Jesus sa til oss:
Du må løfte ditt blikk opp, det er der du møter meg i Anden, og det er – du er ånd og eg er ånd og eg har lagt din ånd ned i deg, så derfor skal de løfte meg opp, fryde dykk i meg, så skal de sjå at ei ny glede vinn fram. Denne gleda vil forløyse dykkar liv på ein slik måte, at de endå meir vert i stand til å ta imot det som eg vil gi dykk, endå meir vere i stand til å ta imot det. For det er nemleg gjennom gleda og det er den styrken de kan ha og vere grunnfesta i. Og eg frydar meg når eg ser denne gleda, trua si glede utgytt frå min Ande og ifrå ditt hjerte. Så du begynner å gripe hemmelegheita i dette, så skal du sjå at eg har kraft til siger, seier Herren.
Maranata. Møte på Misjonshuset på Høvik, Tysdag 12.5.09.
Tyding av tungetale ved Roar Grande.
Fritt igjen fortalt: Herren sa at det var ikkje tilfeldig at vi var der, vi utgjorde eining, det tydde vel på at det var han som hadde sett den saman, han sa at han hadde lengta etter dette møtet.
Mp3-opptak:
… … Eg er den same og som du har venta på veldig lenge, så vil du sjå at eg er frigjeraren. Eg er den som set fri, eg gir ei ny kraft og eg gir ei ny oppreisning for ein kvar som vil søke meg.
Ny tungetale med tyding:
De skal få kjenne og sjå at eg er den Gud som gir feite rettar. Eg har sagt om ein gammal klarna sti, og der skal komme … og det er ei utgyting av min Ande etter mitt Ord og etter den lovnaden eg har talt, så vil du sjå og skue, når du møter meg oppe i det åndelege. Du må løfte ditt blikk opp, det er der du møter meg i Anden, og det er – du er ånd og eg er ånd og eg har lagt din ånd ned i deg, så derfor skal de løfte meg opp, fryde dykk i meg, så skal de sjå at ei ny glede vinn fram. Denne gleda vil forløyse dykkar liv på ein slik måte, at de endå meir vert i stand til å ta imot det som eg vil gi dykk, endå meir vere i stand til å ta imot det. For det er nemleg gjennom gleda og det er den styrken de kan ha og vere grunnfesta i. Og eg frydar meg når eg ser denne gleda, trua si glede utgytt frå min Ande og ifrå ditt hjerte. Så du begynner å gripe hemmelegheita i dette, så skal du sjå at eg har kraft til siger, seier Herren. Og både familie og venner og nære skal få kjenne kva Ande de har fått over dykk. Og de skal få kjenne at når denne Ande, denne – slår rundt dykk i vide ringar, så vil menneska kjenne at de har med ein levande Gud å gjere. Den kjærleik som stråler ut frå dykk, den treng du ikkje å snakke om, du treng ikkje å tale om det, men de vil berre kjenne at de er kjærleiksbodbringarar, de er mine ambassadørar som vil gå og vandre og berre enkle ord, for det er salvinga som løyser åket, det er salvinga som openberrar kven eg er, det er salvinga som tek vekk mørkret i denne verda og lyser opp i kroken. Det er det eg gjer, fordi de har elska meg og vore saman med meg der oppe. Då vert eg saman med dykk der nede. Halleluja.