Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2019.03.10. Maranata. Jesus vil løfte deg opp med sin Ande og si kraft, så sjå ikkje på deg sjølv, men på den krafta han gir deg og som han løfter deg med.

Innleiing ved Morten.

Salme.51.Til korleiaren. Ein salme av David, 

2 då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hjå Batseba.

3 Ver meg nådig, Gud, i din truskap,

stryk ut mine brot i di store miskunn!

4 Gjer meg rein og fri for skuld,

og reinsa meg for mi synd!

5 For mine brot kjenner eg,

mi synd står alltid for meg.

6 Einast mot deg har eg synda,

det som er vondt i dine augo, har eg gjort.

Så får du rett når du talar,

og står der rein når du feller dom.

7 Ja, med skuld kom eg til verda,

med synd vart eg avla i mors liv.

8 Sjå, du har hug til sanning i inste hjarta,

så lær meg visdom i hjartedjupet!

9 Reinsa meg for synd med isop,

vaska meg, så eg vert kvitare enn snø!

10 Lat meg kjenna fryd og glede,

lat dei bein du knuste, jubla!

11 Løyn ditt åsyn for mine synder,

og stryk ut all mi skuld!

12 Gud, skap i meg eit reint hjarta,

gjev meg ei ny og stødig ånd!

Tale ved Håkon Martinsen.

Matt.1,1-3 Dette er ættetavla åt Jesus Kristus, Davids son og Abrahams son:  2 Abraham fekk sonen Isak, Isak fekk Jakob, Jakob vart far til Juda og brørne hans.  3 Juda fekk sønene Peres og Serah med Tamar.

Juda gjekk inn til ei hore, men var ikkje klar over at det var Tamar, svigerdattera hans. Ho vart gravid og fødde Peres og Serah. Peres betyr gjennombrot, han fekk namnet fordi han «braut seg fram» så han vart fødd først. Håkon brukte dette som symbol for Andens kraft som bryt seg fram frå vårt indre i våre liv.

Moabittkvinna Ruth og skjøkja Rahab var også i Jesu ættetavle.

Jesaja.35,5 Då skal blinde augo opnast

og dauve øyro latast opp.

6 Då skal den lame springa som ein hjort

og tunga åt den mållause jubla.

For kjelder bryt fram i øydemarka

og bekker på dei turre vidder.

Så sa han nokre ord om jesu møte med kvinna med brønnen Joh.4.

1.Mos.43,21 Men vi har med oss andre pengar òg til å kjøpa korn for. Vi veit ikkje kven som hadde lagt pengane i sekkene våre.» 22 Då sa han: «Ta det med ro, ver ikkje redde! Han som er Gud både for dykk og far dykkar, har gjeve dykk ein skatt i sekkene. Dei pengane de hadde med, har eg fått.» Så henta han Simeon ut til dei.

Til samanlikning får vi komme til Faderen og få gode gåver, utan betaling. For Jesus har betalt prisen for oss med sitt eige blod.

Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.

«Når eg openberra meg ved elva Jordan, over min elska Son, så opna eg heile himmelen og talsmannen, den Heilage Ande, kom over min elska Son, som ein dueskikkelse. Og eg talte ifrå himmelen, dette er min Son, i han har eg velbehag. Og det skal du få lov til å oppleve, når du er satt inn i han, ved mi makt og mi kraft, så har eg også velbehag i deg. Derfor, så skal du ikkje gå og engste deg, for at du ikkje er god nok. Men eg, Herren, eg har kjøpt deg fri frå Satans makt. Eg har sameina deg med meg sjølv, ved min Sons død. Derfor så skal du ikkje engste deg, derfor skal du ikkje frykte for morgondagen. Men du skal få sjå til meg og eg, Herren, skal løfte deg, på mine heilage armar og du skal få kjenne Andens vingeslag skal bere deg framover, inn i nye høgder, i oppdagingar i den Heilage Ande, skal du få vandre.

For menneske, dei har så lett for å sjå inn i seg sjølv. Men du skal få oppdage, når du blir full av den Heilagbe Ande som eg har gitt deg, så vil du oppdage meir av sanninga, at i deg sjølv, i ditt kjøt, der bor det ikkje noko godt. Men ha ikkje fokus på det, men sjå på den iboande krafta eg har lagt inn i deg, så skal du få kjenne, at eg har sigra over alt som reiser seg opp imot kunnskapen om meg. Eg med min Ande, eg har bana ein ny og levande veg, slik at du kan komme frimodig ved mitt blod, inn i det høgheilage og du og eg, vi skal ha eit måltid isaman. Og du skal gå inn og gå ut og finne føde. Ja, alt kva du treng til liv og til Guds-frykt, ja, det har du allerie fått i meg, for eg er den oppståtte, levande Jesus Kristus, som døde for deg. Så søk meg no, i denne tid og du skal få kjenne at eg er nær.

For snart så kjem eg, Herren, eg som skal komme, eg vil hente dykk heim til dei evige bustadar, som eg no førebur for dykk. La ikkje denne verda sin gud forblinde dykk. La ikkje denne verda sine krefter få sette dykke fast i synd og elende, men løft ditt blikk opp til meg og du skal få stråle av glede og du vil aldri raudne av skam. For snart så kjem eg, Herren Jesus, eg er din Herre, eg er din frelser, så sett din lit til meg og eg, Herren, skal fullføre mitt verk.»

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: