Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2017.04.09. Palmesøndag. ”Stormen” er allereie i gang. Men Jesus vil bevare alle dei som tek si tilflukt til han.

IMG_0437.JPG

Dagens tekst:

SKR 9,9 – SKR 9,10 {FREDSKONGEN PÅ SION}  Gled deg storleg, Sions dotter,  set i og jubla, Jerusalem!  Sjå, kongen din kjem til deg.  Rettferdig er han, og siger har han fått;  audmjuk rid han på eit esel,  på den unge eselfolen. [rid på eit esel: gamal kongeleg tradisjon frå den tid eselet var eit ridedyr for stormenn. Sml. 1 Mos 49, 11; 1 Kong 1, 33.]  10   Eg vil rydja ut vognene i Efraim  og hestane i Jerusalem,  og stridsbogen skal brytast sund.  Han skal skapa fred for folka,  hans velde skal nå frå hav til hav,  frå Eufrat til heimsens endar. [Efraim: -> Jes 7, 2.]

Innleiing ved Ola-Kåre Bjørneset.

JES 11,1 – JES 11,10 {FRELSARKONGEN OG RIKET HANS}  Ein kvist skal renna or Isai-stuven,  ein renning skal skyta opp frå hans røter. [Isai: far til kong David. Sjå 1 Sam 16, 11 ff; 22, 7.] 2   Herrens Ande skal kvila over han,  Anden med visdom og vit,  Anden med råd og styrke,  Anden som gjev kunnskap om Herren  og age for han. 3   Han skal ha sin hugnad i age for Herren.  Han skal ikkje døma etter det han ser,  og ikkje skifta rett etter det han høyrer. 4   Han skal døma armingar med rettferd,  fella rettvis dom for dei verjelause i landet.  Han skal slå valdsmenn med riset i sin munn  og drepa dei gudlause med anden frå sine lipper. 5   Rettferd skal vera beltet om livet  og truskap beltet om hoftene hans.  6   Då skal ulven bu saman med lammet,  og leoparden liggja i lag med kjeet.  Kalv og ungløve skal beita saman,  og ein smågut skal gjæta dei. 7   Ku og bjørn skal gå og beita,  ungane deira skal liggja i lag,  og løva skal eta halm som oksen. 8   Spedbarnet skal leika innmed hola åt hoggormen,  og veslebarnet skal retta ut si hand  mot bolet åt eiterormen. 9   Ingen skal gjera vondt eller ugagn  på heile mitt heilage fjell.  For landet er fylt av kunnskap om Herren,  liksom vatnet dekkjer havsens botn.  10   Den dagen skal folkeslag søkja  til renningen or Isais rot.  Han skal stå som eit samlingsmerke for folka,  og bustaden hans skal vera full av herlegdom. [renningen or Isais rot: Sml. v. 1.]

Tungetale ved Karl, tyding ved Tore.

 

Ikkje rekn med deg sjølv. All din styrke kjem til kort i kampen mot vondskapens velde. Men rekn med meg, sett din lit til meg, av heile ditt hjerte. I kampen mot det vonde, så sjå opp til meg. Eg er sterk, eg har vunne, sigeren er fullkomen. Den sigeren eg vann, den er din, seier Herren. Skjul deg i mine skader (”vunder”) og sår. Gøym deg i mitt blod. Og du skal få oppleve at når stormen kjem, så skal inkje vondt nå deg. Men du skal verte bevara gjennom det heile. For eg, eg vil bevare den som tek si tilflukt til meg.

Stormen, den kjem, er allereie i gang over denne klode. Angsten tek folk, og fortvilinga. Du ser det med dine auge. Men klyng deg inn til meg og vert buande i min lovnads ord. Så skal du midt i all denne strid og denne larm og virvar, få kjenne du vert bevara rein og sunn i trua på mitt herlege namn. Og når alt det som eg har sagt skal komme, kjem, då skal du få oppleve at den lovnaden eg gav, eg kjem att for at du skal sjå min herlegdom, det skal du få oppleve. Men bli hos meg, uansett, og du skal få kjenne, du skal bevarast.

Tale ved Tore Kristiansen.

Tore talte over teksta:

SKR 9,9 – SKR 9,10 {FREDSKONGEN PÅ SION}  Gled deg storleg, Sions dotter,  set i og jubla, Jerusalem!  Sjå, kongen din kjem til deg.  Rettferdig er han, og siger har han fått;  audmjuk rid han på eit esel,  på den unge eselfolen. [rid på eit esel: gamal kongeleg tradisjon frå den tid eselet var eit ridedyr for stormenn. Sml. 1 Mos 49, 11; 1 Kong 1, 33.]  10   Eg vil rydja ut vognene i Efraim  og hestane i Jerusalem,  og stridsbogen skal brytast sund.  Han skal skapa fred for folka,  hans velde skal nå frå hav til hav,  frå Eufrat til heimsens endar. [Efraim: -> Jes 7, 2.]

Gud talte til folket gjennom profetane og føresa kva som skulle skje og han vakte over sitt Ord og sette det i verk. Han hadde sagt gjennom profeten Jeremias at  folket skulle verte bortført til Babylonia og der skulle dei vere i 70 år. Daniel las Jeremias profeti og då tida var inne fasta og bad han og vedkjente folkets synder for Herren. Herren svarde han og folket fekk vende heim att til landet sitt. Profetane Haggai og Sakarja oppmuntra Josva, Serubabel og resten av folket når dei skulle bygge oppatt tempelet. Hadde det ikkje vore for det, så hadde ikkje tempelet vorte bygt opp att. For Gud gjorde sitt verk ved sitt Ord og profetane talte hans Ord.

Aktuelle bibelvers.

HAG 1,1 – HAG 1,15 {BYGG OPP ATT HERRENS TEMPEL!}  I det andre styringsåret åt kong Dareios, den fyrste dagen i den sjette månaden, kom Herrens ord ved profeten Haggai til Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og det lydde så: [Serubabel: -> Esra 2, 2.] 2 Så seier Herren, Allhærs Gud: Dette folket seier: “Enno er ikkje tida komen til å byggja Herrens hus.” 3 Då kom Herrens ord ved profeten Haggai:  4   Er det tid for dykk  til å bu i bordkledde hus  så lenge templet ligg i røys?  5   No seier Herren, Allhærs Gud:  Legg merke til korleis det går dykk! 6   De sår mykje, men haustar lite;  de et, men vert ikkje mette;  de drikk, men sløkkjer ikkje torsten;  de kler dykk, men vert ikkje varme;  og leigekaren får si løn  i ein botnlaus pung.  7   Så seier Herren, Allhærs Gud:  Legg merke til korleis det går dykk! 8   Far opp i fjellet og henta tømmer!  Bygg templet, så vil eg ha hugnad i det  og visa min herlegdom der, seier Herren. 9   De ventar mykje, men sjå, det vert lite.  De får det i hus, men eg blæs det bort.  Kvifor? seier Herren, Allhærs Gud.  Fordi mitt tempel ligg i røys,  medan de har det annsamt  kvar med sitt eige hus. 10   Difor held himmelen dogga att,  og jorda gjev ikkje grøde. 11   Eg har kalla turk  over jord og fjell,  over korn og vin og olje,  over alt som gror på marka,  ja, over folk og fe  og over alt arbeid som vert gjort.  12   Serubabel Sjealtielsson og Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og alle som var att av folket, høyrde på det Herren deira Gud tala, på orda åt profeten Haggai, fordi Herren deira Gud hadde sendt han. Og folket hadde age for Herren. 13 Med oppdrag frå Herren sa Haggai, Herrens sendebod, til folket: Eg er med dykk, lyder ordet frå Herren. 14   Herren vekte slik iver hjå Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og hjå Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og hjå alle som var att av folket, at dei kom og arbeidde på huset åt sin Gud, Herren, Allhærs Gud. 15 Det var den 24. dagen i den sjette månaden i det andre styringsåret åt kong Dareios. [i det andre styringsåret: hausten 520 f. Kr.]

ESR 4,1 – ESR 4,24 {FIENDANE STANSAR ARBEIDET PÅ TEMPLET}  Judas og Benjamins motstandarar fekk høyra at dei som var komne heim or fangenskapet, heldt på å byggja eit tempel åt Herren, Israels Gud. [Judas og Benjamins motstandarar: folket i Samaria, som var ei blanding av israelittar og framande. Sml. 2 Kong 17, 24 ff.] 2 Då gjekk dei til Serubabel og ættehovdingane og sa: “Lat oss få vera med dykk og byggja! Vi tilbed då den same Gud som de, og vi har ofra til han heilt sidan assyrarkongen Asarhaddon førte oss hit.” 3 Men Serubabel, Josva og dei andre ættehovdingane i Israel svara: “Nei, de har ikkje noko med å byggja templet for vår Gud saman med oss. Vi vil vera åleine om å byggja hus for Herren, Israels Gud, så som persarkongen Kyros har gjeve oss påbod om.” 4   Folket i landet gjorde då judearane motlause og skræmde dei bort frå arbeidet. [Folket i landet: dei framande som hadde blanda seg med israelittane. Sjå v. 1 f.] 5 Så lenge Kyros var konge i Persia, og sidan heilt til Dareios fekk makta i landet, betalte dei nokre kongelege rådgjevarar for at dei skulle hindra Juda-folket i å gjennomføra planane sine. 6   Då Xerxes var konge, i fyrstninga av hans styringstid, skreiv folket i landet eit brev og klaga på innbyggjarane i Judea og Jerusalem. 7   Medan Artaxerxes rådde i Persia, skreiv Bisjlam, Mitredat, Tabe’el og embetsbrørne deira til kongen. Brevet var skrive med arameisk skrift og omsett til arameisk språk. 8   Rådsherren Rehum og skrivaren Sjimsjai skreiv eit brev til kong Artaxerxes mot Jerusalem. [Rådsherren Rehum: den øvste føraren i provinsen vest for Eufrat. Han hadde sete i Samaria, og hadde oppsyn med Jerusalem òg.] 9 Forutan rådsherren Rehum og skrivaren Sjimsjai var desse med på brevet: dei andre embetsbrørne deira, domarane, sendemennene, dei persiske embetsmennene, mennene frå Uruk og Babylon og elamittane frå Susa, 10 og dei andre som den store og namngjetne Assurbanipal hadde ført bort og late busetja seg i Samaria-byen og elles i provinsen vestanfor Eufrat. 11 Dette er ei avskrift av brevet som dei sende til han:   Til kong Artaxerxes, frå tenarane dine, mennene i provinsen vestanfor Eufrat. 12   Kongen skal vita at dei jødane som fór bort frå deg, er komne hit til oss i Jerusalem. Dei byggjer opp att denne vonde og opprørske byen, set murane i stand og vøler grunnvollane. 13 No skal kongen vita at dersom denne byen vert oppattbygd og murane sette i stand, då kjem folket der korkje til å svara skattar eller avgifter i varer og pengar, og det vil med tida verta til skade for kongane. 14 Etter som vi står i kongens teneste, vil vi ikkje roleg sjå på at kongen lid skade. Difor sender vi melding om dette til kongen, 15 så du kan få røkt etter i årbøkene åt fedrane dine. Der vil du finna og sjå at dette er ein opprørsk by som har vore til skade for kongane og provinsane, og at folket der har gjort oppreist frå gamal tid. Difor vart denne byen øydelagd. 16 Kongen skal vita at dersom byen vert oppattbygd og murane sette i stand, då kjem du til å missa provinsen vestanfor Eufrat.  17   Kongen sende dette svaret:  Til rådsherren Rehum, skrivaren Sjimsjai og dei andre embetsbrørne deira som bur i Samaria og elles i provinsen vestanfor Eufrat.  Ver helsa! 18 Brevet som de sende oss, har eg fått omsett og opplese. 19 Eg sette folk til å granska etter, og dei fann at denne byen frå gamal tid har sett seg opp mot kongane. Det har vore uro og opprør der. 20 Kongane i Jerusalem var mektige; dei rådde over alt landet vestanfor Eufrat og tok inn skattar og avgifter i varer og pengar. 21 Sei no frå at desse mennene skal hindrast i arbeidet sitt, så byen ikkje vert oppattbygd før det kjem påbod om det frå meg. 22 Men gå varsamt fram, så de ikkje gjer noko mistak. Elles kunne det verta til endå større skade og tap for kongane. 23   Så snart avskrifta av brevet frå kong Artaxerxes hadde vorte lesen for Rehum, skrivaren Sjimsjai og embetsbrørne deira, skunda dei seg av stad til jødane i Jerusalem og hindra dei med vald og makt. 24 Då stansa arbeidet på Guds hus i Jerusalem, og det låg nede til året etter at Dareios hadde vorte konge i Persia.

ESR 5,1 – ESR 5,5 {TEMPLET VERT ATTERREIST}  Profeten Haggai og profeten Sakarja, soneson til Iddo, tala til jødane i Judea og Jerusalem; i namnet åt Israels Gud tala dei til dei. 2 Då gjekk Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Josadak, i gang med å byggja Guds hus i Jerusalem, og dei to Guds profetar var med og stødde dei. 3 Tattenai, statthaldaren i provinsen vestanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne deira kom straks til dei og spurde: “Kven har gjeve dykk lov til å byggja dette templet og setja denne muren i stand?” 4 Og dei heldt fram: “Kva heiter dei mennene som set opp denne bygningen?” 5 Men Guds auga vakte over dei eldste mellom jødane. Statthaldaren og mennene hans hindra dei ikkje i arbeidet, for dei ville venta til Dareios hadde fått melding om saka, og dei hadde fått brev frå han.

SKR 3,1 – SKR 3,10 {ØVSTEPRESTEN JOSVAS SKULD OG FRIKJENNING}  Så lét han meg sjå Josva, øvstepresten, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han. 2 Herren sa til Satan: “Gjev Herren må visa deg til rettes, Satan! Ja, gjev Herren, som har valt ut Jerusalem, må visa deg til rettes! Er ikkje denne mannen ein brand, riven ut or elden?” 3 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. [i skitne klede: til teikn på sorg og bot.] 4 Og engelen sa til dei som stod framfor han: “Ta av han dei skitne kleda!” Til Josva sa han: “Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.” 5 Då sa eg: “Set ein rein turban på hovudet hans!” Og dei sette ein rein turban på hovudet hans og tok på han kleda, medan Herrens engel stod der. 6 Då gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:  7   Så seier Herren, Allhærs Gud:  Går du på mine vegar  og rettar deg etter det eg har fastsett,  skal du få styra mitt hus  og vakta mine føregardar,  og eg vil gje deg tilgjenge  saman med dei som gjer teneste her.  8   Høyr no, Josva, øvsteprest!  Du og embetsbrørne dine,  som sit framføre deg,  de er varselsmenn.  For sjå, eg lèt min tenar Renning koma. [Renning: -> Jes 4, 2.] 9   Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,  på denne eine steinen med sju augo  ritar eg den innskrift som skal stå,  lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.  På ein einaste dag vil eg ta bort  den skuld som kviler på dette landet. 10   Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,  skal de be kvarandre til gjestebod  under vintre og fikentre.

ÅPE 12,1 – ÅPE 12,18 {KVINNA OG DRAKEN}  Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet. [ei kvinne: Kvinna er eit bilete på Guds folk, som Kristus er komen frå. Sjå Jes 66, 7; Mi 4, 10.] 2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier. 3   På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. 4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. 5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol. 6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1.260 dagar. 7   Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; [Mikael: -> Dan 10, 13.] 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: “Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.” 13   Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfylgde han kvinna som hadde født gutebarnet. 14 Men ho fekk dei to vengene til den store ørna, så ho kunne flyga ut til staden sin i øydemarka og få mat og det ho elles trong i ei tid og to tider og ei halv tid, langt borte frå ormen. 15 Ut or gapet sitt spruta ormen vatn som ei elv etter kvinna, og ville riva henne bort i straumen. 16 Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet. 17 Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus. 18 Og han vart ståande på stranda ved havet.

HEB 5,11 – HEB 5,14 {ÅTVARING MOT FRÅFALL}  Om dette har vi mykje å seia, men det er vanskeleg å forklara sidan de har vorte så trege til å høyra. 12 Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng einkvan som atter lærer dykk dei fyrste og grunnleggjande ting i Guds ord. De må ha mjølk og toler ikkje fast føde. 13 For den som får mjølk, ser ikkje djupt inn i bodskapen om rettferd; han er umogen. 14 Men fast føde er for dei mogne, for dei som med øving har vant sansane til å skilja mellom godt og vondt.

HEB 6,1 – HEB 6,8   Lat oss difor leggja bak oss det vi fyrst lærte om Kristus og skrida fram mot full mognad. Vi vil ikkje på nytt leggja grunnvollen og tala om omvending frå døde gjerningar og om tru på Gud, 2 eller undervisa om reinsingsbad og handspålegging, om oppstoda frå dei døde og den evige domen. 3 På den måten vil vi gå fram, om Gud så vil. 4   Det er uråd at dei som ein gong har fått ljoset, har smaka den himmelske gåva og fått del i Den Heilage Ande, 5 har smaka Guds gode ord og kreftene som høyrer den komande verda til, 6 og så fell frå, atter kan fornyast til omvending. Dei krossfester sjølve Guds Son på nytt og gjer han til spott. 7 Den jord som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber grøde til gagn for dei som dyrkar henne, får velsigning frå Gud. 8 Men den jord som ber torn og tistel, er til inga nytte. Forbanninga er ikkje langt borte, og det endar med at ho vert avsvidd.

HEB 10,19 – HEB 10,39 {FRIMOD OG VEDKJENNING I KYRKJELYDEN}  Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen. 20 Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seia hans jordiske lekam. 21 Og når vi har så stor ein prest over Guds hus, 22 så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn. 23   Lat oss halda urikkeleg fast på vedkjenninga av vår von; for han er trufast, han som gav lovnaden. 24 Og lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar. 25 Lat oss ikkje halda oss borte når kyrkjelyden vår samlast, som somme plar gjera; men lat oss setja mot i kvarandre, og det så mykje meir som de ser at dagen nærmar seg. 26   Syndar vi med vitende og vilje etter at vi har lært sanninga å kjenna, då finst det ikkje lenger noko offer for synder. 27 Fælsleg er det vi då har i vente: domen og Guds brennhug som skal øyda dei som står han imot. 28 Den som vrakar Moselova, får ikkje miskunn, men må døy etter to eller tre manns vitnemål. 29 Kor mykje strengare straff tykkjer de ikkje den fortener som har trøtt Guds Son under fot, vanhelga paktblodet som han sjølv vart helga med, og spotta nådens Ande? 30 For vi kjenner han som har sagt: “Straffa høyrer meg til, eg skal gje attergjeld.” Og vidare: “Herren skal døma folket sitt.” 31 Det er fælt å falla i hendene på den levande Gud! 32   Men tenk no attende på den fyrste tida, då de fekk ljoset og sidan heldt ut i dei lidingane de hadde å strida med. 33 Snart vart de hånte og plaga for augo på folk; snart gjorde de sams sak med andre som måtte gå gjennom det same. 34 De leid med dei som sat i fengsel, og fann dykk med glede i at det de åtte, vart røva frå dykk. De visste at de eig noko som er betre og som varer. 35   Kast ikkje bort frimodet dykkar! Det gjev stor løn. 36 De treng tolmod, så de kan gjera Guds vilje og vinna det som er lova. 37   For enno er det berre ei lita stund,  så kjem han som koma skal,  og han skal ikkje drya. 38   Min rettferdige skal leva ved tru;  men dreg han seg unna,  har eg ikkje hugnad i han. 39 Men vi er ikkje av dei som dreg seg unna og går fortapt, men av dei som trur og bergar si sjel.

JOH 10,1 – JOH 10,18 {EG ER DØRA}  Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.” 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda. 7   Då sa Jesus: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.   11 {DEN GODE HYRDINGEN}  Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding. 17   Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.”

JOH 14,1 – JOH 14,6 {VEGEN, SANNINGA OG LIVET}  Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.” 5   Tomas seier til han: “Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?” 6 Jesus seier: “Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.

JOH 14,18 – JOH 14,26 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. 21   Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.” 22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: “Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?” 23 Jesus svara:  “Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

JOH 17,20 – JOH 17,26   Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. 21 Eg bed at dei alle må vera eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. 22 Eg har gjeve dei den herlegdomen du har gjeve meg, så dei skal vera eitt liksom vi er eitt: 23 eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei liksom du har elska meg. 24 Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei får skoda min herlegdom, som du har gjeve meg av di du elska meg før verda vart grunnlagd. 25 Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg. 26 Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei, og eg sjølv kan vera i dei.

Kommentar.

Dyrelivet og menneskelivet.

Det som er sagt om dyreriket i Jes.11,1… tek eg som symbol på menneske, for sjølv om vi er menneskelege, så liknar vi dyra og det viser seg i korleis vil lever. Her er det tale om rovdyr og byttedyr og det er no litt rart om nokre menneske skulle leve som byttedyr og andre som rovdyr, men det var nok slik klasseskiljet verka i det gamle slavesamfunnet. Jesus sa at Djevelen er denne verda sin gud, så det var han som regjerte på denne måten. Fallet kom med eit menneske trengde seg gjennom til alle menneske. Gjenopprettinga kom med eit mennesket og er tilgjengeleg for alle menneske som tek imot i tru, av berre nåde. Slik kjem endringa for menneskelivet, vi kan tenke oss at det i eit framtidig samfunn på den nye jorda, får slike konsekvensar dyrelivet, for Gud gjer alle ting nye. Men det saka gjeld for oss no, er at det ved trua på Jesus får konsekvensar for det samfunnet av menneske som vi lever i, men det framtidige siktemålet for oss er det himmelske Jerusalem.

Eit vondt tre ber vond frukt og eit godt tre ber god frukt.

På formiddagen same dag byrja eg å skrive på eit dokument

https://bluehost944.com/2017/04/13/fridom-og-frimod-eller-utspekulert-plan-kva-med-barneoppsedinga/ ,

der eg skriv litt meir om det som skjer i tida,

for når vi no ser og høyrer om hatet som blussar opp, lovløysa aukar, vold og terror brer om seg, så har det si årsak i at der er noko som er fundamentalt gale med oppsedinga og opplæringa. Der skriv eg om at der er dei som viser til den smerte som er i naturen, til dømes ved at rovdyr lever av byttedyr, og så påstår dei at dersom der er ein allmektig Gud som har skapt alt dette, så må han vere vond. Slik kjem dei fram til ei fundamentalistisk fordømming av mennesket, så dei endåtil prøver å framstille det som naturvitskap. Så overfor denne fundamentalistiske trua og totalitære tenkinga, fekk ikkje einskildmennesket moglegheit til å svare for seg sjølv i retten og om det omsider fekk moglegheit til det, var det lite hjelp i. Slik det viste seg i justismordet mot Sokrates og Jesus og sidan i kristendomsforfølgingane. Men eg påstår at dette resonnementet er fundamentalt feil, når det kjem til fundamentalistisk tenking, verkar det som om det er Djevelen som er guden deira, som ei vond rot og eit vondt tre som ber vond frukt.

Mørkets rike.

I denne bodskapen talte Jesus om stormen som allereie har byrja og på mitt fyrste møte i Maranata, 10.5.2009, talte han om fienden som stormar, sitat:

”Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren,  sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike  og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk  kvar som helst og når som helst.   Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din   kjærleik frå  meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.”

Jesus talte om det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike. Då tenkte eg på den uretten som vert gjort mot meg, ved at eg ikkje får uttale meg på mine eigne vegne og svare for meg sjølv, det er som om eg ikkje får svare for meg sjølv i retten. Det vert nok argumentert for og påstått at dei er så mykje vitugare, visare og kunnskapsrike, at eg med mitt vit og forstand, tankar og meiningar, vert heilt utradert. Det er som om dette justismordet ligg i botnen, den nytestamentlege, evangeliske øvstepresten som den levittiske øvstepresten var førebilete for, vert rydja vekk, 2.Tess.2.

Nytestamentleg presteteneste med åndeleg openberring.

 

Men Jesus er øvsteprest etter Melkisedeks vis til evig tid, hans presteteneste står høgt over dette. Og det er det vi må vite å nytte oss av med vår nytestamentlege presteteneste. Så eg må vite å klynge meg til han, no når stormen kjem.

Jesus er Guds Ord og eg tok imot han i tru og fekk oppleve at livet vart planta inni meg. Han gjev meg ånd og liv og overflod av liv, eg skal berre ta imot i tru av berre nåde og verte fylt av den Heilage Ande. Han har nyleg sagt eg skal ete hans Ord. Slik trur eg han har velsigna henne Virtuella gjennom meg og eg har opplevt det som lækjedom i mitt indre menneske. Han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og no trur eg han har velsigna henne gjennom meg. Ho var ein lovsong som gud ved gjenfødinga la ned i meg og der er ingen god nok grunn til at den lovsongen skulle ta slutt, for Jesu frelseverk er eit fullført og fullkome verk, han har nått fullendinga og er fullkomen og vi lovpriser han som vår frelsar og Herre.

Eg fekk oppleve ei åndeleg openberring, der Jesu openberra seg for meg og henne ”Miss Oslo 1990” og eg er viss på at han gav henne ei herleg glede og rett før møtet tenkte eg på henne og denne herlege gleda hennar, eg vert glad og takknemleg til Jesus når eg tenker på det. Og eg trur det er ei slik åndeleg openberring eg har å sjå fram til og håpe på, heilt fram til han kjem att.

Det verkar som han svarar meg og stadfestar dette i denne bodskapen: ”… Så skal du midt i all denne strid og denne larm og virvar, få kjenne du vert bevara rein og sunn i trua på mitt herlege namn. Og når alt det som eg har sagt skal komme, kjem, då skal du få oppleve at den lovnaden eg gav, eg kjem att for at du skal sjå min herlegdom, det skal du få oppleve. …”

Jesus sa vi skulle tru på han og elske kvarandre, då ville han komme til oss og openberre seg for oss, han og Faderen ville komme til oss og ta bustad hos oss. Kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er sentralt i dette, for Jesu kyrkje er Jesu brud og det kjærleiksforholdet er født av Gud, det er skapt av han. Og ved trua på Jesus vert det integrert i oss, slik at det for oss også gjeld kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Gud er den same no som då han skapte og han gjer sitt verk med meg og med oss i samsvar med 1.Mos.2, ved sitt Ord og sin Ande, men no er Jesu den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd.

Den Lovlause.

Eg er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll, han er den same no og gjer sitt verk med meg i samsvar med 1.Mos.2. Slik gjev han meg hjelp i form av ei kone. Eg talar Guds ord og svarar for meg med Guds Ord, men eg vart utstøytt og rydja bort (Jfr.2.Tess.2), så eg ikkje skal få lov til det. Då har det seg sjølvsagt slik at der er ein annan som vil ha henne til kone i staden og soleis få makta over henne og det har seg slik at der er ein annan som vil ha kyrkja som si kone og få makta over henne i staden for Kristus. Det er ikkje på grunnlagt på evangeliet og har ikkje sitt stønad i Guds Ord, ikkje på annan måte enn at det er profetert om det. Men det er på grunnlag av det fundamentale klagemålet mot mennesket, Satans forføring og Satans klagemål mot mennesket.

Bygge tempelet, motstanden frå den vonde.

 

Når jødane var komne heim att til landet sitt og skulle bygge oppatt tempelet og murane kring Jerusalem, fekk dei motstand frå nabofolka, dei førde klagemål mot byen og folket overfor kongen i storriket Persia (Esra.4,1….). Og der var ei åndeleg side av saka, for profeten Sakarja fekk sjå i eit syn at Djevelen førde klagemål mot øvstepresten Josva (Sak.3).  Men Josva skulle sjå framover til at Renning skulle koma. I ettertid veit vi at han tok bort synda med eitt offer ein gong for alle og det var tydelegvis det dei måtte sjå framover til og satse på, som om det hadde tilbakeverkande kraft.

Dette motsetnadsforholdet er her enno og denne striden går føre seg enno (JohOp.12,7-12)).

Bodskap gjennom tyding av tungetale i den Frie Evangeliske Forsamling i Møllergata 40 i Oslo, søndag 13.1.91, ikkje opptak, men gjengjeve så godt som eg hugsa det. Formiddag:

Du skal ikkje gå på måfå, men vere leda av meg. I dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Legg bak deg di fortid ein gong for alle. Ikkje la deg binde av di fortid. La deg fylle av min Ande, så det vert endå herlegare i denne siste nådetida. Når midnattsropet lyder:” Brudgomen kjem, gå han i møte, då vil dei som har kristen-namnet skiljast i to flokkar, ein flokk som går han i møte og ein flokk som ikkje gjer det. Derfor ville eg så gjerne at du skulle ha olje både på lampar og kanner.

Kveld:

I denne siste tid har Djevelen fare ned på jorda i stor vreide, for å plage mi menighet, for han veit at han har berre ei kort tid igjen. Enno i dag fer mine auge utover heile jorda, for å sjå etter kven som let seg frelse, (lede, bruke), og det vert til sorg for mitt hjerte, når menneske unndrar seg frå min kjærleik. Du skal ikkje vere nederlagsstemt, men du skal la deg fylle og vere sterk i det du ser hen til Golgata kors.

Slik får eg merke at ”vondskapens velde” kjemper imot meg, men Kristus har sigra og den sigeren er fullkomen og det er det eg må nytte oss av, han døde for meg og sigar for meg, så hans siger er min siger. Det er berre for meg å ta min tilflukt til han og klynge meg til han.

Frimodet til å gå inn i heilagdomen og vere frimodig i kvardagen.

Jesus har nyleg minna meg om at når eg er svak i meg sjølv, så er eg sterk i han:

https://tsivert.com/2017/03/23/2017-03-19-frimodet-ma-du-ikkje-kaste-bort-for-det-har-stor-lonn/

Eg kommenterte det i møtereferatet og eg skreiv om det i dokumentet i dokumentet ”Big Bang, skapinga og frelsa”.

Big-Bang-teorien og Skapingssoga. Lovmessigheit og tilfeldigheit i fysikken og i samfunnet. Planlegging eller spontanitet. Fridomen og frimodet på evangeliets grunnvoll.

Når eg legg ein plan for mitt liv, med god vilje, i samsvar med Guds Ord (jfr. 1.Mos.2) og legg viljestyrke i det, så kan der vere andre som legg ein annan plan (jfr.1.Mos.3) og krev å få det slik. Men vi har frimod til å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og då får vi frimod i kvardagen. Det frimodet har stor løn.

JOH 10,9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite.

I dokumentet

https://bluehost944.com/2017/04/05/big-bang-teorien-og-skapingssoga-lovmessigheit-og-tilfeldigheit-i-fysikken-og-i-samfunnet-planlegging-eller-spontanitet-fridomen-og-frimodet-pa-evangeliets-grunnvoll/ ,

skreiv eg om at Descart var ein rasjonalist som trudde at der var noko fullkome. Og Jesus frelsesverk er fullført og fullkome, han har nått fullendinga og er fullkomen. Så når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, får vi oppleve at han gjev oss ånd og liv frå himmelen og det er fullkome. Og slik er vår presteteneste, med eitt offer har Jesus teke bort synda ein gong for alle og bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen og det er berre om å gjere for oss å nytte oss av det og gå den vegen.

One response to “2017.04.09. Palmesøndag. ”Stormen” er allereie i gang. Men Jesus vil bevare alle dei som tek si tilflukt til han.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: