Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2017.06.18. Ekte kristendom: frelsa er gratis, vi må berre audmjuke oss og ta imot i tru, av berre nåde. Møte i Maranata.

IMG_0531.JPG

LUK 8,43 – LUK 8,48   No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. Alt ho åtte hadde ho lagt ut til lækjarar, men ingen hadde greitt å gjera henne frisk att. 44 Ho gjekk bort til Jesus attanfrå og tok i kanten på kappa hans, og med ein gong stogga blodet. 45 “Kven var det som tok i meg?” spurde Jesus. Ingen ville vedgå det. Då sa Peter: “Meister, folk trykkjer og trengjer seg innpå deg frå alle kantar.” 46 Men Jesus sa: “Det var einkvan som tok i meg, for eg kjende at det gjekk ei kraft ut ifrå meg.” 47 Då kvinna skjøna at det ikkje kunne løynast, kom ho skjelvande fram. Ho kasta seg ned for han og fortalde, medan heile folket høyrde på, kvifor ho hadde teke i han, og korleis ho hadde vorte frisk att med det same. 48 Då sa Jesus til henne: “Trua di har frelst deg, dotter. Gå med fred!”

IMG_0533.JPG

Innleiing ved ei kvinne.

MTT 28,16 – MTT 28,20 {MISJONSBODET}  Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt at han ville møta dei. 17 Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. 18 Då steig Jesus fram og tala til dei: “Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”

MTT 4,18 – MTT 4,22 {DEI FYRSTE LÆRESVEINANE}  Ein gong Jesus gjekk langsmed Galilea-sjøen, fekk han sjå to brør: Simon, som vert kalla Peter, og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta ei not i sjøen; for dei var fiskarar. 19 Han sa til dei: “Fylg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!” 20 Då gjekk dei beint ifrå nøtene sine og fylgde han. 21   Då Jesus kom lenger fram, fekk han sjå to andre brør: Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten saman med Sebedeus, far sin, og bøtte nøter. Jesus kalla dei, 22 og med ein gong gjekk dei bort frå båten og far sin og fylgde han.

Dei skulle følgje han og han skulle gjere dei til menneskefiskarar. Og det er på den måten vi kan oppdraget i misjonsbefalinga, det er ved at Jesus gjer oss til menneskefiskarar.

Tale ved John Miland.

APG 18,18 – APG 18,22 {ATTENDE TIL SYRIA}  Endå ei tid vart Paulus verande der. Så sa han farvel til brørne og siglde til Syria saman med Priskilla og Akvilas. Men fyrst klypte han håret i Kenkreæ; for han hadde ein lovnad på seg. [ein lovnad: truleg nasirearlovnaden. Sjå 4 Mos 6, 2 ff. Så lenge lovnaden galdt, til vanleg i 30 dagar, måtte han la vera å klyppa håret.] 19 Då dei kom til Efesos, skilde Paulus lag med dei andre; han gjekk til synagoga og gav seg i samtale med jødane. 20 Dei bad han vera lenger, men det ville han ikkje. 21 Då han tok avskil, sa han til dei: “Eg kjem til dykk ein annan gong, om Gud vil.” Så la han ut frå Efesos. 22 Då han kom til Cæsarea, gjekk han opp og helsa på kyrkjelyden. Så fór han ned til Antiokia. [kyrkjelyden: truleg kyrkjelyden i Jerusalem.]

Herren leia Paulus og det var viktig for han å vere i den leiinga. Dei kristne inviterte han til å vere der lengre, men Paulus visste med seg sjølv kva det var Herren leia han til. Slik er det viktig for den einskilde å vite kva Herren leiar han til og halde seg i den leiinga.

APG 18,23 – APG 18,28 {APOLLOS}  Der vart han verande ei tid, men tok så ut att. Han fór gjennom Galatia-landet og Frygia og styrkte alle læresveinane. 24 Ein jøde som heitte Apollos og var fødd i Aleksandria, kom no til Efesos. Han var ein dugande talar og vel kjend i skriftene. 25 Apollos hadde fått opplæring om Herrens veg, og brennande ihuga som han var, forkynte og lærte han rett og reint om Jesus, endå han berre kjende Johannes-dåpen. 26 Han tok til å tala fritt og ope i synagoga, og der fekk Priskilla og Akvilas høyra han. Dei tok seg av han og gav han grundigare kjennskap til Guds veg. 27 Sidan fekk han hug å fara over til Akaia, og brørne talde han til det; dei skreiv til læresveinane der at dei måtte ta vel imot han. Då han kom dit, vart han til stor hjelp for dei som ved Guds nåde hadde kome til tru. 28 For med stor kraft sette han jødane til veggs når han i ope ordskifte prova ut frå skriftene at Jesus var Messias.

Apollos kjende visst ikkje til verken den kristne dåpen eller dåpen med den Heilage Ande, før Priskilla og Akvilas gav han grundigare kjennskap til Guds veg og det ser ut til at det vart endå større kraft i forkynninga hans etter det.

John minna om Timoteus som måtte kveike på nytt nådegåva som var i han.

1TI 4,14 Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg.

2TI 1,6   Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg!

EFE 6,10 {GUDS FULLE RUSTNING}  Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft!

Surrogat-kaffi og surrogat-kristendom?

Til slutt fortalde han om at under krigen fekk dei ikkje lenger skikkeleg kaffi i butikkane, men det vart selt noko som vart kalla surrogatkaffi i staden. Etter krigen kom der skikkeleg kaffi i butikkane igjen, men surrogatkaffien var framleis til sals og ei kvinne fortsette å kjøpe den, sidan den var billigare. Men så vart ho invitert i eit selskap der det vart servert ekte kaffi, så ho fekk smaken på den igjen. Når ho då kom heim att, kasta ho surrogatkaffien og kjøpte skikkeleg kaffi.

Til samanlikning vert det i vår tid presentert mykje surrogatkristendom, men vi vil ha ekte kristendom.

Tungetale ved Karl, tyding ved John.

1A:Eg har sagt i mitt ord, at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Eg har ikkje forandra meg, seier Herren. Derfor skal du, mitt barn, du skal vere frimodig, og du skal trenge deg fram. Ja, du kan røre ved saumen av mitt kledeband og du skal få oppleve at det utgår ei kraft ifrå meg, seier Herren. For sjå, eg er midt i mellom dykk i denne stund. For sjå, eg som gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var overvelda av Djevelen, eg er den same for dykk i kveld, seier Herren. Derfor rekk ut di trus-hand og eg Herren, eg skal løne deg. Og eg skal svare på dine bøner.

1.B: Og du mitt barn som kjenner, at missmodsånda har teke tak i deg. Du skal vite det, at eg har ikkje gitt deg missmodets ånd. Men eg har gitt deg krafta, sindigheita og kjærleikens Ande. Derfor, søk inn til meg, i løynkammeret og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren. Du skal få kjenne, at eg fyller deg med gledens olje og du skal få kjenne at du blir sterk i meg og min veldige kraft, seier Herren. For sjå, eg har alt det, seier Herren. Dine murar står alltid for meg og du skal ikkje sjå ned, men sjå opp på meg, som er trua sin opphavsmann og fullendar. Og så skal du rekne med, at eg tek hand om deg. Eg har jo lova i mitt ord, at eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Amen.

Tungetale ved Mari, tyding ved John.

2.A: Ja, seier Herren, eg vil at du mitt barn, du skal søke inn til meg, inn i heilagdomen, så skal eg Herren, bruke deg til stor og rik velsigning. Men sjå, seier Herren, du held deg litt på avstand og du er ikkje innvia til meg og du søker ikkje meg slik som du gjorde i fordums dagar, då du var brennande i ånda og du vitna om meg på ein kvar stad og du brann for meg, seier Herren. Eg vil at du skal komme tilbake igjen til dette, seier Herren. For eg ynskjer å bruke deg og eg vil bruke deg til stor og rik velsigning, seier Herren. Sjå, eg har talt til deg mange gangar før, men du har vore gjenstridig, men sjå, seier Herren, eg elskar deg med ein evig kjærleik og eg vil at du skal gå sigrande ut av denne verda. Eg vil at du skal oppleve herlege ting med meg, seier Herren. For sjå, eg er rik nok, seier Herren, for alle som påkallar meg. Derfor påkall mitt namn og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren.

2.B: Frelsa i meg, den er gratis, seier Herren. Du kan ikkje gjere noko, verken frå eller til, men av nåde, så vert du frelst. Og det er ei gave ifrå meg, det er noko du får fritt og for inkje, seier Herren. Derfor ta imot denne gava, frelsa, den er gratis, seier Herren. Men ta imot, audmjuk deg, seier Herren, og eg skal reise deg opp i Jesu namn. Amen.

Aktuelle bibelvers.

LUK 8,43 – LUK 8,48   No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. Alt ho åtte hadde ho lagt ut til lækjarar, men ingen hadde greitt å gjera henne frisk att. 44 Ho gjekk bort til Jesus attanfrå og tok i kanten på kappa hans, og med ein gong stogga blodet. 45 “Kven var det som tok i meg?” spurde Jesus. Ingen ville vedgå det. Då sa Peter: “Meister, folk trykkjer og trengjer seg innpå deg frå alle kantar.” 46 Men Jesus sa: “Det var einkvan som tok i meg, for eg kjende at det gjekk ei kraft ut ifrå meg.” 47 Då kvinna skjøna at det ikkje kunne løynast, kom ho skjelvande fram. Ho kasta seg ned for han og fortalde, medan heile folket høyrde på, kvifor ho hadde teke i han, og korleis ho hadde vorte frisk att med det same. 48 Då sa Jesus til henne: “Trua di har frelst deg, dotter. Gå med fred!”

2TI 1,7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.

HEB 12,1 – HEB 12,2 {TRUA SIN OPPHAVSMANN OG FULLENDAR}  Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.

HEB 13,8   Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid.

RMR 12,9 – RMR 12,12   Lat kjærleiken vera ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode. 10 Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 11 Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren! 12 Ver glade i vona, tolmodige i trengsla, trottige i bøna.

SLM 18,4   Eg kallar på Herren, han som får lovsong,  og eg vert frelst frå mine fiendar.

SLM 53,5   Skjønar dei då ingen ting,  desse ugjerningsmennene?  Dei sluker mitt folk som ein et opp brød,  og kallar ikkje på Gud.

SLM 91,15   Når han kallar på meg, svarar eg;  eg er med han i naud og trengsle,  eg friar han ut og gjev han ære.

SLM 116,13   Eg lyfter frelsesstaupet  og kallar på Herrens namn.

SLM 145,18   Herren er nær hjå alle som kallar,  hjå alle som ærleg kallar på han.

JES 58,9   Då skal Herren svara når du kallar på han,  når du ropar om hjelp, skal han seia: “Her er eg!”  Når du tek bort kvart tyngjande åk,  held opp med å peika fingrar  og tala vondt om andre,

JES 64,6   Det finst ingen som kallar på ditt namn,  ingen som tek seg saman  og held fast på deg.  For du har løynt ditt åsyn for oss  og gjeve oss våre synder i vald.

JER 29,12   Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk.

JOE 3,5   Men kvar den som kallar på Herrens namn,  skal verta frelst.  For på Sion-fjellet og i Jerusalem  skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,  så som Herren har sagt.  Og mellom dei som har berga seg,  er dei som Herren kallar.

SEF 3,9 {FRELSE FOR ISRAELS REST}  Då vil eg skapa folka om  og gje dei reine lipper,  så dei alle kallar på Herren  og samlyndte tener han.

APG 2,21   Og kvar den som kallar på Herrens namn,  skal verta frelst.

RMR 10,12 – RMR 10,13 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.

1KO 1,2 helsar Guds kyrkjelyd i Korint, de som er helga i Kristus Jesus, de heilage som er kalla; vi helsar òg alle som kvar på sin stad kallar på vår Herre Jesu Kristi namn – han som er deira og vår Herre.

1JO 2,12 – 1JO 2,17 {ELSKA IKKJE VERDA!}  Eg skriv til dykk, mine born, fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld. 13 Eg skriv til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet. Eg skriv til dykk, de unge, fordi de har vunne over den vonde. 14 Eg skriv til dykk, mine born, fordi de kjenner Faderen. Eg skriv til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet. Eg skriv til dykk, de unge, fordi de er sterke. Guds ord vert verande i dykk, og de har vunne over den vonde. 15   Elska ikkje verda og heller ikkje det som er i verda! Den som elskar verda, har ikkje kjærleiken til Faderen i seg. 16 For alt her i verda, sanseleg lyst, augnelyst og hovmod fordi ein er rik, det er ikkje av Faderen, men av verda. 17 Verda forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje, vert verande til evig tid.

1JO 5,4 – 1JO 5,5 For alt som er født av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru.  5 {VITNEMÅLET OM SONEN}  Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?

1PE 5,5 – 1PE 5,7   De unge skal underordna dykk dei eldste. Og alle skal de vera kledde i audmykt mot kvarandre. For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. [dei eldste: kan òg omsetjast dei eldre.] 6 Audmyk dykk då under Guds mektige hand, så han kan opphøgja dykk i si tid. 7 Kast all dykkar sut på han, for han har omsut for dykk.

JER 31,1 – JER 31,7 {ENDÅ EIN GONG SKAL EG BYGGJA DEG}  På den tid, lyder ordet frå Herren, vil eg vera Gud for alle ættene i Israel, og dei skal vera mitt folk. 2   Så seier Herren:  Det folket som slapp unna sverdet,  har funne nåde i øydemarka.  Israel skal fara av stad og finna ro. [har funne nåde i øydemarka: liksom i tida før innvandringa. Sml. Hos 2, 14.] 3   Langt bortanfrå synte Herren seg for dei:   Med evig kjærleik har eg elska deg,  difor lèt eg mi miskunn mot deg vara ved. 4   Endå ein gong skal eg byggja deg,  ja, du skal byggjast,  Israel, du unge møy.  Endå ein gong skal du pryda deg med handtrommer  og gå ut i dansen med dei glade. 5   Endå ein gong skal du planta vinhagar  på Samaria-fjella;  og dei som plantar, skal sjølve nyta frukta. 6   Ja, det kjem ein dag  då vaktmenn ropar på Efraims-fjellet:  Kom, lat oss fara opp til Sion,  til Herren vår Gud!  7   Så seier Herren:  Gled deg storleg over Jakob,  og rop av fagnad over han som er hovding mellom folka!  Lat lovsongen ljoma og sei:  “Herren har frelst sitt folk,  dei som er att av Israel.”

SLM 73,1 – SLM 73,28 {EG VERT ALLTID VERANDE HJÅ DEG}  Ein Asaf-salme.   Ja, Gud er god mot Israel,  mot dei som er reine av hjarta. [Asaf: -> 50, 1.]  2   Men eg heldt på å snåva,  mine føter hadde nær glide ut. 3   For eg vart harm på dei hovmodige,  då eg såg at det gjekk dei gudlause vel.  4   Dei har ingen plager,  dei er friske og godt i hold. 5   Menneskeleg møde er dei frie for,  dei vert ikkje plaga som andre.  6   Difor er hovmod deira halsband,  valdsferd er kappa dei sveiper seg i. 7   Vondskapen strøymer frå deira indre,  deira hjartans tankar trengjer seg fram.  8   Dei spottar og talar i vondskap,  ovanfrå trugar dei med trengsle. 9   Dei lyfter munnen mot himmelen,  og tunga fer ikring på jorda. [Dei gudlause spottar både Gud og menneske.]  10   Difor vender folk seg til dei,  og mykje vatn syg dei i seg. 11   Dei seier: “Korleis skulle Gud vita om det?  Har Den Høgste kjennskap til noko?” 12   Ja, så er dei gudlause  som støtt er trygge og aukar sin rikdom.  13   Fåfengt har eg halde hjarta reint  og vaska mine hender til teikn på uskyld. 14   Endå vart eg plaga heile dagen,  kvar morgon vart eg tukta.  15   Hadde eg sagt: “Såleis vil eg tala”,  då hadde eg svike dine søners ætt. 16   Så tenkte eg etter, ville skjøna dette;  mødesamt var det for meg 17   – til dess eg gjekk inn i Guds heilagdom;  då skjøna eg korleis det går dei til sist. 18   Ja, på håle vegar fører du dei,  du lèt dei falla og gå til grunne.  19   Å, kor brått dei går til grunne,  dei vert rivne bort og endar i redsle. 20   Liksom vi vanvørder ein draum  når vi vaknar om morgonen,  såleis vanvørder du synet av dei  når du reiser deg, Herre.  21   Så lenge eg var beisk i hugen,  og kjende at det stakk i hjarta, 22   var eg dum og uvitug,  som eit fe var eg imot deg.  23   Men eg vert alltid verande hjå deg,  du har gripe mi høgre hand. 24   Du leier meg med ditt råd,  og sidan tek du meg opp i herlegdom.  25   Kven har eg elles i himmelen?  Når eg berre har deg,  har eg ikkje hug til noko på jorda. 26   Om kropp og sjel forgår,  er Gud for evig mitt berg og min del. [min del: -> 16, 5.]  27   Sjå, dei som held seg borte frå deg, går til grunne,  du gjer ende på alle som er utrue mot deg. 28   Men for meg er det godt å vera nær Gud.  Eg tek mi tilflukt til Herren.  Eg vil vitna om alle dine gjerningar.

Kommentar.

Tala.

Gunnar Andås har invitert meg til litteraturstemne på Gol neste helg og anbefalt det for meg. Eg innser at der ligg store moglegheiter i dette, men eg kjem til at noko slikt får vere til eventuelt ein annan gong, til samanlikning med Paulus, som takka nei til invitasjonene, men som gjere ville ha det til gode eventuelt ein annan gong. Vi må fyrst og fremst tenke på at Jesus ord er ånd og liv og skal resultere i ei åndeleg vekking, Gud vil frelse menneske i Kristus og gjere dei levande med han. Då må vi for all del passe på at at ingen får komme han i forkjøpte og bruke bokstaven til å slå i hel (Joh.10).

