Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

KRIMINALISERING AV FISKAREN.

Eg skreiv ein artikkel om dette i Sunnmørsposten (2004-2005), kopi av den følger til slutt.

KVA SOM ER MILJØKRIMINALITET MÅ AVGJERAST UT IFRÅ EIN NATURVITSKAPLEG TANKEGANG OG IKKJE UTIFRÅ EIT LOVVERK SOM ER VEDTEKE AV HEILT ANDRE OMSYN.

Når fiskarane har to val, det eine er å dumpe fisken og det andre er å levere den, og begge deler er ulovleg, då må ein byrje å lure på kva som er formålet med regelverket. Det seier då imot seg sjølv, så regelverket dømmer seg sjølv. Eit slikt regelverk er sjølvsagt umogleg å etterleve, så ein skulle nesten tru at formålet med det var å dømme fiskaren same kva han gjorde, veleigna for kven som helst til å ta det i bruk når han synst det passar seg slik. Men dersom formålet er å verne om ressursane og å sikre ei god utnytting av dei, så er vi ikkje tente med eit slikt useriøst regelverk. Det må tilpassast dei fysiske og økonomiske realitetane så pass at det vert mogleg å gjennomføre det i praksis.

Å verne småfisken framfor storfisken er kanskje ikkje så viktig som vi tidlegare har rekna med, vi må hugse på at det er storfisken som skal gyte. Det beste er nok ei rimeleg beskattning av både småfisk og storfisk. Det kan vere verdt å samanlikne med jakt på elg og hjort, jegeren vil gjerne skyte det store dyret. Men dette systematiske utvalet er ikkje naturleg og ikkje heldig for utviklinga av bestanden, dyra vert i gjennomsnitt svakare og klarar seg dårlegare gjennom vinteren. Sett frå eit økologisk synspunkt er det nettopp utviklinga av bestanden vi bør tenke på, når vi skal avgjere korleis vi skal beskatte den.

Styresmaktene har for korte periodar stengt fiskefelt der det har vore mykje småfisk. Dette er ein enkel og veleigna måte å verne småfisken på. Men når det har vore kontrollørar om bord i ein fiskebåt, og dei har funne for mykje småfisk-innblanding i fangsten, så har dei beordra båten å skifte fiskefelt. Dermed har han måtta forlate det gode fiskefeltet medan resten av fiskeflåten som låg der fekk halde fram med det gode fisket. Fiskarbåtar har lege og fiska stor, fin torsk, men så har der vore ein liten grann småsei i lag med fangsten og då kan det lett vere meir enn 15 % av seien som er under minstemålet. Ved fleire tilfelle har dette vore nok til at kontrollørane har beordra båten å skifte fiskefelt. Lovverket viser då ikkje forståing for næringskjeda, det er då klart at stor fisk lever av mindre fisk, og det er ikkje rart at vi får noko av denne småfisken i lag med storfisken.

Sett frå eit naturvitskapleg synspunkt er mennesket det rovdyret som står øvst på næringskjeda, og vi veit at dei største rovdyra på jorda etterlet seg restar av måltidet som vert til mat for andre dyr. Det er ei naturleg sak at restane etter menneskets jakt og fiske også går tilbake til naturen på denne måten, det går inn i den naturlege næringskjeda. Korleis kan norske styresmakter få seg til å saksøke ein fiskebåt for miljøkriminalitet fordi kystvakta får sjå at havsula stuper etter ei eller anna sild eller makrell rett bak fiskebåten? Er det kriminelt at havsula skal få desse få fiskane? Kva som er miljøkriminalitet må definerast ut ifrå naturvitskapen og ikkje utifrå det norske lovverket. Det ville vere prisverdig om det norske lovverket og norsk politikk vart tilpassa ei naturvitskapleg tenking slik at det verna både om folket og det naturmiljøet som vi er ein del av. Men det er ikkje dermed sagt at det allereie er tilfelle. Når norsk politikk og norsk lovverk klagar fiskarane for å drive miljøkriminalitet fordi dei let avfallet frå fisket gå tilbake til naturen, så klagar dei mennesket for sin posisjon øvst på næringskjeda, så klagar dei mennesket for sin naturlege posisjon i naturen, men sett utifrå eit naturvitskapleg synspunkt er det då dei sjølve som driv miljøkriminalitet.

