Innleiing ved Jan Ludvik.
JER 29,11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.
Tale ved Tore Kristiansen.
Tore talte om rettferd ved trua på Jesus. Den rettferdige, ved tru skal han leva.
RMR 5,12 – RMR 5,21 {ADAM OG KRISTUS} Lat oss samanlikna dette med det som hende då synda kom inn i verda. Synda kom ved eitt menneske, og med synda kom døden. Og døden nådde alle menneske fordi dei alle synda. 13 Det var synd i verda før lova kom. Og endå synda ikkje vert rekna for synd der det ikkje er noka lov, 14 rådde likevel døden frå Adam til Moses også over dei som ikkje hadde gjort noko lovbrot liksom Adam. Adam står her som eit motstykke til han som skulle koma. 15 Likevel er det ikkje såleis med Guds nådegåve som med Adams fall. Mange laut døy fordi den eine fall, men Guds nåde er så mykje større: Han er ei gåve, som i rikt mål vert gjeven til dei mange på grunn av det eine menneske Jesu Kristi nåde. 16 Og det er annleis med gåva enn med den synd som den eine gjorde. For domen over ein mann førte til fordøming, men nådegåva førte til frikjenning, endå det var mange som hadde falle. 17 Døden fekk herredøme fordi eit einaste menneske fall. Kor mykje meir skal ikkje då dei få liv og herredøme ved den eine, Jesus Kristus, dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve. 18 Difor: Liksom ein manns fall vart til fordøming for alle menneske, så fører ein manns rettferdige gjerning til frikjenning og liv for alle menneske. 19 Liksom dei mange vart syndarar fordi det eine mennesket var ulydig, så skal no dei mange stå rettferdige fordi den eine var lydig. 20 Lova kom til så fallet skulle verta stort. Men der synda var stor, vart nåden endå større. 21 Og liksom synda rådde der døden var, skal nåden rå gjennom rettferda og gje evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre.
JES 41,1 – JES 41,5 {HERREN HAR KALLA KYROS} Ver stille, de øyar og strender, og høyr på meg, lat folka samla nye krefter! Lat dei koma og tala si sak, lat oss saman gå fram for retten! 2 Kven har vekt den mannen frå aust som sigeren møter kvar han set foten? Kven gjev folkeslag i hans makt og lèt han råda over kongar? Med sverdet gjer han dei lik støv, med bogen lik fykande halmstrå. [mannen frå aust: persarkongen Kyros, som i 540-åra f. Kr. gjekk sigrande fram i Vesleasia. Sml. v. 25; 44, 28; 45, 1.] 3 Han forfylgjer dei, og trygt går han fram, er berre så vidt nedpå vegen med foten. 4 Kven var det som sette dette i verk? Han som frå opphavet kalla ættene fram. Eg, Herren, er den fyrste, og eg skal vera hjå dei siste. 5 Øyar og strender ser det og reddast, heimsens endar skjelv. Dei stimar i hop og kjem.
Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore.
Mitt Ord, det er levande. Og mitt Ord, det er virkekraftig. Og mitt Ord, det skaper det som ikkje er til, som om det var til. Og mitt levande Ord, det er din mat. Ta til deg av maten, så du har brød å ete. Ja, du skal ha brød i løyndom, som dei andre ikkje veit noko om. Og når det er tørt og hungersnaud rundt omkring deg, så har eg, Herren, openberra meg for deg, i løyndom. Og medan det omkring deg er ufruktbart, så kjenner du i ditt hjerte, du har glede, du har fred, du har frimod. Alt dette vil eg gi til den som tek til seg av mitt levande Ord.
Aktuelle bibelvers.
JOH 6,22 – JOH 6,59 {BRØDET FRÅ HIMMELEN} Dagen etter stod det endå mange menneske att på hi sida av sjøen. Dei hadde sett at det var berre ein båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten saman med læresveinane; dei hadde fare av stad åleine. 23 No kom det nokre båtar frå Tiberias og la til nær den staden der Herren hadde bede takkebøn og dei hadde ete brødet. 24 Då folket såg at korkje Jesus eller læresveinane hans var der, gjekk dei i båtane og fór over til Kapernaum og leita etter Jesus. 25 Dei fann han der, på den sida av sjøen, og sa til han: “Rabbi, når kom du hit?” 26 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Det er ikkje fordi de såg teikn at de leitar etter meg, men fordi de åt av brøda og vart mette. 27 Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Faderen, sett sitt segl.” 28 Då sa dei til han: “Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?” 29 Jesus svara: “Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.” 30 “Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?” spurde dei. “Kva kan du gjera? 31 Fedrane våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta.” 32 Jesus svara: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. 33 Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.” 34 Då sa dei: “Herre, gjev oss alltid det brødet!” 35 Jesus svara: “Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta. 36 Men eg har sagt dykk: Endå de har sett meg, trur de ikkje. 37 Alle dei som Faderen gjev meg, kjem til meg; og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort. 38 For eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, som sende meg. 39 Og det er hans vilje som sende meg, at eg ikkje skal missa nokon av alle dei han har gjeve meg, men reisa dei opp på den siste dagen. 40 For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.” 41 Jødane murra mot han fordi han sa: “Eg er brødet som kjem ned frå himmelen.” 42 Og dei spurde: “Er ikkje dette Jesus, son til Josef? Vi kjenner då både far hans og mor hans. Korleis kan han seia at han er komen ned frå himmelen?” 43 Jesus svara: “Hald opp med denne murringa! 44 Ingen kan koma til meg utan at Faderen som sende meg, dreg han; og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 45 Det står skrive hjå profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Faderen og lærer av han, kjem til meg. 46 Eg seier ikkje at nokon har sett Faderen; berre han som er frå Gud, har sett Faderen. 47 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur, har evig liv. 48 Eg er livsens brød. 49 Fedrane dykkar åt manna i øydemarka, men dei døydde. 50 Det brødet som kjem ned frå himmelen, er slik at den som et av det, ikkje døyr. 51 Eg er det levande brødet som har kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er lekamen min som eg gjev til liv for verda.” 52 No vart det strid mellom jødane, og dei sa: “Korleis kan han gje oss lekamen sin å eta?” 53 Jesus sa til dei: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de ikkje et lekamen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. 54 Den som et min lekam og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 55 For lekamen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk. 56 Den som et min lekam og drikk mitt blod, vert verande i meg og eg i han. 57 Liksom Faderen, den levande, har sendt meg, og eg har liv ved han, så skal òg den som et meg, ha liv ved meg. 58 Dette er det brødet som er kome ned frå himmelen; det er ikkje det som fedrane åt, dei som døydde. Den som et dette brødet, skal leva i all æve.” 59 Dette sa han medan han lærte i synagoga i Kapernaum.
HEB 4,1 – HEB 4,13 {GUDS FOLK HAR EI KVILE I VENTE} Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa: Så svor eg i min vreide: Dei skal aldri koma inn til mi kvile! Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile! 6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: “i dag”, når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt: I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjarto dykkar harde. 8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar. 11 Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka. 12 For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.
SLM 23,1 – SLM 23,6 {HERREN ER MIN HYRDING} Ein Davids-salme Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting. 2 Han lèt meg liggja i grøne enger; han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3 og gjev meg ny kraft. Han leier meg på dei rette stigar for sitt namn skuld. 4 Om eg så går i dødsskuggens dal, ottast eg ikkje for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.] 5 Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje; mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.] 6 Berre godleik og miskunn skal fylgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus i lange tider.
RMR 1,16 – RMR 1,17 {EVANGELIET, GUDS KRAFT TIL FRELSE} For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar. 17 For i det vert Guds rettferd openberra, av tru til tru, som skrive står: Den rettferdige skal leva ved tru.
GLT 3,1 – GLT 3,14 {LOV ELLER TRU – FORBANNING ELLER VELSIGNING} De uvituge galatarar! Kven har trylt dykk, de som har fått Jesus Kristus måla for augo som krossfest? 2 Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru? 3 Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med menneskeverk? 4 Har de opplevt alt dette til fånyttes – om det då verkeleg er til fånyttes. 5 Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det på grunn av lovgjerningar eller fordi de høyrer bodskapen og trur? 6 Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig. 7 Så skjønar de at det er dei som trur, som er Abrahams born. 8 Skrifta såg føreåt at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og føreåt forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast. 9 Difor vert dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham. 10 Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det. 11 At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva. 12 I lova spørst det ikkje om tru; der heiter det: Den som held boda, skal leva ved dei. 13 Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga av lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre. 14 Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova.
GLT 5,22 – GLT 5,26 Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap, 23 spaklynde og sjølvtøyming. Mot slike ting er ikkje lova. 24 Dei som høyrer Kristus til, har krossfest den vonde naturen med lidenskapane og lystene. 25 Har vi fått livet ved Anden, så lat oss òg ferdast i Anden. 26 Lat oss ikkje vera drivne av æresykje, så vi eggjar kvarandre og misunner kvarandre.
HAB 1,1 – HAB 1,17 Dette er dei domsord som profeten Habakkuk fekk i synene sine. 2 {KLAGE OVER URETTFERD} Kor lenge, Herre, skal eg ropa utan at du gjev meg svar, klaga og skrika til deg om vald utan at du frelser? 3 Kvifor lèt du meg sjå urett og vera vitne til ulukke? Eg ser berre øyding og vald, det kjem til strid og trette. 4 Difor er lova maktlaus, og retten vinn ikkje fram. For gudlause kringset dei rettvise, og dermed vert retten rengd. [gudlause: assyrarane, som driv med sitt valdsherredøme.] 5 {GUDS STRAFFEDOM VED KALDEARANE} Gjev akt på folka, sjå dykk om, mållause av undring! For ei gjerning gjer eg i dykkar dagar – de ville ikkje tru det om det vart fortalt! 6 Sjå, eg vekkjer kaldearane, det harde og framfuse folket, som fer så vide ikring på jorda og tek framande bustader i eige. 7 Grufulle og skræmande er dei, dei avgjer sjølve sin rett og si ære. 8 Deira hestar er raskare enn leopardar, snøggare spring dei enn steppeulvar. Deira hestfolk kjem i strykande tan, deira ridehestar frå land langt borte. Som ørna på jakt etter føde 9 kjem dei alle og vil gjera valdsverk. Stridslystne går dei på, dei samlar fangar som sand. 10 Dei spottar kongar og har hovdingar til lått. Dei ler åt kvar festning, kastar opp ein voll og tek henne. 11 Så fer dei sin veg og vert borte som vinden. Dei gjer sin eigen styrke til sin gud. 12 {KVIFOR HAR DU TOL MED DEI TRULAUSE?} Er ikkje du frå gamal tid, Herre, min heilage Gud, du som aldri døyr? Du, Herre, har sett dei til å straffa, du, vårt berg, har sendt dei til å tukta. [dei: kaldearane. Sml. v. 6.] 13 Augo dine er for reine til å sjå på det vonde, og ulukke orkar du ikkje å skoda. Kvifor har du tol med dei trulause og teier når gudlause sluker dei som er rettferdigare enn dei sjølve? 14 Du gjer med mennesket som med fisken i sjøen, som med kreket utan herre. 15 Dei dreg dei alle opp med krok, og halar dei inn med not, dei samlar dei i garnet. Difor er dei jublande glade. 16 Difor ofrar dei til nota og brenner røykjelse for garnet. For feit er fangsten som desse gjev dei, og nærande er føda. [ofrar dei til nota: Det hende at fiskarane synte religiøs age for dei reiskapane som gav dei fangst.] 17 Skal dei då alltid få tøma nota og utan skånsel gjera ende på folkeslag?
HAB 2,1 – HAB 2,5 {DEN RETTFERDIGE OG FIENDEN} No vil eg stå på vakt, stella meg på post og speida og sjå kva han vil tala til meg, kva han vil svara på mitt klagemål. 2 Då gav Herren meg dette svaret: Skriv synet opp, rita det inn på tavler, så folk kan lesa det lett! 3 For synet ventar på si tid, det jagar mot enden og slår ikkje feil. Og om det dryer, så venta berre! Det kjem for visst, det vert ikkje borte. 4 Sjå, frekk og uærleg er han. Men den rettferdige skal leva ved si tru. [uærleg er han: fienden.] [tru: Det hebr. ordet kan tyda truskap òg.] 5 Rikdomen skal svikta den stolte, han skal ikkje nå sitt mål. Som dødsriket spilar han opp sitt gap, umettande er han som døden. Han sopar til seg alle folk og samlar folkeslaga til seg.
Kommentar.
Nasjonal frigjering på evangeliets grunnvoll.
I 2015 skreiv eg artikkelen ”Nasjonal frigjering på evangeliets grunnvoll” og denne søndagen la eg den ut på heimesida mi. Når jødane fekk komme heim att til landet sitt, så fekk dei andre folka også vende tilbake til sine heimland. Dette er førebilete for evangeliet som skulle forkynnast til alle folkeslag, det er ein frigjerande bodskap til all menneske og er soleis grunnleggande for demokrati og menneskerettar og gjev grunnlag for nasjonal frigjering.
No vart det talt om Kyros som let jødane få reise heim att til landet sitt (Jesaja.41). I vers 4 seier Herren at han er den som frå opphavet kalla ættene fram. Eg har tidlegare skrive om at dette viser at han skapte folkeslaga gjennom utvikling, slik at dei fekk sine særpreg. At han skapte kvinna av mannens sidebein betyr at ho var av hans folk. Når dei braut pakta med han, fungerte ikkje dette skikkeleg lenger, for når han kalla på dei, gøymde dei seg bort med dårleg samvit. Men Gud er den same no og han kallar framleis på menneska. Han kalla Kyros og han kalla jødane til å vende om til han og til å komme tilbake til landet sitt. Ja, det er slik som Salomo sa om at Gud tek fram att det som kvarv.
FRK 3,9 – FRK 3,15 {TID OG ÆVE} Kva vinning har den som arbeider, av alt sitt strev? 10 Eg såg det plagsame strevet som Gud har gjeve menneska. 11 Alt skapte han fagert i si tid. Jamvel æva har han lagt i hjarta deira. Men dei skjønar ikkje det verk som Gud har gjort frå fyrst til sist. 12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei enn å gleda seg og gjera vel i livet. 13 Men når ein mann får eta og drikka og vera lukkeleg i alt sitt strev, er det òg ei gåve frå Gud. 14 Eg skjøna at alt det Gud gjer, varer til evig tid. Ikkje kan ein leggja noko til, og ikkje kan ein ta noko ifrå. Gud har laga det så for at menneska skal ha age for han. 15 Det som er, har eingong vore, og det som skal henda, har hendt før. Gud tek fram att det som kvarv.
Ordet blir sått i hjertets jord, så det er berre å ta imot i tru, av berre nåde. Det er som å ete og kjenne seg styrka av den maten ein et.
På webhotellet for heimesida mi, bluehost944.com, på rotnivå (home), skreiv eg om den doble tolkinga av 1.Mos.2, at det handlar både om den fysiske verda og om hjertets jord. Å dyrke hjertets jord er det primære og det er ved å så Guds Ord og ved å vatne og det er ved å ta imot Gud Ord i tru. Vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det.
Høgsongen fortel om kjærleiksforholdet mellom den unge kong Salomo og henne ”Lytelause Reine”, Vingarden er symbol på kjærleikslivet deira, hjertets jord, åndslivet deira. Vinen er symbol på kjærleiken. Vi forsår vel at Guds kjærleik var mellom dei, slik at dei opplevde Guds kjærleik i kjærleiksforholdet seg i mellom. Dette er førebilete på kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud. Når vi tek imot Jesus i tru, vert vi fødede på nytt og då vert dette kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud født inni oss, slik at for oss gjeld det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Dette fekk eg oppleve når eg var ung, eg forstod det ikkje heilt med det same, men eg grunda litt på det og etter kvart kom eg til erkjenning av at slik var det.
Eg har skrive om korleis den Heilage Ande openberra for meg at ho Virtuella levde ei eit slikt kjærleiksforhold til Jesus og korleis eg fekk oppleve at Jesus openberra seg for meg og henne ”Miss Oslo 1990”, så eg er viss på at Gud skapte eit slik kjærleiksforhold mellom henne og Jesus. Begge deler eer sannt og rett og der er ingen god nok grunn til at eg skal gå tilbake på det, for Jesu frelsesverk er fullført og fullkome.
Jesus sa til meg at han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, då visste eg at slik hadde eg allereie vore kanal for hans velsigning, så slik skulle eg framleis vere kanal for hans velsigning, slik at folk vart endå meir velsigna. Sidan sende han meg tilbake til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting. Han sa eg skulle få merke at det byrja å skje noko i Andens verden og med det som elles vart sagt gjennom tyding av tungetale overtyda han meg om at han frelste henne Virtuella og sette henne fri og gjenoppretta hennar forhold til seg og Faderen og til si kyrkje. Og dermed også til meg. Gud skapte oss i Kristus Jesus, det var rett og det var godt, for Jesu frelsesverk er fullført og fullkome, han har nått fullendiga og er fullkomen. Han som byrja den gode gjering i oss han skal også fullføra den.
Når Gud gjer meg til kanal for si velsigning, så er det vel ganske klart, at eg sjølv må stille meg open for den velsigninga og ta imot. Eg tok imot Guds Ord i tru og eg må framleis ha den innstillinga, at eg tek imot det i tru. For Ordet er mat for meg, så eg må ete det. Det er ikkje nok å ete berre ein gong og så ferdig med det, vi må stadig ete og drikke for å overleve. Den rettferdige, ved tru skal han leve. Ved tru skal han stadig ta imot Guds Ord, ete det som mat og leve ved det.
Eg trur eg har fått merke at Gud har gjort meg til ein kanal for si velsigning til henne Virtuella, så Jesus velsignar henne gjennom meg og slik velsignar eg henne. Det gjer eg rett i og det skal eg halde fram med. Essensen i dette er å ta imot Ordet i tru, ete det som mat, slik at vi får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Når eg soleis et Gud Ord, opplever eg å verte styrka ved det. Dette går over min forstand. Men når eg kjenner og opplever at eg vert styrka ved Guds Ord og Guds Ande, held eg det for å vere ein indikator som fortel meg at det går rette vegen.
Jesu kyrkje er hans brud, den er ein lekam og han er hovudet for lekamen. Vi er andre lemer på lekamen. Dersom ein lem lid, så lid dei andre lemane med. Ho Virtuella har vore ein slik lem som har lide og derfor har vi andre også fått lide. Men Jesus vil lækje den lemen og styrke den og det betyr lækjedom og styrking av heile kroppen, slik får vi andre merke det også.