Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2004. Gode grunnar til dumping av fisk?

Frå omlag 2002 vart det sett fokus på fiskedumping i massemedia og i 2004 skreiv eg ein dobbelkronikk i Sunnmørsposten, scanna kopier følgjer til slutt. I ettertid var eg var ikkje heilt fornøgd med formuleringane, så eg skreiv eit samandrag:

”Ei ekstremt streng tolking av regelverket der det ikkje er lov å dumpe ein einaste fisk, vil vere uråd å følgje i praksis”.

Det er forbode å sleppe fangst som er død eller døyande, og å foreta utkast av fylgjande fiskeslag: torsk, hyse, sei, uer, makrell, norsk vårgytande sild, trondheimsfjordsild, nordsjøsild, vassild, lodde, blåkveite, hvitting, kolmule og breiflabb. For dei fleste av desse fiskeslaga er der eit minstemål. Nord for 64 grader N vart det i 1990 auka frå 42 til 47 cm for torsk, og frå 39 til 44 cm for hyse. Elles er det 30 cm for torsk og 27 cm for hyse. Dette heng saman med at det er større maskevidde nord for denne breiddegrada, 135mm mot 120mm sør for den. For sei er minstmålet 45 cm nord for 62 grader N og 32 cm sør for 62-graden. For kveite er minstemålet 60 cm. For fiske med trål og konvensjonelle reiskap kan der vere 15 %  innblanding av torsk, hyse eller sei under minstemålet, og det går ikkje på vekt, det er 15 av 100 fiskar.

Regelen om minstemålet er eit problem for dei som skal levere fangsten til fiskemottak, for ferskfisk- og frysetrålarar og elles for heile kystfiskeflåten, på den eine side er det ikkje lov til å dumpe fisk og på den andre side er det heller ikkje lov til å levere den, og etter kvart som styresmaktene vert strengare og strengare med å handheve regelen om at det ikkje er lov til å dumpe fisk for mindre og mindre fisk, så får det meir og meir preg av dobbeltmoral, for regelverket motseier seg sjølv.

Freda fisk.

Liknande motsetning får vi i andre tilfelle også. Kveita har vore freda ein del av året. Då har det ikkje vore lov til å selje den. Men det har heller ikkje vore lov til å dumpe den. Når til dømes ein trålar har konsesjon og kvote på torsk, sei og hyse, men ikkje på makrell eller sild, og uunngåeleg vil få ein liten grann sild og makrell i lag fangsten, korleis kan dei då krevje at han ikkje skal få lov til å dumpe silda og makrellen? Jau, han skal levere fisken, men han får ikkje betalt for den.

Det hender vi får inn hiv der det følgjer med fat med kjemikaliar, som olje, løysemiddel eller maling, som har vorte dumpa og som lek ut kjemikaliar på fisken. Denne fisken er forgifta og må dumpast.

Når vi skal gjere oss ferdige med kvotene av torsk, sei og hyse på slutten av året og det til dømes gjenstår hyse når vi er ferdige med torsken, burde vi enten få overføre resten av hysekvota til neste år eller få fiske litt torsk av neste års kvote. Men regelverket er ikkje så pass smidig og veltilpassa at det går an, i staden er det så firkanta at ein båt som har fleire kvoter får akkurat same problemet når han skal gjere seg ferdig med den eine kvota og skal byrje på den neste.

LAVARE PRIS PÅ SMÅFISK.

Det vesentlege problemet er at småfisk vert dumpa fordi båten og mannskapet får betre pris på storfisken. Dette er særleg for ferskfisktrålarar og frysetrålarar. Men på ein fabrikktrålar kan filetane verte pakka i ei stor blokk på om lag 7 kilo og då er det heller ein fordel at filetane er små, dei har endå til ”strimlemaskin” som kutter dei opp i endå mindre strimlar for at dei skal pakke seg betre i blokka. Fisk av mellom-storleiken vert pakka filet for filet, og den aller største vert ikkje filetert, men kappa for hand og frosen som sløgd fisk i vertikalfrysar. Det som betyr noko prismessig, er kor mykje vi skal levere som sløgd fisk og kor mykje vi skal levere som filet eller blokk. Er det god pris på sløgd fisk, prøver vi å produsere meir av dette ved å justere sorteringa. Men på så pass lange turar er prisprognosane usikre, så det er ikkje sikkert det slår til slik som vi hadde venta oss.

PRODUKSJONSTEMPOET FOR SMÅFISK.

Karrusell-kappemaskinene for småfisk går alt for seint, det går alt for seint å produsere fisk på denne måten, og det kan motivere dumping av småfisk. Desse maskinene er i bruk på ferskfisk- og fryse-trålarar. Fisken kan vere for liten for desse maskinene, så den ikkje heng på klemmene på karusellen. Kontrollørane pålegg oss at vi skal bløgge denne fisken og køyre den inni maskina, men den fell ned og vert ikkje produsert likevel. Det er ikkje fordi fiskemottaka vil ha den, dei vil helst ikkje ha fisk under minstemålet. Det er kunn for å plage oss med eit irrelevant regelverk.

Fleire og fleire av fabrikktrålarane  har fått nye, moderne maskiner, Baader 182, som både kapper og fileterer småfisk, og dei går mykje fortare enn dei vanlege filetmaskinene. Så produksjonstempoet er ikkje eit særleg sterkt motiv for å dumpe småfisk. Store fabrikktrålarar har gjerne Baader 182-maskiner og når dei produserer blokk av småfisken, så er ikkje produksjonstempo nokon grunn til å dumpe. Om det vert gjort er eit spørsmål om pris og marknad, det er vanleg å produsere blokk av sei og hyse, det hender også at det vert produsert av torsk. På mindre fabrikktrålarar kan det vere vanskeleg å få plass til både Baader-182 og vanlege filetmaskiner. Då kan det godt vere ein fordel å velje Baader-182 og så levere meir sløgd fisk.

FOR GAMMAL FISK.

Det tradisjonelle problemet har elles vore at det vert fiska for mykje, slik at fisken vert for gammal og må dumpast. Men etter at vi fekk mengdesensorar på sekkane har det vorte mykje lettare å unngå å få for store hiv, så det har vorte lettare å følgje med og regulere fisket slik at vi unngår at fisken vert for gammal.

Det har også vore ei auka bevisstgjering om å få best mogleg kvalitet og best mogleg pris på fisken, i staden for å tøye kvaliteten mot eit nedre mål som nærmar seg grensa for at vi må dumpe fisken, berre for at det skal vere om å gjere å fiske best mogleg, prøver vi å oppnå best mogleg kvalitet, for å få best mogleg pris. Med normal drift vert fisken då ikkje så gammal at kvaliteten kjem i nærleiken av ei nedre grense der vi synest at den er for dårleg til å produsere den. Det har gitt oss mindre grunn til å dumpe fisk. For ferskfisk- og frysetrålarane heng dette saman med at dei no får marknadspris i staden for berre å få minstepris. Minsteprisen hang saman med eit minstekrav til kvaliteten, men marknadsprisen motiverte ei målsetjing om best mogleg kvalitet. Dette reduserte risikoen for at fisken skulle verte for gammal.

ER STORTRÅLARANE VERST?

Om nokon påstår at stortrålarane er verst, så må det kunne kallast ei myte og der er sikkert ein grunn til at det har vorte ei myte. Resonnementet kan vere så enkelt som at det er dei som har drive med den hardaste rovdrifta som har tent best og som har fått råd til dei største og dyraste båtane. Ideen kan også vere at det er dei som har dei store låna som skal betenast og som derfor har sterkast press på seg for god økonomisk gevingst, og at dette presset så går på kostnad av miljø- og ressursomsyn. Dette er dei klassiske resonnementa som vert brukt mot kapitalinteressene. Men når det gjeld det økonomiske presset frå kreditorane, så er dette noko som det bør takast omsyn til ved konsesjonstildelinga, ved at det vert stilt tilstrekkelege krav om eigenkapital. Det er ei anna sak. Men poenget i denne samanheng er at på ein slik stortrålar har den vesentlege økonomiske gevingsten ved å dumpe småfisk falle bort, vi har ikkje noko særleg gode økonomiske argument for å gjere det.

Fiskeriministeren kallar fiskarane miljøsyndarar fordi dei dumpar småfisk og kallar det miljøkriminalitet og foreslår å innføre ei fuskeavgift for å redusere utkastet av småfisk. Dette minner mest om kyrkja sin avlatshandel i middelalderen. Vi får håpe regjeringa så raskt som mogleg klarer å utvikle seg frå middelalderen fram til reformasjonen og så heller prøve å reformere regelverket så det går an å gjennomføre det.

Kopi av kronikkane.

Gode grunnar 1

Gode grunnar 2

Dumping 1

 

Dumping 2

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: