henne E.E. Så på dette møtet sat eg og bad for henne E.E., bad han styrke henne med si ånd og kraft.

Han svarde meg med å seie at der er mange mellom hans folk som har vorte liggande etter og han vil at vi skal be for dei og han vil møte dei og fylle dei med sin Ande, si kraft og si salving. For sjå, det er berre med hans kraft eg kan vinne siger. Så det heng saman.

 

Bodskapen i Maranat 16.5.2016: For der min Ande kjem til, der banast nye vegar, der opnast nye dører. Der smykkast mi menigheit i dei herlegaste prydingar og mi menigheit, den skal reisast opp i kraft og i herlegdom. Halleluja.

Tungetale ved Mari, tyding ved Tore.

 

Eg vil at mine barn, at deira liv skal vere som ei open kjelde, som er fylt til stadigheit  av min Heilage Ande. Slik at det til ei kvar tid kan byrje å flyte over. Derfor må du påsjå, at du stiller deg under min nåde, under mine lovnads ord, innfor mitt åsyn. Og du står der som ei open kjelde og let min Heilage Ande få lov til å fylle, så det flyt over. Då skal det komme til syne, som du lengtar etter. Då skal du kjenne det som du tørstar etter. Då skal fruktene og mine nådegåver byrje i ditt liv å fungere. Ikkje av deg sjølv, men det er min Ande som skal gjere det. Derfor, vert fyllt av min Ande, så skal alt det du stundar etter, det skal skje med deg.

Når salvinga fyller deg, då skal alle lenker briste. Då skal alle bånd rivast i stykker. Då skal alt det som du kjenner tynger deg ned, det skal du kjenne, skal verte løfta bort. Når den levandegjerande, min Heilage Ande, pinsekrafta, kjem inn i ditt tilvære, då skal du få oppleve  å få Bibel som du aldrig før har eigd, den skal verte levande. Du skal kjenne at Ordet skal bli eld for deg. Ordet skal lyse for deg. Du skal merke at Ordet skal byrje å danne deg, slik eg vil ha deg. Derfor bli fylt av min Heilage Ande og du skal få leve under ein open himmel. Halleluja.

Eg har talt til mine born gjennom mitt Ord. Men når mine born ikkje vil ta til seg av mitt Ord, kva skal eg då gjere. Når mine born ikkje vil opne seg for meg, kva skal eg då gjere? Jau, det er berre ein ting å gjere, det er at truas Ord får lyde. At evangeliets bodskap får lyde. At Andens salving får virke. Då skal de oppleve i dykkar møte, at eg Herren, skal opne stengde dører. Eg, Herren skal slette det bakkede. Eg, Herren, skal opne himmelens sluser. Og då nyttar det ikkje å stoppe til, då nyttar det ikkje å hindre. For der min Ande kjem til, der banast nye vegar, der opnast nye dører. Der smykkast mi menigheit i dei herlegaste prydingar og mi menigheit, den skal reisast opp i kraft og i herlegdom. Halleluja.

 

Bodskapen 11.8.2019 Sion Åheim: «Du har lite kraft …. sjå, seier Herren, eg har sett foran deg ei opa dør … Velkommen, gå inn i den opne døra og du skal sjå at eg har førebutt gode gjerningar for deg.

Tungetale ved Inge-lill, tyding ved Oddleif.

«Eg kjenner deg, seier Herren, i begge mine hender har eg teikna deg, du er min. Eg kjenner dine gjerningar og eg veit at du har lita kraft. Eg veit at du føler deg tilkortkommen og skrøpeleg og fattig. Eg veit at du føler du ikkje strekk til, men det er ikkje heile sanninga. For sjå, seier Herren, eg har sett foran deg ei opa dør. Ei opa dør som berre eg kan opne. Ei opa dør som ikkje du treng å presse deg gjennom. Men ei opa dør som eg seier velkommen gjennom. Velkommen, gå inn i den opne døra og du skal sjå at eg har førebutt gode gjerningar for deg. Du treng ikkje å – å minne meg om din eigen fattigdom, men eg vil at du skal påkalle meg av heile ditt hjerte. Eg vil at du skal opphøgje namnet mitt, for eg er rik nok, eg er sterk nok, seier Herren. Eg er frimodig nok og eg bur i ditt hjerte. Eg sende talsmannen, den Heilage Ande, for at du skulle kjenne og vite, at eg lever i deg. Og eg sende også talsmannen for å førebu ein veg, midt i øydemarka, for å skape liv, der som ingen andre kunne tru at det var mogleg. Eg har sendt den Heilage Ande, for å førebu menneske på denne stad, for å ta imot evangeliet. Og de skal få sjå ting som de ikkje trudde var mogleg. Fordi eg førebur, eg førebur nytt liv, eg førebur nye menneske. Og eg ynskjer å bruke deg, på tross av din skrøpelegdom. Eg veit at du har lita kraft, men du har ikkje forlete den første kjærleik. Eg veit at du kan seie frå djupet av ditt hjarte: Eg elskar deg, Jesus. Og det er nok for meg, seier, Herren, eg elska deg først og så elskar du meg tilbake. Derfor skal du legge deg trygt i natt, utan fordømming, utan nederlagsføling og du skal få vakne opp til ein ny dag og kjenne at: dette er den første dag i resten av mitt liv. Ein ny dag med nye moglegheiter, sjå, det gamle er forbi, sjå, alt har vorte nytt. Og du skal få vere med meg inn i noko nytt, seier Herren. Du skal få vere med meg og sjå at eg gjer nye ting i ditt liv og at eg gjer nye ting i din familie. Du skal få vere med å sjå at eg gjer nye ting i bygder og byar, som mange trudde var umogleg, som mange trudde det var forbi, men sjå, eg gjer noko nytt, seier Herren. Skal de ikkje oppleve det? Skal de ikkje vere med på det som eg har førebudt? For eg har førebudt ei innhausting i dei siste dagar og eg veit at markane er kvite til haust. Og eg ynskjer å invitere deg med, slik at du kan få sjå det, du kan få oppleve det, du kan få delta i det. Og alt dette gjer eg, ikkje på grunn av deg, men på grunn av at eg elskar verda så høgt og eg elskar deg, på tross av dine feil, seier Herren. Og eg ynskjer at du vil opne ditt hjerte og seie: Herre, her er eg, send meg. Amen.»

17 responses to “2008.09.28.Sion.Gå i ferdiglagde gjerningar.”

  1. […] Eg hadde sett meg ut i bilen for å køyre til møte, eg tenkte på noko eg nyst hadde lese i Bibelen og sa i mitt stille sinn at dersom det vart høve til fri vitnemål, ville eg dele det, men det var litt mykje til å seie i eit vanleg vitnemøte, men dette møtet vart litt spesielt. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2008-09-28-sion-ga-i-ferdiglagde-gjerningar/ : […]

  2. […] Eg hadde sett meg ut i bilen for å køyre til møte, eg tenkte på noko eg nyst hadde lese i Bibelen og sa i mitt stille sinn at dersom det vart høve til fri vitnemål, ville eg dele det, men det var litt mykje til å seie i eit vanleg vitnemøte, men dette møtet vart litt spesielt. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2008-09-28-sion-ga-i-ferdiglagde-gjerningar/ : […]

Leave a reply to Davidsætta; frå kongeslott til Drakulas slott og ruin. Davids rotrenning og ætt; frå jordisk heilagdom til himmelsk heilagdom. | Trua & entropien. Cancel reply