31.3. – 3.4. 2019. Sion Åheim: Jesus står for døra og bankar, han vil inn og holde nattverd med den som opnar opp for han. Hakkalestranda bedehus: “Kjære Jesus, ……”

2019.04.02. Sion Åheim.

Innleiing ved Olav Harald Vik.

Han las nokre vers frå Heb.9 om at Jesus gjekk inn i den himmelske heilagdomen som øvsteprest for den nye pakta. Eg tek med:

HEB 9,11 – HEB 9,28 {KRISTUS SOM ØVSTEPREST}  Men Kristus er komen som øvsteprest for dei frelsesgode som vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer denne skapte verda til. 12 Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle. Og såleis vann han ei evig utløysing. 13 For når blodet av bukkar og oksar og oska av ei kvige gjer heilag og rein i det ytre når det vert skvett på det som er ureint, 14 kor mykje meir skal ikkje då Kristi blod reinsa samvitet vårt frå døde gjerningar, så vi kan tena den levande Gud! For ved ein evig Ande har Kristus bore seg sjølv fram som eit lytelaust offer for Gud. 15   Så er då Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde, og det vart til utløysing frå misgjerningane i den fyrste pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova. 16 Det er med pakta som med eit testamente: Det må stadfestast at den som har gjort det, er død. [pakt, testamente: -> Gal 3, 15. 17.] 17 Det tek fyrst til å gjelda når han døyr; det gjeld ikkje så lenge han lever. 18   Difor vart heller ikkje den fyrste pakta innvigd utan blod. 19 For då Moses hadde kunngjort for alt folket alle boda i lova, tok han blodet av kalvane og bukkane saman med vatn, skarlaksraud ull og isop og skvette blodet både på bokrullen og på alt folket 20 og sa: “Dette er blodet til den pakta Gud har fastsett for dykk.” 21 Sameleis skvette han blod på teltet og på alle dei kar som vart nytta i gudstenesta. 22 Etter lova vert mest alt reinsa med blod, og utan at blod vert utrent, får ingen tilgjeving. 23   Så må då dei jordiske bileta av det som er i himmelen, reinsast på denne måten. Men den himmelske heilagdomen må reinsast med betre offer enn desse. 24 For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, og no stig han fram for Guds åsyn for vår skuld. 25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Like visst som det er så laga at menneske må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.  

Tale ved Rory Kaye.

Rory er ein svensk messiansk jøde.

Han sa at han brukte ikkje å be til Jesus, men å be i Jesu namn, for det hadde han sagt at vi skulle gjere. 

Han fortalde han møtte nokre kristne kinesarar, dei hadde berre tre dagar på seg og ville bruke tida godt, både natt og dag, til å få opplæring i den kristne trua. For dei som hadde vore kristne lengre enn sju år i kyrkjelyden deira, var i fengsel. Dette var visst typisk, så det har vorte vanskelegare for dei kristne i Kina.

Han fortalde om eit prosjekt i Somalia, i eit område vart det produsert så mykje meld at dei ikkje klarde å ta unna, så mykje gjekk til spille. Dei trengde eit meieri som han samla inn pengar til, kollekten gjekk til det. Der var mykje muslimar i området og dei spurde han etter ein profeti. Det ville han tenke på og når han møtte dei igjen sa han at dei måtte slutte å omskjere jentene og byrje å sende dei på skule.

Så las han:

1JO 2,12 – 1JO 2,15 {ELSKA IKKJE VERDA!}  Eg skriv til dykk, mine born, fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld. 13 Eg skriv til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet. Eg skriv til dykk, de unge, fordi de har vunne over den vonde. 14 Eg skriv til dykk, mine born, fordi de kjenner Faderen. Eg skriv til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet. Eg skriv til dykk, de unge, fordi de er sterke. Guds ord vert verande i dykk, og de har vunne over den vonde. 15   Elska ikkje verda og heller ikkje det som er i verda! Den som elskar verda, har ikkje kjærleiken til Faderen i seg.

Den gamle pakt var ti bod og to lovnadar. Israels Gud skulle vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Den nye pakt er to bod og minst 4 lovnadar som vi finn i

HEB 8,10 – HEB 8,13   Nei, såleis er den pakta eg vil gjera  med Israels folk i dagar som kjem, seier Herren:  Eg vil leggja mine bod i hugen deira  og skriva dei i hjarto deira.  Eg vil vera deira Gud,  og dei skal vera mitt folk. 11   Då skal ingen lenger læra  sin landsmann og sin bror og seia: “Kjenn Herren!”  For dei skal alle kjenna meg,  både små og store. 12   For eg vil sjå på deira urett med miskunn  og aldri meir koma deira synder i hug. 13   Når Gud talar om ei ny pakt, har han dermed sagt at den fyrste er forelda. Men det som vert gamalt og forelda, vert snart borte.  

Gud ville sjå på deira urett med miskunn og aldrig meir koma deira synder i hug. Så sjølv om han ikkje meir kom ihug deira synder, såg han framleis urett, men ville sjå på det med miskunn.

Han kalla dei to boda for thora, men det har ei vidare tyding enn lovgjerning, det kan oversettast med vegvising og instruksjon. Det eine bodet er at  vi skal elske kvarandre, vi skal elske kvarandre slik som han elska oss. Han tok imot ifrå Faderen og delte med dei andre, det skal vi også gjere. Det andre bodet er misjonsbefalinga.

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved ei anna kvinne.

Mine elska born, eg har kalla dykk inn til samfunn med meg, eg har løyndomar som eg vil vise for deg, men då må du komme ut til meg og vere hos meg. Eg vil at du skal komme …., vere hos meg, så skal du få høyre mine ord. 

Sjå eg står for døra og bankar, vil du opne opp? Eg vil holde måltid med deg. Eg vil vere intim med deg. … teikn. Vil du opne opp?

Kommentar frå Rory:

De er aldri aleine, seier Herren, men derimot ventar eg på deg åleine, veldig ofte. De er aldrig åleine, seier Herren, men derimot ventar jag på er, på deg, åleine, veldig ofte. Nu får vi fikse til det, seier Herren. Kom og be til saman med meg og lær deg å vandra i bøn, kvar du enn befinn deg. Lær deg å kunne ta til einsam med meg, men også at kunna halda deg førenat med meg, var du enn befinn deg. Amen.  

Tankar og bønn for møtet.

Hjerteomskjeringa i den Heilage Ande.

Apropos Freuds psykoanalyse, så vart omskjeringa i den gamle pakt gjort på mannens kjønnslem, slik vert det gjort klart at trua på Gud har med seksualiteten å gjere, omskjeringa fortel oss at det er rett. Syndefallet og Israels fråfall resulterte i at menneska konkluderte med at slik skulle det ikkje vere. ”Mor Israel” var Guds kone, men ho vart ei fråfallen hore.

Omskjeringa i den gamle pakt er førebilete på hjerteomskjeringa i Anden i den nye pakt, vi får den Heilage Ande ved trua på Jesus, av berre nåde. Då skal vi la Anden råde i vår døyelege lekam, la den råde over lystene i lekamen, spesielt skal vi la den råde over kjønnslysta. Korleis då? Ved fylden av den Heilage Ande. Vi fekk Anden av berre nåde ved trua på Jesus, gratis, utan krav om gjerningar, har vi byrja i nåden og Anden, så skal vi fullføra i nåden og Anden. Har vi Kristi Ande, så tilhøyrer vi han og skal leve for han. 

Så både omskjeringa og hjerteomskjeringa i den Heilage Ande fortel oss at seksualiteten vi skal la seksualiteten vere noko som Gud har med å gjere, ved at vi let Anden råde i vår døyelege lekam, så vi skal la den råde over lyst, spesielt skal vi la den råde over kjønnslysta. Men det er ikkje altså ikkje vårt eige verk, men Guds verk, så eg vil seie det slik at den Heilage Ande er Guds utøvande makt i vår kropp og i våre liv. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Poenget er at vi tilhøyrer Kristus og då skal kroppen vår også tilhøyre han, slik er Jesu kyrkje hans kropp og hans brud. 

Det er ikkje eit resultat av lovgjerningar eller noko som mennesket i det heile teke har prestert, verken i arbeid, skulegang eller idrett, det er slett ikkje noko som vi har prestert å tenke oss fram til. Men det som var umogleg for menneske, det gjorde Gud. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Og det han gjer er framleis umogeleg for menneske å gjere.

Ved trua på Jesus får vi oppfylt lovnaden, som er gitt i Joel.3, om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt. Mange talar om dette som motsetnad og fiendskap mellom Anden og kjøtet, så mange menneske oppfattar det slik. Men er ikkje problemet då at dei framleis tenker slik som i den gamle pakt, tenker slik som Paulus talar om i Rom.7? Kjøtets lyst vert ikkje tilfredsstilt likevel, det kan du berre gløyme, så desse behova og bønene dine må du ikkje komme her med, får du ikkje komme til Kristus med. Resultatet er at menneska vender seg til politikarane med behova sine i staden, så dei byrjar å be til dei som gudar. 

Men Gud har då forsona verda med seg i Kristus, slik gjorde han slutt på fiendskapen mellom seg og menneske og mellom jødar og heidningar. Så eg vil heller seie det slik, at når Gud utgyt sin Ande over kjøtet, så blir kjøtets lyst tilfredsstilt. Gud tilfredsstiller all vår trong i herlegdom i Kristus Jesus. Vårt mest fundamentale behov er livets vatn og livets brød, den Anden og det livet som Jesus gir oss. Når Jesus tilfredsstiller dei behova, så tilfredsstiller han dei andre behova også. Vi går inn gjennom døra til sauene og så går vi inn og ut og finn føde. Vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det.

Det, brødet, det livet og den Anden Jesus gir oss frå himmelen er fullkome, ved trau på han tek vi imot og får det av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Slik er hjerteomskjeringa i den Heilage Ande, får vi oppleve at Gud gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande, det han gjer er fullkome og evigvarande, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Dersom då nokon kjem og krev at vi skal prøve å prestere noko med våre eigne i staden, blir det som å krevje at vi skal prøve å legge til noko eller ta noko ifrå, kanskje nettopp for å prøve å legg til noko sjølve med våre eigne gjerningar, ja, kanskje nettopp derfor krev at vi skal la oss omskjere, så blir det eigentleg sundskjering. For vi er då omskorne, med hjerteomskjeringa i den Heilage Ande, så det blir som å krevje at vi skal skjere vekk noko meir, men et blir då sundskjering og skamskjering, det blir som å skade seg.

Jesus tilfredsstiller min lengsel og gir meg kvile.

Jesus har sagt til meg at han har lagt lengselen ned i meg og han vil sjølv tilfredsstille den. Det er ved fylden av den Heilage Ande, av hans salving og hans kraft. Eg skal berre kaste meg ut i nådens flod. Det levande vatnet får eg gratis, av berre nåde.

Han sa til meg at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og mitt sinn, som overgår min forstand. Då tenkte eg først på henne Virtuella, så henne Reella og eg forstod at det var ved fylden av den Heilage Ande. Så eg må vende hugen og blikket opp til han og ta imot det som han gir meg frå himmelen, velsigne han så eg blir velsigna, han vil gjere meg til kanal for si velsigning, då må eg berre opne meg for det og la han gjere det. 

Og så må eg også gå ut med den glade bodskapen.

Då var det på tide å fare på møte, eg fekk haike med naboen.

Tankar og bønn etter møtet.

Velsigna med typisk norsk lusagensar.

Før møtet byrja, gjekk Rory rundt og helste på oss. Når han kom til meg sa han at vi var omtrent like store. Tidlegare på dag hadde han vore på jakt etter ein slik ”lusa-gensar” som eg hadde på meg, så han spurde kvar eg hadde fått tak i den. Eg fortalde eg hadde kjøpt den på Rognve i Ålesund.

Etter møte var det kveldsmat i kjellaren og fortalde han at eg hadde vore eit år på ein kibbutz i Israel. Han sette seg ved same bordet som eg og vi hadde ein interessant prat. Han vart interessert i å kjøpe gensaren, den var endåtil i israelske fargar, blått og kvitt. Kanskje den passa, han var 145 kg og anslo mi vekt til 125 kg og då traff han godt. Han fekk prøve den og den passa. Så han fekk den, eg satsa på at der låg velsigning i det. Kanskje det blir som når Elisja fekk kappa til Elias? Men altså, vi vert velsigna ved å velsigne Jesus og han har sagt han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning.

Jesu bod.

Jesu bod er at vi skal tru på han, elske han og elske kvarandre.

JOH 6,29 Jesus svara: “Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.”

JOH 13,34 – JOH 13,35 Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. 35 På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.”   

JOH 14,1 {VEGEN, SANNINGA OG LIVET}  Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!

Kjære Jesus.

Eg stussa litt på at han sa at han ikkje ber til Jesus, men berre ber i hans namn. Jesus er då mellommann for ei ny pakt, mellommann mellom Gud og menneske, vår øvsteprest hos Faderen. Han talar vår sak hos Faderen. Når vi ber til han, så ber han for oss og talar vår sak hos Faderen. Det er  i alle fall bønn i hans namn. Men det er klart det er viktig for oss å lære å be i hans namn. Poenget er at vår bøn er i samsvar med hans interesse, så hans bøn blir den fundamentale interessa i vår bøn.

SLM 2,7 – SLM 2,9   Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.  Han sa til meg: “Du er son min,  eg har født deg i dag. [det Herren har fastsett: kanskje eit ord frå Gud til kongen på kroningsdagen. Sml. 2 Kong 11, 12.] [født: Kongen har fått stilling som son, med fullmakt til å styra på Guds vegner.] 8   Bed meg, så gjev eg deg folka til arv  og heile jorda til eige. 9   Du skal knusa dei med jernstav  og slå dei sund som leirkar.” [jernstav: styrarstav av jern.]  

Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi når eg var ein liten gutunge, det var å påkalle Kristus som vår Herre og frelsar ved å seie ”kjære Jesus”. Det er vanleg i bedehusmiljøet på Sunnmøre, men i desse evangeliske kyrkjelydane i Oslo høyrer eg det sjeldan. Men eg har helde fram med å påkalla han slik i mitt stille sinn og det har fungert, han har svart meg i desse karismatiske kyrkjelydane.

Når eg var ung, hende det eg følte meg litt brydd, for det verka så feminint, som ei kvinne som er glad i ein mann, men eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var fødd i meg ved den Heilage Ande, så eg tenkte som so at for meg gjeld det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Sidan oppdaga eg at det høvde no svært så bra med Paulus si lære.

Etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde, spurde han Peter om han elska han. Peter svarde at han hadde han kjær. Jesus spurde oppatt to gongar, han brukte ordet ”elskar”, Peter svarde på same måten, med ordet ”kjær”. Eg har høyrt ei tale der det vart forklart at Peter svarde litt unnvikande, for  ”å elske” er sterkare enn ”å ha kjær”. 

Dersom eg vert skikkeleg forelska i ei jente, så blir vel ”elske” rette ordet. Eg kan verte skuffa, men uansett spørst det om eg har vit til å halde meg til kjelda med det levande vatnet. Elles blir det som å drikke av verda sine sprukkne brønnar, som ikkje held vatn. Kjærleiken er ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og gitt Son sin til soning for syndene våre. vi elskar fordi han elska oss først. Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken, derfor skal vi glede oss. Eg meinar denne kjærleiken har eg opplevt sterkast ved at eg bad for ei kvinne som eg vart glad i og fekk oppleve at Faderen og Sonen elska henne gjennom meg, ved fylden av den Heilage Ande. Først henne Virtuella, så henne Reella.

Kom til den levande steinen.

Ingen har moglegheit til å komme til Gud utan at Gud frelser dei. Den sanne Gud kallar menneska til seg ved forkynninga av den glade bodskapen om Son hans, Jesus Kristus. Der finst ingen annan frelsar enn han og han har openberra si frelse for oss i Kristus, han er vegen sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. 

Apostelen Peter forkynner kallet slik:

1PE 2,1 – 1PE 2,10 {DEN LEVANDE STEINEN OG DET HEILAGE FOLKET}  Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god. 4   Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:  Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,  som er utvald og dyrverdig;  den som trur på han,  skal ikkje verta til skammar. 7   Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til. 9   Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.  

2019.04.03. Hakkalestranda Bedehus.

Gamle bedehus-slagerar.

Det var møte i den Indre sjømannsmisjonen og det var litt spesielt å høyre gamle bedehusslagerar igjen.  Ein som heitte Torgeir spelte piano og song ”Ungdommens frelser”. Seinare i møtet varta Musikklaget opp med ”Syng, ja, syng om min gjenløser”, ”I det fjerne eg skuer et underfullt”.

Innleiing ved Olav Harald Vik.

Han fortalde litt om besøket av Rory på Sion dagen før og brukte noko av same bibelversa.

Heb.8,6… & 9,11…

Tale ved Andre Sætre.

JOH 19,1 – JOH 19,27   Pilatus tok no Jesus og lét dei piska han. 2 Soldatane fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans og hadde på han ei purpurkåpe. 3 Så steig dei fram for han og sa: “Ver helsa, du jødekonge!” Og dei slo han i andletet. 4 Atter gjekk Pilatus ut or borga og sa til folket: “Her kjem eg ut til dykk med han, så de skal skjøna at eg ikkje finn skuld hjå han.” 5 Så kom Jesus ut, med klungerkrona og purpurkåpa på. Og Pilatus sa til dei: “Sjå det mennesket!” 6 Men då overprestane og mennene deira fekk sjå han, ropa dei: “Krossfest! Krossfest!” Pilatus seier til dei: “Ta de og krossfest han! Eg finn inga skuld hjå han.” 7 Jødane svara: “Vi har ei lov, og etter lova er han skuldig til å døy, fordi han har gjort seg sjølv til Guds Son.” 8   Då Pilatus høyrde det, vart han endå reddare. 9 Han gjekk inn att i borga og sa til Jesus: “Kvar er du ifrå?” Men Jesus gav han ikkje noko svar. 10 “Svarar du meg ikkje?” sa Pilatus. “Veit du ikkje at eg har makt til å gje deg fri og makt til å krossfesta deg?” 11 Jesus svara: “Du hadde inga makt over meg om du ikkje hadde fått henne ovanfrå. Difor har han større skuld, han som gav meg over til deg.” 12 Etter dette ville Pilatus gjerne gje han fri. Men jødane ropa: “Gjev du denne mannen fri, er du ikkje keisarens ven. Den som gjer seg sjølv til konge, set seg opp mot keisaren.”  13 {JESUS VERT DØMD}  Då Pilatus høyrde det, førte han Jesus ut or borga og sette seg i domarsetet på ein stad dei kallar Helleplassen, på hebraisk Gabbata. 14 Det var helgaftan før påske, ikring den sjette timen. Så seier Pilatus til jødane: “Sjå, her er kongen dykkar!” 15 Men dei ropa: “Bort med han, bort med han! Krossfest han!” “Skal eg krossfesta kongen dykkar?” spurde Pilatus. “Vi har ingen annan konge enn keisaren,” svara overprestane. 16 Då gav han Jesus over til dei, så han skulle krossfestast.  17 {KROSSFESTING OG DØD}  Så tok dei Jesus med seg. Han bar sjølv krossen sin og gjekk ut til den staden dei kallar Hovudskallen, på hebraisk Golgata. 18 Der krossfeste dei han, og saman med han to andre, ein på kvar side, og Jesus midt imellom dei. 19 Pilatus hadde skrive ei innskrift og sett på krossen. Der stod det: “Jesus frå Nasaret, kongen over jødane.” 20 Mange av jødane las denne innskrifta, for staden der Jesus vart krossfest, låg nær byen, og innskrifta var på hebraisk, latin og gresk. 21 Overprestane åt jødane sa då til Pilatus: “Skriv ikkje kongen over jødane, men at han sa: Eg er konge over jødane.” 22 Pilatus svara: “Det eg skreiv, det skreiv eg.” 23   Då soldatane hadde krossfest Jesus, tok dei kleda hans og skifte dei i fire luter, ein lut til kvar soldat. Kjortelen tok dei òg; han var utan saumar, heilvoven ovanfrå og ned. 24 Då sa dei til kvarandre: “Lat oss ikkje riva han sund, men kasta lodd om kven som skal ha han!” Såleis skulle dette skriftordet oppfyllast:  Dei skifte kleda mine mellom seg  og kasta lodd om kjortelen min. Dette gjorde soldatane. 25   Attmed Jesu kross stod mor hans og morsyster hans, Maria som var gift med Klopas, og Maria Magdalena. 26 Då Jesus fekk auga på mor si, og såg den læresveinen han hadde kjær stå attmed henne, sa han til mor si: “Kvinne, det er son din.” 27 Så sa han til læresveinen: “Det er mor di.” Frå den stunda tok læresveinen henne heim til seg.

Jesus fekk 39 piskeslag og der er 39 hovudsjukdomar. Og vi får lækjedom ved hans sår.

JES 1,18 {GUDS TILBOD OM NÅDE}  Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren.  Om syndene dykkar er som purpur,  skal dei verta kvite som snø;  om dei er raude som skarlak,  skal dei verta kvite som ull.

JES 53,7   Ille medfaren vart han, men bar det audmjukt;  han lét ikkje opp sin munn,  som lammet dei fører til slakting,  og sauen som teier når han vert klypt;  han lét ikkje opp sin munn.

HEB 10,14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne.

Vi har forløysinga ved hans blod, forlating for syndene (Ef.1,7).

ÅPE 22,17 Anden og brura seier: “Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: “Kom!” Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

One response to “31.3. – 3.4. 2019. Sion Åheim: Jesus står for døra og bankar, han vil inn og holde nattverd med den som opnar opp for han. Hakkalestranda bedehus: “Kjære Jesus, ……””

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: