2017.08.20. Maranata: Det er sanneleg ei ny tid. + 3 møter i Betel Volda i sommar.

IMG_0788.JPG

Tyding av tungdtale:

For der er ingen ting, som kjem imot deg, som eg Herren, ikkje veit om. Eg veit om det, alle ting. Og eg har sett dine tårer, eg har høyrt di røyst, eg har høyrt og dine sukk som du ikkje har lete over dine lepper. Eg har sett kva du treng og no er eg, Herren, her i kveld og eg er her for å trøyste deg. Eg er her for å hjelpe deg. Eg er her for å løfte deg opp på ein klippe som du aldri før har sett dine føter på, det har sett så umogeleg ut, den har sett så høg ut. Men eg, Herren, eg skal ta deg og løfte deg opp på denne klippe, som elles har vore for høg for deg. Du har følt på di tilkortkommenheit, men du skal ikkje sjå på det. Du skal sjå på kva eg, Herren, har gjort for deg. Og du skal få lov til å ha ditt blikk festa på meg. Og eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, eg skal gjere eit guddommeleg verk i deg. Og eg skal fylle deg med min gode Heilage Ande og istandsetje deg til all god gjerning.

For ingen ting som kjem imot deg, eg Herren seier: ingen ting, er noko som eg ikkje kan gjere med. For eg, Herren, eg er din Gud. Eg har frelst deg og du er min. Derfor sett din lit til meg. Søk du meg og kom inn til mitt åsyn. Så skal eg, Herren, eg skal løfte deg, eg skal bere deg, eg skal gjere nye ting i ditt liv. Og det skal du kjenne og du skal sjå, at no, allereie no skal det spire fram, for eg er komen med mitt Ord og med min Ande. Halleluja.

 

Indremisjonsmann med nådegåve til å lækje. Møte på Betel i Volda 9.7.2017.

Søndag 9 juli var eg på møte i betel Volda. Torgeir Tynes talte. Han er ein indremisjonsmann frå Sykkylven og har nådegave til lækjedom og han vitna om korleis Jesus hadde brukt han slik. Han sa at om lag 70 % av menneska har ulik lengde på føtene og det fører lett til ryggsmerter, så han brukar ofte å oppfordre folk til å få ein sjekk på det, ved å komme til forbønn, han kalla det for EU-kontroll. Det gjorde han i dette møtet også og fleire kom fram. Eg hadde det problemet når eg var ung, eg gjekk til forbønn for det og det er ei lang forteljing, som eg har fortalt før og ikkje gjentek no. Eg var til lækjar for nokre år sidan og fekk det sjekka og dei fann ikkje noko problem. Så eg gjekk ikkje fram. Men eg har eit anna problem og det er langdrygt og her trengst visst alle nådegåvene for å løyse det, også lækjedom ved bønn, så eg sat nede i salen og var med i bønna og eg kjende i mitt indre menneske at Guds Ande verka i forsamlinga og i min kropp, eg kjende og opplevde det som Guds godleik mot meg, mot min kropp, i djupet av meg, som om den løfta meg og bar meg, ja, som sjølve Berget som eg er sett på.

Så eg føler det stemmer overeins med det som eg nyst har skrive om at Guds augo fer ut over all jorda, for at han med si kraft kan komme dei til hjelp som heilhjerta held seg til han. Og slik ventar eg at han gjev meg hjelp i form av ei kone. Eg har nyst skrive om at eg har opplevt Guds kraft slik og eg opplevde Guds kraft på dette møtet på liknande måte, som godleik mot min eigen kropp og vart minna om at det var noko eg fekk av berre nåde.

Vi har teke imot Jesus, så vi har fått hans Ande i våre hjarto. Då tilhøyrer vi han og er frelst. Då skal vi også leva for han. Fyrst og fremst ved at vi ærar og takkar Gud og Lammet for frelsa. Vi er Guds born ved trua på han, så vi ropar Abba Far og med den innstillinga held vi fram med å ta imot det Gud gjev oss i Kristus og så takkar vi for det.

RMR 8,14 – RMR 8,32 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: “Abba, Far!” 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.  18 {VONA OM HERLEGDOM}  Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. [Anden, fyrstegrøda: Anden er den fyrste av frelsegåvene, ein forsmak på den endelege frelsa. Sml. 2 Kor 1, 22.] 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage. 28   Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort. 31   Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?

Vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i oss og med oss ved sitt Ord og sin Ande og så tilber vi Gud i ånd og sanning.

JOH 4,23 – JOH 4,24 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.”

Eg skal glede meg i Herren, så vil han gje meg det mitt hjarte attrår, så vil han gje meg ei kone. Vi skal glede oss framfor alt over at våre namn er skrivne i livets bok i himmelen, så eg skal glede meg framfor alt over at han frelser mi sjel og at han frelser hennar sjel. Vi skal ære og takke Gud og Lammet for frelsa.

SLM 22,4   Og du er då heilag,  du som tronar over Israels lovsongar. [du som tronar: Sml. 80, 2; 99, 1; Jes 6, 1 ff.]

Når menneske ikkje godtek dette, men prøver å erstatte det med noko anna, til dømes moralfilosofi og politisk filosofi, så avslører dei seg sjølve som vranglærarar.

2017.07.16. Ester som førebilete på Jesu kyrkje. Betel Volda. 

Innleiing ved Gunnar Andås.

RMR 8,32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?

Tale ved Kjell Oldick.

EST 1,1 – EST 1,8 {DRONNING VASJTI TRASSAR KONG XERXES}  Det som her skal forteljast, hende i dagane åt Xerxes, den Xerxes som rådde over 127 provinsar, frå India til Nubia. 2 I den tid då Xerxes sat på kongsstolen sin i Susa-borga, [Susa: -> Neh 1, 1.] 3 i det tredje styringsåret sitt, heldt han eit gjestebod for alle stormennene og embetsmennene sine. Hærførarane i Persia og Media, adelsmennene og styresmennene i provinsane var samla hjå han. [Persia og Media: Desse to landa var det opphavlege Persarriket.] 4 Og i lang tid, 180 dagar i alt, lét han dei få sjå sin kongelege herlegdom og rikdom med all den drust og dramb som fylgde hans høge stilling. 5   Då dei dagane var lidne, heldt kongen gjestebod i sju dagar for alt folket som fanst i Susa-borga, både store og små. Det vart halde på den opne plassen i slottshagen. 6 Teppe av fint lin og bomull og av fiolett purpur var feste med kvite og purpurraude snorer til sølvringar i marmorsøylene. Benker av gull og sølv stod på eit mosaikkgolv av dyre steinar, marmor, perlemor og andre steinar. 7 Det dei drakk, vart skjenkt i gullstaup, og ikkje to staup var like. Og der var nøgda av kongeleg vin, som det sømer seg hjå ein konge. 8 Men det var fast lov at ingen skulle nøydast til å drikka. Kongen hadde bode alle dei øvste tenarane sine at dei skulle la kvar få så mykje han sjølv ville ha.

Kjell brukte kong Xerxes som førebilete på Kristus som kongers konge, her fekk folk drikke så mykje vin dei ville, slik er det også med det som Jesus gjev oss, vi får så mykje vi vil ha.

EST 1,9 – EST 1,12 Samstundes heldt dronning Vasjti gjestebod for kvinnene i slottet til kong Xerxes. 10   Den sjuande dagen, då kongen hadde vorte fjåg av vinen, kalla han til seg dei sju hoffmennene som gjorde teneste hjå han, Mehuman, Bista, Harbona, Bigta, Abagta, Setar og Karkas. 11 Og han baud dei henta dronning Vasjti og leia henne fram for kongen med den kongelege krona på hovudet, så folket og stormennene kunne sjå venleiken hennar; for ho var svært fager. 12 Men dronning Vasjti ville ikkje koma. Ho trassa det bodet kongen hadde sendt med hoffmennene.  Då vart kongen brennande harm; vreiden loga opp i han.

Vasjti var ulydig. Så veit vi korleis det gjekk, ho fekk ikkje komme fram for kongen meir, ho vart avsett som dronning og jødekvinna Ester vart dronning i staden.

EST 4,14 For om du teier stilt no, får nok jødane hjelp og berging frå ein annan kant. Men du og ætta di kjem til å gå til grunne. Og kven veit om det ikkje er med tanke på ei tid som denne at du har fått dronningrang.” [frå ein annan kant: frå Gud.]

Og ho brukte maktposisjonen sin til å berge folket sitt frå Hamas og hans vonde plan om å utrydde dei. Til samanlikning er Jesu kyrkje viktig for ei tid som denne, altså ved at ho stig fram for han, som hans brud og hans kone.

Kjell brukte dette vidare som førebilete på at jødefolket vart vraka, til fordel for Jesu kyrkje som består av menneske frå alle folkeslag.

JOH 1,11 – JOH 1,12 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.

RMR 11,28 – RMR 11,31 På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, så de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld. 29 For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing. 30 De var ein gong ulydige mot Gud, men no har de fått miskunn fordi dei andre var ulydige. 31 På same vis har dei no vore ulydige, men den miskunn de har fått, skal føra til at dei no får miskunn.

Omsider vert israelsfolket også frelst, men no som ein del av Jesu kyrkje.

Innta fiendens portar. Betel 30.7.2017.

Kjell tok oppatt tråden og talte vidare frå Esters bok to veker seinare. Haman og sønene hans vart heng i den galgen han hadde fått laga til Mordekai og Ester fekk det flåtte huset hans. Så det vart ei oppfylling av lovnaden gud gav til abraham, at ætta hans sulle innta fiendens portar.

EST 7,9 – EST 7,10 Og Harbona, ein av dei hoffmennene som då gjorde teneste hjå kongen, sa: “Sjå, attmed huset til Haman står det ein galge som er femti alner høg. Den har Haman fått laga til Mordekai, han som gjorde kongen så stor ei teneste.” Då sa kongen: “Heng han i den!” 10 Så hengde dei Haman i den galgen som han hadde reist for Mordekai. Og harmen rann av kongen.

EST 8,1 – EST 8,2 {JØDANE VERT BERGA}  Same dagen gav kong Xerxes dronning Ester det huset som Haman, fienden åt jødane, hadde ått. Og Mordekai fekk koma fram for kongen; for Ester hadde fortalt kva han hadde vore for henne. 2 Kongen drog av seg seglringen som han hadde teke att frå Haman, og gav han til Mordekai. Og Ester sette Mordekai over huset hans Haman.

1MO 22,15 – 1MO 22,19   Endå ein gong ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen 16 og sa: “Eg sver ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte einaste son din, 17 skal eg storleg velsigna deg og gjera ætta di tallaus som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Etterkomarane dine skal ta byane frå sine fiendar, 18 og i di ætt skal alle folk på jorda velsignast, fordi du lydde mitt ord.” 19 Så gjekk Abraham attende til tenestgutane sine. Dei tok på heimvegen og fylgdest til Be’er-Sjeba. Og Abraham vart buande der.

Aktuelle bibelvers.

EST 6,6 – EST 6,14   Då Haman kom inn, spurde kongen han: “Kva skal ein gjera med den mannen som kongen har hug til å æra?” Haman tenkte med seg: “Kven skulle kongen heller vilja visa ære enn meg?” 7 Og han sa til kongen: “Er det ein mann som kongen har hug til å æra, 8 så lat dei henta ein kongeleg klednad som kongen sjølv har bore, og ein hest som kongen sjølv har ride på, og som har ein kongeleg prydnad på hovudet. 9 Ein av dei fremste adelsmennene til kongen skal ta imot klednaden og hesten, og han skal ha klednaden på den mannen som kongen har hug til å æra. Så skal han la han ri på hesten over bytorget og ropa framfor han: Såleis gjer ein med den mannen som kongen har hug til å æra!” 10   Då sa kongen til Haman: “Skunda deg, ta klednaden og hesten, som du har sagt, og gjer så med jøden Mordekai som sit i slottsporten! Gløym ikkje noko av alt det du har sagt!” 11 Så tok Haman klednaden og hesten, hadde klednaden på Mordekai og lét han ri over bytorget, medan han ropa framfor han: “Såleis gjer ein med den mannen som kongen har hug til å æra!” 12 Mordekai gjekk attende til slottsporten, men Haman skunda seg heim, sorgfull og med hovudet innsveipt. [med hovudet innsveipt: teikn på sorg og skam. Sml. 2 Sam 15, 30.] 13 Han fortalde Seresj, kona si, og alle venene sine alt det som hadde hendt. Då sa dei til han, både rådgjevarane hans og Seresj, kona hans: “Dersom han er jøde, denne Mordekai som du no tek til å tapa for, så maktar du ingen ting mot han. Du kjem til å liggja heilt under for han.” 14   Medan dei endå heldt på og tala med han, kom hoffmennene åt kongen. Dei skunda seg og henta Haman til gjestebodet som Ester hadde stelt til.

EST 7,1 – EST 7,10 {ESTER BED FOR FOLKET SITT}  Så kom då kongen og Haman til gjestebodet hjå dronning Ester. 2 Denne gongen òg sa kongen til Ester medan dei sat og drakk vin: “Er det noko du vil be om, dronning Ester, skal det gjevast deg. Er det noko du ynskjer, skal du få det, om det så er halve kongeriket.” 3 Då svara dronning Ester: “Har du godvilje for meg, konge, og er det etter din hug, så unn meg livet fordi eg bed om det, og unn folket mitt livet fordi eg ynskjer det. 4 For vi er selde, både eg og folket mitt, til å øydast, drepast og tynast. Var det endå berre til å vera trælar og trælkvinner vi var selde, skulle eg ha tagt. Då hadde ikkje ulukka vår vore noko å bry kongen med.”  5 {HAMANS FALL}  Då tok kong Xerxes til ords og spurde dronning Ester: “Kven er han, og kvar er han som har våga seg til å gjera slikt?” 6 Ester svara: “Det er ein valdsmann og fiende; det er Haman, det illmennet der!” Då vart Haman livande redd kongen og dronninga. 7 Kongen reiste seg i harme; han gjekk frå drikkelaget og ut i slottshagen. Men Haman vart ståande; han ville be dronning Ester spara livet hans; for han skjøna at kongen hadde sett seg føre å gjera han vondt. 8   Då kongen kom attende frå slottshagen til gjestebodshuset, låg Haman bøygd over den benken som Ester sat på. Då ropa kongen: “Vil du jamvel gjera vald mot dronninga, og det her i mitt eige hus!” Ikkje før var dette ordet fare ut or munnen på kongen, så sveipte tenarane inn andletet hans Haman. [sveipte tenarane inn andletet hans Haman: Det var vanleg å gjera så med ein mann som var dødsdømd.] 9 Og Harbona, ein av dei hoffmennene som då gjorde teneste hjå kongen, sa: “Sjå, attmed huset til Haman står det ein galge som er femti alner høg. Den har Haman fått laga til Mordekai, han som gjorde kongen så stor ei teneste.” Då sa kongen: “Heng han i den!” 10 Så hengde dei Haman i den galgen som han hadde reist for Mordekai. Og harmen rann av kongen.

EST 8,1 – EST 8,17 {JØDANE VERT BERGA}  Same dagen gav kong Xerxes dronning Ester det huset som Haman, fienden åt jødane, hadde ått. Og Mordekai fekk koma fram for kongen; for Ester hadde fortalt kva han hadde vore for henne. 2 Kongen drog av seg seglringen som han hadde teke att frå Haman, og gav han til Mordekai. Og Ester sette Mordekai over huset hans Haman. 3   Sidan tala Ester endå ein gong med kongen. Ho kasta seg gråtande ned for føtene hans og naudbad han at han måtte gjera om inkje den vonde planen som Haman av Agag-ætta hadde lagt mot jødane. 4 Kongen rette gullstaven ut mot Ester. Då reiste ho seg, steig fram for kongen 5 og sa: “Er det etter din hug, konge, og har du godvilje for meg, tykkjer du det er rett, konge, og er eg gjæv for deg, så send brev og avlys det skrivet som Haman Hammedatason av Agag-ætta sette opp då han hadde lagt plan om å rydja ut jødane i alle dei provinsane kongen rår over. 6 For korleis kunne eg tola sjå på den ulukka som elles ville råka folket mitt? Korleis kunne eg tola sjå at ætta mi går under?” 7   Då sa kong Xerxes til dronning Ester og jøden Mordekai: “De veit at eg har gjeve Ester huset hans Haman, og sjølv har han vorte hengd i galgen fordi han ville leggja hand på jødane. 8 Set no de opp eit skriv om jødane i namnet åt kongen, så som de finn det best, og forsegla det med seglringen åt kongen! For eit skriv som er utferda i namnet åt kongen og forsegla med seglringen hans, kan ikkje avlysast.” 9   Med ein gong vart skrivarane åt kongen kalla saman. Det var den tjuetredje dagen i den tredje månaden, sivan månad. Dei skreiv så som Mordekai baud, til jødane og til satrapane, statthaldarane og styresmennene i provinsane frå India til Nubia, 127 provinsar i alt. Brevet vart sendt til kvar provins i den skrifta dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala. Jødane òg fekk dette brevet i si eiga skrift og på sitt eige tungemål. 10 Mordekai skreiv i namnet åt kong Xerxes og forsegla brevet med seglringen åt kongen. Så sende han det av stad med menn som reid på dei beste tråvarane frå kongens eigne stallar. 11   I brevet stod det at kongen gav jødane i kvar by lov til å slå seg saman og verja livet sitt. Dei kunne øyda og drepa og tyna kvar væpna flokk som tok på dei. Og dei kunne drepa småborn og kvinner og rana eigedomane deira. Dette skulle gjelda i alle folk og provinsar. 12 Og alt skulle henda på ein og same dagen i alle provinsane åt kong Xerxes, den trettande dagen i den tolvte månaden, det er adar månad. 13 Ei avskrift av brevet skulle sendast til kvar provins og kongsbodet kunngjerast for alle folk, så jødane kunne vera budde når dagen kom, og hemna seg på fiendane sine. 14 Med det same dette bodet var utferda i Susa-borga, tok bodberarane som reid på dei kongelege tråvarane, av stad i strykande tan, så som kongen hadde sagt. 15   Mordekai gjekk ut frå kongen i ein kongeleg klednad av fiolett purpur og kvitt lin. Han bar eit stort diadem av gull og ei kappe av lin og purpur. Og Susa-byen jubla og gledde seg. 16 Hjå jødane var det no ljos og glede, fryd og herlegdom. 17 I kvar provins og kvar by, så langt som kongsbodet nådde, vart det glede og fryd hjå jødane med gjestebod og høgtid. Og mellom dei andre folka i landet var det mange som gav seg i lag med dei; for det hadde kome over dei ei redsle for jødane. [gav seg i lag med dei: gjekk over til jødedomen.]

EST 9,1 – EST 9,6 {JØDANE TEK HEMN}  Så kom den trettande dagen i den tolvte månaden – det er adar månad – den dagen då ordet og bodet åt kongen skulle setjast i verk. Fiendane åt jødane hadde vona at dei skulle få makt over dei; men no hadde det snutt seg, så det var jødane som fekk makt over fiendane. 2 Jødane samla seg i byane sine i alle dei provinsane kong Xerxes rådde over, og ville leggja hand på alle som ville dei vondt. Det var ingen som kunne stå seg mot dei; for alle folka var gripne av redsle for jødane. 3 Alle styresmennene i provinsane, satrapane, statthaldarane og embetsmennene åt kongen hjelpte jødane, for dei var redde Mordekai. 4 For han hadde no mykje å seia i kongsgarden. Og i alle provinsane gjekk det gjetord om at Mordekai fekk meir og meir makt. 5   Med sverd i hand gjekk jødane til strid mot uvenene sine. Dei drap og tynte og gjorde som dei ville med fiendane sine. 6 I Susa-borga drap og tynte jødane fem hundre mann.

RMR 11,16 – RMR 11,27 Er det fyrste brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg. 17 Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er pota inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei. 18 Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så kom i hug at det ikkje er du som ber rota, men rota som ber deg! 19 No vil du kanskje seia: “Greinene vart avbrotne så eg kunne verta innpota.” 20 Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du vert ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud! 21 Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller. 22   Sjå då kor god Gud er og kor streng! – streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til godleiken hans. Elles vert du òg avhoggen. 23 Men dei andre òg skal verta innpota, i fall dei ikkje held fram i vantrua si. Gud har makt til å pota dei inn att. 24 Du vart avhoggen av eit vilt oliventre og mot naturen innpota på eit godt tre. Kor mykje meir skal ikkje dei naturlege greinene potast inn i sitt eige oliventre, dei som av naturen høyrer treet til? 25 Brør, eg vil seia dykk ein løyndom, så de ikkje skal ha for store tankar om dykkar eige skjøn: Forherding har kome over ein del av Israel til dess folkeslaga er komne inn i fullt tal. 26 På den måten skal heile Israel verta frelst, som det står skrive:  Frå Sion skal bergingsmannen koma,  han skal rydja gudløysa bort frå Jakob, 27   og dette er den pakt eg vil gjera med dei  når eg tek bort syndene deira.

Kommentar.

Samanlikning mellom Virtuella og Vasjti og mellom ”Miss Oslo 1990” og Ester.

Eg samanliknar dette med mitt tilfelle, Jesus tek seg av mi sak, han kalla fyrst henne Virtuella, men ho stod imot og vart ulydig, til samanlikning med Vasjti. Så kalla han henne ”Miss Oslo 1990” i staden og det høyrest ut til at ho kjem, fyrst og fremst til han, så til oss og til meg. Det handlar om korleis han frelser både meg og henne og dernest vil han sikkert frelse mange med oss, endåtil henne Virtuella.

Omskjering på kroppen eller hjerteomskjering i Anden. Forfølging av kristne og forfølging av jødar.

Gud ville gjere i ny pakt med jødane og det vart ei pakt med alle folkeslag, for ved trua på Jesus vert vi hjerteomskorne i den Heilage Ande, så vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam. Den nye pakta vert symbolisert både i dåpen og i nattverden. Dette får motstand og det utartar seg som vantru og fornekting, for så å erstatte trua på Kristus med noko anna, jfr. Antikrist.

Men farisearane og dei skriftlærde ville ikkje godta den og avviste den, slik sa dei nei, liksom Vasjti. For dei hadde omskjerings-pakta og kravde at heidningane skulle la seg omskjere og halde Moselova, for at dei skulle vere godtekne. Elles skulle dei verte utstøytte og dei som heldt seg til denne nye læra vart kalla vranglærarar og forførarar og ville utrydde dei. Det kan samanliknast med korleis Haman forfølgde jødane, det saka gjaldt, var at kongen hadde gitt beskjed om at folket skulle falle på kne og bøye seg til jorda for han, men jøden Mordekai gjorde det ikkje. Derfor villa Hama utrydde folket hans.

Til samanlikning vart dei kristne forfølgde fordi dei ikkje ville tilbe keisaren.

Likevel voks kyrkja og vart ei viktig sosial institusjon i samfunnet, så keisaren valde å legalisere kristendomen og gjorde den til statsreligion, for å grunnlegge makta si på den. Då er det viktig for oss å ære og takke Gud for at det var han som gjorde sitt verk med sitt Ord og sin Ande, så vi har det klart for oss kva som er det solide grunnlaget som det vert bygt på og kva som er årsak og kva som er verknad.

Slik kom den tradisjonelt lærde overklassa inn i kyrkja med antikk filosofi og etter kvart fortrengde det evangelisk kristendom. I vår tid ser vi korleis dei og spesielt sosialistane framleis prøver å fortrenge evangelisk kristendom og no prøver dei å gjere felles sak med islam, for dei har også fortrenga evangelisk kristendom og byrja med omskjering. Slik legg dei opp til og argumenterer for at kristne og andre nordmenn skal verte bannlyste og utstøytte og verte knapt nok som ei pariakaste i sitt eige heimland.

Nazistane hendretta jødar, men no vert det argumentert for å hendrette kristne også. Islamistar vil hendrett jødane og i vår tid hendretter dei kristne også, til samanliking med korleis nazistane hendretta jødar under krigen.

http://pensacoladiscussion.forumotion.com/t5697-burned-alive-while-unarmed-christians  19.7.2017.

Men problemets kjerne er at kvinna og mange kristne, kyrkja og for ein stor del ”frie” kristne organisasjonar, har lete seg dåre og forføre slik som ved syndefallet, så dei ikkje vil godta Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Og ho Virtuella er sentral i dette, til samanlikning med Vasjti.

2KO 11,1 – 2KO 11,4 {PAULUS OG DEI FALSKE APOSTLANE}  Gjev de ville tola eit grann dårskap av meg! Ja, de får tola det! 2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot.

”Miss Oslo 1990”, til samanlikning med Ester!?

Jesus har sagt til meg at eg skal knyte trua mi til Guds Ord og då tenker eg nettopp på 1.Mos.2, om at Gud skapte kvinna av mannens sidebein og på desse Pauli ord. Eg fekk oppleve ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og henne ”Miss Oslo 1990”, så han vekte både meg og henne opp til liv i samfunn med seg. Ved trua på Jesus har eg fått oppleve at Gud gjer sitt verk med meg og med henne. Eg skal knyte trua mi til Guds Ord, ja, han er då Guds Ord, så ved trua på Guds Ord forstår eg at han skaper meg og henne i samsvar med 1.Mos.2, slik gjev han meg henne til kone.

Bodskapen 7.5.2017:

Ikkje la deg dirigere av kva dine auge ser, ikkje la deg dirigere av kva dine sansar føler. Men den tru eg har gitt deg, knytt den til mitt Ord og la det verte det som avgjer for deg. For mitt Ord, det er ei lykte for foten og eit lys på din sti. Derfor, knytt trua di til mitt Ord. 

Det naturlege mennesket lever i sansane sitt område. Men det gjenfødde mennesket lever i trua sitt område. Og den rettferdige, han lever av tru, til tru. Derfor la deg ikkje påverke av det som er rundt deg. Men la deg påverke av mitt Ord, så skal mitt Ord danne deg. Mitt Ord skal framstille min skapnad i deg. Og mitt ord, det skal halde deg oppe, som ei kraft og som ei makt i ei tid som er vanskeleg. Halleluja.

Så har han sagt at han vil eg skal få oppleve hans kjærleik. Vi elskar fordi han elska oss fyrst, håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrend i vårt hjerte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Slik får vi får oppleve Guds kjærleik i våre hjerte og vi får oppleve at det er Gud som elskar gjennom oss. Slik har eg fått oppleve Guds kjærleik i mitt liv, at han elska henne ”Miss Oslo 1990” gjennom meg og eg trur han vil la meg få oppleve Guds kjærleik ved at ho også har fått oppleve at håpet om Guds herlegdom gjorde henne ikkje til skamme, for Guds kjærleik vart utrent i hennar hjerte ved den Heilage Ande som var henne gitt. Så eg har håp om at ho vi elske meg med den kjærleiken. Så eg elskar henne med kjærleiken frå Gud og ho svarar på den kjærleiken med å elske meg med kjærleiken frå Gud. Slik trur eg Gud vil la meg få oppleve hans kjærleik.

Bodskapen 7.6.2015, sitat:

Ja, eg vil at du skal vite, mitt barn, at du tilhøyrer meg. At eg har kjøpt deg fri med mitt blod, at du er dyrt kjøpt, du er betalt. Fordi eg elskar deg, fordi eg har utvalt deg før verda sin grunnvoll vart lagt, til å vere mitt barn, min son og mi datter. Og eg vil at du skal vere trygg, og eg vil at du skal ha denne vissa og denne gleda i ditt hjerte, om at du tilhøyrer meg, og at du er på veg til himmelen og til eit evig liv saman med meg, seier Herren. Så at du kan løfte opp hovudet ditt, at du kan sjå opp til meg. For frå meg kjem di forløysing, frå meg kjem di frelse og di hjelp, seier Herren. Så frykt ikkje, men set di lit til meg, eg som er din gjenløysar. 

Ja, eg lova då eg drog herifrå at eg ville komme og vere nær hos deg ved min Heilage Ande. Og eg bor i ditt hjerte, ved min Ande, seier Herren. Eg er nær hos deg kvar dag, du behøver berre rope på meg, så er eg der og eg vil svare deg og eg vil hjelpe deg, fordi du er mitt barn og eg er din far, seier Herren. Og eg ynskjer at du skal oppleve mi hjelp, eg ynskjer at du skal oppleve min nærleik. Så ver frimodig og strekk deg ut og ta imot av det som eg har gitt deg. For eg er nær hos deg og eg vil gi deg av mi kraft. Eg vil fylle deg med min nærleik, med mi velsigning, sånn at du ikkje skal vere i tvil, men vite det at eg er nær hos deg og eg hjelper deg og eg held deg oppe med mi rettferds høgre hand, seier Herren. Amen.

Eg tenkte nok som so at det har gått år og dag utan at eg har sett noko av henne, så det har ikkje noko meining i å tenke slik om henne lenger. Men då kom der ein ny bodskap som korrigerte meg på det:

Ja, min Ande (er utgytt over) alle menneske…. Min Ande skal fungere i hjertet ditt, dersom du held deg tett til meg, heile tida. Ha din relasjon til meg, ……. Ikkje la noko menneske forstyrre dine tankar, ditt sinn. Og ikkje la andre menneske påføre deg tankar som ikkje er frå meg. (Men at eg døde for deg på)? Golgata kors. Så la min Ande virke 100 % i deg. For min Ande vert sorgfull og skuffa når ilden i ditt hjerte vert slukka, når du påfører ditt eige sinn tankar som ikkje er ifrå meg, seier Herren. Amen. 

Bodskapen 17.4.2017:

Eg, Herren, seier: Gå ut frå ditt tronge rom, gå ut i det frie området. Stol ikkje på dine eigne evner, men stol på at min Ande skal leie deg framover. Og så når min Ande leier deg, så skal du få oppleve at alt kva du gjer, skal du ha lykke til. Du skal få så ved alle vatn og du skal få oppleve at i tida sitt laup, skal du finne det igjen.

Legg båten ut på djupt vatn, lat all fortøying gå. Ikkje sit og tenk på omkostnadane, men kast det på meg, Herren, så skal eg føre deg ut i dobbeltbekken, eg skal føre deg ut i velsigninga, eg skal føre deg ut i denne herlege floda og du skal få kjenne, at livet ditt skal bli som ein blomstrande hage, for vinteren er borte, sommaren er komen og songtida er inne.

Det er 28 år sidan eg oppdaga henne og det verkar som ein utopi. Men Jesus har sagt eg skal glede meg i Herren, så vil han gje meg det mitt hjarte attrår. Då veit vi at vi skal glede oss framfor alt over at våre namn er skrivne i livets bok i himmelen, at han frelser oss for æva og gjev oss evig liv. Frelsa får vi gratis, av berre nåde,  det er Guds verk, som står til evig tid, vi kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå.

Bodskap 2, 18.6.2017:

2.A: Ja, seier Herren, eg vil at du mitt barn, du skal søke inn til meg, inn i heilagdomen, så skal eg Herren, bruke deg til stor og rik velsigning. Men sjå, seier Herren, du held deg litt på avstand og du er ikkje innvia til meg og du søker ikkje meg slik som du gjorde i fordums dagar, då du var brennande i ånda og du vitna om meg på ein kvar stad og du brann for meg, seier Herren. Eg vil at du skal komme tilbake igjen til dette, seier Herren. For eg ynskjer å bruke deg og eg vil bruke deg til stor og rik velsigning, seier Herren. Sjå, eg har talt til deg mange gangar før, men du har vore gjenstridig, men sjå, seier Herren, eg elskar deg med ein evig kjærleik og eg vil at du skal gå sigrande ut av denne verda. Eg vil at du skal oppleve herlege ting med meg, seier Herren. For sjå, eg er rik nok, seier Herren, for alle som påkallar meg. Derfor påkall mitt namn og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren. 

2.B: Frelsa i meg, den er gratis, seier Herren. Du kan ikkje gjere noko, verken frå eller til, men av nåde, så vert du frelst. Og det er ei gave ifrå meg, det er noko du får fritt og for inkje, seier Herren. Derfor ta imot denne gava, frelsa, den er gratis, seier Herren. Men ta imot, audmjuk deg, seier Herren, og eg skal reise deg opp i Jesu namn. Amen.

Eg har no nyst skrive at eg opplevde det som at Guds kjærleik var i henne og rundt henne, så ho var som eit kjærleikens vesen (kommentaren til bodskapen 18.6.2017).

Jahve, eller …..?

Gud sa til Moses at han skulle seie til israelsfolket at Abraham, Isak og Jakobs Gud hadde sendt han, dei skulle kalle han Jahve, for er den han er. Så dei skulle seie art han er den han er, dei skulle ikkje seie an han er ein annan enn den han er.

Men når Jesus gjekk her på jorda og Faderen gjorde sine gjerningar gjennom han, sa dei ikkje farisearane og dei skriftlærde at han var den han var, men dei kalla han Beelzebul og støytte han frå seg. For det var Djevelen som var guden deira. For Guds-dyrkinga deira hadde likevel vorte infiltrert av trua på Zevs.

Til samanlikning har kyrkje og kristne organisasjonar og dei kristne i Noreg langt på veg sagt at Gud er ein annan enn den han er, ved at dei ikkje vil godta Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Og det er politisk motivert liksom keisardyrkinga vart motivert av dyrkinga av Zevs, det er å samanlikne med Babel-kongen.

JES 14,12 – JES 14,15   Kor du er fallen frå himmelen,  du strålande morgonstjerne, du son åt morgonroden!  Kor du er slengd til jorda,  du som la under deg folkeslag! [morgonstjerne: bilete på babylonarkongen.] 13   Det var du som tenkte med deg:  “Til himmelen vil eg stiga opp;  høgt over Guds stjerner  reiser eg min kongsstol.  Eg tek sete på tingfjellet lengst i nord. 14   Eg vil stiga opp over dei høge skyer  og gjera meg lik Den Høgste.” 15   Nei, til dødsriket er du nedstøytt,  lengst ned i den djupe hola.

Debatt på facebook. 

Kvinnesyn.

Kristian Gundersen

21. juli kl. 13:07 ·

Friske fraspark og ikke alt er vel like sakelig, men jeg har ikke sett at andre kvinner har turt skrive noe slikt.

Eivind Trædals kvinnesyn – nei og ikke takk

Eivind Trædal, bystyremedlem og forhåndskumulert 10. kandidat til stortingsvalget 2017 for Miljøpartiet de grønne i Oslo, valgte å identifisere en person som venner av ham har alvorlige konflikter…

kristinbruun.wordpress.com

Kristian Gundersen Det mest interessant i denne bloggen at hun mener det er kvinnediskriminerende å betrakte moderne kvinner som skjøre planter og alltid ofre. Ellers må jeg nesten forholde meg til den dokumenterte adferden, ikke “hva folk vet”. Alle er enige i at adferden er kritikkverdig, men er å sende slibrigheter til en av landets 283 000 studenter i en annen by, i et annet fag og i et medium som man lett kan bruke blokkering av enkeltpersoner så kritikkverdig at det må få arbeidsrettslige konsekvenser eller at rikspressen bruker navn? Mottageren av meldingene mener at det ikke er det, hun sa fra, men har bedt professoren om unnskyldning for at saken ble så blåst opp. Som sagt min heltinne. Om saken skal ha betydning for et ansettelsesforhold blir det fort jus av det.
Khrono som var først ute beskytte forøvrig navnet på en professor som var tatt for ulovlig besittelse av våpen og amfetamin.

23. juli kl. 20:16

Heidi Helene Sveen Kan du formulere med egne ord hva slags standpunkt i den bloggposten du synes er interessante, og hvorfor? Jeg har lest den, nemlig, og er høyst usikker på om jeg egentlig så noen fattbare resonnementer der.

24. juli kl. 17:18

Kristian Gundersen Nei gidder ikke, nå har du og andre drevet med personangrep og hobbypsykiatri i to døgn før du kommer til sak. Takk for duskusjonen

24. juli kl. 17:42

Torbjørn Sivertstøl Duskedamer er naturlegvis attraktive for menn og det er bra at damer prøver å gjere seg attraktive med å duskutere også, men somme duskuterer seg langt ut på viddene, så ei skulle tru dei hadde betaling berre for å duskutere. Då gjer vi som realistar rett i å hugse på kva som er den underliggande hendsikt og rett og slett minne om kva som naturleg vis er hendsikta med det som ligg under dusken. Så vi slepp å kaste vekk tid og krefter på tåkeprat.

25. juli kl. 13:10

Torbjørn Sivertstøl Min rasjonalitet er fortreffelig.

10. august kl. 11:34

Heidi Helene Sveen Hæ? Hvor har jeg personangrepet deg? Dette var en lite imponerende håndtering av en debatt du selv legger opp til. Gir en vis smak av bait and switch.

24. juli kl. 17:45

Kristin B. Bruun Det er stor forskjell på standpunkter og “fattbare resonnementer”,

Norsk val-kamp: kristendom og islamisering.

Innlegg på Frp’s venneside.

Knut Amundsen

16 t ·

Nettavisen

Ja Kjell Magne Bondevik det er akkurat det han gjør den godeste Hareide. Han sleiker ikke bare Imamene opp etter ryggen men nå har han begynt å sleike Jonas Gahr Støre opp etter ryggen og.
Han er på mange måter lik deg Kjell Magne, han sleiker hvem som helst opp etter ryggen så lenge det er snakk om makt og posisjon.
Om han er like dyktig til dette som deg Kjell magne vil jeg ikke si, du klarte tross alt å sleike deg til en statsminister jobb, vi husker jo alle det.

Bondevik: – Listhaug burde be om unnskyldning

Tidligere statsminister Kjell Magne Bondevik reagerer kraftig på Sylvi Listhaugs påstand at Knut Arild Hareide «sleiker imamer oppetter ryggen».

nettavisen.no

Torbjørn Sivertstøl Ho har trakka “heilage kyr” på klauvene, så dei krev ho skal be om tilgjeving for slik ei “helligbrøde”.

8 t

Torbjørn Sivertstøl Slik er det for det første ei avsporing frå den kristne saka og dernest å vike av frå ein sakleg politisk debatt.

7 t

BiBi Ellingsen Har du glemt suttekluten din ???

8 t

Gunn Toril Solli Ja det fikk han sutret seg til.

7 t

Halvard Mo Er ikke Bondevik snart utgådt på dato

7 t

Ingolf Roland Jo,for lenge siden,han har bare ikke forstått det selv.Slike “super-egoer”har problemer med å forstå slikt.

7 t

Tone Margrethe Ambjørnsen Torgersen Nok et bevis på noe som i kristendommer er tabu, – nemlig å fordekke sannheten. Ja, de sleiker imamer etter ryggen, eller går kanossagang for å tekkes disse selv om all historie viser til at dette er meget uklokt. Og en ting er sikkert, – hun snakket etter sending direkte til ham, og barnet furtet. Men, hun snakker når andre leker struts. For ei dame !

4 t

Svein Opsahl Typisk han å komme med en så dum kommentar. Den hjelper ikke Krf . Folk er lei sånne kommentarer og lei Krf. #Sylvi Listhaug er mer kristen enn den karen der som jeg hørte kjørte ei ungjente (Marit Arnstad) i Krf på kjukken

3 t

Svein Opsahl http://vgd.no/…/sam…/politikk-norsk/tema/637337/innlegg/

Er Kjell Magne Bondevik far til Marit…. – Politikk – Norsk – VG Nett Debatt

Inneholder eller linker til ærekrenkende, rasistisk,…

· 3 t

Arnt Levi Solås Gå litt i sømmene på eget parti du Kjell Magne,tror det er enkelte der som kansje skal be om unnskyldning til andre!!!

2 t

Referansetidspunkt: 17.8.2017. kl. 1:30.

Ap – Hadia oppfordra folk til å mobilisere mot dei høgre-ekstreme. Det er ein  verdikamp.

Sylvi Listhaug

1. august ·

Jeg er helt enig i at vi må stå opp i verdikampen mot de høyreekstreme og bekjempe dem og deres holdninger. Vi blir alle opprørt av å se dette gufset fra fortiden. Jeg er glad for at det høyreekstreme miljøet i Norge er lite, og sånn skal det fortsette! Mye av grunnen til at vi har et mindre høyreekstremt miljø enn Sverige er at vi har turt å diskutere utfordringer. Det skal vi fortsette med. Ha en fin dag!

Torbjørn Sivertstøl I den gamle pakt vart menneske omskorne på kroppen og det var kravet for å verte godteken. Gud ville gjere i ny pakt med jødane og det vart ei pakt med alle folkeslag, for ved trua på Jesus vert vi hjerteomskorne i den Heilage Ande. Ved trua på Kristus har vi fått barnekår hos Gud. Han elskar i Kristus og har omsorg for oss som sine born. Då ber vi til han og han gjev oss gode gåver. Dersom nokon ikkje vil tru på det og godta det og så prøver å erstatte det med noko anna, så avslører dei seg sjølve som vranglærarar. Vi vedkjenner Faderen og Sonen, når andre då fornektar, så avslører dei seg som antikristar.

Men farisearane og dei skriftlærde ville ikkje godta den og avviste den, for dei hadde omskjerings-pakta og kravde at heidningane skulle la seg omskjere og halde Moselova, for at dei skulle vere godtekne. Elles skulle dei verte utstøytte og dei som heldt seg til denne nye læra vart kalla vranglærarar og forførarar og ville utrydde dei. Når dei kristne forkynte evangeliet for heidningane, vart dei forfølgde fordi dei ikkje ville tilbe keisaren. Og farisearane og dei skriftlærde var faktisk samde i det.

Men Gud forsona verda med seg i Kristus, så ved trua på han er Israels Gud vår Gud. Slik gjorde han slutt på fiendskapen mellom jødar og heidningar. Mykje tyder på at dette er i ferd med å gå opp for jødane og for mange heidningar som vil ha vennskap med dei.

Vi vår tid får vi tydelegvis motstand frå politikarar på grunn av at dei fornektar Kristus og med sitt politiske engasjement prøver seg med ei fornying av keisardyrkinga. Så krev muslimane omskjering for å verte godkjende. Til saman høyrest det ut til å argumentere for og konkludere med at vi ikkje lenger skal verte godetekne som frie og sjølvstendig tenkande nordmenn i vårt eige heimland. Er det kanskje ikke det som er poenget med motstanden mot evangelisk kristendom? Er det kanskje ikkje det som er den fundamentale motsetnaden?

Nazistane hendretta jødar, men no vert det argumentert for å hendrette kristne også, islamistar vil hendrett jødane og i vår tid hendretter dei kristne også, til samanliking med korleis nazistane hendretta jødar under krigen.

http://pensacoladiscussion.forumotion.com/t5697-burned… 19.7.2017.

pastedGraphic.png

Burned alive while unarmed….…

PENSACOLADISCUSSION.FORUMOTION.COM

Arnold Ulkestad Dette burde bli til ettertanke for alle som vil søke visdom.

Torbjørn Sivertstøl I denne artikkelen får postmodernismen seg ei breiside. Det vert til dømes påstått at “Antifa” prøver å bekjempe fasistiske grupper med metoder som liknar påfallande fasistiske metoder: http://quillette.com/…/postmodernism-inherently…/

Torbjørn Sivertstøl Så ved å definere andre grupper som fasistiske, til dømes Sylvi og co, verkar det som unnskylding og argument for å bruke slike metoder.

Torbjørn Sivertstøl I dette foredraget seier Hanne Herland at nazisme betyr nasjonal sosialisme: http://www.hannenabintuherland.com/…/europa-i-fritt…/. Så dei var ikkje høgre-ekstreme, men venstreekstreme.

 

2017.08.20. Dette er i sanning ei ny tid. 

Innleiing ved Turid Miland.

LUK 10,38 – LUK 10,42 {JESUS HJÅ MARTA OG MARIA}  Medan dei var på ferdavegen, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta tok imot han i heimen sin. 39 Ho hadde ei syster som heitte Maria, og ho sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. 40 Men Marta hadde det så annsamt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: “Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera åleine om alt arbeidet? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.” 41 Då svara Herren: “Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. 42 Men eitt er naudsynt. Maria har valt den gode luten, og den skal ikkje takast ifrå henne.”

   Tungetale ved Karl, tyding ved Håkon Martinsen.

1 A. Ja, det er sanneleg ei ny tid. Du skal få oppleve og erfare, at eg Herren, eg som opna heile himmelen, eg har aldeles ikkje lukka den igjen. Og eg har sendt dykk meir enn dråpar, ja, straumar, straumar, det har eg sendt. Og du skal få stå der og du kan få kjenne at eg, Herren, eg er med deg alle dagar, når du er på høgda, så er eg der, når du er i dalen, så er eg der. Når murane står framfor deg, så skal eg, Herren, fylle deg med min Ande, så du skal flyge over murane. Ja, Herren – eg, Herren, eg byrja, eg skal og fullføra det. Derfor fryd deg og pris mitt namn, så skal eg, Herren, fullføre det eg har starta i ditt liv.

1 B. For begrens ikkje min Ande og set ikkje noko begrensingar for det som er – eg har planta inni ditt liv, slepp deg laus, slepp deg laus i den Heilage Ande, så skal du få kjenne at eg fyller, eg fyller ditt beger, ikkje med randen, men det skal flyte over. Og velsigninga sine straumar skal skyte (skylle?) over deg og du skal få kjenne nådestraumane, dei tek hand om ditt liv. Når vanskelege dagar kjem, så skal du kjenne og erfare at eg, Herren, eg har velsigna deg med all åndeleg velsigning og det er, Herren, det er eg som har gjort det alt.

Tale ved Håkon Martinsen.

JOH 14,6 Jesus seier: “Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.

JES 7,14 Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel. [møy: Oms. fylgjer Septuaginta, den førkristne greske oms. av GT. Sml. òg Matt 1, 23. Den hebr. teksten har eit ord som elles vert omsett med “ung kvinne” el. likn. Sjå m. a. 1 Mos 24, 43; Sal 68, 26; Ordt 30, 19.] [Immanuel: “Gud med oss”. Sml. 8, 10; 9, 6; Mi 5, 2.]

Så las han nokre vers frå Rom.8.

RMR 8,28 – RMR 8,32   Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort. 31   Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?

Tungetale ved Mari, tyding ved Håkon.

2 A. For der er ingen ting, som kjem imot deg, som eg Herren, ikkje veit om. Eg veit om det, alle ting. Og eg har sett dine tårer, eg har høyrt di røyst, eg har høyrt og dine sukk som du ikkje har lete over dine lepper. Eg har sett kva du treng og no er eg, Herren, her i kveld og eg er her for å trøyste deg. Eg er her for å hjelpe deg. Eg er her for å løfte deg opp på ein klippe som du aldri før har sett dine føter på, det har sett så umogeleg ut, den har sett så høg ut. Men eg, Herren, eg skal ta deg og løfte deg opp på denne klippe, som elles har vore for høg for deg. Du har følt på di tilkortkommenheit, men du skal ikkje sjå på det. Du skal sjå på kva eg, Herren, har gjort for deg. Og du skal få lov til å ha ditt blikk festa på meg. Og eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, eg skal gjere eit guddommeleg verk i deg. Og eg skal fylle deg med min gode Heilage Ande og istandsetje deg til all god gjerning.

2 B. For ingen ting som kjem imot deg, eg Herren seier: ingen ting, er noko som eg ikkje kan gjere med. For eg, Herren, eg er din Gud. Eg har frelst deg og du er min. Derfor sett din lit til meg. Søk du meg og kom inn til mitt åsyn. Så skal eg, Herren, eg skal løfte deg, eg skal bere deg, eg skal gjere nye ting i ditt liv. Og det skal du kjenne og du skal sjå, at no, allereie no skal det spire fram, for eg er komen med mitt Ord og med min Ande. Halleluja.

Aktuelle bibelvers.

Gud gjer noko nytt.

JES 43,16 – JES 43,28 {SJÅ, EG SKAPER NOKO NYTT}  Så seier Herren,  han som gjorde veg gjennom sjøen,  ein stig i det veldige vatnet, 17   som førte hestar og vogner,  hær og hovdingar uti.  Der vart dei liggjande og reiste seg ikkje,  dei slokna som ein veik.  18   Tenk ikkje på det som hende før,  gjev ikkje akt på det som eingong var! 19   Sjå, eg skaper noko nytt.  No gror det fram.  Merkar de det ikkje?  Ja, eg legg veg i øydemarka  og stigar i den aude hei. 20   Dyra på marka skal æra meg,  både sjakalar og strutsar.  For eg gjev vatn i øydemarka,  lèt elvar renna i den aude hei,  så mitt utvalde folk kan få drikka. 21   Det folket eg har skapt meg,  skal forkynna min pris.  22   Men på meg har du ikkje kalla, Jakob,  du har ikkje gjort deg bry for meg, Israel. 23   Du har ikkje bore fram for meg brennofferlam  og ikkje æra meg med slaktoffer.  Eg har ikkje plaga deg med offergåver  og ikkje trøytta deg med røykjelse. 24   Du har ikkje kjøpt meg krydder for sølv  og ikkje metta meg med offerfeitt.  Du har berre plaga meg med dine synder  og trøytta meg med dine misgjerningar. 25   Eg, ja eg er den som slettar ut  dine misgjerningar for mi skuld,  og dine synder kjem eg ikkje i hug.  26   Stemn meg!  Lat oss saman gå for retten!  Legg fram di sak, så du kan få rett! 27   Den fyrste far din synda,  og dine talsmenn sette seg opp mot meg. [Den fyrste far din: ættefaren Jakob.] 28   Så laut eg vanæra heilage hovdingar,  lysa Jakob i bann  og gje Israel til spott.

JES 44,1 – JES 44,5 {HERREN VELSIGNAR ISRAEL}  Men høyr no, Jakob, min tenar,  du Israel, som eg har valt ut! 2   Så seier Herren,  han som har skapt deg og laga deg  og hjelpt deg alt frå mors liv:   Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,  Jesjurun, som eg har valt ut! [Jesjurun: -> 5 Mos 32, 15.] 3   For eg vil renna vatn over det tyrste  og straumar over det turre.  Min Ande vil eg renna ut over di ætt  og mi velsigning over dine etterkomarar. 4   Dei skal veksa opp som sev i vatn,  som poplar attmed bekkefar.  5   Ein skal seia: “Eg høyrer Herren til”,  ein annan skal kalla seg med Jakobs namn.  Ein skal skriva i si hand: “For Herren”,  og Israel skal han få til ærenamn.

JES 48,1 – JES 48,11 {NO FORKYNNER EG NOKO NYTT}  Høyr dette, du Jakobs ætt,  de som ber Israels-namnet  og har runne or Judas kjelde,  de som sver ved Herrens namn  og prisar Israels Gud,  men ikkje i sanning og rettferd! 2   Dei kallar seg etter den heilage byen  og stør seg til Israels Gud.  Herren, Allhærs Gud, er hans namn. 3   Det som har hendt, har eg kunngjort føreåt,  or min munn gjekk det ut, eg forkynte det;  brått greip eg inn, og det skjedde. 4   Eg visste at du er strid,  at nakken din er ei jernsen  og panna di som bronse. 5   Så kunngjorde eg det føreåt,  lét deg vita det før det hende,  så du ikkje skulle seia:  “Dette har mitt gudebilete gjort,  min gud av tre og metall har laga det så.” 6   Du har høyrt og sett det alt.  Må de ikkje sanna det?  Men no forkynner eg noko nytt,  dulde ting som du ikkje veit om. 7   No vert det skapt og ikkje før,  du har ikkje høyrt om det før i dag,  så du ikkje skulle seia:  “Det visste eg!” 8   Du har korkje høyrt eller visst det,  eller før fått øyra opp for det.   Eg visste då vel kor trulaus du er,  frå mors liv har du heitt ein svikar. 9   For mitt namn skuld døyver eg min harme,  for mi ære skuld tøymer eg meg  og rydjar deg ikkje ut. 10   Eg har reinsa deg, men ikkje som sølv,  eg har prøvt deg i lidingsomnen. 11   For mi eiga skuld grip eg no inn.  Kor ville eg elles verta vanæra!  Mi ære gjev eg ingen annan.

JER 31,21 – JER 31,25 {KOM HEIM ATT!}  Reis vardar som viser veg,  set opp merkesteinar for deg!  Legg nøye merke til den vegen du gjekk!  Kom heim att, Israel, du unge møy,  kom heim att til byane dine! 22   Kor lenge vil du snu deg hit og dit,  du fråfalne dotter?  No vil Herren skapa noko nytt i landet;  då kan ei kvinne verja ein mann.  23   Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Endå ein gong skal dei seia i Juda og i byane der, når eg vender lagnaden deira: “Herren signe deg, du rettferds bustad, du heilage fjell.” 24 Folket i Juda og i alle byane skal bu saman der, både bønder og gjætarar som flakkar ikring. 25 Eg lèt den som er utmødd, drikka seg utyrst og mettar alle som lid naud.

2KO 5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.

Straumar.

JES 44,3   For eg vil renna vatn over det tyrste  og straumar over det turre.  Min Ande vil eg renna ut over di ætt  og mi velsigning over dine etterkomarar.

Springe over murar. I dalen og på høgda.

5MO 2,36 Frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, og frå byen nede i dalen heilt til Gilead fanst det ikkje ein einaste by med murar som var for høge for oss. Herren vår Gud gav dei alle i vårt vald.

2SA 22,30   Med deg kan eg storma mot ein krigarflokk,  med Guds hjelp kan eg springa over murar.

SLM 18,20   Han førte meg ut i ope lende  og fria meg ut, for han har meg kjær.

SLM 18,28 – SLM 18,34   For du frelser dei hjelpelause,  men audmykjer dei som har stolte augo.  29   Ja, du lèt mi lampe skina, Herre,  min Gud lyser opp i mitt mørker. 30   Med deg kan eg storma mot ein krigarflokk,  med Guds hjelp kan eg springa over murar. 31   Guds veg er fullkomen,  Herrens ord er reint.  Han er eit skjold for alle  som flyr til han.  32   For kven er Gud forutan Herren,  og kven er eit berg om ikkje vår Gud? 33   Gud rustar meg ut med styrke  og gjer mi ferd ulastande. 34   Han gjev meg føter som ei hind  og lèt meg stå på høgdene.

Mitt beger flyt over.

SLM 16,5   Herre, du er min del og mitt staup,  det er du som fastset min lut. [mitt staup: bilete på den godleiken Herren syner.] [lut, del, arv (v. 6): Orda vert elles nytta når det er tale om å dela opp landet (4 Mos 18, 20); her i overført, åndeleg meining.]

SLM 23,5   Du dukar bord åt meg  framfor augo på mine fiendar.  Du salvar mitt hovud med olje;  mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.]

All Andens velsigning.

EFE 1,3 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!}  Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,  han som i Kristus har velsigna oss  med all Andens velsigning i himmelen.

Herren veit kva som kjem imot meg og kan gjere noko med det.

JES 54,17   Ikkje eitt våpen dei smider imot deg,  skal visa seg gagnleg.  Kvart klagemål dei reiser mot deg,  skal du få kjent grunnlaust.  Det er den lut som Herrens tenarar får,  den rett eg gjev dei, seier Herren.

Kommentar.

Innleiiinga, Guds ord og dei nære ting. Eit tilbakevendande problem.

Når vi høyrer denne forteljinga, har vi nok lett for å tenke som so at enten er du som Maria som sit og høyrer på Jesus eller så er du som Marta som vel å styre med dei nære ting i staden, Maria sit og høyrer på han heile tida, typisk for dei som går på bibelskule, medan Marta held fram med å styre med dei nære ting, stelle huset heile tida. Men både både Marta og Maria stelte huset og var soleis opptekne av dei nære ting og begge trudde på Jesus, høyrde på han og tok imot hans ord. Men no kom dei tydelegvis i eit dilemma, dei hadde framleis praktise oppgåver å gjere med å stelle i stand til selskapet, medan han sat der og underviste. Kva skulle dei då velge? Då valde dei ulikt. Og Jesus sa at Maria hadde valt den gode luten og den skal ikkje takast frå henne. Slik er det nok mange som trur på han, men nokre vel å leve nærare han enn andre. Og Jesus kalla og valde ut nokre til å leve nærare han enn andre, hans næraste disiplar kalla han til å følgje han stort sett overalt.

Sjølv om vi trur på han og har valt å høyre på han og ta imot han og det ordet han talar til oss, så må vi rekne med at dette er ei tilbakevendande problemstilling. Vi opplever at vi må ta oss av dei nære ting i kvardagen. Men han er kalla Immanuel, Gud med oss, og vi trur på han og trur han er med oss sjølv om vi ikkje alltid ser det. Det er om å gjere for oss å ta tid til å søke han i bibellesing og bønn i løynkammeret og i kyrkjelyden og innvie oss for han, så vi får sjå og oppleve at han er med oss i kvardagen.

Søke fyrst Guds rike, så skal vi få alt det andre i tillegg. At menneska vil gjere seg sjølv liksom Gud, avgudsdyrkinga og at menneska vert selde tilbake til trældomen er nok eit tilbakevendande problem.

Mor døde i vinter og i sommar har vi borna byrja å rydje huset og har kasta ei heil mengde med gamle ting, for å gjere klart til delinga. Og eg har ein seglbåt ståande på kaia i Ulsteinvik. Eg har fått skifta motor og bygt opp nytt lensesystem og fått service på det elektriske anlegget og der er framleis mykje å gjere med den. Kva blir det til vidare? Skal eg selje den eller skal eg velje å bruke den til hybel. Eg føler mest for det siste.

Jesus sa eg skulle ikkje tenke på omkostnadane, for han ville ta omsorg for meg. Men eg har ikkje fått noko inntekt av det. Eg har leigt leilighet i Oslo til dyre domar, det har vore berre utlegg og skal det halde fram slik, vert eg fattig, raka fant. Så eg har tenkt å ta konsekvensane av det og seie opp leiligheta i Oslo og flytte sakene mine heim, skal eg fortsetje å bu i Oslo på eigen kostnad, så blir det i så fall i min eigen seglbåt. Er det så at han vil gje meg ei kone og ta omsorg for meg, så kan han vel gje meg ei leilighet som vi kan bu i også. Eg hadde ei leilighet og selde den for å følge hans kall og han har då sagt at den som forsakar noko for å følge han, skal få det att.

I fjord var eg å såg på båtplassar i Vollen Marina i Asker, det er ei boblehamn, om vinteren let dei bobler stige opp frå botnen, så der ikkje skal legge seg is, så eg kunne ha båten liggande der om vinteren også. Men eg fekk ikkje båten min klar. Vel, eg kunne berre ringe når eg nærma meg med den, så hadde dei plass til meg. Først for to veker sidan vart den nesten klar til sjøsetting, eg må berre pusse, male og bunnsmørje der støttene har dekt skroget. Men i sommar fekk eg krav om betaling for båtplass i Vollen Marina i sommar. Dei truga med å gå til inkasso og i dag (25.8.2017) fekk eg ein e@post med kopi av eit brev som dei trugar med å sende til namnsfogden, dersom kravet ikkje er betalt på måndag. Eg oppfattar det slik at dei berre vil ha pengar av meg og som ein demonstrasjon av eg ikkje bør komme der med nokon båt, for det er ikkje slik ein gjer det om ein vil få seg eit godt kundeforhold. Men der er andre marinaer nærare Oslo, som kan vere aktuelle.

Skal eg vere filosofisk, kan eg tenke på at nokon prøver å få makt over tinga mine, i dette tilfelle båten, for å få makt over livet mitt, slik vil dei prøve å verte gudar for meg, jfr. marxismen. Slik prøvar dei å få makt over kvinna også, for soleis å få makt  over mannen og styre livet hans. Det vi byrja å prate om, pratar dei vidare om og gjer avtale, utan at mannen har noko meir han skulle ha sagt. Korleis då? Ved å gjere politikk og religion ut av det og så framstiller dei det endåtil som vitskap.

Tillegg skrive 9 dagar seinare:

Det kan hende eg har registrert meg på heimesida deira som søkar på ein båtplass og så gløymt det. Så eg for til Vollen Marina for å prate med dei, men eg får ikkje snakke med dagleg leiar likevel, for han har vorte skada i ei fallskjermulykke og ligg på sjukehus. Så eg tok berre å betalte rekning på båtplass og så tek eg sikte på å komme hit med seglbåten seinare i haust og så bu i båten.

IMG_0798.JPG

MTT 6,25 – MTT 6,34 {SYT IKKJE!}  Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 27 Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si? 28 Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje, 29 men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 30 Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande! 31 Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med? 32 For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. 33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.

Han sa vi skulle sjå på fuglane og liljene, det er då dyrelivet og plantelivet, det er naturen, det er det naturlege livet som naturleg får næring. Skulle kanskje ikkje det fungere for menneska også? Problemet er nok at dei søker kunstige avgudar i staden og det resulterer i at naturen ikkje lenger fungerer slik som den skulle.

MTT 19,16 – MTT 19,30 {JESUS OG DEN RIKE UNGE MANNEN}  Då kom det ein mann til han og spurde: “Meister, kva godt skal eg gjera så eg kan få evig liv?” 17 Jesus svara: “Kvifor spør du meg om det som er godt? Det er berre éin som er god. Men vil du gå inn til livet, så hald boda!” 18 “Kva for bod?” spurde mannen. Jesus svara: “Du skal ikkje slå i hel. Du skal ikkje bryta ekteskapet. Du skal ikkje stela. Du skal ikkje vitna rangt. 19 Du skal æra far din og mor di. Du skal elska nesten din som deg sjølv.” 20 “Alt dette har eg halde,” svara den unge mannen. “Kva står då att?” 21 Jesus sa til han: “Vil du vera heilhjarta, så gå bort og sel det du eig, og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg!” 22 Men då den unge mannen høyrde det, gjekk han sturen bort, for han var svært rik. 23   Då sa Jesus til læresveinane: “Sanneleg, det seier eg dykk: Det er vanskeleg for ein rik å koma inn i himmelriket. 24 Ja, eg seier dykk: Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike.” 25 Då læresveinane høyrde det, vart dei reint forstøkte og sa: “Kven kan då verta frelst?” 26 Jesus såg på dei og sa: “For menneske er det umogeleg; men for Gud er alt mogeleg.” 27   Då tok Peter til ords og sa: “Kva så med oss, som har gått ifrå alt og fylgt deg? Kva skal vi få?” 28 Jesus sa til dei: “Sanneleg, det seier eg dykk: Når verda skal fødast på nytt, og Menneskesonen sit på kongsstolen sin i herlegdom, då skal de òg, som har fylgt meg, sitja på tolv troner og døma dei tolv Israels-ættene. 29 Og alle som har skilt seg med hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld, skal få det att mange gonger og få evig liv. 30 Men mange som er dei fyrste, skal verta dei siste, og dei siste skal verta dei fyrste.

Eg har søkt Kristus i løynkammeret og i kyrkjelyden opp eg har gått ut og vitna om han for folk et tilfeldig møtte. Men eg har ikkje fått ei kone slik som eg bad om, så eg kunne snakke med henne og ho vere ei hjelp for meg slik som er vanleg og som Gud sjølv har skapt menneska. Eg har følgt Kristus med å studere og med mitt skriveri. Men eg har ikkje fått meg jobb og inntekt med den kompetansen eg har oppnått, slik som er vanleg. Men eg har gang på gang måtta ta ansvaret for meg sjølv og min eigen økonomi, med å reise på fiske og tene pengar. Og i november får eg pensjon, så då kan eg vel på sett og vis klare meg likevel. Har eg ikkje fått den omsorga eg har bedt om før, kvifor skulle eg vel få den no? Er det nokon som omsider har behov for å redde si eiga ære, som om det var hovudsaka? Er andre sta med meg, så kan eg også vel vere sta. Kva var det kanskje denne kvinnefrigjeringa eigentleg gjekk ut på?

Så kan ”dei”, kven dei no er, påstå at det er mi eiga skuld sidan eg ikkje har innvia meg for han slik som eg skulle. Ja vel, men kva er det som er religionen og politikken dykkar? Eg har bedt Gud gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, ho er inkludert i det fullførde frelsesverket. Men de krev tvert om førsteretten på henne, å få bruke henne seksuelt – så ho skal hore og gnelle og lyge for fan og skulde på meg og andre som ikkje har noko med det å gjere – og det gjer de religion, politikk og økonomi ut av, så ”skulda”  vert til økonomisk utlegg og kostnad for meg og for oss som de skuldar på, så vi vert fattige. Stikk i strid med den omsorga som Faderen har for oss som sine born.

Om så det er min feil at eg ikkje har innvia meg slik som eg skulle og kan prøve å gjere det meir og betre, så ser eg likevel dei økonomiske realitetane i dette, eg vert berre fattigare. Skulle eg kanskje vente meg at ein eller annan ”julenisse” i framtida ville gjere meg rik eller la meg få igjen litt for det, om eg berre innvia meg til Herren endå meir? I så fall ville der nok vere dei som påstod at eg var korrupt. Eg har tenkt meg at eg kanskje kunne tene pengar på eit forfattarskap, men då måtte tross alt lovnaden om ei kone gå i oppfylling, så det vart skikkeleg hold i det, så formuleringane og konklusjonen vart god.

Eg har meldt meg til eit nytt semester, men ikkje meldt meg til nye kurs. Planen er å ta oppatt dei to eksamenane eg hadde sist haust. Blir det eit nytt kurs? Eg føler ikkje for det.

Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Men mange prestar og kristne og politiske leiarar har ikkje villa kjennast ved han og godteke det, så dei gjer det i staden til eit spørsmål om kva vi kan gjere og prestere. Men vi veit då at vi er ikkje som Gud og kan ikkje gjere hans verk, men slik prøvar dei å selje både oss og andre tilbake til trældomen, slik vert både dei og bedriftseigarane slavedrivarar. Så politikken deira vert ei fornying og vidareføring av slavesamfunnet.

Men Jesus gjev meg noko gratis av berre nåde, då er det om å gjere for meg å ikkje vere verken sta eller gjenstridig, men audmuke meg for han og ta imot det som han gjev meg gratis av berre nåde (Bodskap 2, 18.6.2017). Og hovudsaka i dagens bodskapen er at dette er ei ny tid, ved at Gud gjer noko nytt ved sitt Ord og sin Ande. Då er det berre om å gjere for meg å stille meg til disposisjon og la han gjere det.

 

Eg skal søke inn til Herren og innvie meg for han.

Jesus sa til oss at han er komen nær, så vi treng ikkje fly omkring og han kalla meg nær til seg. Eg forstod det hadde å gjere med at eg har bedt han om ei frelst kvinne til kone, det er inkludert i det fullførde frelsesverket, så eg treng ikkje flyge om kring for å finne meg ei kone. Men ”dei såkalla kristne” og den jenta det opphavleg gjaldt har avvist meg som ein som dei ikkje skal ha noko med å gjere og den haldninga har ”dei såkalla ikkje-kristne” også hatt, at om eg er interessert i ei kvinne med tanke på å få meg ein kjæraste og ei kone, så skal eg ikkje få møte henne fysisk og snakke med henne om det.

Ja vel, så har eg tenkt og vedkjent i mitt stille sinn, at då får det vere hennar problem og deira problem. Og så får det vere Guds problem. Skal dei fortsette å ha den haldinga til meg, vert det sjølvsagt ikkje av noko ekteskap. Herren har sagt til meg at eg kan ikkje stole på menneske, men eg kan rekne med hans kraft. Ja vel, så er det ”dei såkalla kristne” sitt truverde som står på spel og det får vere deira problem. Og sidan vert det ”dei såkalla ikkje-kristne” sitt problem også. Eg skal stole på Gud og rekne med hans kraft. Ja vel, men eg bad han ikkje om ei avdanka hore, men eg bad han om ei frelst kvinne til kone. Det har ”dei såkalla kristne” ikkje villa godteke, dei har tvert om kravt å få bruke henne seksuelt, for så å bruke henne politisk. Slik er dei svikarar. Så får det vere deira problem.

Er det så at Gud vil gje meg ei kone, så får dette vere hans problem. Men eg vil forslå at han gjer forandring på dette. Då vert alt så mykje enklare. Kvifor gjere det vanskeleg, når det kan gjerast så mykje lettare?

Men så sa Jesus til meg at eg har halde meg litt på avstand og ikkje innvia meg for han og vore brennande, slik som når eg var ung, eg har endåtil vore gjenstidig. Andre bodskapen 18.6.2017:

2.A: Ja, seier Herren, eg vil at du mitt barn, du skal søke inn til meg, inn i heilagdomen, så skal eg Herren, bruke deg til stor og rik velsigning. Men sjå, seier Herren, du held deg litt på avstand og du er ikkje innvia til meg og du søker ikkje meg slik som du gjorde i fordums dagar, då du var brennande i ånda og du vitna om meg på ein kvar stad og du brann for meg, seier Herren. Eg vil at du skal komme tilbake igjen til dette, seier Herren. For eg ynskjer å bruke deg og eg vil bruke deg til stor og rik velsigning, seier Herren. Sjå, eg har talt til deg mange gangar før, men du har vore gjenstridig, men sjå, seier Herren, eg elskar deg med ein evig kjærleik og eg vil at du skal gå sigrande ut av denne verda. Eg vil at du skal oppleve herlege ting med meg, seier Herren. For sjå, eg er rik nok, seier Herren, for alle som påkallar meg. Derfor påkall mitt namn og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren. 

2.B: Frelsa i meg, den er gratis, seier Herren. Du kan ikkje gjere noko, verken frå eller til, men av nåde, så vert du frelst. Og det er ei gave ifrå meg, det er noko du får fritt og for inkje, seier Herren. Derfor ta imot denne gava, frelsa, den er gratis, seier Herren. Men ta imot, audmjuk deg, seier Herren, og eg skal reise deg opp i Jesu namn. Amen.

Det syntest eg var litt trist, det gjore meg litt sorgfull. Eg kjem i hug at endåtil før eg så ope vedkjende mi tru vedkjende i mitt stille sinn at eg syntest det var rart at mykje av den meir eller mindre kristelege moralen gjekk ut på å dikutere kor verdslege dei kristne kunne vere, for å setje grenser mellom ”såkalla kristne” og ”såkalla ikkje-kristne”. Som om dei kristne skulle ha ei sjølvsagd interesse av verte mest mogleg verdslege, ved å fjerne seg frå Kristus, men der måtte setjast visse grenser. Då vedkjende eg at mi interesse er tvert om å halde meg nær til Kristus og det må då vel vere det som er interessa for ein kvar kristen.

Ja, det blir då tydeleg ved at Jesu kyrkje er hans brud, ho elskar han som sin brudgom, derfor vil ho vere saman med han og halde seg nær til han. Då blir denne moralfilosofiske diskusjonen temmeleg uinteressant, på sett og vis irrelevant, for Jesus sende disiplane sine ut i heile verda med evangeliet og sa at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar inntil verda sin ende. Vi skal vere lys og salt i verda ved at vi trur på Jesus oeg held oss nær til han og då må vi gå ut i verda, liksom salte må trenge inn i kjøtstykket for å konservere det. Om menneske på ein plass ikkje tok imot dei og bodskapen deira, men støytte dei frå seg, så skulle dei berre fare vidare. Slik  kunne der oppstå skille mellom kristne og verdslege. Men verda trengde dei og bodskapen deira, så der var alltids menneske ein eller annan plass som tok imot dei og bodskapen deira.

Og no, når Jesus kallar meg nær til seg og til å innvie meg for han, så vedkjenner eg i mitt stille sinn at eg er glad for det og takkar han for det. For ved trua på han fekk eg oppleve at han gav meg ånd og liv, han er Guds Son og har gjort Gud kjend for meg. Gud er kjærleik og eg har fått oppleve at han elskar meg i Kristus, han elskar oss i Kristus og har omsorg for oss  som sine born. Det er herleg og det vil eg berre oppleve meir av.

RMR 5,1 – RMR 5,5 {FRED MED GUD OG FRELSE FRÅ DOMEN}  Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

Sjølv om ein verdsleg herre eller herskar har eit så godt leiarskap og opplegg at det er verdifullt både for han og oss og andre med, at vi lyder han og let han leie oss og arbeider for han, så opplever vi det likevel som fridom å verte ferdig med den jobben. Men Kristus er av herlegdoms Ande Guds veldige Son og Faderen har salava han og innsett han som vår frelsarkonge. Så vi audmjukar oss for han og ber om nåde og påkallar han som vår frelsar og Herre, for soleis å gje han makt i våre liv og vi opplever det herleg. Og vi gjer rett i å gje uttrykk for det i lovprising.

Så dette er ikkje eit spørsmål om kunnskap om denne verda, men det er eit spørsmål om å tru og lyde og tilbe, for soleis å oppleve at Gud gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande. Og det er herleg.


Kristendomen si metode og vitskapen si metode. Kva med demokratiet? Kva med mi sak?

I sommar skreiv eg ein artikkel som eg kalla ”Kristendomen si metode og vitskapen si metode. Kva med demokratiet?” Her viste eg til at den generelle læreplanen lista opp ulike interesser og funksjonar som menneske kan ha:

DET MEININGSSØKJANDE MENNESKET

DET SKAPANDE MENNESKET

DET ARBEIDANDE MENNESKET

DET ALLMENNDANNA MENNESKET

DET SAMARBEIDANDE MENNESKET

DET MILJØMEDVITNE MENNESKET

DET INTEGRERTE MENNESKET

Så viste eg til klimasaka og ein artikkel om postmodernismen og ein debatt om den som viste ei motsetjing mellom postmodernismen og positivismen og påstod at med klimasaka og desse metodane (-ismene) vert det allmenndanna mennesket og det miljømedvetne mennesket så dominerande at det fortrenger dei andre typene, interessene og funksjonane. Ja, eg vil endåtil påstå at det miljømedvitne og det allmenndanna mennesket vert redusert og trongsynt, mykje av deira funksjonar vert amputert. Og den dominerande årsaka til det er at dei har avvist evangeliet og forkasta Guds Son.

Eg har vore realist samtidig som eg har trutt på Jesus sidan eg var ein liten gutunge. Til tider har eg kjent det som ei dobbeltrollet eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får eg det til å stemme. Når menneska (verda) då ikkje vil la seg forsone med Gud slik, viser det seg at dei erstattar han med avgudar og det stemmer ikkje verken med Biblens lære eller med naturvitskapen/realfag.

Vi har søkt samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og fått oppleve at han gjer sitt verk i oss og mellom oss, ved sitt Ord og sin Ande. Vi er Guds medarbeidarar, som vatnar og plantar og får oppleve at Gud gjev vekst. Vi bygger på evangeliets grunnvollen og får oppelve at Gud bygger sitt tempel, han skaper noko som står til evig tid.

Når dei fornektar trua på han ved å vise til vitskapleg kunnskap, som motsetnad til å tru, viser det seg at ei amputerer verdifulle eigenskapar hos menneske, som deira interesse av å søke meining og deira interesse av å skape noko verdifullt. Der er sjølvsagt ein motsetnad mellom kunnskapen om verda slik som den er og slik som vi sansar den, kunnskapen om det beståande og interessa av å søke meining og å skape noko nytt. Og når slik kunnskap vert brukt mot å søke meining og å skape verdiar og kanskje endåtil som argument for å øydelegge verdiar, då er det vel ganske så klart at det er med ei innsnevra forståing av røyndomen, så det er å vere trongsynt. Mennesket skulle med sin rasjonalitet ha vidsyn nok til å fatte begge deler, både beskrivinga av det beståande og kunne søke meining og tenke nytt for å skape noko nytt. Men ved at dei fornektar trua på Faderen og Sonen, vert mykje av den rasjonaliteten amputert.

Dei som fornektar trua, påstår at kyrkja sin rasjonalitet ikkje eksisterer, som om kristendomen sin rasjonalitet ikkje ekisterer og i det dei brukar vitskapen som argument mot denne rasjonaliteten, framstiller dei det som om vitskapen ikkje har rasjonalitet og vidare som om dei ikkje har rasjonalitet. Men det er heilt feil. Rasjonaliteten til vitskapen ligg i matematikken og metoden. Når dei fornektar kyrkja og kristendomen sin rasjonalitet, så betyr det i praksis at dei erstattar den men ein annan rasjonalitet.  Og kva er det? Dei vil ikkje erkjenne den, men prøver  å skjule den. Det er å samanlikne med Adam og Eva som gøymde seg for Gud med dårleg samvit etter syndefallet. Gud sette strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt, det er to motstridande livsformer og det har med levemåte og rasjonalitet å gjere. Dei som tilhøyrer kvinna si ætt, kjem til lyset. Men dei som tilhøyrer ormen si ætt, vil helst skjule seg i mørket. Ormen strir mot kvinna og det utartar seg slik at dei  prøver å kriminalisere kjærleiksforholdet mellom  mann og kvinne, det utartar seg som rasjonaliteten i deira kunnskapssøking, så dei er psykopatar som berre prøvar å finne motiv for sitt hat. Og klarar dei det ikkje, så betyr det at dei ikkje har ”kunnskap”, dei har ikkje visdom og vit. Og det er problemet deira. For dei har fornekta trua på den sanne og levande Gud, som er god og son hans, Jesus Kristus.

Vi som tilhøyrer kvinna si ætt, kjem til lyset. Derfor er det så viktig for oss å komme ut i fritt rom og tale openlyst til kven som helst.

Frelse, fridom og meining med livet i staden for trældom under avgudane. 

Israelsfolket var trælar i Egypt i omlag 500 år, men så ville Gud frigjere dei frå trældomen under avgudane i Egypt og gje dei sitt eige land, det han skulle vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Ein træl får arbeidsoppgaver av herren sin, så den meininga herren har med det, gjev trælen meining med det. Men ein træl kan vel vere gift, ha familie og born og soleis sjølv ha meining med livet. Men avgudsdyrkinga var meininglaus og gav ikkje meining med livet verken for herren eller trælen. Gud frigjorde dei frå trældomen under avgudane i Egypt, så når dei kom til sitt eige land, skulle dei ikkje vere trælar. Om nokon av dei vart fattige, så dei vart trælar, skulle det vere tidsavgrensa.

3MO 25,10 – 3MO 25,13 De skal halda det femtiande året heilagt og lysa ut fridom i landet for alle som bur der. Det skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de koma attende, kvar til sin eigedom og si ætt. [frigjevingsår: Det skulle ta til med at dei bles i eit verehorn (hebr. jobel, av det vårt “jubelår”).] 11 Det femtiande året skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de ikkje så, ikkje hausta det kornet som har sått seg sjølv, og ikkje plukka druene av ustelte vintre. 12 For det er eit frigjevingsår; og de skal halda det heilagt. De skal eta av grøda på marka. 13   I frigjevingsåret skal de koma attende, kvar til sin eigedom.

3MO 25,23 – 3MO 25,28   Jorda må ikkje seljast for alltid. For landet er mitt, og de er framande og gjester hjå meg. 24 Difor skal det i heile landet dykkar gjelda løysingsrett for jord. 25 Når det går ut for bror din, og han må selja noko av odelsjorda si, skal næraste frenden, løysingsmannen hans, koma og løysa inn det som broren har selt. 26 Finst det nokon som ikkje har ein løysingsmann, men sjølv får så god råd at han kan greia løysingssummen, 27 skal han rekna frå dei åra som har gått sidan han selde, og gje kjøparen betaling for den tida som er att. Då får han odelsjorda si tilbake. 28 Men får han ikkje råd til å betala, skal jorda høyra kjøparen til heilt til frigjevingsåret. Då vert ho fri og går attende til den gamle eigaren.

Og Jesus har betalt prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss fri frå trældomen, så det er berre for oss å ta imot han i tru, slik får vi hans Ande og då tilhøyrer vi han, då er vi frelst. Då skal vi og leva for han og det gjev oss meining med livet. Så det er viktig for oss å kjennast ved han som vår frelsar og Herre. Han kallar den einskilde inn i samfunnet med seg og Faderen og sine heilage og leier den einskilde og heile hjorden og det er viktig for den einskilde å erkjenne det, for hans kall til den einskilde gjev den einskilde meining, fridom og sjølvstende.

Om nokon då fornektar han og hans kall til den einskilde, verkar det til å selje den einskilde tilbake til trældomen. Den Duglause hyrdingen gjætte slaktesauene for sauehandlarane, så det er nok den interessa som ligg bak.

Gud frelser oss og skaper oss i Kristus og det verket han gjer er godt. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra det.

Frå eg var ein liten gutunge vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneske, mine næraste, bygdefolket, be for folket og landet. Etter kvart forstod et at frelsa var det motsette av å verte forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han om å gje meg ei frelst kvinne til kone. At han frelser meg og at han frelser kvinna er då fyrste prioritet, at han gjev meg henne til kone blir andre prioritet.

Eg har fortlat om korleis eg bad for henne Virtuella, eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, og med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for Guds kjærleik og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande og eg opplevde det som ei openberring. Anden openberra henne for meg som Guds barn, fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, han elska henne og hadde omsorg for henne som sitt barn og Kristus elska henne som si brud. Gud hadde født henne på nytt og han skapte henne i Kristus og ho var eit vidunderleg barn og ei herleg og elskverdig kvinne.

Eg har også fortalt om at seinare fekk eg oppleve ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og henne ”Miss Oslo 1990”, så ho også kom inn i eit slikt kjærleiksforhold til Faderen og Sonen, slik fekk ho ei herleg glede og det samsvara også med den herlege gleda eg opplevde i mitt hjerte.

Eg forklarar dette med at Gud skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han, ei hjelp som svarde til han. Men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd, så vi skal leve for han.

MTT 5,8   Sæle dei som er reine i hjarta,  dei skal sjå Gud.

MTT 6,22 – MTT 6,24 Auga gjev lekamen ljos. Er auga ditt friskt, vert heile lekamen ljos. 23 Er auga ditt sjukt, vert heile lekamen mørk. Er no ljoset i deg mørker, kor djupt vert ikkje mørkret då! 24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.  [Mammon: arameisk ord for pengar, gods og rikdom.]

EFE 1,17 – EFE 1,23 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

EFE 2,8 – EFE 2,10 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

EFE 3,16 – EFE 3,17 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik.

RMR 8,18 – RMR 8,25 {VONA OM HERLEGDOM}  Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. [Anden, fyrstegrøda: Anden er den fyrste av frelsegåvene, ein forsmak på den endelege frelsa. Sml. 2 Kor 1, 22.] 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod.

Så Gud openberra dei for meg som sine born og sitt verk, skapte i Kristus Jesus, medan dei var unge kvinner og seinare også, som svar på mi bøn. Slik har det med min subjektivitet å gjere, openberringa er som ei rasjonalistisk innsikt og rasjonaliteten har å gjere med auget som ser.

Men så er der andre som ser det annleis og trekker ein annan konklusjon, hevdar at det ikkje er godt, ikkje er bra nok og brukar det som argument for sitt religiøse, politiske og samfunnsmessige engasjement. Det var då som den Duglause Hyrdingen, som gjætte slatesauene for sauehandlarane, det er nok deira økonomiske interesser som ligg bak. Vidare er det ormen si ætt som strir mot kvinna si ætt.

Vi påkallar Kristus som vår frelsar og ber han frelse menneske og eg ber han spesielt om å gje meg ei frelst kvinne til kone. Og han høyrer vår bøn og svarar, han høyrer mi bøn og   svarar. Han har betaolt prisen for oss med sitt eige blod, så vi tilhøyrer han og lever for han. Og slik har han betalt prisen for ei kone til meg også.

Men så er der andre som avviser dette. Og mange av dei erstattar denne bønna med krav om likestilling. Den verste feilen med dette er at dei verdset menneske berre utifrå utdanning, ansinitet og verdsleg rikdom og ignorerer menneskets verdi utover dette jordelivet,  ignorerer den verdien mennesket har som ei frels sjel i Guds hand. Slik vert menneska selde tilbake til trældomen, så dei vert verdsette utifrå den bruken som kapital-interessene og politiske leiarar har for dei.

Vidare er ikkje mennska like og spesielt er ikkje mann og kvinne like. Så deira krav om likestilling blir ein utopi. Det er kunstig og kan forklarast slik at dei erstattar den sanne Gud med ein kunstig avgud, laga av stokk og stein.

Jesus sa at vi kan ikkje tene to herrar, vi kan ikkje tene både Gud og Mammon.

MTT 6,24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.  [Mammon: arameisk ord for pengar, gods og rikdom.]

Er vi frelst, så tilhøyrer vi Kristus og skal leve for han. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Gud elskar oss i Kristus, Kristus elskar kvinna gjennom mannen og slik elskar han si kyrkje som si brud.

Men i vår tid har mange kvinner protestert mot dette som noko som dei skal frigjere seg frå, så dei har svart på denne kjærleiken med hat, for dei har valt å tene og elske Mammon i staden. Og det utartar seg som avgudsdyrking, liksom den Store Skjøkje som dyrka styresmaktene som gudar.

Moralfilosofisk tenking og tradisjon står imot utvikling og framgang, også ved å gjennomsyre demokratiet, så det ikkje fungerer skikkeleg.

Rett før møtet var eg på byen i lag med nær slækt og eg nemnde for dei ein artikkel av Trygve Hegnar som eg kom over på facebook, eg såg berre overskrifta og innleiinga, der han påstod at folk stemmer ofte meir på grunn av tradisjon enn på grunn av sak. Han sikta spesielt til Arbeidarpartiet og lurte på om det hadde kome over sperregrensa om folk hadde stemt på grunn av sak. Eg tenkte eg skulle sjå meir på atikkelen seinare og lette etter den ut på kvelden, men fann den ikkje igjen.

Eg sa at arbeidarane stemmer på dei mest av tradisjon, sjølv om politikken deira er fjern frå interessene til den einskilde arbeidaren, som dei liksom skal representere. Slik er det i Krf også, folk stemmer på dei i tru på leiinga i partiet, i staden for å vende seg til han som vi eigentleg skulle tru på.

Når eg kom på møtet tenkte eg både på denne motsetnaden mellom kunnskapen om det beståande og interessa for nytenking og nyskaping og at folk stemmer meir utifrå tradisjon og tru på politiske leiarar enn å stemme utifrå sak og vedkjende i mitt stille sinn at det var forgale at vitskapsfolk, naturvitarar og realistar, let seg narre til å ha ei slik tru på det beståande, som motsetnad til nytenking og nyskaping. Då kom fyrste bodskapen, som svar nettopp på dette, den byrja då slik: ” Ja, det er sanneleg ei ny tid….”

Jesus fyller mitt beger så det flyt over og eg skal ikkje avgrense den Heilage Ande.

Jesus sa til meg at eg skulle ikkje avgrense den Heilage Ande. Han fyller mitt beger så det flyt over.

1 B. For begrens ikkje min Ande og set ikkje noko begrensingar for det som er – eg har planta inni ditt liv, slepp deg laus, slepp deg laus i den Heilage Ande, så skal du få kjenne at eg fyller, eg fyller ditt beger, ikkje med randen, men det skal flyte over. Og velsigninga sine straumar skal skyte (skylle?) over deg og du skal få kjenne nådestraumane, dei tek hand om ditt liv. Når vanskelege dagar kjem, så skal du kjenne og erfare at eg, Herren, eg har velsigna deg med all åndeleg velsigning og det er, Herren, det er eg som har gjort det alt.

Det verkar meininglaust og uforstandig å fylle eit beger så det flyt over, begerkanten set grenser, men Guds Ande skal ikkje avgrensast slik, det som flyt over, går ikkje til spille, men det går til andre, som kanskje er utanfor vår krets og rekkevidde.

I dette tilfellet tenkte eg på henne Virtuella, at eg skal ikkje avgrense det så det ikkje når henne. Eg kjem i hug korleis eg bad for henne når vi gjekk på gymnaset, eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, uansett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Så eg opna meg endå meir for den og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande og eg er viss på at det fekk ho også. Vona om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik vart utrend i våre hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt. Det var rett og sant og det er det enno, det vert ikkje avsanna av at ho valde ein annan mann til kjæraste og ektemann. Så eg skal ikkje avgrense det, men slik skal eg vere kanal for Guds velsigning til henne. Vi skal vere eitt i trua på Jesus, i hans kjærleik og hans Ande og leve for han, det skal vi vere samde om og så vekse opp til han som er hovudet for lekamen.

Eg skal ikkje sjå på mi tilkortkommenheit, men sjå på Jesus og kva han har gjort for meg. Han vil løfte meg opp på ein klippe som elles er for høg for meg. Er det ikkje ein bodskap til deg og?

Eg kjem i hug at rett etter eg møtte henne igjen i Bergen og ho hadde fått vite at eg var glad i henne og opplevde det som eit bønnesvar, så opplevde eg at ho vart openberra for meg som Guds barn, fødd av vatn og Ande, som ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud, som hadde slike forventningar til han, at han elska henne som si brud og eg forstod at det hadde å gjere med at eg var glad i henne og fridde til henne. For å innfri forventningane som vi hadde til han, måtte vi fyrst og fremst tru på han, lyde han og vere trufaste mot han. Eg forstod at det betydde forventningar til meg og, som friar, og for å innfri slike forentningar som friar, var det viktig for meg å få møte henne igjen fysisk og snakke med henne om det. Dernest tenke eg på at ho ville rimelegvis vente eg gjorde in innsats i studiane og fekk framgang i dei. Det er naturleg å tenke slik, men når vi ber Gud om noko, s gjev han oss det gratis, av berre nåde. Så ved trua på han får vi eit anna og nytt perspektiv på livet. Gud talte til meg om mi tilkortkommenheit og sa at det var hans moglegheit til å gjere sitt verk til vitne om seg. Eg forstod at det var sikta både til at eg ikkje fekk møte henne igjen fysisk, eg sleit med studiane og kom i ein konfliktsituasjon som gjorde det verre. Som eg har fortalt har det vorte eit tilbakevendande problem i min studiesituasjon, som om det har forfølgt meg og det har seg nok slik at der er så mykje politisk- og moralfilosofisk maktinteresse i det.

Når eg no tenkte på denne openberringa og forventinga hennar, syntest eg det var sårt og trist at eg ikkje fekk oppleve at det vart innfridd, eg kan klandre meg sjølv for at eg ikkje var sterkare i trua og gjorde eit betre innsats på gymnaset og i studiane, men Jesus spør ikkje etter mine prestasjonar, han seier berre at eg skal tru på han og ta imot det han gjev meg av berre nåde, verte fylt av den Heilage Ande. Så er det Anden som tek hand om mitt liv.

Så eg tenker meg at det er dette Jesus siktar til i andre bodskapen. Eg har vore litt aktiv på facebook og fått ein del krenkande og sårande kommentarar, men det har eg eigentleg ikkje brytt meg så mykje med. Eg har skrive det eg sjølv ville og ferdig med det. Om nokon har spurt meg om noko, så har eg svart.

Jesus er i sin kyrkjelyd for å hjelpe meg og løfte meg opp på ein klippe som elles er for høg for meg. Eg har kjent på mi tilkorkommenheit, men eg skal ikkje sjå på den, men sjå på han og kva han har gjort for meg, eg får lov til å feste blikket mitt på han. Eg skal setje mi lit til han og kome inn til hans åsyn.

Slik har han talt til meg før og. Men no kan eg lure på om ikkje dette også er til henne Virtuella. For i fyrste bodskapen sa han at han vil fylle mitt beger så det flyt over og eg forstod det slik at der vart noko til overs, som vart til andre, som var utanfor mi rekkevidde og vår krets og i dette tilfellet tenkte eg på henne.

2 A. For der er ingen ting, som kjem imot deg, som eg Herren, ikkje veit om. Eg veit om det, alle ting. Og eg har sett dine tårer, eg har høyrt di røyst, eg har høyrt og dine sukk som du ikkje har lete over dine lepper. Eg har sett kva du treng og no er eg, Herren, her i kveld og eg er her for å trøyste deg. Eg er her for å hjelpe deg. Eg er her for å løfte deg opp på ein klippe som du aldri før har sett dine føter på, det har sett så umogeleg ut, den har sett så høg ut. Men eg, Herren, eg skal ta deg og løfte deg opp på denne klippe, som elles har vore for høg for deg. Du har følt på di tilkortkommenheit, men du skal ikkje sjå på det. Du skal sjå på kva eg, Herren, har gjort for deg. Og du skal få lov til å ha ditt blikk festa på meg. Og eg som er trua sin opphavsmann og  fullendar, eg skal gjere eit guddommeleg verk i deg. Og eg skal fylle deg med min gode Heilage Ande og istandsetje deg til all god gjerning.

2 B. For ingen ting som kjem imot deg, eg Herren seier: ingen ting, er noko som eg ikkje kan gjere med. For eg, Herren, eg er din Gud. Eg har frelst deg og du er min. Derfor sett din lit til meg. Søk du meg og kom inn til mitt åsyn. Så skal eg, Herren, eg skal løfte deg, eg skal bere deg, eg skal gjere nye ting i ditt liv. Og det skal du kjenne og du skal sjå, at no, allereie no skal det spire fram, for eg er komen med mitt Ord og med min Ande. Halleluja.

Evangeliet er ein glade og frigjerande bodskap som skulle forkynnast for alle folkeslag. Det gjev eit godt grunnlag for nasjonal frigjering og demokrati, nasjonal sjølvstende og identitet.

Jesus er Sanninga som set oss fri og vi skal vere eitt i han.

Jesus sa at dersom vi vert verande i hans ord, skal vi få lære å kjenne sanninga og den skal setje oss fri. Vi skal tru på han og elske kvarandre og vere eitt i han, så kjem verda til å skjøne at faderen har sendt han.

JOH 6,29 Jesus svara: “Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.”

JOH 8,31 – JOH 8,32 {ABRAHAMS ÆTT}  Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: “Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.”

JOH 15,16 – JOH 15,19 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!   18 {NÅR VERDA HATAR DYKK}  Når verda hatar dykk, skal de vita at ho har hata meg fyrst. 19 Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut or verda. Difor hatar verda dykk.

JOH 17,20 – JOH 17,26   Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. 21 Eg bed at dei alle må vera eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. 22 Eg har gjeve dei den herlegdomen du har gjeve meg, så dei skal vera eitt liksom vi er eitt: 23 eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei liksom du har elska meg. 24 Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei får skoda min herlegdom, som du har gjeve meg av di du elska meg før verda vart grunnlagd. 25 Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg. 26 Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei, og eg sjølv kan vera i dei.

EFE 3,16 – EFE 3,17 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik.

Liberal og sosial?

Gud gjorde sitt verk i dei ved sitt Ord og sin Ande, så kyrkja voks, til tross for at dei vart forfølgde. Så kristendomen vart legalisert og dernest gjort til stats-religion i Vest- Romarriket. Etter kvart kom antikk moral- og politisk filosofi inn i kyrkja og fortrengde evangelisk kristendom. Men dette klappa saman ved oppdaginga av det heliosentrisk verdsbiletet og utvikling av den nye naturvitskapen. Liberalismen vart ein politisk filosofi som bana vegen for nasjonal frigjering og sjølvstende og demokrati.

Men så spørst det, dersom mennesket er fritt, sjølvstendig og autonomt, korleis kan det då vere sosialt? Det har vi allereie svaret på, Jesus er sanninga som set oss fri og vi skal vere eitt i trua på han. Så skal vi gå ut i verda med evangeliet. Så spørst det kven som vil ta imot og vende seg til han. Likevel er dette ei tilbakevendande problemstilling. Vi skal vere lys og salt i verda, då må vi vakte oss, så ikkje ”sosialiseringsprosessen” gjer saltet kraftlaust.

Ein glade bodskap til alle folkeslag.

Evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag, det er ein glade bodskap både til den einskildet og til folket. For på evangeliets grunnvoll får vi komme inn att i eis slikt forhold til Gud som menneska var i før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Så på det grunnlaget får vi oppleve at
Gud skaper oss og gjer sitt verk med oss i samsvar med 1.Mos.2. Slik skapar han framleis folkeslaga med ulike særpreg. Dette har eg forklart i artikkelen

https://bluehost944.com/2016/07/30/korleis-vere-liberal-og-sosial/

Og i artikkelen

https://bluehost944.com/2017/03/26/nasjonal-frigjering-pa-evangeliets-grunnvoll/

har eg forklart korleis det gjev eit godt grunnlag for nasjonal frigjering og sjølvstende.

Frå nasjonal frigjering til overnasjonal keisardyrking.

I fylgje Hegel er det den intersubjektive tidsånda som driv historia framover, men Gud og den einskilde har lite og inge betydning for dette. Det siste hang nok saman med interessa av å få til ei tysk samling. Ulike politiske interesser i dei små tyske statane måtte verte samde og det var ein møysommeleg og vanskeleg prosess. Der var dei som meinte det måtte gjerast ved våpenmakt og det vart til at Otto von Bismark utførte det som leiar for ein slik politikk.

I byrjinga gjekk Hitler fram på liknade vis, for å innlemme mindre tyske statar, men hans ideologi og målsetjing var ei anna. Vel var det nasjonalisme og slagordet ”Gott mit uns”, viste at der var kristendom også, men kvar vart det av fridomen og demokratiet? Bismark kjempa imot sosialdemokratiet, men kom arbeidarane i møte med sosiale reformer som la grunnlaget for den moderne velferdsstaten. Men nazismen var nasjonalsosialistisk og sosialismen er internasjonal og/eller overnasjonal og hos nazismen utarta det seg altså slik at dei prøvde å skipe eit overnasjonalt rike, som eit keisarrike, der dei som folk og nasjon skulle råde over andre folk og nasjonar. Og i nazi-ideologien sin hevda dei at det var fordi dei var eit overlegent folk, dei stod på toppen i eit rase-hierarkisk system. Det kan med rette kallast rasisme. Så ideologien var ikkje nasjonal frigjering lenger og var ikkje lenger nasjonalisme i den forstand, men tvert om eit overnasjonalt diktatur, som eit stort keisarrike.

Det er ei svært så eindimensjnal tenking å faciastar, nazistar og rasistar på ytste høgre side, men vi kan godt forstå at kommunistar, sosialistar og sosialdemokratar vil plassere dei lengst mogleg bort frå seg. Det heng saman med at liberalistar er på høgresida og dermed også ”nasjonal liberalistar”, dei som vil ha nasjonal frigjering og sjølvstende og demokrati. Då verkar det slik at nasjonalismen i ordet nasjonal-sosialisme får skulda, for soleis å frikjenne sosialismen. Den såkalla antirasismen går til åtak på det naturlege samhaldet i folket. Destruktive krefter hindrar og øydelegg kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og øydelegg familielivet og slik øydelegg det samhaldet i folket. Det verkar til å øydelegge og bryte ned nasjonalstaten, så overnasjonaliteten får meir makt.

Slik verkar innvandringa også. Her er det viktig å lære av jødane si historie. Dei skulle ta seg vel av innflyttaren, for dei hadde sjølve vore innflyttarar i Egypt. Men i dommartida, før dei fekk sin eigen kong, kom stadig andre folk inn i landet deira og fortrengde dei., så det vart som ein invasjon. Det vart forklart med at dei vende seg bort frå Gud, så han straffa dei slik. Då vende dei seg til han og kalla på han og bad han hjelpe dei og frie dei ut og han reiste opp ein dommar, som leia dei i striden mot fienden, så dei sigra og jaga dei bort. Og vi innser vel at innvandringa ber preg av å vere ein slik invasjon.

Nasjonalsosialistiske missfoster.

Gud overbeviste Peter om å gå til heidningane med evangeliet, så han og andre jødar var i same lokalet som heidningar, same forsamling, same kyrkjelyd. Men så kom der nokre fleire jødar og då skilde han lag med dei heidning-kristne. Og Paulus kritiserte han for det.

GLT 2,11 – GLT 2,21 {BÅDE JØDAR OG HEIDNINGAR VERT RETTFERDIGE VED TRU}  Men då Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for åtferda hans hadde dømt han. 12 Fyrst heldt han måltid saman med dei heidningkristne. Men då det kom nokre frå Jakob, skilde han lag og heldt seg unna, av di han var redd dei omskorne. [skilde lag: Jødane meinte at dei vart ureine når dei åt saman med heidningar.] 13 På same måten hykla dei andre jødekristne, så jamvel Barnabas vart dregen med i hyklinga deira. 14 Men då eg såg at dei ikkje gjekk rett fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas så alle høyrde på: “Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som jøde, men som heidning, korleis kan du då tvinga heidningane til å leva som jødar?” 15 Vi er jødar av fødsel og er ikkje syndarar av heidningætt. 16 Men då vi skjøna at eit menneske ikkje vert rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Kristus Jesus, då trudde vi òg på Kristus Jesus, så vi kunne verta rettferdige for Gud ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar vert ikkje noko menneske rettferdig for Gud. 17 Men om det skulle syna seg at vi jødar òg er syndarar, når vi vil verta rettferdige i Kristus, vert ikkje Kristus då ein tenar for synda? Langt ifrå! 18 Byggjer eg opp att det som eg har rive ned, då kan det med rette seiast at eg er ein lovbrytar. 19 Det er då lova som har gjort at eg er død for lova og lever for Gud. Eg er krossfest med Kristus; 20 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever her på jorda, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg. 21 Eg vrakar ikkje Guds nåde. For kan ein vinna rettferd ved lova, då døydde Kristus til ingen nytte.

Men framleis ser vi, både  i kyrkja og i kristne organisasjonar, at der er nokre som vil prøve å framstille seg som betre enn andre, ved å støyte dei ut. Og det har seg slik at i middelalderen kom den tradisjonelt lærde overklass inn i kyrkja, med sin antikke filosofi og fortrengde den evangeliske forkynning. Og vi veit at med den filosofien vart det argumentert for at ei lærd overklasse skulle styre og slik vart det argumentert for keisardyrking også. Ein slik argumentasjon finn vi igjen i Kristueleg Folkeparti. Dei prøvar å få med seg nokre ved å støyte ut andre, så i følgje Gal.2,11-13 er de pr definisjon hyklarar. Det vart demonstrert ved at de spaserte på byen som heilage kyr:

http://www.dagen.no/Nyheter/PRESIDENTVALG/Hareide-er-skremt-over-kristne-Trump-fans-409576

I India  er det mange heilage kyr og muslimane er ikkje særleg begeistra for slik religiøs overtru. Og dei er heller ikkje særleg begeistra for slike ”norske heilage kyr”, kristendome er det ikkje og det stemmer visst ikkje med læra deira heller. Likevel prøver de å fine dykk inn med dei som slike heilage kyr. Går det an å verte dummare?

Det er ein demonstrasjon av at Kristeleg Folkeparti sin politikk har spelt fallitt. Det handlar ikkje berre om politiske saker, men metode, så vi må rekne med at det er eit tilbakevendande problem. Det er tydeleg i verdidebatten dykkar, der de talar om såkalla kristne verdiar.

https://www.nrk.no/ytring/faktisk-helt-feil-om-kristne-verdier-1.13651186

https://www.nrk.no/ytring/historielost_-tvert-imot_-1.13654155 26.8.2017.

Korleis kan de tale om kristne verdiar utan å tale om vår vår frelse? Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Den største kristelege verdien er å verte frelst for æva og få evig liv. Så lenge de ikkje ærar og takkar Faderen og Sonen for frelsa, har de eit tilbakevendande problem.

SLM 2,1 – SLM 2,12 {HERREN OG DEN HAN HAR SALVA}  Kvifor ståkar folkeslaga,  kvifor legg folka gagnlause planar? 2   Kongane på jorda reiser seg,  fyrstane legg råd i lag  mot Herren og den han har salva: [den Herren har salva: kongen i Israel, her skildra som frelsarkonge (Messias). Sml. 1 Sam 10, 1.] 3   “Lat oss slita sund deira lekkjer  og kasta deira reip av oss!”  4   Han som tronar i himmelen, ler,  Herren spottar dei. 5   Så talar han til dei i sin vreide,  med brennande harme skræmer han dei: 6   “Det er eg som har sett inn min konge  på Sion, mitt heilage fjell.”  7   Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.  Han sa til meg: “Du er son min,  eg har født deg i dag. [det Herren har fastsett: kanskje eit ord frå Gud til kongen på kroningsdagen. Sml. 2 Kong 11, 12.] [født: Kongen har fått stilling som son, med fullmakt til å styra på Guds vegner.] 8   Bed meg, så gjev eg deg folka til arv  og heile jorda til eige. 9   Du skal knusa dei med jernstav  og slå dei sund som leirkar.” [jernstav: styrarstav av jern.]  10   Og no, de kongar, far visleg fram,  ta imot åtvaring, de styrarar på jord! 11   Ten Herren med age og glede, 12   kyss skjelvande jorda for hans føter,  så han ikkje skal verta vreid  og de gå til grunne på vegen.  For lett kan hans vreide kveikjast.   Sæle er alle som flyr til han.

ÅPE 4,8 – ÅPE 4,11 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans:  Heilag, heilag, heilag  er Herren Gud, Den Allmektige,  han som var og som er og som kjem. 9 Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på kongsstolen, han som lever i all æve, 10 fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på stolen, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar kransane sine ned framfor kongsstolen og ropar: 11   Verdig er du, vår Herre og Gud,  til å få all pris og ære og makt.  For du har skapt alle ting;  du ville det, og dei vart til, skapte av deg.

ÅPE 5,6 – ÅPE 5,14   Og eg såg eit lam: Det stod midt i krinsen, mellom kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, og Lammet såg ut som det var slakta. Det hadde sju horn og sju augo, og augo er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda. 7   Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:  Verdig er du til å ta imot boka  og bryta segla på henne.  For du vart slakta  og har med ditt blod frikjøpt for Gud  menneske av alle ætter og tungemål,  av alle folk og folkeslag. 10   Du har gjort dei til eit kongerike,  til prestar for vår Gud,  og dei skal råda på jorda. 11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:  Verdig er Lammet som vart slakta,  verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,  ære og pris og takk. 13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:  Han som sit på kongsstolen,  han og Lammet skal ha all takk og ære,  pris og makt i all æve. 14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.

Med denne ”splitt og hersk teknikken” vart Kristeleg Folekparti  sin politikk som eit nasjonalsosialistisk missfoster som aller helst burte aborterast. Tilsvarande prøvde sosialistsne og sosialdemokratane på si side å definere eit nasjonalsosialistisk missfoster som aller helst burde likviderast.

https://tsivert.com/2016/08/08/2011-08-0714-om-terrorataket-i-oslo/

https://tsivert.com/2016/07/20/frelse-i-jesu-namn/

Læreplan som innkluderer og samlar folket. Vestens problem med sitt fridomsideal og sin identitet.

Det norske nazi-partiet under krigen heitte Nasjonal Samling, så desse orda kling ikkje godt i øyrene. Men sosialt samhald i slekta og folket og nasjonal frigjering og sjølvstende, med nasjonal identitet, er då positivt og verdifullt for oss.

Er der nokon politikar i Arbeidarpartiet som med rette kan kallast landsfader, så må det vere Gudmund Hærnes, ganske enkelt fordi han skreiv den generelle læreplanen. I dokumentet

https://bluehost944.com/2017/07/31/kristendomens-metode-og-vitskapens-metode-kva-med-demokratiet/

har eg forklar korleis den verkar inkluderande og samlande for folket og eg vil påstå at den verkar frigjerande også, ved at den anerkjenner at vi har ulike interesser og fungerer på ulik vis i samfunnet. Resten av læreplanen fekk kritikk for at den var så omfattande og detaljert, eg har ikkje sett den sjølv, men eg veit at i kunnskapsløftet vart dei spesielle læreplanane forenkla og eg såg desse læreplanane i matematikk og fysikk, dei var kortfatta og som realist likar eg å forholde meg til slike klare og enkle setningar. Eg ser det også slik at det gjev meg ein viss fridom ved deligering av makt og det følgjer ansvar med det. Men slik er då menneskelivet og tilværet og det ville vere dumt om vi ikkje erkjennte det.

Tidlegare læreplanar var ikkje så samkøyrde og resultatorienterte, så elevar kunne velge fag som det var vanskeleg å bygge vidare på. Det var nødvendig å gjere noko med det. Og Gudmund Hærnes gjorde det nokså autoritært, rådførde seg berre med ein forholdsvis liten krets, utan å sende det ut på høyring og rådføre seg med ein vid krets av betydningfulle pedagogar, slik som hadde vore vanleg tidlegare. Han fekk mykje kritikk for det, fra mange betydningfulle pedagogar, der det vart påstått at læreplanen var strategisk og instrumentell, det vil seie at den vart eit instrument og eit reiskap for politiske leiarar og dernest sikkert også for økonomiske interesser. Dei såg nok også nasjonal-kjensle og nasjonal identitet i det og det slik som det vart forstått og definert sentralt, av Arbeidarparti-leiinga, og såg det i motsetnad til lokalt demokrati. Men så vidt som eg kan sjå, er den generelle læreplanen nokså innkluderande og gjev masse rom for demokrati. Ja, det har vore stor semje om at den er god og den vart også kopiert over i kunnskapsløftet.

Men vi har då hatt fridom og demokrati lenge og dette er mest eit spørsmål om vi er så pass opplyste og har fått så pass vit og forstand at vi er i stand til å nytte det. Korleis då? Jesus sa at dersom vi vert verande i hans ord, så skal vi få lære å kjenne sanninga og den skal setje oss fri. Ved trua på Kristus vert sanninga integrert i oss. Norske kvinner gjorde då det kunststykket at dei fornekta Kristus og avviste sanninga ved å protestere mot Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og manner er hovudet for kvinna. Så deira fridomsideal vart istaden som å hendrette Sokrates og drive kristendomsforfølging. Å kalle det frigjering, er berre lureri. Hendsikta med det var som kjent avgudskyrking og keisardyrking, diktatur.

Soleis definerer dei det vestlege fridomsidealet på ein annan måte, så det vert forstått som lureri. Det er den vesentlege grunnen til at demokratirørsla i Kina fekk seg eit skot for baugen i 1989 og det er den vesentlege grunnen til at den arabiske våren har slått så grundig feil.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: