Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2016.12.11. Ein bana veg.

Tyding av tungetale:

IMG_0288.JPG

Jesus har bana vegen for meg, han er vegen til Faderen. Møte i Maranata 11.12.2016.

Innleiing ved Ragnar.

Ragnar minna om jødane som krangla og derfor fekk dei ikkje komme inn i det lova landet, men måtte vandre i 40 år i øydemarka, til mesteparten av dei var døde og der kom ein ny generasjon. Så sa at her er så lite folk på møtet fordi dei kristne kraglar på liknade vis, dei talar om kvarandre i staden for å tale med kvarandre. Dei må byrje å komme på møte og tale med kvarandre i staden for å tale om kvarandre.

Tale ved Håkon Martinsen.

12 speidarar skulle speide ut landet som dei skulle innta men berre to av dei kom med oppmuntrande ord, fordi dei sette si tru og tillit til Gud som hadde vore med dei og leia dei til då. Det var Josva og Kaleb. Og Josva vart leiaren deira etter Moses. Håkon las om korleis Herren sette Josva til å leie Israels-folket sitt inn i det lova landet:

JOS 3,1 – JOS 3,7 {ISRAELITTANE GÅR OVER JORDAN}  Morgonen etter stod Josva tidleg opp. Han tok ut frå Sjittim med alle israelittane, og dei kom til Jordan. Der var dei om natta før dei sette over elva. 2 Då tre dagar var lidne, gjekk tilsynsmennene gjennom leiren 3 og sa til folket: “Når de ser paktkista åt Herren dykkar Gud, og levittprestane som ber kista, skal de fara av stad og fylgja etter henne. 4 Så kan de vita kva veg de skal ta. For den vegen har de ikkje fare før. Men mellom dykk og paktkista må det vera eit godt stykke, to tusen alner på lag. Kom henne ikkje for nær!” [Kom henne ikkje for nær: Paktkista var heilag; difor var det farleg å røra henne. Sml. 2 Sam 6, 6 f.] 5   Så sa Josva til folket: “Helga dykk no! For i morgon vil Herren gjera underfulle ting mellom dykk.” 6 Og til prestane sa han: “Ta paktkista og far fram føre folket!” Då tok dei paktkista og gjekk føre folket. 7   Herren sa til Josva: “Frå i dag vil eg gjera deg stor framfor augo på heile Israel. Dei skal skjøna at eg er med deg, liksom eg var med Moses.

Tungetale ved Mari, tyding ved Håkon.

For eg er Herren din Gud. Det er eg som tronar over kjerubane. Det er eg som har all makt i himmel og på jord. Og det er eg som inspirerte mine menneske, mitt folk, til å skrive ned mitt eige Ord, og det er eg, Herren, som skreiv det og det er eg, Herren, som skal fullføre det og stadfeste det. Derfor set din lit til meg og mitt Ord, så skal ikkje din fot vakle, du skal kjenne knea dine bli styrka, du kjem opp på den halte, du kjem opp og får kjenne å bli lækt i det som er halt. Og du skal få kjenne at eg, Herren, som byrja, eg skal og fullføra dette. Eg har lagt føre dykk ein veg, den er bana og det er eg, Herren, som er vegen og det er eg, Herren, som har bana den. Så gå på den, ver frimodig og vandre på den, for eg, Herren, går fram føre deg.

For eg, Herren, det er eg som talte, det er eg, Herren, ja, det er eg som baud og det skjer, kva eg seier, derfor kan du stole på mitt Ord, derfor kan du strekke deg ut og seie til meg: takk, min himmelske Far, at alt ditt, det er mitt og eg kan få lov til å ta det til meg. Det er ditt, mitt barn, ta det til deg, mitt barn. For det er eg, Herren, som gav mitt liv, for at du skulle få liv og overflod av liv. Eg er ingen gjerrig og karrig Gud, men eg gir og eg gir og eg gir igjen. Derfor strekk ut din hand og du skal få kjenne, at mi hand rører ved deg. Å, vi skal gå i saman som eg gjekk saman med Peter på vatnet, så vil eg og gå saman med deg. Og det som er umogleg for deg, det er mogleg for meg. For alt er mogleg for meg.

Aktuelle bibelvers.

LUK 1,67 – LUK 1,80   Sakarja, far hans, vart fylt av Den Heilage Ande og tala profetord: 68   Lova vere Herren, Israels Gud,  for han har gjesta sitt folk og løyst det ut. 69   Han har reist for oss eit horn til frelse  i sin tenar Davids ætt, 70   så som han lova i gamle dagar,  då han tala gjennom sine heilage profetar 71   om å frelsa oss frå våre fiendar  og frå alle dei som hatar oss. 72   Han vil syna miskunn mot fedrane våre  og minnast si heilage pakt, 73   den lovnaden han gav vår far Abraham med eid, 74   så vi, frelste frå fiendehand og utan otte,  kan tena han 75 for hans åsyn  med heilag hug og rettferd alle våre dagar. 76   Og du, barn, skal kallast profet for Den Høgste,  for du skal gå fram føre Herren  og rydja veg for han 77   og læra folket hans å kjenna frelsa,  at syndene deira vert tilgjevne, 78   for vår Gud er rik på miskunn.  Så skal ljoset frå det høge  gjesta oss som ei solrenning 79   og skina for dei som bur  i mørker og dødsskugge,  og styra føtene våre inn på freds veg. 80   Og guten voks og vart sterk i ånda. Han heldt seg i øydemarka til den dagen han steig fram for Israel.

JES 35,1 – JES 35,10 {DEN HEILAGE VEGEN}  Øydemark og turrlende skal gleda seg,  den aude hei skal jubla og bløma. 2   Ho skal bløma som lilja  og jubla, ja ropa av fryd.  Libanons herlegdom får ho i gåve,  Karmels og Sarons prydnad.  Herrens herlegdom skal folket få sjå,  stråleglansen frå vår Gud.  3   Styrk dei kraftlause hender,  gjer dei skjelvande kne sterke! 4   Sei til dei urolege hjarto:  Ver frimodige, ver ikkje redde!  Sjå, der er dykkar Gud!  Han kjem med straff.  Gud vil gjera attergjeld.  Sjølv kjem han og frelser dykk.  5   Då skal blinde augo opnast  og dauve øyro latast opp. 6   Då skal den lame springa som ein hjort  og tunga åt den mållause jubla.  For kjelder bryt fram i øydemarka  og bekker på dei turre vidder. 7   Den gloande sand vert til sevkransa sjø,  det tyrste land til vassrike kjelder.  Sjakalars mark vert ein kvilestad,  der graset gror mellom røyr og sev.  8   Og der skal det vera ein kongsveg,  Den heilage vegen skal han kallast.  På den skal ingen urein ferdast,  det skal vera ein pilegrimsveg for Guds folk;  ikkje eingong dårar skal fara vilt. 9   Der skal inga løve ferdast  og inkje rovdyr setja sin fot;  dei skal ikkje finnast meir.  Men dei utløyste skal ferdast der. 10   Herrens utløyste skal venda heim att.  Dei skal koma til Sion med fagnadrop,  med evig glede om si panne.  Fryd og glede skal møta dei,  sorg og sukk må røma.

JES 45,1 – JES 45,8 {KYROS, HERRENS SALVEVIGDE}  Så seier Herren til den han har salva,  til Kyros, som eg held i hans høgre hand  for å tvinga folkeslag under han,  løysa beltet av kongar  og opna dører for han,  så ingen port skal vera stengd. [den han har salva, Kyros: Herren, heile verdsens Gud, har kalla persarkongen til å fullføra hans vilje med Israel. Sml. 41, 1 ff; 45, 13.] [løysa beltet av kongar: setja dei av; beltet var eit teikn på kva makt og vørdnad kongen hadde.] 2   Eg vil gå føre deg.  Bakkar vil eg jamna,  bronsedører vil eg sprengja,  og jernbommar vil eg slå sund. 3   Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret,  og rikdomar, gøymde på løynlege stader,  så du skal vita at eg er Herren,  Israels Gud, som har kalla deg på namn. 4   For min tenar Jakobs skuld,  for Israel, min utvalde,  har eg kalla deg og gjeve deg eit ærenamn,  endå du ikkje kjende meg. 5   Eg er Herren, og ingen annan,  utan meg finst det ingen Gud.  Eg spente beltet om livet på deg,  endå du ikkje kjende meg, 6   så dei skal vita både i aust og vest  at det finst ingen annan enn eg.  Eg er Herren, og ingen annan. 7   Eg skaper ljoset, og eg lagar mørkret;  eg skaper lukke og ulukke.  Det er eg, Herren, som gjer alt dette.  8   Lat det drypa ovanfrå, du himmel,  lat rettferd strøyma, de skyer!  Jorda skal opna seg for det,  og den frukt ho ber, er frelse,  det ho lèt gro, er rettferd.  Eg, Herren, skaper dette.

HEB 10,19 – HEB 10,39 {FRIMOD OG VEDKJENNING I KYRKJELYDEN}  Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen. 20 Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seia hans jordiske lekam. 21 Og når vi har så stor ein prest over Guds hus, 22 så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn. 23   Lat oss halda urikkeleg fast på vedkjenninga av vår von; for han er trufast, han som gav lovnaden. 24 Og lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar. 25 Lat oss ikkje halda oss borte når kyrkjelyden vår samlast, som somme plar gjera; men lat oss setja mot i kvarandre, og det så mykje meir som de ser at dagen nærmar seg. 26   Syndar vi med vitende og vilje etter at vi har lært sanninga å kjenna, då finst det ikkje lenger noko offer for synder. 27 Fælsleg er det vi då har i vente: domen og Guds brennhug som skal øyda dei som står han imot. 28 Den som vrakar Moselova, får ikkje miskunn, men må døy etter to eller tre manns vitnemål. 29 Kor mykje strengare straff tykkjer de ikkje den fortener som har trøtt Guds Son under fot, vanhelga paktblodet som han sjølv vart helga med, og spotta nådens Ande? 30 For vi kjenner han som har sagt: “Straffa høyrer meg til, eg skal gje attergjeld.” Og vidare: “Herren skal døma folket sitt.” 31 Det er fælt å falla i hendene på den levande Gud! 32   Men tenk no attende på den fyrste tida, då de fekk ljoset og sidan heldt ut i dei lidingane de hadde å strida med. 33 Snart vart de hånte og plaga for augo på folk; snart gjorde de sams sak med andre som måtte gå gjennom det same. 34 De leid med dei som sat i fengsel, og fann dykk med glede i at det de åtte, vart røva frå dykk. De visste at de eig noko som er betre og som varer. 35   Kast ikkje bort frimodet dykkar! Det gjev stor løn. 36 De treng tolmod, så de kan gjera Guds vilje og vinna det som er lova. 37   For enno er det berre ei lita stund,  så kjem han som koma skal,  og han skal ikkje drya. 38   Min rettferdige skal leva ved tru;  men dreg han seg unna,  har eg ikkje hugnad i han. 39 Men vi er ikkje av dei som dreg seg unna og går fortapt, men av dei som trur og bergar si sjel.

HEB 12,4 – HEB 12,17 {GUD OPPSEDAR OSS}  I striden mot synda har de enno ikkje gjort slik motstand at det stod om livet. 5 Har de gløymt dei manande ord som talar til dykk som til søner:  Son min, vanvørd ikkje Herrens tukt,  miss ikkje motet når han refser deg. 6   For den Herren elskar, tuktar han,  og han refser kvar son han tek seg av. 7 At de må lida, tener til å oppseda dykk; Gud steller med dykk som med born. Finst det ein son som faren ikkje tuktar? 8 Får de ikkje tukt som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born. 9 Vi har hatt våre jordiske fedrar som tukta oss, og vi hadde age for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under han som er Far til åndene, så vi kan vinna livet? 10 For fedrane tukta oss berre ei stutt tid etter sitt eige skjøn, men han gjer det til vårt beste, så vi skal få del i hans heilagdom. 11 All tukt tykkjest vel, medan ho står på, å vera meir til sorg enn til glede. Men sidan ber ho freds- og rettferds-frukt hjå dei som er oppøvde med tukt. 12   Difor, rett dei hangande hender  og styrk dei skjelvande kne! 13 Lat føtene gå rett fram på vegen, så det halte ikkje går or led, men heller vert lækt. 14   Legg vinn på å leva i fred med alle, og streva etter helging; for utan helging skal ingen sjå Herren. 15 Sjå til at ikkje nokon lèt Guds nåde gå frå seg! Lat inga beisk rot få renna opp og gjera skade, så mange vert smitta. 16 Sjå til at ingen driv hor og lever gudlaust som Esau, han som selde fyrstefødselsretten sin for eit måltid mat. 17 De veit at då han sidan ville få velsigninga frå far sin, vart han bortvist, endå han gråtande bad om henne. Han fann ikkje høve til omvending.

1KO 12,26 – 1KO 12,27 For om ein lem lid, så lid alle dei andre med. Og om ein lem vert æra, gleder alle dei andre seg. 27   Men de er Kristi lekam, og kvar av dykk ein lem på han.

Herren som inspirerte sine til å skrive ned hans Ord,  han skal også fullføra det. Då vil eg minne om:

ÅPE 17,17 For Gud gav dei den tanken at dei skulle fullføra hans plan, så dei ville eitt og det same: gje si kongsmakt til dyret, til Guds ord er oppfylt.

Kommentar.

Innleiinga.

Eigentleg opponerte dei mot det leiarskapet som Gud hadde gjeve dei ved Moses og det var fordi dei ikkje trudde. Gud gav dei likevel det dei trengde, dei tørsta og han gav dei vatn, men det vart likevel ørkenvandring, der var det tørt. Men ved tru skulle dei sidan komme inn i det landet han hadde lova dei. Ved trua på Kristus får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4).

Jesus vil styrke meg, så eg kjem meg opp på “den halte”, så den blir lækt.

Eg har bedt han om å gje meg ei frelst kvinne til kone, sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Men det har ikkje fungert slik som det skulle. Då er det som ein lem som lid, ein fot som er halt og det gjeld både meg i mi vandring med Herren og det gjeld kyrkjelyden. Men han sa til meg: ”Derfor set din lit til meg og mitt Ord, så skal ikkje din fot vakle, du skal kjenne knea dine bli styrka, du kjem opp på den halte, du kjem opp og får kjenne å bli lækt i det som er halt.”

Så min framgang i studiane har også vorte haltande.  Dei siste semestera har eg byrja å verte oppteken av noko anna og tenkt på det i staden, sjølv om det ikkje utartar seg slik at eg vert forførd. Jesus har sagt at eg skal kle meg i Guds fulle rustning og det utarar seg slik at eg må bruke desse våpena i kampen mot dei vonde åndsmaktene, eg må bruke skjoldet til å parrere med og eg må bruke Andens sverd som er Guds Ord. For å forsvare min posisjon og aktivitet i kyrkjelyden og i studiane og kva meir? Forsvare kyrkjelyden sin posisjon og akvitet i samfunnet. Dette tek tid og det har gått ut over studiane, men det kjenenst som det aller meste har vore nødvendig. De ser korleis ho ”Virtuella” har vore sentral i dette, det har seg slik at ho er forførd, det viser korleis den vonde forfører menneska så dei ikkje kjem på møte i kyrkjelyden, for ho er sentral i den forføringa.

2KO 11,1 – 2KO 11,4 {PAULUS OG DEI FALSKE APOSTLANE}  Gjev de ville tola eit grann dårskap av meg! Ja, de får tola det! 2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot.

Eg innser at dei same interessene som vil ha oss bort frå den enkle truskapen mot Kristus også prøver å få tankane mine bort frå studiane. Sjølv om eg kler meg i Guds fulle rustning og strider med Andens våpen for å forsvare min posisjon, så har min framgang i studiane likevel vorte haltande.

Dette semesteret tok eg berre to kurs og det er 2/3 av normal studieprogresjon. Torsdag 8.12 hadde eg eksamen i fysiologi. Etterpå byrja eg å sjå over kva eg hadde skrive siste året og samanlikne med kva eg hadde publisert, men det vart så ”knødavore” at der gjekk mykje tid på det. No har det vorte endå tydlegare at Jesus vil gje meg ei ”biologidame” til kone og eg følte at eg trengde å flytte merksemda mot dette i mitt bønneliv for å få oppleve at han styrker meg og kjem meg til hjelp med si kraft og soleis gjev meg hjelp i form av ei kone. Dette er nok ikkje så fort gjort, det er noko som sjel og ånd, bevisttheit og underbevisstheit, innstiller seg på, eg skal sjå på Jesus og ha hugen vendt opp til han og ta imot det han gjev meg frå himmelen, så eg får oppleve at Gud gjer sitt verk i meg ved sitt Ord og sin Ande og slik vil han gje meg hjelp i form av ei kone.

Eg følte at eg trengde tid til dette og vart gjerne liggande til langt på dag, slike dagar har det vore mange av dette semesteret. Denne søndagen låg eg ekstremt lenge. Slikt er typisk for ein som er deprimert, men depresjonen har si årsak, for der er noko som ikkje har fungert. Men eg bad i mi ånd og vart liggande til langt på dag og forstår det slik at eg har problem med å komme opp på ”den halte”, men Herren svarde meg så treffande:

”For eg er Herren din Gud. Det er eg som tronar over kjerubane. Det er eg som har all makt i himmel og på jord. Og det er eg som inspirerte mine menneske, mitt folk, til å skrive ned mitt eige Ord, og det er eg, Herren, som skreiv det og det er eg, Herren, som skal fullføre det og stadfeste det. Derfor set din lit til meg og mitt Ord, så skal ikkje din fot vakle, du skal kjenne knea dine bli styrka, du kjem opp på den halte, du kjem opp og får kjenne å bli lækt i det som er halt. Og du skal få kjenne at eg, Herren, som byrja, eg skal og fullføra dette.”

Eg låg til langt på dag på måndag også, var ein tur inn til Blindern, åt nistepakken min i kantina på Biologibygget, sette meg på lesesalen, men så for eg berre heim att utan å lese. Først i 16-17-tida byrja eg å lese til eksamenen i informatikk, som skulle vere onsdag kl 15. Og det gjekk ikkje særleg bra. Mykje av det som eg hadde lært så pass at eg klarde å programmere det, når eg hadde læreboka ved sidan av og datafiler på mac/PC, hadde ikkje ikkje klart å få ”opp å gå” så pass at eg klarde å gjere bruk av det på eksamenen.

Jesus har lagt fram for oss ein bana veg.

Jesus seier han har lagt fram for oss ein bana veg og då tenker vi på at han har bana vegen for oss gjennom forhenget i Guds tempel, det himmelske tempelet, så vi har adgang til det høgheilage og til nådens trone. Slik er det for meg i studiane også, forelesingane, gruppeøvingane og laboratoriekursa. Det er ein bana veg, der inga jordisk makt kan hindre eller stoppe dei som går der. Og eg trur Jesus har bana den for oss. Nåden og sanninga kom ved han (Joh.1,17). Han døde i staden for oss, så vi skulle få nåde. Han stod opppatt frå dei døde, han er sanninga og er suveren over døden og over all menneskeleg makt. Og når vi studerer realfag, søker vi ei realfagleg sanning som er suveren over all menneskeleg makt. Det er inga menneskeleg makt som kan komme inn her og bestemme, avgjere og diktere kva som er rett og sannt ved bruk av  den sterkaste sin rett, vi finn ut av det med andre metoder.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: