Sion Åheim.
Tale ved Wahll.
Har ikkje Kristus stått opp, så er vi skrøpelegare enn alle menneske, men no er han oppstått.
1KO 15,19 – 1KO 15,20 Har vi berre for dette livet sett vår von til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske. 20 Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er fyrstegrøda av dei som er avsovna. [fyrstegrøda: den fyrste delen av avlinga. Sjå 5 Mos 18, 4. Innhausting er eit vanleg bilete på fullendinga i Guds rike. Sjå Matt 13, 39 ff; Joh 4, 35 f.]
Folk snakkar ofte om kva dei trur på, men vi må gjere det klart at vi trur på ein person, Jesus Kristus.
2KO 5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.
RMR 8,1 – RMR 8,3 {LIVET I ANDEN} Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. [den vonde menneskenaturen: før omsett “kjøtet”. Same ordet er òg omsett “vår natur”, “den syndige naturen” o. l. Sjå Gal 5, 17; Ef 2, 3.]
I Efesarbrevet vert det mange gangar sagt ”i Kristus”.
EFE 1,3 – EFE 1,4 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. 4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt, så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn.
EFE 1,7 I han har vi utløysinga som vart vunnen ved hans blod, forlating for syndene. Så rik er hans nåde,
EFE 1,11 I han har vi fått arvelut, vi som føreåt var etla til det etter Guds forsett, han som gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje.
EFE 1,13 I han kom de òg til tru då de høyrde sanningsordet, evangeliet om frelsa dykkar. I han er de merkte med eit segl, Den Heilage Ande som var lova,
Aktuelle bibelvers.
JOH 1,12 – JOH 1,14 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. 14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.
EFE 1,10 om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne: å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda.
EFE 2,6 – EFE 2,7 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus.
EFE 2,10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.
EFE 2,13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod.
EFE 3,6 at heidningane er medarvingar; dei høyrer med til same lekamen og har del i lovnaden – i Kristus Jesus og ved evangeliet.
EFE 3,11 Dette hadde Gud sett seg føre frå evig tid, og no har han fullført det i Kristus Jesus, vår Herre.
EFE 3,21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.
EFE 4,32 Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus.
EFE 5,21 Ver kvarandre underordna i age for Kristus.
One response to “2019.04.28. Sion Åheim. I Kristus.”
[…] bodskapen 2B, 28.4.2019. https://tsivert.com/2019/05/01/2019-04-28-sion-aheim-maranata-oslo-tal-til-berget-og-drikk-av-det-le…, var det også tale om nokon som leid […]