Faderen vitna om Son sin:
De har høyrt om mi kraft, den krafta som reiste Kristus opp frå dei døde. De har høyrt om min frelsesplan, som tok til i det øyeblikket relasjonen som eg hadde skapt mellom (meg og dykk)? ble broten. De har høyrt om det fantastiske verket som Jesus gjorde då han vart fødd inn i verda, som ein av dykk, levde under same kår som dykk, blei utsatt for dei same prøvelsane som dykk, for å leve feilfritt, for å leve reint, til mi ære. Fordi han visste at han skulle bere skulda som de bar på, for at han skulle bere synda som de bar på, skamma som de bar på. For at han skulle ta det på seg, og bli gjort til synd, bli gjort til skam, for at all sjukdom og plage skulle verte lagt på han, for at de skulle få liv, tilgiving for synd, fridom frå skam og lækjedom til kroppane dykkar. Alt dette gjorde han ut av kjærleik til dykk. Eg er ein Gud som elskar dykk med ein evig kjærleik. Be meg og eg skal openberre det for hjerta dykkar. Be meg og eg skal vise dykk min kjærleik i det mål som de toler å sjå det og hjerta dykkar vil bli overvelda, for min kjærleik er så mykje større enn de kan nokon gong fatte. Min kjærleik er så mykje større enn de kan nokon gong klare å ta inn. Men eg vil vise dykk min kjærleik. Be meg og eg vil openberre meg for hjerta dykkar.
(Tyding av tungetale, Ebeneser Volda, 2. påskedag, 5.4.10.)