Det naturlege ville vere at mat-avfallet frå hushaldningane, frå kafear og restaurantar også gjekk tilbake til naturen på denne måten, så det vart til mat for småkryp som så igjen vart til mat for dei store rovfuglane og rovdyra. Men i staden er der søppelbilar som køyrer det milevis for å deponere det som om det skulle vere giftige kjemikaliar. Skal no styresmaktene sette i gang ein kostbar verksemd med helikopter, fly og båtar som forbrenn store mengder med ufornybare ressursar og spyr ut ei heil mengde med CO2-gass, for å hindre at litt av fiskeavfallet frå fiskebåtane skal gå tilbake til naturen på den mest naturlege måten, så sjøfuglen ikkje skal få det? Det er då ikkje for at vi vil ha det sjølve, det er ikkje for at fiskemottaka vil ha det. Eg har tross alt vanskeleg for å tru at fiskeindustrien vil gjere bruk av så simple metodar for å få fisken rimelegast mogleg frå fiskarane. Men kven veit. Og så skal dei pålegge fiskebåtane å forbrenne endå meir olje for å pløye havet for å prøve å finne fisk der som det ikkje er fisk. Alt saman fordi det er norsk politikk å prøve å kriminalisere nordmannen for hans posisjon øvst på næringskjeda. Det er ikkje ein naturvitskapleg tankegang og det er ikkje ein økologisk rett politikk.

Det er ikkje miljøkriminalitet å hauste av skogen ved jakt og skogshogst, dersom vi berre syrgjer for at skogen får vekse oppatt og dyrelivet og fuglelivet får komme tilbake. Personleg meiner eg at norsk landbruk i langt større grad bør tilpassast norsk natur på denne måten. For dersom vi utryddar skogen frå fjellområde der det naturleg skulle vere skog, utryddar dyr, fuglar, plantar eller fiskar frå område der dei naturleg høyrer heime, så må det  karakteriserast som miljøkriminalitet.

Men det er også miljøkriminalitet når menneska innfører artar av dyr, fuglar, plantar og fiskar der dei ikkje naturleg høyrer heime. At minken kom til Noreg var ei katastrofe for fuglelivet langs kysten. Det rette mottiltaket er at vi prøver å halde bestanden på eit så lavt nivå som mogleg.

At Kamtchatka-krabben vart utsett i Barentshavet var også ei miljøkriminell handling.

Forskarane frykta at den hadde med seg bakteriar eller parasittar som kunne vere skadelege for anna liv som naturleg høyrde heime i Barentshavet, til dømes torsken. Det rette mottiltaket, sett utifrå miljøvern-omsyn, ville vere fritt fiske, for å halde bestanden nede, i det minste i ei overgangsperiode, til dess anna liv i havet fekk utvikle resistens mot bakteriar som den hadde med seg. Problemet er at den økologiske balansen vert skipla, så artar vert utrydda, og det kan gå lang tid før naturen gjenopprettar ny balanse. I mellomtida er det om å gjere at vi fiskar av denne bestanden, så ikkje ubalansen vert alt for stor. Men det som i staden har skjett, er at norske styresmakter har sett forbod mot å fiske Kamtsjatkakrabbe og oppbevare den om bord i båten. Fiskarane kan få denne krabben i trålen og få eit svare strev med å få den ut av garna, få sonderivne garn før dei får den ut. Men krabben skal dumpast. Desse krabbeklørne er slikt som fiskaren sjølv kunne ha interesse av å ta med seg til lands, om så det var berre for å spandere på familien, men ikkje ein gang det får han lov til. Kva er hendsikta med det? Skal politikarane prøve å innbille oss at det er miljøkriminalitet å ikkje dumpe fangsten no, når fiskaren kunne ha interesse av å ta den med til lands? Skal politikaren verkeleg prøve å innbille oss at hendsikta med dette lovverket er å verne om det maritime miljøet?

Norsk miljøvern-politikk er ikkje avgjort utifrå ein nøktern naturvitskapleg tankegang, men utifrå eit kulturelt og  politisk behov av å lage til ein kostbar opera ved bruk av båtar, fly og helikopter.

Artikkel i Sunnmørsposten.

Tilpassing 1

Tilpassing 2

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: