Innleiing ved Oddleif Wahl.
Oddleif refererte til Jer.29,11: «For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.»
Ingar Nikolaisen var med han frå Oslo og no skulle han halde tale. Dei var ikkje sangevangelistar, men hadde med seg ein prosjektor med musikk, som dei brukte til å leie lovsangen med.
Tale ved Ingar Nikolaisen.
Ingar las ifrå 1.Joh.4,13….
1.Joh.4,13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.
Så snakka han om at når vi vedkjenner Guds Ord, så blir det slik, han refererte til Paulus sine ord om at dersom vi sannar med munnen vår at Kristus er Herre, så skal vi verte frelst, for med munnen sannar vi til frelse (Rom.10). Kva seier du, siger eller nederlag? Dei kjem frå Mysen ved Oslo og der er det noko dei kallar «Bygdedyret», dei brukar det om bygdesladderen. Folk kan verte knuga av det. Men evangeliet frigjer oss frå det.
Ef.6,10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.
1.Joh.4,4 Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda.
Mark.11,23 Sanneleg, det seier eg dykk: Om nokon seier til dette fjellet: Lyft deg opp og kast deg i havet, og han ikkje har tvil i hjarta, men trur det vil gå som han seier, då skal det gå som han vil.
Tilgi, så får du tilgjeving.
Apgj.1,8 Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.»
Joel.3,1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
Så fortalde han om ei vekking på Hebridane i 1949, der dei vart minna om Salme24 og at Gud ville helle vatn over det tørre.
Salme.24,1 Ein Davids-salme.
Jorda og det som fyller henne,
verda og dei som bur der,
alt høyrer Herren til.
2 For han har grunnlagt henne på hav,
grunnfest henne på strøymande vatn.
3 «Kven kan stiga opp til Herrens fjell,
kven får stå på hans heilage stad?»
4 «Den som har skuldfrie hender
og eit reint hjarta,
den som ikkje fer med svik
og ikkje gjer rang eid,
5 han får velsigning frå Herren
og rettferd frå Gud, sin frelsar.»
Jesaja.44,1 Men høyr no, Jakob, min tenar,
du Israel, som eg har valt ut!
2 Så seier Herren,
han som har skapt deg og laga deg
og hjelpt deg alt frå mors liv:
Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,
Jesjurun, som eg har valt ut!
3 For eg vil renna vatn over det tyrste
og straumar over det turre.
Min Ande vil eg renna ut over di ætt
og mi velsigning over dine etterkomarar.
Paulus sa han kom med ei fylde av Guds velsigning.
Tungetale ved Palma Åhjem, tyding ved Oddleif.
«Min sjel fryder seg i din frelse, takk at du har lagt en lovsang i mitt hjerte og jeg ynskjer å opphøye ditt namn, kjære frelser, jeg ønsker å opphøye deg over alle andre namn, for du er min sjels frelse, du er mitt legemes forløser og helbreder og jeg vil gi deg ære, for at du er over alle andre. Og jeg vil prise deg midt i de helliges forsamling og jeg vil gi deg ære så lenge jeg lever. Amen.»
Kommentar.
Ja, når vi vender oss til Jesus og velsignar han, så vert vi velsinga og vert til velsigning, då seier vi velsigninga også og velsigninga får konsekvensar. Jesus sa han ville gjere meg til kanal for si velsigning. Han han mange gangar sagt eg eg skal sjå på han og sjå at han har sett framfor meg ei open død. Mange gangar han han sagt at eg må læfte blikket opp til han, ja, så løfter eg det då, men nyst sa han eg skulle løfte blikket opp til han, der han sit ved Faderens høgre hand, då vart det klart for meg at eg måtte løfte den endå høgre. Vi skal la hans Ande råde i vår døyelege lekam, ja, men så er der så mange verdslege autoritetar som også vil ha makt over oss, men då må vi løfte blikket endå høgare, opp til han, der han sit ved Faderens høgre hand. I det vi ser på han, der han sit ved Faderens høgre hand, så innser vi og erkjenner at han har fått all makt i himmelen og på jorda, over alt som menneske heiter. Han har fått makta over min kropp, over kjønnslysta, slik som omskjeringa symboliserer og hjerteomskjeringa i den Heilage Ande gjennomfører. Og så ventar eg meg at han gir meg ei frelst kvinne til kone, så det vert ved at ho også erkjenner at han er Herre, så ho vert tiltrekt av han, som hans brud. Eg opphøyer han som min frelar og Herre og det vil ho også gjere. Vi opphøyer han over alle andre namn og når han vert opphøya, vil han dra alle til seg.