
Tale ved Arnstein Andersen.
Arnstein byrja med å spørje kva det var vi tenkte på tett før vi for på møte. Han såg seg sjølv i spegelen. Vi vil gjerne sjå fine ut i møte med andre menneske. Når nokon spør ein annan:” Korleis har du det?” så er gjerne standardsvaret: ”Bra”. Men det er overflatisk. Det var ein som fekk svaret: ”Det vil du ikkje vite.” Så vi bør ikkje stille det spørsmålet utan at vi har tid til å lytte. Ei kvinne hadde det bra og svarde slik også. Men så fekk ho problem og når ho då fekk spørsmålet, prata ho som ein foss. Så takka ho for at han ville prate med henne. Men han hadde då ikkje sagt noko meir.
Så talte han over desse bibelversa:
MTT 18,12 – MTT 18,14 {SAUEN SOM VILLA SEG BORT} Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer, og ein av dei villar seg bort, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som har fare vilt? 13 Sanneleg, det seier eg dykk: Skulle han finna sauen, då gleder han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje villa seg bort. 14 Sameleis vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal fortapast.
JES 49,14 – JES 49,17 {HERREN GLØYMER IKKJE SION} Men Sion seier: “Herren har forlate meg, min Gud har gløymt meg.” 15 Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt, har ho ikkje medkjensle med den son ho fødde? Og om ei mor kan gløyma, så gløymer ikkje eg deg. 16 Sjå, eg har teikna deg i mine hender, dine murar har eg alltid for auga. 17 Dei som skal byggja deg, skundar seg hit, og dei som reiv ned og la deg i øyde, fer bort ifrå deg.
5MO 6,5 – 5MO 6,7 Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile din hug og av all di makt. 6 Desse orda og boda som eg gjev deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt. 7 Du skal prenta dei inn i borna dine og tala om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp.
FIL 4,6 – FIL 4,7 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.
JES 50,4 – JES 50,5 {HERRENS TENAR ER TILLITSFULL I TRENGSLER} Herren min Gud har gjeve meg ei læresveinstunge, så eg med mitt ord kan styrkja den trøytte. Kvar morgon vekkjer han mitt øyra, så eg kan høyra på læresveins vis. 5 Herren min Gud har opna mitt øyra. Eg sette meg ikkje imot og drog meg ikkje unna.
JES 40,27 – JES 40,31 Kvifor talar du så, Jakob, kvifor seier du, Israel: «Min veg er løynd for Herren, min Gud bryr seg ikkje om min rett”? 28 Veit du det ikkje, har du ikkje høyrt det? Herren er den evige Gud som skapte den vide jord. Han vert ikkje trøytt, han vert ikkje mødd, hans vit kan ingen grunda ut. 29 Han gjev den trøytte kraft, og den som ingen krefter har, gjev han stor styrke. 30 Gutar vert trøytte og mødde, unge karar snåvar og fell. 31 Men dei som ventar på Herren, får ny kraft; dei lyfter vengene som ørnar, dei spring og trøytnar ikkje, dei går og mødest ikkje.
Olav Harald Vik tok avslutninga og las noko frå Salme 103, meiner deg det var.
Profetisk bodskap ved Arnstein.
I slutten av tala kom Arnstein med dennen bodskapen:
”…., eg veit om kampane du har, eg veit om nattevåket ditt, men eg går saman med deg, eg ber det saman med deg. Så stol på mitt Ord, stol på mine lovnadar. Eg er ein skugge ved di høgre hand. Eg har ikkje gløymt deg. Eg har ikkje forlete deg. Men det du opplever i livet føler du, det er ikkje rettferdig. Men livet kan vere vanskeleg, du kan møte motgang. Men hugs at eg går saman med deg. Eg er ein skugge ved di høgre hand. Så skal du få kvile i mine naglemerka hender. Søk meg i løynkammeret med meg. La meg få lov til å bere saman med deg. Og bli bevisst på det at eg er ein Gud som høyrer, ein Gud som kjenner ditt namn, ein Gud som kjenner adressa di, som veit kvar du bor. Det er eg som har helde deg oppe. Amen.”
Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Arnstein.
”Den dagen du sa ja til meg, mitt barn, så sa du ja til fridom, du sa ja til lækjedom og du sa ja til å følgje meg, at eg skulle få lov til å leie ditt liv. Det gjeld også i dag. Eg ser du er trøytt, eg ser du har det vanskeleg. Men overlat tinga til meg. Forstanden din vil kanskje ofte hindre deg i å gjere det. Men overlat alle ting til meg, også det som synest umogleg ut i dag. Eg gjer det umoglege mogleg. Og det som ingen ting var, valde eg ut til å gjere til skamme det som er noko. Om du føler deg som ingen ting, du er ingen ting samanlikna med andre, men hugs at eg elskar deg slik som du er. Du har ein eigen identitet, du er skapt i Guds bilete. Og du er elska av den tre gangar heilage Gud. Så søk meg, søk inn i mitt Ord, når du kjem heim att. Søk i løynkammeret og be til meg. Eg skal svare, eg skal svare i mi tid, seier Herren. Så ver frimodig og søk meg.
Livet, det er ikkje berre roser, det har du oppdaga, livet er også ting som er vanskeleg, det er kantar som møter deg. Men du skal vite at eg som har lovt, eg som har født deg på nytt, eg har lovt å vere med deg inntil den siste dag, inntil du forlet denne verda. Så stol på meg. Legg inn det giret i livet ditt, at du søker meg kvar morgon. At eg kan få vere den som leier deg gjennom dagen. At eg kan få lov til å vere med å bygge livet ditt vidare. Også inni samanhengar med andre menneske, der skal du få vere til hjelp. Der er mange rundt deg som treng hjelp, der er mange som lengtar etter nokon å snakke med. Og akkurat du kan vere ein samarbeidspartnar og ein samtalepartnar som einkvan kan snakke med. Så ver frimodig. I begge mine hender har eg teikna også deg. Og du skal vite det at eg skal gå med deg, resten av livet, når du søker meg. Amen.”
Aktuelle bibelvers.
1KO 13,12 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.
2KO 3,18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
JAK 1,23 – JAK 1,26 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning. 26 Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje tøymer tunga si, han narrar seg sjølv, og hans gudsteneste er gagnlaus.
EFE 6,10 – EFE 6,20 {GUDS FULLE RUSTNING} Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.
MTT 28,16 – MTT 28,20 {MISJONSBODET} Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt at han ville møta dei. 17 Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. 18 Då steig Jesus fram og tala til dei: “Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”
SLM 121,1 – SLM 121,8 {HERREN ER DIN VAKTAR} Ein song til festferdene. Eg lyfter mine augo til fjella: Kvar kjem mi hjelp ifrå? 2 Mi hjelp kjem frå Herren, han som skapte himmel og jord. 3 Han lèt ikkje foten din vera ustø, din vaktar blundar ikkje. 4 Nei, han blundar ikkje og søv ikkje, Israels vaktar. 5 Herren er din vaktar, Herren er din skugge, han er ved di høgre hand. 6 Sola skal ikkje stikka deg om dagen og månen ikkje skada deg om natta. [månen: Etter gamal tru kunne månen valda sjukdom og anna ulukke. Sml. Matt 17, 15.] 7 Herren skal vara deg frå alt vondt og verna om ditt liv. 8 Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til evig tid.
MTT 6,33 – MTT 6,34 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.
1PE 1,5 de som gjennom Guds kraft vert haldne oppe ved trua, så de skal nå den frelsa som alt ligg ferdig til å verta openberra i den siste tid.
JUD 1,1 {HELSING} Judas, Jesu Kristi tenar og Jakobs bror, helsar dei som er kalla, som er elska av Gud Fader og haldne oppe for Jesus Kristus. [Judas: ein av brørne til Jesus. Matt 13, 55.]
JOH 1,12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.
1PE 4,19 Difor skal dei som lid, når det er Guds vilje, overgje si sjel til den trufaste Skaparen og så gjera det gode.
MRK 9,23 “Om eg kan?” svara Jesus. “Alt er mogeleg for den som trur.”
MRK 10,27 Jesus såg på dei og sa: “For menneske er det umogeleg, men ikkje for Gud. Alt er mogeleg for Gud.”
1KO 1,27 – 1KO 1,31 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.
1MO 1,26 – 1MO 1,27 Då sa Gud: “Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.” 27 Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei.
ÅPE 4,8 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans: Heilag, heilag, heilag er Herren Gud, Den Allmektige, han som var og som er og som kjem.
JES 49,8 Så seier Herren: I nådens tid bønhøyrer eg deg, på frelsesdagen hjelper eg deg. Eg har skapt deg og gjort deg til ei pakt for folket. Du skal atterreisa landet og skifta ut odelsgrunn som ligg aud og snau,
1KG 4,29 Gud gav Salomo visdom, stort skjøn og eit vit som femnde vidt, liksom sanden på havsens strand.
1KG 4,32 – 1KG 4,34 Salomo laga tre tusen ordtøke, og songane hans var eitt tusen og fem i talet. 33 Han tala om trea, frå sederen på Libanon til isopen som veks ut or muren, og han tala om fe og fuglar, krypdyr og fiskar. 34 Frå alle land kom det folk og ville høyra visdomen åt Salomo, frå alle kongar på jorda som hadde høyrt om visdomen hans.
Kommentar.
Dele Ordet på mine bloggesider.
I lang tid skreiv eg dokument der eg viste til slike bodskap og sende til frie kyrkjelydar i Oslo og nokre kristne leiarar. Så fekk eg meg bloggeside (tsivert.com) og la referat frå slike møte ut der, nye møte har eg brukt å kommentere. Då er det på sin plass å bruke namn på predikantar og leiarar for kyrkjelyeden. Men elles bør eg unngå å bruke namn, for folk kan verte forfølgde og offentleg uthengde og gjort narr av. Faktisk spesielt dersom dei har problem. På bluehost944.com har eg skrive større dokument, om vitskap, teologi, historie og samtid og då har eg sjølvsagt gjort bruk av slikt som eg har lært når eg har lese i bibelen og gått på kristne møte.
Poenget med å spele det inn, skrive det ned, kommentere det og offentleggjer det er å høyre på kva som vert sagt, ete Ordet, la det ved trua smelte saman med meg i hjertet, erkjenne at det gjeld meg altså, ja, for eg får då stadig oppleve at der kjem bodskap som er spesielt til meg, slik oppfattar og forstår eg det. Det hindrar ikkje andre i å forstå det slik at det er til dei også, poenget med at eg kommenterer det slik som eg forstår det som bodskap til meg, er å dele det med andre, slik at dei også kan forstå det som den glade bodskapen til seg. Kanskje fordi dei opplever liknande problem som meg og treng å sjå den løysingan som evangeliet er på problema. Det hindrar ikkje andre i å sjå det frå deira synsstad. Vi veit at når ein lem lid, så lid dei andre med. Og når ein lem gleder seg, så gleder dei andre seg med.
Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og eg forstår det slik at det er på den måten at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Så eg trur det er spesielt til nokre kvinner som eg vart glad i og som eg har bedt for, når eg har opplevt det slik at han har svart meg på mi bøn for dei, så har eg skrive om dei med dekknamn. Eg skal glede meg i det fullførde frelsesverket, glede meg i Herren. Så ventar eg at han vil gi meg ei frelst kvinne til kone. Poenget er å kanalisere velsigninga ut dei dei og fleire med dei. Frå våre liv skal det renne straumar med levande vatn.
Så kan det hende eg får høyre ein bodskap som kom til eit anna menneske på eit møte eg ikkje var på. Ja vel, får berre håpe den som fekk det og den kyrkjelyden som fekk det tek imot det i tru. Men det hindrar ikkje meg i å gå til skrifta og finne dei bibelversa det refererer seg til og og påstå at det er til meg også. Dei kan no vel ta imot bodskapen i tru, sjølv om eg også gjer det? Skal dei kanskje ikkje forkynne den same bodskapen til andre menneske?
Men eg forstår det slik at desse bodskapane som no, var til meg, jau, slik har eg det og eg ser det som svar på noko som eg har skrive om i det siste, eg kan godt referere litt til det, utan at eg treng å skrive så mykje om det igjen. Men eigentleg skulle det vel vere unødvendig, det er berre å la vår Herre og meister få siste ord.
Korleis har du det? Sjå i spegelen!
Det kan nok vere ein god grunn til at folk gir det overflatiske svaret at dei har det bra. Har dei det bra, så er det vel og bra, vi treng i alle fall ikkje at det skal gå dei dårleg for at vi skal kunne forkynne den glade bodskapen for dei, for den himmelske gleda overgår alt som er jordisk. Om dei ikkje har det så bra, så spør vi i alle fall ikkje for at dei skal verte uthengde og forfølgde for det og her må vi ”kvalitetssikkre”, så vi forvissar oss om at det ikkje går ut av kontroll. Vi må komme til Jesus slik som vi er og det må dei andre også få lov til.
Så får vi lov å sjå inn i den spegelen der vi vert omskapte. Der er også eit poeng med at vi er unike, vår sjel og vår identitet er unik. Kven er det du ser i spegelen? Det er deg sjølv, slik Gud opphavleg skapte deg i si likning. Det gir deg altså den rette sjølvforståinga! Når Gud skaper oss i Kristus Jesus, så skaper han oss til det som han opphavleg skapte oss til.
Å vende seg til Jesus er å velje å sjå inn i denne spegelen og halde fram med det. Det er å velsigne han og bli velsigna. Då blir vi til velsigning. Så skal vi tøyme tunga vår ved at vi seier velsigninga utan å forbanne, for vi har valt velsigninga og derfor er vi til velsigning. Om andre forkastar Kristus, så dei blir forbanna, så er det deira eige ansvar.
Søke Herren av heile mitt hjerte, Herren er ein skugge ved mi høgre hand.
Vi får ofte høyre at vi må vere objektive og at objektiv kunnskap er verdifull og sikker kunnskap. I mange samanhengar og perspektiv er det rett. Men skal vi lære eit fag, må vi subjektivt innstille oss på det, skal vi lære matematikk, må vi subjektivt innstille oss på det. Så får vi innsikt og vidsyn, matematikken vert brukt i all vitskap og teknologi. Vil vi ha samfunn med Gud og komme nær til han, må vi subjektivt innstille oss på det.
Og Jesus sa til meg at eg skulle søke han av heile mitt hjerte. Det minnte meg om at når eg var ung og bad for henne Virtuella, er kjennte eg for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho villoe seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Eg opplevde det som ei openberring der ho var i Faderens hand og han la henne i mitt hjerte, det kjendest så godt og det gjorde meg så glad, slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. Den Heilage Ande openberra henne for meg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhol til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Sonen, som hans brud.
Sidan vart det kontroversielt og konfliktfyllt, men eg skal søke Herren av heile mitt hjarte og då skal eg ta parti med han. Eg vender meg til han velsignar han og blir velsigna, opnar meg som kanal for hans velsigning, også til henne. Og no opplever eg det som at han er ein skugge ved mi høgre hand. Ja, då skal eg vende meg til han og halde meg nær til han.
For nokre år sidan skreiv eg om dette og så skreiv eg om korleis eg opplevde ei liknande åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og henne Reella også. Og Jesus svarde meg at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile som overgår min forstand. Då tenkte eg først på henne Virtuella, så på henne Reella. Eg har forklart korleis eg har tenkt og resonnert og endåtil prøvt å komme fram til ein konklusjon ved å vise til korleis den Heilage Ande openberrar Ordet for meg. Eg ser ikkje akkurat nokon grunn til at eg skal gå tilbake på noko av det som eg har skrive, resonnementa er heilt ok, men eg må innrømme at denne kvila overgår min forstand.
Det vesentlege er at eg set min veg i Herrens hand og let han gjere sitt verk, han som byrja den gode gjerning med oss, han skal også fullføra den.
Salomos visdom og Jesu visdom. Jesus valde ut det som ingen ting er, for å gjere det som er noko til skamme.
Salomo var berre ungguten då han vart konge, så han bad Gud gir han eit høyrsamt hjarta, så han kunen styre edette store folket. Og Gud gav kong Salomo visdom i hjertet:
1KG 3,5 – 1KG 3,15 I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum om natta og sa: “Sei kva du vil at eg skal gje deg!” 6 Salomo svara: “Du har vist stor godleik mot David, far min, tenaren din, av di han ferdast for ditt åsyn i truskap og rettferd og hadde eit hjarta som var ærleg mot deg. Og denne store godleiken mot han har du halde fast på. Du gav han ein son som skulle sitja på kongsstolen hans, så som det er i dag. 7 No har du, Herre min Gud, gjort meg, tenaren din, til konge etter David, far min. Men eg er berre ungguten og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt som førar. 8 Her står tenaren din midt imellom folket ditt, som du har valt ut, eit folk så stort og talrikt at det ikkje kan teljast eller reknast. 9 Så gjev då tenaren din eit høyrsamt hjarta, så eg kan styra folket ditt og skilja mellom godt og vondt! For kven kan elles styra dette folket, så stort som det er?” 10 Herren tykte vel om bøna åt Salomo. 11 Og Gud sa til han: “Sidan du bad om dette og ikkje om eit langt liv eller rikdom eller at fiendane dine skulle døy, men bad om vit til å skjøna kva som er rett, 12 så vil eg gjera det du har bede om. Eg vil gje deg eit hjarta som er så vist og vitug at det aldri før har vore din like og heller ikkje skal koma det sidan. 13 Men det du ikkje bad om, vil eg òg gje deg, både rikdom og ære. Så lenge du lever, skal det ikkje finnast din like mellom kongane. 14 Og ferdast du på mine vegar og held lovene og boda mine, liksom David, far din, gjorde, så skal eg gje deg eit langt liv.” 15 Så vakna Salomo og skjøna at det var ein draum. Og då han kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens paktkiste. Han ofra brennoffer, bar fram måltidsoffer og heldt gjestebod for alle mennene sine.
Poenget måtte vel vere at hjarta hans skulle høyre Guds Ord. Men han fekk mykje anna også, naturfagleg kunnskap også:
1KG 4,32 – 1KG 4,33 Salomo laga tre tusen ordtøke, og songane hans var eitt tusen og fem i talet. 33 Han tala om trea, frå sederen på Libanon til isopen som veks ut or muren, og han tala om fe og fuglar, krypdyr og fiskar.
Aldri før hadde det vore hans like og det skulle ikkje komme sidan heller. Nei, allereie på hans gamle dagar hadde det dabba alvorleg av. Og seinare utvikling kan karakteriserast som at det gjekk ”eitt steg fram og to tilbake” inntil det låg att ein ruinhaug.
Men Jesus sa om seg sjølv at hos han var det større visdom enn hos kong Salomo. Dette er den ungdommelege visdomen som vi får frå Gud som små born og ved at vi vender om og blir som små born. Vi får den frå Guds himmel, derfor står den i motsetnad til verda.
1KO 1,17 – 1KO 1,31 {GUDS VISDOM OG MENNESKEVISDOM} Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive: Eg vil tyna visdomen hjå dei vise og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke. 20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska. 26 Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta. 27 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.
1KO 2,1 – 1KO 2,16 {GUDS LØYNDOM ER OPENBERRA} Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom. 2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. 3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. 4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft. 5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft. 6 Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive: Det auga ikkje såg, det øyra ikkje høyrde, det som ikkje kom opp i nokon mennesketanke, alt det Gud har gjort ferdig for dei som elskar han, 10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord. 14 Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon. 16 For kven kjende Herrens hug, så han kunne gje han råd? Men vi har Kristi hug.
Ikkje særleg mykje verd, men Jesus kjenner meg og har kjøpt meg fri.
No har ikkje eg vore i fast arbeid sidan 2008, først når eg vart 60 år for vel eit år sidan, fekk fast inntekt igjen, som pensjon. Det er klart at det tærer på økonomien. Så slik sett føler eg meg ikkje særleg høg i hatten, ikkje særleg mykje verd. Men der er ei fundamental innstillling frå verdslege autoritetar, som har vurdert det slik og sytt for at det skulle verte slik. Gud gjorde meg til ein kanal for si velsigning, men dei har svart med å forbanne.
Grunnen til det er moralfilosofisk fundamentalistisk, at eg er den eg er og kjem til Jesus slik som eg er. Eg kjem frå landsbygda på Sunnmøre og vert ikkje heilt velkomen i byen. Eg har nyst skrive om det apostlane sa om dei englane som for bort få staden der dei budde. Dette er ikkje godt å forstå seg på. Men det har vel noko med identitet å gjere. Sett frå min synsstad er der altså nokon som ikkje vil godta min identitet, men eg skal så visst ikkje tape min identitet av den grunn. Eg er skapt i Guds likning og fekk komme til Jesus slik som eg var, han kjenner meg ved namn (Joh.10,1-21) og han veit kvar eg bur.
Javel, men kvar vart det av den Gud som har svart på mine bøner sidan eg var ung? Det er tydelegvis nokon som er komne før Kristus, som er tjuvar og røvarar (Joh.10,8 2.Tess.2).
Lækjedom, fridom, etterfølging, leiarskap og frelse.
Jesus sa til meg: ” Den dagen du sa ja til meg, mitt barn, så sa du ja til fridom, du sa ja til lækjedom og du sa ja til å følgje meg, at eg skulle få lov til å leie ditt liv. …………. Men du skal vite at eg som har lovt, eg som har født deg på nytt, eg har lovt å vere med deg inntil den siste dag, inntil du forlet denne verda.” Han har sagt til meg at eg skal gå sigrande ut av denne verda. Ja, det vesentlege er no å verte frelst for æva og få evig liv. Ja, vi skal no sigre over verda saman med Kristus og då må vi no ta sikte på at vi skal forlate verda slik også, for så å gå over i dei evige bustadane.
Når eg byrja å studere i Oslo midt på 1980-talet sa Jesus: ”Eg vil lækje dine år i fråfall”. Og eg forstod det som ein bodskap til henne Virtuella. Så sa han til meg at der var ein sjukdom mellom Guds folk og at eg har fått kjenne noko av den sjukdomen i meg. Men han ville lækje den. Dette har eg samanlikna med profeten Jeremias som kjende det som eit sår at israelsfolket var såra og sjukt på grunn av sitt fråfall. Det er då så tydeleg at der er menneske og verdslege autoritetar som har talt stikk i strid med det som eg har bedt Gud om og som han har svart meg på. Det er då så tydeleg fordi dei vil gjere menneska til slavar. Har forføringa og Israels fråfall vorte standardprosedyra i kyrkja og samfunnet.
Når eg sa ja til Jesus, sa eg ja til å følge han og la han leie meg. Når han då leier meg og sender meg, så kjem eg til framande. Så spørst det om dei vil ta imot den som han sende og ta imot Jesus når han kjem som ein framand.
JOH 13,20 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.”
MTT 25,31 – MTT 25,46 {DOMEN} Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom. 32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene, 33 og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre. 34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: “Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.” 37 Då skal dei rettferdige svara: “Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?” 40 Men kongen skal svara dei: “Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.” 41 Så skal han seia til dei på venstre sida: “Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans. 42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.” 44 Då skal dei svara: “Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?” 45 Men han skal svara dei: “Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.” 46 Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.
Livet er ikkje berre roser, det kan vere vanskeleg. Men Jesus gjer det umogelege mogleg.
Eg har nyst skrive om at livet er ein kamp for tilværet, men Guds auge fer ut over heile jorda for å komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Og slik ventar eg meg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Jesus er livet og han gir oss meining med livet og slik er han sanninga som set oss fri. Når vi søker han og innvier oss til å leve for han, så utrustar han oss med sin Ande og si kraft. Han er Guds kraft og Guds visdom og vi tek imot det, sikkert fordi vi innser og opplever at vi treng det.
No hevdar eg altså at han gir meg ei frelst kvinne til kone, det innser og erkjenner eg ved den visdomen og openberringa han gir meg ved sin Ande. Kristus er for meg Guds visdom og Guds kraft og det er to hovudpoeng for meg, både fordi eg har vore kroppsarbeidar og fått oppleve at livet er ein kamp for tilværet og fordi eg har studert realfag og då treng eg Guds visdom og Guds kraft til den gjerninga.
Vi ser at der er ei motsetjing mellom den verdslege visdomen og visdomen frå Gud og vi opplever det som ei konflikt mellom Guds rike og verda i vårt daglege liv. Men vi skal løfte blikket og hugen opp til Kristus og ta imot det han gir oss frå himmelen, slik skal vi sigre over verda saman med han.
Visdom i hjertet, oppleve Guds kraft, forstå med forstanden. Kva med matematikken?
Når eg var ung opplevde eg Guds Ande og Guds kjærleik i hjertet, eg vart tent i brand for Guds sak, eg vart motivert av Guds kjærleik og driven den Heilage Ande. Samtidig var eg interessert i realfag, men eg kjende meg ikkje motivert til det på same måten. Men Kristus er Guds Ord og den Heilage Ande openberra det for meg og slik fekk eg åndeleg innsikt og eg meiner eg også fekk rasjonalistisk innsikt og slik virka det til støtte meg når eg skulle studere relafag. Kristus er Sanninga og eg skulle leve for han. Når eg søkte han, så søkte eg sanninga og det gjorde eg når eg søkte den realfaglege sanninga også. Slik motiverte det meg. Slik såg eg relasjon mellom den åndelege innsikta, rasjonaliteten i Guds Ord og rasjonaliteten i realfaga, metematikken. Elles ser det ikkje ut til at der er mykje matematikk verken i Salomos visdom eller i Jesu visdom, men matematikken har vorte ein enorm suksess i moderne vitskap og teknologi.
Eg skal søke Herren av heile mitt hjarte, så vil han komme meg til hjelp med si kraft. Og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Han har styrka meg med sin Ande og si kraft når eg har vore i praktisk arbeid og når eg har drive idrett og han har styrka meg når eg har studert realfag. Då har det vore om å gjere å forstå og lære også ved bruk av matematikk. Men eg kan ikkje avgrense Gud med min forstand. Jesus sa då til meg at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile som overgår min forstand. Ja, livet er no ein kamp for tilværet, men då skal eg ved Guds nåde få lov til å gjere bruk av Guds kraft.
Her er det opplagt noko som ikkje har fungert skikkeleg. Kvar blir det av den kona som eg har bedt Gud om og som han har lova meg som svar på mi bøn og med sitt eige Ord?
Legg inn giret at eg søker Herren om morgonen og late han leie meg gjennom dagen og la han bygge livet mitt.
Jesus sa til meg: ”Legg inn det giret i livet ditt, at du søker meg kvar morgon. At eg kan få vere den som leier deg gjennom dagen. At eg kan få lov til å vere med å bygge livet ditt vidare. Også inni samanhengar med andre menneske, der skal du få vere til hjelp. Der er mange rundt deg som treng hjelp, der er mange som lengtar etter nokon å snakke med.”
Eg har i lang tid drive med dette skriveriet mitt og det har verka passiviserande og det har ikkje vore sunnt for kroppen. Det har ofte vore nattarbeid så det har drygt før eg har kome meg opp om morgonane. Men eg har også tenkt på at eg skal gjere forandring på dette, jau eg skal legge inn den giren. No er eg oppmeld til to eksamenar som eg skal ta oppatt, kvantekjemi og vidaregåande cellebiologi. Eg reknar med Jesus vil bygge mitt liv på den måten, så han vil styrke meg til det. Så må eg byrje å gå turar og byrje å trene igjen.
Så får eg gå ut og prate med andre menneske. Men først og fremst skal eg altså prate med han Jesus frå tidleg om morgonen og la han leie meg gjennom dagen. Han er ikkje ein diktator, men eg får komme med forslag, kor det hadde vore å sette seg til å arbeide med eit fag, ta seg ei pause og gå seg ein tur, arbeide konstruktivt på dagtid og så ta fri på kvelden, lese noko anna, ta litt styrketrening, gå på besøk. Han høyrer meg betre enn eg høyrer han. Men når eg kjenner og opplever hans velsigning, hans salving, hans kjærleik og hans kraft, då kan eg kjenne meg trygg på det, så det fungeer som eit kriterium som eg har å gå etter. Eg skal vere vaken for å lytte til Andens tale. Men eg skal ikkje gjere meg større tankar om meg sjølv enn eg bør , men legge vinn på å tenke visleg.
RMR 12,1 – RMR 12,3 {DET KRISTNE LIVET} Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.
Skapt i Guds likning, forstå seg på skaparverket og få meining med tilværet.
Eg har nyst skrive om at Gud skapte alle ting med sitt Ord, så det synelge har vorte til av det usynlege, derfor er universet forståeleg, dette forstår vi ved å tru. Gud skapte menneska i si likning, derfor er vi i stand til å forstå. Så spørst det kor mykje vi forstår. Skal vi prøve å forstå ved bruk av matematikk, så er det stor skilnad på folk. Men at menneske har forstått så mykje som dei har gjort med moderne vitskap, tek eg som ei stadfesting på dette.
Trua på Jesus gir meining med livet og då må vi tru med hjertet, så vi får oppleve at den sanne Gud gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande, vi får oppleve at Gud styrker oss med si kraft. Mi interesse for å oppleve dette samsvarar med mi interesse for realfag, men det er altså med ei sybjektiv innstilling eg får oppleve det, så det er psykologi. Det treng ikkje vere sjukdom fordi om det er psykologi. Fråfallet førde til sjukdom, men når eg tok imot Jesus i mitt hjerte, sa eg ja til lækjedom frå den sjukdomen.
Dette har eg skrive om her: https://bluehost944.com/2019/02/02/miljopolitiske-dommedags-profetar-forbanninga-og-avlatshandelen-velsigninga-og-miljoet/
Fråfallet, gjer menneska til salsvare som trælar. Med ”splitt- og hersk-teknikk” vert uretten sett i system”. Men Jesus er Sanninga som set oss fri og han løfter oss opp på eit høgare plan.
Fråfallet var at dei ikkje trudde på Gud, ikkje vende seg til han og høyrde på hans Ord og det viste seg ved at dei forkasta Son hans. Dei erstatta trua med moralfilosofiske krav, men det vart å erstatte Israels Gud med avgudar, så med dei moralfilosofiske krava selde dei folket som trælar. Med sin moralfilosofi lagar dei eit hierarkisk system, der dei graderer menneskeverdet og det vert avgjerande for økonomien. I Noreg er der eit slik føydalt, hierarkisk system der storbonden på austlandet er på toppen, med nedtrapping mot vest, så småbrukaren ut med kysten, som driv fjordfiske, kjem på botnen av systemet. Så på folkelivsmuseet på Bygdøy er der eitt viktig hus som manglar og det er naustet, til tross for kor viktig dette huset har vore langs heile norskekysten.
Men Kristus er Sanninga som set oss fri og han løfter oss opp på eit høgare plan. Og når eg studerer realfag, ventar eg meg at vi skal ligge på eit høgare plan.
Møte kantar, ein smal veg og ein rydda veg.
I det gamle testmentet er det tale om vegen til livet og vegen til døden. Og så er det profetert om å lage veg i øydemarka og om ein rydja veg. (Jer.21, Jes.35,9).
Jesus sa at vegen som fører til livet er smal (Matt.7,14). Men så har han bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen og det er den rydja vegen. Når vi skal følge han her i livet, på denne jorda, så opplever vi at vegen er smal og krokete, vi møter på ”kantar”, som det vart sagt her, vi får motstand. Men Jesus har bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen, den er åpen og fri og vi må prioriterer å gå den vegen, både i løynkammerbøna og i kyrkjelyden. Vi søker fyrst Guds rike og hans rettferd, vi les i Bibelen, så ber vi og tek imot det som Jesus gir oss frå himmelen, så går vi ut på Ordet og får oppleve og sjå at Jesus er med oss i kvardagen og leier oss vidare.
Eg forstod det slik at Jesus kalla meg til å studere realfag, studere biologi og då forstod eg det på denne måten, eg skulle gå den vegen han hadde staka ut for meg, han hadde sett fram for meg ei opna dør der eg var kalla til å gå inn. Det sa han til meg gjennom tyding av tungetale i den frie kyrkjelyden eg gjekk i. Eg har vist til det så mange gongar at no gidd eg ikkje leite det opp. Men det er no enkelt å leite opp bibelverset:
ÅPE 3,7 – ÅPE 3,13 {TIL FILADELFIA} Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia: Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di! 12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn. 13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! (Joh.10,1-10).
Trenge inn i Ordet, søke Gud i løynkammerbøna, søke først Guds rike og hans rettferd. Så skal vi gå ut og vitne om Jesus. Livet er ein kamp for tilværet og eg opplever det ikkje rettferdig, men Jesus er med meg.
Når eg sa ja til Jesus, sa eg ja til fridom, ja til lækjedom, ja til å følge han. Som vi ser er det ikkje problemfritt, men dess viktigare er det å halde seg nær til Jesus, ta imot hans ord og tru på det, ta imot det han gir oss frå himmelen, bevare vårt frimod, først og fremst til å gå inn i den himmelske heilagdomen, dernest til å gå ut og prate med folk og nytte dei moglegheitene vi får til å vitne om han.
Vi skal trenge inni Ordet og ta imot det i tru, så det ved trua smeltar saman med oss i hjertet, slik får vi komme inn til Guds kvile. Han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile som overgår min forstand. Vi skal søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Vi skal gå inn i våre løynkammer og be til vår himmelske Far, som ser i det dulde og han vil løne oss opp i dagen.
Jesus ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, så sende han meg til Oslo med ein frigjerande bodskap og ein bodskap om gjenoppretting, for på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han sa eg skulle søke han i løynkammerbøna og kle meg i Guds full rustning og gå ut og vitne om han. Ei lita helsing frå han kunne vere nok for han til å gjere storverk, for han ville vere med meg og den Heilage Ande ville bruke det eg sa. For det var ikkje eg som skulel overtyde veda om synd, dom og rettfed, men han sende den Heilage Ande til verda for at den skulle gjere det.
Når eg møter vakre kvinner kan eg kjenne meg tiltrekt av dei, men då vender eg hjertet og hugen til Kristus og velsignar han og blir velsigna og slik opnar eg meg som kanal for hans velsigning til dei og opplever velsigninga i mitt hjerte og kjenner at det gjer meg godt. For Gud er god, han skapte og såg at det var godt, spesielt skapte han kvinna så ho skulle vere noko godt for mannen. Men i nokre tilfelle kjende meg meg så sterkt tiltrekt av ei kvinne, at eg innrømde overfor Gud at henne ville eg ha til kone og så fekk eg oppleve at Gud svarede meg og eg forstod det slik at han ville gi meg ei kone, for han er den same no som då han skapte. Først henne Virtuella, så henne Reella og eg vil også ta med henne Poly-Ester, sjølv om eg ikkje vart så overtyda om at han ville gi meg henne til kone, for det svaret Jesus gav meg var viktig.
Jesus sa eg skulle søke han av heile mitt hjerte og det minna meg om at når vi var unge levde ho Virtuella i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Det vart kontroversielt og konfliktfylt, med då skal eg ta parti med han, så eg ynskjer og ber for henne at ho små verte frelst og fri og komme inn att i dette kjærleiksforholdet til Kristus, som hans brud og til Faderen, som hans barn. Så eg vender meg til Jesus i bønn og opnar meg som kanal for hans velsigning til henne, slik som når vi gjekk på gymanset og no opplever eg det som at Herren er ein skugge ved mi høgre hand. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, så det vesentlege og fundamentale poenget med det er å få oppleve den krafta. Først og fremst fordi Jesus frelser oss for æva og gir oss evig liv, det skal vi glede oss over framfor alt. Dernest fordi Jesus utruster oss med dei åndelege nådegåvene til å leve for han, Gud bygger oss som Kristi brud, så vi blir til hjelp for han.
Ho har vore som den bortkomne sauen, vonleg har Jesus funne den att og får den med seg heim og då vert det fest. Ho har vore som den bortkomne sonen, no finn ho vonleg vegen til Faderen, han kjem henne i møte og så vert det fest. Men det saka gjaldt for mitt vedkommande, var i tillegg at eg bad Gud gi meg ei frelst kvinne til kone. Med sitt fråfall frigjorde ho seg frå det og for meg verka det som om ho med sin protest mot Paulus si lære om at kvinna skulel vere ei hjelp for mannen, tvert om motarbeidde meg, så ho endåtil kjempa mot at eg i det heile teke skulle få meg ei kone. Eg fekk oppleve at livet naturleg nok var ein kamp for tilværet, men naturleg nok venta eg at ei god kone ville vere til hjelp for meg, så det var nok ein grunn for meg til å be Gud gi meg ei kone. Men her er det tydelegvis ei religiøs og politisk makt som er komen inn i kyrkja og som forfører kvinna og lærer henne å kjempe mot den norske mann sitt tilvære i staden.
I kyrkja likar dei spesielt godt forteljinga om den bortkomen sonen, men dessverre verkar det som det er på den måten at når vert voksen, forlet dei faderhuset, for soleis å prøve for seg sjølve å få mest mogeleg ut av dette livet, så får dei heller komme tilbake som nokre angrande syndarar når dei er gamle, for å komme inn i himmelen når dei døyr. For der ligg verdslege maktinteresser i det. Den maktinteressa kallar eg ”den Lovlause” (2.Tess.2).
Vi kan prøve å forklare det med regimentlæra. I den gamle pakt var øvstepresten og kongen to ulike stillingar. Kongen regjerte i sitt slott og øvstepresten gjorde teneste i tempelet. Det svaer til dei to regimenta, men no er Kristus både kongars konge og øvsteprest til evig tid etter Melkesedeks vis, så eigentleg regjerer han i begge regimenta, sjølv om det er vanskeleg for oss å forstå det. Eg forstår det slik at der er to regiment samtidig og det betyr to tenkemåtar, ideelt sett fungerer dei to regimenta kvar for seg, samtidig. Men det verkar som dei gjer den feilen at dei slår dei samen, men då fungerer dei ikkje lenger skikkeleg. I praksis vert det åndelege regimentet erstatta av det verdslege, slik at menneska vert som bortkomne søner i sitt voksne og yrkesaktive liv. Slik heng fråfallet i kyrkja saman med Israels fråfall, ”Mor Israel” vart ei hore og slik gjer dei kyrkja til ei hore og slik gjer dei kvinna til ei hore. Dei innskrenker ytringsfridomen så han ikkje fri til henne ved bruk av språket og ved vedkjenninga av Jesu namn. Som slike som er komne før Kristus (Joh.10) med sin protest mot Paulus si lære, syter dei for å komme før mannen som vil vinne seg ei kone i helging, så det synest umogleg for han. Og så held dei edet for å vere vitskap?
Så sjølv om eg har bedt Jesus om ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, så synest det framleis umogleg. Men Gud kan gjere det umoglege mogleg. Jesus kjem til å tyne den Lovlause med pusten frå sin munn. Blir ho Virtuella frelst og fri, så hennar kjærleiksforhold til Faderen og Sonen vert gjenoppretta, så skal eg takke Faderen og Sonen for det. Men betyr det at ho skal verte kona mi? Gjer han det også mogleg? Sjølv om det betyr at han iverkset det som eg meiner og forstod han sa til meg når eg var i 20-åra, kan eg ikkje akkurat seie meg særleg fornøgd med det. Er dette rettferdig? Eg skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal eg få alt det andre i tillegg. Og Jesus har svart meg slik som Faderen svarde den heimeverande sonen, med den Anden Jesu gir meg frå himmelen får eg seie til Jesus at alt som er hans er mitt. Eg har bedt han om noko og han gir meg det som arv. Ja, eg har då bedt han om ei frelst kvinne til kone og det er ikkje ei forførd og bortkommen kvinne.
Eg skal no vere ekte og ærleg og då kan eg ikkje akkurat seie eg synest dette er rettferdig at ho no skal verte kona mi. Gud vil at alle skal verte frelst og komme til å erkjenne sanninga, så dei vert fri. Blir ho frelst og fri, så oppfyller det lovnaden også som svar på mi bøn for henne og då vil eg gjerne vere med på gledesfeste, for eg hugsa vel kor godt det var å vere saman med henne når ho levde i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen.
Men vi kjem ikkje forbi at eg også bad han om ei frelst kvinne til kone og at eg oppfatta det slik at han svarde meg på den bøna også. Skal eg forstå det slik at han vil innfri det ønsket som svar på mi bøn når eg var ung og oppfylle lovnaden ved at ho vert kona mi, no når ho er gammal? I så fall vil eg minne han om dei svar han gav meg når eg bad for henne Reella og henne Poly-Ester også. Siste ord er ikkje sagt i denne saka, han som er alfa og omega skal få siste ord. Men eg skal opne meg som kanal for Jesu velsigning til dei, eg skal glede meg i hans frelse, glede meg i han og så håper eg dei også vil gjere det.
Vi har fri vilje, men det har Gud også og han har makt til å gjere slik som han vil. Han frelser og bygg Jesu kyrkje.
Vi har fri vilje, tankefridom og ytringsfridom, vi kan tenke, tale og velje å gjer slik som vi vil. Men Gud har også ein fri vilje og gjer slik som han vil og han har makt til det også. Det verkar paradoksalt. Men for vårt vedkommande må det vere om å gjere å tenke konstruktivt og velje å kommunisere og arbeide konstruktivt til gagn både for oss sjølv og andre. Då er det viktig for oss å velje å vere Guds medarbeidarar. Herrens auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan hjelpe den som heilhjarta held seg til han.
Eg har no bedt til han og han har svart meg og han har kalla meg til å stige fram for han og snakke med han, verte ståande for hans åsyn og snakke med han. Han er Guds Ord og det skaper det som det nemner. Han gjer slik som han vil. Likevel opptrer han som friar overfor si kyrkje og dermed overfor einskilde kvinner. For han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Kyrkja er hans brud, han elskar henne med kjærleiken frå Gud, han skaper henne og bygger henne og Kristus kallar henne for si brud. Til samanlikning med skapinga i 1.Mos.2. Adam sa ho skulle kallast kvinne fordi ho var teken av ein kar. Her står det ikkje noko om frieri, her sa ikkje kvinna noko. Forteljinga er nok komprimet, det er essensen som er viktig. Poenget er at Gud gjorde sitt verk og Adam erkjente det. Sjølvsagt prata Adam med henne, så ho fekk vite kva Gud hadde sagt til han.
Når eg gjekk på gymnaset og merka at eg byrja å verte glad i henne Virtuellag, vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekke i ny fylde av den Heilage Ande. Og eg er viss på at det gjaldt henne også. Siste året på gymnaet inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud (vedkjenning til Gud) med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Ja, når eg søker Gud i løynkammeret og og vedkjenner for han at Kristus er Herre, så får eg oppleve at han gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande.
Og no når eg les i Bibelen og snakkar med han og han svarar meg, så får eg atter oppleve at Gud gjer sitt verk i mitt liv ved sitt Ord og sin Ande, så eg vedkjenner det og det vert forpliktande for meg, eg må lyde Kristus ved å tru på han og kjennast ved han som min frelsar og Herre. Og eg opplever det som godt for meg, eg velsignar Jesus og blir velsigna, eg får oppleve at han elskar meg med kjærleiken frå Gud, eg får oppleve at Gud gjer sittverk med meg ved sitt Ord og sin Ande og eg opplever at det er godt for meg. Eg får oppleve at Faderen elskar meg og har omsorg for meg som sitt barn.
Eg skal la Jesus leie meg og bygge livet mitt.
Når eg gjekk i ein fri kyrkjelyd i Oslo, sa Jesus til meg at eg skulle få ha kyrkjelyden som eit kraftsenter i livet mitt. Han ville ta seg av mi sak som si sak. Eg forkalrer begge deler med at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han vil frelse og frigjere kvinna og sin kyrkjelyd, som si brud, så ho skal tilhøyre han. Og eg har bedt om å gi meg ei frelst kvinne til kone.
Han at eg skulle la han ta omsorg for sine born og sine henders verk (bodskapen 2.7.2006). Og no sa han at eg skulle la han leie meg og bygge livet mitt. Eg er hans medarbeider og når han leier meg i kvardagen så blir eg ein medarbeidar for menneske som eg møter.
Bodskapen 2.12.2001:
”……i min menighet. (Det måtte sikkert vere velsigninga det er tale om her, straumen med levande vatn.) Åpna ditt hjerte, for den flyt også deg i møte, mitt elskede barn, og eg ønsker å nå deg, slik at du skal få oppleva både hjelpen ifra helligdommen og støtten ifra Sion. Eg har opna himmelen over deg, men også mens du vandrer her nede, skal du få oppleva det er en husvalelse som flyter midt i min menighet. Og denne husvalelse skal også du få lov til å bringa ifrå ditt hjerte, der eg får væra, der eg får bo, der eg får leva ved troen, skal du også få bringa denne velsignelsen med deg ut. Derfor har eg plassert deg, eg har plassert deg midt iblant mitt folk, slik at du der skal få oppleva å bli fylt, igjen og igjen og igjen. Og så kan du få lov til å ta denne fylde, denne kraft, denne velsignelse med deg, midt ut i hverdagen. Og husk då på at, då vil eg også i den grad fylla deg at det får flyte over kanten av ditt hjerte. Og du får oppleva sannheten av ordet, fra deres liv skal det som skriften har sagt rinne strømmer av levende vann. Og så skal du sleppe å frykta for å gi ut, for eg har ny fylde. Slik skal du få oppleva at min menighet skal du få venda tilbake til, for å oppleva ny fylde, ny velsignelse, ny støtte, og slik skal du få ha menigheten som et kraftsenter, og du skal få ha den som en -, en velsignelsessenter i din tilværelse. Og du skal få oppleva at -, du kan også -, du skal oppleve at i min menighet så finnes det en motkraft imot de nedbrytande krefter du får -, får oppleve du er bombardert av. Søk næring, søk hjelp, opna deg for velsignelsen, den er her. Og i min menighet, der eg er midt i blant, sier Herren, skal du også få oppleva at, der er eg som miraklenes Gud, der er eg som åndsdøperen, der er eg som den store legen, der er eg som den som kan gjøra det umulige mulig. Eg er underets Gud, miraklenes Gud. Vit at det er en undergjørande kraft også i min menighet, fordi eg er der, sier Herren, og eg har det navnet som, der eg fremdeles kalles Under, veldig Gud, evig Fader, og rådgiver. Amen. Amen i Jesu namn.”
One response to “2019.02.03. Sion Åheim. Gud valde ut det som ingen ting er, for å gjere det vise og sterke til skamme.”
[…] 2019.02.03. Sion Åheim. Gud valde ut det som ingen ting er, for å gjere det vise og sterke til&nbs… […]