Innleiing ved John Miland.
MTT 13,23 – MTT 13,30 Men den som vart sådd i god jord, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre foll, seksti foll eller tretti foll.” 24 {UGRASET I KVEITEN} Så sette han fram for dei ei anna likning og sa: “Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sått godt korn i åkeren sin. 25 Men medan folket sov, kom uvenen hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg. 26 Då no kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til synes. 27 Tenarane gjekk til husbonden og sa: Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå? 28 Det har ein uven gjort, svara han. Vil du vi skal gå og riva det opp? spurde dei. 29 Nei, svara han, for då kjem de til å riva opp kveiten saman med ugraset. 30 Lat dei begge veksa med einannan til hausten. Og når skurdonna kjem, vil eg seia til onnefolka: Sank fyrst saman ugraset og bunta det i hop til å brennast, men kveiten skal de samla i løa mi.”
MTT 13,36 – MTT 13,43 {JESUS FORKLARAR LIKNINGA OM UGRASET} Så gjekk Jesus bort frå folket og inn i huset. Då kom læresveinane til han og sa: “Forklar oss likninga om ugraset i åkeren!” 37 Han svara: “Den som sår det gode kornet, er Menneskesonen. 38 Åkeren er verda. Det gode kornet er dei som eig heime i riket, og ugraset er dei som høyrer den vonde til. 39 Uvenen som sådde ugraset, er djevelen. Skurden er enden på verda; skurdfolket er englane. 40 Liksom ugraset vert sanka saman og brent, såleis skal det gå når enden på verda kjem: 41 Menneskesonen skal senda ut englane sine, og dei skal sanka saman og ta ut or riket hans alt som fører til fall og alle som gjer urett, 42 og kasta dei i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner. 43 Då skal dei rettferdige skina som sola i riket åt Far sin. Den som har øyro, han høyre!
John presiserte at den åkeren det er tale om i denne siste likninga, det er verda. Det er ikkje kyrkjelyden, her må vi prøve å skilje mellom kornplante og ugras.
Tale ved Håkon Martinsen.
HSA 4,8 – HSA 4,16 {MI SYSTER, MI BRUR} Kom med meg frå Libanon, mi brur, kom med meg frå Libanon! Stig ned frå Amanas tind, frå toppen av Senir og Hermon, frå løveheimar, frå panterfjell. [Amanas tind: fjelltopp i Antilibanon, nord for Hermon.] 9 Du har fanga min hug, mi syster, mi brur. Du har fanga min hug med eit einaste augnekast, med ei av lekkjene om din hals. 10 Kor fager din kjærleik er, mi syster, mi brur! Din kjærleik er betre enn vin, og angen av dine salvar meir ljuvleg enn balsam. 11 Av honning dryp dine lipper, mi brur. Honning og mjølk er under di tunge. Angen av kleda dine er som angen på Libanon. 12 Ein avstengd hage er mi syster, mi brur, ein avstengd hage med kjelda forsegla. 13 Dine lemer er som ein lund av granataplar med den gildaste frukt, av hennabuskar og nardusplanter, 14 nardus, krokus, kalmus og kanel og angande tre av alle slag, myrra, aloë og alle slag balsam. 15 Du er som kjelda i ein hage, ei oppkome med sildrande vatn, som bekker frå Libanon. 16 “Vakna, nordavind! Kom, sønnavind! Blås igjennom min hage, så angen får strøyma fritt. Gjev min ven ville koma til sin hage og eta hans herlege frukt!” [Her er det brura som talar.]
HSA 5,1 “Eg kjem til min hage, mi syster, mi brur, og plukkar min myrra og balsam. Eg et min honning og mi honningkake og drikk min vin og mi mjølk.” Ja, et og drikk, mine vener, og lat kjærleiken riva dykk med!
Tungetale og tyding ved Anne-Kristin.
A. Eg er kongane sin konge, eg er herrane sin Herre. Ja, det er eg som frelser, det er eg som løyser ut av lenkjer og bande. Det er eg som set fangane fri. Det er eg, eg som har teke bustad i ditt hjerte. Du skal ikkje tvile. Du skal ikkje syrgje. Du skal berre glede deg i meg. For eg, eg er Herren din Gud, som veit om alle ting. Eg er også den som veit alt i alle. Ingen ting kan skjulast for meg. For eg som er Herren din Gud er den som skal gjere det, alle ting i stand. Når du søker meg av heile ditt hjerte, så skal du få sjå og erfare, at eg er kongane sin konge, herrane sin Herre, eg er også lækjarane sin lækjar. For eg er den som kan gjere alt som er umogeleg for menneske, det er mogleg for meg.
B. Eg har teke bustad i ditt hjerte og eg snur meg aldri ifrå deg. Det er du som må ta det val om du vil bli hos meg. For eg blir hos deg til evig tid, men det er du som må velje om du vil fortsette å leve med meg. For eg som er Herren din Gud, er med deg alle dagar. For om du vel å ta meg bort ifrå ditt liv, så er det ditt eige ansvar, fordi eg kan ikkje gjere noko før du har sagt: Her er eg Herre, kom og ta meg igjen, for eg, eg vil ta bustad i ditt hjerte, men eg kan ikkje gjere det, før du gjer det mogleg sjølv.
Aktuelle bibelvers.
MTT 13,1 – MTT 13,9 {SÅMANNEN} Same dagen gjekk Jesus ut or huset og sette seg nede ved sjøen. 2 Då samla det seg så mykje folk ikring han at han laut gå ut i ein båt og setja seg der, og alt folket stod på stranda. 3 Så tala han lenge til dei i likningar og sa: “Ein mann gjekk ut og skulle så. 4 Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp. 5 Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det rann snøgt opp fordi der var så grunt. 6 Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot. 7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kjøvde det. 8 Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre foll, noko seksti foll, noko tretti foll. 9 Den som har øyro, han høyre!”
MTT 13,18 – MTT 13,23 {JESUS FORKLARAR LIKNINGA OM SÅMANNEN} Så høyr no korleis likninga om såmannen skal tydast: 19 Kvar gong nokon høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, kjem den vonde og stel bort det som er sått i hjarta. Dette er den som vart sådd attmed vegen. 20 Den som vart sådd på steingrunn, er den som høyrer ordet og straks tek imot det med glede. 21 Men han har ikkje rot i seg og held ut berre ei stund. Når han møter trengsle eller forfylging for ordet skuld, fell han straks ifrå. 22 Den som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet; men suta for dette livet og den svikefulle rikdomen kjøver ordet, så det ikkje ber frukt. 23 Men den som vart sådd i god jord, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre foll, seksti foll eller tretti foll.”
I denne likninga er åkeren hjertet.
Kommentar.
Gud har openberra si frelse for oss i Kristus.
Gud har openberra si frelse for oss i Kristus, han har openberra den for meg og eg skal ære og takke Gud og Lammet for den. Når eg gjekk på gymnaset og merka eg byrja å verte glad i henne ”Virtuella”, bad eg for henne og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande og den openberra henne for meg som Guds barn, fødd av vatn og Ande, og det som er født av Anden er ånd. Faderen elska henne og hadde omsorg for henne som sitt barn og Jesus elska henne og hadde omsorg for henne som si brud. Eg opplevde dette som svar på mi bøn, det var sant og det var rett, det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus. Det var herleg, det gav meg glede i mitt indre menneske. Det var sant og det var rett og det er det framleis. Så eg gjer framleis rett i å ære og takke Gud og Lammet for det.
Ein bodskap til meg og ein bodskap til henne Virtuella.
Eg forstår det slik at del A er til meg og slik er den til henne Virtuella også, men del B er spesielt til henne, for ho har for lengst vendt seg bort frå Herren, men no kallar han henne igjen og då spørst det om ho veil vende seg til han og komme til han eller vende seg bort ifrå han, slik som ho har gjort i mange år.
Eg har sagt opp leiligheita og flytter sakene mine heim i løpet av september. Eg har tenkt å segle seglbåten til Asker og bruke den til hybel. Så eg har trekt meg frå studiane dette semesteret og vil gjere klar seglbåten, for det vert mykje billigare å bu i den. Eg har hatt den lenge og den har vore lite brukt, det har vore dårleg økonomi. Men Jesus kalla meg og han sa eg skulle ikkje tenke på omkostningane, for han skulle ta omsorg for meg. Så eg var likevel litt betenkt med dette opplegget mitt. Eg ville vurdere det på nytt når eg kom på møte denne kvelden, for her stig eg fram for Herrens åsyn. Og eg kom til at eg kan no halde fram med å vende meg til han og lovprise han for frelsa, sjølv om eg fysisk flyttar på meg slik. Så eg reiste med nattbussen heim til Sunnmøre seinare på kvelden.
Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, han talte og det stod der, så han er mektig nok til å gi meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2. Men her seier han at det er noko han ikkje kan gjere: ” For om du vel å ta meg bort ifrå ditt liv, så er det ditt eige ansvar, fordi eg kan ikkje gjere noko før du har sagt: Her er eg Herre, kom og ta meg igjen, for eg, eg vil ta bustad i ditt hjerte, men eg kan ikkje gjere det, før du gjer det mogleg sjølv.” Er det nokon som har ei god forklaring på det? Jesus er den som tek seg av mi sak. Men ho Virtuella har vendt seg bort ifrå han og slik har ho og mange med henne stått meg og mi sak imot og då har dei også stått Jesus og hans sak imot.
Det kan forklarast med likninga om ugraset i kveiteåkeren. Når Guds Ord vart forkynt, var det som korn som vart sått i ein åker. Men så kom ein fiende og sådde ugras. Ugraset prøver å undertrykke kornplanten, men det kunne ikkje lukast ut, for då ville lett kveite følgje med. Begge måtte stå til hausten, då skulle det skiljast.
Det er mennesket sjølv som må velje om det vil ta imot nåden i Kristus eller ikkje. Vil dei ikkje det er alternativet at Gud straffar dei rettferdig og gir dei som fortent. Og det er framleis han som gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande, det er framleis han som gjer slik som han vil. Lova kom ved Moses, men nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. Dersom nokon tek imot nåden i Kristus, får dei Anden av berre nåde, den openberrar Ordet for oss og leier oss fram til heile sanninga, så den set oss fri.
Når eg har studert realfag, har dette vore viktig for meg, ja, eg vart etter kvart klar over at Jesus kalla meg til å studerer realfag og spesielt til å studere biologi. Gud har nye vegar for meg og opnar nye dører for meg.
4 responses to “Maranata 10.9.2017. Gud elskar oss i Kristus og det er som eit frieri.”
[…] https://tsivert.com/2017/09/13/maranata-10-9-2017-gud-elskar-oss-i-kristus-og-det-er-som-eit-frieri/ […]
[…] https://tsivert.com/2017/09/13/maranata-10-9-2017-gud-elskar-oss-i-kristus-og-det-er-som-eit-frieri/ […]
[…] https://tsivert.com/2017/09/13/maranata-10-9-2017-gud-elskar-oss-i-kristus-og-det-er-som-eit-frieri/ […]
[…] https://tsivert.com/2017/09/13/maranata-10-9-2017-gud-elskar-oss-i-kristus-og-det-er-som-eit-frieri/ […]