Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2016.12.04. Maranata. Tenesta til øvstepresten Josva vart problematisk, men løysinga ligg i trua på Guds Messias.

Innleiing:

IMG_0282.JPG

Så eg takkar Gud for at kvinnene er nokså "timeglasforma". Men med mi tru på han dristar eg meg til å påstå noko meir og så takkar eg han for det også. Torsdag 8.12.2016. tok eg eksamen i fysiologi.

Tale ved Tore Kristiansen.

Tore las ifrå Rom.4 om å verte tilrekna rettferd ved tru, utan gjerningar.

RMR 4,3 – RMR 4,12 For kva seier Skrifta? Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig. 4 Den som gjer eit arbeid, får løn etter forteneste, ikkje av nåde. 5 Annleis er det med den som ikkje har gjerningar, men trur på han som seier den ugudelege rettferdig. Han får rettferda tilrekna fordi han trur. 6 Såleis prisar òg David det mennesket sælt som Gud tilreknar rettferd utan at det har gjerningar: 7   Sæle er dei  som har fått sine brot tilgjevne  og sine synder tildekte. 8   Sælt er det menneske  som Herren ikkje tilreknar synd. 9   Dei som her vert prisa sæle, er det berre dei omskorne, eller er det dei uomskorne med? Vi sa då at Abraham vart rekna for rettferdig fordi han trudde. 10 Korleis gjekk det til? Var det før eller etter at han vart omskoren? Det var før han vart omskoren. 11 Og omskjeringa fekk han til eit teikn som skulle stadfesta den rettferda av tru som han hadde før han vart omskoren. På den måten skulle han verta far til alle uomskorne som trur, så rettferda kan tilreknast dei. 12 Men han skulle òg verta far til dei omskorne, når dei ikkje berre har omskjeringa, men òg fylgjer etter Abraham, far vår, og eig den tru han hadde før han vart omskoren.

 

Så las han om øvstepresten Josva.

SKR 3,1 – SKR 3,5 {ØVSTEPRESTEN JOSVAS SKULD OG FRIKJENNING}  Så lét han meg sjå Josva, øvstepresten, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han. 2 Herren sa til Satan: “Gjev Herren må visa deg til rettes, Satan! Ja, gjev Herren, som har valt ut Jerusalem, må visa deg til rettes! Er ikkje denne mannen ein brand, riven ut or elden?” 3 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. [i skitne klede: til teikn på sorg og bot.] 4 Og engelen sa til dei som stod framfor han: “Ta av han dei skitne kleda!” Til Josva sa han: “Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.” 5 Då sa eg: “Set ein rein turban på hovudet hans!” Og dei sette ein rein turban på hovudet hans og tok på han kleda, medan Herrens engel stod der.

Når jødane var i Babylonia hadde dei det økonomisk sett brukbart, men det var motsetnaden til Gud og hans rike. Livet i det heidenske Babylonia hadde nok sett sitt preg på dei, også på Josva, så Djevelen fann grunn  til å føre klagmål mot han. Men Josva var ein brand reven ut av elden, der elden er symbol på Babylonia.

Satan stod på Josvas høgre side og førde klagemål mot han og slik fører han klagemål mot alle menneske. Det ser vi også i Salme 109,7:

SLM 109,6   Gjev min motstandar over til ein gudlaus,  lat ein klagar stå ved hans høgre side!

Slik førde Djevelen klagemål mot Jesus også, han var dømd, men det var i staden for oss.  Slik fortel Salme 109,6 om Jesus.

Då brukar Tore dette verset på ein annan måte enn slik som eg har brukt det. Eg har tolka denne Salmen slik at David tenker tilbake på då han måtte røme frå kongsgarden, fordi son hans, Absalom, ville ta over kongsmakta. David talar spesielt om hans nære rådgjevar, Akitofel, sveik han og Sjimi forbanna han (2.Samul.15-16). Vidare talar det profetisk om korleis Judas kom til å svike Jesus. Eg trur David visste at han tala profetisk, der er ein samanheng mellom historia og profetien, der Kristus kjem i Davids stad og sonar hans synd og skuld ved at han døydde i staden for han også. Så når han sona menneska si synd, har det ”tilbakeverkande kraft”, han sona den synda som vart gjort i den gamle pakta., så det som vert avgjerande er rettferda ved tru.

Så refererte han til slutten av salmen og 2.Kor.5,7:

SLM 109,30 – SLM 109,31   Så vil eg takka Herren med lovsong,  midt i mengda vil eg prisa han. 31   For han står attmed den fattige,  vil hjelpa han mot dei som dømer han.

2KO 5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore.

Tyding av tungetale, ikkje sikkert heilt ordrett:  ”Ja, eg takkar deg …” Opptak: ” … fordi du har gjenløyst meg og eg kjenner at eg kviler i dine armar. Eg kjenner og merkar at kvar dag, det er ei gåve ifrå deg. Og eg ynskjer å fylle den dagen med ting som kan bringe ære til ditt namn.  –  Ja, når du bringer fram gaver frå deg sjølv, som opphøgjer meg, så skal eg; Herren, velsigne deg så det flyt over.

La ikkje di sjel bli missmodig, men la di sjel drikke av det vatn som er levande. Då skal du få kjenne at di ånd skal bli fyllt, di sjel skal fryde seg og dine auge skal stråle av glede. Og når du auser med glede av alle disse kjelder, som eg har gitt deg i mitt Ord, så skal du sjå eit område som du aldri før har sett. Og det som blir sett, det skal gi deg den erkjenning: Enno er det ei slutt, prise Gud.

Aktuelle bibelvers.

SLM 36,10   For hjå deg er livsens kjelde,  i ditt ljos ser vi ljos.

JER 2,13   For to vonde ting har folket mitt gjort:  Dei har gått bort frå meg,  kjelda med levande vatn,  og hogge seg brunnar,  leke brunnar som ikkje held vatn.

JER 17,13   Herre, du Israels von,  alle som går bort frå deg, skal verta til skammar;  dei som vik frå deg i landet,  skal skrivast opp.  For dei har gått bort frå Herren,  kjelda med levande vatn.

SKR 14,8 Den dagen skal det henda at det renn levande vatn ut frå Jerusalem, den eine halvparten til havet i aust og den andre halvparten til havet i vest. Såleis skal det vera både sommar og vinter.

JOE 3,23   Den dagen skal det henda  at fjella dryp av druesaft,  og haugane fløymer av mjølk,  og i alle bekkefar i Juda  skal det renna vatn.  Ei kjelde vell fram frå Herrens hus  og vatnar Akasiedalen. [Akasiedalen: eit av dei turre dalstroka aust for Jerusalem.]

JOH 4,10 – JOH 4,14 Jesus svara: “Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.” 11 “Herre,” sa ho, “du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?” 13 Jesus svara: “Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.”

JOH 7,37 – JOH 7,39   Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: “Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.” 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.

OSP 5,15 – OSP 5,19   Drikk or din eigen brunn,  rennande vatn or di eiga kjelde! 16   Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,  bekkene dine strøyma på torg og plassar! 17   Du skal ha dei heilt for deg sjølv  og ikkje dela dei med andre. 18   Då skal kjelda di vera velsigna.  Gled deg over din ungdoms kone, 19   den elskelege hind, den yndefulle gasell!  Fryd deg støtt ved hennar barm,  lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!

HEB 13,7 – HEB 13,17 {LEIARANE I KYRKJELYDEN OG DEN RETTE LÆRA}  Kom i hug leiarane dykkar, dei som tala Guds ord til dykk. Tenk på korleis dei levde og døydde, og ta deira tru til føredøme! 8   Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid. 9   Lat dykk ikkje riva med av allslags framande lærdomar. Det er godt at hjarta vert styrkt ved nåden, ikkje ved mat, for dei som held seg til dette, har ikkje hatt noko gagn av det. 10 Vi har vårt eige altar, og dei som gjer teneste i møteteltet, har ikkje rett til å eta frå det. 11 Øvstepresten ber blodet av offerdyra inn i heilagdomen til soning for synd, men kroppen vert oppbrend utanfor leiren. 12 Difor leid Jesus òg utanfor porten, så han kunne helga folket med sitt eige blod. [utanfor porten: Golgata låg utanfor bymuren. Sjå Joh 19, 20.] 13   Lat oss då gå ut til han utanfor leiren og bera hans vanære. 14 For her på jorda har vi ingen verande by, men vi lengtar etter den som skal koma. 15 Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vårt lovprisingsoffer, det vil seia: frukt av lipper som lovar hans namn. 16 Men gløym ikkje å gjera godt og dela med andre. For slike offer er til hugnad for Gud. 17   Ver lydige mot leiarane dykkar og rett dykk etter dei! For dei vaker over sjelene dykkar og skal ein gong gjera rekneskap. Sjå til at dei kan gjera det med glede, utan å sukka. Elles vert det ikkje til gagn for dykk.

Kommentarar.

Korleis det har gått med studiane dette semesteret, har eg følgt Jesu kall og gått i ferdiglagde gjerningar?

Jesus sa til meg at eg skulle ikkje gå åleine, for han ville gå med meg. Eg forstod det slik at han ville gje meg ei kone, så eg ikkje lenger skulle vere åleine (1.Mos.2). Og han sa at eg skulle få oppleve å gå i ferdiglage gjerningar. Så slik såg eg fram til dette haust-semesteret med forventning. Og no i haust sa han til meg at han hadde sett framfor meg ei opna dør der eg var kalla til å gå inn. Ingen kunne lukke den.

Ja, eg tenker fyrst og fremst døra til himmelen, Gud  han har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus, han har sett framfor meg ei opna dør og eg skal gå inn den døra for å oppleve den velsigninga Gud har gjeve meg og oss i Kristus. Samtidig handlar det om å vere sosial. Når eg opplever samfunnet med Gud, får eg betre sosial eigenskapar og han har då kalla meg til å gå ut med evangeliet, han har kalla meg til å studere realfag, biologi. Denne hausten har eg følgt eit grunnkurs i programering, spesielt anvendt på realfag (INF1100), fått lære eit nytt programmeringsspråk: ”Python”. Så har eg følgt eit kurs i molekylærbiologi (MBV), dyre- og plante-fysiologi (MBV 1020). Så eg tenkte på studiane mine som den døra Jesus har stilt open for meg, der eg er kalla for å gå inn, eg tenkte speielt på biologien, molekylærbiologien, fysiologien, den studieretning, ja, spesielt dette kurset. Eg tenkte på forelesingane og å møte opp i gruppetimane, men eg skreiv det ikkje ned i kommentaren til denne bodskapen. Og då vart det ikkje til at eg gjekk så mykje på forelesingane heller.  Eg møtte ikkje opp stort meir enn det som var obligatorisk og det som eg syntest at eg sjølv trengde.

Eg var på først forelesinga og sidan var eg på forelesing berre ein time, men eg var på dei aller felste gruppeøvingane. Så følgde eg eit kurs i fysiologi, der var eg på litt fleire forelesingar. Halvpartene av gruppeøvingane var obligatoriske og eg var vel på litt meir enn det. Laboratoriekurset var obligatorisk, ved ei missforståing var det ein gang eg ikkje var der, men eg fekk slå lag med nokre andre om rapporten og fekk det godkjent.

I bodskapen som kom 6.11.16 sa Jesus til oss:

” Men dersom du går i dine eigne tankar og syslar med dine eigne ting, då er himmelen lukka. Men når du opnar ditt hjerte og ditt sinn for meg, så skal eg Herren velsigne deg. Og du skal kjenne at i mine sår og gjennom mitt blod, har du både utfriing og lækjedom.

Kvifor er du nedbøygd, kvifor ligg du nedslått? Har ikkje eg sagt: ”Kom til meg og eg skal gje deg kvile. Kom til meg og eg skal ta børa av. Kom til meg og eg skal setje deg fri. Derfor er du utan unnskyldning. Gå ikkje å dra på dine eigne ting. Men som du høyrde frå mitt ord, det gamle er forganga og alle ting er blitt nye. Stå i det, lev i det og du skal få kjenne at du er og forblir ei levande kjelde. Amen.”

I kommentaren skreiv eg at eg forstod det slik at han talte til henne ”Virtuella” og det trur eg framleis er rett, eg trur det er svar på det eg skreiv om marxismen. Ho har prioritert den materielle rikdomen framfor å søke Herren og tene han. Derfor har dei materielle tinga vorte gudar for henne. Men ein kan ikkje tene både Gud og Mammon, så dette er ikkje sameinleg med mi interesse av å søke Herren og leve for han og slik er det heller ikkje sameinleg med mi intelektuelle interesse.

Men i det siste har eg kome til at det var rett slik som eg tenkte, det var sikta til forelesingane, eg burde ha gått på forelesingane, spesielt i molekylærbiologi. Eg kjem i hug at eg har argumentert for det tidlegare også og gjentek ikkje det no. Så då spørst det om eg har gått glipp av noko av den velsigninga Jesus ville gje meg denne hausten. Slik følte eg meg noko usikker og spørjande når eg kom til dette møtet.

I MBV1020 var det fyrst forelesingar og gruppeøvingar i dyrefysiologi, så kom laboratorikurset. På fyrste øvinga kom eg i lag med to norske jenter, den eine var litt eldre og tok initiativ, men det viste seg at ho uvilje mot å høyre på kva eg sa, så det vart til at eg leverte rapport for meg sjølv. Den andre laboratoreiøvinga var eg ikkje på, men fekk vere med på rapporten til nokre andre. Sidan gjore eg laboratoreiøvingar i lag med ei eldre kvinne frå Bangla Desh.Det fungerte bra.

Sidan vart det forelesingar i plantefysiologi og laboratoreikurset kom til slutt. Eg kom inn i laboratoriesalen litt seint, så professoren hadde byrja med det innleiande foredraget. Etterpå måtte eg finne meg ein plass i lag med ein makker. Ved ein benk var der tre, tydelegvis norske, så professoren foreslo eg kunne få ein av dei til makker, ”eller er de slike som må jobbe i lag?”, spurde han. Det vart to jenter og ein gut. Det var ei vakker lyshåra jente med runde briller og med lokkar som hang ned frå tinningane (Linnea), som sat nærast og det vart eit spørsmål om ho ville jobbe saman med meg. Men dei ville visst jobbe tre i lag. Og det vart til at eg jobba i lag med ein staute kar ifrå Vietnam. Det fungerte bra. Seinare såg eg på henne Linnea med eit blidt åsyn, som tydeleg gav gil kjenne at eg likte henne og at eg hadde likt å jobbe sman med henne.

Her var mange unge jenter, vakre, blide og vituge. Vi vart sitjane rett overfor to vakre, lyshåra jenter, tydelegvis norske. Eg vil kalle dei Soleie og Solsikke. Solsikke sat rett overfor meg og eg har lagt merke til henen tidlegare, at ho er vakker. Der er ein gang mellom laboratoreisalen og eit veksthus og på siste laboratoreiøvinga fekk professoren oss med ut i gangen for å sjå på nokre plantar som hadde mangla ymse næringsstoff (mineral/atom). Då gjekk eg etter Solsikke og vart ståande ved sida av henne. Eg kjende meg tiltrekt av henne og let meg verte tiltrekt av henne og det kjendest godt, for meg samsvara det med å vere glad og blid. Eg tenkte på dette som Jesus hadde sagt om at eg skulle lovprise han for det fullførde frelsesverket, så ville han gje meg det som mitt hjerte attrår. Eg kjende meg tiltrekt av kroppen hennar og må vel ærleg erkjenne at det er den kjønnlege tiltrekninga mellom mann og kvinne. Og kva så? Er det ikkje det de kallar kjøtets lyst då? Er det ikkje det de kallar den gamle, vonde naturen? Korleis blir det forstått? Betyr det at ein manns ynske om å få seg ei kone er den gamle vonde nature, så det er synd? Så det skulle vere synd å gifte seg? Kva er det rette svaret? Jesus har sagt til meg at eg takke han for det fullførde frelsesverket, så vil han gje meg det som mitt hjarte attrår. Eg skal løfte blikket opp til han og verte fyllt av den Heilage Ande.

Så skulle der vere ei ekstra forelesing til slutt, dagen etterpå (29.11.2016), med oppsummering, svar på spørsmål. Då var eg der. Solsikke kom til andre timen og sette seg langt der framme i lag med Soleie. Etter foreleseinga gjekk eg føre dei ut og sette meg på ein hjørnebenk opp i første etasje, ved sida av trappa. Når dei kom opp og gjekk forbi, stoppa ho  ei lita stund ved akvariet. Eg tenkte på å gå bort og prate med henne, men så tenkte eg igjen på dette som Jesus hadde sagt om at eg skal takke han for det fullførde frelsesverket, så vil han gje meg det som mitt hjarte attrår, eg skal sjå opp til han og verte fylt av den Heilage Ande. Så eg slo det frå meg og vart sitjande i ro. Rett etter gjekk eg bort i kantina og kjøpte meg kaffi. Og der sat dei ved eit bord, men der var det tydelegvis fullt, så det hadde i alle fall ikkje passa at eg kom der brautande.

I morgon (8.12.2016) er det eksamen i MBV1020 og eg kjenner meg ikkje særleg godt førebudd.

Forstå det svaret Jesus gjev meg.

Eg forstår denne bodskapen slik at den Heilage Ande hjelper meg i mi takkebøn, så eg seier ja og amen til denne takkebøna, den gjev uttrykk for korleis eg tankte og bad når eg kom på møtet, så eg gjer det til mine eigne ord og takkar Gud og Lammet slik:

”Ja, eg takkar deg …” Opptak: ” … fordi du har gjenløyst meg og eg kjenner at eg kviler i dine armar. Eg kjenner og merkar at kvar dag, det er ei gåve ifrå deg. Og eg ynskjer å fylle den dagen med ting som kan bringe ære til ditt namn.” 

Han avviser meg ikkje med eit ”nei” og foraktar ikkje dei gavene eg vil bringe fram for han, men han svarar meg ”ja”: ” –  Ja, når du bringer fram gaver frå deg sjølv, som opphøgjer meg, så skal eg; Herren, velsigne deg så det flyt over.” Kva er det for slags gaver eg bringer fram frå meg sjølv? Eg ser det som ei presteteneste, jfr. Josvas presteteneste. Vi har samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og på den grunnvollen ber eg fram lekamen som eit levande heilagt, offer til velbehag for Gud. Så ber eg fram gåver frå meg sjølv, som lovprisingsoffer (Heb.13,15). Korleis er det gåver frå meg sjølv? Då tenker eg på at Gud ville gje mannen ei hjelp som høvde for han, så han skapte kvinna av sidebeinet hans, så dei skulle vere eitt kjøt, ein lekam. Og lekamen er eit tempel for den Heilage Ande. Naturleg nok liker eg desse jentene og no tenker eg spesielt på desse jentene som er av mitt eige folk, mitt eige kjøt og eg brukar den forklaringa at Gud har skapt oss slik, så eg takkar han for at han har skapt dei slik slik som dei er, så det er mine lovprisisngoffer til Gud, eg talar om dei, men det er likevel gåver frå meg, fordi Gud skapte kvinna av mannens sidebein. Når eg soleis takkar Gud for dei, så gjev eg også uttrykk for eit ynskje og ei bøn om å få oppleve at ei slik jente vart min venn, min kjæraste og mi kone. Og eg trur det er ein lengsel Gud har lagt ned i meg og som han vil fylle ved fylden av den Heilage Ande.

Eg skal takke Jesus for hans fullførde frelsesverk, så vil han gje meg det som mitt hjarte attrår. Det er fullført for meg og for dei og for oss alle saman. Eg skal takke han for det og slik skal eg ause or frelseskjelda, det er gledens kjelde. Eg har kjelda med det levande vatnet og skal ause or denne frelsens kjelde og denne gledens kjelde nettopp i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Håpet om Guds herlegdom gjorde meg ikkje til skamme, for  Guds kjærleik er utrend i mitt hjerte ved en Heilage Ande som er meg gitt. Og denne kjærleiken har eg i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Eg tok imot den ved trua på Jesus, av berre nåde og slik er det framleis, ved tru får eg ause or frelseskjelda av berre nåde.

Det var altså tre jenter eg la spesielt merke til, Linnea, Soleie og Solsikke og eg kjende meg spesielt tiltrekt av Solsikke. Så i det siste har eg kjent eit sterk ynske om å få ei slik jente til venn, kjæraste og kone – Jesus har då nyleg sagt til meg at eg skal ikkje gå åleine, for han vil gå med meg og då forstår eg det slik at han har lagt denne lengselen ned i meg og vil tilfredsstille den ved kjelda med levande vatn, ved at eg drikk av den, ved fylden av den Heilage Ande. Det handlar ikkje berre om å drikke ein gong og ferdig med det, ause ein gong og ferdig med det, som om det var lekebrønnar som tørka ut, men det er ei kjelde som gjev friskt og levande vatn heile tida og som ikkje vert tørrlagd, ved Guds nåde får vi drikke av den etter kvart som vi treng det og leve ved den, slik som det er sagt om den som er rettferdig ved tru, ved tru skal han leve. Slik forsår eg dette svaret som Jesus gav meg:

” La ikkje di sjel bli missmodig, men la di sjel drikke av det vatn som er levande. Då skal du få kjenne at di ånd skal bli fyllt, di sjel skal fryde seg og dine auge skal stråle av glede. Og når du auser med glede av alle disse kjelder, som eg har gitt deg i mitt Ord, så skal du sjå eit område som du aldri før har sett. Og det som blir sett, det skal gi deg den erkjenning: Enno er det ei slutt, prise Gud.”

Eg skreiv at med henne ”Virtuella” tok vekkinga slutt. Ja, med henne tok nåden slutt, himmelen vart steng, så ingen meir skulle få ånd og liv ifrå Guds himmel, med henne tok vitet slutt (jfr. likninga om dei ti brurmøyane). Men for oss som vender oss til Jesus, som kjem til han og held oss til han, tek det aldrig slutt.

Når eg stod ved sida av henne Solsikke, kjende eg i mitt hjerte og mi ånd at eg vart tiltrekt av henne, så eg måtte i sanning erkjenne at:  hennar fysiske kropp er det mitt hjerte attrår. Og eg hadde vel eigentleg ikkje noko imot det, men eg innstillte meg på det og let meg tiltrekke av henne. Eg opplevde det slik i mitt hjerte og mi ånd. Og kva så?  Har eg nokon sjanse? Jesus svarar meg at eg skal ikkje la mi sjel verte missmodig, men la mi sjel drikke av det vatnet som er levande. Då skal eg få kjenne at mi ånd vert fyllt, mi sjel skal fryde seg og mine auge skal stråle av glede. Når eg auser av alle desse kjeldene Jesus har gjeve meg i sitt Ord, så skal eg få sjå eit område som eg aldrig før har sett.Og det som vert sett, skal gje meg den erkjenning: Enno er det ei slutt, prise Gud. Den siste setninga syng vi i ein salme og det er sikkert henta frå eit bibelvers, der er mange vers som fortel om at Guds miskunn, nåde og truskap aldrig tek slutt.

Eg skulle få kjenne at mi ånd vert fylt, det minner meg om noko han sa til meg for fleire år sidan, at eg skulle la mi ånd verte fylt av den Heilage Ande. Då var det mitt forhold til henne ”Miss Oslo 1990” eg tenkte på. Ja, han har mange gongar minna meg om å ikkje sjå meg om men, verken til høgre eller venstre, men sjå på han, ha hugen vendt opp til han og verte fylt av den Heilage Ande. Eg såg ikkje igjen henne ”Miss Oslo 1990”, men eg kunne ikkje gløyme henne, når eg bad til Gud i mi ånd, måtte eg hugse på henne i mine bøner. Ho studerte biologi og slik har Jesus leia meg til å studere biologi.

Desse studentane tenker naturfagleg, dei har lært biologi og lærer meir av det. Naturfaget og spesielt biologien fortel om korleis artane formeirar seg, om det  naturlege utvalet, korleis hanndyra konkurrerer om hodyra og hodyret vel ut hanndyret som det parar seg med og soleis fører arten vidare. På liknande vis tenker dei naturfagleg om menneska, så dei tenker naturfagleg om kven som passar saman som mann og kone om korleis ein mann finn seg ei kone og ei kvinne finn seg ein mann, kva som gjer at dei passar saman, så det vert vellukka. Her er det mykje som spelar inn. At dei passar saman seksuelt er ei side av saka. På dette kurs har vi hatt om primære og sekundære kjønnskarakterar. I samfunnet, også mellom dei kristne er dette slikt som det ofte vert fleipa med og det gjev uttrykk for vitløyse. Men eg er av den oppfatning at biologien kan gje ei vitug forklaring på det også. I dette kurset hadde vi om forplantninga både for plantar, dyr og menneske.

Og no seier Jesus til meg at når eg ausar av alle desse kjeldene han har gitt meg i sitt Ord, så skal eg få sjå eit område som eg aldrig før har sett. Og det som vert sett skal gje meg den erkjenning: Enno er det ei slutt, prise Gud. Korleis skal vi forstå det? Jau, når eg auser av alle desse kjeldene som Jesus har gitt meg i sitt Ord, så ser eg at det stemmer overeins med det som biologane lærer om livet. Så eg takkar Gud både for professorane, ammanuensisane, forskarane og studentane og for lærdomen deira. Og så ber eg han gje meg ei slik jente til kone. Så vidt som eg kan forså stemmer det overeins både med Guds Ord og biologien som fag. Men eg er heilt avhengig av kjelda med det levande vatnet, det skjer ikkje ved hær og ikkje ved makt, men berre ved Guds Ande.

Korleis det gjekk med eksamen etc?

Eksamenen var ikkje så vanskeleg som eg hadde frykta. Dyrefysiologidelen tel 2/3 og plantefysiologien tel 1/3. I dette kurset er det mange latinske fagord og det er ikkje så lett å hugse alt og forstå det så godt at ein klarer å greie ut om eit tema, men dyrefysiologidelen var fleirvalgsspørsmål, setningane stod der og det var berre for oss å krysse av for kva som var rett, eitt av fem moglegheiter og i visse tilfelle kunne den eine moglegheita vere at to av dei andre var rett. Der var 22 slik spørsmål, eg var forsiktig og tenkte meg vel om og kjende meg vel til freds med svara eg gav på dei 19 første spørsmåla, men dei tre siste hadde eg ikkje peiling på, det handla om korleis hormona styrer kvinna sin menstrasjonssyklus.

I plantefysiologidelen var der 3 todelte spørsmål. Eg svarde på alt, men svaret på 3b vart ikkje skikkeleg. Det vart spurt om korleis plantehormonet gribberellin deltek i spiring av korn. Eg visste at det gjev strekningsveks, gjer at stengelen vert høg, så eg skreiv at det får planten til å vekse hurtigare, men dette er ikkje noko skikkeleg svar på spørsmålet. Det er rett at det får frøet til å spire, men korleis? Og så skreiv eg endåtil 3a i staden for 3b. Eg har no svart betre på dei andre spørsmåla, så får det stå si prøve.

På eksamen såg eg igjen desse tre jentene som eg snakka om. Eg sat heilt til slutt, då var der ikkje mange igjen. Men ho Solsikke var der og kom rett bak meg  når vi skulle levere eksamens-svara. Når eg hadde levert snudde meg mot henne og gav henne eit lite smil og eg fekk eit lite smil tilbake. Etterpå vart eg ståande utanfor i lag med nokre andre, håpte på å få ein liten prat med henne når ho kom ut. Men så gjekk eg ein snartur inn på toalettet, for eg tenkte eg skulle belage meg på at det kanskje kunne verte ein lengre prat. Eg rekna det for sannsynleg at ho ville stoppe og prate med vennina si, Soleie, som stod der. Men når eg kom ut att var ho tydelegvis gått, det var kanskje henne eg såg atti når ho gjekk nedover korridoren mot forretninga. Ein gut og ei jente stod der og eg spurde dei korleis det gjekk. Eg spurde dei kva dei hadde svart på tre siste spørsmåla om dyrefysiologien. Eg fortalde dei at dette hadde eg ikkje peiling på, så det vart bortimot rein tipping for meg. Kvinnfolk forstår eg meg ikkje på (det handla om korleis hormonproduserande kjertlar og hormonane styrer kvinna sin menstrasjonssyklus).

Kva så? Det ser ut til at eg må legge meir vekt på spontaniteten med å komme i kontakt med folk og versetje meir den korte samtala som eg kan få. Då vil det vere så mykje lettare å komme i kontakt med dei og prate med dei senare også. Forelesingane samlar mykje folk og det har nokre viktige poeng i seg sjølv, både kunnskapsteoretisk og sosialt, kunnskapen ligg open for alle, kven som helst tileigne seg den. Og her får eg moglegheit til å komme i kontakt med nye mennesker. Eg må innsjå og erkjenne at dette har å gjere med at Jesus hadde nye vegar for meg og ville opne nye dører for meg. Han ville gå føre meg og bane vegen for meg, så eg skulle få gå på ein bana og rydda veg.

EFE 2,8 – EFE 2,10 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

Solsikke minna meg om ei anna jente, som eg såg på biologibygget, ho var svært så  ”timeglasforma”. Dette er eit slenguttrykk for dei typisk kvinnelege formene, som blir spesielt tydelege på rimeleg slanke, unge kvinner, dei er smale om livet, men forholdsvis breie om hoftene og barmen. Men ho som eg tenker på no, var forholdsvis brei om skuldrane også, så timeglasforma vart endå meir utprega, eg vil kalle henne ”Kvitsveis”. Å vere brei om skuldrane er positive, genetiske, eigenskapar for både menn og kvinner, det tyder på fysisk styrke. Det er fyrsteinntrykket, men det er ikkje fasiten.

Solsikke og Kvitsveis er lyse forholdsvis høge for å vere kvinne, men dei  har ein annan likskap også og det er at dei begge verkar så rolige, avbalanserte og fornuftige, så eg får intrykk av at her vert eg møtt med godleik. Gud er god og eg trur at han har skapt dei slik, så eg takkar han for det.

Økonomien i kyrkjelyden.

Knut Hübenbecker nemnde for meg at økonomien i kyekjelyden er dårleg og at de skal ta det opp i eit styremøte eller var det medlemsmøte? Eg har som einskildmenneske satsa på Jesu Ord i Bergpreika og det har de gjort som kyrkjelyd også:

MTT 6,19 – MTT 6,34 {EIT HEILT HJARTA}  Samla dykk ikkje skattar på jorda, der mòl og makk øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel. 20 Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mòl eller makk øyder og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. 21 For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera. 22 Auga gjev lekamen ljos. Er auga ditt friskt, vert heile lekamen ljos. 23 Er auga ditt sjukt, vert heile lekamen mørk. Er no ljoset i deg mørker, kor djupt vert ikkje mørkret då! 24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.  [Mammon: arameisk ord for pengar, gods og rikdom.]  25 {SYT IKKJE!}  Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande! 31 Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med? 32 For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.

Jesus sa noko til meg om at eg skulle legge vinn på å søke fyrst Guds rike og hans rettferd, slik at dette skulle fungere rett. Likevel merkar vi at det er ikkje så liketil å få dette til å fungere rett, slik som det skulle. For vi får motstand frå verda som strir imot dette. Jesus profeterte om det og Paulus profeterte om at slike interesser kom til å komme inn i kyrkjelyden.

MTT 7,15 – MTT 7,29 {DEI FALSKE PROFETANE}  Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar. 16 På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein hausta druer av klunger eller fiken av tistlar? 17 Eit godt tre ber god frukt, eit ringt tre ber ring frukt. 18 Eit godt tre kan ikkje bera ring frukt, og eit ringt tre kan ikkje bera god frukt. 19 Kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. 20 Difor skal de kjenna dei på fruktene.   21 {FALSKE LÆRESVEINAR}  Ikkje alle som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil. 22 Den dagen skal mange seia til meg: Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn? 23 Då skal eg seia dei beint ut: Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!   24 {HUSET BYGT PÅ FJELL}  Den som høyrer desse orda mine og gjer etter dei, han er lik ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25 Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26   Men den som høyrer desse orda mine, og ikkje gjer etter dei, han er lik ein uvitug mann som bygde huset sitt på sand. 27 Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort. 28   Då Jesus hadde halde denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29 For han lærte dei med mynde, og ikkje som deira skriftlærde.

LUK 22,24 – LUK 22,38 {AVSKILSORD TIL DEI TOLV}  No vart det ein strid mellom dei om kven som skulle gjelda for den største. 25 Då sa Jesus til dei: “Kongane er herrar over folka sine, og dei som rår over dei, vert kalla velgjerarar. 26 Men slik er det ikkje hjå dykk. Den største av dykk skal vera som den yngste, og styraren skal vera som tenaren. 27 For kven er størst, den som sit til bords eller den som ber på bordet? Er det ikkje den som sit til bords? Men eg er som ein tenar mellom dykk. 28   De er dei som har halde ut hjå meg i prøvingane mine. 29 Og no overlèt eg riket til dykk, liksom Far min har overlate det til meg: 30 De skal eta og drikka ved mitt bord i mitt rike, og sitja på troner og styra dei tolv Israels-ættene. 31   Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite. 32 Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine.” 33 “Herre,” sa Peter, “med deg er eg budd til å gå både i fengsel og i døden.” 34 Men Jesus svara: “Eg seier deg, Peter: Hanen gjel ikkje i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.” 35   Så sa han til dei: “Då eg sende dykk i veg utan pung eller skreppe eller skor, vanta de då noko?”  “Nei, ingen ting,” svara dei. 36 “Men no,” sa han, “må den som har pung, ta han med, og like eins den som har skreppe; og den som ikkje har sverd, får selja kappa si og kjøpa seg eit. 37 For eg seier dykk at det lyt oppfyllast på meg, det ordet som står skrive: Han vart rekna mellom brotsmenn. For det som er fastsett om meg, skal no henda.” 38 Då sa dei: “Herre, sjå her er to sverd.” “Det er nok!” svara han.

Kva var poenget med å sikta dei liksom kveitekorn? Det betyr då å skilja dei store korna frå dei små. Eg trur poenget var å vidareføre den tradisjonelle klasseskilje-politikken. Der er ei viktig økonomisk side av saka, at den ”lærde” overklassa skulle verte rike på kostnad av den ulærde underklassa. Apostlane Jakob og Paulus gjekk i rett med slike interesser (Fil.1,12-21, Gal.1,6-9, Jak.2,1-13, Jak.4,13-5,6), men Paulus profeterte om at slike interesser likevel ville komme inn i kyrkjelyden.

APG 20,17 – APG 20,38   Frå Milet sende han bod til Efesos og kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden. 18 Og då dei kom, tala han til dei:  De veit korleis eg har levt all den tid eg har vore saman med dykk, frå den fyrste dagen eg sette foten i Asia. 19 Eg har tent Herren audmjukt og med tårer i alle dei prøvingar som jødane har ført over meg med dei vonde planane sine. 20 De veit at eg ikkje har halde att noko av det som kunne gagna dykk; men eg har forkynt dykk det og lært dykk det både ute blant folket og i heimane. 21 Eg har vitna både for jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus Kristus. 22 Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje. 23 Men Den Heilage Ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lekkjer og vanskar. 24 Men ikkje det grann vørder eg livet mitt, berre eg kan fullføra laupet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde. 25 Og no veit eg at de aldri meir skal sjå meg, alle de som eg har vore saman med og forkynt riket for. 26 Difor vitnar eg for dykk i dag at eg er utan skuld om nokon taper livet sitt; 27 for ikkje på nokon måte har eg forsømt å forkynna heile Guds råd og vilje. 28   Ta vare på dykk sjølve og på heile den hjord som Den Heilage Ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds kyrkjelyd, som han vann med sitt eige blod! [med sitt eige blod: kan òg omsetjast: med sin eigen Sons blod; sml. Ef 5, 25; 1 Pet 1, 18 f.] 29 For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar, som ikkje sparer flokken. 30 Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med rang lære og vil lokka læresveinane med seg. 31 Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, alt i eitt med tårer i augo talde for kvar einaste ein. 32 Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som kan oppbyggja dykk og gje dykk arv saman med alle dei som er helga. 33 Eg har aldri trått etter sølv eller gull eller klede frå noko menneske. 34 De veit sjølve at eg med desse hendene mine har sytt for det vi trong, både eg og dei som var med meg. 35 Alltid har eg vist dykk at såleis må vi arbeida, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: Det er sælare å gje enn å få. 36   Då han hadde sagt dette, bøygde han kne saman med dei alle og bad. 37 Då brast dei alle i gråt, og dei tok Paulus om halsen og kyste han. 38 Det som gjorde dei mest sorg, var det han hadde sagt, at dei aldri meir skulle sjå han att. Så fylgde dei han til skipet.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: