Gud vil at alle hans born skal vere fylt av straumen som flyt fram ifrå dåp i den Heilage Ande.
Møte i Maranata 6.11.2016.
Innleiing ved John Miland.
2KO 5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.
Så sa han at vi skulle glede oss over at namna våre er skrivne i livsens bok. Har Jesus skrive namnet ditt der, så er det ingen som kan stryke det ut.
Tungetale ved John, tyding ved Tore Kristiansen.
Lukk din munn vidt opp, då skal eg fylle den. Pris meg og lov meg og eg skal gi deg kva ditt hjerte begjærer. La ditt sinn og dine tankar vere vendt imot meg og ikkje til det som er her nede. Då skal eg la mi velsigning følgje deg i alt kva du gjer. Og du skal få kjenne at eg lever og er oppstått i ditt hjerte. Men dersom du går i dine eigne tankar og syslar med dine eigne ting, då er himmelen lukka. Men når du opnar ditt hjerte og ditt sinn for meg, så skal eg Herren velsigne deg. Og du skal kjenne at i mine sår og gjennom mitt blod, har du både utfriing og lækjedom.
Kvifor er du nedbøygd, kvifor ligg du nedslått? Har ikkje eg sagt: ”Kom til meg og eg skal gje deg kvile. Kom til meg og eg skal ta børa av. Kom til meg og eg skal setje deg fri. Derfor er du utan unnskyldning. Gå ikkje å dra på dine eigne ting. Men som du høyrde frå mitt ord, det gamle er forganga og alle ting er blitt nye. Stå i det, lev i det og du skal få kjenne at du er og forblir ei levande kjelde. Amen.
Tale ved Tore.
Tore las fyrst ifrå ein Salme om at Gud var ein trygg bustad for folket sitt, som vi syng i ein salme: ”Vår Gud har er så fast ei borg ….”
Så talte han om kjelda med det levande vatnet.
1MO 2,6 – 1MO 2,8 Men så braut ei kjelde fram or jorda og vatna heile marka. 7 Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning. [På hebr. heiter mann adam og mark eller jord adama.] 8 Herren Gud planta ein hage i Eden, ein stad i aust. Der sette han mannen han hadde skapt. [Eden: Namnet likjest eit hebr. ord for glede. I den gr. oms. vert hagen kalla paradeisos, av det vårt “paradis”.]
Her var alt kva menneska trengde.
SLM 23,1 – SLM 23,2 {HERREN ER MIN HYRDING} Ein Davids-salme Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting. 2 Han lèt meg liggja i grøne enger; han fører meg til vatn der eg finn kvile,
2MO 17,1 – 2MO 17,7 {VATN OR BERGET} Så tok heile Israels-folket ut frå Sin-øydemarka og fór dagslei etter dagslei, som Herren baud dei. Sidan slo dei leir i Refidim. Men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka. 2 Difor tretta folket med Moses og sa: “Gjev oss vatn, så vi får drikka!” Moses svara: “Kvifor trettar de med meg? Kvifor set de Herren på prøve?” 3 Men folket tyrsta etter vatn. Dei murra mot Moses og sa: “Kvifor har du ført oss opp frå Egypt? Vil du at vi og borna våre og feet vårt skal døy av torste?” 4 Då ropa Moses til Herren og sa: “Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge før dei steinar meg!” 5 Herren sa til Moses: “Far føre folket saman med nokre av dei eldste i Israel! Ta med deg staven som du slo på elva med, og gå! 6 Så skal du få sjå meg stå framfor deg på berget ved Horeb. Når du slår på berget, skal det strøyma fram vatn, så folket får drikka.” Moses gjorde som Herren sa, medan dei eldste i Israel såg på. 7 Den staden kalla dei sidan Massa og Meriba. For der tretta israelittane med Moses, og der sette dei Herren på prøve då dei sa: “Er Herren mellom oss eller ikkje?” [Massa: “prøve”.] [Meriba: “trette”.]
Dette berget er symbol på Kristus. Han vart slegen for vår skuld.
1KO 10,4 og drakk den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som fylgde dei; og berget var Kristus.
JOH 4,10 – JOH 4,14 Jesus svara: “Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.” 11 “Herre,” sa ho, “du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?” 13 Jesus svara: “Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.”
JOH 4,41 – JOH 4,42 Og mange fleire trudde då dei fekk høyra hans eige ord, 42 og dei sa til kvinna: “No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa; for vi har sjølve høyrt han, og vi veit for visst at han er den som skal frelsa verda.”
JOH 7,37 – JOH 7,39 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: “Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.” 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.
Tungetale ved ein mann, tyding ved Tore.
Eg er så glad for at han har teke meg ved si hand. Mi ånd seg frydar i min Gud. Han har kalla meg frå det djupe. Tenk han løyste syrgjekleda av meg og så sveipte han meg i frelsa si kledning. Og så kjenner eg i mitt indre, det er som nyfylte skinnsekkar. Det berre sprenger på og eg kan ikkje la vere. Eg må prise denne ……….., eg må prise han så lenge eg er til. Eg kan ikkje la vere å takke han. For store ting har han gjort imot meg. Og mi ånd kjenner det godt.
Og eg vil at alle mine born skal vere fylt av straumen som flyter fram ifrå dåp i den Heilage Ande. Dei skal få kjenne krafta si kjelde. De skal få merke det – kor overskuddet skal vere nok til å få dei til å fryde seg i sine sjeler for meg. For når eg fyller hjertet, så flyt det over. Når eg fyller sinnet, så må ein tale om Jesus. Når eg fyller ditt tilvære, då går det mot høglys dag.
Aktuelle bibelvers.
MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE} På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”
JES 12,1 – JES 12,6 {ISRAELS LOVSONG FOR HERRENS FRELSE} Den dagen skal du seia: Eg takkar deg, Herre. Du var harm på meg. Men harmen din kvarv, og du trøysta meg. 2 Sjå, Gud er mi frelse, eg er trygg og ottast ikkje. For Herren er mi kraft og min styrke, og han har vorte mi berging. 3 Med fagnad skal de ausa vatn or frelseskjeldene. 4 Og den dagen skal de seia: Lovpris Herren og kall på hans namn! Kunngjer hans gjerningar mellom folka, forkynn at hans namn er opphøgt! 5 Syng for Herren, for han har gjort storverk; lat heile verda få vita det! 6 Rop høgt av fryd og fagnad, de som bur på Sion! For stor er Israels Heilage, og han er midt imellom dykk.
LUK 10,20 Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!”
ÅPE 21,27 Men noko ureint skal aldri koma inn, og ikkje nokon som fer med heidensk styggedom og lygn, men berre dei som er oppskrivne i livsens bok hjå Lammet.
ÅPE 22,1 – ÅPE 22,5 {LIVSENS VATN OG LIVSENS TRE} Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå kongsstolen til Gud og Lammet. 2 Midt imellom bygata og elva står livsens tre, fritt til begge sider. Det ber frukt tolv gonger og gjev si frukt kvar månad. Og lauvet på treet er til lækjedom for folka. 3 Det skal ikkje lenger finnast noko som er under forbanning. Kongsstolen til Gud og Lammet skal vera i byen, og tenarane hans skal tena han. 4 Dei skal sjå Guds åsyn, og namnet hans skal vera på panna deira. 5 Natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje ljos av lampe eller av sol, for Herren Gud skal lysa over dei. Og dei skal råda i all æve.
ÅPE 22,12 – ÅPE 22,14 Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort. 13 Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. 14 Sæle er dei som vaskar kleda sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen.
ÅPE 22,17 Anden og brura seier: “Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: “Kom!” Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.
SLM 37,1 – SLM 37,11 {LEGG DIN VEG I HERRENS HAND!} Av David. Harmast ikkje på dei som gjer vondt, misunn ikkje dei som gjer urett! 2 For dei visnar så snart som graset og turkar bort som grøne groen. 3 Lit på Herren og gjer det gode, så skal du få bu i landet. Legg vinn på truskap! 4 Ha di lyst og glede i Herren, så skal han gje deg det hjarta ditt ynskjer! 5 Legg din veg i Herrens hand, lit på han, så skal han gripa inn. 6 Han skal la di rettferd bryta fram som ljoset, din rett skal verta som høgljos dag. 7 Ver still for Herren og venta på han! Lat ikkje harmen loga mot den som har lukka med seg, mot den som set vonde planar i verk! 8 Gjev vreiden opp, lat harmen fara! Lat ikkje harmen loga – det fører berre ulukke med seg. 9 For dei som gjer vondt, skal rydjast ut, men dei som ventar på Herren, skal arva landet. 10 Om ei lita stund er den gudlause borte; ser du etter på hans stad, så er han der ikkje. 11 Men dei tolsame skal arva landet og gleda seg over lukke og fred.
SLM 23,1 – SLM 23,6 {HERREN ER MIN HYRDING} Ein Davids-salme Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting. 2 Han lèt meg liggja i grøne enger; han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3 og gjev meg ny kraft. Han leier meg på dei rette stigar for sitt namn skuld. 4 Om eg så går i dødsskuggens dal, ottast eg ikkje for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.] 5 Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje; mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.] 6 Berre godleik og miskunn skal fylgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus i lange tider.
LUK 5,37 – LUK 5,39 Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer den nye vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene vert øydelagde. 38 Nei, ny vin må ein fylla i nye skinnsekker. 39 Og ingen som har drukke gamal vin, har hug på ny. Han vil seia at den gamle er best.”
SKR 3,3 – SKR 3,5 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. [i skitne klede: til teikn på sorg og bot.] 4 Og engelen sa til dei som stod framfor han: “Ta av han dei skitne kleda!” Til Josva sa han: “Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.” 5 Då sa eg: “Set ein rein turban på hovudet hans!” Og dei sette ein rein turban på hovudet hans og tok på han kleda, medan Herrens engel stod der.
JES 61,1 – JES 61,4 {EIT NÅDEÅR FRÅ HERREN} Herrens Ande er over meg; for Herren Gud har salva meg. Han har sendt meg til å forkynna ein gledebodskap for armingar, til å lækja dei som har eit knust hjarta, til å ropa ut fridom for fangar og frigjering for dei bundne. 2 Eg skal ropa ut eit nådeår frå Herren, ein dag med straff frå vår Gud. Eg skal trøysta alle som syrgjer, 3 og gje dei syrgjande i Sion hovudprydnad i staden for oske, gledeolje i staden for syrgjeklede og lovsong i staden for motløyse. Dei skal kallast rettferds mektige tre, som Herren har planta for å syna sin herlegdom. 4 Dei skal byggja opp att gamle ruinar, reisa det som før vart lagt i øyde, byggja på nytt dei nedbrotne byar, som låg der aude frå ætt til ætt.
JES 61,10 – JES 61,11 Eg vil gleda meg storleg i Herren, mi sjel skal jubla i min Gud. For han har kledt meg i frelsesskrud og sveipt meg i rettferds kappe, lik ein brudgom som pryder sitt hovud, lik ei brur som tek på seg sine søljer. 11 For liksom jorda lèt groen renna, og hagen lèt sædet brydda, så skal Herren vår Gud la rettferd gro fram og lovsong lyda for alle folkeslag.
JES 58,6 – JES 58,12 Nei, så er den faste som eg vil ha: at du løyser dei som med urett er bundne, sprengjer banda i åket og friar ut dei som er trælka, ja, knekkjer kvart åk, 7 at du deler ditt brød med dei som svelt, og lèt heimlause stakkarar koma i hus, at du kler den nakne som du ser, og ikkje sviktar dine eigne. 8 Då skal ljoset ditt renna som morgonroden, snart skal dei lækjast og gro, dine sår. Di rettferd skal gå føre deg og Herrens herlegdom sist i ferda. 9 Då skal Herren svara når du kallar på han, når du ropar om hjelp, skal han seia: “Her er eg!” Når du tek bort kvart tyngjande åk, held opp med å peika fingrar og tala vondt om andre, 10 når du deler ditt brød med den som svelt, og mettar den som lid naud, då skal ljoset renna for deg i mørkret, og natta skal verta som ljose dagen. 11 Herren skal alltid leia deg og metta deg i det turre land. Han skal styrkja deg; du skal verta som ein vassrik hage, ja, som ei rennande kjelde der vatnet aldri tryt. 12 Du skal byggja opp att gamle ruinar og reisa grunnmurar frå farne ætter. Då skal dei kalla deg murbrotbøtar, han som vøler vegar, så folk kan bu i landet.
OSP 4,18 Men stigen åt dei rettferdige er lik morgonglima, som vert bjartare og bjartare til det er ljos dag.
SKR 3,8 Høyr no, Josva, øvsteprest! Du og embetsbrørne dine, som sit framføre deg, de er varselsmenn. For sjå, eg lèt min tenar Renning koma. [Renning: -> Jes 4, 2.]
SKR 4,6 Då tok han til ords og sa til meg: Dette er Herrens ord til Serubabel: Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, seier Herren, Allhærs Gud.
1KO 12,13 For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin lekam, anten vi er jødar eller grekarar, trælar eller frie; og alle fekk vi éin Ande å drikka.
ÅPE 22,16 Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.”
Kommentar.
Eg skreiv at eg hadde håp for Arbeidarpartiet. Tok eg munnen for full?
Eg har nyleg skrive eit forholdsvis stort dokument som eg kalla ”Bibelsk prestetenest og motstanden frå verda. Frå slavesamfunn til kapitalisme. Kva med klassekampen/ marxismen?” Og som aktuell sak skreiv eg om at etter terroråtaket i Oslo bad vi for dei berørte og for byen og landet og det svaret som Jesus gav oss. Han ville gjere noko nytt i midten, han ville ta omsorg for sine born. Så skreiv eg at eg trudde der var håp for Arbeidarpartiet og då viste eg til denne bodskapen. Ja, den nye Ap-leiaren, Jonas Gard Støre har vedkjent si tru på Jesus, så det ser ut til at han blir sentral i det nye som Jesus vil gjere i midten (bodskapen 7.8.2011) og det er gledeleg, det er eit stort takke-emne for oss, det må vi hugse på og ta med i våre bøner.
Men no når eg kom til dette møtet hadde eg litt blanda følelsar for det, for eg kjende på denne depresjonen som eg skreiv om som kommentar til bodskapen 23.10.2016. Og eg kunne ta med homodemonstrasjonane og den bodskapen som kom i juni med trussel om Guds straffedom. Eg har ei aning om at ho Virtuella er sentral i dette, for eg skulle vere kanal for Guds velsigning og då har eg i sommar tenkt på at eg skulle vere kanal for Guds velsigning til henne, men det verkar som om ho ikkje har teke imot den, Jesus har svart oss og då har han talt til henne og kalla henne, men det verkar som om ho ikkje har vendt seg til han og teke imot hans kall. Derfor har det enda med depresjon. Eg har fått forståing for at ho har vore sentral i kvinnerørsla på venstresida av norsk politikk og reknar med at ho er det framleis. Den har makt i Arbeidarpartiet og det er ikkje lenge sidan eg såg i massemedia ei Ap kvinne som var så tydeleg sur og gav uttrykk for det i ei dømmande haldning, tradisjonen tru var det nok overfor ”høgre-kreftene”, dei to regjeringspartia. Eg reknar med det gav uttrykk for depresjonen hennar Virtuella. Så hadde eg teke munnen for full når eg sa dette om Ap? Men så svart Jesus meg:
” Lukk din munn vidt opp, då skal eg fylle den. Pris meg og lov meg og eg skal gi deg kva ditt hjerte begjærer. La ditt sinn og dine tankar vere vendt imot meg og ikkje til det som er her nede. Då skal eg la mi velsigning følgje deg i alt kva du gjer. Og du skal få kjenne at eg lever og er oppstått i ditt hjerte.”
Nei, eg hadde ikkje teke munnen for full, eg skal no berre opne den opp, så vil Jesus fylle den. Eg skal love han og prise han, så vil han gje meg det som mitt hjerte begjærer. Eg skal la sinn og tankar vere vende opp til han og ikkje til det som er her nede, så vil han la si velsigning følgje meg i alt eg gjer. Då skal eg få kjenne at han lever og er oppstått i mitt hjerte. Ja, det er no slik eg har håp om at han gjev meg ei kone. Han har no sagt at han vil openberre livet i meg og gjennom meg. Slik trur eg han gjer henne levande saman med meg og fører henne til meg, så ho vert kona mi, i samsvar med 1.Mos.2. Slik gjer han meg til kanal for si velsigning og dette er ei sentral og vesentleg hendsikt med mi presteteneste. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud, han talar til meg og slik talar han gjennom meg til henne, som han gjev meg til kone og slik talar han til sin kyrkjelyd.
Slik får ho Virtuella her eit treffande svar, slik talar han rett inn i den depresjonen:
”La ditt sinn og dine tankar vere vendt imot meg og ikkje til det som er her nede. Då skal eg la mi velsigning følgje deg i alt kva du gjer. Og du skal få kjenne at eg lever og er oppstått i ditt hjerte. Men dersom du går i dine eigne tankar og syslar med dine eigne ting, då er himmelen lukka. Men når du opnar ditt hjerte og ditt sinn for meg, så skal eg Herren velsigne deg. Og du skal kjenne at i mine sår og gjennom mitt blod, har du både utfriing og lækjedom.
Kvifor er du nedbøygd, kvifor ligg du nedslått? Har ikkje eg sagt: ”Kom til meg og eg skal gje deg kvile. Kom til meg og eg skal ta børa av. Kom til meg og eg skal setje deg fri. Derfor er du utan unnskyldning. Gå ikkje å dra på dine eigne ting. Men som du høyrde frå mitt ord, det gamle er forganga og alle ting er blitt nye. Stå i det, lev i det og du skal få kjenne at du er og forblir ei levande kjelde. Amen.”
Har du vendt deg bort ifrå Herren, så er det ikkje hjelp i å prøve å unnskulde seg med å prøve å skulde på andre. Men den glade bodskapen vi har å halde oss til og forkynne for andre, er at Jesus med sin død på korset betalte vår skuld og sona vår synd.
Sentrums-partia.
Det trengst ikkje stor fantasi til å forstå at slik talar det til Krf og dei andre sentrumspartia også. For som eg skreiv i dette dokumentet, når Krf opponerer mot dei to regjeringspartia, så skin det så tydeleg gjennom, at det heng saman med at dei opponerer mot Herren, at det som eigentleg er problemet deira, er at dei har vendt seg bort ifrå Herren og vike av frå denne preste-tenesta som eg skreiv om.
Lækmanns-predikantar, bibelsk presteteneste og privat initiativ.
Når Hans Nilsen Haug byrja å reise rundt som predikant, fekk han motstand frå prestane. Dei var den lærde overklassa og kravde monopol på å forkynne. Men med forkynninga si gav han starten til noko nytt. Han oppmuntra også til å starte private bedrifter. Det viser at der var også ei økonomisk side av saka. Begge sidene har prega Sunnmøre, der eg kjem ifrå. Slik har eg også fått motstand frå den tradisjonelt ”lærde” overklassa og der er framleis ei økonomisk side av saka. Eg har fått merke motstanden frå dei vonde åndsmaktene, som motstand mot at eg skulle få meg ei kone og det er ikkje vanskeleg å forstå at den motstanden er drepande både for det åndelege livet og det privatøkonomiske livet.
Som eg har forklart, har motstanden fått respons på venstresida av norsk politikk, som klassekamp og kvinnefrigjering. Men eigentleg tek det sikte på å innføre eit diktatur, som så til de grader strir mot grunnleggande menneskerettar og demokrati. Det vert endåtil framstilt som vitskapleg, men vi som er opplyste av Guds Ord veit vel og forstår vel at eigentleg er det avgudsdyrking. Det er slik som eg skreiv som innleiing i dette dokumentet, at mørkemannskulturen bryt med eit grunnleggande rettsprinsipp og er ikkje sameinleg med fridom og demokrati. Likevel har den gjennomsyra norsk politikk og det har vore drepande for det politiske livet.
Det eg har å stille opp mot dette, er å tru at Jesus stod opp frå dei døde, at hans frelsesverk er fullført og fullkome og så ære og takke han for det. Han kom for å gje oss ånd og liv, så då er det berre for meg å løfte blikket og hugen opp til han og ta imot det som han gjev meg frå det høge, verte fylt av den Heilage Ande. Han har planta livet i meg og han vil openberre det i meg og gjennom meg.
Lovprisinga i slutten av møtet. Døypte med den Heilage Ande.
I bodskapen i byrjinga av møtet vart eg atter minna om å la mitt sinn og mine tankar vere vendt opp til Jesus og ikkje til det som er her nede. Ja, det vart sagt til meg i bodskapen 18.9.16 også og då vart eg minna om henne ”Miss Oslo 1990” og den herlege gleda hennar, så eg lovprisa Gud og Lammet for hennar frelse, eg trur ho er fødd på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus har planta livet i meg, eg meiner eg fekk oppleve at han var med meg og døypte henne med den Heilage Ande, han gav henne ånd og liv og det trur eg at eg kan glede meg over framleis. For han lever og vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde.
Så når vi reiste oss og bad i slutten av møtet, la eg vinn på å vende mitt sinn og mine tankar opp til han og ikkje til det som er på jorda. Med den trua, det livet, den Anden og den kjærleiken han har gjeve meg i hjertet, takka eg for henne ”Miss Oslo 1990”, han har skapt henne, født henne på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Han har gitt henne ånd og liv. Så eg takka han for at ho er den ho er. Då kom denne bodskapen gjennom tyding av tungetale og eg forstår det slik at det er den Heilage Ande som hjelper meg i mi lovprising. Så sa Jesus at han ville alle hans barn skulle ha denne straumen som flyt fram frå dåpen med den Heilage Ande. Ja, Jesu frelsesverk er fullført og fullkome og på det grunnlaget fekk vi den Heilage Ande. Når vi held fram med å bygge på evangeliets grunnvoll, er der ingen god nok grunn til at eg eller vi skal gå tilbake på det. Eg søkte samfunn med Gud på den grunnvollen og bad for henne Virtuella og fekk oppleve at han døypte henne med den Heilage Ande. Held vi fram med å bygge på evangeliets grunnvoll, er der ingen god nok grunn til at vi skal gå tilbake på det.
Dåpen symboliserer at det gamle er borte, der er kome noko nytt. Jesus gjennomfører det ved å døype oss med den Heilage Ande. Med ein Ande døyper han oss til å vere ein lekam. Slik blir vi som levande steinar oppbygde til eit tempel i Anden. Det skjer ikkje ved hær, ikkje ved makt, men berre ved Guds Ande.
Kva har dette å gjere med at eg bad Gud gje meg ei kone? Korleis? Jau, eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så vil han komme meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han vil gje meg hjelp i form av ei kone. Det stemmer overeins med Guds Ord (1.Mos.2), men det er på den måten at eg stiller meg disponibel for Guds Ord og Guds Ande, som det vart sagt i bodskapen som kom 18.9.2016:
”Eg er den same og vil forbli det for evig. Eg har talt. Derfor lyd på mitt – lyd til mitt Ord og fullfør dette. Så skal eg, Herren, vere med deg. Still deg til rådigheit for mitt Ord og min Heilage Ande, så skal eg, Herren, bruke deg, eg vil salve deg, eg skal styrke deg, eg skal holde deg oppe, med mi rettferds høgre hand. Og du skal ikkje frykte, for eg, Herren, eg er med deg.
For endå ein gong, så skal eg reise opp mitt folk. Endå ein gong, så vil de få oppleve at min Ande er ikkje trekt tilbake, men den er i dykk. Derfor så søk meg i denne tid, kall på meg den stund eg er nær og du skal finne, at eg er ikkje der ute i periferien, men eg er komen nær til. Derfor frykt ikkje mitt barn, for eg er Herren, din Gud, og eg er din frelsar, eg er din forsørgjar, eg er din lækjar, eg er alt kva du måtte trenge til …. og eg har gitt deg alle ting, for det lydde frå meg: Det er fullbrakt. Amen.”
Kanal for Guds velsigning.
Eg skal opne min munn, så vil Jesus fylle den. Slik vil han gje si kyrkje noko.
Jesus sa til meg at han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning. Frå dei som trur på han, skal det som skrifta seier, renna straumar med levande vatn. Det er den Heilage Ande, han gjev oss ånd og liv. Då er det tydelegvis ved at han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Han talar til meg og då talar han gjennom meg til kvinna og til hans kyrkje. Gud er kjærleik og slik har han med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne å gjere. Han sa eg skulle prise han og love han, så ville han gje meg det som mitt hjerte begjærte. Då tenker eg på ei kone og slik har eg lenge tenkt på henne ”Miss Oslo 1990” . Vi skal glede oss i Herren alltid, også med forelskinga og gleda i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Ja, gleda i Herren er vår styrke. Eg skal opne min munn, så vil han fylle den. Ja, for han har gjeve meg sitt Ord og han har gjeve meg den Heilage Ande og den openberrar Ordet for meg.
Jfr. bodskapen i Møllergata 40 Onsdag 6.9.95. Det var ikkje diktafon-opptak, så det vert ikkje ordrett gjengitt:
Kor eg lengter etter å gi min menighet det som eg vil gi henne. Men dette er avhengig av din lydighet, at du opner deg for det som eg vil gi. Opn deg og eg vil fylle deg, opn din munn og eg vil legge mine ord i den. Takk for at du opner deg.
Då tenkte eg på henne ”Miss Oslo 1990”, men eg hadde ei viss aning om at det også var sikta til henne Virtuella.
Vende sinn og tankar mot Jesus og ikkje til det som er på jorda. Så vi ikkje vert forførde slik som ved syndefallet. Det åndelege som motsetnad til det materielle. Kva med marxismen?
Ja, sidan Jesus er hovudet for si kyrkje så må vi ha sinn og tankar vende mot han. Vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Vi må søke Guds rike og hans rettferd med eit ope sinn, opne oss for hans Ord og hans Ande, hans kall og hans leiing, hans svar til oss, slik at vi let han få sin veg med oss. Vi får komme til han slik som vi er, vi får komme til han med våre bøner, våre begjæringar, men vi må ha eit ope sinn, slik at vi er opne for det svaret han gjev oss. Vi kan ikkje på førehand innta eit standpunkt som står i vegen for dei svara Gud gjev oss og erstattar dei. Det ville betyr å lukke sitt sinn og stenge Gud ute frå sitt liv og så setje seg sjølv utanfor samfunnet med han. Det vil bety trongsyn i staden for vidsyn.
Det var nok det som skjedde ved syndefallet. Frukta av kunnskapstreet gav dei ein kunnskap som kom i staden for dei svara Gud gav dei ved sitt Ord og sin Ande. Gud hadde skapt mannen av mold frå marka og blese livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Men etter syndefallet sa han til han:” Mold er du og til molda skal du attende”. Gud er ånd, men mannen var mold, han var ikkje som Gud likevel. Slik vart altså menneska materialistisk innstilte, i staden for å leve i samfunn med Gud som er ånd. Likevel var dei religiøse, men med deira materialistiske innstilling vart det på den måten at dei tilbad gudar som dei laga seg av stokk og stein.
Marxismen påstår at den gud som dei talar om i det kapitalistiske samfunnet ikkje finst. Den klagar kapitalistane for å vere så materialistiske at varene som dei produserar, blir som avgudar for dei, ja, for alle menneska, heile det kapitalistiske samfunnet. Arbeidarane vert avmektige overfor produksjonsmidla og dei som eig dei, at produksjonsmidla vert som gudar for dei.
Ateismen i marxismen er vel så dogmatisk at den utelukkar at der finst nokon gud. Men korleis kan då marxismen og marxistane føre klagemål mot kapitalismen og kapitalistane? Klagemålet kan då rettast mot dei sjølve, den domen du dømmer med, skal du dømmast etter.
Om dei kritiserer kapitalistane for å vere så materialistiske at dei ikkje bryr seg om Gud som er ånd, så vil i alle fall kritikken ramme sosialistar som er så materialstiske at dei fornektar Gud som er ånd. Men ein kapitalist som tener godt med pengar i sitt daglege arbeid, kan vel ha eit indre åndeleg liv med Gud som er ånd, sjølv om han ikkje seier så mykje om det. Han kan vel søke fyrst Guds rike og hans rettferd fyrst og så få oppleve at Gud gjev han alt det andre i tillegg til det. Han kan vel be i sitt løynkammer og be i si ånd og få oppleve at Gud løner han opp i dagen.
Det er nok slik med henne Virtuella og den sosialistiske/sosialdemokratiske kvinnerørsla. Dei fører klagemål mot mannen, for hans kjønnslyst og materialistiske innstilling, men dei er dogmatiske i si fornekting av Kristus som hovudet for mannen og for kyrkja, i si fornekting av Herren som er Anden. Og då vil klagemålet og domen dess sikrare ramme dei sjølve. Slik vert dei forførde og prøver å få med seg mannen. Eg forstår det slik at det er den aktuelle problemstillinga og Jesus talar inn i den aktuelle situasjonen slik:
”Men dersom du går i dine eigne tankar og syslar med dine eigne ting, då er himmelen lukka.”
Han talar slik til meg for å tale slik til henne gjennom meg. Så eg forstår det slik at det er ho som går i sine eigne tankar og syslar med sine eigne ting, derfor er himmelen lukka for henne. Derfor vart det ei problemstilling som eg vart stilt overfor, så det passa med formuleringa:” Men dersom du går ….” Og det er nok dette eg har kjent i mitt indre som ”depresjonen” som eg talt om og det som verre er, eit åtak frå mørkets makt. Depresjonen er ein sjukdom, men så forkynner Herren sin glade bodskap om utfriing og lækjedom: ” Men når du opnar ditt hjerte og ditt sinn for meg, så skal eg Herren velsigne deg. Og du skal kjenne at i mine sår og gjennom mitt blod, har du både utfriing og lækjedom.
Så held han fram med å tale til henne slik: ” Kvifor er du nedbøygd, kvifor ligg du nedslått? Har ikkje eg sagt: ”Kom til meg og eg skal gje deg kvile. Kom til meg og eg skal ta børa av. Kom til meg og eg skal setje deg fri. Derfor er du utan unnskyldning. Gå ikkje å dra på dine eigne ting. Men som du høyrde frå mitt ord, det gamle er forgått og alle ting er blitt nye. Stå i det, lev i det og du skal få kjenne at du er og forblir ei levande kjelde. Amen.”
Han har sjølv forkynt sin glade bodskap for henne og når ho ikkje har brytt seg om det, men vendt seg bort frå han, så har ho ingen unnskyldning. Ho kan ikkje unnskylde seg ved å skulde på andre, skulde på meg, på mannen, høgrekreftene, kapitalisten og kapitalismen.
I Jesu kyrkjelyd skal livet, vekkinga og fornyinga vere. Få vekst ved dåpen med den Heilage Ande.
Jesus sa til oss at han har bestemt at midt i hans kyrkjelyd, der skal vekkinga, livet og fornyinga vere (Rom.12,1….). Så eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud har gjeve i mitt hjerte. Og eg har fortalt korleis eg bad for henne Virtuella og fekk oppleve at Guds kjærleik vart utrend i vårt hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt (Rom.5,1-5). Vi opplevde dåpen med den Heilage Ande, det er slik den er, med ein Ande er vi alle døypte til å vere ein lekam. Jesus er hovudet for lekamen og han brukar oss som sine lemer og då skal vi tene kvarandre som hans lemer. Det er han som bind lemene saman slik. Så det høyrest ut til at han ville legge henne til kyrkjelyden ved dåpen med den Heilage Ande. Vi må satse på å få vekst ved at Jesus døyper menneske med den Heilage Ande.
Eg har fortalt om korleis eg fekk ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og henne ”Miss Oslo 1990”. Så dette var vel også åndsdåp, med ein Ande døyper Jesus oss til å vere ein lekam. Utover i møtet vende eg sinnet og tankane opp til Jesus og takka han for dette, han hadde då sagt at eg skulle love han og prise han, så ville han gje meg det som mitt hjerte attrår. Når eg oppdaga henne og fekk oppleve at Jesus openberra seg for meg og for henne og når eg sidan såg henne igjen, måtte eg ærleg innrømme at mitt hjerte attrådde å få henne til kone, men det måtte vere på den måten at eg gav Herren fyrst prioritet i mitt liv så eg gleda meg i Herren og i hans frelse, framfor alt skal vi glede oss over at våre namn er skrivne i livets bok i himmelen. Så eg gjer rett i å formulere meg generelt, Jesus er min frelsar og Herre, eg har bedt han frelse både menn og kvinner og bedt han om å gje meg ei frelst kvinne til kone. Då skal eg berre stille meg disponibel for Guds Ord og Guds Ande, Han byrja den gode gjerning i meg og vil sjølv fullføra den.
I slutten av møtet kom der ein bodskap, fyrste delen gjev godt uttrykk for mi eiga lovprising. Andre delen ser ut til å tale om framgang for kyrkjelyden og framgang for mi sak:
”Eg er så glad for at han har teke meg ved si hand. Mi ånd seg frydar i min Gud. Han har kalla meg frå det djupe. Tenk han løyste syrgjekleda av meg og så sveipte han meg i frelsa si kledning. Og så kjenner eg i mitt indre, det er som nyfylte skinnsekkar. Det berre sprenger på og eg kan ikkje la vere. Eg må prise denne ……….., eg må prise han så lenge eg er til. Eg kan ikkje la vere å takke han. For store ting har han gjort imot meg. Og mi ånd kjenner det godt.
Og eg vil at alle mine born skal vere fylt av straumen som flyter fram ifrå dåp i den Heilage Ande. Dei skal få kjenne krafta si kjelde. De skal få merke det – kor overskuddet skal vere nok til å få dei til å fryde seg i sine sjeler for meg. For når eg fyller hjertet, så flyt det over. Når eg fyller sinnet, så må ein tale om Jesus. Når eg fyller ditt tilvære, då går det mot høglys dag.”[1]
Tenestene til Josva og Serubabel er førebilete på tenester i den nye pakta (Sak.3-4 Op.11). Serubabel leia bygginga av tempelet, han hadde byrja på det og han skulle fullføre det. I den nye pakta går dette over eit langt tidsrom, over mange generasjonar, så vi må sjå på det som tenester. Det skjer ikkje ved hær, ikkje ved makt, men ved Guds Ande. Ingen kan avgrense Guds Ande, Gud kan la sin Ande falle over menneske når som helst og kvar som helst. Men han har også valt å gjere seg avhengige av menneske som han kan bruke som sine tenarar, slik kan han velje ut ein Serubabel som han vil bruke til å bygge sitt tempel. Men det skjer likevel ikkje ved hær og ikkje ved makt, men ved Guds Ande, det er Jesus som døyper oss med sin Ande til å vere ein lekam, så vi vert som levande steinar oppbygde til eit åndeleg tempel i Anden.
Då har han visst brukt meg også slik, men det verkar som det er steinar som likevel ikkje er komne heilt på plass, men det er han som har byrja si gjerning med oss og han skal også fullføra den. Mi teneste er likevel meir å samanlikne med Josvas presteteneste, for han har kalla meg til å vere hans tenar i hans heilagdom, så det blir hovudsaka for meg. Når jødane var komne heim att til landet sitt, var det om å gjerer å komme i gong med å bygge templet, for det var om å gjere å komme i gong med prestetenesta så snart som mogleg. Og Jesus har sagt eg skal opne min munn, så vil han fylle den, han er Guds Ord og det Ordet skaper det som det nemner (1.Mos.2).
ESK 37,1 – ESK 37,14 {DEI DAUDE BEINA SOM LIVNAR OPP ATT} Herrens hand kom over meg, og i ånda førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av bein. 2 Han førte meg rundt ikring dei. Og sjå, det låg ei stor mengd med bein utover dalen, og dei var heilt turre. 3 Så sa han til meg: “Menneske, kan desse beina livna opp att?” Eg svara: “Herre Gud, det veit berre du.” 4 Då sa han til meg: “Tal profetisk over desse beina og sei til dei: De turre bein, høyr Herrens ord! 5 Så seier Herren Gud til desse beina: Sjå, eg lèt det koma livsande i dykk, så de livnar opp att. 6 Eg lèt det koma sener og kjøt på dykk og dreg hud over. Så gjev eg dykk livsande, og de livnar opp att. Då skal de sanna at eg er Herren.” 7 Eg tala profetisk som eg var føresagd. Og medan eg tala, tok det til å buldra og skjelva. Beina la seg innåt kvarandre, bein til bein. 8 Og medan eg såg på, kom det sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over dei. Men livsande var det ikkje i dei. 9 Då sa han til meg: “Tal profetisk til livsanden! Menneske, tal og sei til han: Så seier Herren Gud: Kom, livsande, frå heimsens fire hjørne og blås på desse drepne mennene, så dei livnar opp att.” 10 Eg tala profetisk, som han baud meg. Då kom det livsande i dei, og dei livna; dei reiste seg opp og stod. Det var ein veldig hær. 11 Så sa han til meg: Menneske, desse beina er heile Israels-folket. Høyr kva dei seier: “Våre bein har turka inn; vår von har vorte til inkjes, det er ute med oss!” 12 Tal difor profetisk og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or dei. Så fører eg dykk til Israels-landet. 13 De skal sanna at eg er Herren, når eg opnar gravene og lèt dykk, mitt folk, stiga opp or dei. 14 Eg gjev dykk min Ande, så de livnar opp att, og lèt dykk bu i dykkar eige land. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, lyder ordet frå Herren.
[1] 6.11.2016.
2 responses to “2016.11.06. Kvilens vatn.”
[…] https://tsivert.com/2016/11/07/2016-11-06-kvilens-vatn/ […]
[…] https://tsivert.com/2016/11/07/2016-11-06-kvilens-vatn/ […]