Surrogatkaffi som bilete på ”surrogat-kristendom” er svært talande. Når eg gjekk på gymnaset og bad for henne Virtuella og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande, så var det ekte kristendom, håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik var utrendt i våre hjarto ved den Heilage Ande som var oss gitt. I kommentaren til førre møte siterte eg ein bodskap om den ekte kjærleiken og det passar å ta den med her. Ein av bodskapane 12.2.2011:

eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk.  Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg  ……

Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).

Då er det sjølvsagt viktig for oss å ha denne kjærleiken i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Bodskap 1.

Eg ber for henne Virtuella, slik eg skreiv i kommentaren til førre møte, så når eg høyrde bodskap 1A&B tenkte eg kanskje at eine delen var til henne og den andre til meg, så eg spelte den av og lytta til den, men fann at eg kunne ikkje skilje det slik. Eg kjem til at begge deler var svar på mi bøn for henne, så hovudsakleg var det til henne. For Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for si kyrkje. Og Kristus har gjort meg til ein kanal for Guds velsigning til henne. Når eg soleis ber for henne, merkar eg i åndens verden dette som det er tale om her.

I denne bodskapen sa han at han er den same så kallar han henne til å vere frimodig og trenge seg fram og strekke ut si trus-hand og røre ved klædnaden hans, for han var midt i mellom oss i den kveldsstunda. Men ho var der då ikkje og det er eit tankekors. Men er ho eit Guds barn, er ho frelst, så er ho ein del av Jesus kyrkje og kven kan vel då hindre Jesus i å tale til henne og kalle henne? Han kalla henen til å vere frimodig og komme og strekke ut si trus-hand og eg forstår det slik at han kallar henne til å komme på møta i Maranata.

HEB 10,19 – HEB 10,25 {FRIMOD OG VEDKJENNING I KYRKJELYDEN}  Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen. 20 Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seia hans jordiske lekam. 21 Og når vi har så stor ein prest over Guds hus, 22 så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn. 23   Lat oss halda urikkeleg fast på vedkjenninga av vår von; for han er trufast, han som gav lovnaden. 24 Og lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar. 25 Lat oss ikkje halda oss borte når kyrkjelyden vår samlast, som somme plar gjera; men lat oss setja mot i kvarandre, og det så mykje meir som de ser at dagen nærmar seg.

HEB 10,35 – HEB 10,39   Kast ikkje bort frimodet dykkar! Det gjev stor løn. 36 De treng tolmod, så de kan gjera Guds vilje og vinna det som er lova. 37   For enno er det berre ei lita stund,  så kjem han som koma skal,  og han skal ikkje drya. 38   Min rettferdige skal leva ved tru;  men dreg han seg unna,  har eg ikkje hugnad i han. 39 Men vi er ikkje av dei som dreg seg unna og går fortapt, men av dei som trur og bergar si sjel.

Så han kallar henne til seg liksom kvinna som hadde blødningar, ho trengde seg inn på han bakanfrå og rørte ved kjortelen hans utan at nokon la merke til det, men Jesus merka at der gjekk ut ei kraft ifrå han. Han kalla henne til seg, ho vedkjende og gav dermed Gud ære og han sa til henne at trua hennar hadde frelst henne. Så dette var altså frelseskrafta.

Luk.8.46 Men Jesus sa: “Det var einkvan som tok i meg, for eg kjende at det gjekk ei kraft ut ifrå meg.” 47 Då kvinna skjøna at det ikkje kunne løynast, kom ho skjelvande fram. Ho kasta seg ned for han og fortalde, medan heile folket høyrde på, kvifor ho hadde teke i han, og korleis ho hadde vorte frisk att med det same. 48 Då sa Jesus til henne: “Trua di har frelst deg, dotter. Gå med fred!”

Slik må vi vite å ause or frelseskjelda med glede og glede oss i frelsa, glede oss i Herren alltid.

Men bodskapen 1B byrjar slik: ” Og du mitt barn ….”, så det høyrest ut som det er retta til ein annan enn bodskapen i 1A. Vidare sa han: ” Derfor, søk inn til meg, i løynkammeret og eg skal møte deg på nytt igjen. ” Jau, det var eg innstilt på likevel, så dette kunne no vel vere retta til meg. Når eg skal prøve å be for henne Virtuella, får eg lett merke missmodsånda, som om den vil sige inn djupt der nede og det heng nok saman med at ho Virtuella var overvelda av Djevelen (Bodskap 1).

Hausten 1984 kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale i dFEF i M40, der Jesus sa til meg:” Den lovsangen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakt du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve”. No har eg nyst fortlat korleis eg forstår denne bodskapen. Då skreiv eg litt til leiinga i M40 om det, eg påstod at ho Virtuella var den lovsongen og at ho tilhøyrde meg og derfor ville eg dei skulle seie til henne at ho skulle komme og gå til forbønn i M40, medan eg var til stades. Dette kunne høyrast ut og oppfattast som ein ordre, ikkje særleg diplomatisk og gav ikkje særleg uttrykk for audmjuk haldning frå mi side, men det hadde seg slik at det var kortfatta, for merkeleg nok hadde det ikkje vorte gitt særleg tid til at eg skulle få seie noko som helst. Eg skulle visst ikkje ha lov til å opne munnen min og seie noko meir i det heilet tatt. Om eg i det heile teke skulle seie noko, så verka det som om eg måtte stele meg til det. Og det i eit land som skryter av å kalle seg demokrati! Men leiinga i M40 hadde no ikkje noko kontakt med henne.

Etter dette opplevde eg eit angrep frå vondskapens åndehær, til samnlikning med det eg opplevde i Bergen. Eg forklarar det med at der er vonde tankar og idear som dei vonde åndsmaktene står bak. Når eit menneske hyser slike vonde tankar og idear i sitt hjerte, kan dei vonde åndsmaktene få makt over det og slik kan det verte overvelda av Djevlen. Og her er den vonde tanken og ideen fyrst og fremst at dei ikkje vil godta det gode samvits pakt med Gud (vedkjenning til Gud) med grunnlag i Jesus oppstode frå dei døde. Derfor ville dei ikkje høyre på meg. For dei kristne platonistane stemmte det ikkje med Platons klagemål mot menneskets fysiske natur. Platon brukte det klagemålet som argument for diktatur og slik finne vi igjen platonismen i nær sagt all mulig slags totalitær, politisk filosofi. Og eg forstod det slik at dette angrepet frå vondskapens åndehær hang saman med venstreradikal politikk, sameleis som i Bergen.

Så det verkar som Jesus tek oppatt tråden frå hausten 1985 og det er ho sjølv som må søke Herren, slik det er sagt i Bodskap 1. Dette kjem eg tilbake til under Bodskap 2. Jau, dette var nok retta til meg. Eg skal søke han i løynkammeret og han vil møte meg på nytt igjen. Det minner meg om korleis eg bad for henne Virtuella i løynkammeret når eg gjekk på gymnaset, vil han møte meg like mektig som då, så skal eg vere glad, då skal eg verte glad, fordi han eg får kjenne at han fyller meg med gledens olje igjen. Eg får kjenne at eg vert sterk i Herren og hans veldes kraft. Mine murar står alttid for han. Det er til vern mot dei vonde åndsmaktene (Ef.6).

Så seier han igjen at eg ikkje skal sjå ned, men sjå opp på han: ” og du skal ikkje sjå ned, men sjå opp på meg, som er trua sin opphavsmann og fullendar. Og så skal du rekne med, at eg tek hand om deg. Eg har jo lova i mitt ord, at eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Amen.”

I Bodskap 2 sa han igjen at eg skulle få eit nytt møte med han, så eg tek oppatt tråden der.

Klagemål eller godt samvits vedkjenning til Gud.

I middelalderen kom platonismen inn i kyrkja og det platonske klagemålet vart retta mot kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, ved å rette merksemda mot den fysiske naturen, slik som ved syndefallet. Dette finn vi igjen i det politiske livet i dagens samfunn, til dømes i den såkalla ”antirasismen”, spesielt når dei talar om ”kvardagsrasisme”, det kjem som ei vidare-forføring av kvinna, med klagemålet mot den norske mann, som innvending mot kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og ekteskapet, slik som gud opphavleg skapte det. Men det er stikk i strid med det gode samvits pakt med Gud med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde.

Dei brukar ordet ”rasisme” og ”kvardagsrasisme” som det platonske klagemålet mot kven som helst og alle og ein kvar, utan at det vert lagt opp til at det vert lagt opp til at dei skal få svare for seg og hugs då på at det platonske klagemålet vart brukt i ein argumentasjon for diktatur. Men å klage andre for rasisme er som eit tvegga sverd, kva med det sjølv. Slik kan det brukast mot ein kvar nasjonalstat og verke som argument for eit overnasjonalt diktatur. Problemet deira er at dei med sitt politiske engasjement har avvist nåden Gud gjev oss i Kritus.

Men det klargjerande spørsmålet og problemstillinga er om Herren er din Gud, trur du på Kristus, kjennest du ved han som din frelsar og Herre, har du teke imot frelsa i Kristus, det som no frelser oss, dåpen, som er eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Det er eit tvegga sverd for kvar den som spør, kva med deg sjølv?

Det som no frelser oss, dåpen, som er eit godt samvits vedkjenning til Gud (pakt med Gud), med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Det skal frelse oss frå klagemålet og frå den vonde og frelse oss ut av denne vonde verda ved Jesu gjenkomst.

Bodskap 2.

Bodskap 2 A.

Denne bodskapen var i alle fall hovudsakleg til meg, så vidt som eg kunne forstå. Så eg gjekk til førbønn og denne gongen knelte eg ved første rad. Det var no å audmjuke seg og vise det som ei vedkjenning både for Gud og menneske. Og John Miland kom og bad for meg. Dette er tredje gongen eg har gått til forbønn i det siste, eg har ikkje kjent noko stor endring av det, at Gud har styrka meg noko meir med det, men det har noko med mi vedkjenning å gjere og det vil eg skrive om her.

Nei, eg er nok ikkje så ivrig, entusiastisk og brennande som når eg var ung, men det er det ein god grunn til. Som eg har forklart har eg bedt Gud frelse menneska og gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er innkludert i det fullførde frelsesverket. Men eg har fått motstand, endåtil frå dei som kallar seg kristne, for dei hadde ein plan, meining og siktemål med det og det var å vinne politisk makt, endåtil på kostnad av at eg skulle få meg ei kone, kvinna skulle engasjere seg politisk i staden for å vere kone. Så om eg skulle gå ut og evangelisere, vart det oppfatta som arbeid for å rekruttere til ein politikk som faktisk streid imot det som eigentleg var mål og hendsikt med den evangeliske forkynninga. Og vi ser no alle korleis dette har utarta seg vidare i politikken i Noreg. Det er ikkje rart at slikt gjer menneske missmodig, men Gud gav oss ikkje den ånd som gjer missmodig, men den ånd som verkar kraft, kjærleik og visdom (jfr. 1. bodskapen).

Ei tid etter at eg fekk denne åndelege openberringa, der Kristus openberra seg for meg og henne ”Miss Oslo 1990”, kom eg gåande frå fysikkbygget inn på fredrikkeplassen, spang ho plutseleg fram frå høgre, slik at ho kryssa vegen rett framfor meg, med det lange lyse håret flagrande etter seg. Det var eit vakkert og flott syn som gleda meg. Og Jesus sa til meg gjennom tyding av tungetale i M40 noko om at eg skulle la meg verte tent i brann. Ja, eg visste at eg hadde Guds kjærleik i hjertet ved den Heilage Ande som var meg gitt, så den kjærleiken eg hadde til henne var ikkje berre min, men eg opplevde Guds kjærleik i mitt hjerte til henne, som at han elska henne gjennom meg. Og eg forstod det som vart sagt gjennom bodskapen slik at eg skulle berre la den kjærleiken flamme opp og slik skulle eg vere brennande i ånda. Sidan har der kome mange bodskapar der han har minna meg om dette, til dømes i fyrst bodskapen 7.6.2015, sitat:

Ja, eg vil at du skal vite, mitt barn, at du tilhøyrer meg. At eg har kjøpt deg fri med mitt blod, at du er dyrt kjøpt, du er betalt. Fordi eg elskar deg, fordi eg har utvalt deg før verda sin grunnvoll vart lagt, til å vere mitt barn, min son og mi datter. Og eg vil at du skal vere trygg, og eg vil at du skal ha denne vissa og denne gleda i ditt hjerte, om at du tilhøyrer meg, og at du er på veg til himmelen og til eit evig liv saman med meg, seier Herren. Så at du kan løfte opp hovudet ditt, at du kan sjå opp til meg. For frå meg kjem di forløysing, frå meg kjem di frelse og di hjelp, seier Herren. Så frykt ikkje, men set di lit til meg, eg som er din gjenløysar. 

Ja, eg lova då eg drog herifrå at eg ville komme og vere nær hos deg ved min Heilage Ande. Og eg bor i ditt hjerte, ved min Ande, seier Herren. Eg er nær hos deg kvar dag, du behøver berre rope på meg, så er eg der og eg vil svare deg og eg vil hjelpe deg, fordi du er mitt barn og eg er din far, seier Herren. Og eg ynskjer at du skal oppleve mi hjelp, eg ynskjer at du skal oppleve min nærleik. Så ver frimodig og strekk deg ut og ta imot av det som eg har gitt deg. For eg er nær hos deg og eg vil gi deg av mi kraft. Eg vil fylle deg med min nærleik, med mi velsigning, sånn at du ikkje skal vere i tvil, men vite det at eg er nær hos deg og eg hjelper deg og eg held deg oppe med mi rettferds høgre hand, seier Herren. Amen.

Eg tenkte nok som so at det har gått år og dag utan at eg har sett noko av henne, så det har ikkje noko meining i å tenke slik om henne lenger. Men då kom der ein ny bodskap som korrigerte meg på det:

Ja, min Ande (er utgytt over) alle menneske…. Min Ande skal fungere i hjertet ditt, dersom du held deg tett til meg, heile tida. Ha din relasjon til meg, ……. Ikkje la noko menneske forstyrre dine tankar, ditt sinn. Og ikkje la andre menneske påføre deg tankar som ikkje er frå meg. (Men at eg døde for deg på)? Golgata kors. Så la min Ande virke 100 % i deg. For min Ande vert sorgfull og skuffa når ilden i ditt hjerte vert slukka, når du påfører ditt eige sinn tankar som ikkje er ifrå meg, seier Herren. Amen. 

I fyrst bodskapen talte han til meg, son sin, og til si datter. Og så sa han at frå han kjem mi forløysing, mi frelse og mi hjelp. Ja, eg skal heilhjerta halde meg til han, så vil han komme meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg meg at han vil gje meg hjelp i form av ei kone.

For å halde ved like denne kjærleikens eld i mitt hjerte, trengde eg ei jente som eg kunne forelske meg i og for at det skulle ha vitug og forstandig måle og meining, måtte no siktemålet med det vere at ho skulle verte kjærasten min og kona mi. Til det treng eg trua på Jesus og mi vedkjenning av at han er min frelsar og Herre, han er hovudet mitt, så han er Herren hennar brudgom og Herren hennar ektemann, som elskar henne gjennom meg. Slik frelser han meg og henne.

I det siste har eg tenkt mykje på henne Virtuella, å vere kanal for Guds velsigning til henne, så har eg brukt mykje tid på å skrive dokument og legge ut på heimesida mi, men studia har det vorte lite av og henne ”Miss Oslo 1990” har eg ikkje tenkt mykje på. Jesus sa eg har vore gjenstridig, korleis då? Eg burde vel klare å skifte om til å tenke på noko anna, fare inn til Blindern og studere og så tenke på henne ”Miss Oslo 1990”, det ville aktivisere meg meir, det ville vere som å skifte til ein høgare gear.

Jesus sa til meg at eg skulle gå den vegen han hadde staka ut for meg og med tanke på at ho ”Miss Oslo 1990” hadde studert biologi, forstod eg at han leia meg til å studere biologi. Samtidig var det å gå den vegen han har bana for meg inn i heilagdomen, gjennom forhenget og inn i det høgheilage. Her får eg oppleve at Gud gjer eit verk som står til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Han frelser vår sjel for æva og gjev oss evig liv. Så det er vel her eg skal få oppleve svaret på bøna om ei frelst kvinne til kone. At ho har ei frelst og frigjort sjel. For Jesus gjev oss ånd og liv, han gjev liv til år sjel og fyller oss med den Heilage Ande. Når eg ser opp til Jesus vedkjenner eg at det framleis er ho ”Miss Oslo 1990”. Med tanke på mitt liv på jorda og alle dei åra som har gått utan at det har vorte noko meir ut av det, så høyrest det rart ut. Men det overordna målet og hendsikta Jesus har for mitt liv på jorda er å komme inn i det nye Jerusalem på den nye jorda.

Han sa eg skulle påkalle han, så det har vel som hendsikt at eg skal få oppleve at han kjem meg nær, møtestaden er inni heilagdomen, der får eg oppleve det nære og personlege forholdet til han. Prestane i den gamle pakta hadde ei heilag drakt som dei brukte inni heilagdomen, dei kunne ikkje gå ut til folket i den drakta, for då vart det heilagt, dei måtte skifte og legge frå seg den drakta før dei gjekk ut. Det fortel meg at det som er inni vårt lekams tempel og inni den himmelske heilagdomen, det er vårt indre menneske, vår sjel, og det er det som er heilagt. I dette personlege forholdet til han, snakkar eg med han og legg alle mine behov fram for han og får oppleve at han svarar på mine bøner, eg har bedt han om å gje meg ei frelst kvinne til kone, han frelser hennar sjel, så ho også kjem inn i eit slikt personleg forhold til han, der ho snakkar med han.  Då ventar eg meg at ho kjem inn i eit slikt personleg forhold til meg og. For Jesus er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd.  Han gir liv til vår sjel og bles sin Ande i oss og vekker oss opp til liv i samfunn med seg. Dette livet og denne Anden er fullkomen og det er slik som Descart sa om det fullkomne, at det er ikkje avhengig av noko av det vi ser og sansar rundt oss. Dette er ifrå himmelen og det vi sansar i det fysiske miljøet rundt oss er ei anna sak.

Eg har vitna om kva Jesus er for meg med dei dokumenta eg har skrive og lagt ut på heimesida mi, annonsert dei på facebook og der har eg skrive kortare vitnemål. Og eg har vitna for mine medstudentar dette semesteret også, men med meir studering kunne det altså ha vorte meir av det. Men dette handlar om å vere til velsigning og det er meir enn ord, Jesus sa han ville gjere meg til kannal for si velsigning og då er det han som gjer sitt verk med meg. Han sa eg skulle søke inn til han, gå inn i heilagdomen og han vil bruke meg til stor og rik velsigning. Han er rik nok for alle som kallar på hans namn, derfor skal eg kalla på han og han vil møte meg på nytt.

Bodskap 2B.

Så kjem det merkelege i Bodskap 2B: ”Frelsa i meg, den er gratis, seier Herren. Du kan ikkje gjere noko, verken frå eller til, men av nåde, så vert du frelst. Og det er ei gave ifrå meg, det er noko du får fritt og for inkje, seier Herren. Derfor ta imot denne gava, frelsa, den er gratis, seier Herren. Men ta imot, audmjuk deg, seier Herren, og eg skal reise deg opp i Jesu namn. Amen.”

Jesus har kjøpt oss til Gud med sitt eige blod, vi har teke imot, så vi har fått hans Ande, då tilhøyrer vi han og er frelst. Jfr. byrjinga på bodskapen 7.6.2015: ”Ja, eg vil at du skal vite, mitt barn, at du tilhøyrer meg. At eg har kjøpt deg fri med mitt blod, at du er dyrt kjøpt, du er betalt. Fordi eg elskar deg, fordi eg har utvalt deg før verda sin grunnvoll vart lagt, til å vere mitt barn, min son og mi datter….” Eg har bedt Jesus gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Det må no vere det som det er sikta til i Bodskap 2B, jfr. sitat frå bodskapen 7.6.2015: ”…. For frå meg kjem di forløysing, frå meg kjem di frelse og di hjelp, seier Herren….” Så eg må ta imot ei frelst kvinne til kone i audmjukhet, så vil han reise meg opp. Det minner meg om det eg nyleg skreiv om at eg i møte med henne ”Miss Oslo 1990” følte at eg måtte berre bryte saman og tilstå at eg var ein friar, men eg gjorde det på den måten at eg bøygde meg for korsets fot og vedkjende Kristus som min frelsar og Herre.

Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, det har som siktemål at vi skal gå sigrande ut av denne verda.

1KO 1,18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

1KO 2,1 – 1KO 2,5 {GUDS LØYNDOM ER OPENBERRA}  Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom. 2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. 3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. 4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft. 5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.

RMR 8,24 – RMR 8,26 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for.

HEB 9,27 – HEB 9,28 Like visst som det er så laga at menneske må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

1PE 3,18 – 1PE 3,22 {DÅPEN OG DET NYE LIVET}  For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – [vedkjenning til Gud: Nokre omsetjingar har: lovnad eller bøn til Gud.] 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.

1PE 4,1 – 1PE 4,3   Når Kristus no har lide i sitt jordeliv, skal de væpna dykk med denne tanken: Den som har lide her i livet, er ferdig med synda. 2 Difor skal han ikkje lenger leva etter menneskelege lyster, men etter Guds vilje den stund han har att på jorda. 3 Det er nok at de i farne tider har levt på heidensk vis, i sedløyse og sanselege lyster, i drikk og svir, og i stygg avgudsdyrking.

Det som no frelser oss er eit godt samvits vedkjenning til Gud (pakt med Gud), med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Så det vi vedkjenner til Gud er viktig. Gud skapte Adam av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart ei levande sjel. Sidan skapte Gud kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han og han sa at dette var kjøt og bein av hans eigne kjøt og bein, så han kalla henne kvinne. Men hadde ho ikkje sjel då? Det må no vel vere tullete å påstå at ho ikkje hadde sjel? Men det står der ikkje noko om. Etter syndefallet dømde Gud mannen til døden, men han talte annleis til kvinna, det skulle verte strid mellom hennar ætt og ormens ætt. Det verkar som om skilnaden var at mannen hadde vorte til ei levande sjel, men den vart dømd til døden. Men seinare i Bibelen får vi då vite at alt som har blod har sjel. Eg forstår det slik at sjela har å gjere med vår tenkemåte, rasjonalitet og livsform, så etter syndefalelt vart det strid mellom to livsformer, kvinna og ormen. I det Jesus frelser vår sjel, kjem eg til at det er ein åndeleg skapning.

Eg har no for lengst fortalt at eg har bedt Gud om å gje meg ei frelst kvinne til kone og vedkjent dei svara han gjev meg, at han gjev meg det. Og kvifor folk – endåtil engasjerte kristne – foraktar det og ignorerer det og ikkje bryr seg om det og ikkje vil høyre verken på meg eller på dei svara Gud gjev meg og oss frå himmelen, det er meg ei gåte.

Lovsangen og pakta.

Lovsangen som Gud la ned i meg.

Som kommentar til møtet 28.5.2017 skreiv eg:

Hausten 1985 kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale i dFEF i M40 i Oslo, der Jesus sa til meg:” Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere i din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve.”

Eg har fortalt om korleis eg bad for henne Virtuelle når eg gjekk på gymnaset og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande og eg opplevde det slik at var i Faderens hand og han la henne i mitt hjerte. No talar eg om henne som fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Og slik kalla henne den lovsongen Gud la ned i meg. Gud la lovsongen ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og det var ein lovsong til han for at han frelser vår sjel for æva og gjev oss evig liv, for at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born.

Dåpen betyr gravlegging av den gamle, vonde naturen, vi får ein ny natur ved at vi vert fødde på nytt av vatn og ande, så vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam. Dermed er dette ikkje betinga av vårt ytre menneske, vi skal då sjå det slik at det er gravlagt, for ved trua på Jesus vert vi levandegjorde i Anden. Derfor må vi vende blikket og hugen opp til Jesus og ta imot det som han gjev oss frå himmelen, han gjev oss ånd og liv frå himmelen, han vil gje oss liv i overflod og det er berre om å gjere for oss å ta imot med frimod.

Lovsynge Gud med den lovsongen han la ned i meg.

Eg tek oppatt tråden frå førre møte. Der skreiv eg:

Når eg gjekk på gymnaset og merka at eg byrja å verte forelska i henne, kjende eg lengselen og merka at Guds kjærleik var mellom oss, så eg bad til Gud over det og erkjente at den kjærleiken var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frireri, så eg opna meg for den og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte, slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet som han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for og det gjorde meg så godt og eg vart så glad i henne. Håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i våre hjarto ved den Heilage Ande som er oss gitt. Slik la Gud lovsongen ned i meg ved den Heilage Ande og då skal vel eg lovsynge han med den lovsongen. Eg skal ære og takke han for det, vi skal ære og takke han for det, og forvente at han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Kyrkja sin rasjonalitet.

Skrive som kommentar til ein artikkel biologi-professor Kristian Gundersen kommenterte på si facebook-tidslinje.

Nåden og sanninga.

Der er ein tradisjon med å kople moralfilosofien til matematikken og underbygge trua på Gud slik. Men eg er så heldig eg har gått i kyrkjelyder der Jesus talar til oss gjennom tyding av tungetale og han sa til meg at eg skal ikkje gå krokrygga og bere han, men han skal bere meg. Jesus frelsesverk er fullført og fullkome og Paulus sa han jaga mot det fullkomne. Og Descart trudde på det fullkomne, saman med matematikken var det hans rasjonalitet. Den var usynleg og det samsvarar med at Gud er ånd og har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Og Paulus sa at vi fekk Anden ved tru av berre nåde og skal fullføra i Anden. For meg er dette viktig, spesielet når eg skal prøve å studere realfag, for eg opplever det slik at Gud ved sin Ande og si kraft støtter opp om min rasjonaliet og den treng eg sjølvsagt når eg skal studere realfag. Då må eg konsentrere meg om det, men der er mykje som vil distrahere. Nåden og sanninga kom med Kristus, deg skal vende meg til han og sjå på han, med mitt hjartes auge og det skal eg gjere medan eg studerer. Ja, det verkar som eg må be om nåde for å få lov til å konsentrere meg om det faglege. Eg har vore fiskar, tråling, og då har den krafta Gud gjev meg ved sin Ande og den freden og kvila han gjev meg i mitt sinn og min tanke vore viktig for meg, midt opp i ein arbeidsdag med mykje arbeid og stressande situasjonar. Ja, eg er no berre ein fiskar som har prøvt meg på å studere realfag. Men Gud frelser og vel ut det som ingen ting er og det er det han brukar. Og eg hevdar faktisk han kalla meg til å studere realfag og det viser at han også er interessert i realfag, men då må eg heilhjerta halde meg til han, så eg får oppleve at han i sin nåde kjem meg til hjelp med si kraft.

Motivert av Guds kjærleik, komme ut i fridomen.

Eg har vore realist samtidig som eg har trutt på Jesus sidan eg var ein liten gutunge, livet vart planta i meg ved Guds Ord når eg var ein liten gutunge. Til tider har eg kjent det som ei dobbelrolle eg ikkje har vore heilt konfortabel med, men når eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får eg det til å stemme. Når eg var ung vegra eg meg for Freuds utsagn om at menneska vert motiverte av seksualitet og aggresjon, men eg såg det på grunnlag av biologien, livet er naturleg nok ein kamp for tilværet. Og så såg eg det på grunnlag av at Gud elskar oss i Kristus, kyrkja er hans brud, der er eit kjærleiksforhold mellom Kristus og hans brud og det er Guds verk. Eg merka at eg hadde Guds kjærleik i mitt hjerte og eg forstod etter kvart at dette kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, for Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud, eg forstår det slik at Kristus elskar mannen og elskar kvinna gjennom mannen og slik elskar han kyrkja som si brud. Så når eg gjekk på gymnaset og merka eg byrja å verte glad i ei kristen jente, bad eg over det og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande og eg er viss på at det gjaldt henne også. Så eg kunne i alle fall seie soim Paulus at håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik vart utrendt i våre hjarto ved den Heilage Ande som var oss gitt (Rom.5,1-5). Noko liknande opplevde eg når eg studerte realfag i Oslo på slutten av 1980-talet.

Dette har eg skrive om i dokumentet:  https://bluehost944.com/2017/01/09/gud-vil-at-alle-skal-verte-frelst-og-komme-til-a-erkjenne-sanninga/

Sjølv om det ikkje vart noko skikkeleg kjæresteforhold eller ekteskap av det, så har denne Anden og kjærleiken vore ei viktig motivasjonskraft i mitt daglege liv, både når eg har jobba som fiskar og når eg har studert. Jesus talte til meg om sin kyrkjelyd og sa han lengta etter å gje henne noko, så eg forstod det som brudgomen som ville møte si brud og gje henne sin kjærleik. Han sa noko om at det var ikkje mine prestasjonar og ansinitet som var så viktig, men det verda trengde, var mitt varme hjarte. Og i 2011 kalla han Sions dotter til å komme ut i fridomen, for han var Herren hennar ektemann og Herren hennar brudgom.

Legge av byrdene hos Jesus, vere fri og komme inn til Guds kvile. Rasjonaliteten i Guds Ord og i Jesu kyrkje.

Han sa eg skulle heilhjerta halde meg til han, så ville han komme meg til hjelp med si kraft. Og eg forstod at slik ville han gje meg hjelp i form av ei kone. Eg forstår at resonementet vert stilt på hovudet med krav om at eg skal prestere noko for å få det og slik vert menneska gjort til salsvare som trælar. Han kalla meg til å studere realfag og sa eg skulle seie til dei at kristendomen ikkje er ein religion som vert lessa på folket som tunge bører. Men no kallar han meg, som slit med tunge bører, til å komme til han og legge dei av (Matt.11,28). Kristus er Guds Ord, men vi treng at den Heilage Ande openberrar det for oss, fører oss fram til heile Sanninga, slik at den set oss fri. Kristus er sanninga og eg kan vel seie det slik at han er rasjonaliteten i Guds Ord og slik er han kyrkja sin rasjonalitet. Han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Han gjev ånd og liv til vår sjel og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Så den levande sjela er også kyrkja sin rasjonalitet. Slik er ho hans brud og hans kone som er til hjelp for han. Og eg vonar og ventar meg at at slik vil han gje meg hjelp i form av ei kone, som har og som er ei levande sjel. Dette handlar om å komme inn i den himmelske heilagdomen og få oppleve at Gud gjer sitt verk. Alt gjorde han fagert i si tid, han la æva ned i menneskehjarta, han gjer eit verk som står til evig tid, ingen kan legge til noko eller ta noko ifrå (Fork.3,11&14). Jesus gjev meg ånd og liv ifrå himmelen og slik gjev han meg ei herleg og vidunderleg kvile, for det er ikkje eg som gjer mitt verk, men det er han som gjer sitt verk med meg og med oss.

Frimodet, lovsongen og godt samvits vedkjenning til Gud.

Når eg var ein liten gutunge, lærde mor mi eg å påkalle Jesus som min frelsar og Herre og be han frelse mine næraste og bygdafolket, be for folket og landet. Når eg vart litt eldre forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra slik som ved syndefalelt, så eg byrja å be Gud frelse menneska frå den forføringa og gje meg ei frelst kvinne til kone. Eg merka at eg hadde Guds Ande og Guds kjærleik i mitt hjerte og forstod at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Når eg gjekk på gymnaset merka eg at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, så eg knelte ved senga på hybelen og bad for henne og erkjente for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja elelr nei til mitt frieri, så eg opna meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Slik audmjuka eg meg for Gud og slik var eg audmjuk overfor henne også. Eg ville så gjere fortelje henne det og snakke med henne om det, men kvifor gjorde eg det ikkje? Eg følte eg måtte vere forsiktig med kva eg sa og fann liksom ikkje dei rette orda og så var det dette med frimodet då.

Ho Virtuella var ferdig på gymnaset eit år før meg. Men så oppdaga eg dette bibelverset:

1PE 3,21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – [vedkjenning til Gud: Nokre omsetjingar har: lovnad eller bøn til Gud.]

Så eg forstod at vi skulle ikkje gøyme oss vekk med dårleg samvit slik som Adam og Eva gjorde etter syndefallet og dette samsvara med korleis eg hadde forstått frelsa sidan eg var i byrjinga av tenåra og eigentleg sidan eg var endå yngre. Så siste året på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud.

2TI 1,7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.

OSP 15,11 – OSP 15,13   Dødsrike og avgrunn ligg opne for Herren,  kor mykje meir då menneskehjarta. 12   Spottaren mislikar refsing,  til dei vise går han ikkje. 13   Glede i hjarta gjer andletet ljost,  men hjartesorg gjer motlaus.

Håpet om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik var utrendt i våre hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt. Den verka kraft kjærleik og visdom. Så når eg har vore i praktisk arbeid, på tråling, har eg lagt vinn på å verte motivert av den kjærleiken, gjere bruk av den krafta og bruke visdomen som best eg kunne til å takle og løyse dei problema som oppstod. Å sjå opp til Jesus og oppleve hans salving som får meg til å stråle av glede, har vore viktig for meg. Slik fekk eg oppleve at Jesus gav meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt sinn og min tanke ved den Heilage Ande og dette har vore viktig for meg for å behalde roen og tenke fornuftig i stressande situasjonar.

1KO 14,15 Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med vitet. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med vitet.

Dette står i grell motsetnad til korleis den kristne platonisten og filosofen Simone Veil opplevde å arbeide i ein fabrikk.

Click to access Amadou.pdf

På liknande vis vart det viktig for meg når eg skulle studere realfag. Då måte eg sjølvsagt bruke intellektet, eg skulle lære matematikk, lære å bruke matematikken og rasjonaliteten, då trenge eg rasjonaliteten i Guds Ord, kyrkja sin opphavlege rasjonalitet. Ved å lovprise Gud og Lammet for det fullførde frelsesverket, ved å lovsynge Gud med vitet.

Men eg må nok innrømme at begge deler har vore noko haltande. For normalt sett skulle eg ha fått meg ein kjæraste når eg gjekk på gymnaset og når eg møtte henne igjen etter min fyrste tur på tråling, i Bergen, så skulle saka ha vore i orden. På grunnlag av evangeliet. For det fyrst hadde eg gjort ein jobb som fiskar, på tråling og når eg då kjem på land og skal ha fri, så må den saka vere grei, på grunnlag av evangeliet, det er fullført og fullkome og gjev grunnlag for kvile ved at vi trur på det.

Eg møtte igjen henne Virtuella på studentsenteret i Bergen og ho fekk vite at for meg kom det som eit bønnesvar, for eg var så glad i henne, at eg hadde bedt Jesus om å få møte henne igjen. Og overfor Gud var denne saka i orden, på evangeliets grunnvoll. Igjen fekk eg oppleve at sjølv om ho fysisk var langt borte frå meg, så openberra Gud henne for meg ved sin Ande, som sitt barn, fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn, som han elska og hadde omsorg for og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Så ved trua tenkte eg meg og forstod at Gud gjorde sitt verk med meg og med henne i samsvar med 1.Mos.2. Eg var noko usikker, tenkte meg det først som ei hypotese, men den største usikkerheta var nok om ho forstod det og ville innrette seg etter det, i så fall skulle vi sjølvsagt møtast fysisk og snakkast om det, så det fekk konsekvensar for våre liv her på jorda. Ja, det er då vesentleg med tanke på at vi skulle gå ut i verda og bere frukt som varer. Eller kom ho til å verte forførd?

På den tida var det kristen studentleget prega av den karismatiske vekkinga. Samtidig følgde den eit apologetikk-opplegg der dei prøvde å sannsynleggjere at der måtte vere ein absolutt, uendeleg og personleg Gud med ei absolutt moral-lov, men sidan menneska ikkje klarer å leve opp til den, treng vi nåden i Kristus. Her var altså både den tradisjonelle morlfilosofien og nåden i Kristus for den einskilde, der det siste skulle vere konklusjonen. Men samtidig var der nok interesser som gjekk i retning juss, statsvitenskap og politikk. Men eg hadde fått forståing for at den tradisjonelle moralfilosofien tvert om verka som bokstaven som slo ihel og eg var redd for at den skulle verke slik her, slik at ho Virtuella vart forførd og det vart ikkje noko meir. Så det vart dess viktigare for meg å få møte henne igjen og snakke med henne, vedkjenne Jesu namn for henne, kjennast ved han som vår frelsar og Herre. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Jesus hadde gitt oss ånd og liv, våre lekamar var tempel for den Heilag Ande, den rådde i våre døyelege lekamar, han hadde gitt liv til våre sjeler og vekt oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Slik skulle vi ved trua på Jesus sigre over verda.

Men kvifor skulle eg då ikkje få møte henne igjen fysisk og snakke med henne? Det var no vel nettopp det som skulle til for at dette skulle fungere skikkeleg. Kvifor skulle eg ikkje få kjennast ved Faderen og Sonen for henne? Var det på grunn av motstanden frå Antikrist? Kva ville vere alternativet kanskje? Eg forstod no at med den tradisjonelle moralfilosofien hadde dei kristne platonistane gjort det til tradisjon i kyrkja at dersom ein mann ville ha seg ei kone, så måtte det tvert om vere på den måten at lysta opponerte mot Anden, slik at den fysiske naturen undertrykte Anden og kua sjelslivet. I ettertid har eg forstått at slik verkar nedtrakkinga av tempelplassen, det svarar til ei åndeleg nedtrakking. Og slik verkar raseringa av Herrens vingar. Men det verket Gud gjer her, står til evig tid, menneska kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå.

Sidan det ikkje var hjelp i å vedkjenne Faderen og Sonen i den saka, så var vel det alternativet for meg også. Ei tid tenkte eg slik, men det var no heilt gagnlaust. Problemet mitt var at eg fekk ikkje fri til henne på ein skikkeleg måte. Eg kom til kort på meir enn ein måte, både ved at eg ikkje fekk møte henne igjen og snakke med henne og fri til henne på ein skikkeleg måte og det gjekk heller ikkje bra med studeringa. Men Jesus sa til meg at mi tilkortkommenheit var hans moglegheit til å få gjere si gjerning, slik at det vart til vitnemål og til ære for han. Hans frelsesverk er fullført og fullkome. Gud gjev ikkje si ære til nokon annan. Livet hadde vorte planta i meg og det skulle vekse. Menneska var for han som dyrebare edelsteinar som han ville ha frelst i si hand.

Det verka som det åndelege livet som eg og som ho hadde i samfunn med Gud vart forakta, som om det var fienden for diverse politisk- og moralfilosofiske maktinteresser, som om målet for kampen for tilværet vart definert til å overvinne det og nedkjempe det. Men eg sjølv måtte ta del i kampen for tilværet og spørmålet vart då faktisk korleis eg kunne unngå å verte med på å nedkjempe det. Kva kunne eg ha gjort? Jesus frelsesverk var fullført og fullkome, det var bra nok for Gud, så frå hans side var saka grei. Og det er bra nok for menneska også, det er berre å tru og ta imot av berre nåde. Det som no frelser oss, dåpen, som er eit godt samvits vedkjenning til Gud med grunnlag i Jesus oppstode frå dei døde. Om ho ikkje ville høyre på meg og ingen andre heller, så kunne eg likevel vedkjenne Jesus for han, det var då det viktigaste.

Sidan  har eg lese meir og fått meir opplæring Bibelen og fått oppleve at Gud har gjort meir i mitt liv ved sitt Ord og sin Ande og vorte sterkare i trua. Det einaste eg kunne gjere var å halde fram med å audmjuke meg for Gud på same måten, tru på Faderen og Sonen, ære og takke Gud og Lammet for frelsa. Lovsynge han med den lovsangen han la ned i meg. Og det er det eg framleis må gjere.

Eit undertrykkande superego.

Der er nok mange kristne platonistar og mange andre også som vil påstå at eg er egoistisk, men det kjem nok an på kva for superego eg forheld meg til. Vi er inne i Freuds psykoanalyse og han sa at menneska vert motiverte av seksualitet og aggresjon. Det minner om å verte freista av synda og så kjem straffa som aggeresjon. Og mykje tyder på at det er metoden til dei kristne platonistane, for soleis å få makt over menneska gjennom kyrkja, religionen og politikken. Det stemmer no bra med platonismen etter at den kom inn i kyrkja. Som om dette var deira rasjonalitet og superego. Som om dette er deira einaste måte å tileigne seg kunnskap og få makt over andre menneske, dersom dei ikkje får bruke den metoden og lukkast i det, så har dei ikkje mykje kunnskap, så har dei ikkje mykje makt, så har dei lite og inkje dei skulle ha sagt. Derfor vil dei ikkje høyre på meg. Det tyder på at trua deira ikkje held mål, til samanlikning med dei 5 uvituge brurmøyane.

Ved trua på Jesus er vi krossfesta med han. Så er der kristne som seier at slik må ein overvinne seg sjølv. Men kven er det då som vinn? Det er då heilt meiningslaust. Ikkje for å kverrulere, men det fungerer like dårleg som det er meiningslaust. Er det superego som skal overvinne ego? Men kva er då superego? Er det den moralfilosofiske tradisjonen, så veit vi at den vert brukt i statsmakta og i politikken. Skal då kyrkja vende seg til den i staden for Kristus og kvinna vende seg til den i staden for å vende seg til ein mann? Då vil eg minne om at Freud sa også at religiøsitet er avspora seksualitet. Det viser seg i dagens samfunn, ved at politisk engasjement erstatter interessa for ekteskap og familieliv. Det ser vi meir av andre plassar enn det som kunne reknast som typisk for kristne platonistar, som til dømes Krf. Det har eg inga god forklaring på anna enn at det sannsynleg vis vert framstilt som eit krav og oppfatta slik, at dersom du skal lukkast med å få velsigninga i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, så du lukkast i å stifte ekteskap og danne ein kristeleg heim, så bør du helst innrette deg etter tradisjonen og tankekontrollen, så du blir politisk ”korrekt”, som til dømes med å stemme Krf. Men i denne samanheng er dette for meg ei ikkje-sak. I fylgje den fridomen eg har i Kristus, har dette ”superego” ingen ting med denne saka å gjere.

Men kva er det som er problemet her? Det er at dei kristne platonistane med det platonske klagemålet mot menneskets fysiske natur ikkje godteke det gode samvits pakt med Gud (vedkjenning til Gud) med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Det et som om klagemålet ligg i deira eige superego og med det prøver dei, som ei liksom lærd overklasse, å undertrykke menneska. Så det er den gamle vonde naturen som med lovens bokstav prøver å bruke fysisk makt til å kue sjelslivet og det åndelege livet med Gud.

I den grad dette superego har med denne saka å gjere, så er det på den måten at det dårer og forfører kvinna slik som ved syndefallet og så brukar det henne til å lokke og freiste mannen med, motivet er tydelegvis seksualitet, for så å finne motiv for å hate han og straffe han, tydelegvis motivert av aggresjon. Soleis prøver altså dette superego å få makta over menneska, som om dette var målet og meininga i seg sjølv. Som om hendsikta med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne var å bruke kvinna til å lokke og freiste, irritere og drive djevelskap med, som om gud var vond og skapte henne på grunn av vondskap. Men det må i så fall vere feil gud.

MTT 18,5 – MTT 18,11 {FORFØRINGAR OG FREISTINGAR}  Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå! 8   Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld. 10   Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.  [Verset vantar i dei eldste handskriftene. Sjå Luk 19, 10.]

Så for meg vart kvinna som ein fot eg berre måtte kvitte meg med, om så eg skulle halte vidare. Men ho Virtuella har vel likevel forfølgt meg som eit skranglande femte hjul på vogna. Skal tru om ho nokon gong vert ferdig med å lokke og freiste, forfølgje, irritere og drive djevelskap?

MTT 5,10 – MTT 5,16   Sæle dei som vert forfylgde for rettferd,  himmelriket er deira. 11   Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfylgjer dykk, lyg på dykk og talar vondt om dykk på alle vis. 12 Ver glade og fegne, for stor er løna dykkar i himmelen! Sameleis forfylgde dei òg profetane før dykk.   13 {SALTET PÅ JORDA OG LJOSET I VERDA}  De er saltet på jorda! Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; folk kastar det ut og trakkar det ned. 14   De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast. 15 Ingen kveikjer eit ljos og set det under eit kar, men i staken; då lyser det for alle i huset. 16 Såleis skal ljoset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!

MTT 5,44 Men eg seier dykk: Elska fiendane dykkar, velsigna dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og bed for dei som forfylgjer dykk,  [velsigna dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk: finst berre i yngre handskrifter. Sjå Luk 6, 27 f.]

JOH 15,18 – JOH 15,27 {NÅR VERDA HATAR DYKK}  Når verda hatar dykk, skal de vita at ho har hata meg fyrst. 19 Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut or verda. Difor hatar verda dykk. 20 Kom i hug det ordet eg sa dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin. Har dei forfylgt meg, vil dei forfylgja dykk òg. Har dei halde fast på mitt ord, vil dei halda fast på dykkar ord òg. 21 Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, fordi dei ikkje kjenner han som har sendt meg. 22 Var eg ikkje komen, og hadde eg ikkje tala til dei, då hadde dei vore utan skuld. Men no har dei ingen ting å orsaka synda si med. 23 Den som hatar meg, hatar Far min òg. 24 Hadde eg ikkje gjort slike gjerningar mellom dei som ingen annan har gjort, hadde dei vore utan skuld. Men no har dei sett dei, og likevel hatar dei både meg og Far min. 25 Men det ordet som står i lova deira, skulle oppfyllast: Dei hata meg utan grunn. 26 Når talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Faderen, Sanningsanden som går ut frå Faderen, då skal han vitna om meg. 27 Men de òg skal vitna, for de har vore med meg frå det fyrste.

JOH 16,1 – JOH 16,4   Dette har eg sagt dykk så de ikkje skal førast til fall. 2 Dei skal støyta dykk ut or synagoga. Ja, det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur at han gjer Gud ei teneste. 3 Og alt det gjer dei av di dei korkje kjenner Faderen eller meg. 4 Dette har eg sagt dykk så de, når den tid kjem, skal koma i hug at eg sa dykk det.   {TALSMANNEN}  Eg sa ikkje dette til dykk frå fyrst av, for då var eg hjå dykk.

Eg kan samanlikne dette med korleis Saul forfølgde David, så David og hæren hans vart fortrengd og kua (Jfr. Freuds behandling av pasiantar, der han prøvde å få dei til å ta fram att tankar som hadde vorte fortrengde. Saul hadde vraka Guds Ord og med fysisk makt forfølgde han David. Men David ville ikkje gå til motangrep med fysisk makt, men veik heile tida unna. Når så Saul var borte kom David og hæren hans ut i ope lende. Til samanlikning har Jesus kalla meg ut i fritt rom. Han har sagt eg skal ikkje kaste bort frimodet mitt. Eg har frimod til både å gå inn i heilagdomen og tale Guds Ord ope og fritt for kven som helst og vitne om kva Jesus er for meg.

Sjå meininga med livet i å dyrke og verne Guds hage, som motivasjonsteori! Eller verte forførde slik som ved syndefallet?

Med den doble tolkinga av 1.Mos.2 har eg den røyndomsforståinga at mitt praktiske arbeid er som å dyrke og verne Guds hage og slik er det også med mitt teoretiske arbeid, når eg studerer realfag. Det gjev meg meining med livet og det motiverer meg.

(Jfr. Heilag kvardag/hellig hverdag).

Gud skapte kvinna for at ho skulle vere ei hjelp for mannen, oppdraget var det same, han skulle dyrke og verne hagen og det skulle ho hjelpe han med. Samtidig som det var den gjerninga og oppdraget Gud gav dei, så var det til deira eige og felles beste. Det skulle vere sjølvsagt, det måtte dei no vel forstå!? Ja, Maslows behovshierarki er ein motivasjonsteori med så pass vidsyn, at den kunne vel brukast her. Den vart brukt i eit innleiingsforedrag for nye studentar ved Universitetet i Oslo.

Freuds påstand om at menneska vert motiverte av seksualitet (livsdrift) og aggresjon (døds-drift) skulle vel passe bra i ei naturfagleg tenking, i biologien, utviklingslæra som forklarer livet som ein kamp for tilværet. Men vi kan vel like gjerne spørje om kva som er hendsikta (motivet) med seksualiteten, det er å formeire seg. Og kva er motivet med aggresjonen. Med aggresjon samlar du kreftene til å ta eit krafttak. Med aggresjon vil eit rovdyr ta eit byttedyr og behalde det som føde for seg sjølv og sine og med aggresjon vil eit hanndyr verne sitt territorium mot inntrengarar. Til samanlikning skulle mannen dyrke og verne hagen, det var hans territorium.

Men når dei åt av det treet som gav kunnskap om godt og vondt (jfr. moral- og politisk filosofi), vart augo deira opna, så dei såg at dei var nakne, så når Gud gjekk i hagen vart dei redde og gøymde seg med dårleg samvit. Det tyder på at seksualiteten hadde vorte ein større del av deira bevisstheit og slik hadde dei vorte trongsynte.

I fylgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud og han grunngav det utifrå 1.Mos.2-3. Dette har det vorte protestert mot og det passar vel bra med at Gud og den einskilde har lite og ingen betydning i Hegels dialektikk. Kva er det då som gjenstår? Dei kristne platonistane som herren og sosialistane/sosialdemokratane som knekten i ein gjensidig omformingsprosess og slik driv tidsånda historia framover. Og slik vert altså kvinna omforma, til kva? Nyfeminist? Den kristne kvinna (ex. Vitruella) vekslar mellom å vere ei tullete skrulle og ei skrullete tulle.

Dei kristne platonistane påstår gjerne at ein mann er egoistisk når han vil ha seg si eiga kone og støyter han ut. Men sjølve framstår dei som nokre superegoistar som ikkje klarer å unne ein mann så pass godt her i livet, sjølv om det er etter Guds Ord. Dei forfører menneska slik som ved syndefallet og det viser seg tydeleg i vår tid, ved at det politiske engasjementet kjem i staden for ekteskap og familieliv og å samlast i kristne kyrkjelydar. Det resulterer i at menneska dyrkar styresmaktene som gudar i staden for å tilbe Gud i ånd og sanning. Og Freuds psykoanalyse gjev tydeleg og klart svar på det også, det er relitiøsitet som er avspora seksualitet.

Sjå på Jesus.

Menneska fall ifrå Gud ved syndefallet og vart utestengde frå Edens hage, slik fall dei ut av Guds kvile. Men Gud forsona verda med seg i Kristus. Kristus betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss fri frå trældomen under synda og avgudane, tilbake til Gud. Det var berre å bøye seg ved korsets fot og vedkjenne si synd for han og få tilgjeving og verte reinsa i Jesu blod og vert fylt av den Heilage Ande. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Då tilhøyrer vi han og er frelst. Då skal vi også leve for han. Korleis då? Ved trua på han er vi krossfesta med han, i dåpen er vi gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han, ved den same kraft som vekte Kristus opp frå dei døde. Derfor skal vi vende blikket og hugen opp til han. For vi skal no leve for han. Om vi med Freuds terminologi kallar han for vårt superego, verkar det litt mekeleg, for eg har ei kjensle eller forståing av at supereg var ei samaling av det vi reknar med samfunnet ventar av oss og er soleis relatert eller knytt til den moralfilosofiske tradisjonen. Dermed har det å gjere med trælekåret. Men Kristus står då over alt dette, og med den Anden og det livet han gjev oss frå himmelen får vi ein natur, tenkemåte og levemåte som avløyser den gamle. Jesus har gitt oss den Heilage Ande frå himmelen, den herleggjer og openberrar han for oss som vår frelsar og Herre. Derfor veit vi det.

Håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i våre hjarto ved den Heilage Ande som er oss gitt. Han gav oss ikkje ei trældomsånd, så vi atter skulle reddast, men han gav oss barnekårsanden, som gjer at vi ropar Abba, Far. Han gav oss ikkje ei ånd som gjer missmodig, men han gav oss ein Ande som verkar kraft, kjærleik og visdom. Så eg tenker som so, i mitt daglege liv, at eg vert motivert av denne kjærleiken, eg gjer bruk av denne krafta, som ei motivasjonskraft og eg gjer bruk av visdomen den gjev meg. For den Heilage Ande openberrar Guds Ord for meg og minner meg om det etter som eg treng det. Kristus er Guds Ord og den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for meg. Soleis er det viktig for meg å sjå opp til han og tenke som so at eg lever for han. Og soleis skal eg vite å vinne meg mi eiga kone i helging.

3 responses to “2017.06.18. Ekte kristendom: frelsa er gratis, vi må berre audmjuke oss og ta imot i tru, av berre nåde. Møte i Maranata.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: